Saturday, February 24, 2007

Edmund


Nei, eg talar ikkje om Edmund Pevensie, men om min nyfødde nevø. Sjølv har eg enno ikkje fått sjå det vesle nurket, men eg har faktisk blitt spurt om å bli fadder! Sjå det. Det sa eg - etter litt tenketid - ja til. Jadda, han er ein liten søt bylt.

Friday, February 23, 2007

Tankar

Eg takkar varmt for kommentarar på mitt førre innlegg. Alltid like gøy å sjå om eg har fått nye , og ikkje minst å sjå kva innhaldet i dei er. Denne gongen vil eg presentere nokre songar, og så nokre tankar i tilknyting til dei, og så nokre nye spørsmål.



Kommentar til Alanis' song
Dette er ein veldig god song av Alanis Morissette. Tittelen er "Perfect", og songen skildrar på ein framifrå måte korleis born kan bli nedtyngd av krav frå foreldre, krav som barnet opplever at det må oppfylle for å fortene tryggleik og kjærleik.

Og slike krav - som foreldra nok gjerne kan skape umedvite - kan, som songen skildrar, vere eit forsøk på å "atterreise" si eiga ære i og ved og gjennom borna. Det er sjølvsagt svært egoistisk og kan også vere øydeleggjande.

Eg las ei bok for nokre år sidan. Det var ei bok om barneoppseding, skrive av psykiater og familieterapeut ved namn Ross Campbell. Tema her i bøkene var korleis ein på best måte burde oppsede sine born. Campbell vert ikkje trøytt av å understreke at foreldre må skape ein atmosfære rundt borna, av ubetinga kjærleik, det vil seie at barnet opplever at det er elska alltid, men ikkje på grunnlag av noko i det sjølv, eller noko det gjer eller har gjort. Og NB! barnet treng å få høyre dette, mange gonger! Og ikkje berre treng han/ho å høyre det, men barnet må også få oppleve det, i form av at foreldra brukar tid med barnet, gjev kroppskontakt, gjev gåver, viser interesse osb.

La meg, før eg går vidare, seie at mine foreldre på mange måtar har vore veldig flinke til å gje uttrykk for at vi borna er likt, og elska, i familien. Det skal eg ikkje gå så mykje inn på, men eg tenker fylgjande: Dette idealet, med å skape tryggleik på grunnlag av ubetinga kjærleik, burde vel også prege våre venerelasjonar! Det tenker eg er noko å jobbe for, dvs. å freiste å skape ein atmosfære i møte med venene, ein atmosfære som seier: Eg likar deg, eg er glad i deg, og eg kjem til å vere din ven også i framtida. Her har eg nok mykje å strekke meg etter, ja.

Det oppbyggjelege poenget
Eit poeng til: For Paulus er det viktig å understreke fylgjande: Det at vi er kristne, det kviler ikkje på våre gjerningar, eller noko vi stiller opp med framfor Gud. Paulus fortel om Abraham, at han fekk eit løfte av Gud, om at slekta hans skulle bli stor. Og kva gjorde Abraham? Han trudde på Gud, han tok imot løftet i tillit, og sa: "Ja, Gud har gjeve meg eit løfte, han stolar eg på!" Og så vart han rekna som rettferdig!

Slik er det også å vere kristen: Ein blir ikkje - og er ikkje - kristen ved noko ein sjølv steller i stand, men eine og åleine ved å lytte til Evangeliet om kva Jesus har gjort for oss. Slik kviler vårt gudsforhold ikkje på våre gjerningar, men på Guds kjærleik, som har manifestert seg i Jesu død for oss på krossen, der han bar våre synder.

Dette visste du vel ikkje om Eirik?
Neste punkt: Vår kjære bassist Eirik har ei tidlegare fortid som...rockestjerne! Berre fylg med her:




Ok, no har eg ikkje tid til å svare på dei spørsmåla eg stilte førre gong, eg må gå straks, skal ta bussen heimover til Vrådal.

Og DER var eg heime i Vrådal, ja, så no kan eg fikse litt på denne posten. Altså skal eg svare på spørsmåla frå den førre posten. Det går som fylgjer:

42. Du må kvitte deg med ein av sansane dine. Kva for ein av sansane vel du, og kvifor?

Eg velger...det er vanskeleg. Lytting: Då kan eg ikkje høyre eller spele musikk. Sjå: Då kan eg ikkje sjå Guds vidunderlege skaparverk. Føle: Då kan eg ikkje kjenne fysisk kontakt...Lukte: Då får eg ikkje lukte deilig mat og blomar. Smake: Då får eg aldri meir glede av god mat og drikke. Eg trur nok eg hadde valt luktesansen, ja. Men eg er takksam for at eg har alle sansar i orden, sjølv om nok livet kunne vore meiningsfylt om eg hadde mist nokon av dei.


43. Kva - etter ditt syn - er den beste måten å bruke ein time av di tilmålte tid på?

Vel, etter mi overtyding: Å lese Bibelen. Det er så viktig. Men elles: Vere i lag med familie eller vener, trur eg. I ei god samtale.

44. Kva er din favorittserie på TV, og kvifor?

Eh...hm...eg veit ikkje heilt. Kanskje twin peaks når eg får sjå han :) . Nei, Simpsons, altså.

45. Kva er ditt favorittsamtaletema (svar gjerne med litt meir enn eitt ord)

Vel, dersom eg er forelska, er det jo sjølvsagt dama. Elles...kanskje teologi eller musikk. Musikk, kanskje, ja.

46. Dette er ein liten test. Du skal rangere fylgjande ord frå 1 til 10, der 1 er elendig, dårleg, motbydeleg, og 10 er digg, kjempekult, deilig.

Høghæla sko - 4

Banan - 7

T-bane - 6

Gravid - 7

Sjenert - 3

Bil - 6

Munn - 8

Fart - 8

Sminke - 3

Dress - 8

47. Har du eit godt tips til meg i dag?

Hehe, vel, nja. Ok, da. Eg las i Aftenposten i dag. Der var det tale om at ironi ofte sender ein svært dårleg bodskap. Det trur eg er sant. Ironi bør ein nesten unngå, i alle fall dersom ein omtalar eller tiltalar ein person.

Så vil eg presentere nokre tankar eg har tenkt litt på, som eg gjerne vil ha nokre innspel på. Vonar de vil svare:

48. Har du eit spennande liv? Vil du ha det? Korleis vil du i så fall oppnå det?
49. Kva tenker du NETT NO?+
50. Kva forventningar har Gud/du/foreldre/vener/kjærast/ til deg? Dette er eit interessant spørsmål, men ikkje utlever deg om du ikkje har lyst, altså. Men dersom du har tankar, så er eg veldig interessert i å høyre.
51. Skal vi køyre konkurranse her på bloggen?
Det får halde for no!

Monday, February 19, 2007

Får eg til å legge ut eit youtube-klypp? Jaaaa....

Ok, eg har tenkt. Det er så artig at eg kan leggje ut musikk her på bloggen. Så eg har tenkt at kvar song eg legg ut, skal ha noko med meg å gjere, så kan eg skrive litt i tilknyting til songen.

Fyrst ut er Chris Cornell med "Can't change me". Cornell var lenge vokalist i det aller aller beste grungebandet (Nirvana når ikkje Soundgarden til anklane, seriøst) som genren klarte å fostre. Cornell har seinare gjeve blitt vokalist i dårlege Audioslave, der han spelar i lag med det som er att av Rage against the machine. Nok om det, Cornell hadde hovudsongen på soundtracket til Casino Royale, og han kjem med ny plate i mars ein gong, så vidt eg har forstått. Den plata skal ikkje vere lenge i butikkane for ho er ein del av mi platesamling.

Cornell er ein ganske melankolsk type, noko som reflekterer seg i høg grad i tekstane han skriv. Soundgarden har nokre av dei mest deprimerande tekstane ein kan finne i rockhistoria, likevel skal ein ikkje for fort avfeie dei, dei er godt skrivne, og er på mange måtar ei god skildring av ei moderne, resignert livstolking. Det kan eg skrive litt om ein annan gong.

Euphoria morning, plata som "Can't change me" er henta frå, er også prega av melankoli. Eg trur det kan vere noko i tanken om at melankolsk musikk er mykje meir interessant og utfordrande enn gladmusikk. Dette kan nok ha noko med at livet rett og slett ikkje er ei "happy-go-lucky"-reise, men at ein møter på vanskelege og utfordrande ting. Og at difor kunstnarar som skildrar og tolkar desse sidene av livet, rett og slett er meir røyndomsnære enn andre. Det kan også ha noko å gjere med at kunstnartypar ofte er sårbare og følsomme.

Uansett: Alt dette står ikkje i motsetning til at det er mogleg å møte livet med optimisme og framtidstru, ispedd god gamaldags realisme. Det skal understrekast. Difor er eg også kritisk til ein del av Soundgardens tekstar. Men ja, til Cornell. Euphoria morning har ein melankolsk tone, det er klart, sjølv om mykje av resignasjonen frå Soundgarden-eraen er borte. Men noko som er interessant med EM, er at plata tek opp korleis denne melankolien påverkar hans relasjonar, og då fyrst og fremst forholdet til kvinna. Såleis også med "Can't change me". Teksten tematiserer kor vanskeleg det er å endre oss sjølve. Kvinna i teksten kan endre verda, ho kan styre dagslyset, skape draumar etc. Men ho kan ikkje endre songaren. Kva er det som bør endrast? Det vert det gjeve hint om i andre delar av albumet t. d. "Flutter Girl", ein framifrå song, både musikalsk og tekstmessig:

"I'm drinking dust, wih eyes of rust. Tonight my tears might stain your wings,

so flutter home, 'cause you're better off alone than with me."

Ah, ja, kanskje var ikkje dette så veldig spennande lesing for deg. Men la oss lage eit oppbyggjeleg poeng ut av dette. Bibelen fortel at mennesket kan gjere mykje rart, men i sitt gudsforhold kan det ikkje endre seg. Det er og forblir fanga i synda. Carl Fr. Wisløff har i ei bok peika på eit litt artig poeng i den samanhengen. Han seier: Ein høyrer ofte på møte at ein burde lest meir i Bibelen, bedt meir, evangelisert meir. Og ja, det er sant, det burde ein gjort. Men kvifor gjer du det då ikkje? Kan du ikkje berre gjere det heile dagen, dersom det er så viktig?

Nei, vi klarer det ikkje slik som vi skulle, for vi har ein vilje som går mot Guds vilje, og vi fryktar ikkje Gud og elskar han ikkje slik som vi skulle. Alle desse syndene har si rot i vantrua, det at vi ikkje stolar på Gud, men at vi heller stolar på oss sjølve og våre eigne gjerningar. Huff og huff, mykje syndeprat her no. Men Bibelen seier dette, røynsla stadfester det, og vi skal også seie det.

Men her kjem altså evangeliet til oss om ein god bodskap, og seier: Det du ikkje klarer, det du slit med, det du er fanga av, det du burde dømast for, alt dette har Jesus teke på seg. Alt saman. Og vi får sjå opp til han på krossen, og vi får tru at dette gjeld også for oss, amen for det. Så får vi på dette grunnlaget, med evangeliet som grunnmur, få gjere Guds vilje frimodig - ikkje av di Gud krev at vi skal gjere det for å bli frelst - men i takksemd på grunn av frelsa som Gud har gjeve til oss fyrst.

Dette var ein klassisk springbrettsandakt: Utgangspunkt i ein tekst, og så hoppe over i ein heilt annan kontekst og eit heilt anna tema. Men hei, eg hoppa då inn i evangeliet, og ikkje ut av det, og eg satsar på at Cornell tilgjev meg.

Så over til assosiasjonstesten. Eg må vel svare på den sjølv, før eg legg ut nye spørsmål:

Mobiltelefon - Andreas, eller Nokia.

Familie - Stoga heime i Vrådal.

Mat - Taco.

Heim - Natur, og mamma og pappa.

Sumar - Tur i skogen, sykling, skog, sol.

Bibel - Jesus, lese

Mann - Barsk, skjegg.

Reise - Roma, fly.

Tid - Går fort.

Kvinne - God kjensle.

MSN - Bra, men brukar for mykje tid her...

Kjærleik - Takk Gud for det. Håpar eg får oppleve mann-kvinne-kjærleik ein gong.

Sinne - Ja! Og ikkje bra.

Jesus - Wake up, dead man.

Kropp - Tynn. (Min, that is.)

Pensum - Interessant å lese, må kome meg gjennom det før semesteret er over.

TV - Prison break (Fekk sesong 1 av Roger, takk for det, eg er hekta)

Skuffelse - Kjærleik.

Klede - Vil gå med stilige klede.

Død - Ein overgang.

Det var det, gitt! Er det noko du lurar på, så sei ifrå. Så nokre fleire spørsmål, ting som eg har lura på. Svar om du kan!

42. Du må kvitte deg med ein av sansane dine. Kva for ein av sansane vel du, og kvifor?

43. Kva - etter ditt syn - er den beste måten å bruke ein time av di tilmålte tid på?

44. Kva er din favorittserie på TV, og kvifor?

45. Kva er ditt favorittsamtaletema (svar gjerne med litt meir enn eitt ord)

46. Dette er ein liten test. Du skal rangere fylgjande ord frå 1 til 10, der 1 er elendig, dårleg, motbydeleg, og 10 er digg, kjempekult, deilig.

Høghæla sko

Banan

T-bane

Gravid

Sjenert

Bil

Munn

Fart

Sminke

Dress

47. Har du eit godt tips til meg i dag?

Det får halde for denne gong, svar i veg!

Ny blog

Hei, alle saman. Eg har no altså fått meg ny blog. Vonar det var eit rett karrieresteg. Så til Liv Jorunn: No har du ikkje lenger noko unnskulding for ikkje å leggje att kommentar hjå meg!

Eg kan ikkje skrive ein seriøs post her heilt enno, men det kjem i løpet av nokre dagar!

Elles: Skulle du ha lyst til å mimre litt, så kan du alltids gå hit: http://spaces.live.com/ja-nei