Wednesday, April 25, 2007

Til Liv Jorunn

Kjære Liv Jorunn.

For tida skriv eg litt her på MF. I går var eg på bandøving og fotballtrening. I dag skal eg på Bibelgruppe. Eg gler meg til ferien, det skal bli kos. Vonar det står godt til med deg.

Helsing Hallvard :)

Tuesday, April 24, 2007

Realismus über alles

Nokre tankar får eg tid til her, før eg skal på bandøving. Fyrst eit litt nostalgisk tilbakeblikk for dei av dykk som er ca 20 år eller eldre. Eg fekk heilt nostalgiske vibber då eg såg desse filmane i lag med Kathrine (og det var ikkje på grunn av deg, Kathrine :P):



Nååååhhhhh, og så Bertha, då.

Der Untergang
Ja, så nokre tankar i full fart, før eg må vidare. Eg såg på "Der Untergang" i går, om Hitlers fall i dei siste dagane til Nazi-Tyskland. For ein vidunderleg interessant og spennande film. Sjå han om du kan. Eit poeng skal nemnast i denne samanhengen, men mykje kunne vorte nemnt. I éi av scenene ser ein at Berlin er under sterk artilleri-eld. Dei øvste offiserane i hæren, samt deira familiar, er samla i ein bunker og bygningane rundt.

Eva Braun, kona til Hitler, tek initiativ til ein stor fest med dans, musikk og god drikke. Og festen set i gang, med tilsynelatande god stemning. Det går eitt minutt eller to, og så treff ei bombe - med eit gedigent brak - plassen ved sida av bygningen, vindauga vert blåst inn, festsalen vert fylt av splintrar og røyk.

Scena er eit vitnesbyrd om den totale mangel på realitetsorientering som nazistane hadde då krigen gjekk mot slutten (i alle fall ein del av dei. Dei opptrer ikkje berre dumt, dei opptrer også fullstendig patetisk. For mange av dei endar krigen med sjølvmord, noko Hitler sjølv er det framste dømet på. Ikkje det at sjølvmord i seg sjølv er patetisk - men i denne samanhengen er det det; sjølvmordet vaks fram frå den manglande evna til å forsone seg med tinga slik dei var.)

Aksepter tinga slik dei er
Kva kan ein som kristen lære av dette? Vel, mykje. For det fyrste bør ein som kristen - og menneske - alltid våge å akseptere røyndomen slik som han er. Står vi fare for ikkje å gjere det, då? Ja, på mange måtar så kan vi nok det.

La oss ta eit døme som er veldig parallelt og nærliggjande til festscena i Der Untergang. Søren Kierkegaard skriv ein gong om korleis han ser på seg sjølv som ein profet, som éin som har som oppdrag å vekke opp folk. Han brukar eit bilete:

Det er natt, eit stort seglskip er langt ute på havet. På dekket står ein utkikkar åleine. Han har som oppgåve å sjå korleis veret er. Resten av mannskapet er under dekk, der er det full fest med dans og musikk. Langt der framme i horisonten ser utkikkaren ein stor storm som er på veg. Han veit at når stormen når det området på havet der skipet er, så vil det vere fare for at skipet går under. Difor er det viktig at skipet vert klargjort før stormen kjem.

Utkikkaren på dekket spring ned under dekket og ropar at "det er ein storm på veg!" Men mannskapet under dekk bryr seg ikkje, dei held fram med å feste. Utkikkaren prøvar om att, men dei berre ler og held fram med festen.

Slik kan manglande realitetsorientering vere skjebnesvangert. Men før eller seinare vil sanninga innhente ein. Ok, moralen her, er fylgjande: Som kristne er vi kalla til å forkynne den gode bodskapen, evangeliet om at Jesus har døydd for alle menneske sine synder. Difor seier Paulus at han formanar "i Guds stad" og seier "Lat dykk forlika med Gud!"

Dette må haldast varmt hjå oss som er kristne; så framt vi verkeleg trur på dette (og det har vi gode grunnar for å gjere), bør vi forkynne om nåden og om Jesu kross for dei som ikkje trur. Gud hjelpe oss til det.

Jørn Åsulf er ay' OK
Over til noko anna; Jørn Åsulf leia møtet på Fjellhaug her om dagen. Som alltid la han inn ein del fine kommentarar innimellom songar og tale. Han skal ha kred for å våge å bruke ordet "sjølvfornekting". Ja, vi må fornekte oss sjølve, det smakar jammen ikkje godt for oss. Her er det nok viktig med øving og bøn til Gud.

Samstundes må vi balansere talen om sjølvfornekting med trua på at Gud har skapt verda. Skapartrua medfører at Guds skapning er god, og at vi skal få forvalte jorda og også til og med nyte Guds skapargåver. Difor seier Paulus at Gud gjev oss rikeleg av alle ting så vi kan nyte det.

Bøker om evolusjon
Eg har endeleg fått to bøker om evolusjon i posten, det er "Darwin on trial" av Phillip Johnson og "The design revolution" av Michael Behe. Eg gler meg til å lese dei, spørst om det blir litt meir diskusjon med Kjetil om dette. Personleg er litt i tenkeboksen i dette spørsmålet.

"Ain't I hot enough, ain't i rough enough, ain't I rich enough...?"
So, eg hadde ei MSN-samtale her om dagen, nothing usual med det. Men vi tala om korleis ein gjerne samanliknar seg med andre folk og freistar å finne ut om ein er betre eller dårlegare enn dei, på sett og vis. Sjølvsagt problemstillingar som moglegvis ikkje bør ha livsrett i vårt medvit.

Men er det ikkje rart korleis vi ofte er redde for å avsløre våre dårlege sider? Kva er det verste som kan skje, liksom? Dette har også med realitetsorientering, som nemnt ovanfor. Ok, er eg skikkeleg lousy i bowling (som meg), så kva er poenget i å late som om eg ikkje er det? Ok, har eg ikkje så mange vener som dei mest populære folka i klassen, så so what. Har eg tråkka grundig i salaten nokre gonger, så so what. Noko bør ein ha å angre på i livet, elles har ein jammen ikkje levd.

Eg trur at det er viktig - for å skape tryggleik og tillit i venskap og i møte med andre menneske, at faktisk har konfrontert - og forsona seg med (=erkjenne, ikkje nødvendigvis akseptere i meininga "la vere slik") - sine nederlag, sine mindre gode sider osb. Dersom ein gjer det, og også tør å erkjenne at det faktisk er slik ein er, så vil eg påstå at ein vert tryggare på seg sjølv, og at andre vert tryggare på ein sjølv (ja, høyr kven som talar - er ikkje alltid folk er så trygge på meg, men det kan det vere andre grunnar til, fyrst og fremst at mine tankar og kjensler kan gjere meg litt sliten til tider.)

Ein beskjed til deg, gut eller jente, mann eller kvinne
Men ja, fylgjande beskjed går ut til alle som har tenkt at dei kanskje har hatt lyst til å ta kontakt med meg, men som er i tvil om eg vil tykkje at du er OK eller ikkje: Eg tykkjer du er meir enn OK nett slik som du er. Seriøst. Men går det an å seie dette på heilt generelt grunnlag? Ja. Det gjer det, eg likar stort sett dei alle menneske. Og eg er glad for at folk tek kontakt.

Og: Eg vil langt heller at folk skal vere seg sjølve, uansett kor "kjipt" dei trur det er, enn at dei freistar å "gjere seg til" ut frå kva ein trur at eg ynskjer (men som i realiteten som regel er ein refleksjon av sjølvbiletet som ein har). Og ja, dette seier eg på generelt grunnlag.

"Lovin' U is easy 'cause you're beautiful...dududududuu...ooh"
Ok, jajaja, eg tenker ein heil haug på damer og ting som har med det å gjere, men du som les; ikkje legg særleg mykje i det. Dette fylgjande er berre nokre smårefleksjonar rundt temaet.

Sjølv har eg gjerne tenkt at eg er ganske "kul". Kanskje ikkje av di eg sjølv er det, men moglegvis meir av di familien min jo på fleire måtar er det. Eg er jo stolt av familien min. Pappa er prost, mamma er rektorlærar, LO er superflink med bilar og eit arbeidsjern, AK er lækjar, Kjetil er psykolog med mange kule interesser, Andreas er flink til data og film og har mange tøffe vener osb. osb. Og ja, er eg ikkje kul? Nja. Ikkje så kul som eg trudde, kanskje.

La meg forklare: Eg tenkte kanskje at eg eigentleg er kul, men at pga. tja tankemessige problem og sånn, så blir dette "duld". Ja, mykje sant i det. Og mine grubleri og sånt, har jo vore med på å tilsløre min ...hmm...sunne identitet, sjølv om dei tankane eg har, jo også er eit uttrykk for min identitet (jfr. det eg sa i førre post om å foredle sin personlegdom).

Så eg har freista å konstruere eit bilete av min "sanne" identitet. Og dette prosjektet har til dels vore feilslått, jfr. IGJEN realitetsorienteringa (seriøst, når Kierkegaard talar om menneskenaturens fall og arvesynd, kjem han stadig attende til kor lett mennesket har for å lure seg sjølv). Det som er litt interessant, er at mine tankar om kven eg "eigentleg" er, har vore med på å forme mine tankar om kva damer eg trur eg liknar mest på, på ein måte. Tjaja.

Ok, kva er saka eg vil fram til her? Jo, at eg nok er ein del meir vanleg og "kjip" enn eg trudde. Men det er eigentleg ganske ok. Det er eigentleg ein asset å kunne vite kven ein er, og på sett og vis akseptere - eller betre: erkjenne - det. Det synest å gje meir "ro" i sinnet, på ein måte --> ein treng nok ikkje strebe så mykje for å vere ein person som ein vanskeleg kan vere.

Det som er litt kult, er at det synest som om denne, tja, endra retninga i mi sjølverkjenning påverkar måten eg også oppfattar andre på. Når eg sjølv erkjenner meg sjølv som - tja - på mange måtar vanleg og litt traust, synest det lettare å akseptere - og like - at andre også er det.

Med andre ord har eg kome nærare den konklusjon at det vanlege, det forutsigbare, det litt trauste - altså i samanhengen som gjeld personlegdom, livsmønster, tidsbruk osb. - har vore rimeleg undervurdert i mine augo.

Det norske folk vender seg attende til sitt eige spy
Ei litt provoserande overskrift kanskje. La meg seie nokre ord om kva eg meiner: Eg er mykje påverka av norsk, konservativ teologi á la Olav Valen-Sendstad og Carl Fr. Wisløff. Av desse har eg lært mykje om Bibelsyn, evangelisk kristendomsforståing, ein luthersk identitet, kristen etikk osb. Desse har vore profilerte, og skrive meir eller mindre polemiske skrifter (ikkje berre, sjølvsagt) der dei står for bibelsk kristendom. Og dette har påverka og overtydd meg.

På 17. mai syng vi fylgjande:
"Vårt heimland i myrker lenge låg, og vankunna ljoset gøymde.
Men Gud, du i nåde til oss såg, din kjærleik oss ikkje gløymde.
Du sende ditt Ord til Noregs fjell og ljos yver landet strøymde."

Det som vert klarare og klarare no, er at det norske folk sakte, men sikkert beveger seg steg for steg bort frå kristen røyndomsforståing, kristen etikk, kristen lære og kristen gudstru. (Apropos: Det er verkeleg spennande å fylgje med i dagens avisdebattar rundt desse tema, der er det verkeleg brytningar).

Det eg ikkje har forstått så klart tidlegare, er at denne prosessen i Noreg har vore i gang dei siste hundre åra, men kanskje særleg dei siste 30 åra, og at dei norske kristenhøvdingane som eg siterte ovanfor har gått til kamp mot denne prosessen. Eller skulle vi kanskje seie: Dei har ikkje fyrst og fremst gått til kamp mot prosessen per se (det har dei også gjort), men dei har innstendig oppfordra kristenfolket til å vere medvitne om sin eigen kristne identitet, slik at dei ikkje sel "kristensjela" si.

La meg no vere litt konkret i høve til korleis det syner seg at det norske folket beveger seg bort frå kristen tru og tanke. Når ein ser dette mønsteret, er det grunn til å stanse opp litt og tenke over kva denne prosessen bør få av konsekvensar for vår kristne verksemd og forkynning og sjølvforståing.

- Abortlova representerer eit frontalåtak på kristent syn på menneskeverdet. Kristen etikk fastheld, med Skrifta, at menneskeverdet er absolutt frå unnfanging til (naturleg) død. Dette kan også godtgjerast med argument frå filosofi og biologi (MERK: Den norske abortlova vart innført på vesentleg andre biologisk-vitskaplege faktapremiss enn vi kjenner i dag. Argumentet om at "Fosteret er ein del av kvinnas kropp" er t. d. meir eller mindre meiningslaust ut frå det vi kjenner til i dag. Bioteknologilova, som er med på ytterlegare å relativisere menneskeverdet, dreg i same retning.

- Debatten om "å tale til avdøde", som Inge Lønning har starta, er eit vitnesbyrd om at den kristne teologi har mist fotfestet i det norske folks medvit om liv og død. For Lønnings anliggande er godt grunngjeve: Etter kristen tru og tanke er det inga meining i å tiltale ein avdød. Det er rimeleg å tru at det ligg meir i ynskjet om å tiltale avdøde, enn "poetiske former" - hjå mange er det også tankar bak, om at den avdøde faktisk høyrer det som vert sagt.

- Homofilidebatten. At det skjer ein samtale og diskusjon innad i kristne krinsar, om homofilispørsmålet, er naturleg. Her skal og må Bibelen vere rettesnor, om DNK skal vere ansvarleg overfor sin Gud. Men dette er ikkje saka eg diskuterer her; saka er det valdsame trykket som kjem frå folket mot dei i DNK som står på "det gamle synet" i denne saka. Frå ikkje-kristne krinsar er det knapt ei einaste røyst som stør dei kristen-konservative i denne saka, i alle fall ikkje på ein sakleg måte i det offentlege (at det er mykje homohets og homogrums ute og går i det norske folk, er vel ein kjensgjerning).

- Reint generelt kan ein tale om at samlivsetikken (i alle fall den opinionsmessig rådande) hjå det norske folket er på kant med den bibelske. Eit døme: I Aftenposten i går var det ein reportasje ang. ein forskingsrapport om ungdoms forhold til porno. Det syner seg at ein stor del av norsk ungdom tykkjer porno er heilt ok, sjølv om det også finst kritiske røyster (særleg hjå jenter) mot det. No er ikkje mitt poeng her at vi skal kritisere ungdomen; ungdomen er på mange måtar avhengige av førebilete, lærarar, leiarar som hjelper dei i rett retning. Men forskingsrapporten seier noko vesentleg om kva som rører seg i det norske folket.

Norske forhold liknar dei korintiske i nytestamentleg tid
Det får halde med desse døma, meir kunne vorte sagt her. Og døme kunne også vorte gjeve på at situasjonen ikkje er så heilsvart som det ser ut til her. Men det er ikkje urimeleg å seie at kristendomen er i ein tilbaketogsposisjon i Noreg (i store delar av resten av verda, særleg Asia, er han i stor framgang). Og det er nok ikkje urimeleg å seie at ein går mot forhold som liknar dei i Korint då Paulus forkynte der: Ei mengd ulike religionar og gudar, toleranse mot det meste - unnateke dei som sa at det finst éi Sanning, eit fritt og ope seksualliv utan tydelege normer.

Som kristne bør vi ikkje bli mismodige på grunn av forholda. I staden bør vi nok ein gong vende attende til den trua på Jesus som vi har i Bibelen, og la Guds Ord få styrke oss og oppbyggje oss. Det er grunn til å understreke at svært mange av dei argumenta som i den offentlege debatten vert nytta mot kristen tru og tanke, ikkje er særleg godt funderte og grunngjeve. Men det er vårt ansvar som kristne å la folk få vite nettopp dette! Om ikkje vi seier frå om det, kven skal då gjere det?

I kristen teologi må tanke og røynsle gå hand i hand. Dette er genuint luthersk og genuint bibelsk. Ei kristentru som ikkje har røynt noko som helst i møte med Ordet, kan knapt seiast å vere ei kristentru. Luther var oppteken av at vi er kristne med HEILE oss, med ande, sjel og lekam, med det vi tenker, kjenner, sansar, gjer. Dette er viktig. Men så må vi ikkje gløyme "tanken".

Her om dagen las eg eit innlegg i ungdomsspalten i "Si:D", i Aftenposten. Der var det ein ung konfirmant som klaga på at ho hadde vorta småmobba av Human-etikarar. Dei hadde påstått av kristendomen var eit falsum, og at "det er vitskapleg prova at Gud ikkje eksisterer". Då tenker eg: Kjære vene, kven er det som har lært dei slike setningar? Jo, det er vaksne folk, vel og merke vaksne folk som ikkje har peiling på det dei talar om! Og slike tankar som dette, kan vere med på å halde folk borte frå trua.

Trusforsvar
Altså har apologetikken ei viktig oppgåve her. Det er sant at ingen kan bli kristne kun ved å tenke seg fram til argument for kristendomens sanning; nei, det må eit møte med Jesus til, eit møte som kjem til i dét ein høyrer evangeliet. Men det går sanneleg an å rydde bort tankemessige hindringar som ligg i vegen for kristendomen. Sagt med andre ord; det går an å vise at kristendomen faktisk er eit fornuftsmessig mogleg og truverdig livssyn, jamvel likna med agnostisisme (Vi kan ikkje vite om det finst nokon Gud), ateisme (Det finst ingen Gud) og kva andre religionar det skulle vere.

For å oppsummere: Vi som er kristne i dagens Noreg har ingen grunn til å stå med lua i handa og vere sjenerte og flaue for det vi trur på. Nei, vi bør rette opp vårt hovud, og med ei fulltonande vedkjenning stå fram og vere stolte av det vi trur på og satsar livet vårt på. Vi har funne Gud (eller rettare: Han har funne oss), vi har funne meininga med livet, vi har gode og truverdige svar på kvar verda kjem frå og kva som er poenget med verda, vi har eit håp for kva som skjer etter døden, og ikkje minst - vi har fått vår synd tilgjeve ved trua på Jesus. Og atter ein gong: Vi har gode grunnar for det vi trur på, sjølv om ikkje alt kan grunngjevast "allment". (Men hugs: Ein kan heller ikkje grunngje "allment" eit livssyn som av ein eller annan grunn avviser Guds eksistens, meininga med livet osb.)

No skal det sjølvsagt ikkje underslåast at det finst utfordringar også for kristen tru og tanke - i møte med t.d. dagens vitskap. Men vi skal berre ikkje la oss lure til å tru at det ikkje finst store (større?) utfordringar også for den som ikkje trur på nokon Gud.

Poenget er nemleg fylgjande: I eit samfunn der kristendomen er livssynsmessig "minoritet", er det vi som får dei fleste kritiske spørsmåla. Men som kristne bør vi gå til motåtak og stille dei same kritiske spørsmåla også til ikkje-kristne livssyn:

"Kva grunnar har du for å tru at det ikkje finst nokon Gud?
Kvifor eksisterer noko i det heile teke?
Korleis forklarar du kompleksiteten i liv?
Korleis forklarar du den enormt fininnstilte fysikken som ligg til grunn for at liv kan eksistere?
Kva med moral, kvar kjem vårt moralske medvit frå - er dette tale om objektive normer?
Korleis grunngjev ein menneskeverd? (I mange tilfelle vil ein finne at folk som her svarar reint "materialistisk/ateistisk" ikkje i sitt eige liv tek praktiske konsekvensar av dei dei trur på. Nokre har eit gjennomtenkt forhold til nettopp dette, andre ikkje.)
Korleis kjem du til rette med dei historiske kjeldene om Jesus?
Korleis forklarar du den tome grava og Jesu vitner om oppstoda hans? Korleis forklarar du framveksten av kristendomen i det fyrste århundre?
Korleis forklarar du at dei fyrste kristne var meir villige til å døy for det dei trudde på enn å avsverge det?
Korleis kjem du til rette med at millionar av menneske gjennom århundra - av desse svært mange høgt utdanna, tenkande menneske - har satsa livet sitt på den kristne trua?

No er ikkje mitt poeng at den ikkje-kristne nødvendigvis treng å ha svar på alt dette. Men han bør i det minste ha tenkt igjennom desse spørsmåla før han lett og enkelt avviser den kristne trua som "uvitskapleg" eller "feilaktig."

Wednesday, April 18, 2007

Pensées=tankar

Det har vore nokre travle og innhaldsrike veker. Vi var på Kvitsund i helga, og det var spennande, interessant, godt, varmt, utfordrande, vanskeleg osb. Gler meg til neste gong vi skal attende dit, til hausten. Elles har eg rett og slett berre nokre tankar å kome med her. Les om du vil, og kommentér gjerne om det er noko spesielt du bit deg merke i.


Konkurransen!
Jan Egil Reime har vunne konkurransen, han var nr 1000 inne på bloggen. Gratulerer så mykje til deg, premie skal du få, eg treng berre litt tid til å finne ut kva du skal få...


Eit innspel
Håvard Brekkå sa, etter min tale på sundagen, at "du må jo bli lærar, det var veldig pedagogisk". Eg tenker: "OK."


Menneskesyn
Jakob hadde eit godt foredrag om bioteknologi og abortsyn. Der fekk eg - meir enn tidlegare - sjå korleis det rådande menneskesynet i Noreg ikkje er særleg godt fundert. Det manglar prinsipiell gjennomtenking, og er for ein stor del pragmatisk bestemt; "menneske, det er det som har dei og dei eigenskapane." Åpenbart er det også grupperingar av levande, fødde menneske som fell igjennom med omsyn til menneskeverd og livsrett i mykje av den tenkinga som er rådande i dag.


Konserten
Konserten på fredag gjekk veldig fint, ikkje heilt knirkefritt, men ganske bra likevel. (Eg skal ikkje nemne noko om torsdagsaffæren...) Mange ville ha ekstranummer. Eg sa noko om tvil før ein av songane; "Mange tenker på tvil som noko negativt, og det seier jo også Bibelen at det er, der vert tvil samanlikna med ei bylgje som flyg hit og dit. Men utan tvil er det ikkje så enkelt å nå fram til ei djup og moden kristentru." Etterpå fekk eg vite at ein av publikumarane hadde ropt halvhøgt: "kjedelig!" Eg tenker: "Jaja."


Reball
Eg tala med ein liten, artig fyr i fyrste klasse. Han var også gira på å starte paintball, og han foreslo at vi kunne kjøpe reball, gummikuler, i staden for paintballs, og spele inne i gymsalen. God idé, det skal vi gjere.


Fotballturneringa
Vi tapte fotballturneringa...igjen. Agh. Og så Even og eg som var så klare for å vinne. Og så tapte vi for laget til Maren (!!!) Vel, ho kan ikkje vere usamd med meg i at dei hadde ein god del flaks i kampen mot oss.


Mannskor
Vi song mannskor, Dag Erik, Even, Jakob og meg, og det var veldig gøy. Den éine songen var den halvbrune "Norge i rødt, hvitt og blått", og så song vi også "Bred dina vida vingar".


Halvape
Vi spela halvape og heilape, eg presterte å - på tredje trekk - seie "bry", før eg like etter klarte å seie "seg" på tredje trekk. Sånn kan det gå.


Min tale
Eg hadde altså, tale, ja, og temaet var andeleg liv/andeleg død. Det er åpenbart at det er vanskeleg å tale utan å leggje ein god del av seg sjølv i det. Og det er jo heller ikkje ynskjeleg at ein skal "lausrive" forkynninga frå eige røynsler. Forkynninga kan og bør også ha karakter av eit levande vitnesbyrd. Men finst det røynsler som ikkje er legitime å forkynne? Nja, kanskje ikkje, men ein bør vere forsiktig med å gjere eigne røynsler til einaste legitime modell for kva og korleis kristen røynsle kan vere.

Dette var mykje abstrakt tale, eg veit det. Dersom nokon er interesserte, kan eg leggje ut talen min med sidekommentarar til der innhaldet reflekterer eige røynsler. I og for seg er det eit spennande - og nødvendig - prosjekt: Å tolke sitt liv i ljos av ein røyndom der Gud finst, og der hans løfte og Ord gjeld.


Mayhem, Gud og kaos
Mayhem har gjeve ut plate. Det er ei plate som både tittelmessig og musikalsk handlar om KAOS. Eg får med eitt nokre assosiasjonar: Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud. Dette gjeld i kyrkjelydsliv, men det gjeld også i skapingsperspektiv (Gud skaper orden ut av kaos) og i menneskelivsperspektiv (Jesu møte med menneske i evangelia skapar orden, vekst, attoppretting, fellesskap osb. ut av det øydelagde, unaturlege, kaotiske, fragmenterte.)

Jesus er Mennesket slik det skulle vore, Menneskesonen. Og han set i gang ein prosess i menneske som trur på han, der menneska vert likedanna etter Hans bilete, Gudsbiletet. Kanskje kan dette karakteriserast som ein prosess frå kaos, gjennom kaos, til hmm...naturleg orden? Dvs. naturleg forstått som "slik Gud ynskte at det skulle vere frå skapinga av".

Eg tenker: Ofte når eg opplever ting, ser film om menneske, høyrer på musikk av folk osb. der ting er ...hmm...ute av balanse, i kaos, unaturlege, så syner det seg i eit litt lengre perspektiv at det er destruktivt.

Skal ein vere litt apologetisk, kan ein våge seg frampå, vere dristig, og seie at ein røyndom med Gud, eit liv der ein lever etter hans bod og i fellesskap med Han, er det liv som "er på livets side", og er mest fruktbart, og lét livet utvikle seg på ein optimal måte, slik det var meint å vere. Og denne optimale utviklinga kan for ein stor del, kanskje, erkjennast av den vanlege mann og kvinne.

Ein stor kjepp i hjula på dette tanketoget, er homofiliproblematikken. Kan ein som kristen seie at det er "godt", "på menneskelivets side" å fasthalde seksuallivets utfalding kun innanfor mann-kvinne-polariteten? Eg vil påstå: Ja. Sjølv om det nok ikkje alltid opplevast slik, for den som sjølv kjenner på homofile kjensler. I alle høve er det Skrifta som må avgjere denne saka, Gud talar sanning, kvart menneske er ein lygnar, amen.

Hm, dette er litt høgttenking, kanskje eg stryk dette om nokre dagar att. Poenget mitt var vel fyrst og fremst berre at Mayhems (og mykje av rockemusikkens) tematikk og uttrykk er vitnemål om noko som ikkje er som det bør vere. Og at kristendomen nok er løysinga på dette, sjølv om dette ikkje alltid vert erkjent like klart av ei syndig og fallen menneskeætt.


Sumarjobb
Eg har fått sumarjobb - på posten att. Det er fint å jobbe der, særleg når det er varmt ver. Då køyrer eg rundt med bilen og leverer post og helsar på folk.


Blir eg gift?
Eg reknar med at det er 50% sjanse for at eg nokon gong blir gift. Med andre ord ein ganske open problematikk. [Ok, så strauk vi den setninga der, ja... :P ] Men spøk til side, så treng eg nok å lære å elske - vere glad i - på ein betre måte. Eg jobbar med det. Dvs. kanskje eg eigentleg ikkje treng å lære nett det, men kanskje hm... både å vere nøgd med meg sjølv, så eg kan vere meir nøgd med andre og...ja. Og så treng eg kanskje å lære meg å tøyle min tanke - eller rettare sagt: Tøyle min tanke ved å tillate meg sjølv ikkje å tøyle han. No ja, vi får sjå. Kanskje er det ikkje nok tid, kanskje er det det.

Er det ikkje rart korleis hjernen vår er konstruert slik at vi umiddelbart kan sjå om ein person av det andre kjønn er vakker/søt? Ok, dersom no eg ser ei jente som eg likar godt og tykkjer er søt, så er det nesten som å sjå ein godtepose, hehe. (Ein nærliggjande metafor for meg) Men om jenta objektivt sett er pen eller ikkje...eg veit ikkje, det er vel fyrst og fremst tale om at det skjer noko inni i hjernen som gjer at eg tolkar utsjånaden slik. Det er vel for så vidt også irrelevant, det avgjerande er jo at EG tykkjer jenta er søt. Vel, det er ganske interessant å tenke på dette, her. Og ja, eg kan godt nemne det: Dette avsnittet var generelt, eg skreiv det ikkje med tanke på nokon spesiell person.


28 days later: Greatness decayed
Eg skal kjøpe meg ein film som eg var litt i tvil om eg burde kjøpe, 28 days later. Men eg har bestemt meg for å kjøpe, og gler meg til å sjå han. Kanskje kan ein lære noko nyttig om mennesket av å sjå på han. (Red. anm. No har eg sett filmen. Den fyrste halvdelen likte eg eigentleg veldig godt, det var interessante perspektiv, fine bilete, spennande tankespel om menneskets evne til å vere fredeleg/dødeleg osb. Den andre delen - der dei kjem til militærbasen - byrja interessant, men så tok det berre heilt av og vart platt, valdeleg, blodig, umoralsk, teit. Så skuffande manus her, altså. Fytti, då filmen var ferdig, tok eg ut DVD-en og kasta han i søpla. Eg har ikkje lyst til å bidra til at andre får sjå dette skvipet her. Og det er så synd, for potensialet i "idéen" bak denne filmen er verkeleg stort, jfr. 12 monkeys, som er så mykje, mykje betre. Men i staden munnar det ut i ein platt gorefest. Shame on you, Danny Boyle!)


Skam, ja
Opplever du at det finst noko du skammar deg over, bør du stoppe opp og tenke: "Oi, her kjenner eg skam. Denne kjensla ligg det informasjon i. Kvifor kjenner eg slik? Bør eg kjenne slik? Kvifor er dette så "viktig" for meg?" Kjensler ligg det svært ofte viktig informasjon i, kjensler er ditt varselsystem, i kroppen din.


Jakob kjempar med Gud
Her om dagen hadde vi gruppeundervisning om teksten der Jakob kjempar med Gud. Jakob møtte plutseleg Herrens Engel ved elva. Dei kjempa heile natta, og Engelen slo Jakob over hofta. Men Jakob ville ikkje sleppe før Engelen signa Han. Til slutt gjorde Engelen det. Slik kan vi måtte kjempe med Gud, og vi kan be han om å signe oss. Spenningsmomentet ligg i at ein ikkje alltid kjenner seg trygg på kva utfallet av kampen vil bli. Då gjeld det å halde fast ved Guds løfte.

“[Beer], the cause of, and solution to, all of life’s problems.”
Sitat: Homer. Vi kan omskrive sitatet slik: “[God], the cause of, and solution to, all of life’s problems.” Slik kan det opplevast. Gud skaper ein haug med problem, og han løyser ganske mange av dei, fortrinnsvis er det her tale om vår synd - som vi før ikkje visste at var synd, men som vi vert medvitne om etter å ha kome til trua på Jesus - og Guds tilgjeving ved trua på Jesus.

Den grunnleggjande feilen ved å bruke sitatet slik, er at sjølv om vi nok kan oppleve det som om det er Gud som er "the cause" for alle våre problem - så er det eigentleg oss sjølve, og VÅR synd. Ja, vi kan seie, vår "objektive" synd. Gud er Gud om alle mann var døde, og han definerer kva som er objektivt og kva som ikkje er det.


Eplet fell ikkje langt frå stamma
Éin ting til. På veg fram til Kvitsund, tala Martin og eg om det å likne på våre foreldre, det å oppleve hjå seg sjølv trekk som ein også finn hjå foreldra sine. Det er noko mykje vist i dette; "eplet fell ikkje langt frå stamma", ein har såleis ein arv som ein vanskeleg (umogleg?) kan bli kvitt. Og dette kan jo vere negativt, men det kan sjølvsagt også vere svært positivt.

Eg las ei bok av Fredrik Wisløff ein gong, og eg har lest noko om det seinare også; om det å foredle personlegdomen sin, å dyrke fram og styrke dei sidene ein har som er sterke og gode, og samstundes halde i sjakk dei dårlege eigenskapane, eller evt. vende dei meir til noko godt. Såleis kan ein vel kanskje tale om at ein er bunden OG fri.

Reint konkret; Sjølv er eg smart, ganske teoretisk, og følsom. Dette er jo flott, eg kan gjere mykje godt, og setje det i bruk. Backside: At eg er smart fører til at eg kan gruble og tenke meir enn godt er. Og at eg er følsom, kan føre til små-invalidiserande kjenslemessige innfall. Så kva vert summen? Jo, at dei sidene som kan verke positive, kan fungere negativt, og vice versa. Såleis er sjølvinnsikt og vilje til kamp og endring og "sliping", viktige sider av det å foredle sin personlegdom.

Og ja, ei side du kan sjekke ut, er ABORT73.com.

Ja, dette var mykje rart på éin gong. Eg har ikkje tid til å skrive meir no, det er på tide å gå. Legg gjerne att ein kommentar, og sei meg:

-Korleis var påska di? Noko fint som skjedde?

-Dersom du skal gje deg sjølv eit terningkast, kva gjev du då, og kvifor?

-Kva er din favorittsumaraktivitet?

Til slutt:

Thursday, April 5, 2007

Pictures


Her er Andreas og eg. Vi er klare for dåp. I bakgrunnen: Pappa.



Her er eit oversynsbilete etter at vesle Edmund har vorte frelst i dåpen. Den merksame lesar vil kjenne att presten i Vågsbyd; Nils Terje Andersen, som før var prest i Storsalen. Så har ein frå venstre: Markus, Anne Kristin, Edmund, og så fadrane meg, farmor Hilda og ven Erlend.





Her er Anne Kristin og Edmund på nært hald, i kyrkja. Edmund er litt trøytt, ja.



Så var det tremenning Lars Øy og bror Kjetil som mekkar på bil i garasjen heime.



Altså: Familie er ein utruleg bra idé. Noko av det beste med familien, er stabiliteten og forutsigbarheten. Familien er der. Og ingen vil jo vere åleine. Dette er fint reflektert i ein song av harrybandet Faithless (som faktisk hadde ein del bra songar på plata "reverence".) Eg får ikkje lagt ut videoen på bloggen, men ein link skulle gå bra: http://www.youtube.com/watch?v=iPAPbrBC-qQ



Ja, og så har eg vore på tur. For nokre dagar sidan var eg på tur til det eine fjellet som ligg ved sidan av huset mitt, rett aust. Men her er det fjellet som ligg rett vest for huset mitt, nemleg Roholdtsfjell:

No har eg gått i eitt kvarter austover, og fått litt utsikt over Roholdtsfjell. I forgrunnen så ser ein eit hogstområde:



Her er eg på toppen av Åhomnuten, og ser utover Vrådal sentrum. Her er det så fint. Mot venstre ser ein skisenteret:


Her er også på toppen av Åhomnuten, no ser eg litt lenger til høgre. Dette er også Roholdtsfjell. Ca midt på biletet er ein liten gulkvit flekk. Det er jordet ved huset mitt (sjå bilete ovanfor):


Tuesday, April 3, 2007

YeahYeahYeah

Det er påske, eg er heime. Eg har ei stund tenkt på at det er på tide med ein konkurranse. Denne blir ganske enkel. Dersom du kjem inn på sida mi når det står "1000" på hit-counteren, så får du ein premie.

Vonar elles det står godt til med deg og dine.