Friday, December 28, 2007

Fun, fun, fun

Takk!

Ingar og Kathrine, de er jammen trufaste blogglesarar, må eg seie.

Ingar, eg er ganske samd med deg, ja. Dersom lova forbyd pengespel i det heile teke, så bøyer eg meg for det. Mitt poeng var likevel også at ein kan drive ei slik "trufastheit" mot den norske lova altfor langt, slik at ein vert samvitsbunden av bagatellar som det aldri var meininga at ein skulle bry seg om. Men når det gjeld "poker med gutta", er eg altså ikkje sikker på kva lova seier. Seier lova utvetydig at det er ulovleg, så er saka avgjort.

Kathrine: Fornuft og følelser er eg veldig med på å sjå, altså, det gler eg meg faktisk til. Vi ser om vi får samla ein gjeng etter jol :) . Forresten så skal Roger og eg og Simon spele på joletrefest, ja. Det var vel...6.? Eller noko.

Utsegna di om kjensler er interessant og sannsynlegvis gjennomtenkt :) Ho stadfester det eg tenkte, men som eg ikkje ville insinuere heilt utan grunnlag: Nemleg at årsaka til dei noko ulne svara på spørsmåla nettopp er det at de (i alle fall du) ikkje ville avsløre så mykje nett her på bloggen.

Personleg tenker eg at det er ein god tommelfingerregel. Samstundes er det i stor grad verd å tenke gjennom fylgjande: Nokre delar av ein sjølv, kan ein gjerne avsløre, t. d. at ein har ete fisk til middag, at ein har vore ein tur og sykla, ein såg ein film etc. etc. Nokre kjensler kan ein veldig gjerne avsløre, t. d. "eg vart så glad då eg fekk besøk", "den filmen var så morosam", eller "eg vart så skuffa over det dårlege veret i dag."

Andre kjensler vil ein halde for seg sjølv. Sannsynlegvis er det lurt å ha visse "blygselsgrenser", det er eg ikkje usamd i. Ikkje vits i å avsløre seg sjølv med hud og hår. Men dette prinsippet kan like gjerne gjerast gjeldande mot "trivielle opplysningar" som dei eg nemnde ovanfor. Kva er det som er så spesielt med kjensler? Det kan vere gunstig å tenke gjennom: "Kva kjensler er eg redd for å avsløre? Kvifor er eg redd for å avsløre dei? Kva vil folk tenke om meg dersom eg gjev til kjenne visse kjensler?" Svara som ein gjev på desse spørsmåla, treng nemleg slett ikkje vere rasjonelle og høgverdige, om du skjønar (her talar eg heilt generelt, altså :) )

Men generelt er eg samd i at det i utgangspunktet ikkje er noko poeng i å skrive mykje om kjensler på ein offentleg blogg. Eit grunnpremiss her, er jo at mange kjensler og tankar som vi har, slett ikkje er verken ynskjelege eller rosverdige Poenget mitt er berre at ein bør strebe mot eit såpass avbalansert forhold til kjenslelivet at ein har lett for å vedstå seg kjensler, jamvel om miljøet rundt anser desse kjenslene som problematiske. U c?

Kathrine, tykkjer du eg bablar for mykje? :P


Vel, når det gjeld babyar, så skjønar eg godt reaksjonen til mora. Eg tenker: Ein baby er så liten og sart, så dersom han byrjar å hoste litt heftig eller gurgle i halsen eller noko, så blir eg også bekymra. Men eg har funne ut - det siste året - at babyar kanskje ikkje er så sarte som eg hadde trudd, dei er berre veldig...små :)

Poker, pengar, lov og Lov.

Vi spela poker i kveld, eg og syskena mine og tremenningen min. Det var koseleg - eg vann diverre ikkje (var ikkje så veldig heldig med korta, og våga ikkje å bløffe så mykje heller) - men det var likevel eit artig spel.

Men etter spelet hadde eg og eit familiemedlem ein ganske lang samtale om pokerspeling om pengar. Her fylgjer ein del av argumenta og resonnementa i samtalen:

- Det er noko uklart kva norsk lov seier om speling av pengar med omsyn til poker. Lotterilova er rimeleg klar på at pengespel (som er "tilfeldige" i karakter) ikkje er lovlege utanfor offentleg regi. Om denne lova også rammar "poker med gutta", med summar under totalt 1000 kroner, er ikkje heilt klart.

- Skrifta (og fornufta) forbyd pengebegjær og mammondyrking. Speling om pengar i poker kan stimulere til dette.

- Poker har potensiale til å vere avhengigheitsskapande. Difor bør ein vere ekstra forsiktig med å blande inn pengar.

- Vi var samde om at det ikkje er tilrådeleg å oppfordre til bruk av pengar i pokerspeling, men at situasjonen blir noko annleis dersom det er tale om å delta i eit spel med vener der det allereie er "bestemt" at pengar skal vere med.

- Eg er ikkje heilt avklart på spørsmålet om speling av pengar i poker. Eg har tenkt, og vurderer det nok slik at ein ikkje bør spele om pengar i det heile teke. Min samtalepartnar sin argumentasjon på dette punktet, er fornuftig: Dersom spelet ikkje vert "artig nok" utan pengar, bør ein vel finne eit anna spel.

- Likevel: Eg tenker at ein liten pengesum i seg sjølv kan vere med på å skape spenning i spelet, og at det også kan vere med på å påverke spelet i dét det vert meir risiko å bløffe og bette, når ein har noko å tape.

- Eg ynskjer også sterkt å understreke Jesu og Paulus' poeng om at ein ikkje skal setje opp menneskebod. Gud forbyr pengebegjær og mammondyrking, men han forbyr ikkje å spele poker om pengar. Difor skal ein ikkje setje dette opp som noko bod. Mot Guds vilje kan det likevel evt. bli dersom kjærleiken krev at ein avheld seg frå pengespel av di ein står i fare for å bli freista, eller evt. står i fare for å freiste andre. Her må ein bruke skjøn. Kanskje (i alle fall slik eg ser det, dette er ikkje Guds bod), er det sunt å unngå pengar i pokerspeling i det heile teke.


No dreide diskusjonen seg over i eit anna spor som også er veldig interessant. For: Dersom speling om pengar i pokerspel er forbode i lova, (men likevel tillete i fylgje guddomeleg lov), er det då ok for kristne å spele poker om pengar? Svaret er sjølvsagt i utgangspunktet nei: Kristne skal fylgje den norske lova, for Gud byd oss å lyde øvrigheita (Rom 13, 1 Pet 3)

Spørsmålet blir i kva grad ein skal fylgje dette påbodet. Dersom lovgjevinga er uklar, eller lovgjevinga tydeleg er sikta inn mot "større" verksemd med omsyn til pengespel, er det då likevel gale å spele poker om nærast ubetydelege summar? Intensjonen med lova er m. a. å minske speleavhengigheit. Såleis ser det ut til at ein må svare stadfestande på spørsmålet (sjølv om: Kva skal ein seie dersom det heilt åpenbart ikkje er speleavhengige til stades i pokerlaget, og heller ikkje fare for at nokon vil bli det?)

Men eit noko breiare - og veldig relevant - spørsmål vert også aktualisert av denne problemstillinga: Kva er forholdet mellom Guds lov (fyrst og fremst dei ti boda) og den norske lova? Sett på spissen: Er det "synd" å bryte norsk lov, sjølv i det minste punktet? T. d.: Dersom lova tydeleg seier at det er gale å køyre over 80 km/t, syndar ein då mot Gud når ein køyrer i 81 km/t i ei åttisone?

Her var vi noko usamde: Eg meiner: "Nei, det er ikkje synd. Det er forskjell på Guds lov og den norske lova; den norske lova kan i nokon grad relativiserast, t. d. av ulike former for presedens, av faktisk handheving av lova, av kva rådande styremakter og rettsapparat seier om korleis lova skal tolkast etc. etc. Dette medfører at ein ikkje kan identifisere eit brot på lova - per se - som synd. I praksis medfører dette at det må vere rom for eit visst slingringsmonn i vårt forhold til lova - annleis kan det ikkje vere. Men dette slingringsmonnet må altså ikkje avgjerast berre av subjektivt skjønn, men også av kva myndigheitene sjølve seier."

Han meinte: "Jo, ein kan karakterisere det som synd. Elles vert det fare for at ein definerer ei handlinga som indifferent eller nøytral som faktisk etter norsk lov er umoralsk. Gud seier at vi skal fylgje den norske lova, då skal vi også gjere det."

Eg innvender: "Men du lever ikkje slik du lærer! Du køyrer bilen din og du duppar medvite over 80 km/t no og då. Altså syndar du mot Gud, med vilje." Han svarar: "Ja, på sett og vis, men slike 'verdikollisjonar' vil det uvegerleg kome til, og dei vert dekte av nåden. Men eg vil heller gjere det no og då, og så leggje dette i nåden, enn å 'bøye av' og seie at det som er gale, ikkje er gale."


Eigentleg var vi ikkje så usamde som det kan høyrest ut. Vi vil båe fylgje norsk lov, og vi er båe samde om at Gud bed oss om nettopp dette. Det vi var usamde om, var kor raskt ein kan trekke ei line frå det å bryte norsk lov til det å bryte Guds lov. Eg la fram fylgjande poeng: Dersom ein verkeleg - med fullt alvor - vil seie at det er ei synd å bryte den norske lova, uansett kor lite lovbrotet er, då vil ein også måtte ta konsekvensen av dette, og seie med Jesus: "Dersom høgre foten din lokkar deg til å gå ein kilometer over fartsgrensa, så hogg han av og kast han frå deg! For det er betre for deg at du går einfota inn i himmelriket enn at du vert kasta utanfor med båe beina dine."

Slik vil sjølvsagt ingen resonnere. Men vert ikkje dette det logiske resultatet av å omtale det å bryte norsk lov - om berre i det minste - som synd? Han innvender at ein ikkje kan gradere synder. Men eg svarar at både Paulus og Jesus faktisk utfører ei viss gradering av handlingar, frå "komplett forkasteleg, syndig etc.", til "problematisk", og vidare til "bruk skjøn" og jamvel til "heilt uproblematisk". Sånn sett vil det å bryte lova på generelt grunnlag vere problematisk og potensielt syndig. Men det vil også finnast tilfelle der det å bryte lova (t. d. ved å køyre 1 eller 2 km over fartsgrensa) må karakteriserast ved "bruk skjøn" eller jamvel "uproblematisk". Men den store hovudsaka må i alle høve stå fast: Fylg norsk lov!


Vel, etter ei ganske god stund, var samtalen ferdig. Det er interessant å trekke trådar ut av denne samtalen. T. d. Kva var våre anliggende i denne samtalen. Kvifor har vi desse anliggenda? Hans anliggende var at ein ikkje skal kompromittere den norske lova. Dette er viktig. Mitt anliggende var at ein ikkje nært kan identifisere brot på den norske lova med brot på Guds lov. Dette er like viktig.

Kvifor vart vi noko usamde i denne saka? Utan tvil har personlegdom mykje å seie her. Min personlegdom er nok meir "fintfølande" på ein del område, enn hans. Dette er ikkje nødvendigvis ei dygd, jamvel om det i ein del tilfelle kanskje kan vere det. Samstundes vurderte vi saka frå ulike synspunkt; han frå eit breiare, etisk perspektiv, men eg frå eit meir snevert, teologisk perspektiv. Ser ein endå større på det, kan ein seie at våre ulike personlegdomar har vore med på å forme kristendomsforståing og gudsbilete, og at dette er med og spelar inn i resonnementa våre.

Oh well, oh well, oh well. Det er viktig å samtale litt om slike ting av og til, jamvel om det kan vere litt krevjande. Ein mognast litt, får bryna standpunkt, veks i innsikt etc.

Vel. Ein annan grunn til at denne samtalen var så viktig, er fylgjande: Kva kjenneteikner (og bør kjenneteikne) den kristne sitt forhold til Guds lov? Kvifor held vi Guds lov? Kor detaljorientert er Guds lov? Er det belønning eller straff som driv oss? Kva dersom det oppstår pliktkollisjonar? Kva kan Jesu handheving av lova fortelje oss om korleis vi bør forholde oss til Guds lov? Hm, dette er veldig interessante problemstillingar, altså. Men eg skal ikkje gå meir inn på dei no. Det er på tide å sove. Men til slutt: Eit dikt av Bjørnstjerne Bjørnson.

"Jeg velger meg april!
I den det gamle faller,
i den det nye får feste;
det volder litt rabalder,-
dog fred er ei det beste,
men at man noe vil.

Jeg velger meg april,
fordi den stormer, feier,
fordi den smiler, smelter,
fordi den evner eier,
fordi den krefter velter,-
i den blir somren til!"

Thursday, December 27, 2007

Snacks

- Hjarteleg takk for svar, Ingar og Kathrine. Det set eg pris på. Samstundes tenker eg at svara denne gongen nok kunne gått litt djupare, med omsyn til det eg spurte om: kjensler. Men pyttpytt.

- Eg såg nett "Stolthet og fordom" med syster mi og svogeren min (eg sette meg ned og såg sånn halvvegs uti filmen eller noko. Eller kanskje etter 1/3. Det er verkeleg ein interessant film på så mange måtar. Det er mykje å lære av karakterane her, ikkje minst med tanke på at dei er så stereotypiske. Likevel: Slett ikkje alt "the good guys" (spesielt Lizzie) gjer i denne filmen, er førebiletleg. Vel. Også gutar kan ha utbyte av å sjå denne filmen, tenker eg :)

- Min vesle nevø og fadderbarn, Edmund, er great fun. Før kunne han: Sjå, skrike, ete, bæsje og sove. No kan han i tillegg: "æææ"-e, "hei"-e, pludre, gripe ting, kaste ting, le, krabbe, ete sjølv, respondere på tale og blikk etc. Så han blir berre betre og betre.

Samstundes har utviklinga visse biverknader, kan ein seie: Edmund må bli passa på heile tida, for han er aldri i ro, og han skal ta på alt (!) han ser som er innanfor rekkevidde. Dette blir noko meir komplisert av at han også skal putte det meste i munnen - uavhengig av om det er mat, metall, plast, stoff etc.

Ja, sånn apropos: Han har tidenes største spyttproduksjon, så han har gjeve meg eit nytt og friskt innblikk i fenomenet "sikling".

Wednesday, December 26, 2007

Film. Og noko attåt.

- Eg såg ein film nett no: Ondskan. Filmen var vidunderleg bra og interessant. Difor anbefaler eg han. Eg kjøpte han for 60 kroner på Platekompaniet. Ja. Filmen byggjer på boka "ondskan" av Jan Guillou, som er ei (sterkt) sjølvbiografisk bok. Hm...kva kan eg seie...Eg tykkjer filmen er god av ei rekke grunnar. Han er profesjonelt laga, med bra filming, godt skodespel etc. Men historia er også medrivande, spennande og også jamvel romantisk.

Men det eg særleg tykkjer er godt med denne filmen, er korleis han tematiserer fleire viktige problemstillingar. T. d. : Kva motiverer menneske til å bruke vald? Korleis skal eit slikt menneske møtast? Korleis kan usunn utvikling og påverking føre til ein personlegdom utan moralsk mogenheit?

Men også mange moralske spørsmål vert her tematisert. T. d.: Er det rett å bruke vald, dersom omstenda "krev" det? Korleis skal ein oppføre seg i møte med eit destruktivt og undertrykkande "system"? Korleis bør studentar behandlast, kva disiplin bør dei utsetjast for? Kvar hentar ein krafta frå, til å stå for sine meiningar og haldningar, sjølv når dei vert utsette for sterk motbør?

Desse problemstillingane vert akutte for Erik Ponti, som går på ein internatskule der lærarane trekker seg attende på fritida: Internatet er overlatt til "kameratsleg fostring"; ein eufemisme for dei eldre elevane si grove fysiske og psykiske undertrykking av dei yngre elevane. Dei fleste yngre elevane finn seg i det, men ikkje Erik Ponti, som har ein sterk personlegdom, og ikkje har for vane å føye seg (unnateke i møte med den tyranniske stefaren, som av sjalusi også mishandlar Ponti).

Vel, eg skal ikkje avsløre meir her og no, men ynskjer berre sterkt å anbefale filmen. Den som vil, kan låne han av meg :) Her er traileren:





Så: Eg såg Twin Peaks-filmen. Eg har veldig blanda kjensler til denne. Så eg skal ikkje skrive meir om denne. Hm...veldig blanda kjensler, ja. Eg kan ikkje anbefale han, men...eg ville jo gjerne skrive nokre ord om han også.


Eg spela Trivial Pursuit med familien. Eg kom på siste (!) plass. Eg er nok ikkje så smart som eg har trudd (seriøst).


Mamma talar med pappa om Tarjei og Halldis Moren Vesaas.
Mamma (til pappa): "...ho trega så grusomt. Dei var båe veldig sjølvstendige personlegdomar, men ho vart veldig medviten om ekteskapet. Ho vart jo nedrent av menn."
Eg (ropar inn i stoga, medan eg sit i rommet ved sidan av): "Trega ho på at ho gifta seg med Tarjei??"
Mamma (til meg): "Nei, ho trega på at ho var utru, og etter utruskapen vart ho veldig medviten om ekteskapet!"

Godt å vite.


Eg må seie nokre ord til om Ondskan. Guillou vart intervjua om denne filmen. Han vart spurt om korleis han forklarte den valden som han utførte på andre menneske då han var ung. Han seier: "Det å utføre valdshandlingar, er ei blanding av aggresjon og frykt. Men det gjev ei euforisk lukkekjensle å vere valdeleg." (lettare omskrive).

Eg forstår han. Eg har tenkt på det same fleire gonger. Sjølvsagt ikkje slik at eg kjenner på ei lyst til verkeleg å vere valdeleg, men impulsen kan eg nok kjenne på. Og eg har ofte tenkt på at populærkulturen reflekterer denne impulsen på ein fortreffeleg måte. Eg trur dette er ein hovudgrunn til suksessen åt actionfilmar og rockemusikk (ja!)

Yep, dette var rundt sagt, men eg tykkjer det er veldig interessant. Spesielt med tanke på at Jesus bed oss om ikkje å ta hemn, vi skal vende det andre kinnet til. Det er "etikk" som høyrer til dei som er Guds born, som har som mål å vere miskunnsame som Gud sjølv. Jesu poeng er at dersom vi er Hans born, då bør vi også gjere som vår Far. "Ver fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen." Populærkulturen er såleis ei sterk understreking av korleis vi som menneske står langt unna "Guds natur", som vi kristne har fått del i. Heldigvis er det ikkje våre gjerningar og impulsar som konstituerer gudsforholdet vårt; dette kviler på Jesu nåde og frelsesgjerning: Gud sendte JEsus, som vart ei forbanning for våre synder. Den som trur dette, er frelst, er Guds born. Og då byrjar vandringa med Gud, ei vandring (og utvikling) som har det mål at vi skal bli forvandla etter Jesu bilete, og nå det mål som Gud eigentleg har skapt oss til.

Diverre har desse formaningane nok ført til at vi i kristne forsamlingar har fått eit tabuforhold til ein del ulike kjensler. Dette er, i så fall, ikkje sunt eller sant. Sanning fører ofte til sunnheit. Nok. Ok: Noko å tyggje på: Kva kjensler hadde Jesus?

Forresten: Takk til Kathrine, Andreas, Ingrid og Katrine for svar på bloggen min for nokre dagar sidan. Artig å lese. Om nokon vil ha mine svar på spørsmåla, kan dei gje beskjed om det. No kjem nokre fleire spørsmål:

- Tenk på favorittalbumet ditt eller ein favorittsong. Kva kjenneteikner dei kjensler som ligg til grunn for det musikalske uttrykket i denne songen. Det at denne songen eller dette albumet appellerer til deg; seier dette noko særskild om kven du er, tykkjer du?
- Kva er favorittfilmen din? Kva kjenslemessige konfliktar og uttrykk finn stad i handlinga her? Korleis korrelerer dette med ditt kjensleliv?
- Og: Kva sette du mest pris på å få til jol? Kva fortel denne "favorittgåva" om deg?

På førehand takk for svar!

Monday, December 24, 2007

Jol, jol, jol



What can I say?

Sunday, December 23, 2007

Å, vilka tider

Sjekk ut fylgjande morosame link. Eg vart gjort merksam på denne av bror min. Det var ein periode i livet mitt då slikt som dette gjorde inntrykk på meg. No tykkjer eg mest det er morosamt. Lytt til musikken fyrst, prøv å finne ut antatt bodskap, og sjekk etterpå.

http://jeffmilner.com/backmasking.htm

Saturday, December 22, 2007

Oppdatering!

Greitt. Eg skal oppdatere bloggen min. Her er nokre tankar.

- Eg har ferie. Eg er heime med familien. Det er fint. I dag har Anne Kr., Markus, Edmund og eg vore ute og funne joletre.

- Eg fekk 200 kr av Ida i jolegåve, til å kjøpe noko eg hadde lyst på. Det var snilt. Eg kjøpte den nye plata til Alison Krauss og Robert Plant, samt best of plata til Sting.

- Eg spelar poker på facebook, det tykkjer eg er god ferie-tidtrøyte. I går hadde eg 10000 chips att. Eg hadde aldri hatt meir enn 27000. Så eg gjekk på 500/1000 blinds-bordet, og tenkte å spele bort 10000, slik at eg kunne drive med andre ting enn poker ei stund. Det funka dårleg. Eg vann plutseleg ein pott på 30000. Så nå er eg på plass 10000 av ...nokre millionar facebookspelarar. Det er jo litt artig.

- Elles...eg les ei bok av Viktor Frankl, ein psykiater som er kjend for såkalla "Logoterapi", dvs. terapi som dreier seg om å finne meining med livet. Det er spennande lesing, må eg seie. Eit viktig poeng som Frankl har, er at mennesket må bli forstått heilskapleg og fleirdimensjonalt. Dersom ein ser mennesket berre frå éi side, t. d. freistar å forstå mennesket kun som eit lukka, biokjemisk system, vil ein lett "ikkje kunne sjå skogen for berre tre". Dvs: Ein kan forklare kva som skjer når eit menneske blir forelska, det er jo eigentleg berre kjemiske reaksjonar. Men ein har likevel ikkje forklart kva forelsking er i eigentleg meining. Slik sett må mennesket bli forstått på fleire plan, og det er dei "høgare", meir heilskaplege plana som kan vere arena for diskusjonen om kva som er meininga med livet. Men dei høgare plana kan bli informert av dei meir spesifiserte og "lågare" plana, om de forstår.

Med andre ord: Kunnskap om arbematerialet vårt, biologien vår, kan gje oss kunnskap om kven vi er. Men ein kan likevel aldri seie "mennesket er kun gener, som utviklar seg i eit individ som vert påverka av miljøet, og meininga med livet er å vidareføre desse genene". Slik seier t. d. superateisten Richard Dawkins. Men han er langt over i filosofien med desse uttalingane.

Nok om det. "Vilje til meining" heiter boka. Spennande greier.


- Ja, eg hadde ein interessant samtale med Johan i M2 på bussen på veg heim. Han er ein kjernekar. Vi tala om fleire ting, men ein god del om kristnes forhold til kulturen. Eg tenker at vi er påverka av kulturen i større grad enn vi tenker, og at vi burde vere langt meir påverka av Guds Ord og av trua på Jesus. Eit døme: Eg las i ei bok om evangelisering i oldkyrkja. Der vart det påpeika at dei fyrste kristne hadde ein nærast militærdisiplin med tanke på misjonsoppdraget; bodskapen skulle ut koste kva det koste ville. Men det er ikkje enkelt å vere kristen alltid, eller å vere varmhjarta for trua. Det er viktig at vi stør kvarandre og forkynner for kvarandre, altså. Mi røynsle er at jamvel om eg studerer teologi etc., så står eg langt veikare åleine. Men når Nobu eller Joakim eller Torgeir oppmuntrar meg og bles i glørne, så blir det liv att. "Men forman kvarandre så lenge det er dag..." Hebr 3,13.


So, that's about it. Eg har ikkje mykje på hjarta nett no. Men skriv gjerne nokre ord. Ok, eg kan formulere nokre spørsmål:

1. Vil du seie at du har ein visjon for livet ditt, eit høgare mål? I kva grad lyder du denne planen der du er i livet no?
2. Kva fryktar du mest med tanke på det å bli gift? Kva gler du deg mest til?
3. Kva er det beste, tykkjer du, med å ha vener?
4. Dersom du kunne endre ein ting i livet ditt, kva ville du endra?

Friday, December 21, 2007

"Ja, und ich bin stolz darauf!"

Få filmar har gjort sterkare inntrykk på meg enn den tyske ”Sophie Scholls siste dager.” Dette er eit faktum som ikkje seier så reint lite, med tanke på dei (altfor) mange filmane eg har sett i løpet av mitt liv. Filmen, som nyleg vart gjeve ut på DVD etter å ha gått ei stund på kino, er ei dramatisering som relativt nøyaktig byggjer på historiske hendingar. Handlinga dreier seg om ei gruppe ressurssterke tyske studentar – fleire av dei kristne – som våga å gjere motstand mot naziregimet og deira barbari under krigen. Gruppa, som kalla seg ”Die weisse Rose” (”Den kvite rose”) produserte og spreidde – under stor risiko – flygeblad med harmdirrande utrop mot kneblinga av ytringsfridomen, mot blodbadet som Tyskland hadde skapt i Europa ved sin krig, og ikkje minst mot nedslaktinga av jødar i konsentrasjonsleirar.

Ved ei uforsiktig utplassering av rundt 1000 slike flygeblad på universitetet i München ein tidleg februarmorgon i 1943, vart leiarane i gruppa, Hans Scholl på 24 år og systera Sophie Scholl på 21 år, tekne på fersk gjerning. Dei vart sendte til Gestapo der dei vart utsett for lange forhøyr. Til slutt måtte dei tilstå – og etter kvart forsone seg med at dei sannsynlegvis ville bli dømt til døden for høgforræderi. Filmen skildrar minutiøst den nærast parodiske rettssaka som gjekk føre seg med hastverk ikkje lenge etter forhøyra: Hitler var oppteken av å statuere eit døme; motstand mot regjeringa kunne ikkje tolast, verken munnleg eller skriftleg. Men måten ungdomane – med viten om at døden stod for døra – med stort mot og stor overtyding tala nazistane midt imot, er rett og slett overveldande. Far åt Hans og Sophie, den myndige Robert Scholl, freista å kome inn i rettslokalet for å forsvare sine born. Han vart med makt vist bort, men rakk å få rope inn i rettssalen i det han vart pressa ut av vaktene: ”Ihr werdet in die Geschichte eingehen, es gibt noch eine Gerechtigkeit” – ”De vil gå inn i historia, det finst ei høgare rettferd!”

Som nemnt ovanfor, har eg sett mange filmar i mitt liv. Difor veit eg også at filmar som skildrar kristen tru på ein positiv og realistisk måte, er sjeldne. Dette er ein av desse sjeldne filmane. Filmen viser tydeleg korleis trua på Jesus – trua, bøna og nattverden – er med på å gje Sophie krafta til å stå løpet ut i møte med nazistane. Då eg fann ut at det også var skrive bøker om desse hendingane, bestilte eg den mest kjende og kritikerroste av desse, ”Sophie Scholl and the white rose” av Annette Dumbach og Jud Newborn. Denne boka – som diverre enno ikkje er omsett frå engelsk til norsk – vart fyrste gong gjeve ut i 1986, og deretter på nytt i revidert utgåve i 2006. Boka er godt skrive, det er rett og slett spennande å fylgje historia åt dei heroiske ungdomane i ”die weisse Rose”. Boka gjev også eit godt innblikk i korleis den tilsynelatande totale einsrettinga av nasjonen mot slutten av 30-talet, og det påfylgjande naziregimet sitt autoritære styre, fortona seg for den vanlege tyskar – og ikkje minst for den tyskar som såg på utviklinga med sorg og motstand.

Nazismen som ideologi står vel ikkje sterkt i dag. Men dermed er det ikkje sagt at ein ikkje kan lære noko av denne perioden. Tvert om: Mange av dei berande idéane i nazismen, kan raskt dukke opp att i menneskelege tenkesett. Nærliggjande å nemne her, er den valdsame forakten for det veike som gjorde seg gjeldande i nazistisk tankegang. Gjer t. d. ikkje til ein viss grad liknande tankegang seg gjeldande også i dagens debattar om menneskeverd, abort, aktiv dødshjelp, bioteknologi etc.? Også i dag trengst ”Scholls” som er viljuge til å reise seg opp mot uretten og tale sanninga på vegne av dei som lid.

Både filmen ”Sophie Scholls siste dager” og boka ”Sophie Scholl and the White Rose” vert med dette varmt anbefalt, både for unge og eldre.


Home...home again

No er eg heime for jola. Kanskje...eg skal skrive noko her i morgon...