Thursday, December 25, 2008

Kva eg gav til jol i år

Eg fekk mange fine gåver til jol. Men denne posten tenkte eg skulle dreie seg om kva eg gav til familien til jol i år. Eg gjorde nemleg stort sett unna jolehandelen på ein time eller noko, i tre butikkar - to bokhandlar og platekompaniet.

Resultatet vart om lag slik:

- Mamma og pappa: Drageløperen (film, skal visstnok vere bra. Er nok ikkje veldig fan av Marc Forster, men. Nokon som har lest boka...?)
- Mamma: Sigrun Slapgards biografi om Sigrid Undset. Undset har eg respekt for.
- Pappa: Bøker av og om Max Manus. Dette er jo veldig i tida, samstundes som bøkene er kritikarroste, og pappa likar å lese om WWII. Kunne godt tenkt meg å lese dei sjølv, kanskje eg gjer det.
- Leif Olav: Klassikaren "Flukten frå Alcatraz", samt Pavens Jesusbok.
- Ak og M + born har enno ikkje fått gåvene, så det blir litt risky å avsløre her. Men dei får m. a. filmen ID4 :) (Y)(Y)
- Kjetil: Overhengende fare, med Harrison Ford. Ikkje akkurat ein klassikar, men trur han er god, sjekka imdb fyrst i alle fall :) Og i tillegg: Ein stor biografi om Lenin :) Håpar Kjetil har tid til å lese han, det er i alle fall interessant stuff.
- Andreas: Addams family values, i tillegg til Zelda, link to the past, og metroid fusion.

Yep, når eg kan gje bøker og filmar, går jolehandelen veldig greitt, i og med at dette er eit stort interessefelt for meg.

1 comment:

Ingar T. Hauge said...

Har ikke sett Drageløperen, men leste boka i sommer. Overraskende bra.