Saturday, January 26, 2008

"Om studio"

No er eg på Bryne med Yellowstone - Martin og Jakob og Eirik. Vi har spela inn plate i dag og i går. Det var artig, og det vart eit veldig godt resultat! Gled dykk til å høyre. Det vart ganske kult, ja. Det gjorde seg veldig med mange stemmer. Kjem nok til å leggje ut ein smakebit etter kvart.

- Eg skal på retreat til sundag. Det blir spennande. Skal prøve å lese ein del GT, tenkte eg.

- Eg har tenkt mykje på nokre ting. Korleis eg kompenserer for visse usunne sider ved min personlegdom. Ved å presentere eit bilete av meg sjølv som nok ikkje er så realistisk. Hm. Eg har tenkt. Ja. Mykje.

- No skal vi på Peppes.

Tuesday, January 8, 2008

2+2=4

Nokre tankar:

- Joleferien er over. Eg er i Oslo. Eg leverte avhandlinga i går (ta det ro, ho vil IKKJE bli lagt ut her på bloggen. ...denne bloggen taklar nemleg ikkje fotnoter :P) Ei lita stund trudde eg at hadde oppnådd ny rekord i å levere avhandlinga i siste augneblink; eg leverte ho 1359, eit minutt før studieadm. stengte, på siste moglege dag å levere. Men så fann eg ut at eg kunne levert i dag også. Jaja. Levert er ho uansett. Den som vil ha eit eksemplar på mail, kan få. Det ER interessant lesing, for den som er interessert i slikt...ehh...ja.

- Til Maren: Ja, berre hyggeleg at du vart glad for pakka, tenkte du måtte få ei særskild jolegåve no som du er langt heimefrå. Vonar du likar filmen også. [Ah...stemmer, du fekk ikkje film, berre bok, det er sant. Den filmen kan du kanskje få ein annan gong. Men flott at du likte boka, då.]

- Eg har vore i Drammen i dag, og kjøpt prestekjole. Det gjekk fort og greitt. 3000 kroner kosta han. Men det trur eg også han er verdt. Om eg blir ordinert, får eg i alle høve pengane attende.

- Eg driv og les ei bok no, ei ganske tjukk bok også, om Koranen. Eg skal melde ho i Ung Teologi. Det er spennande lesing, og eg må seie det set i gang litt tankar hjå meg. No har eg ikkje kome så altfor langt i boka enno, men det kan likevel bemerkast at det finst mange "likskapstrekk" i formelle (skriftsynsmessige) måtar å sjå på Koranen og Bibelen på. Den store forskjellen er sjølvsagt at Kristus, frelsaren, er sentrum i Bibelen, og at Bibelen difor djupast sett er ei evangelisk bok, ikkje ei lovbok. Men dette skal eg ikkje skrive meir om no. Om nokon er interesserte, kan de få nokre artiklar om temaet av meg.

- Vi var på Borgen her om dagen, Simon, Roger, Joakim, Rune Boel, meg, Kari E., Kathrine L. God stemning! Flott å vere i lag med vener slik. Konserten var også veldig gøy...heilt til sikringa gjekk under "you know my name". Jaja, det var heldigvis på slutten av songen. Men noko stagejump vart det ikkje noko av.

- No veit ikkje eg om eg nokon gong blir gift, men just in case er det lurt å vere førebudd. Difor har the love doctor teke eit etterutdanningskurs og sett ein laaang film (eigentleg ein serie), som på mange måtar overgår "Love Actually", nemleg Ingmar Bergmans "Scener fra et ekteskap" (ok, love actually er ikkje så ille, den heller, då). Eg kan ikkje varmt nok få anbefalt denne filmen. Han er veldig lærerik og veldig realistisk, og seier ganske mykje om korleis menneske tenker, og korleis nære relasjonar utspelar seg. Hm. Kva har eg lært av denne filmen, i korte trekk? Nokre poeng kan eg stille opp:

a. Problem i ekteskap kan veldig gjerne oppstå - ikkje alltid fyrst og fremst som resultat av konfliktar i relasjonen mellom mann og kvinne, men - som resultat av indrepsykiske og eksistensielle problem. I sin tur påverkar dette relasjonen mellom dei to og bringar også relasjonen ut av balanse. I filmen vert dette eksemplarisk framstilt i dét den intellektuelle og "vellukka" Johan ikkje vågar å sjå mot framtida, han vågar ikkje ta stilling til tilvéret, han trekkjer seg unna "dei store livsspørsmåla", og freistar så sterkt han kan å neglisjere sitt vonde samvit. Eller sagt med andre ord: Han vågar ikkje å gå i djubda i sin eksistens, og vert difor (etter hans eigne ord) ein kjenslemessig analfabet som ikkje veit kven han sjølv er. Han kompenserer med ein viss megalomani. Men livet talar sitt eige språk, som Johan slett ikkje kan ignorere.

Noko av "løysinga" for Johan, er ei typisk psykoterapeutisk innsikt om at han må senke krava til seg sjølv, ikkje freiste å leve opp til andres forventningar etc. Dette vert sunt for han, og det vert sunt for menneske rundt han. Men problemstillinga opnar i alle høve opp for verkeleg store og interessante perspektiv: Ligg det djupare sakn, djupare behov, djupare manglar, bak den uroen og tomleiken som Johan kjenner? Altså: Gudsfråvére? Ære vere Bergman som vågar å vere ærleg om desse problemstillingane. Eg trur dette kan vere saker som mange menneske i dagens samfunn kjenner på, men det blir akk så lite tematisert i populærkulturen. Det kallast røyndomsflukt.

b. Og då er vi over på det neste punktet. Marianne, som er ei veloppdragen og intelligent kvinne, lid også på sett og vis av røyndomsflukt: Ho er heller ikkje i kontakt med seg sjølv og sine eigne tankar og kjensler og ynskje, men føyer seg etter det andre menneske ynskjer for, og krev av, henne. I ei svært interessant scene med ein samtale mellom Marianne og hennar gamle mor, får vi kjennskap til kjelda for denne livshaldninga. Også Marianne får - etter eit svært opprivande skilsmål - hjelp til å "finne attende" til seg sjølv. Dette blir også ein veg til lækjing for eks-mannen Johan, som altfor lenge har teke seg til rette, både fysisk og psykisk, med omsyn til Marianne. Når Marianne vågar å stå for det ho meiner, og "ta rom" for sitt eige liv, kjem uvegerleg konfrontasjonane. Etter kvart (langt ute i episode nr...fem?) kjem den fyrste verkelege krangelen mellom Johan og Marianne (etter å ha vore gift i rundt 15 år). Det er ei vidunderleg interessant scene som også er "hard", men som - syner det seg etter kvart - fører til ein fornya relasjon mellom dei to - ein relasjon som i langt større grad enn før er prega av symmetri og likeverd.

c. Ja. Hm. Ein lærer veldig tydeleg frå denne filmen, at ekteskapsrelasjonen (men dette gjeld eigentleg alle meir eller mindre personlege relasjonar) er sårt avhengig av eit trygt klima, der ektefellene vågar å vere ærlege og sårbare overfor kvarandre. Varme, raushet, omsut byggjer opp eit slikt klima. Hån, forakt, vondskap etc. øydelegg dette klimaet, og maskene kjem på, rollespelet er i gang. Men dette er berre ikkje sunt. Eit spørsmål som går att fleire gonger i filmen, er fylgjande: Er det mogleg for to ektefeller å vere bånn ærlege mot kvarandre? Og om det er mogleg; er det ynskjeleg?

Filmen gjev ikkje eit heilt eintydig svar, men hellar vel mot at det er ynskjeleg, men slett ikkje alltid mogleg. Sett frå eit kristent perspektiv har dette å gjere med det som Jesus kalla "dei hårde hjarto". Prisen for å vere ærleg, blir for høg. Ein er redd for korleis den andre parten vil reagere, og ikkje minst er ein redd for korleis ein sjølv vil reagere: er sjølvaksept mogleg?

Luther har poengtert korleis Guds nåde er lækjedom for eit ekteskap i den forstand at nåden (som kjem ovanfrå, ved Kristus) gjev tilgjeving og godt samvit. Visst må ein la Guds ljos skine inn over livet sitt og erkjenne som tollaren at ein er ein syndar. Men møtet med Guds kjærleik og tilgjeving har kraft i seg til å reise opp og gje eit forvandla sjølvbilete. Og dette har også kraft i seg til å prege vårt forhold til andre menneske, fyrst og fremst dei som står oss nærast (altså: ektefelle). Ikkje minst har Guds nåde kraft til å gje oss eit tilgjevande og raust sinnelag.

Novel, dette var teorien. Praksisen kan det til tider verre med. Også vi som er kristne må slite med våre "hårde hjarto" (="kjøtet", det gamle mennesket etc.) jamvel om vi er fødde på ny.

d. Eit fjerde poeng som går att fleire gonger i løpet av filmen, er fylgjande: "Kva er kjærleik?" Ei kvinne kjem til skilsmålsrådgjeving hjå Marianne og fortel om korleis hennar ekteskap er "greitt" og bra, men det manglar kjærleik. Mannen har sagt at han ikkje forstår nokon ting, han freistar jo å vere god og snill, og spør om att og om att: "Kva er denne kjærleiken som du så saknar? Korleis kan han oppstå?" Scena gjev ingen klare svar, trur eg; er det relasjonen mellom dei to det er noko gale med, eller er det rett og slett at kvinna manglar evne til å "føle" emosjonell varme?

e. Eit femte poeng som eg også skal nemne her, er at filmen eigentleg er ganske "liberal" samlivsmessig. Det er fint lite tale om homofili etc., men det skjer ofte utruskap. Filmen viser dei negative konsekvensane av dette, t. d. i ei svært interessant scene der Johan ope fortel Marianne at han har funne ei anna kvinne, ei som heiter Paula og er 23 år (og altså rundt 20 år yngre enn han sjølv.) Marianne får sjølvsagt sjokk, men ho blir ikkje sint (hugs punkt b :) ), ho berre audmjuker seg og tryglar Johan om ikkje å forlate henne. Seinare i filmen blir Johan sjølvsagt lei av den unge, uerfarne og slitsomme Paula, og han kryp attende til Marianne.

Men kva var eigentleg motivasjonen til Johan i utgangspunktet, for å forlate Marianne? Dette er eit ganske viktig spørsmål som eg trur ein må lese litt mellom linene for å finne eit svar på. At det ikkje (berre) har med "kjøtleg lyst", trur eg er ganske klart. Heller har det nok med punkt a. å gjere: Johan er ikkje i kontakt med sine kjensler og sitt samvit, og han kjenner difor keisemd (!) (Elles eit ganske vanleg trekk i vår tid, forsøkt kompensert med mykje rart av stimuli.) Dette - kanskje kombinert med trusselen om at den intelligente og kontaktsøkande Marianne skal kome for nær han psykisk, noko som vil vere for smertefullt for han - fører til at han forlét henne.

Det heile blir eit tydeleg vitnesbyrd om at vi som menneske er heilskaplege individ. Vi er ånd, sjel og lekam, og i trass av at vi er komplekse og til dels motsetningsfulle, så er vi ein entitet: Vi klarer ikkje å avsondre visse delar av vår eksistens utan at det påverkar heile mennesket. Altså: Johan neglisjerte sitt dårlege samvit (det er i det heile teke interessant å sjå kor ofte dette omgrepet går att i filmen. Lærer vi ikkje i vår tid at samvitet eigentleg er ein funksjon av evolusjonistisk utvikling? Kvifor er vi då ikkje herre over det?) og sitt behov for meining i tilvéret. Det påverka han som totalt menneske.

Filmen har elles mange lærerike døme på korleis heller ikkje kroppen (konkret: det seksuelle) kan avsondrast som ei "frisone" i ekteskapet. Tvert om: Også den seksuelle relasjon er nært samanbunde med det som elles går føre seg i ekteskapsrelasjonen (og indirekte det som går føre seg i den indrepsykiske sjølvrelasjonen).

Dette får halde for denne gongen. MYKJE meir kunne vorte nemnt. "Scener fra et ekteskap" er ein veldig interessant film som eg anbefaler til alle som ynskjer å gå på djubda og lære om mellommenneskelege relasjonar. Om du ikkje ynskjer å gjere det, bør du ikkje sjå han :P . Filmen er ganske "voldsom", og sjølvsagt (heldigvis) er ikkje alle ekteskap som ekteskapet åt Johan og Marianne. Men likevel: (I alle fall kimen til) Kjensle- og kommunikasjonsmekanismane som utspelar seg, trur eg dei fleste menneske til ein viss grad har til felles. Difor er filmen lærerik.

- Og no er det på tide å lese litt :)