-Eg har jobba heile kvelden med Islam og Koranen. No veit eg mykje meir, dette har vore spennande. Grunnen til at eg har arbeidd med dette, er ei bokmelding til Ung Teologi som eg måtte levere i løpet av kvelden. Denne kjem her:

Koranen. Innføring i en tekst- og tolkingstradisjon
Nora S. Eggen
Solum forlag
2007
434 sider.
Nora Eggen er bibliotekar og arabiskfilolog. ”Koranen. Innføring i en tekst- og tolkingstradisjon” dreier seg om ulike sider ved Koranen som heilag skrift. Med heile 434 sider og 1207 fotnoter er det ein liten murstein ein her har med å gjere. Eggen byrjar boka med å seie noko om det perspektivet ho har valt for boka si, nemleg eit innanfrå-perspektiv. Eggen, som sjølv er muslim, presenterer såleis Koranen som den sanne openberringa frå Allah, og ho tek fyrst og fremst utgangspunkt i den islamske tradisjonens eigne kjelder når ho skal presentere Koranen. Dette er eit legitimt perspektiv som skaper sterke og svake sider ved boka. Sterke, fyrst og fremst av di ein får eit autentisk innblikk i korleis ein muslim forstår Koranen. Svake, fyrst og fremst av di boka på ein del sentrale område vik unna for kritisk refleksjon.
Eggens val av perspektiv kjem særleg tydeleg til uttrykk i kapittelet ”Koranen som åpenbaring”. Her tek Eggen utgangspunkt i ein gjengs definisjon som seier at Koranen er ”Allah, den opphøydes tale, ordrett sendt ned til vår mester Muhammad...” Koranen er inspirert (”wahy”) av Allah, og er sendt direkte ned (”tanzil”) frå himmelen. Dette skjedde gjennom fleire openberringar til Muhammed ved engelen Jibril, i ein tidsperiode på over 20 år.
Eggen gjev vidare ei sakleg innføring i den noko kompliserte teksthistoria åt Koranen. Ho peikar så vidt på alternative og kritiske syn til det som er ortodoks islamsk historieforståing på dette punktet. Dette skal ho ha ros for, jamvel om ho ikkje går inn i nokon grundig debatt om desse spørsmåla. Det er eit viktig argument for Koranen sin integritet at Muhammed sine nære fylgjesvener var tungt inne i den tekstvurderande prosessen med å samle Koranen. Ein vart samde om éin tekst, den såkalla ”uthmanske mushafen”, og andre tekstutgåver vart brente.
Men den ”uthmanske mushafen” hadde likevel ulike lesevariantar på ca. 1000 stader, i og med at teksten mangla ”konsonantskillende punkter eller vokalisering”. Eggen går ganske grundig inn i ein diskusjon rundt desse lesevariantane. Ho konkluderer med at desse variantane ikkje byr på noko problem for den Koran-truande muslim: Openberringa kom nemleg, i fylgje Muhammed, i sju ”harf”-ar (Harf=lesemåte, uttaleregel, type utsegn el. l.) Såleis meiner ein at fleire lesevariantar på same tid kan vere gyldige og utfylle kvarandre.
Den sterke tilliten til Koranen som Allahs direkte tale kjem att i det fylgjande kapittelet ”Koranens uttrykk”. Her har nemleg Eggen eit underkapittel med tittelen ”Det koranske miraklet”. I dette kapittelet forteljast det fyrst om det skjønne og opphøgde i det språklege uttrykket åt Koranen. Men Koranen er meir enn dette: Koranen er sanning. Og dette vert prova, fortel Eggen, ved at Koranen ikkje let seg imitere eller kopiere. Kva er det så som er så eineståande ved Koranen at han ikkje lét seg imitere? Her vert det gjeve ulike svar av ulike muslimar. Nokre vil peike på den språklege reinleiken, andre på vitskaplege innsiktar som Koranen gjev.
Eggen gjev mange grundige døme på den vakre, varierte språkføringa og det klangfulle lydbiletet i Koranen. Til dømes viser ho til den kjende (og omstridde) islam-læraren Sayyid Qutb i tilknyting til ein passasje der Koranen seier at ”natten skynder seg å søke dagen” (Sure 7,52): ”For Qutb er denne levende måten Koranen personifiserer natten og dagen på som en bevisst person med vilje og hensikt, en utsøkt måte å heve teksten til et nivå av skjønnhet og uttrykksfullhet som menneskelig anstrengelse ikke kan nå.” At det er mange vakre språklege element i Koranen kan ein godt vere samd i. Men representerer dette eit særskilt ”koransk mirakel” som provar openberringsautoriteten? Dette resonnementet opplever eg ikkje som overtydande.
Over til det neste kapittelet, der temaet er ”Tolking av Koranen”. Dette grundige kapittelet utgjer hovuddelen av boka. Kjeldene for korantolking er både Koranen sjølv, sunna (Muhammeds ord og døme) og sahaba (Muhammeds fylgjesvener, som har informasjon om tolking, omstende rundt openberringar etc.) Det vert innleiingsvis slått fast – med utgangspunkt i den store koraneksperten al-Zarkashi, som levde på 1300-talet – at Koranen er ”evig og gyldig til alle tider og steder og nettopp derfor åpen for tolkning. Til tross for sin knappe ordlyd inneholder den utvidet og subtil kunnskap(...)” Som vi har sett, kjem denne overtydinga til uttrykk ved at fleire lesevariantar av den same teksten kan stå side om side som like gyldige og gjensidig utfyllande. Det vert likevel skjelna mellom klare ayaar (vers), som det går an å utgreie eit meiningsinnhald ut frå, og uklare ayaar, som det er vanskeleg å utgreie ei meining ut frå. Desse siste er det berre Allah som kjenner meininga til. Løysinga hermeneutisk sett er å la dei uklare ayaane bli forstått i ljos av dei klare.
Ein særleg interessant del av korantolkinga dreier seg om dei tekstane som (tilsynelatande) står i motstrid til kvarandre. Koranen vart, som nemnt ovanfor, openberra over ein periode på over 20 år, og med omsyn til påbod og forbod finst det motstridande etisk rettleiing. Dette har tradisjonelt vorte forstått i ljos av prinsippet om oppheving (naskh-prinsippet), dvs. at seinare tekstar opphevar tidlegare tekstar, i alle fall dersom tekstane er gjensidig utelukkande. Eggen siterer mange døme på dette, og fleire av dei konkrete etisk-juridiske resonnementa ho tek fram frå Koranen, har ikkje eintydige og klare konklusjonar. Det er også usemje hjå lærde muslimar om kor mange tekstar som vert omfatta av naskh-prinsippet, og evt. på kva måte dei vert omfatta av dette prinsippet. Generelt sett er det mitt inntrykk – etter Eggens presentasjon – at korantolking (spesielt innanfor det etisk-juridiske) ofte kan vere ein komplisert prosess der ein kan ha ganske mange faktorar å ta omsyn til.
Naskh-prinsippet vert særleg aktualisert ved dei tekstane som oppfordrar til drap av og kamp mot avgudsdyrkarane (til dømes Sure 9,5, med fleire). Nokre vil meine at desse tekstane opphevar tidlegare tekstar som manar til fred og tolmod. Men andre, som al-Zarkashi, vil leggje vekt på at alle tekstane er gyldige. Men kva for nokre av desse normene vi rettar oss etter i dag, vil vere avhengig kva situasjon på Muhammeds tid vår situasjon i dag samsvarer med. Her hadde det vore interessant å høyre Eggens refleksjonar rundt konkret bruk av desse tekstane i vår tid. Og kva med sunna, som ofte framstiller Muhammed som brutal og valdeleg mot dei som går mot han? Eggen seier tidlegare at Muhammed var eit praktisk uttrykk for Koranen si lære. Gjeld dette også hans bruk av vald? Denne tematikken rundt forholdet mellom islam og bruk av makt er særleg i søkeljoset i dag, og difor hadde eg som lesar gjerne sett at Eggen sa noko meir om dette.
Kva så med det fundamentale spørsmålet om forholdet mellom Koranen og GT/NT? Med tanke på bibelpassasjar som Koranen ikkje stadfester, peikar Eggen kort på at Muhammed skal ha bede muslimar om verken å stadfeste eller avkrefte desse. Tidlegare i boka vert det også sagt at det er ulike syn på Bibelen i islamsk tradisjon. Dels vil ein seie at Koranen vidareutviklar bodskapen i Bibelen, dels at Bibelen har vorte mistolka, og dels at Bibelen sitt tekstgrunnlag har vorte korrumpert. Som teologistudent må eg berre seie det er synd at Eggen ikkje går djupare inn i denne problematikken; om islam vil ha sanningspretensjonar i møte med den kristne religion, er det jo nettopp her ein må gå djupare til verks.
Det er ikkje vanskeleg å vise at det er tydelege parallellar mellom fleire delar av Bibelen og Koranen. Ein finn jamvel døme på at Koranen overtek sitat frå den jødiske Mishna (til dømes sure 5,31/Mishna sanhedrin 4,5) og omskriv og vidareutviklar legender frå nytestamentleg apokryfisk materiale. Koranen seier fleire gonger tydeleg at Muhammed kjende dei jødiske skriftene og hadde kontakt med jødar og kristne. Korleis kan ein – i møte med denne informasjonen – med godt ”historisk samvit” unngå å konkludere med at Muhammed har overteke stoff frå jødiske og kristne kjelder?
Resten av kapittelet om tolking av Koranen presenterer ulike representantar for korantolking (tafsir) i eldre og moderne tid. Elles vert også ulike tolkingsperspektiv drøfta. Kapittelet vert avslutta med eit avsnitt under tittelen ”religiøs pluralisme”, der Eggen på ein sakleg måte presenterer nyare, meir postmoderne eller frigjeringsbaserte forståingar av Koranen. Dei tre siste kapitla i ”Koranen...” dreier seg om omsetjing av Koranen (med ein del av dei spørsmåla og utfordringane som høyrer med til det), Koranens estetikk og autoritet (om praktisk bruk av Koranen i livet til den einskilde muslim) og koranske ekko i språk og litteratur. Alle desse kapitla er på kvar sin måte interessante og lesverdige.
Alt i alt må eg seie det har vore ei svært lærerik oppleving å lese Nora Eggens bok om Koranen. Boka er svært rik på opplysningar, døme, namn, årstal og forklaringar. For ein ikkje-muslim utan førehandskunnskap kan det jamvel bli i overkant mykje informasjon. Men saka er at det her er gjort eit grundig og solid arbeid som vil ha noko å gje til både lek og lærd. Det eg fyrst og fremst har å utsetje på boka, er mangelen på kritiske perspektiv. Eggen er ikkje heilt uvillig til å presentere andre syn, men ein grundig og oppklarande debatt med desse, får vi ikkje. Såleis konkluderer eg med at ”Koranen. Innføring i...” er ei svært lærerik bok som gjev eit godt innfråperspektiv på Koranen. Men boka bør vel ideelt sett lesast i samanheng med annan litteratur om Koranen, som i større grad står fri til å opne for kritiske perspektiv.