Thursday, April 24, 2008
ABC
Eg har fått spørsmål om å tale i fem minutt over temaet: ”To gode grunnar til at eg treng Jesus.” To gode grunnar til at eg treng Jesus. Di meir eg tenkte på dette, di meir forstod eg at temaformuleringa eigentleg var feil stilt. Det burde ikkje heite To gode grunnar til at eg treng Jesus. Det burde heite: To gode grunnar til at Jesus treng meg.
Kanskje har du ikkje tenkt på det på den måten før. La meg ta fram ein tekst som talar sterkt om det Gud treng, som talar om Guds behov.
”Om ein av dykk har hundre sauer og mistar éin av dei, lèt han ikkje då dei nittini vera att ute i øydemarka og går av stad og leitar etter den bortkomne sauen til han finn han? Og når han har funne han, blir han glad og tek han på akslene sine. Straks han kjem heim, kallar han saman vener og naboar og seier til dei: 'Gled dykk med meg! Eg har funne att den sauen som var bortkomen.' Eg seier dykk: På same måten er det større glede i himmelen over éin syndar som vender om, enn over nittini rettferdige som ikkje treng omvending.”
Slik er Gud. Han treng den sauen. Han klarer ikkje å seie: ”Nei, den sauen kan eg la gå. Eg har jo 99 andre. 1 % svinn er eit godt resultat i den store samanheng.” Nei, Gud er ikkje slik. Gud forlét dei 99 fordi han har eit sterkt og brennande behov for å leite opp sau nr. 100. Sau nr. 100. Skjønar du at det er deg og meg Jesus talar om?
I ein Ungfila-song syng vi: ”Jeg trenger deg.” Ja, det er så sant. Vi treng Gud, vi treng Jesus. Men det er langt viktigare, og langt meir grunnleggjande at Gud treng oss. Det var ikkje du og eg som var fyrst ute og ropte i lengsel etter Gud. Det var Gud som var fyrst ute og ropte i lengsel etter oss. Det var ikkje du og eg som var fyrst ute og ropte til Gud om tilgjeving, endå vi så sårt trengte det. Det var Gud som var fyrst ute og ropte til oss: ”Å, alle de tyrste, kom og få vatn! Og de som ikkje har pengar, kom! Kjøp korn og et! Ja, kom og kjøp utan pengar og utan betaling vin og mjølk!” Før du og eg hadde rukke å be Gud om tilgjeving for våre synder, ja, før vi i det heile teke tenkte på det, var Gud der og ropte ut tilgjevinga til oss.
Slik er Gud. Paulus understrekar dette poenget i Romarbrevet, når han skal tale om Jesu død. Då peikar han på at det var Guds behov som var og er det fyrste. Guds behov for å elske og for å tilgje. Dette behovet kom sterkast til uttrykk på krossen. For, seier Paulus, knapt nok ville vel nokon gå i døden og ofre livet sitt for ein rettferdig og god person. Men Jesus, i sin kjærleik, går i døden for sine fiendar. Han gjev sitt liv til soning for synda til dei menneska som i utgangspunktet ikkje ville ha noko med han å gjere. Jesus gjekk i døden for sine fiendar. Det var deg og meg, det, vi som ein gong var utan håp og utan Gud her i verda, men som vart møtt av Guds nåde.
To gode grunnar til at eg treng Jesus. Det er viktig. Men eg vil heller tale om, og takke for, at Gud treng meg. At han ynskte, og endå ynskjer, å tilgje meg for Jesu skuld og bevare meg som sitt barn. Det er Guds største behov.
Amen.
Elles:
- Jobbar med islam og Koranen. Framleis. Like spennande som før.
- Skal til Kvitsund no. Håpar på fint ver i helga.
- Har hatt ei litt ekkel røynsle av di eg var litt naiv. Hm.
- Skal til Boston ein liten tur i haust, trur eg. Konge. Ok. Konge!
- Gler meg til å få løn, då skal eg kjøpe nye effektpedalar til gitaren.
- Takk for kommentarar om kva de gjorde om dagen. Det var artig og interessant å lese. Eg kan kanskje ha litt ulike tankar om kva folk gjer om dagane. Altså at tankane ikkje stemmer heilt overeins med røyndomen.
- Synd at Alannah Myles ikkje lagar så god musikk lenger.
- Dumt at blogspot ikkje taklar fotnoter.
- Har nokon peiling på korleis ein kan lage ei heimeside der ein kan leggje ut dokument og sånn? Artiklar og oppgåver etc.
- Så...skal vi sjå, ja. No ventar Roger :)
- Skriv gjerne ein kommentar, lang eller kort.
Thursday, April 17, 2008
Så...
- Silje, eit open relationship er eit forhold der ein kan kome og gå. Litt sånn "Eg traff ei søt dame på byen i går, vi hadde det sååå kos. Men ho var sjølvsagt ikkje så god som deg. Kva seier du, kjære, skal vi ta ein tur på kino i kveld?" Veldig sånn ikkje eit forhold eg har tenkt å vere ein del av. Men gøy så lenge det varte, fekk jo mange kommentarar på fb.
(Forresten har eg ikkje gløymt premien din. Og kva det var ynske om at eg skulle skrive om på bloggen. Men saka er berre at eg har tenkt ein del på det, og må lese meir før eg kan skrive noko djupt og godt om det.)
- Det var alt. For no. Lite på hjarta.
- Ok, éin ting. Nesten, eller kanskje, min favorittsong.
Kor stort, min Gud, at eg ditt barn får vera
Og leva i di frie nådepakt
Det alt er ferdig, eg skal inkje gjera
Men berre kvila i det du har sagt
Eg bed deg: Lei du meg igjennom verda,
Eg er så veik og er i frammand land!
Det mange var som gjekk seg vill på ferda
Og slepte taket i di frelsar hand.
Men visst eg veit:Du maktar fast meg halda,
Det har du lova i ditt eige ord.
Du visste alt om meg før du meg kalla
Og gav meg plass ved nådens rike bord.
Lat meg få sjå på deg når synda dårar,
Lat meg som barn ditt faderauga sjå!
Då veit eg visst at gjennom tvil og fårar
Eg ved din nåde skal til himlen nå.
- Elles har eg tenkt på noko eg har lyst til å skrive om etter kvart. Det antropiske prinsipp. Kanskje etter kvart, ja. Ligg ein del arbeid og ventar fyrst.
- Kva har du gjort i dag, forresten?
Wednesday, April 16, 2008
Nokre ord om Fitna
Islamkritisk film skaper debatt
27. mars 2008 vart filmen ”Fitna” publisert på internett. Filmen presenterer ein kritikk av islam og såkalla islamisme, det vil seie den type konservativ islamsk tenking som ikkje vil skilje islam ut frå den politiske sfæren. Bak filmen står den nederlandske politikaren Geert Wilders, som står for ein restriktiv politikk med omsyn til innvandring.

Wilders film ”Fitna” (arab. splitting, prøving, anarki) varer i om lag 17 minutt, og filmen opnar med eit bilete av den kanskje mest kjende Muhammedkarikaturen, der Muhammed vert framstilt med eit hovud som ei bombe. Så glir det heile over over i film-, foto-, og lydmateriale frå terrorhandlingar i New York, Madrid og London, samt resitering av vers frå Koranen (8,60; 4,56; 47,4; 4,89 og 8,39). Groteske bilete og desperate røyster som bed om hjelp vert kryssklipt med opptak av islamske imamar som oppfordrar til drap av Allahs fiendar. Det heile vert akkompagnert av ”Åses død” frå Peer Gynt av Edvard Grieg.
Filmen tek også opp Theo van Goghs drap, Koranens fiendebilete av jødar, dødsstraffa for fråfall frå islam, kvinneleg omskjering, homofili, veksande antal muslimar i Europa og islamistiske planar om å overta Nederland. Filmen vert avslutta med ein del korte, kritiske setningar mot islam og islamisering, før vi på nytt får sjå den nemnte Muhammedkarikaturen, men denne gongen med ei klokke som tel ned og ei lunte som er i ferd med å tenne bomba.
Kva ynskjer Wilders å oppnå med denne filmen? Umiddelbart kan ein peike på at filmen ganske sikkert vil føre til eit oppsving for hans politiske oppslutning. Men like fullt må ein understreke at det er heilt legitimt – og rosverdig – at Wilders peikar på mange av dei djupt problematiske sidene ved islamismen slik han har blomstra opp frå og med andre halvdel av det 20. århundre og inn i vårt århundre. At islamismen i mange utgåver er ein ideologi som slett ikkje kan sameinast med vestleg demokrati og trusfridom, er diverre sant.
Wilders har møtt fleire typar av kritikk etter at filmen vart kjent. Ein del av kritikken er det lett å istemme, dette gjeld i særleg grad bruken av karikaturteikning. Sjølv om ein kritiserer tankar innanfor islam, er det unødvendig og lite fruktbart å ty til hån og latterleggjering. Men Wilders har også møtt kritikk for at han ikkje skjelnar mellom islam og islamisme, og for at han heller ikkje skjelnar mellom islam og muslimar. Wilders peikar korrekt nok på at det er Koranen sjølv som oppfordrar til dei ekstreme islamistiske haldningane. Men han burde også i sin film gjeve uttrykk for at på langt nær alle muslimar står for desse haldningane.
Kjelder: Wikipedia, Youtube.
Monday, April 14, 2008
Ekstranytt
Silje: Ja, litt sånn. Og dine refleksjonar om lukke er vel verde å lytte til. Eg er nok ganske samd. Lukke dreier seg ikkje om materialisme og overflatisk behovstilfredsstilling, men om å leve for Gud med eit godt samvit og gjere noko meiningsfullt, til beste for nesten.
Ingar: Skulle gjerne kjøpt to, men det var berre éin til sals, i og med at han var brukt. Prøvde å finne deg på Sas-hotellet og overlevere film til deg, men såg deg ikkje. Du får få han i morgon. Gler meg til Magnifive, tenker framleis hardt på kva songar eg bør velje til speling. Eigentleg kunne eg tenkt meg Shine on you crazy diamond, pt. 1-5. Men han varer 13 minutt, det blir vel litt langt...?
Kathrine: Du er så flink til å skrive kommentarar på bloggen, og det er eg glad for. Studentprest på Nordstrand, ja, det kunne vore noko. Meir nedanfor.
Og dine refleksjonar om ljoset er på kornet. Det er difor eg alltid prøvar å sitje lengst framme på kinopremierer, i alle fall dersom det er verdspremierer. Då ser eg filmen fyrst. Ha-ha-ha. :P
Camilla, din smuglesar. Du er tilgjeven for at du ikkje har skrive kommentarar før, du er jo så likande :) .
Elles har eg tenkt littegrann på alternativ til kva eg kan gjere til hausten. Kanskje...det kunne vore mogleg å jobbe som prestevikar i hausthalvåret, kvar som helst, eigentleg. Og så kome attende til Oslo på våren og studere teologi og skrive artiklar? Det kunne vore stas. Eg veit ikkje. Då må eg vel leve økonomisk, i alle fall, eller evt. ta studier på sida så eg kan få stipend og lån.
Elles: Eg såg "There will be blood" i går, i lag med mi gode veninne Caroline Sy. Hm. Paul Thomas Anderson, regissøren, er kritikerrost, han har tidlegare laga Magnolia og Boogie nights. Men eg er ikkje heilt med på heiabylgja, altså. Eg har litt same kjensla som då eg såg Magnolia. "Dette er ein film som dreier seg om viktige tema som kjensler, relasjonar til familie, liv og død, forventningar til livet etc." Men...utover det? Vel. Eg har vanskar med å finne nokon særleg bodskap her. Altså - filmen gav meg ikkje noko særleg. Då var det betre med "Jenter", som hadde mange interessante perspektiv på ungdomskultur :) . Eg seier berre: Sauer utan hyrding.
Nokre småting til:
- Min respekt for Blitz-miljøet sokk mange hakk på laurdag. Greitt nok at dei vil demonstrere sine meiningar. Det er det lov til, vi lever i eit demokrati. At dei veljer samde tidspunkt for sin demonstrasjon som vår demonstrasjon for ekteskapet, får så vere.
Men måten dei demonstrerte på, var primitiv. Valet av slagord var såleis symptomatisk("Homse i vei er helt okei"): Her var ikkje målet å framføre sakleg argumentasjon for eige standpunkt (eg trur såpass godt om blitzmiljøet at eg reknar med at dei har større evne til sakleg resonnering enn det vi fekk sjå på laurdag), men å overdøve vår saklege argumentasjon med høg musikk og megafonrop.
Og det gjev ikkje særleg grunnlag for respekt for blitzmiljøet. Dei - av alle - burde forstå verdien av sakleg meiningsutveksling og opning for å ytre meiningar i det offentlege rom. Faktisk er dette verdiar som er heilt, heilt grunnleggjande i eit demokrati. Utan opning for sakleg meiningsutveksling er vegen rydda for at argumentasjonen - og deretter handlinga - vert styrt av maktutøving, ikkje av fornuftige argument.
Difor tok Per Lønning det heilt på kornet når han peika på at Blitz' oppførsel under hans appell var eit godt eksempel på ytringsfridomens vilkår i det norske samfunnet for tida.
- Nok om det. No skal eg skrive litt om Johannes 15, til chapel på Fjellhaug på fredag.
Tuesday, April 8, 2008
Nytt
Kva kan eg seie? Eg har ikkje så mykje på hjarta nett no, trur eg. Er litt trøytt, har lagt meg litt for seint, såg ein svært interessant film som heiter Shattered glass som handlar om ein journalist som dikta opp fiktive opplysningar i artiklar han skreiv i eit politisk tidsskrift. (Ein idé til deg i Utsyn, Silje? :P)
Elles les eg om Koranen. Skal skrive foredrag som eg skal halde på Kvitsund. Spennande greier. Koranen er oppskrytt, big time.
Og eg har undervisning på MF. Mykje undervisning kvar dag. Er aktivt med i debatten.
Eg tenker ein del på Gud, Jakob og 1. Mosebok.
Eg har hatt besøk av Nobu, det var kos. Eg kjøpte pai på Tullins, til 73 kroner. For det fekk eg pai, vatn, salat, nachos, dip og baguett. Namnam.
Eg var på rock 'n rolls, ein bruktbutikk i sentrum. Der fekk eg kjøpt cd'ar til 20 kr per stykk. Herleg. All that you can't leave behind av U2. Mmm...
Gitaren min knitra litt, så eg tok han til reparasjon. Men der prøvde dei han, og så funka han. Så fann eg ut at det var forsterkaren min som var problemet. Han knitrar utan grunn.
Jars of Clay: Work. Godt poeng.
Eg kunne eigentleg godt tenkt meg ein klem. Men det får vente til eg kjem heim til mamma og pappa :)
Det er ganske fint at det blir varmt i veret. Altså.
Mm. Så var eg i Nordmarkskapellet på sundagen. Det er ei historie for seg. Gudstenesta gjekk fint, og eg vart kjent med nye folk også. Turen attende var ikkje noko særleg, då var det kaldt og vått og snover.
Så...korleis går det med deg, då?
Tenker også på kva eg skal til neste år, som vanleg. Tenketenketenke. Tenketenketenke. Eg vil jo vere lukkeleg også. Og gjere noko meiningsfullt. Tenk om det går an å få i pose og sekk.
Det var eigentleg det.