Fyrst: Takk for mange fine kommentarar til førre post, kjære Roger, Ingar, Andreas, Ingrid og Kathrine. Det set eg pris på. Det var mange gode tankar som svar på mine spørsmål.
Så har eg tenkt litt på kva eg skal til neste år. Planane er stadig i endring, men slik ser det ut no:
- Eg har ikkje meldt meg opp til samordna opptak. Det var litt dumt, men eg trudde vel eigentleg ikkje at eg kom til å få bruk for det. Heldigvis finst det restplassar. Altså. Eg søker meg inn på eit årsstudium med historie på Blindern.
Då har eg prestekompetanse, men så får eg lærarkompetanse også. Eigentleg trur eg vel det er lærar eg har lyst til å bli. Det er litt spesielt å tenke på at den utdanningstrategien eg då køyrer, liknar veldig på den strategien eg køyrde på Kvitsund: Dvs. å ta fullt med studieretningsfag sånn "for sikkerhets skyld". Sjølv om eg ikkje har fått særleg bruk for dei enno, så var det vel ikkje dumt.
Altså kan eg til neste år studere, kanskje skrive litt, kanskje ta nokre gudstenester på sida, og kanskje, kanskje jobbe som lærarvikar nokre timar (det kunne nok vore ein god idé med tanke på at eg kan få litt meir røynslegrunnlag for å velje yrkesretning.) Så får vi sjå om det blir vgs. nivå eller høgskulenivå eg siktar inn mot. Eg kjenner meg ikkje sjølv heilt godt nok til å ta ei avgjerd der heilt enno.
Det er i alle høve fint å få eit år til i Oslo, eg er ikkje klar for å reise ut i Noregs land som arbeidstakar heilt enno, sjølv om det før eller seinare må skje. Det er samstundes godt å merke at eg modningsmessig går framover år for år. Ja, det er godt.
Så er det tid for nokre spørsmål:
-Kva skal du til neste år?
-Kva kan ein, etter di meining, gjere for å bli ein meir moden og personlegdomsmessig utvikla person?
-Er det på tide å byte song til høgre? Viss ja, kva type musikk bør eg velje?
Monday, May 26, 2008
Thursday, May 15, 2008
Ei trøytt helsing
Nokre tankar:
- Ny blogg: jaellernei.wordpress.com. Det er bloggen for litt tyngre skriveri. Der taklar nemleg sida fotnoter. Men denne bloggen held sjølvsagt fram.
- Det er godt å vere i lag med de som er venene mine. Det er god stemning og eg føler på sett og vis at eg kan vere meg sjølv. Takk for det.
- Men eit spørsmål må eg stille dykk. Hm...korleis skal eg formulere dette. Hm. Eg kan ha hatt ein tendens til å frykte at eg blir mindre likt dersom eg er mindre smart, og vice versa. Ikkje utprega sunt. Men stemmer det? Det er spørsmålet. Det er eit viktig spørsmål, også.
- Ferdig med artikkelen om Koranen. Han kjem på trykk i neste Ung Teologi. Det var ikkje meininga, då. Men vi mangla eit par artiklar om diakoni, så det var mange ledige sider. Så han vart slengt inn. Det var eigentleg litt raskare enn eg hadde tenkt. Menmen, fekk raska han i hop. Pssst, så skal du få ein løyndom (men ikkje sei det til nokon) Artikkelen er lagt ut på den vidunderlege nye bloggen min allereie no.
- Neste ut: Artikkel om Wisløff sitt syn på GT. Spennande og lærerikt tema.
- Litt romantikk er det rom for. Vi lærte tips til bryllupsandakt på praktikum her om dagen. Lærar Sjur sa at han fleire gonger hadde halde ein slik andakt med utgangspunkt i tre setningar. Pay attention.
"Jeg ser deg. Jeg liker deg. Jeg blir hos deg."
No er det like før eg siterer Olav H. Hauges draumedikt, men eg skal dy meg. Livet levast her og no. Men eg har tenkt ein god del på særleg den tredje setninga i det siste. Den er også viktig.
- Eg fekk ikkje løn i mai likevel, ser det ut til. Kjipern. Då blir det ikkje ny gitar med det fyrste likevel.
- Det er stort sett alt.
- Ok, eg kan nemne at eg skal jobbe på posten i sumar.
- Og at eg skal på hyttetur med kvitsundgjengen.

Tuesday, May 6, 2008
Så seiler vi på Mjøsa...
Lenge sidan førre innlegg, om ein ser bort frå...eh, førre innlegg. Ja, de skjønar. Her er nokre strøtankar:
- Eg har vore i Rotterdam med praktikumsklassa. God stemning.
- I Rotterdam og Amsterdam fekk eg kjøpt fem cd-ar. Det var:
Bjørk-Debut
Chicago-Best of
Sade-Lover's rock
Destiny's Child - Writing's on the wall
Toto-XX
Ja, I am turning a bit soft når det gjeld musikken.
- Her er ei interessant hending:
Eg var ute og gjekk i Amsterdam, høgljos dag. Gjekk i ei lita og trong gate, stoppa opp og såg på nokre bøker som var utstilt i eit vindauga. Eg snur meg rundt, og der, i eit stort utstillingsvindauge, står ei dame og ser forførande på meg i berre undertøyet. Eg snur meg fort og går ganske raskt vidare medan eg smiler inni meg. Hoho. Dette blir ei historie å fortelje barnebarna, liksom :P Men også ganske tragisk, sjølvsagt.
- På vegen til Schiphol freistar eg å starte ein samtale med temaet "prostitusjon frå horekundens perspektiv". Men det blir ikkje særleg godt motteke (av den éine jenta som sit på overfor meg.) Eg tykkjer no likevel det er veldig interessant å sjå på samspelet mellom handling, samfunnsnormer, religiøse verdiar, sosiale konvensjonar, og lyst. Vel, men dette skal eg ikkje seie meir om her.
- Eg fekk kjøpt to filmar også.
- Vi song Kirk Franklin i sjømannskyrkja, det vart godt motteke.
- Vi tala med den berømte Knut Wollebæk, han og kona var greie folk. Eg stilte han eit spørsmål om kulturelle skilnader mellom ulike folkeslag i verda, ikkje minst med tanke på kommunikasjon og byggjing av relasjonar. Han svara at ein kom langt med godt, norsk folkevett og folkeskikk. Éi av hans største kommunikasjonsmessige tabber hadde visstnok skjedd i Noreg, då han slumpa til å spørje ein reineigar i Finnmark om kor mange rein ho hadde. Då vart ho fornærma, det var eit spørsmål som var tilnærma å spørje kor mykje pengar ho hadde i banken, på sett og vis.
- Vi var i Brussel. God stemning, mange høgt utdanna folk. Vi fekk diverre ikkje sett EU-hovudkvarteret og sånt. Men vi fekk:
- Ete veldig god mat! Veldig god mat. Tre-rettarsmiddagar, mmm. Det var mykje eg ikkje hadde smakt før, av fisk og skinke og biff og asiatisk mat og fransk mat og nederlandsk mat og mmm... Veldig godt, altså.
- Det var også spennande å smake på utanlandsk godteri. Prisane er lågare enn sunt er, men det er alltid artig å prøve ut nye smakar.
- Vi spela fotball i ein park, og så kom det ei bikkje som ville leike med oss. Vi stod i ein firkant, bikkja var i midten og prøvde å ta ballen medan vi sentra til kvarandre. Veldig gøy!
-Eg hadde ein lang teologisk diskusjon med ein av lærarane. Det var opplysande, jamvel om vi nok var usamde på ganske djupt vatn. Stikkord for diskusjonen: Bruk av Bibelen i dogmatikken og etikken, det lutherske skriftprinsipp, teologiens einskaps og sektorisering, einskap og splitting i Den Norske Kyrkja. Det krevjande å diskutere slik, men også skjerpande.
Hm. Er det noko som kjenneteikner det teologiske landskapet i Noreg i dag, så er det forvirring. Ein kan kanskje tenke at folk "høgare opp", dvs. professorar og lærarar, har gjennomtenkte syn og oversikt over problemstillingar. Det er slett ikkje alltid tilfelle. Teologien er for sektorisert og kunnskapssprengt til at det er lett å ha mykje og god kunnskap om ulike fagområde.
- Eg har lært ein del om kommunikasjon ved å vere i lag med dei andre, kjekke folka i Praktikumsklassa mi. Mange av dei er på fleire måtar litt meir modne enn meg, kommunikasjonsmessig og sosialt. Men eg kjem etter, for å seie det slik. Og det gjev stor tilfredsstilling å oppleve å kunne møte dei på deira plan, så å seie, og føre samtalar utan å kjenne seg...underlegen.
- Eg har elles freista å analysere korleis eg oppfører meg mot visse folk. Hm. Hm, kva skal eg seie om dette. Eg veit at det å framstille meg sjølv i best mogleg ljos fort kan skape framandgjering i møte med andre. Likevel gjer eg det ofte. (Eller: Tanken om at eg gjer det dukkar opp som ein "ettertanke", etter at eg har sagt noko om meg sjølv.) Det er interessant å tenke på kva mekanismar og motivasjonar som er i gang her.
Dette er ikkje heilt enkelt, tykkjer eg, men eg lærer så lenge eg lever. Ein skal ikkje nedvurdere seg sjølv, i staden skal ein ha eit realistisk bilete av seg sjølv, og ein skal "ta sin plass" i det mellommenneskelege rommet. Hm. Det er få stader ein blir så sjølvmedviten som i møte med det andre kjønn. Det er også eit interessant poeng.
- Eg må også nemne fylgjande: I Rotterdam var eg ute i lag med vener i klassa, og så sat vi ved ein kanal og hadde det triveleg. Men så hadde ein del av gjengen planar om å ut og danse litt. Det var ikkje eg så gira på, så eg tok vegen heim att til hotellet. Det var seint, rundt halv eitt, og eg vart litt letta då eg såg eit par politikonstablar som gjekk i same gata som meg. Eg gjekk raskt og kom meg forbi dei, og etter 50-100 meter var eg ved eit ljoskryss over ei éinvegskøyrd gate.
Ljoset var rødt, og ein bil stoppa sånn 10 meter borte i gata, på rødt ljos. Eg tenkte: "pytt, her er det trygt å hoppe over, sjølv om ljoset er rødt." Som tenkt, så gjort. Men medan eg var midt i gata, høyrde eg nokre stemmer bak meg "Hey!" Eg snur meg, og der står: Politiet...
Så han eine byrjar å tale til meg på nederlandsk, eg seier berre sorry? og så seier han på engelsk "we're the police!" Så seier eg berre om att "sorry, sorry", og så luskar eg forsiktig vidare. Yup, trur vel det må vere fyrste gong eg blir påtala av politiet. Vel. For å ha gått på rødt ljos. Det var jo ikkje akkurat a major offence.
- Det var altså noko av det som var verd å nemne. Éin ting til: Ljostenning har vorte stor mote i Den norske kyrkja, har eg funne ut. Hm. Men det er ikkje semje om kva som er ljostenninga sin funksjon. Dette er også ein viktig nykjel til å forstå ljostenningspopulariteten.
- Til slutt vil eg slå eit slag for salmen: "Jeg er en seiler på livets hav". Og eg vil gjerne oppfordre alle til å høyre han i versjonen som finst på Frelsesarméplata, der Bertine Zetlitz syng.
Jeg er en seiler på livets hav,
på tidens skiftende bølge.
Den Herre Jesus meg kursen gav,
og denne kurs vil jeg følge.
Jeg stevner frem mot de lyse lande
med livsens trær på de skjønne strande,
hvor evig sol og sommer er.
Iblant jeg seiler for medvinds bør
i andres kjølvann og følge
som just lik meg denne reise gjør
hen over jordlivets bølge.
Og havet smiler, og solen skinner,
min dag så stille og blid henrinner,
mens vinden fyller alle seil.
Men ofte ensom i brott og brann
i uværsnetter jeg seiler,
da ingen kjenning jeg har av land,
og intet fyrtårn jeg peiler.
Men når jeg nær tror mitt skip begravet,
da kommer Jesus på bølgehavet,
om først i siste nattevakt.
Mitt skip er lite og havet stort,
det rommer tusene farer.
Men storm og bølge ei skyller bort
det skip som Herren bevarer.
For ennå skjer det som før det gjorde,
når Jesus selv kom mer innen borde,
da legger havet seg igjen.
Når siste storm er engang ridd av,
og hjemmets kyster jeg skimter,
jeg ser i solglans et annet hav,
krystall som funkler og glimter.
Jeg skuer portenes perlerader
og hører englenes myriader
som hilser meg velkommen hjem.
La ankret falle! Jeg er i havn
i ly for brenningens vover!
Jeg kaster meg i min Frelsers favn,
han som har hjulpet meg over.
Og kjente, elskede stemmer kaller,
mens ankret sakte og stille faller
i evighetens lyse land.
H.A. Tandberg

Ein respons til Kathrine
Takk for kommentarar, folkens. Takk til Liv Jorunn: Svaret er...forhåpentlegvis :) . Takk til Ingrid, for god tilbakemelding (det gjeld også Marianne, for ros for andakten, set pris på det). Og takk til Camilla. Og ikkje minst: Takk til deg, Kathrine, for eit interessant "motinlegg". Eg skal vie nokre fleire ord til dine tankar.
Altså. Hm. På éin måte talar vi forbi kvarandre. Fyrst litt kritikk til meg: Eg har sett som motsette parallellar vårt behov for Gud og Guds behov for oss. Eg kan vere samd i at dette er ei litt dristig, og potensielt feil formulering. For vårt behov for Gud er verkeleg meir...avgjerande enn Guds behov for oss. Eller: So it would seem! Litt meir om dette straks.
Når eg i andakten talar om Guds behov for oss, og at Gud treng oss, er eg likevel innanfor godt norsk språk. For ordboka definerer det "å trenge" slik:
"behøve, ha behov for barn t-r melk / jeg kan t- (til) litt hjelp / de t-r ikke å bry seg de bør ikke blande seg opp i (det) / det trengs ikke det er unødvendig, jf trenges"
Poenget mitt, som gjer at det faktisk kan vere heilt rett å seie at Gud treng oss, er at det "å trenge" kan tolkast som det å ha behov for, det å sterkt ynskje, det å ville ha. Slik har eg også definert det i andakten min, ikkje minst i det avsluttande avsnittet:
"Men eg vil heller tale om, og takke for, at Gud treng meg. At han ynskte, og endå ynskjer, å tilgje meg for Jesu skuld og bevare meg som sitt barn. Det er Guds største behov."
Feil blir det kanskje berre dersom ein definerer det å trenge som eit heilt nødvendig behov, på ein måte. Det vil seie at Gud MÅ ha oss, for å kunne eksistere. Det er heilt klart ei mogleg forståing av ordet, men det er ikkje slik eg har definert det i min andakt.
Eg trur konklusjonen blir at du har eit poeng, og eg har eit poeng. Det kjem an på korleis ein definerer ordet "trenge", og dette ordet kan definerast på ulike måtar. Eg brukte utsegna "Gud treng oss" mykje som eit retorisk verkemiddel også, det skal innrømmast. Hadde eg ikkje fått temaet "å trenge", hadde eg kanskje unngått ordet og heller tala om at Gud ynskjer oss, Guds hjartebehov er å vere med oss å tilgje oss etc.
Jajaja. Dette var nokre refleksjonar. Kom gjerne med ein respons :)
Det er time no, så eg må stikke straks. MEN: Det kan vere verd å reflektere over i kva grad Gud hadde eit behov for å skape oss og hadde eit behov for å tilgje oss. Kunne han, i samsvar med sitt kjærleiksvesen, berre latt oss sigle vår eigen sjø? Paulus talar i Ef 1 om at Guds frelsesplan skjedde etter hans frie vilje, det er rett. Men like fullt var det eit sterkt behov - jamvel om ein kanskje ikkje kan tale om eit tvingande behov - for å sjå til sin skapning og redde han.
Ok, nok snakk om dette. Eg vil seie, Kathrine: Flott at du markerer usemje, og at du gjer det på ein så ærleg og sakleg måte. Det vitnar om mot til å stå for eigne meiningar.

Subscribe to:
Posts (Atom)