- Takksemd.
- Å vere nøgd med lite.
Til slutt: This always cracks me up:
Monday, August 25, 2008
Wednesday, August 20, 2008
Så
Menn gret ikkje så ofte. Ikkje eg heller. Men av og til. Dei tre siste gongene er som fylgjer:
- Då eg såg filmen "Sophie Scholls siste dagar". Ei sann historie. Eg vart overvelda av motet hennar då ho tok til motmæle mot naziregimet, kritiserte krigføringa og forsvarte jødar, utviklingshemma og opposisjonelle. Men det som greip meg mest - det er usannsynleg sterkt, ja - er når ho skal førast til skafottet, og mottek nattverd og velsigning før ho skal døy. Slik skjedde det.
- Konsert på Skjærgårds. Jars of Clay spelar "Oh my God". Har aldri hatt ei betre konsertoppleving. Eg kunne stort sett dei fleste tekstane utanboks. Vel, det som greip meg mest, var avslutninga av songen. Det er eit rop til Gud frå eit menneske i ei verd som ikkje er som ho skal. "Oh my God, oh my God, oh my God..."
- Kino på Saga 6 i lag med Erik. Vi ser Narnia: Prince Caspian. Eg hadde sett BBC-versjonen fleire gonger før. Lucy får sjå Aslan i ein augneblink på toppen av ei klippe, men syskena trur ikkje på henne. Ei natt vaknar ho opp, og går åleine ut i ei lysning i skogen. Der står Aslan og ventar på henne, og ho omfavnar han i stor glede. Heldige, heldige Lucy. Aslan er Jesus.

Wednesday, August 6, 2008
Tankar
- Takk til Ingar for kommentarar. Tipset er vurdert. Har forresten fått DS sjølv no, får snart Super Mario og Mario Kart i posten. Har lyst til å kjøpe Zelda Phantom Hourglass og Metroid Fusion i tillegg. Det er veldig billig i Usa, omtrent ein tredjedel av prisen i Noreg.
- Eg driv og les ei veldig interessant bok som heiter Iran våkner, skrive av fredsprisvinnar Shirin Ebadi. Den skal ein av dykk få som ein del av premien i quizen, etter at eg har lese ho ferdig. Det var så mange viktige tankar der, og eg reknar med at du som får ho, vil finne ho stimulerande. Uansett, eg fann boka på Vrådal handelslag (!!) Fyrste gong eg har kjøpt ei bok der.
- Eg høyrer på lydbok medan eg køyrer post. Svært interessant, det er ei bok av ein som heiter William Dembski, om Intelligent Design. Hm. Eg har vore litt på gjerdet i høve til kva eg skal meine om ID og evolusjon. Uansett var mykje her ganske opplysande. Boka anbefalast. Skulle kanskje skrive ein liten post om det her (er nokon interessert...?)
- Eg har tenkt ein del over fylgjande: Arbeidsliv handlar om evner. MEn det handlar jo også veldig mykje om arbeid, altså å gjere eit arbeid, samvitsfullt og med innsats. Dette siste har eg nok...hmm...undervurdert.
- Eg har tenkt mykje på kva ambisjonsnivå eg bør leggje meg på sånn arbeidslivsmessig. Og eg blir ikkje heilt samd med meg sjølv.
- Eg gler meg til å kome til Larvik. På ferie. Ja, sjølvsagt er familie viktig og veldig godt å ha.
Takk for merksemda.

Tuesday, August 5, 2008
Gratulerer!
Til min kjære bror Andreas, som i dag blir 19 år! Hurra, hurra, hurra, du har gjeve meg mykje glede i livet.
Nokon som har forslag til gåve eg kan gje til Andreas?

my point exactly
det gjælder om at finde en Sandhed, som er Sandhed for mig, at finde den Idee, for hvilken jeg vil leve og døe. Og hvad nyttede det mig dertil, om jeg udfandt en saakaldet objectiv Sandhed; om jeg arbeidede mig igjennem Philosophernes Systemer og kunde, naar forlangtes, holde Revue over dem; at jeg kunde paavise Inconsequentser indenfor hver enkelt Kreds; – hvad nyttede det mig dertil, at jeg kunde udvikle en Statstheorie og af de mangestedsfra hentede Enkeltheder combinere en Totalitet, construere en Verden, hvori jeg saa igjen ikke levede, men som jeg blot holdt frem til Skue for Andre; – hvad nyttede det mig at kunne udvikle Christendommens Betydning, at kunne forklare mange enkelte Phænomener, naar den for mig selv og mit Liv ikke havde nogen dybere Betydning? (...) Det var det, der manglede mig, at føre et fuldkommen menneskeligt Liv og ikke blot et Erkjendelsens, saa jeg derved kommer til ikke at basere mine Tanke-Udviklinger paa – ja paa Noget, man kalder Objectivt, – Noget, som dog i ethvert Tilfælde ikke er mit eget, men paa Noget, som hænger sammen med min Existents's dybeste Rod, hvorigjennem jeg saa at sige er indvoxet i det Guddommelige, hænger fast dermed, om saa hele Verden styrter sammen. See det er det, jeg mangler, og derhen stræber jeg.
Subscribe to:
Posts (Atom)