Ok, de må ikkje gløyme det førre spørsmålet mitt om evolusjon her sjølv om eg skriv eit nytt innlegg. Men her kjem eit nytt spørsmål.
Eg las for nokre veker sidan eit spørsmål til Frode Thuen i Aftenposten. Det går litt som dette. Og eg vil gjerne ha eit svar.
Sett at eit par gifter seg og elskar kvarandre. Så - etter nokre år - veks dei liksom frå kvarandre. Sjølv om dei respekterer kvarandre og lever saman, har dei ikkje lenger dei varme kjenslene for kvarandre, og kommunikasjonen er ikkje som han var. Question! Er det mogleg for dei å finne saman att og finne kjærleiken og den gode tonen? I så fall, korleis?
Tuesday, September 30, 2008
Monday, September 29, 2008
A superficial update
- Takk for kommentar, Belck. Det er verkeleg ein tøff video, han minner meg om ein undervurdert actionfilm, Last Action Hero, med Arnold Schwarzenegger.
- Dersom du hadde eitt einaste spørsmål som du ville vite svaret på, om evolusjon - eller evt. om evolusjon i forhold til kristentru - kva ville det spørsmålet vere?
- Eg kjøpte ein data. Eg vart glad for å få han. Men han fungerte ikkje som han skulle. Fem tastar fungerte rett og slett ikkje. Så no må eg sende han attende. Ugh. Og vel: Ei ulukke kjem sjeldan åleine: Sykkelen min vart stolen! Og eg som trudde ingen ville ha interesse av han. Då tok eg feil. Men eg kan sjå på den ljose sida: Eg får meg ny sykkel. Eg kan køyre litt t-bane. Kanskje Gud har ein plan med dette, kven veit?
- Har eg grunn til å vere optimistisk med tanke på framtida? La meg sjå...dersom eg tenker på Gud, tippar vektskåla i retning: Ja. Eg har det. Det er jammen viktig å tru at a. Gud har all makt b. Gud vil meg godt.
- Eg var på hyttetur med fem staute og koselege karar; Martin, Jakob, Mårten, Hans Magnus og Eirik. Eg tapte to rundar i poker! Men gøy var det likevel :) Lenge sidan sist eg har spela poker. Og fellesskapet var godt.
- Fredag kveld. På byen med gode og varmhjarta vener. God mongolsk mat, foredrag med Finn Graff på Nasjonalgalleriet, guida omvisning Stortinget. Er vel overflødig å nemne at eg også er lei for det. Veit ikkje kva eg kunne/burde gjort annleis.
- Eg fekk gratisbillettar til Tusenfryd! Eg gler meg til å køyre karusell, ja.
Roger + fylgje, Kathrine, og kanskje Alek (?) blir også med.
- Snart 25 år. Tida går veldig fort, gitt. Får ein verkeleg til å tenke. Skal heim i helga, gudsteneste i Fyresdal til sundag. Og heim til familien :) Blir godt.
- Kvitsundhelg. Sjå bilete her: http://www.kvitsund.vgs.no/sistenytt/art.php?id=292
Det var god stemning med møte, turnering, beat for beat, fjelltur, kanotur, klatrekurs...og det var vel det meste? Vi kjem attende til våren, då håpar eg det blir kombinert kano- og overnattingstur :) Preika som eg heldt på sundag vil bli lagt ut snart, etter at eg har inkorporert litt av tilbakemeldinga som eg fekk av Jakob. Ja, ok, litt i korte trekk:
Jesus seier: Evangeliet er for blinde, lamme, fattige, undertrykte, utstøytte, syndige menneske. Jakob reagerte litt (med eit smil) på dette. Han er jo ingenting av dette, unnateke "syndig". (Jakob er ein svært kjekk og stram kar, besteborgarleg gift, studerer medisin, har ordna økonomi etc. etc.) Så er ikkje evangeliet for slike som Jakob?
Dette er eit interessant spørsmål, spesielt med tanke på det eg jobbar litt med for tida, nemleg gresk-romersk heidensk syn på kristendomen i dei fyrste århundra. Der les vi nemleg korleis Kelsos, ein heidensk filosof som blomstra rundt 165 e. Kr. kritiserer kristendomen av di dette i fylgje Jesus er ein religion berre for slaskar, kjerringar, småborn, tjuvraddar, løgnarar, forrædarar og utbyttarar. Men ikkje for menneske som legg vinn på moral og rett liv.
Hm. Mykje kan seiast til dette. Nokre poeng berre.
- Guds rike er for dei som treng det. Guds rike handlar fyrst og fremst om syndstilgjeving, men det handlar også om ei heilskapleg lækjing av mennesket og den verda vi lever i.
- Det synest som om dei som var lamme, blinde, undertrykte etc. lettare innsåg at dei trengte Jesus. Men sjølv om dei fekk lækjing av lekamen, kom ikkje alle til trua på han som Messias, frelsaren som skulle gje tilgjeving for våre synder. Sagt med andre ord: Dei fekk smake nokre frukter av Guds rike, men dei nådde ikkje inn i Guds rike i det dei ikkje hadde eit tillits- og etterfylgjingsforhold til den som opnar Guds rike - nemleg Jesus.
- Er det ikkje rart at dei som på Jesu tid religiøst sett var mest pene og pyntelege (les: farisearar og skriftlærde) og ikkje i bokstaveleg forstand blinde/lamme/spedalske etc. er dei som i fylgje Jesus er lengst borte frå Guds rike? Skjøkjer og tollarar kjem før inn i Guds rike enn dei.
- Av og til er det best å forstå "blind", "fattig" i biletleg forstand. Det dreier seg om haldningar overfor Gud. Å vere fattig i evangelienes forstand dreier seg om å ha ei trengande haldning framfor Gud. Ei haldning som ikkje stolar på seg sjølv - når det gjeld pengar, når det gjeld framtid, når det gjeld materielle goder, men fyrst og fremst når det gjeld nåde frelse - men må få alt av Gud.
- Poenget er at alle treng Guds rike. Dermed er alle menneske i utgangspunktet i ein viss forstand som småborn, som fattige, som lamme, som ulydige. Ingen er - framfor Gud - betre enn nokon andre. Den som vil inn i Guds rike, må innsjå at ein er som eit hjelpelaust småbarn framfor Gud. Men det å bli stilt på lik line med tollarar, utbyttarar, samfunnets utskot etc. var nettopp det farisearane ikkje kunne godta. Dei hadde investert for mykje i sine livsprosjekt - å bli stilt på lik line med dei var å snu opp ned på deira moralske målestokkar.
- Men slik er det, seier Jesus. Alle menneske må bli fødd på ny for å kome inn i Guds rike. No one gets away clean. Her er ingen forskjell. Alle har synda. Også Kelsos. Det er ikkje "grader" av akseptasjon framfor Gud. På grunn av våre synder - nei, på grunn av den vi etter syndefallet ER, blir ingen akseptert. Men det er berre dei angrande som innser det.
- Det er berre på dette grunnlaget Guds Rike framstår som det det verkeleg er: Ein god bodskap. Guds rike er for dei som ikkje har noko å bidra med framfor Gud - altså alle. Den som vil, kan få det gratis, ved tru på Jesus, Guds Son.
Ooh. Det var nokre kjappe refleksjonar.

Thursday, September 25, 2008
Tuesday, September 16, 2008
Ride the apocalypse
Fyrst: Takk til Kathrine og Belck for konstruktive kommentarar. Så fylgjer ein songtekst. Diverre fann eg ikkje songen på youtube, men det er i alle høve ein god song. Here goes nothing:
I do not love you the way I did when we met
There are secrets and arguments that I haven't finished yet
It's only that grace has outlived our regrets
We're still here
Maybe we can stay
'Til the last drop of water flows under the bridge
We can stay

There are times meant for breaking
And words to ignore
And a bent to our souls
When our skin is at war
If leaving were freedom
Well, we'd both walk right out of that door

'Til the last drop of water flows
And the years roll by
And you hold my hand
While the shadows stretch over the land
Crumble and fall in my arms
And we'll struggle to hold on
Waters, they rise
And they carry our hopes and our dreams away
Baby, we can stay, stay
And the years roll by
And you hold my hand
And the shadows stretch over the land
Baby, we can stay

For ein vakker tekst. Eigentleg hadde eg nokre spørsmål som eg ville gjerne ha synspunkt på. Men no...trur eg rett og slett eg vil be dykk kommentere teksten. Ja.
Elles:
- Høyrde Mozarts Requiem med Kathrine, Svein Jarle, Ingar, Rolf og ei til som eg ikkje kjenner. God stemning. Høyrde at H-moll messa til Bach skal bli sett opp i løpet av hausten. Må prøve å få med meg det.
- Kjetil på besøk. Kinarestaurant i Østbanehallen, god stemning.
- Ole Børud i kveld. Anar ikkje heilt kva som ventar meg.
- Artikkelen går sakte, men sikkert framover. No driv eg med William Lane Craigs eksellente forsvar av fininnstillingsargumentet. You go, Bill!

Saturday, September 13, 2008
Thursday, September 11, 2008
Det følgande
Litt snacks.
-"You gave us hearts, oh Lord, to share your love"
-Eg høyrer på Marvin Gaye om morgonen før eg går på MF. Oooooh, det er så deilig musikk.
- Eg har kome eit godt stykke lenger med artikkelen. Rundt 20 sider no. Det er verkeleg spennande. Eg bølgjar fram og tilbake med omsyn til gehalten i designargumentet knytt til det antropiske prinsippet. Men eg har enno ikkje kome til den kristne argumentasjonen. Til no har det berre dreid seg om: Fininnstilling innanfor kosmologi og fysikk, parallelle univers, og...en drøfting av om parameterinnstillingane i Universet kunne vore annleis. Og så skriv eg på bokmål.
- "Give a big hand to the relation between man and woman: The world's greatest drug supplier!". :) Litt tull, men eigentleg heilt seriøst.
- Til kommentatorane til førre innlegg:
Kjetil: Takk for det, det var godt å høyre.
Boel: Ver så god.
Ingrid: Takk.
Belck: TAKK. Det var verkeleg godt å høyre.
Kathrine: Det er ok.
Eg heldt preika i Lårdal kyrkje. Og var veldig usikker på om ho var bra og om dei fekk med seg noko. Men eg berre "beit tennane saman" og heldt ho, og satsa på at dei tok til seg noko av evangeliet.
- Kvitsundmøtehelga er planlagt.
- Eg vart invitert med Roger, Marit og Marius til å klatre. Det var gøy, 7 år sidan sist. Eg klarte nokre ruter, med god hjelp av Roger. Og vart heilt utslitt i armane, kunne nesten ikkje trykke inn bremsene då eg sykla heim att. Og fekk store blemmer på begge hendane. Neste gong er det meir hud der.
- Eg har bestilt cdar frå USA. Sufjan Stevens' Seven Swans, Gram Parsons, Jars of Clays joleplate, Alison Krauss' lonely runs both ways.
- Eg har utforma emneark for hausten. Det blir studiar om Origenes' apologetiske storverk mot den heidenske filosofen Kelsos, i tillegg til eit svært spennande emne om utviklinga av ortodoksi i oldkyrkja.
- Life is so strange, life is so strange...
- Så til slutt noko musikk:

Saturday, September 6, 2008
”Ja, eg veit at Jesus bryr seg om meg, om meg, om meg.
Ja, eg veit at Jesus bryr seg om meg, han bryr seg om nettopp meg!”
Eg kan hugse å ha sunge denne songen mange gonger på sundagsskulen i Vrådal, då eg var liten. Det er nettopp dette: Gud bryr seg om oss og har omsorg for oss i liv og død – som er eit hovudtema i dagens preiketekst.
Det står skrive hjå evangelisten Lukas i det 7. kapittelet:
11 Kort tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Disiplane og mykje folk var med han.
12 Då han nærma seg byporten, vart ein død boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne.
13 Då Herren såg enkja, fekk han inderleg medkjensle med henne og sa: «Gråt ikkje!»
14 Han gjekk borttil og la handa på båra. Då stansa dei som bar. Så sa han: «Du unge mann, eg seier deg: Stå opp!»
15 Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og Jesus gav han til mor hans.
16 Då vart alle fylte av ærefrykt; dei lova Gud og sa: «Ein stor profet har stige fram hos oss, og Gud har gjesta sitt folk.»
17 Dette ordet om han spreidde seg i heile Judea og landet omkring.
To hovudpersonar
I dagens tekst er det til saman to hovudaktørar. Den fyrste hovudpersonen er naturlegvis Jesus. Han er hovudperson i nær sagt kvar einaste tekst i heile lukasevangeliet. Men kven er den andre hovudpersonen? I preiketeksten høyrde vi at Jesus, læresveinane og folkemengda var på veg til byen Nain. I det dei nærma seg, fekk dei auge på eit gravferdsfylgje. Ein død vart boren til grava, står det. Det var ein ung mann. Men det står ikkje særleg mykje meir om han. Med andre ord: Det er faktisk ikkje denne unge mannen som har hovudrolle nr. 2. Kven som spelar den rolla, får vi ein peikepinn på i den neste setninga, der det står. ”Han var den einaste sonen til mor si.” Hovudperson nr. 2 i dagens preiketekst er den sørgjande mora.
Kva seier Lukas om denne kvinna? Jo, ho var enke. Mannen hennar var død, og etter det hadde ho berre sonen att. Men no var også han død. Det var ganske sikkert ei sosial katastrofe for enka. Det fanst nemleg ikkje godt utbygde velferdsordningar i Israel på Jesu tid. Difor var det viktig for eldre menneske å ha familie å støtte seg til, både økonomisk og omsorgsmessig.
Enker og farlause
Før eg går vidare i preiketeksten, vil eg skyte inn eit lite apropos: I Bibelen blir uttrykket ”enker og farlause” brukt mange gonger. Det er eit uttrykk som nettopp siktar til menneske som kvinna i preiketeksten, som hadde mist familien og stod åleine. Guds folk vert gong på gong oppfordra til ikkje å gløyme slike, men til i staden å bry seg om dei, ta seg av dei og dele med dei.
Når eg her talar om ”enker og farlause” er det freistande å trekke fokus mot ein den pågåande asyldebatten som skjer i Noreg for tida. Debatten dreier seg både om kva kriterier som skal til for å sleppe inn asylsøkarane, og også om at mange kommunar ikkje er villige til å ta imot dei. Dette er kompliserte politiske saker, og som prest skal eg ikkje frå talarstolen ta stilling i detaljar i dette spørsmålet. Men éin ting er det rett å seie: Det er ei kristen plikt å ta seg av, og vise omsorg for, menneske som er i naud og som står åleine. Kvifor er dette ei plikt? Jo, fordi vår Herre og mester gjorde det same då han møtte enker og farlause.
Det er nettopp dette vi får eit klart døme på i det Jesus får sjå den sørgjande enka i Nain. Det står: ”Då Herren såg henne, fekk han inderleg medkjensle med henne og sa: Gråt ikkje!” Sikkert sette kvinna pris på hans medkjensle og omtanke. Men korleis kunne ho ”ikkje gråte”? Hadde ho ikkje all grunn til å gråte?
Jesus har omsorg i livet
Jo, nesten. Hadde det berre ikkje vore for at det var Jesus som sa desse orda. Han var den einaste som med verkeleg truverd på denne dagen kunne seie til kvinna: Gråt ikkje. Han la handa på båra, tala til sonen hennar og sa med tydeleg røyst: ”Du unge mann, eg seier deg, stå opp!” Og sonen sette seg opp, og byrja å tale. Og så les vi at ”Jesus gav han til mor hans.” Ligg det ein spesiell bodskap i nettopp den handlinga? Ja, eg trur det. Med den handlinga – at Jesus gav sonen attende til mora – viste Jesus at han verkeleg hadde omsorg for livet til kvinna. Eller for å seie det med andre ord: Jesus brydde seg om at kvinna fekk familien sin attende, og dermed fekk omsorgspersonar å støtte seg til og eit fellesskap å vere i.
Det ligg også ein bodskap til oss i dette. For ein slik omsorg som Jesus hadde for kvinna, har han også for oss, i vårt daglege liv. Det er difor vi bed til Gud: Gje oss i dag vårt daglege brød. ”Dagleg brød” tyder ikkje berre kneippbrød, loff og grovbrød. ”Det daglege brød” er, som Luther korrekt har peika på i sin katekisme, eit samleomgrep for alt det vi treng i livet. Familie, vener, klede, mat, arbeid, heim. Alt dette gjev Gud oss fordi han har omsorg for oss, liksom han hadde omsorg for livet til den sørgjande kvinna i Nain. Og Jesus understrekar også mange gonger at vi kan få be til Gud om å få det vi treng. Og Gud vil i sin omsorg høyre.
Og i døden
I teksten er no kvinna og sonen litt på veg ut av fokuset. No dreier fokuset i staden over på den verkelege hovudpersonen: Jesus. Jesus hadde brennande omsorg for kvinna. Og han gav sonen attende til henne som eit teikn på dette. Men for å oppnå dette, måtte han jo gjere eit heilt uvanleg under: Han måtte gje sonen liv att frå dei døde. Og det var dette som naturleg nok fanga folkets merksemd. Det står at dei vart gripne av ærefrykt. Sannsynlegvis tenkte dei attende på den store gudsmannen og profeten Elia, som fleire hundre år tidlegare også hadde vekt opp ein ung mann til live att. Men Elia hadde vekt opp mannen ved å be til Gud. Jesus hadde tala direkte til mannen og berre sagt: ”Stå opp!” Og så hadde mannen verkeleg reist seg opp.
Folket reagerte difor instinktivt og sa: ”Her har det skjedd eit stort under. Ein stor profet har stige fram hjå oss, og Gud har gjesta sitt folk.” Dei hadde fått sett noko av Jesu storleik og makt. Dei hadde fått sjå teikn på at det ikkje var tome ord Jesus for med då han sa: ”Eg er oppstoda og livet, den som trur på meg skal leve om han enn døyr.” Gud har verkeleg makt til å reise opp til evig liv den som trur på Jesus. At Gud har slik makt over døden, det vart vist på unge mannen i Nain. Men endå klarare kom dette til uttrykk på Jesus sjølv. Etter å ha døydd for alle våre synder på krossen, stod han sjølv opp frå dei døde og viste seg levande for mange vitne. Det er difor Jesus også seier: ”Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det tilbake.” Det er difor heilt korrekt når vi i påskesalmen syng: ”Deg være ære – Herre over dødens makt.”
La meg runde av denne preika med nok ein gong å understreke kva som er hovudbodskapet i dagens preiketekst: Gud bryr seg om oss. Han har omsorg for oss i liv og død. Han har omsorg for oss i livet, for han vil gje oss det dagleg brød og alt vi treng. Og han har omsorg for oss i døden: For han vil reise oss opp frå dei døde og gje evig liv til oss når vi tek vår tilflukt til Jesus. Difor kan vi også seie med frimod: ”Ja, eg veit at Jesus bryr seg om meg. Han bryr seg om nettopp meg.”

MAXWELL DORIAN, VALEDICTORIAN
I SPEAK IN THREE WEEKS TO THE ENTIRE AUDITORIUM
HEAVY CORDS BUT I BEAR 'EM, MEDALS CHAFE BUT I WEAR 'EM
SIX STEPS TO ACADEMIC SUCCESS, NOW LET ME SHARE 'EM:
FIRST PERIOD, CALCULUS, EASY AS PI
BUT SUCKAS REAL AS i, THEY TRY TO SPY MY ASSIGNMENT
THEY'D LIKE TO DERIVE WHAT'S INSIDE OF MY HEAD
THAT'S WHERE I MAKE MATH MY MISTRESS, DENOMINATE HER IN BED
KANT KEEP UP WITH ME ONCE PHILOSOPHY STARTS
SO SMART I PICK SARTRE APART, DISCREDIT DESCARTES
I THINK THEREFORE I AM AT THE TOP OF MY CLASS
WHY AM I HERE? LET ME THINK, TO KICK ASS
A THOROUGH UNDERSTANDING OF THOREAU, THIRD PERIOD
A MYRIAD OF WEARY EYES READ THE (IRA) ILIAD
BUT NOT ME I'M A.P. THAT TEXT IS TOO TAME
THEY'RE STRIKING OUT WITH HOMER, I'M RE-JOYCE-IN' IN JAMES
P.E.'S NOT EXACTLY FOR ME, BUT I DON'T CARE
I'LL GET MY "A" ANYWAY-- IN BAND I'M FIRST CHAIR
PIANISSIMO, FORTISSIMO, I GOTTA BE HEARD
YEAH I NEVER MISS A CODA-- NEVER MISS A CODA-- WORD!
SIXTH PERIOD, HISTORY, TOP OF MY GAME
I'M LIKE NAPOLEON BUT TALL, WITHOUT A RUSSIAN CAMPAIGN
I DIDN'T STUDY FOR THE FINAL I'M A DOWNRIGHT HISTORIAN
....MAXWELL DORIAN, SALUTATORIAN
Friday, September 5, 2008
Homer takes a photo of himself every day for 39 years.
Aaaaaawesome.
Vel, eg er heime på Dalen. Eg tok bussen hit, runda New Super Mario, las litt om moglegheita for at det kan finnast andre konstantar eller andre naturlover i parallelle univers.
Så slo det meg: Det er så mørkt ute. Det er haust. Det er litt trist. Eg likar at det er ljost om kveldane. Eg håpar eg får mange sosiale kveldar i haust.
Men ein annan ting slo meg også, og det var ei ganske fundamental...erkjenning. Vel. Eg tenkte på fylgjande: Eg skriv ein artikkel, som nokre av dykk veit, om det antropiske prinsipp, dvs. "Universet må vere slik at vi kan observere det". Vel, ja. Universet ER slik, og det synest ganske overraskande. De får lese artikkelen når eg er ferdig.
Uansett. Eit verdsbilete som ikkje tillét Gud. Hm...når eg les fysikk, og verkeleg tek innover meg korleis ein ateist må tenke om the whole shebang frå big bang til no. Vel...vi menneske vert (i eitt perspektiv, men eit veldig viktig perspektiv) lite meir enn...eit heldig samantreff av atom. Det var det som slo meg så sterkt då eg tenkte på multivershypotesen på bussen i dag.
Hm - i eitt univers skjedde det nokre tilfeldige samantreff av atom i ursuppa, og så byrja liksom ballen å rulle, og til slutt utvikla éin av organismane evne til sjølvmedvit.
Men prinsipielt sett er det bare det mennesket er: Eit heldig samantreff av partiklar. A rather bleak image of humanity, spør du meg. Eg har tidlegare lest artiklar om det absurde ved ein eksistens utan Gud. Men eg har tenkt: "Jaja, det er berre sånn vi kristne seier, livet til dei som ikkje er kristne er jo så meiningsfullt likevel...blabla." Og ja, kanskje er det meiningsfullt. Men ikkje sett i eit større perspektiv, kan ein seie. Det var det som verkeleg slo meg då eg sat på bussen. Ingen meining utan den ein lagar sjølv. Noja, dette var berre litt pludring.
Monday, September 1, 2008
A well-known scientist (some say it was Bertrand Russell) once gave a public lecture on astronomy. He described how the earth orbits around the sun and how the sun, in turn, orbits around the center of a vast collection of stars called our galaxy.
At the end of the lecture, a little old lady at the back of the room got up and said: "What you have told us is rubbish. The world is really a flat plate supported on the back of a giant tortoise."
The scientist gave a superior smile before replying, "What is the tortoise standing on?" "You're very clever, young man, very clever," said the old lady. "But it's turtles all the way down!"
:)
Her kjem andakten frå i går:
Preike 16. sundag etter pinse 2008, Verningen Bedehus.
Dere skal ikke samle skatter på jorden, hvor møll og mark ødelegger og hvor tyver bryter inn og stjeler.
Men dere skal samle skatter i himmelen, der verken møll eller mark ødelegger og tyver ikke bryter inn og stjeler.
For der skatten din er, vil også hjertet ditt være.
Øyet er kroppens lampe. Dersom øyet ditt er friskt, får hele kroppen lys.
Men dersom øyet er sykt, blir det mørkt i hele kroppen.
Om nå lyset i deg er mørke, hvor dypt blir ikke da mørket!
Ingen kan tjene to herrer. Han vil hate den ene og elske den andre, eller holde seg til den ene og forakte den andre. Dere kan ikke tjene både Gud og Mammon.
La meg byrje denne preika med ein songtekst av Bob Dylan, den kjente rock- og folkartisten. Som kanskje nokre av dykk veit, gjennomgjekk Dylan ei ganske dramatisk omvending på slutten av 70-talet. Han vart ein kristen, og han gav ut tre plater med tydelege kristne tekstar. Eg skal sitere eit vers og refreng frå den fyrste plata.
”Det kan hende du er ein ambassadør. Til England, eller Frankrike.
Kanskje du likar å gamble, eller kanskje du likar å danse?
Det kan hende du er verdsmester i tungvektsboksing.
Eller kanskje du er festens midtpunkt, og du har eit vakkert band med perler.
Men du er nøydd til å tene nokon.
Sanneleg er du nøydd til å tene nokon.
Det kan hende det er djevelen. Det kan hende det er Herren.
Men du er nøydd til å tene nokon.”
”You’re gonna have to serve somebody”, syng Dylan. Det er, i éin setning, hovudsaka i dagens preiketekst. Men la meg fyrst seie noko om samanhengen dagens tekst står i. Teksten er nemleg henta frå bergpreika, Jesu lange og viktige tale til sine læresveinar i Matteusevangeliet. Her tek Jesus opp ei rekke ulike emner, han har mange ting på hjarta.
Noko av det viktigaste Jesus talar om, er det fylgjande: Dei som er Guds barn, dei som er Jesu læresveinar, dei har visse kjenneteikn. Dei er på ein spesiell måte, og dei lever på ein spesiell måte. Det er difor bergpreika byrjar med saligprisningane. Der opnar Jesus med å seie: ”Sæle er dei fattige i ånda, for himmelriket er deira.” Altså: Guds barn og Jesu læresveinar er på ein spesiell måte, dei har eit kjenneteikn: Dei er fattige i seg sjølve, og lever av Guds nåde. Heile bergpreika vert avslutta med likninga om huset bygd på fjell og huset bygd på sand. Med den likninga vil Jesus peika på eit anna kjenneteikn ved Guds barn: Dei lever på ein spesiell måte. Dei lever etter Jesu ord. Dei høyrer Jesu ord, og handlar etter det. Og slik byggjer dei huset på fjellgrunn.
I dagens tekst dreier det seg også om eit kjenneteikn ved Guds barn, ved Jesu læresveinar. Kjenneteiknet er at dei tener Gud og prioriterer han framfor alt anna. For å seie det med Bob Dylan: ”They serve somebody – they serve the Lord.”
I den samanhengen byrjar Jesus med å åtvare sine læresveinar mot rikdom og materielle ting. Han åtvarer mot at rikdom kan dra menneske bort frå truskapen mot og tenesta for Gud. Jesus seier: ”Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel.” Jesus talar om møll og makk og tjuvar. Møll kunne øydeleggje vakre klede. Makk kunne øydeleggje ting ved ete seg inn. Og på Jesu tid hadde dei ikkje safar og bankhvelv, så tjuvar kunne med litt arbeid og ei god hakke bryte seg inn i hus og stele. Jesu poeng er: Det du eig kan i det lange løp ikkje hjelpe deg eller gje deg evig liv. For rikdomen, alle dine ting, er forgjengelege. Du kjem til å miste dei, anten før eller seinare. Difor seier også Jesus: Tak dykk i vare for all havesjuke! For det er ikkje det du eig som gjev deg livet, om du eig aldri så mykje.
Det er ikkje det du eig som gjev deg livet, seier Jesus. Men er det ikkje nettopp det motsette vi blir innprenta med i reklame, aviser og TV? Om du berre får den nyaste TV’en, den finaste bilen, den beste shampoen, dei mest moteriktige kleda, då vil du bli lukkeleg. Då utnyttar du tida og pengane dine på ein god måte. Då lever du livet slik du skal leve det. Då gjer du det rette. Nei, seier Jesus. Vi må gjennomskode illusjonen. Det er ikkje det vi eig som gjev oss livet. Difor er det gagnlaust og uklokt å samle skattar på jorda. Det er uttrykk for ei fullstendig feil prioritering.
Merk at Jesus ikkje seier: ”Samla dykk ikkje skattar!” Han seier ikkje det. Han seier: ”Samla dykk ikkje skattar på jorda”. Vi skal samle skattar. Men ikkje på jorda, men i himmelen. Der er det ikkje mol eller makk eller tjuvar, seier Jesus. Altså: Den skatten som du samlar deg i himmelen, den vil du aldri miste, og ingen kan ta han frå deg. Difor er det uttrykk for klokskap og ei rett prioritering å samle skattar i himmelen. Jesus seier altså: Ikkje set deg fore å samle skattar på jorda, kva det nå er du vil samle. Nei, set deg fore å samle skattar i himmelen!
Så kan ein saktens spørje: Kva, heilt konkret, er det Jesus meiner når han talar om å samle seg skattar i himmelen? Kva er det for skattar han talar om? Skattar på jorda, det forstår vi. Men korleis kan vi få tak i ein skatt i himmelen? Eg skal ta fram ei lita likning som Jesus fortel litt seinare i Matteusevangeliet. Der får vi god hjelp til å forstå kva Jesus meiner med skatt i himmelen. Likninga lyder: ”Himmelriket er likt ein skatt som var gøymd i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att. Glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte åkeren.”
Altså: Likninga om skatten i åkeren seier noko viktig om prioritering. Mannen kan få tak i skatten i åkeren. Men då må han gje avkall på alle dei andre skattane han eig. Men det bryr ikkje mannen seg med, han sel alt han har, for skatten i åkeren er betre enn alt anna. Jesus seier at dette er ei likning om himmelriket, dvs. Guds rike. Skatten i åkeren, skatten i himmelen – det er Jesus sjølv. For: Jesus er den som bringar Guds rike nær. Det er han som tilbyr og opnar døra til Guds rike. Det å vinne skatten i himmelen, det er difor det same som å satse livet sitt på Jesus, ta imot Jesu frelse og fylgje Jesus i liv og død. Det var difor Jesus sa til den rike, unge mannen: ”Selg alt og følg meg. Då skal du få ein skatt i himmelen.” Å ta imot Jesus og følge han, er å samle skattar i himmelen.
I byrjinga av preika siterte eg ein Bob Dylan-song. ”You gotta serve somebody”, song Dylan. Det er nettopp det som er Jesu konklusjon etter å ha tala om pengar og samling av skattar. Han seier: ”Ingen kan tene to herrar. Han vil hate den eine og elske den andre, eller han vil halda seg til den eine og forakte den andre. De kan ikkje tene både Gud og mammon.” Det handlar om kva som er det grunnleggjande målet i livet. Jesus ynskjer å seie at vi ikkje vil klare å ha to grunnleggjande mål. Det vil alltid vere eitt mål som tek fyrsteplassen.
Poenget er klart nok. Dersom hjarta er oppteke av å samle skattar på jorda, dvs. å samle pengar, av å bli rik, av å kare til seg – då vil Gud anten bli hata eller forakta. Det må vere slik, seier Jesus. Men også andre mål kan ta fyrsteplassen, i staden for Jesus. Det kan vere å innrette livet sitt etter det å få popularitet. Eller det kan vere å byggje livet sitt på jag etter karriere. Eller å setje som det første målet i livet å trakte etter opplevingar og underhaldning.
Det er ikkje gale å bli likt, det er ikkje gale å ha ein karriere og bruke evner og krefter, det er heller ikkje gale med gode opplevingar. Men dei må aldri bli prioritert høgare enn skatten i himmelen, som er å tru på Jesus og fylgje han. Det må vere det fyrste og største målet i livet vårt, framfor alt anna. Det er difor Jesus seier: Søk fyrst Guds rike, og hans rettferd.
Det er store og viktige mål, og det er lett å skjøne at vi må slite med å nå dei. For set vi alltid Guds vilje fyrst? Søkjer vi alltid Guds rike? Er Jesus alltid det viktigaste for oss i livet? Om vi er ærlege, så veit vi at svaret må vere nei. Men Jesus meiner det alvorleg. Han ynskjer verkeleg at vi skal strebe etter dette.
Men då må vi også hugse på at vi dagleg skal få leve i nåden og motta tilgjeving for våre manglar og tilkortkomenheiter på dette punktet. Sjølv om Jesus formanar oss til å halde fast ved han og tru på han og fylgje han, er det ikkje våre krefter og prestasjonar som bér vårt forhold til Gud. Det som fyrst og fremst bér vårt forhold til Gud, det vi skal få byggje på og kvile i, er det offeret Jesus gav då han døydde på krossen og sona alle våre synder. Det offeret skal vi få takke for og minne kvarandre på kvar dag. Og så må det offeret vere vårt førebilete når vi ofrar oss for Jesus og strebar etter å tene han med eit heilt hjarta.
Og til slutt ein song:
Og her, ja. Det var denne eg meinte. Anar ikkje kva videoen handlar om, men songen er fin, ja.

Subscribe to:
Posts (Atom)