I kveld var eg på restaurantkveld på Fjellhaug i lag med gode vener. Det var ganske så hyggeleg, sjølv om mattilbodet i restauranten ikkje stod til godkjent. Men Ingars taffelmusikk trekte opp, og det gjorde også ei hyggeleg betjening.
Så...dette aktualiserer ei problemstilling som eg har tenkt litt på. For: Vi fekk ikkje maten vi hadde betalt for. Bør ein klage då? "Sjølvsagt", kan ein seie. Ein har jo betalt mykje pengar for eit måltid, eg er på ein restaurant. Dei som inviterer til restaurant, tek på seg ansvar for å levere varer for dei pengane dei mottek. Dette gjeld uavhengig av om pengane i siste instans går til misjonen. Så eg klaga.
Men sjå på det heile i eit større perspektiv: Folk døyr av svolt i verda, og her klagar eg over ikkje å få waldorfsalaten eg har betalt for. Hmm. Så burde eg eigentleg sagt "No har eg betalt dyrt for denne maten. Så får eg ikkje maten eg har betalt for. Men pytt pytt, eg skal ikkje klage, eg har alt det eg treng." Det må jo vere ei rett haldning å vere takknemleg og krevje lite.
Så her er det interessant å spørje: WWJD? Dette er nemleg ei problemstilling vi garantert kjem til å møte på fleire gonger i livet: Krevje sin rett, eller berre gje etter og vere nøgd likevel? Konfliktar vil ein jo kome opp i mange gonger, sannsynlegvis.
Så vil eg også til slutt seie: FMH-folka som har stelt i stand restaurantkvelden fortener ros og takk for å leggje ned mykje arbeid i dette, sjølv om resultatet vart litt så som så for oss. Eg seier oppriktig: Betre lukke neste gong! (Og sørg for å ha nok mat...)
2 comments:
Jo takk, vi tar årets restaurantkveld til evaluering. Vi lærera av dette, og skal unngå å gjøre de tilsvarende feilene til neste år.
Tja. Handler det ikke på en måte om respekt for folks arbeid? Jeg mener - du har tjent pengene dine ved å jobbe (selv om det muligvis er lånekassepenger du har fått for å jobbe med skolen, hva vet jeg?), og så å snyte deg for det du har betalt for blir litt respektløst.
Jeg blir også skikkelig sur når tiggerdamer stopper meg ved minibanken og vil ha 100kr-sedler fra meg. Jeg gir gladelig fra meg vekslepenger jeg.. Men 100kr-sedler .. eh, nei! Så mange penger har jeg ikke, og før i tida representerte faktisk 100kr en times arbeid fra min side.
Post a Comment