Eg ser ein del på film i sumar, likar det.
Nokon som har sett "No country for old men"? La meg dele nokre tankar: Kvifor i all verda er denne filmen kritikarrost? Det har verkeleg sett i gang litt tankar hjå meg, altså. Etter mi meining er denne filmen ikkje særleg god. Plottet heng ikkje saman, har masse hol og masse lause trådar. Manus er ikkje SÅ bra. Skodespelarane er gode, det skal dei ha. Og det tekniske ser ut til å vere veldig bra. Men utanom dette...vel...nei. Eg kan ikkje forstå korleis dette skal vere ein spesielt god film. Utmålande brutal er han også. Likevel fekk han 8,3 på Imdb og vann oscar for beste film! Om nokon likar denne filmen, blir eg glad for nokre svar på kvifor.
Det er sjølvsagt brørne Coen som står bak No country, og desse har mange tidlegare meritter å flyte på. Eg kan aldri tenke meg at denne filmen hadde nådd like høgt opp utan deira namn på regissørplassen. For det andre: Den positive kritikken av denne filmen representerer ei opphøgjing av det formelle - det tekniske - over det materielle (altså plot, meining, verdiar etc.)
Eg såg det same ved Benjamin Button. Dette er ein film av ein av mine fav's, David Fincher. Eg lånte filmen på biblioteket, og gledde meg stort til å sjå han. Men eg vart ganske skuffa. Det tekniske er brilliant, scenene er svært profesjonelt laga, landskap og tidskoloritt er flott etc. Men dette er ein film som freistar å seie noko viktig om livet. Og her er det rett og slett ikkje noko særleg å lære. Det er veldig overraskande, tykkjer eg. For kva lærer vi om Ben Button? Jo, han vert fødd som ein olding, har det greitt på eldresenteret når han veks opp, reiser ut i verda, opplever litt forskjellig, lever seksuelt utsvevande, får til slutt ungdomskjærasten sin, og vert gamal (innvending), gløymer ting, og døyr. Og kva lærer han? Jo, stort sett dette: At i møte med døden må ein "let go". Hm. Ok?
Som sagt: Eg har vorte ganske overraska. To storfilmar som har vunne fleire oscar. Dei er teknisk superbe, men når det gjeld bodskap og plot er dei irriterande irrelevante. No country sin bodskap er mørk nihilisme og meiningsløyse. Buttons bodskap er i same gata, men i langt mildare form --> Livet er ei reise som ein må gjennom, men ein anar ikkje kvifor, og det ser ikkje ut til å vere vits i leite etter noko svar, heller.
Den første dagen Svein Jarle ikke var der
5 hours ago

3 comments:
Enig med deg ang "No country for old men"!
Mm. Eg visste jo litt kva eg gjekk til...men likevel.
Har ingen planer om å se den igjen... Men nå tåler ikke jeg så veldig mye "brutalitet" heller.
Post a Comment