...men nokon gonger blir eg veldig frustrert over Jesus.
Ikkje misforstå - han er Guds eigen son og utsending. Han skal ha ære. Vi er støv, og ingenting mot Han som har skapt oss. Men eg forstår ikkje heilt vala hans for oss menneske. Kvifor valte han ei bok for å gje oss kunnskap om han? Og kvifor har denne boka den historisk-betinga forma som ho har? Og kvifor er det ofte så vanskeleg å finne ut kva som er meint i detaljane i denne boka? Og kvifor har vi ingen annan autoritet å appellere til enn denne boka når vi leitar etter svar på kva som er meint her?
Eg meiner: Ingen her i verda kan gje oss autoritative svar, vi er stuck med boka. Samt vårt intellekt til å grave djupare og djupare for å finne ut kva denne boka seier. Og i mange tilfelle er det ikkje svar å få, synest det som. Berre ulike informerte tolkingar. Like fullt kan det synest som om Jesus likevel krev at vi skal ha svar. Det er frustrerande.
Om eg hadde ei relativt klar oppfatning av kva som er det normative, kva det er avgjerande å ha rett meining om i Bibelen, ville det bli så mykje enklare. For sjølvsagt er det ein haug med ting i Bibelen som er klare og greie å forstå, og eg kan godt gå med på at vi er ansvarlege for å ha rett oppfatning om desse. (Dette innlegget handlar til dømes ikkje om nokon av dei kontroversielle sakene som blir diskuterte i kyrkja i dag). Men noko slik grense er det vanskeleg å trekke, tykkjer eg. Dermed blir ein til ein viss grad svevande i uvissa. Kvar går grensa for det Jesus krev at vi skal meine noko "rett" om?
Ok, dette var litt frustrasjon. Ingen andre som føler det på denne måten?
Og igjen: Ikkje misforstå, dette er "kritikk" innanfrå. Eg kjenner kristendomen sine styrker og veikskapar relativt godt no. Og dette innlegget handlar om det eg anser som ei vanskeleg side ved den kristne trua. Og: Eg veit at det kan gjevast mange meir eller mindre gode tilsvar til den problemstillinga eg har reist - dette er berre slik eg føler det nett no. Det vil endre seg i framtida, det er eg sikker på. Og: Eg ser ikkje noko truverdig alternativ til den kristne trua. Rett og slett: Folk bør verkeleg overgje seg til Jesus, det er det beste og mest seriøse rådet eg kan gje til folk.
Og ja, ein kan be til Jesus om hjelp til alle ting. Også bibeltolking. Og så stole på at han, trass min frustrasjon, vil svare i rette tid. Eg har djupast sett ingen ting eg skulle ha sagt: Han er Gud, eg er eit menneske.
Den første dagen Svein Jarle ikke var der
5 hours ago

4 comments:
Hvis du føler at Bibelen gir for få konkrete svar og savner en mer konkret og øyensynlig autoritet, kan du jo alltids bare bli katolikk :-)
Ja, og kvifor det? :P Har dei betre svar å gje?
Bibelen en bok akkurat som IKEA-katalogen. Forskjellen mellom disse er at den ene endrer seg med kulturen, mens den andre boka krever tolkninger for å kunne være i samsvar med kulturen.
Sier seg selv at en kan bli frustrert over å ikke finne et møbel som passer inn i tomrommet i leiligheten. En kan "tolke" og modifisere synet på produktene i en gammel IKEA-katalog over en begrenset periode, men til slutt er det en fordel å skaffe seg en ny katalog.
Til opplysning knuser IKEA-katalogen bibelen i opplag per år. Så det er vel på tide å starte et eget studie på MF hvor en kan tolke IKEA-katalogene =)
En vis man sa en gang "jeg vil heller ha idiotene imot meg enn med meg" Er kanskje på tide å hoppe av det synkende skipet, og komme over til naturvitenskapensfastland, hvor vi har bena godt plantet på jorda =)
Takk for kommentar, Alek! :) Du kan få sagt det. Men du veit; eg er allereie i naturvitskapsland. Saka er likevel at det er mykje naturvitskapen ikkje kan uttale seg om. Eller sagt med andre ord: Om eg hoppar av det synkande skipet, må eg finne meg eit nytt skip når det gjeld dei områda som ikkje har med naturvitskap å gjere (kvar kjem verda frå? Er verda skapt med eit føremål? Kva er eit menneske? Kva er den ytterste røyndom? Kva er god moral? etc. etc.)
Trur ikkje IKEA kan bidra med eit truverdig svar på slike spørsmål. Men det er kanskje verd eit forsøk. :P
Post a Comment