Så kom vi til Røldal, der er det ei fin stavkyrkje. Og vidare til Odda, Utne, Norheimsund og så til slutt Bergen. Bergen viste seg frå så beste side også. Ein flott by med vakre fjell. Regn merka vi lite til. GF var også verkeleg ei god oppleving. Eg traff så mange kjentfolk frå fjern og nær, så eg kjente meg veldig heime.
Nobu og eg høyrde på innlegga før røystinga om trussamfunn. Det var for så vidt ganske spennande. Mitt råd til neste gong vil vere at kvar og ein som ynskjer å seie noko på talarstolen på GF bør lære seg å seie det ein ynskjer kort, konsist og "to the point". Personleg er eg veldig glad for at trussamfunnsforslaget vart utsett. Ikkje berre av di det var mange ting som var ganske uklåre rundt sjølve forslaget, men også fordi Dnk, som ein vil markere avstand frå, er meir enn Dnk sentralt - eller på bispenivå. Elles har eg ikkje noko prinsipielt standpunkt her.
Så nokre bilete:
Og dette (eg tykte dette var litt artig, då. Asbjørn er ein god mann):

3 comments:
Over 70 innlegg på to minutt hver...det tar sin tid. Da kan du jammen jeg la være. Det ble rett og slett irritabelt i lengden hvordan folk skulle si noe som allerede var sagt så mange ganger, bare "med egne ord" og "hvordan det er der jeg kommer fra." Og dette gjelder alle parter i saken. Konkretiser og minimer, folkens!
Norsk fjellheim ser rett og slett ikke ut. Ihvertfall ikke den du beskriver. Mose, stein vann og snø er ikke noe for meg. Da foretrekker jeg faktisk den japanske fjellheimen, som var vesentlig mer vegetasjon og er grønnere. Da er det vakkert å gå tur i fjellet, da.
Litt kjipern at jeg måtte dra rett før du kom. Men ser ut som du hadde det artig likavel :)
Ah, så du VAR der faktisk? Visste eg ikkje, nei. Velvel, vi får talast seinare.
Post a Comment