Det står skrive i Paulus’ brev til filipparane, i det fyrste kapittelet:
6 Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag. 7 Med rette tenkjer eg slik om dykk alle, for eg ber dykk i hjartet. Både når eg er i lenkjer, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet, har de alle fellesskap med meg i nåden. 8 Ja, Gud er mitt vitne, eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag. 9 Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt, 10 så de kan skjøna og avgjera kva som er viktig, og stå reine og ulastelege på Kristi dag, 11 fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, til lov og ære for Gud.
Det norske samfunnet har i løpet av dei siste tiåra gått gjennom ganske gjennomgripande endringar på det livssyns- og verdimessige området. Eitt resultat av desse endringane at det no er rimeleg å seie at vi lever i eit post-kristent, eit etter-kristent, samfunn. Sjølv om store delar av det norske folk framleis byggjer på ruinane av ein einskapleg kristen verdikultur, så er også desse ruinane på veg bort.
Abortlov, kjønnsnøytral ekteskapslov, debatt om aktiv dødshjelp, kronprinsesse Märthas engleskule; alt dette er berre symptom på ein større prosess. Kort sagt: Vi må sjå det i augo; levande kristen tru tapar terreng i Noreg. Kristen tru er ikkje lenger eit majoritetsfenomen, dei har blitt eit minoritetsfenomen.
Mange kristne blir skremt og bedrøva av utviklinga. Ting er ikkje som før, ein må kjempe i motbakke, synest det som. Men før vi let oss overvelde av pessimisme, bør vi ta til oss eit ganske paradoksalt og overraskande faktum: Med kristendomens utvikling i det norske samfunnet i dag nærmar vi oss på fleire måtar den situasjonen dei kristne i Filippi var i, dei som vi høyrer om i dagens preiketekst. Eg skal prøve å forklare dette.
Preiketeksten er henta frå apostelen Paulus sitt brev til filipparane. Den vesle byen Filippi var på denne tida ein del av det store og mektige romarriket som strekte seg ut over store delar av Europa. På denne tida fanst det ikkje kristen tru i Europa, faktisk var Filippi den aller fyrste europeiske byen Paulus hadde forkynt evangeliet om Jesus i. For å bruke eit litt dramatisk bilete: Det er som om du på nattestid ser ut over eit stort og mørkt landskap på Hardangervidda. Og midt der ute på den mørke og vindblåste vidda ser du ei lita hytte der det er ljos og varme. Slik var dei Jesus-truande i Filippi eit lite ljos i eit stort landskap med heidensk avgudsdyrking. Dei kristne i Filippi var i ein minoritetssituasjon, akkurat som oss i Noreg.
Ja, bortsett frå at situasjonen for filipparane var meir ekstrem enn han er for oss. I vår tid kan vi oppleve at regjering og statsmakt stundom er negativt innstilt mot ein del tradisjonelle kristne verdiar. Men den romerske militærmakta som filipparane levde under var ikkje berre ei politisk makt, det var også ei sterkt religiøs makt. Keisaren, den store keisar Nero, kalla seg med namn som “Herre” og “frelsar” for sine borgarar, og han kravde at alle skulle vere lydige mot han og at alle jamvel skulle tilbe han som ein gud.
Her var det ikkje snakk om å velje; alle borgarane måtte underkaste seg. Til gjengjeld ville keisaren, i alle fall i fylgje den vanlege propagandaen, gje sine borgarar fred, framgang og framtidshåp. Keisaren ville ta seg av alle deira behov. Han var jo Herre og gud, så kva kunne ein vente av han? Han kravde all lydnad og tillit.
Vi skjønar at dette måtte vere ein vanskeleg situasjon for dei kristne i Filippi. Og i Filipparbrevet lærer vi mykje om korleis dei takla situasjonen. For å ta eit klart punkt fyrst: Paulus formana alltid dei truande til å vere gode og lovlydige borgarar. Det var det ikkje noko spørsmål om. Dei kristne skulle på ingen måte gjere noko fysisk eller valdeleg opprør.
Men – og det er eit stort men – på same tid tek Paulus eit sterkt oppgjer med den arrogante keisarmakta og dens religiøse krav sine borgarar. Han seier: Kva dreier evangeliet seg om? Kva er det de har kome til tru på, de filipparar? Jo, dette: At Jesus Kristus har døydd på krossen for våre synder, og så stått opp att frå dei døde. Men dermed viste Jesus seg som Herre over dødens makt. Han viste seg som Guds mektige Son. Han viste seg som Herre over heile skaparverket. Han viste seg som den med all makt i himmelen og på jorda.
Kort sagt: Filipparane hadde kome til trua på dette: “Jesus er Herre”. Men denne tilsynelatande enkle trua hadde altså verkeleg store konsekvenser. For keisar Nero kravde absolutt lydnad og tillit, som vi såg. Men Paulus sa: Nei, dette har ikkje Nero krav på. Det er Jesus som er Herren dykkar no, ikkje Nero. Det er han de skuldar all lydnad og tillit. Ja, seier Paulus, ein dag skal keisar Nero og alle andre menneske – uansett kor store og mektige dei er – bøye kne for Jesus, og stå til rette med sitt liv framfor hans domstol.
Og vi høyrde at keisarmakta lova fred, lukke og god framtid til sine borgarar. Keisaren bad sine undersåttar om å tru på han for å få alt ein treng. Men Paulus seier til filipparane: Nei, dette har ikkje Nero makt til å gje dykk. De har ein Herre, Jesus, han som har all makt i himmel og på jord, og som har framtida i si hand. Og alle vi som trur på han er borgarar i hans rike, seier Paulus, og ventar på at han skal kome attende til frelse for oss.
“Jesus er Herre”, ikkje keisar Nero. Det var Paulus’ poeng. Vi som er kristne i Noreg i dag har nok ikkje ei arrogant keisarmakt å stri med, som tvingar sine borgarar til religiøs og politisk lydnad. Nei, men vi har andre makter å stri med, makter som gjerne vil tvinge oss til lydnad og underkasting, og som faktisk held mange menneske nede som slavar i vårt samfunn. Sagt med andre ord: Dette er makter som utfordrar Jesu herredøme i vår tid, slik Nero gjorde det hjå filipparane.
Eg skal ta eit tydeleg døme på slike makter. For er det ikkje slik at vi i TV, bøker, filmar, og blad stadig blir innprenta ein bodskap om at meininga med livet er å oppleve mest mogleg, og nyte mest mogleg? Det kan vere i form av seksualitet og erotikk. Eller i form av mest mogleg overdådig mat og drikke. Eller i form av eksotiske reiser til framande land. Eller i form av jag etter pengar og materiell velstand.
Paulus har i filipparbrevet eit ganske passande uttrykk for denne nytingssjuka. Han seier: Det er å ha magen til gud, å bytte ære med skam, og å ha eit jordleg sinn. Det er å la Guds gode skapargåver – seksualitet, mat, natur, materielle goder – få ei urettmessig rolle som det o’ store som gjev livet retning og mål. Men dermed let ein Guds gode skapargåver utfordre Jesu herredøme.
Men slik er det ikkje med oss som erkjenner og trur på Jesus som Herre, seier Paulus. Vi har fått alle våre synder tilgjevne. Vi er vaska reine i dåpen, ved Jesu forsoningsdød på krossen. Og vi har fått Den heilage Ande, som gjer sitt verk i oss, og som stadig skaper nye frukter. Men dermed har vi fått ei ny retning i livet, eit nytt mål. Livet vårt kan ikkje få lov til å bli eit egoistisk jag etter nyting og opplevingar.
Nei, seier Paulus, vi er i Jesus Kristus og har fått ta imot hans nåde. Så la oss søkje det som er til glede for Gud, og det som er til gagn for nesten vår. Og det er nettopp dette som er hovudpoenget i dagens preiketekst, når Paulus seier:
“...dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt, så de kan skjøna og avgjera kva som er viktig, og stå reine og ulastelege på Kristi dag, fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, til lov og ære for Gud.”
Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage Ande som var og er vere skal ein sann Gud frå æve og til æve. Amen.
XXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXX
Saturday, November 7, 2009
Subscribe to:
Post Comments (Atom)

0 comments:
Post a Comment