Eg hadde eigentleg tenkt meg til Oslo denne veka, men vart smitta av forkjøling - immunforsvaret mitt er ikkje så sterkt for tida - så då vart det heller til at eg måtte sove ein del og vere heime i staden. Litt dumt, men ok. Dette halvåret blir litt som livet-på-pause, på sett og vis, så det er ganske viktig for meg å fylle dagane med i alle fall noko meiningsfullt...hm... Prestejobben er det. Kontakten med familien like eins. Og eg får lest litt.
Så...sidan sist har eg sett ein film: "Days of heaven". Eg har pløyd gjennom det mest underhaldningsorienterte/kvalitetsfylte av filmane på det lokale biblioteket, og denne kom nokså langt ned på lista. Men det er verkeleg ein god film, om ein tek i betraktning at målet med denne filmen ikkje fyrst og fremst er å underhalde, men å skape stemningsbilete. Terrence Malick kjente eg godt frå Thin red line, ein film som eg verkeleg likte godt, ikkje minst på grunn av forteljarstemma kombinert med tankefulle stills og scener. Vel, Days of heaven var ein god film, altså, og eg kjente veldig sympati med Bonden. Faktisk skulle eg gjerne snakka med ei kvinne om visse delar av handlinga i den filmen, men det får bli til ein annan gong.
Elles har eg fått Josefus i posten, samt BWIII si skriftsynsbok. Noko av det mest deilige med denne boka var då eg las ho fyrste gongen, snudde om fyrste sida og las sitatet frå Gordon Fee nedanfor. Då tenkte eg: "Puhh, dette lovar godt: Her har vi ein som (a.) står for eit konservativt skriftsyn, men (b.) som samstundes har tenkt godt, nøye og ansvarleg gjennom kva dette i praksis får for konsekvenser i eksegesen." Diverre er punkt b. nokså overfladisk behandla i ein del konservative skriftsynsframstillingar, ikkje minst fordi dei som ofte står bak framstillingane ikkje sjølve er eksegetar. Men BWIII har jobba seriøst med eksegese, og veit difor kvar skoen trykker.
"It is the doctrine of inspiration, that God inspired not only the people who spoke but also the words they spoke, that distinguishes the evangelical view of Scripture, and also forces us to wrestle with issues of hermeneutics. Inspiration indeed maintains that God indeed "spoke these words and said..."
But it does not maintain that he dictated these words. To the contrary it recognizes, indeed argues, that these words are also the words of people in history...None of the words was spoken in a vacuum...Rather they were all addressed to, and conditioned by, the specific historical context in which they were spoken...
The issue is whether one is wont to begin with a theological a priori and conform historical questions to that a priori (= telling the exegetes what God could or could not have done before one looks at the data), or whether one starts with the historical investigation and expresses one's theological constructs in light of that investigation (=telling the theologian what God in light of historical probabilities seems to have done.)"
Ja, og amen, seier berre eg. Så har eg lest eit godt stykke vidare i Wrights NTPG om jødedom i perioden 500 BC- 200 AD. Wright er svært oppteken av (og dette har nettopp affinitet med Fees sitat ovanfor) at dersom ein vil forstå ein bibeltekst rett, må ein verkeleg la seg senke ned i samtida då teksten vart skrive. Det er i alle høve veldig interessant; og det viser seg at Israel i denne tidsperioden var ein god del meir ustabilt både politisk/religiøs/sosialt/økonomisk/kulturelt enn eg trudde. Og viktigare: Desse kategoriane er ikkje vanntette skott, dei heng saman. Masse her som er heilt direkte relevant til korleis vi forstår både Jesus og Paulus, men det skal eg ikkje gå noko inn på her.
Uansett er eit viktig poeng dette: Ikkje før vi har sett oss godt inn i den historiske samtida som skriftene vart skrive i, vil vi lære oss å stille dei rette spørsmåla til teksten, d. e. dei spørsmåla som forfattaren sjølv mest sannsynleg var oppteken av. Og fyrst då vil vi få dei rette svara. Jaja. Utruleg viktig, dette.
Elles: I det siste har eg tygd ein del på fylgjande problemstilling: Er den rettferdiggjerande domsakten over dei som trur på Jesus ein del av det å bli ein kristen, eller er det ein domsakt som skjer etter at personen er blitt ein kristen? Det kan verke som ei flisespikkande problemstilling, men eg har forstått såpass at det svaret ein gjev vil ha ganske store konsekvenser både for den grunnleggjande evangelieforståinga og for spørsmålet om økumenikk. Hm. Vel, det er ei tricky problemstilling, og eg tør ikkje innta noko klar stilling her enno.
Elles, i mitt personlege sjølv-psyko-terapeutiske prosjekt er det ei problemstilling eg har tenkt mykje på i det siste: Kvifor har eg eit perfeksjonistdrag i min personlegdom? Er det arv eller miljø, liksom? Det kan vere kult å vere perfeksjonist; ein gjer det bra på skulen og har ein indre garanti for at arbeid/oppgåver som ein gjer, blir gjort med kvalitet. Og tja, ein får eit pent og pynteleg liv. Samstundes kan det bli ei tvangstrøye og ein skikkeleg brems: Ein unngår å ta valg, gjere ting ein burde, utfordre grenser, opne perspektiv etc. fordi ein fryktar å ikkje oppnå beste resultat, og fordi ein fryktar skammen ved eit (av ein sjølv, ikkje dei andre, oppfatta) nederlag.
Vel, det er i alle fall noko eg medvite kan utfordre i mine tanke- og handlingsmønster, det er klart. Men då må ein fyrst identifisere kva tankar det er som faktisk er drivkrafta her. Hm. Og det prøvar eg å finne ut. Ein annan sak som eg også tykkjer er interessant å tenke over, er korleis...vel...ingen er ein objektiv tolkar av Bibelen og kristendomen, ikkje sant. Alle har sine subjektive tilsnitt, fargingar, blikk. Og eg tenker over korleis det er visse sider ved forkynning og kristendomsforståing, ikkje minst dei som har med "lova" å gjere, som har blitt "magnetisk tiltrekt" av min personlegdom, og slik fungert sjølvforsterkande.
(Det er også ein viktig grunn til at eg generelt har studert teologi, og til at eg no meir spesifikt studerer NT; mitt personlege liv er vevd så tett inn i desse skriftene at dei erkjenningane eg kjem fram til får reelle konsekvenser i mitt liv - i ei eller anna form. Så eit opprydningsarbeid må til - teologisk og psykologisk, på sett og vis.)
Det er eigentleg veldig interessant å tenke på det, og eg er heilt sikker på at det fungerer på same måten også for andre folk: Med eins eigen personlegdom veljer ein - ofte umedvite - ut det i Bibel/krd. som har størst appell eller tiltrekningskraft for ein sjølv. (D. e. "ein sjølv", som nok i langt sterkare grad enn dei fleste av oss tenker på er eit produkt av kulturen rundt ein). Ein kan naturlegvis ikkje unngå dette heilt, men ein kan gjere den subjektive biten mindre og mindre, så å seie, ved å gå inn i ein hermeneutisk sirkel. I klartekst: Ved å lese Bibelen og høyre god (og gjerne variert!) forkynning.
Det er faktisk ganske sunt for den tenkande kristne å høyre forkynning frå ulike konfesjonelle samanhengar, nettopp for å setje fart i sirkelen. Er det noko eg har forstått ganske klart i løpet av dei siste månadene, er det korleis ein ikkje kan unngå å bli farga av sin tradisjon og sine omgjevnader i si bibellesing, men at det er vanskeleg å innsjå dette før ein verkeleg får sett seg inn i alternative seriøse bibellesingar.
Men uansett, attende til poenget: Noko av det eg må lære meg, er at i ein gjeve situasjon med 1000 forskjellige handlingsmoglegheiter, så er ofte det nest-beste i praksis like bra som det beste, og dersom ikkje, så er det sannsynlegvis uansett ingen som bryr seg. Og viktigare: At det skulle finnast eitt avgrensa handlingsalternativ som kan omtalast som "det beste" er i alle høve som regel ein stor illusjon.
Omtrent utelukkande på grunn av den kule musikken.

0 comments:
Post a Comment