Monday, March 30, 2009

Heihei

- Så var Gloria-konserten ferdig. Det var veldig stas, det gjekk veldig fint også. Set stor pris på koret. Trur vi skal ha ein konsert til i mai, så vidt eg har forstått. Då er de alle velkomne til å høyre.

- Elles ser eg at ung-jord kreasjonismen har fått ei god leiing på poll'en min. Interessant å sjå.

- No reiser eg til Telemark for nokre veker. Ein del gudstenester og sånn. Så kjem eg attende til Oslo etter påska, då blir det gig i bursdagen til Kari E.

Friday, March 27, 2009

Hahahaha



Thursday, March 26, 2009

Wandrers Nachtlied II



Über allen Gipfeln
Ist Ruh,
In allen Wipfeln
Spürest du
Kaum einen Hauch;
Die Vögelein schweigen in Walde.
Warte nur, balde
Ruhest du auch.

Over all the hilltops
is calm.
In all the treetops
you feel
hardly a breath of air.
The little birds fall silent in the woods.
Just wait... soon
you'll also be at rest

Tuesday, March 24, 2009

Litt nytt

- Eg var på Favorit Pizza og Kebab. Kjøpte dagens middag. Han hyggelege fyren bak disken spurte kva eg jobba med. Eg sa at eg var prest i Den norske kyrkja. Eg spurte om han var muslim. Han var litt tilbakehalden med å svare. "Kva trur du?" sa han. Eg spurte kvar han var frå. "Pakistan". Då sa eg: "Då er du heilt sikkert muslim". Ja, det stemte, det. Men så var han veldig raskt ute med å spørje: "Likar du muslimar?" Eg sa: "Ja, det gjer eg. Eg meiner vi har mykje å lære av kvarandre, sjølv om vi er usamde om ein del ting. Til dømes..." Men så vart eg avbroten. Han sa: "Jeg liker også kristne. Jeg liker ikke kriminelle som er muslimer i Norge."

Eg tenkte ein del på denne samtalen då eg gjekk til Fjellhaug etterpå. Hm. Mange røyster i den offentlege debatten er djupt mistruiske til islam og muslimar. Det var nok dette som vart avspegla hjå denne unge og hyggelege muslimen på Favorit Pizza og Kebab. Eg fekk diverre ikkje sagt han noko direkte evangelisk, men eg fekk i alle fall markert ei positiv haldning til han. (Dette er jo også ein del av evangeliet, i breiare forstand: Å ta imot menneske).

- Som nokre av dykk veit, skreiv eg ein del om Israels Gazakrig for ei stund sidan. Hamas driv svært umoralsk krigføring, dei bryr seg ikkje om krigsetikk. Men Israel seier at dei gjer det, og for ein stor del gjer det. No har imidlertid ein rapport blitt presentert, med vitnesbyrd frå israelske soldatar som tenestegjorde i krigen. Det er til dels sjokkerande lesing. Du kan lese her.

- Fjellhaug vokalensemble skal ha konsert til sundag, kl. 19, i Sinsen kyrkje. Og du er velkomen! Det blir mykje fin musikk og forkynning. Eg skal også synge solo.

- For å vinne ei kvinnes hjarta treng ein: Sjølvtillit. Og mot.

- Så har eg lånt N. T. "Wrights Jesus and the victory of God". For andre gong. Eg har så lyst til å få pløyd gjennom den boka, sjølv om det er 700 sider. Vi får sjå, vi får sjå.

Sunday, March 22, 2009

SV - fiende av trusfridom

Det fylgjande er vedteke på SV sitt landsmøte:

"Pedagogiske og religiøse alternativer skal på sikt avvikles. Barn som har behov for alternativ pedagogikk skal få det i den offentlige skolen."

Eg siterer frå menneskerettane, art. 26, punkt 3:

"Parents have a prior right to choose the kind of education that shall be given to their children."


La meg seie det slik: Dette byrjar å nærme seg det punktet då eg som prest kan, eller bør, tale mot SV sin politikk på preikestolen. At dette vedtaket har prinsipielle implikasjonar bør vere heva over tvil.

Det er viktig å spørje: Kva er den drivande krafta bak dette vedtaket? Kvifor er det så viktig for SV at alternativ pedagogikk skjer i offentleg regi? (Merk: Utsegna frå landsmøtet seier ikkje noko om at religiøse alternativ skal bli undervist i den offentlege skulen!) Vel: Det er vanskeleg å kome unna at dette handlar om makt, og om kontroll av trusoppfatningar og meiningar. Det er rett og slett veldig stygt.

Like eins med SV sitt vedtak om friskular (der dei for øvrig går mot sitt tidlegare kompromissvedtak med KrF om å oppretthalde pengestønad til alternative skular) kjem dei med eit vedtak om å ta pengestønaden frå trussamfunn som praktiserer kjønnsmessig tenestedifferensiering ved tilsetjing. Det er også stygt, og eit overgrep mot trusfridomen.

At kristne kan forsvare dette partiet, så lenge dei står for denne politikken, det er vanskeleg å forstå. Politikk handlar naturlegvis om veging for og imot, om undersøking av argument, fornuftsmessig resonnering etc. SV har eit bra miljøengasjement, og dei kjempar for fattige. Og sjølvsagt vil ein aldri finne "det perfekte parti". Men å stemme for eit parti som vil avgrense religiøse menneske sin rett til å ha meiningar, og utøve og lære bort desse meiningane, det kan svært vanskeleg vere i den kristnes interesse. For med sin politikk er SV med på å undergrave sjølve livsgrunnlaget for kristne i Noreg.

Saturday, March 21, 2009

Det nye salmebokforslaget

Her fylgjer eit oversyn over dei salmane som etter forslaget vert uteletne i den nye salmeboka. Eg har sett ei stjerne ved dei salmane eg veldig gjerne skulle hatt med vidare. Dette gjeld i sterk grad Brorsons salmar; eg må seie det er trist at så mange av hans salmar ikkje vert vidareførte.

I parentes etter kvar kategori vil du finne nokre tal. Det fyrste viser kor mange salmar i kategorien som er teke ut. Det andre talet viser kor mange salmar det er totalt i kategorien i den noverande salmeboka. På grunnlag av desse to tala kan eg då rekne ut kor mange prosent av salmane i ein gjeven kategori som er teke bort.

Det fjerde talet (b.) viser kor mange salmar innanfor denne kategorien som kjem inn i den nye salmeboka. Det femte og siste talet viser då netto auke/minke i kvar kategori. I og med at det har skjedd nokre små endringar her og der med kateogoriane, blir ikkje tala heilt tipp topp korrekte. Men dei gjev likevel eit nokonlunde inntrykk av vektleggjing i den nye salmeboka.

Merk elles at det er kome til to nye kategoriar i salmebokforslaget: "Stillhet og ettertanke", samt "Undring og lengsel".

ADVENT (a. 9/28=32% b. 5 c. -4)
*7: Hvorledes skal jeg møte og favne deg, min skatt (Gerhardt/Brorson)
8: Opp, gled dykk alle (Kingo/Blix)
9: Opp, se dagen nå frembryter (Freylinghausen/Brorson)
10: Til høgtid no seg samle (Brorson/Skard)
*11: På Jesu død og dyre sår (Brorson)
*16: Når synderen rett ser sin våde (Brorson)
17: Sjå, Jerusalem, sjå, din konge kjem (Blix)
21: Herre, du Herre, skal vokse (G. Jensen)
27: Det lid med natta (A. Hauge)

JOL (a. 7/44=16% b. 18 c. +11)
33: Klinge skal eg jubelkor (Lat./P. Lønning)
39: Hjerte, løft din gledes vinger (Gerhardt/Brandt)
40: Stem opp med glede en lovsang (Tersteegen/Landstad)
*46: Nå er frelsens dag opprunnet (Dansk/Landstad)
51: Å du heilage, nådeberande julefest (Falk/Slapgard)
66: Gud sin egen Sønn oss gav (G. Jensen)
72: Bryt ut i sang! (Skeie)

STEFANUSDAGEN (a. 3/8=38% b. 2 c. -1)
73: Lov Kristi velgjerd (Lat./Ørjavik)
*74: Stå fast, min sjel (Brorson)
79: Å Guds martyrar, sæle vitneskare (A. Hovden)

NYÅRSDAG (a. 4/7=57% b. 2 c. -2)
81: I Jesu navn skal all vår gjerning skje (Friderichsøn)
82: Ditt navn, o Jesus, lokker meg (Rist/Brorson)
83: Ditt namn, min Jesus, verdig er (Rist/Støylen)
87: Pris vår Gud og Herre stor (Salme 136/Granborg)

OPENBERRINGSTIDA (a. 5/11=45% b. 5 c. 0)
88: Guds son i krubba funnen (Cruciger/Støylen)
90: O Krist, du sanne lys og vei (Heermann/Landstad)
91: Vær trøstig, Sion, Jesu brud (Kingo)
95: Ber no bod til alle land (Blix)
96: Lat oss lova Gud for gåva (Støylen)

KRISTI FORKLÅRINGSDAG (a. 1/6=17% b. 1 c. 0)
100: Han stod med strålekransen (Grundtvig/Skard)

FASTETIDA (a. 3/9=33% b. 3 c. 0)
*107: Den tro som Jesus favner (Brorson)
110: Reis deg, Herre, i ditt velde (A. Hovden)
111: Sjå, verdi er full utav freisting (A. Hovden)

MARIA BODSKAPSDAG (a. 1/6=17% b. 5 c. 4)
116: Syng høyt om Herrens miskunnhet (Luk 1,46-55/Wallin/Landstad)

PASJONSTIDA (a. 2/14=14% b. 4 c. 2)
120: Jesus, dine dype vunder og din smertefulle død (Heermann/Arctander)
127: Jeg ser min Herres hender (Skavlan)

PALMESUNDAG (a. 2/4=50% b. 5 c. 3)
135: Jesus, store seiervinner (Ingemann)
136: Opp, Guds folk, lat songen ljoda (Skard)

SKJÆRTORSDAG (a. 3/9=33% b. 2 c. -1)
143: Jesu disipler, la oss sammen minnes (Cramer/G. Jensen)
144: Herre, hvor skal vi gå hen? (Grundtvig)
*145: Jesus, eg deg trur på ordet (Blix)

LANGFREDAG OG PÅSKEAFTAN (a. 5/19=26% b. 12 c. 7)
153: Ære til deg, Kristus, for den angst og nød som du led (Bonn/Skeie)
154: Jesus, du mitt liv vil vera (Homburg/Støylen)
159: Du bar ditt kors, o Jesus mild (Gejer)
162: Han på korset, han alene er min fred (Runeberg/G. Jensen)
163: Så elska Gud oss, at han gav sin kjære Son (Blix)

PÅSKETIDA (a. 6/31=19% b. 3 c. -3)
168: Å påskedag, du høgtidsstund (Lat./Skaar)
170: Oppstanden er den Herre Krist! (Lat./Buvarp)
173: Opp, sjel, bryt søvnen av og se til Jesu grav (Kingo)
176: Av hjarta eg gler meg at Jesus oppstod (Borrebye/Landstad/Støylen)
181: Jesus, som iblant oss står (Brun)
185: Stå opp, min sjel, i morgengry (Wexels)

HELGETORSDAG (a. 6/9=67% b. 5 c. -1)
197: Du vere lova, Jesus Krist (Lat./Smemo)
198: Til himlen opp for Herren Krist (Lat./Norheim)
201: I dag skal alle ting sjunge (Brorson)
203: Gud har fra evighet givet sin Sønn oss til Herre (Kampmann/Landstad)
204: I dag er det helg frå hei til hav (Skard)
*205: Herre, jeg ser på bergets topp (G. Jensen)

PINSE (a. 5/24=21% b. 7 c. 2)
212: O Hellig Ånd, du skatt så skjønn (Ringwaldt/Jonæsøn)
220: Frå himmelen Guds ande for (Grundtvig/Blix)
225: Kom, Heilag Ande, himmeltrøyst (Blix)
226: Du, Herre, dogg frå himlen (Briem/Hovden)
229: Ånden er kommet til oss ned (Trautwein/Skeie)

TREEININGSSUNDAG (a. 3/6=50% b. 2 c. -1)
230: Vi trur på Gud, vår Fader god (Nikenum/Luther(Støylen)
232: Opp, salmar, song og tonar (Wallin/Støylen)
235: Himmeriks heim høyrer heimen til (Hauge)

BOTS- OG BEDEDAG (a. 3/7=43% b. 0 c. -3)
236: Herre, Gud Fader, du vår høgste trøyst (Lat./Brunvoll)
238: Vend bort din vreide! (Thymus/Ørjavik)
240: Det kveldar snøgt for denne verd (Selnecker/Ørjavik)

HELGEMESSESUNDAG (a. 1/8=13% b. 0 c. -1)
248: Om salighet vi synger (Dahl)

SISTE SUNDAG I KYRKJEÅRET (a. 4/10=40% b. 0 c. -4)
251: Jesus ved Guds høgre tronar (Maurus/Grundtvig/Støylen)
254: Tiden svinner, tiden rinner (Stub)
255: Livet lid, til kvelds det hallar (Blix)
258: Vi hilser din gjenkomst (Skjånes)

GUDS STORDOM OG HERLEGDOM (a. 4/20=20% b. 7 c. 3)
267: Underfulle konge, du som allting bærer (Neander/Jensen)
271: Halleluja! Vår Gud er stor (Zetlitz/Zwilgmeyer)
276: Lovsong skal all heimen kveda (Salme 100/Skard)
277: Stå opp og lova Gud (Støylen)

GUDS SKAPARVERK (a. 3/14=21% b. 7 c. 4)
284: Heilag, heilag, Herre stor (Montgomery/Støylen)
289: Kom, lat oss lova vår Herre (Nilsson/Støylen)
294: Gud skapte jorda med blomar og strå (Ellingsen)

GUDS OMSUT (a. 6/26=23% b. 14 c. 8)
*305: O Gud, forstanden fatter ei (Schrader/Brorson)
306: Gud som har oss alle kjær (Barnevers/Smemo)
313: Me fagnar deg, Gud, vår utløysar og skapar (Cory/Hovden)
315: Han som verka i det dulde (Lønnegraff)
317: Eg lyfter augo mine (Salme 121/Bjerkrheim)
318: Tusen stjerner blenkjer (Frostenson/Smemo)

KRISTUS, VÅR FRELSAR (a. 14/29=48% b. 14 c. 0)
323: Herre Jesus Krist, eg veit så visst (Sthen/Blix)
*325: Ett behøves, dette ene (Schröder/Brorson)
*326: Jesus, når jeg skuer ned (Arnschwanger/Brorson/Landstad)
*327: Store profet med den himmelske lære (Neander/Brorson)
*328: Å, hvor er jeg vel til mote (Brorson)
*337: Herre Jesus, gode hyrde (Skaar)
*340: Kva tykkjer du om Jesus Krist (Blix)
*341: Sjå, han gjeng inn til syndig mann! (Blix)
*342: Å du store kjærleiks under (Blix)
344: Førehenget rivna sunder (Hovden)
345: Ditt kors, o Krist, ble verdens sol (Holme)
347: Kven er han som bur i stjernehall (Frostenson/Brunvoll)
348: Jeg vet ingen, ingen som Jesus ikke synes om (Blennow/Nordhaug)
349: Lyset skinner over jord (Frostenson/Ellingsen)

DÅPEN OG TRUA (a. 2/11=18% b. 11 c. 9)
356: Gud hald oss fast i trui sann (Skard)
357: Dei bar fram born til Jesus (Jeppsson/Hillestad)

TAKK OG TILBEDING (a. 5/19=26% b. 11 c. 6)
*365: Å hvilken ære, for tanken altfor stor (Brorson)
366: Opp, du min sjel, med sang (Kahl/Brunvoll)
367: Min Jesus, lat mitt hjarta få (Lund/Støylen)
373: Å, var min sjel av takk så full (P.Jensen)
374: Frydetonen går mot tronen (Lat./Dick)

BØN OG FORBØN (a. 4/10=40% b. 8 c. 4)
*380: Jeg er rede til å bede (Neander/Brorson)
382: Hva kan veie opp den glede (Wexels)
385: Kom, sannings Ande, som or høgda talar (Topelius/Støylen)
388: På kne framfor Gud i Jesu namn (A. Hovden)

BOT OG OMVENDING (a. 7/16=44% b. 5 c. -2)
390: Eg ropar, Herre Krist, til deg (Agricola)
391: Til deg åleine, Herre Krist (Hubert/Ørjavik)
*392: I Jesus søker jeg min fred (Dansk)
*398: O Jesus, gjør oss ganske små (Landstad)
*400: Synd og sorg er syskenord (Blix)
*402: Opna hjartans dør vidare enn før (Storm/Lavik)
*403: Å, tenk på Gud i ungdoms år! (Blix)

LYDNAD OG ETTERFYLGJING (a. 10/25=40% b. 12 c. 2)
*409: Hvor Gud meg fører, går jeg glad (Gedicke/Brorson)
*410: Hvordan takker vi vår Herre (Brorson)
411: Gå varsomt, min sjel (Kolmodin/G. Jensen)
412: Jesus, Herre, på ditt ord (Liebenberg)
413: Hvor salig er den lille flokk (Holm)
420: Herre Jesus, lat meg læra av ditt ord (Blix)
421: Kristus, vår hovding, du kjærleikens konge (Tonning/Støylen)
*422: Eg fann min Gud i ungdoms år (Orheim)
424: Jesus, lat meg likna deg (Aalen)
429: Bli med, bli med til livet (Bjerkrheim)

TVIL OG ANFEKTING (a. 4/8=50% b. 6 c. 2)
*431: O Jesus, troens dyre skatt (Denicke/Brorson)
433: Å Jesus, med di frelsarhand (Skard)
435: Trøyst meg, frelsar, når i tvil (Hovden)
437: Mi hand er lagd i Herrens hand (Duun-Christensen/Norheim)

STRID OG SIGER I TRUA/TRENGSEL OG TRØYST (a. 12/40=30% b. 12 c. 0)
*439: Jesus, gi seier, livsfyrste og kilde! (Schröder/Hojer)
*441: Vår tro er visshet om å ha Guds nåde (Schrader/Brorson)
*442: Opp, våk og be, så du kan se (Brorson)
*447: Fred, det er eit fagert ord (Blix)
450: Be for oss, o Krist, i din himmel hist (G. Jensen)
*455: Var Gud ei med oss denne tid (Luther/Brunvoll)
458: Eit trufast hjarta, Herre min (Sthen/Ørjavik)
*462: Aldri blir den sjel til skamme (Olearius/Brorson)
*466: Di tyngre kross, di betre bøner (Schmolck/Støylen)
*469: Syrgjande, men alltid sæle (Blix)
474: Kom, du som eig eit hjarta sårt (Skarstein)
477: Våre harper ustemt henger (Skeie)

TRYGGLEIK OG GLEDE (a. 8/25=32% b. 19 c. 11)
481: Gud skal allting laga (Stockmann/Hovden)
*482: Jeg slipper Jesus ei (Tysk/Dansk)
*483: Nå har jeg funnet det jeg grunner (Rothe/Brorson)
*484: Vær frimodig, redde hjerte (Brorson/Landstad)
*485: Glede uten Gud ei finnes (Wallin)
496: Gud Faders vesle barn eg er (Støylen)
501: Båten var så liten, bølgene som hus (Frostenson)
503: Barna kom til Jesus (Hallqvist/Skeie)

MISJON (a. 8/23=35% b. X c. -8)
504: O Herre Krist, vårt lys på jord (Heermann/Ellingsen)
507: Våkn opp igjen, du ånd som brente (von Bogatzky/Landstad)
513: Renn opp, vår sol, med sæla! (Blix)
515: Vår seiersæle helt og drott (Johnson)
516: Send ut, o Jesus kjære, din Ånd (Rajaobélona/Johnson)
517: Lysenes Far, vi takker deg (Johnson)
519: Til siger livsens fyrste dreg (Barstad)
521: Du så et syn, o Herre Krist (Zwilgmeyer)

KYRKJA OG SAMFUNNET AV DEI HEILAGE (a. 3/17=18% b. 11 c. 8)
532: Rettferds sol! Med signing blid (David/Norheim)
536: Herre, bevar og velsigne din aker (Landstad)
540: Kristi kyrkje Gud har grunna (Støylen)

GUDS ORD (a. 8/25=32% b. 1 c. -7)
544: Gud, sjå frå himmelen til oss (Salme 12/Luther)
*545: Gud, hold oss oppe ved ditt ord (Luther/Landstad)
557: Visdomsbøkers ord svinn som stjerner (Yuya/Lande)
558: Av berre det brød som gror på jord (Blix)
561: Her kjem me, Herre, på ditt ord (Blix)
563: Herre Gud, lat opp vårt øyra (Støylen)
564: Herre, ditt ord er vårt lys fra det høye (Brochmann)
565: Guds ord det er min hjelp i nød (Zwilgmeyer)

SUNDAG OG KYRKJEGANG (a. 3/11=27% b. 2 c. -1)
*569: Velsignet dag, o Frelser blid (Palladius/Landstad)
574: Det er så godt å vitja Guds hus (Blix)
576: Du kristenfolk i Gud deg gled (Støylen)

TIL OPNING (a. 3/15=20% b. X c. -3)
588: Hvor to og tre forsamlet er (Landstad)
593: Du kalte oss til kirken (Nordhaug)
594: Du kalla oss til kyrkja (Nordhaug)

TIL SLUTNING (a. 3/17=18 b. X c. -3)
*598: Lov og takk og evig ære være deg (Kingo)
605: Å, salig den Guds ord har hørt (Brun)
610: No vil eg aldri Jesus gløyma (Støylen)

DÅP (a. 3/9=33% b. 11 c. 8)
615: Å du som tek dei små i famn (Frimann/Støylen)
616: Anden over vatnet sveiv (Blix)
617: Her kjem me, Jesus, på ditt ord (Hovden)

SKRIFTEMÅL (a. 7/12=58% b. 1 c. -6)
621: Å Gud, du ser kor tung ho er (Rutilius/Brunvoll)
*622: Herre, jeg har handlet ille (Franck/Landstad)
623: Kvar flyr eg frå Gud (Kolmodin/Støylen)
625: Å, se i nåde til meg ned (Frimann)
629: Min frelser, du som legedommen eier (Hansen)
630: Gud, eg er ein syndar stor (Blix)
631: Om du av synd og skam er sprengd (Hovden)

NATTVERD (a. 8/27=30% b. 6 c. -2)
636: Jeg kneler på din alterfot (Kingo)
637: Å Jesus, kjære Jesus (Kingo/Støylen)
643: Vår Herre Jesu minnefest (Grundtvig/Hovden)
*644: Jesus, når jeg nu skal knele (Moe)
*645: Herre Jesus, kom til stede (Landstad)
648: Vår Gud, ver evig lova for denne nattverdsgåva (Støylen)
653: Deg, herlegdoms konge, prisar vi (Höfer/Brunvoll)
655: O Gud, i verdens ørkenland går nu ditt folk (Olsen)

KONFIRMASJONSTIDA (a. 3/9=33% b. 5 c. 2)
662: La denne dagen, Herre Gud, for oss velsignet være (Brun)
664: Din Frelsar ser på deg i dag (Barstad)
667: Vi er døypte til å vera Kristi krossmenn (Ø. Hovden)

VIGSEL (a. 4/7=57% b. 6 c. 2)
670: La huset bli bygget på Ordets klippegrunn! (Paulli)
671: Allmakts Gud og kjærleiks Fader som signar livet (Støylen)
672: Gud Fader, du velsigne deim (Hovden)
673: Kom, Jesus, ver gjest i vårt bryllaup! (Hildebrand/Hauge)

VIGSLING TIL KYRKJELEG TENESTE (a. 7/12=58% b. 0 c. -7)
676: Vår prest som oss skal lære Guds dyre sanning all (Matzsøn/Landstad)
679: Herre vår Gud med det ømmeste hjerte (Wexels)
*680: Knel, du Kristi vitneskare (Landstad)
681: Ei for å tjenes Herren kom (G. Jensen)
682: Min Herre har kalt meg, og glad jeg vil gå (Skavlan)
683: Din kjærleik, Jesus, evig er (Lönegren/Tufteland)
687: På Herrens tempel bygges (Biørn)

KYRKJEVIGSLING OG KYRKJEJUBILEUM (a. 1/6=17% b. X c. -1)
688: Gud Faders navn og ære, hans hus og helligdom (Kingo/Landstad)

KJÆRLEIK OG TENESTE (a. 4/18=22% b. 7 c. 3)
700: Eit ord, eit lite vørdlaust ord (Hovden)
701: Å, har du høyrt den gråten sår (Hovden)
702: Å, var det så vel at eg kunne trøysta (Aalen)
721: Alt liv er kalt fram på ditt skapende bud (Ellingsen)

RETTFERD OG FRED (a. 2/12=17% b. 9 c. 7)
723: Kom, Jesus, lys din fred på ord (Aartun)
724: Det er jubel, det er takk i all min sjel (Oftedal)

FOLK OG FEDRELAND (a. 1/7=14% b. 1 c. 0)
735: Fred og frihet Norge eier (Landstad)

OLSOK (a. 3/5=60% b. 3 c. 0)
742: Milde Gud og folkefader (Skard)
743: Fedrane kyrkje i Noregs land (Eklund/Støylen)
744: Norges folk og Norges rike på høytidsdag (Brun)

HEIM OG ARBEID (a. 6/11=55% b. X c. -6)
746: Velsignet er det hjem for visst (Pfeil/Jensen)
749: I Guds fred arbeid og bed! (Blix)
752: Gud, lys om heimen vår din fred (Støylen)
754: Takk, Gud, at også jeg får gå (Bolander/Brændeland)
755: Du gav meg, min Skapar, ein teig (Sundell/Norheim)
756: Du gav meg, Gud, eit liv i denne verd (Brunvoll)

ÅRET (a. 4/13=31% b. 14 c. 10)
*758: O Gud, som tiden vender (Brorson)
759: For deg, vår Herre, er tusen år å rekne (Salme 90/Grundtvig)
761: Eit år me ser no atter renna (Rambach/Blix)
764: Som vårsol renn med morgonglo (Grundtvig/Skard)

DAGSTIDENE (a. 17/54=31% b. 22 c. 5)
772: Den mørke natta liden er (Sthen/Norheim)
776: Evighetens morgenglans, lys fra aldri uttømt kilde (Rosenroth/Brodal)
778: Morgonstund har gull i mund (Grundtvig/Støylen)
784: Sjå, dagen renn i aust på ny (Støylen)
786: Sjå, dagen renn, det ljosnar meir og meir (Slapgard)
788: Nå stiger sol av hav igjen (Skeie)
794: Du som med miskunnhet metter alle munner (Brun)
795: Velsign vårt måltid, Fader vår (Berggrav)
796: Velsign de gaver du oss gir (Frostenson/Brodal)
797: Far i himlen, du som gir oss (Brodal)
798: Lovsyng Gud som gav oss livet (Iveland)
803: Den ljose dagen liden er (Sthen/Støylen)
804: No kviler skog og lundar (Gerhardt/Støylen)
*813: Slokt er dagens lyse flammer (Landstad)
822: No luter blom på enger (Vaage)
825: Som fagre blomen ydder (Pétursson/Hovden)
826: Her møtes alle veie (Grundtvig)

FRAMFOR DØDEN/DET FORGJENGELEGE LIVET (--> VED LIVETS GRENSE/LIVETS SLUTT OG GRAVFERD)(a. 4/15?=27% b. 13 c. 9)
832: Å Gud, mi dyre tid, ho renn ifrå meg! (Norderval)
833: Himmelskapar, høyr bøn frå den som døyr! (Tumason/Støylen)
834: Du Herre Jesus, Gud og mann (Eber/Ørjavik)
*836: Bedre kan jeg ikke fare (Beich/Landstad)

DEN KRISTNE VONA (a. 8/28=29% b. 12 c. 4)
839: Lat sorga og klaga di stilne (Prudentius/Ørjavik)
847: Den siste skilnad er vel sår (Jónsson/Grundtvig)
851: Å, min sjel, du går og vanker (Stub)
852: Snart klarner opp den dunkle sky (Frimann)
854: Ikke sørg for dem som sover med Guds fred (Grundtvig)
859: Renn opp over grav, du signa sol (Blix)
861: Pris være ham, den smertens mann (Sexe)
865: Snart river dine hender det siste tunge forheng bort (Skeie)

Friday, March 20, 2009

Our idea of a prank :)

Thursday, March 19, 2009

Den nye dåpsliturgien målbærer grunnleggende teologiske endringer

(Kronikk til DagenMagazinet)

Innledning
I 2003 ble arbeidet med den nye gudstjenestereformen påbegynt i Den norske kirke. Arbeidet med ny dåpsliturgi har særlig skapt debatt. Kirkerådets sak KR 14/08 forteller at Nemnd for gudstjenesteliv ”har viet dåpsliturgien mye tid, for om mulig komme fram til formuleringer som alle kunne enes om. Det har vært krevende å samle sprikende synspunkter, men ikke desto mindre viktig.” Ett forslag ble imidlertid til slutt godkjent av Kirkerådet. Dette forslaget er nå ute på høring. Etter planen skal den avsluttende godkjennelsen av den nye dåpsliturgien finne sted på Kirkemøtet i 2010. Mange av endringene i den nye dåpsliturgien har tydelige teologiske implikasjoner og reflekterer utvilsomt ulike teologiske grunnsyn. I det følgende vil det bli stilt en rekke spørsmål vedrørende den foreslåtte dåpsliturgien.

"I dåpen åpner Gud sitt store fellesskap..."
- I den nye dåpsliturgien finner man en variant med formuleringen ”I dåpen åpner Gud sitt store fellesskap...” Den nytestamentlige, greske ekvivalenten til det norske ordet ”fellesskap” er ” koinånia”. Dette siste ordet sikter i NT rett og slett til ”delaktighet i noe med noen”. I NT er ordet oftest brukt om det å ha fellesskap med/delaktighet i Jesus Kristus. I den nye dåpsliturgien forblir uttrykket upresist. Hvorfor – når det lett kunne blitt presisert med bibelske formuleringer?

"I dåpen fører Gud fra død til liv..."
- Videre finner man følgende variant: ”I dåpen fører Gud fra død til liv...” I NT omtales død og liv som regel i bestemte former. Med hensyn til frelsen tales det i absolutte kategorier: Enten har man det evige livet ved troen på Kristus, eller ikke. Hva er årsaken til at den nye dåpsliturgien har ”død” og ”liv” i ubestemte former?

"I dåpen gir Gud oss del i sine gode gaver..."
- En tredje variant lyder: ”I dåpen (...) [gir Gud] oss del i sine gode gaver.” I NT kan det generelt sett tales om Guds gode gaver (Matt 7,11; Jak 1,17), men dette er heller unntaket enn regelen. Gavebegrepet presiseres: Guds gaver kan sikte til utrustning, til frelsen i Jesus Kristus, eller Den Hellige Ånd. Hva sikter den nye liturgien til med uttrykket ”[Guds] gode gaver”? Er intensjonen at det skal være frihet til å tolke ”gave” i ulike retninger?

"Kirke" eller "troende menighet"?
- ”[Gud] har tatt deg inn i sin troende menighet” er i den nye liturgien byttet ut med ”[Gud] har tatt deg inn i sin kirke”. Dette begrunnes slik i høringsdokumentene: ”’Troende menighet’ lyder svært internt i dagens kirkesituasjon. Samtidig er det lite troende at ’kirke’ høres uten de elementene de karakteriserende ordene skulle ivareta.” I nytestamentlig forstand er kirken ”forsamlingen av de hellige, der evangeliet blir lært rent og sakramentene forvaltet rett.” (CA, art. VII). Er det mest sannsynlig at ”kirke” i den nye dåpsliturgien vil bli tolket på denne måten, eller vil ordet i stedet bli tolket som ”Den norske kirke”? Dersom sistnevnte er tilfelle, hvorfor presiseres da ikke begrepet?

"...under syndens og dødens vilkår."
- Den nye liturgien har følgende formulering: ”Vi er mennesker under syndens og dødens vilkår(...)” Dette er – oppsiktsvekkende nok – eneste gang uttrykket ”synd” brukes i den nye dåpsliturgien. Formuleringen er en tydelig markert avsvekkelse av syndsforståelsen i dåpsliturgiene av 1920 og 1992. Begrepet ”vilkår” korresponderer bare delvis med det paulinske ”lov”, som i Rom 8,2 sikter til ”regel”, ”ordning”, ”prinsipp”, ”makt”, ”bindende autoritet”.

I norsk språk har begrepet "vilkår" synonymer som ”betingelser”, ”forutsetninger”, ”kår”, ”forhold”, ”omstendigheter”. Det kan altså tolkes i flere retninger. Dåpsliturgiens utsagn om menneskets status kan dermed karakteriseres som en blek skygge av bekjennelsens utsagn om arvesynden. CA II: ”...alle mennesker som er forplantet på naturlig vis, etter Adams fall blir født med synd, det vil si uten frykt for Gud, uten tillit til Gud og med begjær.” Jfr. særlig Rom 8,7 og Ef 2,3. Spørsmålet blir: Hvorfor har man valgt et så utydelig og upresist uttrykk om selve hovedårsaken til dåpens nødvendighet?

"Rens oss ved dette vannet..."- Ved hellingen av dåpsvannet i døpefonten kan man velge følgende variant: ”Send din Ånd over dåpens vann og gjør det ved ditt ord til en nådens kilde. Rens oss ved dette vannet, og gi oss del i ditt rike”. Den naturlige tolkningen av denne bønnen er at menigheten (”oss”) trenger renselse ved dåpsvannet som er for hånden i gudstjenesten. Er dette virkelig meningen?

Hvem er Guds barn?
- Om begrepet ”Guds barn” sies det i høringsdokumentene: ”i det bibelske materialet er bruken av begrepet Guds barn så mangfoldig og flertydig at det kanskje er lite tjenlig å benytte dette i dåpsliturgien.” Til dette kan man svare: I GT hender det at begrepet ”gudesønner” brukes om engler eller konger. I NT tales det ofte om å være Guds barn, eller om å ha Gud som Far. Guds barn er de som er gjenfødt ved troen på Kristus, og som følger etter ham. Det er vanskelig å se at man kan finne noen støtte i NT for den tanke at alle mennesker er Guds barn eller at Gud er alle menneskers far (se begrunnelse i artiklene ”patær” og ”pais Theou” i Gerhard Kittels Theological Dictionary of the New Testament). Hvor er da dokumentasjonen for den påståtte mangfoldighet og flertydighet? Og dersom en slik dokumentasjon ikke blir presentert, hvor er da den legitime begrunnelsen for å ta bort leddet ”gjort deg til sitt barn”?

Syndenes forlatelse i dåpen
- Et svært sentralt – kanskje det mest sentrale – uttrykket for frelse i NT er ”syndenes forlatelse” (el. l. uttrykk) I tilknytning til dåpen har dette fått nedslag i våre bekjennelser, jfr. Nikenums ”én dåp til syndenes forlatelse” og Luthers lille katekismes ”[Dåpen] gir syndenes forlatelse, frelser fra døden og djevelen, og gir den evige salighet til alle som tror dette, slik som Guds ord og løfte lyder.” Derfor har også Luthers dåpsliturgier fra 1523 og 1526 bevart leddet ”tilgitt deg dine synder” i tilsigelsen etter dåpen. Hvorfor innføres ikke dette leddet – som påviselig har solid støtte i NT’s (og for så vidt også oldkirkens) dåpsforståelse – også i vår dåpsliturgi?

Avsluttende replikk
Med utgangspunkt i disse anmerkningene må det understrekes at den foreslåtte dåpsliturgien representerer en avsvekking og utydeliggjøring av viktige punkter i bibelsk teologi. Etter min mening blir det derfor vanskelig å anbefale menigheter innenfor Den norske kirke å ta denne liturgien i bruk. Merk imidlertid at den foreslåtte gudstjenesteliturgien på generelt grunnlag åpner for at ”alt materiale fra tidligere liturgiske ordninger som er godkjent til bruk for Den norske kirke, tas i bruk som ressursmateriale.” (s. 64, ”Liturgi. Forslag til ny ordning for hovedgudstjeneste i Den norske kirke.” Eide forlag). Dette gjelder også dåpsliturgien. Dermed er det mulighet for fortsatt å benytte den nåværende dåpsliturgi, også etter at gudstjenestereformen er tredt i kraft.

Maria bodskapsdag, Luk 1,26-38

”Eplet fell ikkje langt frå stamma”. Dette smarte ordtaket brukar ofte folk når dei samanliknar ein son med sin far eller ei mor med si dotter. Vi kristne omtalar Jesus Kristus som Guds Son, og vi seier at Gud er Jesu Far. Men kva nøyaktig inneber dette? Korleis kan Gud, som er ånd og som er usynleg, ha eit menneske til son? Og på kva måte skiljer Jesus seg frå oss andre menneske? Og om Jesus har eit soneforhold til sin Far, altså Gud; på kva måte er det så likskap mellom dei to? Dette er naturlegvis store, grunnleggjande og ikkje minst omfattande spørsmål i kristen teologi, og få saker vart meir diskuterte i dei fire-fem fyrste hundreåra i kyrkjehistoria. Dagens preiketekst går rett til hjarta av denne viktige tematikken og gjev oss ein del viktige svar.

Det står skrive i evangeliet etter Lukas i det fyrste kapittelet:

”Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, 27 til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davidsætta. Namnet hennar var Maria. 28 Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» 29 Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. 30 Men engelen sa til henne:
«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.

31 Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
og du skal gje han namnet Jesus.

32 Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.

33 Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»
34 Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til, når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» 35 Engelen svara:
«Den heilage ande skal koma over deg,
og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
Difor skal òg barnet som blir født,
vera heilagt og kallast Guds Son.
36 Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden. 37 For ingen ting er umogleg for Gud.» 38 Då sa Maria: «Sjå, eg er ein tenar for Herren. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne.

Engelen Gabriel vart sendt frå Gud til ein liten landsby i Israel som heiter Nasaret. Dette var ikkje ein stor by. Kanskje var innbyggjartalet noko tilsvarande Kviteseid. I denne vesle landsbyen valte Gud seg ut ei ung, fattig kvinne på kanskje rundt 15 år. Ho var trulova med Josef, men dei hadde enno ikkje byrja å leve saman som mann og kone. Så ein dag kjem plutseleg engelen til henne og sa: ”Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!” Med desse orda gav Gabriel til kjenne at Guds velvilje og gunst kvila over Maria, og at Gud hadde valt ho ut til ei stor og viktig oppgåve. Marias reaksjon på alt dette er ganske forståeleg. Det står at ho ”vart forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda.”

”Mine tankar er ikkje dykkar tankar” seier profeten Jesaja. Så også her. Når USA sin president skal sende ein representant til eit anna land for å utføre ei viktig oppgåve så veljer han ikkje ut kven som helst. Nei, han sender ein ambassadør, ein statssekretær eller kanskje utanriksministaren. Men Gud, den store og herlege, han handlar annleis. Han veljer ut ei ung og fattig kvinne på landsbygda i Israel til ei stor og viktig oppgåve som han vil ha utført. Korleis skal så ho kunne representere Guds stordom og herlegdom? Men slik gjer Gud, og det er noko viktig å lære av dette: Gud er ikkje interessert i det som menneske tykkjer er stort, herleg og ærefullt. Nei, han leitar etter hjarta som er audmjuke, tillitsfulle, lydhøyre og lydige. Apostelen Paulus seier det slik: ”Det sterke i verda, det vise i verda, det som står lågt i verda, det som blir sett ned på, det som ikkje er noko, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, for at ingen menneske skal ha noko å vera stolte av for Gud.” David seier det også slik: ”Nei, offer for Gud er ei sundbroten ånd. Eit sundbrote og knust hjarta, det vanvørder du ikkje, Gud.”

Maria vart forskrekka over å få besøk av Gabriel. Men han tryggja henne og sa ”frykt ikkje!” Og så avslørte han kva oppgåve Gud hadde sett ut for henne: ”Du skal bli med barn og få ein son. Og du skal gje han namnet Jesus.” Naturlegvis ligg det også ein bodskap i det namnet Marias born skulle få. I vår kultur er namn mest å forstå som ein merkelapp, eit identifiseringsteikn vi festar på personar. I bibelsk forstand hadde namnet ein djupare funksjon. Namnet hadde ei tyding som sa noko grunnleggjande om personen som bar det. Namnet avslørte noko om historia eller eigenskapane til personen. Kva tyder så ”Jesus”? Jo, det kjem frå det hebraiske Jeshua, og det tyder ”Gud frelser”. Då Gabriel sa at Marias born skulle bere namnet Jesus, avslørte han dermed noko viktig om Guds plan for dette barnet. Dette barnet skulle på ein eller annan måte vere eit uttrykk for at Gud frelser.

Gabriel fylgjer også opp ved å seie meir om Jesus, og kva Gud ynskjer å gjennomføre gjennom han. Gabriel seier: ”Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste. Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans. Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.” For oss som lever i ein norsk kultur, fjernt frå Israel både i tid og rom, framstår nok mange av desse uttrykka som litt framande. Men for ein jøde på Jesu tid ville dei vere fullt forståelege, om enn oppsiktsvekkande! Gabriel seier at Jesus skal vere son til Den høgste. Uttrykket ”Den høgste” siktar sjølvsagt til Gud. Og at Gud skulle ha ein son, det ville vere forståeleg for jøden. I Det gamle testamentet høyrer vi fleire gonger om Guds søner. Det var eit uttrykk som vart brukt om kongar og englar, altså skapningar som hadde ei særleg makt og eit særleg nært forhold til Gud. Jesus skulle vere son åt den høgste.

Prøvar eg her å seie at Jesus ikkje er noko meir enn ein jordisk konge, eller ein engel? Det har vore dei i kyrkjehistoria som har gått i den retninga. Men ser ein på Det nye testamente som heilskap, vil ein finne at Jesus langt overgår dei som vert kalla Guds søner i Det gamle testamente. Jesus er noko meir, han er den einborne sonen, ja, han er Gud sjølv, som har eksistert frå æva av. Apostelen Johannes seier: ”I opphavet var Ordet – altså Jesus – og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud.” At Jesus var noko meir enn berre eit fromt menneske eller ein engel vert også stadfest av det engelen Gabriel sa om korleis Jesus skulle kome i Marias liv. ”Korleis skal dette gå til, eg veit jo ikkje av mann?”, spurte Maria. I jødisk polemikk mot kristendom i dei fyrste århundra var det éi anklage som gjekk ut på at Maria hadde hatt samleie med ein romersk soldat ved namn Pantera, og at denne soldaten altså var Jesu far. Men det er sjølvsagt uhistoriske spekulasjonar. Nei, seier Gabriel: Denne sonen som skal bli fødd hjå deg er ikkje noko vanleg menneske. ”Den heilage ande skal koma over deg, og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg. Difor skal og barnet som blir fødd vere heilagt og kallast Guds Son.” Altså: Jesus skulle ikkje kome i Marias liv på vanleg måte. Han skulle bli avla ved Den heilage ande.

Dette er hovudteksten i Bibelen om den såkalla jomfrufødselen. ”Fødd av Maria møy”, seier vi i vedkjenninga. Nokre har innvendingar mot ein slik tanke. Dei seier kanskje: ”Kan eit moderne, opplyst menneske tru på slike forestillingar? Eit barn fødd av ei møy? Har ikkje vitskapen motbevist at slikt går an?” Svar: Ja, eit moderne, opplyst menneske kan tru det. Og nei, vitskapen har ikkje motbevist jomfrufødselen. Sjølvsagt kan vi som kristne heller ikkje vitskapleg prove at det har skjedd. Vi trur det fordi Bibelen seier det slik, men også fordi vi veit at Gud har makt til å skape liv der det ikkje er liv, berre ved å bruke sitt ord. Og Bibelen seier at jomfrufødselen seier noko viktig om kven Jesus er: Han er utsendt frå Gud, og har sitt opphav hjå Gud på ein heilt unik måte. Paulus seier dette med litt andre ord i den berømte Kristushymna: ”Han var i Guds skapnad og såg det ikkje som eit rov å vera Gud lik, men han gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik.”

I stad sa eg at ein del av uttrykka som Gabriel brukte synest framande for oss, men ville vere enkle å forstå for ein jøde på Jesu tid. Særleg gjeld dette dei fylgjande orda av Gabriel: ”Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.” Kong David var den store helten i Israels historie, han levde nær Gud, var mektig i krig, og vann eit stort rike for Israel. Før David vart konge, hadde han fått høyre ein profeti av profeten Natan. Natan hadde sagt: ”Når tida di er ute, og du kviler hjå fedrane dine, då vil eg etter deg reisa opp din eigen son og etterkomar, og eg vil grunnfesta kongedømet hans.” Denne profetien om eit kongedøme for ein av Davids etterkomarar hadde jødane høyrt mange gonger. Og engelen Gabriel seier til Maria: No, i det barnet som du skal føde, skal denne profetien bli oppfylt.

[Og HER fann eg ut at hei! det er jo familiegudsteneste... Då må eg visst lage ein flanellografandakt i staden, gitt. Jaja.]

Gravferdstale for ei dame som var flink til å vise kjærleik

For nokre år sidan arrangerte avisa VG ei lita avstemming. Dei spurte: Kva er det vakraste ordet du veit om? Mange folk stemte, og eitt ord gjekk av med ein soleklar siger, nemleg det nynorske ordet ”kjærleik”. At dette ordet vann har naturlegvis ikkje berre å gjere med at det kling bra. Ord som ”alpakka” eller ”lavendel” kling jo også bra, men dei kom ikkje opp på lista. Nei, når det norske folk kårar ”kjærleik” til sitt favorittord, så har det å gjere med dei kjenslene som er knytta til ordet. Og ulike folk kan nok ha ulike oppfatningar knytt til ordet. Men dei fleste vil nok vere samde om at det dreier seg om varme, tilgjeving, omsorg, å vere ynska, mildskap, trufastheit og offervilje. Det kjennest godt å elske, og det kjennest godt å bli elska.

Går vi til Bibelen, vil vi finne at kjærleik blir skildra langt på veg på den måten som eg har gjort det her. Vi kjenner den såkalla ”kjærleikens høgsong” i fyrste korintarbrev. Det er ikkje utan grunn at dette kapittelet ofte vert nytta i vigslar. ”Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.” Slik skriv apostelen Paulus. Han set opp eit ideal for korleis kristne skal elske kvarandre og søkje å byggje kvarandre opp. Slik har også Gud gjeve bod om når han seier: ”Du skal elske nesten din som deg sjølv.” Det er ein viktig grunn til at vi bør trakte etter å elske kvarandre på denne måten og setje våre medmenneske foran oss sjølve. Og denne grunnen blir repetert mange gonger gjennom heile Det nye testamentet: Den viktigaste grunnen til at du skuldar å elske alle dine medmenneske, det er at det er ein som elskar deg med ein fullkomen kjærleik. Det er Gud.

Kva konkret meinast når Bibelen seier at Gud elskar deg og meg med ein fullkomen kjærleik? Er det meir enn vakre ord? Ja, det er det. Det er også mange konkrete handlingar. Det aller største vitnesbyrdet om Guds brennande kjærleik til sin skapning viste Gud då han for 2000 år sidan, i det vesle landet Israel, sjølv kom til jorda som eit menneske for å tene oss. Jesus Kristus, Guds son og Gud sjølv, sa det slik medan han vandra på jorda: ”Menneskesonen er ikkje komen for å la seg tena, men for sjølv å tena, og gje sitt liv til løysepenge for mange.” Det var difor Jesus kom til jorda; for å kjøpe oss frå domen som låg over oss på grunn av våre mange brot på Guds vilje. Jesus kom for å ta den domen på seg på krossen, slik at vi kunne gå fri. Og han gjorde det fordi han elskar deg og meg. Salmediktaren Lina Sandell seier det slik: ”Å vilken kjärlek, underbar, sann. Aldrig har nogon elskat som han!” Og på grunn av denne Jesus gjerning på krossen kan vi kvar dag få bøye oss for Gud og vedkjenne og angre våre synder for han, og så motta tilgjeving og fred.

Kan vi klare å elske kvarandre på ein så fullkomen måte som Gud elskar oss? Nei, vi kan ikkje klare det. For å bruke eit ekte norsk uttrykk: Det vil bli som å hoppe etter Wirkola. Men Gud har likevel gjeve oss eit førebilete å strekkje oss etter. Slik som Jesus har elska oss og gjeve sitt liv for våre synder, slik skuldar vi å elske våre medmenneske og bruke vårt liv på å tene dei slik som dei treng det. Difor seier Paulus: ”Lev i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss.”

Nokre fleire ord om den nye gudstenesteliturgien

Ok, dette blir litt fort og gæli, eg veit eigentleg ikkje kor mykje de lesarar av bloggen har interesse av dette. Men here goes nuthin':

- Liturgi. Nokre av lesarane kan jo litt gresk. Laos=folk. Ergon=Gjerning. Folkets gjerning. No. Liturgien er så å seie ryggraden i kyrkja. Samstundes er liturgien uttrykk for læra i kyrkja. Difor er det rett å tenke at liturgien skal uttrykke læregrunnlaget i kyrkja, d. e. Skrifta og vedkjenningane.

- Dette er jo interessant å tenke med på den noverande liturgien, som er ganske god. Denne vart vedteke i 1978, så vidt eg hugsar. Men mange av formuleringane var naturlegvis overtekne frå 1920-altarboka. Legg merke til formuleringane i den noverande liturgien, som ofte har ein bibelsk klangbotn:

"Sjå i nåde til meg, syndige menneske, som har krenka deg med tankar, ord og gjerningar, og kjenner den vonde hugen i hjarta mitt. For Jesu Kristi skuld, ha tol med meg. Tilgjev meg alle mine synder, og gjev at eg må ottast og elska deg åleine."

Ein kan slå opp i sin Bibel og finne att uttrykka i liturgien. Dette er bra. Det er på sett og vis ei kvalitetssikring av liturgien. Ein brukar bibelske ord og uttrykk for å skildre Gud, mennesket og forholdet mellom dei to. Då kan ein vanskeleg gå heilt feil. Dette er også grunntanken i apostolikum og nikenum: Ein skal bruke ord og uttrykk frå Guds eige ord for å skildre Gud.

- I den noverande høgmessliturgien er det ei fast ordning som alle er forplikta på å bruke. Det er fridom til å nytte ulike variantar her og der. Men fridomen er noko avgrensa. Idéen er naturlegvis at vi har eit vedkjenningsgrunnlag. Då skal det ikkje vere rom for alle moglege slags kristendomstolkingar.

I løpet av dei siste tiåra har det likevel vore svært mange tilfelle av prestar og kyrkjelydar som har brukt eigne, heimelaga liturgiske variantar. Nokre gonger er dette motivert av ynskje om variasjon i uttrykk. Andre gonger er det motivert av grunnleggjande teologiske oppfatningar som ikkje stemmer overeins med vedkjenninga.

- Den nye gudstenestereforma endrar svært mykje på det liturgiske mønsteret vi har hatt i kyrkja til no. Hovudttanken no er at alle kyrkjelydar i Den norske kyrkja skal fylgje "Ordo". Dette er eit grunnmønster som er bygd opp på fylgjande måte:



SAMLING
(M. a. inngangssalme, inngangsord, samlingsbøn, Kyrie, Gloria etc.)

ORDET
(M. a. tekstlesingar, salmar, preike, truvedkjenning)

FORBØN
Syndsvedkjenning, forbøn

NATTVERD
(M. a. takkseiing, fredshelsing, nattverdmåltid)

SENDING
(M. a. salme, velsigning, utsending)



Ok. Poenget blir no at desse fem bolkane alltid skal vere med, og skal vere i denne rekkefylgja (Unnatak: Ikkje alle gudstenester treng å ha nattverd). Men - og dette er eit stort men - stort sett kvart ledd kan fritt veljast frå eit reservoar av liturgiske variantar. Med andre ord: Ei gudsteneste må til dømes ha SENDING. Men kvar kyrkjelyd kan sjølve velje kva type velsigning dei vil ha, kva type utsending dei vil ha etc. Ei gudsteneste må ha FORBØN. Men kvar kyrkjelyd kan sjølv velje kva type syndsvedkjenning dei vil ha, kva forbøn dei vil ha etc.

Det er viktig å understreke grensene for det reservoaret ein kan hente liturgiske variantar frå: Ein kan hente ressursar frå alle gudstenestebøker som tidlegare er godkjent til bruk i Den norske kyrkja. I tillegg vil ein kunne bruke det forelagte forslaget til ny liturgi, det vil altså seie det forslaget som etter planen skal godkjennast av Kyrkjemøtet til neste år. Her finst det eit stort antal ulike variantar til dei ulike ledda. Det er også mogleg å konstruere eigne liturgiar, men desse må godkjennast av biskopen (dette er jo eigentleg også vilkårleg: Det er vidt forskjellige læreforståingar på gang i Agder og Telemark samanlikna med til dømes Hamar).

Det er mange interessant perspektiv på det som skjer med liturgien i Den norske kyrkja for tida. Men det er heilt sikkert at det for ein stor del er pluralismen i teologien som no slår ut i full blomst i Den norske kyrkja. Homofilisaka og samlivsetikk-debatten er eigentleg berre eit symptom på ei større og meir grunnleggjande usemje. Spennande tider vi lever i, ja.

Og då kan ein like gjerne fyrst som sist seie at mange av dei variantane som vert foreslått i den nye liturgien...er ganske merkelege og lite Skriftnære. Mange av dei er kjenneteikna av ei slags psykologisk-trøystande tilnærming til trua. Og mange av formuleringane er med intensjon uklare og upresise. Eg skal ta fram nokre døme på variantar som kan brukast ved den såkalla "samlingsbøna" som - så vidt eg ser - tek plassen til den noverande kollektbøna. Her fylgjer nokre av dei utskrivne forslaga til kollektbøner:

"L: Gud er vår Mor. Gud er vår Far.
M: Her i sitt hus tar Gud oss inn i varme og lys.
L: Gud er oss nær.
M: Nå skal Guds ord lede oss rett og styrke vår tro.
L: Gud er vår Mor. Gud er vår Far.
M: Vi er Guds barn. Nå vil vi prise deg, nå er du her."

Eller kva med denne:

"Her er jeg.
Her kan jeg være.,
i dette fanget
som holder meg,
mellom disse veggene
som støtter meg.
Her kan jeg åpne opp,
her kan jeg hvile.
Gulvet bærer meg,
taket løfter meg oppover.
På dette fanget,
i denne armkroken,
mellom disse ordene
kan tankene holde hverandre i hendene,
flette seg inn i hverandre,
og åpne seg opp.
Som fugler kan de fly
fra benkeradene
og oppover
i flokker og flokker
og fylle det store treet."


Vakkert? Utvilsomt. Men har det nokon plass som ei liturgisk bøn i ei kristen gudsteneste?

Her fylgjer ein annan variant:

M: Gud, la dette rommet vera stort nok til å romma oss.
L: La det vera stort nok for liva våre og for alt vi ber med oss.
M: La dette rommet vera høgt nok til å romma oss.
L: La det vera høgt nok under taket til ekkoet av liv og skrika frå levande barn.
M: La dette rommet vera ope nok til å romma oss (eventuelt: samla oss).
L: La det vera stille nok til tankane våre og til at me kan høyra deg.
A: Amen.

Formuleringane er vakre. Men innhaldet er uklart. Som ein vis mann eg kjenner har sagt: "Det er mykje pludring. Dette i motsetning til formuleringane frå den noverande liturgien. Mange av desse vart utforma av Lyder Brun [trur det var han]. Uttrykka er som hogde i stein. Dei er slitesterke og bibelske."

- Men vel, på sett og vis er det slik at same dynamikk som gjer seg gjeldande i resten av samfunnsdebatten, også no kjem til gudstenestelivet: Kvar får gjere som ein sjølv vil. La meg seie: For oss som er bibeltru er ikkje denne nye gudstenestereforma nokon krise, eigentleg. Ein ting er sjølvsagt at den nye liturgien vil opne for mange merkelege bøner, utsendingar, velsigningar etc. Nokre av desse har lite eller ingen kontakt med bibelstoffet og kan difor knapt seiast å vere med på å byggje opp eit bibelsk gudsbilete. Men: Ein kan framleis, innanfor ramma av Dnk, også stå for bibelsk fundert liturgi og kristendomsforståing. Og då ser eg ingen grunn til at denne nye reforma skal vere nokon avgjerande grunn til å trekke seg ut av kyrkja.

- Ein annan sak er sjølvsagt at frå den augneblinken gudstenestereforma blir vedteke, vil Dnk bli eit langt meir komplisert kyrkjesamfunn, sånn gudstenestemessig. Tenk på det: Før sat det ei sentralt plassert nemnd som utforma ein liturgi til bruk i heile Noreg, og denne liturgien var bibelsk og vedkjenningsfundert. No vert det - i prinsippet - like mange gudstenestenemnder som det er sokn/kyrkjelydar i Dnk. For kvart sokneråd skal utforme si eiga lokale grunnordning, med gjennomtenkte løysingar for kvart einskild av ledda i gudstenesta.

Dette vil gje den situasjon at ein kan gå på gudsteneste til dømes i Farsund og få ein tradisjonell liturgi, medan ein går på gudsteneste i Oslo og få ein liturgi som er ganske eksperimentell og radikal-teologisk. Vel. Sånn er situasjonen. Men i alle fall vil dette gjere sitt til at det potensielt sett vil bli ganske vanskeleg å få oversikt over kva teologi som er gjeldande i ein gjeven kyrkjelyd. For hugs: Læra i ein kyrkjelyd vert for ein stor del avgjort av liturgien. Men den nye reforma opnar for ganske ulike "lærer" i liturgien.

Personleg vil eg gjerne seie dette: Eg ser eigentleg ikkje det heilt store behovet for å endre den liturgien som vi har i Dnk. Det er ingen tvil om at ein stor del av motivasjonen for den nye reforma er at nye, grunnleggjande forståingar av teologi ynskjer å få fotfeste. Men desse nye teologiane har eg for ein stor del lite til overs for. Dermed tykkjer eg det beste eit sokneråd kan gjere - dersom reforma vert vedteke - er å halde seg nær til den noverande liturgien, eller også gå attende til 1920-liturgien(!) i ein del ledd.




Vil du lese meir om den nye dåpsliturgien, kan du naturlegvis sjekke ut min andre artikkel om dette, som du finn her.

Wednesday, March 18, 2009

Nokre ord om den nye liturgien i Dnk

I morgon skal eg kanskje skrive nokre ord om den nye gudstenesteliturgien som er på trappene i Dnk. Eg har faktisk sendt ein mail til min kjære biskop ang. denne liturgien no også. Her kjem spørsmålet som eg sendte:

"I framlegget til ny liturgi, s. 64 står det om den "lokale grunnordninga" som skal utformast: "Med Lokal grunnordning menes den samlede oversikt over de vedtak som menighetsrådet gjør vedrørende liturgiske og praktiske ordninger for hovedgudstjenesten, inklusiv valg vedrørende dåp og nattverd." Vidare: "Ressursmateriale for utarbeidelse av lokal grunnordning er Ordning for hovedgudstjenesten, inkludert materialet i kap. IV Variasjoner av liturgiske ledd (se s. 91) og i kap. V Tillegg (se s. 149). I tillegg kan også alt materiale fra tidligere liturgiske ordninger som er godkjent til bruk for Den norske kirke, tas i bruk som ressursmateriale."

Så til spørsmålet mitt: Korleis forholder desse sitata seg til den foreslåtte dåpsliturgien? Er det moglegheit for variasjonar ved dåpsliturgien utover dei variasjonane som er å finne i den foreslåtte dåpsliturgien? Til dømes: Vil det vere mogleg å ikkje nytte den nye dåpsliturgien i det heile teke, men berre halde fram med å bruke den som vi har i den noverande gudstenesteboka?

Gjett om eg gler meg til å få svar :) Og vonar de likte songen :P

Sunday, March 15, 2009

Keane

Keane er eit av mine favorittband. Hopes and fears var ganske bra. Under the iron sea var supersupersuper. Har høyrt så mange gonger på den plata, altså. Så kom Perfect Symmetry. Det var veldig skuff med ein gong. Men etter å ha høyrt ein del gonger på plata, så likte eg ho betre og betre. Ikkje like bra som Under the iron sea, sjølvsagt. Men bra. Her er den beste songen frå plata, etter mi meining. Refrenget er vidunderleg.



- Elles: Eg har hatt gudstenester. Trur eg kan seie at det gjekk ganske fint.

- Eg har køyrd masse bil. Og i bilen høyrer eg på Gloria, Nichole Nordeman, Katie Melua og Weezer. Og litt Smashing Pumpkins. Nordeman er berre utruleg feminin. På nokre av songane blir det reint i overkant for meg, altså. Men veldig interessant å høyre likevel.

- Eg har øvd på kornoter. Eg oppfordrar for så vidt alle som er med i ensemblet om å gjere det same :P

- Eg har tenkt på framtida mi. Ein kan ikkje planleggje for langt fram. Det er ein livslærdom eg har tileigna meg. Ein må nesten berre leve dag for dag. Det er litt relieving også.

- Eg har sett gjennom Twin Peaks sesong 1 på nytt. Dale Cooper er så...hm...likandes. Og det er interessant å spørje: Kvifor?



- Eg har lest litt meir i evolusjonsboka. Evolution - the greatest show on earth. The only game in town. (Ohwhoa...lov å ha andre meiningar om dette, altså. Men hehe. Berre gøy med diskusjon også).

- Eg har tenkt at kanskje kan eg ikkje bli godt nok likt...eller noko...om eg ikkje klatrar høgt nok på karrierestigen. Uffameg for ein usunn tanke. Excellent døme på projisering. Om så faktisk var tilfelle, måtte eg heller finne meg folk som likte meg uavhengig av kva yrkesveg eg valte.

- Eg såg City of God. Endeleg. Interessant film. Når eg ser han forstår eg meir av kvifor Gud gav det 4. bodet. Sivilisasjonen ligg berre som eit tynt dekke utover samfunnet.

- "The genes hold culture on a leash." Vel, til ein viss grad sant. Vi kjem heller ikkje unna at vår eigen kultur, dvs. vårt liv, vår måte å tenke på og vår oppførsel, i relativt sterk grad er prega av vårt arvemateriale. Interessant tanke. Vi får gjere det beste ut av det.

- Kva er føremålet med å samtale? Utveksle informasjon? Ja. Men i mange samanhengar er dette underordna. Det dreier seg i staden om eit ynskje om å oppleve nærleik. Og kva det blir tala om er ikkje så relevant. Og det er ok! Det er ok.

- Det var det. No er eg så trøytt. Må sove.

- Ok, eg må også stille eit spørsmål, så kanskje eg får kommentarar. Ok, mitt spørsmål er...hm...du har fritid ikkje, sant? Kva er din favorittmåte å bruke fritida di på?

Saturday, March 14, 2009

Du er bra nok

Thursday, March 12, 2009

3. sundag etter faste, Luk. 11,14-23.

Ein av dei mest kjente kristendomskritikarar i nyare tid, var den sympatiske, lærde filosofen og matematikaren Bertrand Russell. Denne Russell fekk ein gong spørsmålet: ”Dersom du skulle møte Gud på domedag, og Gud spurte deg: ’Kvifor trudde du ikkje på meg?’ kva ville du då svare han?” Filosofen Russell svarte: ”Då ville eg seie: ’Ikkje nok bevis, Gud! Ikkje nok bevis!’” Som kristne veit vi at eit menneskes forhold til kristendom fyrst og fremst blir avgjort i møte med mennesket Jesus frå Nasaret. Vel kan ein debattere filosofiske problemstillingar rundt Guds eksistens. Men det er Jesus som er hjørnesteinen i den kristne trua. Alt det andre kviler på han. Det er i møte med han det blir avgjort. Russell etterlyste meir bevis før han ville tru. Korleis er bevisets stilling med tanke på Jesus Kristus? Er Jesus verkeleg Guds son og ein frelsar for menneske? Sagt med andre ord: Er han noko å satse på? Det er dette som djupast sett er den spennande tematikken i dagens preiketekst.

Det står skrive i evangeliet etter Lukas, i det 11. kapittelet:

14 Ein gong dreiv han ut ei vond ånd som var stum. Og då den vonde ånda hadde fare ut, tala han som hadde vore stum. Folket undra seg.
15 Men nokre av dei sa: «Det er ved hjelp av Beelsebul, herskaren over dei vonde åndene, at han driv dei vonde åndene ut.»
16 Andre ville setja han på prøve og kravde eit teikn frå himmelen av han.
17 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Kvart rike som kjem i strid med seg sjølv, blir lagt øyde, og hus på hus rasar saman.
18 Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans bli ståande? De seier då at det er ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene.
19 Men er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk.
20 Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk.
21 Når den sterke med våpen i hand vaktar garden sin, får det han eig, vera i fred.
22 Men kjem det ein som er sterkare og vinn over han, då tek denne mannen våpna som den sterke sette si lit til, og deler ut byttet.
23 Den som ikkje er med meg, er imot meg, og den som ikkje samlar med meg, han spreier.

Vi høyrer om ein stum mann som var besatt av ei vond ånd. Folket på Jesu tid visste godt at dei som slik var fanga av vonde åndsmakter hadde eit svært tøft liv. Dei kom seg ikkje fri, og både kropp og sinn vart brote ned. Men så kom Jesus til Israel. Han hadde profeten Jesaja profetert om og sagt: ”Denne Herrens tenar skal reise opp undertrykte og setje fangar fri.” Og det var nettopp det Jesus gjorde også her: Han reiste opp den mannen som var undertrykt av vonde åndsmakter. Og Jesus sette mannen fri, slik at han fekk att evnen til å tale. Heilt sikkert var dette ei gjerning som skapte stort oppstyr, for det står at folket undra seg. Det engelske ordet ”amazement” fangar nok betre opp folkets reaksjon enn det norske ordet ”undring”. Jesu gjerning sette verkeleg ein støkk i folket.

I innleiinga snakka eg om Bertrand Russell. Han meinte at det ikkje fanst nok bevis for kristendom og tru på Jesus. Det er interessant å spørje. Kva type bevis ville Russell eigentleg ha, før han kunne tru? Vi tenker kanskje: ”Ja...hm...om Russell hadde fått sjå eit stort under, då ville vel han falt på kne og sagt ”Gud! Eg har teke feil. No trur eg på deg.” Folket i preiketeksten, dei var heldige, kan vi seie. Dei fekk verkeleg sjå eit stort og spesielt under. Korleis reagerte så dei? Falt dei på kne og tilbad Jesus? Nei, dei gjorde ikkje det. Derimot møtte mange av dei Jesu under med ein avmålt skepsis.

Verst var Jesu motstandarar. Dei var på førehand overtydde om at Jesus ikkje var sendt frå Gud Skaparen. Dei meinte difor at Jesus var ein farleg og villeiande mann, for han påstod jo sjølv å vere frå Gud. Underet som Jesus gjorde rokka ikkje ved denne oppfatninga. Det vart snarare ei understreking av kor farleg Jesus eigentleg var. For Jesus var ikkje frå Gud, men han hadde likevel så stor makt. Då var konklusjonen klar: Jesus måtte få si kraft frå djevelen sjølv, herren over demonane. Og det er jo interessant å tenke litt over implikasjonane i dette resonnementet hjå Jesu fiendar. Anten hadde dei rett i at Jesus stod i ledtog med djevelen. I så fall var deira kritikk rett og legitim. Men set no at Jesus var sendt ut frå Gud Skaparen. Då tok ikkje Jesu fiendar berre litt feil. Dei gjorde ein monstrøs feil, sitt livs største feil. Dei møter den store utsendingen frå sin Skapar – den Gud dei ynskjer å tene av heile sitt hjarta. Men så avviser dei han og klagar han for å vere ein mektig utsending frå djevelen! Vel, ein kan ikkje klage dei for ikkje å vere friske i fråsparket.

Men var verkeleg Jesus i ledtog med djevelen? På dette tidspunkt går Jesus med på påstanden deira, og seier: ”Ok, set no at de har rett. Vi kan for argumentets skyld gå med på det. Då er djevelen er min arbeidsgjevar og eg gjer djevelens verk mellom dykk. Men er det ikkje då litt vel underleg at eg, djevelens utsending, kjempar mot mine eigne allierte, altså demonane som plagar menneska? Nei, resonnementet dykkar heng ikkje på greip”, seier Jesus. Jesu gjerning var god, og førte til at eit menneske vart reist opp og fekk nytt liv og nytt håp. Korleis kunne det vere djevelens gjerning? Dermed har Jesus, med eit godt stykke logisk argumentasjon, vist at anklagane mot han ikkje står til truande.

”Men då”, seier Jesus, ”er det eit anna alternativ som peikar seg ut som langt meir truverdig, nemleg at det er med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene.
Og dersom det er tilfelle, då er mi gjerning eit teikn på at Guds rike kome nær.” Kva meiner Jesus med å seie at Guds rike er kome nær? Den kristne forfattaren C. S. Lewis kan med eit godt bilete hjelpe oss å forstå dette betre. Lewis skreiv eventyrbøker om Narnia, eit land der den vonde heksa Kvit rår med jernhand. Og sidan ho rår der, er det alltid frysande kald vinter overalt. Men så får befolkninga i Narnia høyre om at Aslan, den store og mektige og gode løva, er på veg. Og då byrjar det etter kvart å skje noko med naturen: Snoen smeltar, bekkar byrjar å sildre, blomar byrjar å vekse. Ein av tenarane til heksa Kvit ser det som skjer, og seier bekymra til henne: ”Dette er ikkje noko vanleg mildver, dronning. Dette er våren!” Det vårlege veret vart eit teikn på at noko større var i ferd med å skje. ”Aslan is on the move!” Og slik er det også med Jesu under. Dei er ikkje berre einskildståande teikn på Guds godleik mot menneske, som blinkande ljosglimt i eit mørke. Nei, dei er teikn på noko større og meir omfattande som er i ferd med å bryte fram, nemleg Guds store plan for gjere skaparverket heilt att, for å kalle menneske attende til fellesskap med han og med kvarandre.

Bertrand Russell ville ha prov før han trudde på Jesus, og som nemnt er det litt vanskeleg å sjå føre seg nøyaktig kva type prov som ville kunna overtydd han. Og dagens preiketekst viser oss noko viktig. Nemleg at dersom ein på førehand har bestemt seg for å avvise Jesus, vil ein kunne problematisere eller bortforklare det meste av prov som faktisk skulle bli presentert. Det gjorde Jesu fiendar, som avviste Gud Skaparen si utsending som djevelens utsending. Men Jesus seier at han ikkje berre er sendt til jødar for 2000 år sidan. Nei, han er sendt frå Gud til kvart einskild menneske, også til deg og meg. Kva gjer vi når vi høyrer om Jesu under, og om at Jesus tilbyr Guds rike? Korleis blir vår reaksjon? Vi kjenner uttrykket ”å sitje på gjerdet”. Mange skulle nok ynskje at det i spørsmålet om personen Jesus fanst eit gjerde å sitje på. Ein stad der ein roleg, kanskje med litt skepsis, kunne observere ulike posisjonar og oppfatningar om han, utan å ta særleg stilling sjølv. Men Jesus seier rett og slett at dette gjerdet ikkje eksisterer. Det finst ikkje nokon nøytral posisjon. Vi må treffe eit val, for eller imot.

Jesus seier det slik: ”Den som ikkje er med meg, er mot meg. Og den som ikkje samlar med meg, han spreier.” Med andre ord: Å ikkje akseptere Jesus som frelsar og Herre inneber automatisk ei avvising av han. Og kva meir er, det inneber å motarbeide han og hans arbeid. Det kan synast hardt av Jesus å seie det slik. Men frå eitt perspektiv gjev det også god meining. For dersom det verkeleg er sant at Jesus er det endegyldige sendebodet frå Skaparen til menneskeheten, då vil det viktigaste eit menneske gjer i livet vere å ta imot han og lytte til han. Og motsett vil det vere eit menneskes livs største tabbe å avvise han. Men då må ein også føye til at dei som valte å ta imot kallet og setje si lit til Jesus og fylgje han, dei vart ikkje styrt med jernhand liksom Heksa Kvit styrte over narnianarane. Nei, Jesus er ein god og tolmodig hyrde som har omsorg for sine sauer og som vil dei det beste. Difor seier vi:

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var og er og vere skal ein sann Gud frå æve og til æve.

Wednesday, March 11, 2009

Til Alek

Ok.
Her.

Tuesday, March 10, 2009

Litt nytt

- Eg gjekk til Fjellhaug. Høyrde på Jars of Clay. Vart stansa av ein kjekk ung mann frå USA, med dress og frakk. Ja, han var mormonar. Så...vel...han spurde om eg trudde på Gud, og om eg hadde eit personleg forhold til han. Eg svara ja, og sa at eg var prest. Hehe. Litt artig. Men uansett. Så vi fekk ein ganske lang samtale. Det var interessant å høyre på han.

Han sa at han hadde gjort mykje rart som ungdom, men at han hadde fått meining i livet sitt, og lukke, av å lese Bibelen og Mormons bok. Det var difor han var misjonær no. Han brukte ein del tid på å argumentere for at Bibelen åleine ikkje kunne gje oss eit sant bilete av kva kristendom er. Det er så mange ulike meiningar, men difor treng vi ei anna openberring som kan lære oss å tolke Bibelen rett. Altså Mormons bok. Det er jo ikkje noko uvanleg at Gud sender profetar heller, som kjem med nye bodskapar. Han la vekt på at han trudde på Mormons bok fordi han hadde bede til Gud, og så fått ei kjensle som han tolka som ei stadfesting av dette var sant.

Eg sa at eg respekterte hans meiningar, men eg hadde nokre innvendingar. Mitt premiss var naturlegvis at NT fortel oss om Gud, og at vi i alle fall veit at Gud er å finne der. Det var han samd i. Men så sa eg at då måtte jo også NT vere norm for evt. nye openberringar som måtte kome. Det var han for så vidt også samd i. Eg sa då at eg meinte apostlane ikkje ville tillatt den type profetisk bodskap som vert gjeve i Mormons bok. Det rimar ikkje med den forståing av profeti som kjem til uttrykk i 1 Kor 12-14. Vidare understreka eg korleis apostlane forstod seg sjølv som å vere i ei særstilling i oldkyrkja - det var dei som autoritativt sa kva kristendom var. Ville då Paulus tillatt at ein annan profet enn apostlane kom med ein bodskap med ei rekke nye lærepunkt?

Vel, så måtte den hyggelege karen gå. Det er rart med det, altså. Hm. Viser berre kor viktig det er å sjå ei sak frå fleire sider, og høyre på fleire siders argumentasjon, før ein gjer seg opp ei meining.

- Prestejobben rullar og går. Sidan sist har eg skrive ein del til kyrkjebladet, intervjua ei dame, hatt gravferd, gudsteneste...tja. Konfirmanttimar i morgon. Noko av det beste med jobben, er å få fri på slutten av dagen. Det er ei kjensle eg ikkje har hatt så ofte som student. Men sjølvsagt: Eg får for lite tid til å lese. Det er ikkje for meg, sånn i lengda.

- Så kjem ei oppgåve. Og denne vil eg gjerne ha svar på. Men om du har høyrt oppgåva før, treng du ikkje svare :) Here goes nothing:

Du er deltakar i eit tv-show. Du får stilt foran deg tre dører. Bak éi av dei er det ein splitter ny bil. Bak dei to andre er det ei geit. Programleiaren bed deg om å velje ei dør. Du veljer døra til venstre. Så seier programleiaren: "Flott, eg skal gjere det endå lettare for deg. Eg skal ta bort ei dør det er ei geit!" Så opnar han dør nr. 3. Der står det ei geit. Så spør programleiaren: "No har du to dører å velje mellom. Vil du framleis stå på ditt val, altså dør nr. 1, eller vil du heller satse på dør nr. 2?"

Veljer du dør 1 eller 2? Er det like stor sjanse for å vinne bilen i dør nr. 1 og 2, eller er det éi av dørene som gjev større sjanse for å vinne bilen? Køyr debatt!

- Elles må eg seie det er veldig interessant å fylgje med på spørjeundersøkinga mi om evolusjon og kreasjonisme. Det er omtrent like mange som er for Ung jord og styrt teistisk evolusjon, men sanneleg er det ikkje ein del som har hoppa på "teistisk evolusjon utan styring av Gud" også. Tenker å skrive litt meir om dette etter kvart, naturlegvis. Må fyrst få løn, så eg kan bestille ein del fleire bøker om temaet :P

Men ja, eg har naturlegvis tenkt ein del på dette emnet, og på kva dynamikkar som gjer seg gjeldande for kristne i møte med på vitskapen på dette området. Eg trur eitt nykjelspørsmål som må stillast, er: Kva er den djupaste motivasjon for vitskapen? Kva er den djupaste verdi vitskapen har? I den grad ein ikkje kan svare tydeleg på dette, vil vitskap framstå som noko...hm...irrelevant, kanskje. Vel. Interessant er det i alle fall. Eg skjønar også at eg treng å tenke nærare på forholdet mellom tru og vitskap enn eg har gjort til no. Så vidt eg forstår har Thomas Torrance skrive mykje bra om dette, så det vert sett opp "skal lese"-lista mi.

- Siste ordet i dag skal Aaliyah få. Word.

Ein liten andakt om natur

Éin av dei dyktigaste filosofane i Noreg heiter Arne Johan Vetlesen. I haust gav han ut ei bok om klimakrisa. Eitt av hans viktigaste poeng i denne boka er at det ikkje er sunt for mennesket å leve fjernt frå naturen. I utgangspunktet veit vi at vi er heilt avhengig av naturen for å overleve. Det er frå materiale i naturen vi får mat, klede, møbler og andre ting vi brukar i kvardagen. Men på grunn av industrialisering, effektivisering og bysamfunn tenker vi ikkje så ofte over det. Vi fjernar oss frå naturen. Og dermed blir vi også meir utsett for å drive rovdrift på naturen. Difor, seier Vetlsen, bør vi oppsøke skog og mark, fjell og vatn, slik at vi blir klar over at vi som menneske er ein naturleg del av alt dette, og at vi er heilt avhengige av alt dette for å overleve.

Leve nær naturen, det oppfordrar altså Vetlesen oss til. Faktisk er Vetlesen på linje med Jesus akkurat her. Akkurat som Vetlesen viser Jesus til naturen, som gjev oss det vi treng for å leve. Men så seier Jesus noko meir. Han seier: Det er ein som står bak alt dette vi ser i naturen, nemleg Gud. Det er ei sanning som kjem til uttrykk allereie i dei aller fyrste orda i Bibelen. ”I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.” Det er særleg i den såkalla bergpreika Jesus utfaldar kva det vil seie at Gud er skaparen av naturen. Han seier: ”Sjå på liljene på marka. Dei arbeider ikkje, men Gud kler dei vakrare enn Salomo i all sin prakt. Eller”, seier Jesus, ”sjå på fuglane under himmelen. Dei haustar ikkje og sår ikkje. Men Gud før dei og gjev dei alt som dei treng.” Med andre ord: Jesus seier: Det er ein som står bak naturen, skogen, fjellet, havet, himmelen og held alt dette oppe. Det er Gud.

Når Jesus seier dette i bergpreika, er det med eit spesielt føremål. Han ynskjer å lære læresveinane sine noko viktig om korleis ein skal tenke om Gud. Han seier: Dersom Gud kler liljene, og før fuglane, skal han ikkje då bry seg langt meir om å passe på menneska som han har skapt? Som Jesus ein annan stad seier: Eit menneske er jo langt meir verd enn småfugl. Dermed kan også eit menneske stole på at Gud vil gje ein alt ein treng. Ja, seier Jesus, eit menneske kan be til Gud som eit barn bed til sin far, og så vil Gud høyre den bøna og gje godt svar i rette tid. ”Når de, som er vonde, veit å gje barna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då den himmelske far gje gode gåver til den som bed han?”





Jesu forkynning om skaparverket dreier seg altså i fyrste rekke om å formane til å ha tillit til Gud. ”Kven kan med all si bekymring leggje så mykje som ein alen til si livslengd?”, seier Jesus. Nei, ein skal leggje sine bekymringar på Gud, og stole på han. Ein skal få be til Gud, og Gud vil gje ein det ein treng. Men det er ein viktig grunn til at ein ikkje må henge seg for mykje opp i bekymringar, seier Jesus. Det er ikkje berre fordi ein ikkje treng å gjere det, i og med at Gud er til å stole på. Nei, det er også fordi bekymringar kan ta sinnet og tankane bort frå ein annan ting som er viktigare. Jesus seier nemleg: ”Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre som de treng i tillegg.”

Jesus seier altså: Det er Skaparen som står bak naturen, og det er han som held naturen oppe slik at vi skal nyte godt av gåvene som vi finn der. Men Gud vil også gje oss ei større og viktigare gåve, nemleg Guds rike. Og kva er Guds rike? I evangelia blir det forklart på mangfaldige og rike måtar. Men i sin kjerne dreier Guds rike seg om Guds frelse: At Gud vil ta imot dei som vender seg til Jesus i tru, at han vil reise opp menneske som har falt, og at han ynskjer å tilgje og vise nåde. Dei frelsesgåvene, seier Jesus, må vi framfor alt ikkje gløyme å søke.

"Fattig, men rik!" (Andakt til kyrkjebladet)

I skrivande stund er vi inne i fastetida, tida i kyrkjeåret då vi fylgjer Jesus på vandringa til påska i Jerusalem. I denne andakten vil eg rette fokus mot ei formulering som apostelen Paulus gjev i éin av lesetekstane i fastetida. I 2. korintarbrev, i det sjette kapittelet, fortel Paulus om korleis han som apostel og medarbeidar for evangeliet må møte mykje motstand og lide mykje vondt. Men Paulus mistar ikkje motet av den grunn, for han veit kven han trur på, og han veit at han kjempar den gode striden. Så seier han noko interessant: ”Vi er fattige, men gjer mange rike.” Det kan vere spennande å fundere litt over kva Paulus meiner med denne tilsynelatande sjølvmotseiande utsegna. Korleis kan ein fattig person gjere andre menneske rike?

Den neste gongen Paulus talar om fattigdom og rikdom i 2. korintarbrev er i kapittel åtte. Samanhengen her er at kyrkjelyden i Jerusalem er i naud, og treng økonomisk hjelp. Paulus fortel då om kor flinke dei kristne i Makedonia har vore til å dele av det dei har: ”...den overstrøymande gleda og djupe fattigdomen deira [har] gjort dei rike og villige til å gje.” Her får vi altså høyre det for andre gong: Dei kristne er djupt fattige, men likevel rike. Korleis kan det ha seg? Løysinga på ”paradokset” får vi allereie nokre vers seinare. Då seier Paulus: ”De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle bli rike.” Med andre ord: Jesus vart fattig – han kom til jorda som eit menneske, som éin av oss. Og vi vart rike – vi fekk del i fruktene av Jesu kome: Nåde, syndstilgjeving, fellesskap med Gud og fellesskap med medkristne.

Denne rikdomen, seier Paulus, har kraft i seg til å skape eit varmt og gåvmildt sinn. Den som får del i denne rikdomen, vil difor gladeleg dele både timelege og evige gode. Timelege: Det vil seie pengar, mat, klede og kva anna det måtte vere av materielle ting som nesten har behov for. Og evige: Det vil seie bodskapen om Jesus og hans nåde til kvar den som trur.

Thursday, March 5, 2009

Let's see...

- Kjære dykk.

Kathrine: Det er ikkje eg som har teke biletet, men det er frå Heia. Dvs. frå Presttjønn, der vi gjekk på tur i sumar. Hadde vore artig å få til ein slik tur no til sumaren også.

Nokre små refleksjonar om det politiske og verdimessige klimaet i Noreg. Om de går til til troogfornuft.no, vil de finne oppfatninga til FpU-formann Vanebo om dødshjelp. Det er - om eg skal vere ærleg - ganske sjokkerande lesing. Det er ein openheit for aktiv dødshjelp som er ganske radikal, ganske frimodig, og utan særlege motforestillingar. Ein annan ting som slo meg då eg las hans innlegg, er korleis han systematisk utelét Gud. Dette er god tone i norsk politisk debatt, men vi må ikkje bli nærsynte. Mange norske politikarar har diverre like lite peil og verdimessig forankring som the next man.

Politikarar byggje på grunnleggjande livssynsmessige verdiar. Ein kan ikkje unngå det. Jfr. det eg nedanfor skreiv om James Sires bok om "worldviews" - desse er med på å informere og styre syn på historia, røyndomen, Gud, etikk og ikkje minst menneskesyn. I ein kristen tradisjon - som vårt land har vore ein del av dei siste 1000 åra - er menneskelivet noko som vi ikkje har rett til å ta sjølve. "Du skal ikkje slå ihel". Slik lyder den grunnleggjande grunngjevinga av dette forbodet. Menneskelivet er gjeve av Gud, det er ikkje noko vi har skapt sjølv. Altså står vi også ansvarlege overfor Gud med omsyn til korleis vi forvaltar det. Men FpU-formannen bryr seg ikkje om slikt. For han er menneskelivet nettopp noko ein rår over sjølv, noko ein kan velje å avslutte når ein vil.

Og det er interessant å tenke på: Kva livssynspremissleverandørar er det som har påverka han til eit slikt radikalt standpunkt? Sannsynlegvis - om eg skal spekulere litt - er det eit resultat av det noverande liberalistiske åndsklimaet, som ikkje er einskapleg og heller ikkje djupt forankra i nokon lengre historisk tradisjon. Den største verdien i denne ideologien er: "Gjer som du vil, men prøv å ikkje skade andre. I alle fall ikkje openlyst". Men uansett. Standpunktet hans er urovekkande. Logisk sett opnar det også for langt verre konsekvenser: På prinsipielt grunnlag vert sjølvmord noko gagnleg og godt, ikkje berre for den som er gamal og lidande, men også for deprimerte, eller for menneske som opplever at dei har dårleg livskvalitet etc. Poenget til FpU-formannen er jo: Du skal få velje sjølv! Som i abort-debatten vert altså også her valfridom sett på øvste hylle i verdihierarkiet, høgare enn forbodet mot å drepe.

Elles: I land der dødshjelp er legalisert, blir ei lang rekke menneske drept utan at dei sjølve har gjeve klart og tydeleg samtykke til det. (Ref: Berlinskis bok "Devil's delusion", eller euthanasia.com).

Uansett. Regjeringa har vedteke ei rekke lover som bryt med kristne verdiar (abortgrense, bioteknologi, ekteskapslov). Og dei siste vekene har, ser det ut til, også vist korleis regjeringa eigentleg manglar nokon grunnleggjande verditradisjon å støtte seg til. Tenk på det:

Regjeringa vil ta støtta frå Frelsesarméens ungdomsorg. fordi desse ikkje vil tilsetje homofilt sambuande. Prinsipielt gjennomtenkt? Nei. Så får dei mykje motstand. Og vips, ja, så snur dei.

Regjeringa vil endre ytringsfridomslovgjevinga, i uklar retning. Prinsipielt gjennomtenkt? Det verka ikkje slik. Så får dei mykje motstand, og vips, så snur dei.

Regjeringa vil tillate hijab i politiuniforma. Prinsipielt gjennomtenkt? Ganske sannsynleg ikkje. Så får dei mykje motstand, og vips, så snur dei.

Dette er jo vingling. Men sakene kunne lett blitt vedteke utan den folkelege motstanden. Altså: Regjeringa ber vitnesbyrd om ei verdimessig tenking som ikkje er godt forankra og gjennomtenkt, men tvert om snur litt hit og dit. Den store pisken i dette spelet, er naturlegvis opinionen: Dei politiske partia er avhengige av opinionens stønad. Difor har regjeringa vanskeleg for å stå for det dei står for når dei møter folkeleg motstand. For også folkets tenking om desse sakene er i endring. Og dersom folket endrar meiningar, så fylgjer lovene etter. Men det skal også nemnast at sjølv med ei meir stabilt verdiforankra regjeringa, er det ikkje sikkert at vi hadde fått ein heilt stø regjeringskurs i verdi- og religionsspørsmål. Til dømes Hijab-saka er jo komplisert, og byr på problemstillingar som er nye og ugjennomtenkte for dei fleste av oss, ikkje berre for Ap- og SV-folk.

Fjellhaug arrangerte konferanse med temaet "kristentro i klemme". På kva måte er kristentrua i klemme? Eg trur ein må skjelne mellom kva i samfunnet og politikken som direkte angår oss, og kva som angår andre. Det er tragisk at lovene våre tillét å ta livet av spirande menneske i mors liv. Men fører dette til at vi som kristne, med vår religionsutøving, vert sett i klemme? Tja, ikkje direkte. Det er vel heller slik at vi som kristne bør ha medkjensle med dei som lid under desse lovene. Men vi direkte blir ikkje ramma av dei.

Noko anna blir det sjølvsagt med vedtak som angår Frelsesarméens born og unge. Men vel, om vi mistar støtta, så gjer vi det. Vi har meir enn nok pengar til å stø oss sjølve, dersom berre kristenfolket vakna opp litt. Vi skulle nok klart den kneika også.

Altså: Så lenge vi som kristne har fridom til å leve ut trua vår, forkynne Ordet fritt og ope, arrangere kristne møte etc., er jo eigentleg ikkje trua vår i ei særskilt klemme. Jfr. menneskerettane:

"Everyone has the right to freedom of thought, conscience and religion; this right includes freedom to change his religion or belief, and freedom, either alone or in community with others and in public or private, to manifest his religion or belief in teaching, practice, worship and observance."

"Everyone has the right to freedom of opinion and expression; this right includes freedom to hold opinions without interference and to seek, receive and impart information and ideas through any media and regardless of frontiers."

Men det er interessant å tenke på: Då romarriket vart kristna, skjedde det nedanfrå. Det var heilt vanlege kristne menn og kvinner som oppseda sine born i den kristne tru og forsaking. Det var vanlege kristne som arrangerte møte, andaktar, samlingar etc. slik som i dag. Det var vanlege kristne som ikkje ville gå med på å fylgje lover som greip inn i deira trusutøving. Så fekk bodskapen sakte, men sikkert framgang.

Det trur eg også er nykjelen dersom vi ynskjer at samfunnet vårt igjen skal byggje på kristne verdiar. Vi burde halde fram med den politiske kampen, ja. Men dette vil i det lange løp ikkje nytte dersom vi ikkje har auga for hovudmålet: At einskildmenneske i by og bygd må kome til trua på Jesus som frelsar.

Ja, det var berre nokre småtankar.

Wednesday, March 4, 2009

2. sundag i faste

Trygve Bjerkrheim har skrive ein salmetekst som lyder som fylgjer:
”Du får koma til Jesus med det som er tungt.
Med di synd og di sorg og di sut.
Du skal vita for visst, om du kjem som du er,
skal han slett ikkje støyta deg ut.”
Personleg har eg stor sans for denne songen. Men dagens preiketekst lærer oss at sjølv om vi alltid får kome til Jesus med all vår naud, er det slett ikkje sikkert at vi alltid opplever å få svar slik som vi ynskjer. Samstundes oppfordrar også dagens tekst oss til å forbli trufaste hjå Jesus sjølv når det ser ut til at han ikkje høyrer oss og våre bøner.

Det står skrive i evangeliet etter Matteus, i det 15. kapittelet.

Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyros og Sidon. Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå dette området og ropa:
«Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.» Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk disiplane fram og bad han: «Bli ferdig med henne; ho går og ropar etter oss.» Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels hus.» Då kom ho og fall ned for han og sa: «Herre, hjelp meg!» Han svara: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.»
«Det er sant, Herre,» sa kvinna, «men hundane et då dei smulane som fell frå bordet til eigarane deira.» Då sa Jesus til henne: «Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil.» Og dottera vart frisk frå same stunda.

I dagens preiketekst høyrer vi om ei kvinne som har ei dotter som var ille plaga av ei vond ånd. Vi kan ganske sikkert rekne med at denne mora hadde prøvd ut dei fleste moglegheiter, og brukt det meste ho hadde, på å prøve å hjelpe dottera som hadde det så vondt. Men det hadde ikkje hjelpt, til moras store fortviling. No hadde ho fått høyre om Jesus, ein stor Guds mann som visstnok hadde evne til å lækje og hjelpe alle menneske som kom til han. For denne kvinna var sannsynlegvis Jesus det einaste håpet ho hadde om å få ei frisk dotter attende. Og når ho høyrer at Jesus er i nabolaget, er det ingen ting som kan stanse henne. Ho får nyss om kvar han er, og så kjem ho ropande ”Jesus, du Davids Son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd!”

Hadde vi ikkje høyrt denne forteljinga før, hadde vi ganske sikkert tenkt: ”No er kvinna på rett spor. Er det vel nokon som både kan og vil hjelpe menneske i naud, så er det Jesus.” Men kva står det at Jesus gjorde? ”Han svarte henne ikkje eitt ord.” Og akkurat der vart nok ein god del forventningar til Jesus, og oppfatningar om Jesus, knuste i tusen bitar hjå denne kvinna. Ho som hadde sprunge til Jesus med håp om at no, NO, skulle endeleg livet vende seg til det gode, no skulle dottera bli frisk. Men Jesus svarte henne ikkje eit ord. Ingen forsikring om hjelp. Ingen ros for eit flott initiativ. Ikkje eitt ord.

Og som om dette ikkje var nok, snudde også læresveinane seg mot henne. Dei vendte seg til Jesus, tilsynelatande utan noko medliding med den stakkars kvinna. Dei sa: ”Gjer deg ferdig med henne. Dette kvinnemennesket kjasar og masar og bråkar. Send henne no vekk.” Men Jesus seier: ”Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels hus.” Med andre ord: Hans oppdrag var – i alle fall på dette tidspunktet – å vende seg til jødane i Israel, Guds folk. Seinare, ved misjonsbefalinga, etter oppstoda, sa Jesus at læresveinane skulle forkynne evangeliet for alle folkeslag. Men no i fyrste omgang konsentrerte Jesus seg om jødane. Det var dei som fyrst skulle få høyre bodskapen om Guds rike og få oppleve fruktene av riket, i form av lækjing, fellesskap og syndstilgjeving. Men kvinna, kva nasjonalitet var ho? Ho var ka’ananear. Det vil seie: Ho høyrde til ei av dei ættene som budde i Ka’anan før Israel inntok landet. Ho var ikkje ein del av Guds folk. Jesus var ikkje i fyrste omgang sendt til henne.

”Case closed!” Slik seier ein i USA, når ei rettssak er avgjort. Altså; domen er avsagt, saka er avslutta, no er det ikkje lenger nokon vits i å prøve å påverke verken domar eller jury. Slik ville nok dei fleste opplevd det, dersom dei opplevde å få den behandling av Jesus som kvinna i dagens preiketekst fekk. Case closed. Falske håp. Tomme draumar. Ja, faktisk er det slik mange menneske opplever møtet med Jesus i våre dagar. Nokre menneske er nysgjerrige på dette med kristendom, og vil prøve det ut. Kanskje det har noko for seg å vere ein kristen? Så går dei på møte, prøvar å be, og å lese i Bibelen. Men etter kvart møter dei motstand. Det verkar så keisamt å vere kristen. Og ein må forsake ting. Og kanskje ein blir uglesett eller latterleggjort på grunn av trua ein har. Ein hadde ikkje rekna med å måtte betale særleg mykje for å vere kristen, og då blir prisen fort for høg. Desse menneska oppfyller Jesu ord i likninga om såmannen. Såkornet fell på steingrunn, der det veks raskt opp. Men det manglar djupt rotsystem, og døyr raskt så snart sola byrjar å skine. Case closed.

Kvinna i dagens preiketekst hadde ingen intensjon å la seg plassere i denne båsen. Ho ville ikkje vere som planta på steingrunn. Ho nekta å godta at juryen hadde avsagt domen. Difor kastar ho seg ned for Jesus og ropar ut tre enkle ord: ”Herre, hjelp meg!” Men heller ikkje no let Jesus seg bevege. Han svarar kvinna og seier: ”Det ville ikkje vere rett av meg å ta brødet frå borna, altså Israelsfolket, og gje det til hundane, altså heidningar som deg.” Igjen: Jesus var i fyrste omgang sendt ut til Israels hus, det var Guds plan med han. Men kvinna var smart. Ho fangar Jesus i hans eige bilete, og seier: ”Javel. Eg er ein hund, som sit ved bordet åt borna. Eg godtek det. Men du, Jesus, må jo vere samd i at også dei ureine hundane får mat: Dei får matrestar og smuler som vert til overs etter at borna har ete sitt måltid. Er det ikkje då rettferdig at eg også får min del?” Og med desse orda vridde kvinna om nykjelen, og døra opna seg. Jesus sa til henne: ”Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil.” Og dottera hennar vart frisk i same stunda.

Så vart det altså happy ending likevel. Det som likevel særleg slår ein ved lesinga av dagens preiketekst, er Jesu handlemåte. Kvifor greip ikkje Jesus inn med éin gong? Kvifor gjekk han så mange rundar med kvinna før han hjalp henne? Kvifor måtte kvinna gå gjennom denne bønekampen og alle skuffelsane før ho kunne få det svaret ho ville ha? Eg trur reformatoren Martin Luther kan hjelpe oss med å svare på dette spørsmålet. Luther tala om at sann teologi er krossteologi. Det vil seie: Om vi skal tale sant om Gud, må vi hugse på at han fremjer sitt verk ved å gjere det motsette av det vi skulle forvente. Han sender sin Son, Jesus Kristus. Men Jesus kjem ikkje med ære og makt, han kjem som ein fattig snekkarson som døyr på ein kross. Men nettopp det er krossteologi: Gud gjer noko som synest smått og usselt, men gjennom det oppnår han noko som er vakkert og stort.

Men slik, seier Luther, står også vårt liv med Gud under krossens teikn. Også vi skulle gjerne forvente at trua vår var sigrande, stor og mektig, og utan kamp. Men så opplever vi ofte det motsette: At trua vår er svak, at vi må kjempe i bøn, at Gud synest langt borte. Og så kan vi spørje: Kvifor er det slik? Kvifor kan ikkje Gud berre gripe inn og svare på bønene våre med éin gong? Jo, fordi det er ikkje slik Gud handlar. Det var ikkje slik han handla med den ka’ananeiske kvinna, og det er som regel ikkje slik han handlar med oss. Det er som apostelen Peter seier: ”Slik blir trua dykkar prøvd. For når til og med forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua prøvast, den som er så mykje meir verd, så ho kan bli til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg.” Det som vi opplever som prøving og vanskar, kan vere Guds måte å gjere noko stort og godt for oss eller andre.

Den ka’naneiske kvinna kunne når som helst ha gjeve opp sin bønekamp og sagt: ”Nei, denne Jesus, han svarar jo aldri, eg ser ikkje poenget med å drive og mase på han”. Men i staden vart ho verande trufast hjå Jesus, også når det såg ut til å vere lite håp. Ho visste at det var der ho måtte vere; hjå Jesus. Og det er også den formaning som spring ut av teksten, til oss: Ikkje gå bort frå Jesus, sjølv når det ser vanskeleg eller mørkt ut. Det er der vi høyrer heime, og Jesus kjenner alle situasjonar betre enn oss, og veit kva vi treng.

Bodskapen i dagens tekst vert difor fint oppsummert i dei ord som vert sagt av salmisten i salme 73:

” Men eg vert alltid verande hjå deg,
du har gripe mi høgre hand.
24 Du leier meg med ditt råd,
og sidan tek du meg opp i herlegdom.
25 Kven har eg elles i himmelen?
Når eg berre har deg,
har eg ikkje hug til noko på jorda.
26 Om kropp og sjel forgår,
er Gud for evig mitt berg og min del.
27 Sjå, dei som held seg borte frå deg,
går til grunne,
du gjer ende på alle som er utrue mot deg.
28 Men for meg er det godt å vera nær Gud.
Eg tek mi tilflukt til Herren.
Eg vil vitna om alle dine gjerningar.”

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var og er og vere skal éin sann Gud frå æve og til æve.

Debatt om dødshjelp

Vil berre informere om at troogfornuft.no har køyrt i gang ein debatt om aktiv dødshjelp. Debattantane er FpU-formann Ove Vanebo, og lege Morten Magelssen. Det er verkeleg eit flott tiltak, og eg gler meg til å fylgje med på debatten.

Sjå her.

Tuesday, March 3, 2009

Litt tankar, og litt om kva som har skjedd i det siste

- Eg er på bussen mellom Oslo og Notodden. Deilig å vere på korøving, det er også betre enn å ha fridag heime og berre sløve med å sjå på film etc.

- Så har eg fått lest på bussen også. Eg nyt verkeleg å lese denne boka. Det er altså "Evolution" av Donald Prothero. I dag har eg lest om: Systematisering innanfor biologien, om hypotesar om korleis liv kan ha oppstått, samt om den kambriske "eksplosjonen", som viste seg å ikkje vere ein eksplosjon likevel.

Eit sitat frå Mark Twain, kan vi ta med. Det er tankevekkande, på mange måtar:

"If the Eiffel tower were now representing the world's age, the skin of paint on the pinnacle-knob at its summit would represent man's share of that age; and anybody would perceive that that skin was what the tower was built for. I reckon they would. I dunno." Ja, kva seier du? Dette tykkjer eg er eit ganske interessant poeng, reint religionsfilosofisk. Men som eg har understreka mange gonger før: Det er Jesus som viser oss kven Gud er, og dette kjennskapet set naturen i nytt ljos. Utan Jesus er naturen til dels tvetydig.

- Så såg eg "the woodsman" i går. Det var ein ganske god og tankevekkande film om ein pedofil mann som vart dømt til 12 års fengsel for seksuelle overgrep mot småjenter. Filmen viser mannens kamp for å leve eit normalt liv etter at han har sona domen. Eg tenkte på Leonard Cohen då eg såg den filmen:

"Ring the bells that still can ring
Forget your perfect offering
There is a crack in everything
That's how the light gets in."

- I helga var eg leiar på konfirmantweekend. Det var ganske vellukka, trur eg. Prest Geir V. fortalte om sin periode som misjonær hjå muslimar i Pakistan. Etterpå reiste alle ut, så hadde eg laga natursti. Dagen etter var det "workshops" for samtalegudstenesta. Her vart det laga plakatar med tema "synd/godleik", nokre laga dramastykke, andre laga bøner+tilhøyrande teikningar, og atter andre laga "konfirmanttre" av farga papir.

Så bar det ut i skogen, eg laga bål. Det gjekk ganske fint, bortsett frå særleg éi tabbe: Eg grov litt ned i snoen, men ikkje heilt ned i bakken. Men då bålet fekk litt fyr, viste det seg at det ganske raskt brann ned til bakken, med masse sno å sidene. Så då måtte eg spa vekk meir sno, men ein del av snoen datt nedi bålet. Velvel, ein kjem langt med litt tennvæske også :) Uansett, kvitsundleiarane som var med hadde ansvar for uteaktivitetar også, så konfirmantane var i full sving før dei fekk varme pylser og marshmallows.

På kvelden var det festmåltid, og så var det dessert og leikar på kvelden. Kveldsandakten, som eg hadde ansvar for denne kvelden, gjekk ut på fylgjande: Eg spurte retorisk: "Kva er det kristendom dreier seg om? ...sånn eigentleg?" Mitt svar var tredelt (slik eg har lært av Sjaastad) 1. Det dreier seg om å erkjenne at ein treng tilgjeving og nåde, og så erkjenne at Jesus vil gje dette. 2. Kristendom dreier seg om tene sine medmenneske, slik Jesus tente oss ved å gje sitt liv for oss. 3. Kristendom dreier seg om å fylgje Jesus i alle ting.

Vel, når eg ser det no, skjønar eg at eg kanskje burde hatt med eit punkt om kristologi...jaja. På sett og vis er det implisitt i alle punkta. Sundagen gjekk med til vasking, og deretter var det gudsteneste i Morgedal.

Det var alt for no.