Monday, August 31, 2009

I

feel

numb

Saturday, August 29, 2009

Litt frå N. T. Wrights debattbok om rettferdiggjeringa

Det er veldig, veldig interessant å lese Wrights "Justification." Varmt anbefalt, ikkje så tunglest heller. Hans lesing av Paulus - som bles støvet av ein del av sider ved paulinsk teologi som har vorte neglisjert, eller verre, motsagt, i reformatorisk tradisjon - skaper mykje bylgjer i konservative miljø. Og Wright peikar på at ei av årsakene til dette er at teologi heng nært saman med sosial, kulturelle og politiske handlingsmønster - ja, ei grunnleggjande forståing av kva det vil seie å vere og leve som eit menneske. Og endrar forståinga av Paulus seg, vil også desse faktorane måtte innrette seg. Dermed framstår paradoksalt nok ei forståing av Paulus som potensielt sett faktisk ligg nærare apostelens (og dermed Guds) tanke som ein trussel.

"It is cognate (for instance) with a large and difficult problem in Western Christianity, the problem characterized by the implicit clash between those who get their faith from the four Gospels, topped up with a few bits of Paul, and those who base it on Paul, topped up with a few illustrations from the Gospel. [les: NLM-tradisjonen :P ]"

Wright held fram med å peike på at det eigentleg ikkje finst nokon "front" av nytestamentlarar som står for eitt nytt perspektiv på Paulus. Det er mange ulike syn og ulike perspektiv, og usemje på mange område. Sanders, Dunn og Wright er faktisk usamde på ein god del område. Poenget blir: Det er heilt feilslått å teikne opp situasjonen som at det er to blokker: Den "trygge", tradisjonelle reformatoriske pdes. og den "radikale", nytenkande og frittsvevande pdas. Problemet med dette er for det fyrste at det vi vurderer som "luthersk teologi" svært ofte er seinare tradisjons skumming av grunntankar i genuin luthersk teologi (Eg ferska jamvel Richard Hays i denne feilen då han var på MF. Han kritiserte Luther for å vere for unyansert i sitt syn på "Simul iustus et peccator". Hays hadde åpenbart ikkje lest Luthers "Mot Latomus", som viser at Luther faktisk på dette området ligg nær Paulus).

Og for det andre: Vi tenker ikkje som Leiv Aalen, at vedkjenninga i prinsippet er uoverprøvbar, og at teologi i bunn og grunn består i utlegning av CA/Apol (Ok, no står eg sjølv i fare for å forenkle Aalens standpunkt. Men pytt. Les hans "Dogmatisk grunnriss"). Poenget er: Vedkjenningane er betinga av den historiske/politiske/teologiske/kulturelle situasjonen dei oppstod i. Ikkje dermed sagt at dei tek feil. Men problemstillingar, stoffavgrensing og utforming av standpunkta i vedkjenningane kan ikkje måle seg med Bibelen sine eigne Skrifter, som er så mykje rikare og har så mykje meir innhald!

Sola Scriptura er det vi har å halde oss til. Eller som Luther sjølv sa: "Kvifor kallar de læra 'luthersk' - læra er då ikkje mi." Igjen: Ikkje misforstå, eg trur at Luther og co. grunnleggjande sett forstod Bibelen rett. Men så må vi fyrst og fremst (og sist) gå til Bibelen og la den forme vår kristendomsforståing. Eller sagt med andre ord: Den kristne frelseshistoria er nettopp ei narrativ historie, og kan ikkje abstraherast til ei rekke "prinsipp" eller "artiklar".

Og dette er altså eit viktig poeng for Wright: Rettferdiggjering handlar om imputasjonen av Kristi rettferd (mest tydeleg i Fil 3,9). Men det handlar om så mykje, mykje meir! Og rettferdiggjeringa blir ikkje forstått rett om ho ikkje blir forstått i si fylde, dvs. slik Paulus forstod ho :P . Rettferdiggjeringa er ikkje eit lausrive og frittståande locus i kristen teologi slik vedkjenninga kan leie oss til tru (igjen - det må bli sagt - Luther sjølv var nær Skrifta og såg dette tydeleg. Men seinare luthersk tradisjon har forenkla Luther grovt). Rettferdiggjeringa handlar ikkje berre om "Gud og meg og korleis eg blir frelst, nemleg ved å tru på Jesu soning". Dette er ikkje feil på nokon måte. Men det blir misvisande dersom ikkje rettferdiggjeringa også blir sett i samband med større og viktige delar av Paulus' bodskap. For Paulus set rettferdiggjeringa i samband med Abrahamspakta, frelseshistoria med Israel, innlemminga av heidningane i folket, utgytinga av Anden og dens livsrøyndom i dei truande, den presentiske og framtidige domen, nyskapinga av skaparverket. Difor, til dømes, spring Paulus' drøfting av rettferdiggjeringa i Gal 3 ut i fylgjande konklusjon: "Dei som trur er Abrahams born".

Elles peikar Wright på noko veldig interessant, som også Richard Hays har peika på i sin klassiker "Echoes of Scripture in the letters of Paul". Og det er det fylgjande: Når ein skal forstå eit sitat, ein allusjon el. l. frå GT som Paulus brukar når han skriv, så held det slett ikkje å berre studere det som Paulus siterer. Nei, ein må slå opp i kapitlet der sitatet er frå og undersøke konteksten, og då vil fort ei verd av forståing opne seg. Eg har registrert kor utruleg viktig dette er også når det gjeld måten evangelia brukar GT. --> Ein må undersøke den GT-lege konteksten for vers som blir sitert og bruka i evangelia. Og det er eigentleg opplagt kvifor det er slik: I dei miljøa der evangelia vart skrive var det vanleg å kunne GT til fingerspissane, ein vers eller ein allusjon kunne vere nok for å understreke poenget. Men vi er derimot ikkje der.(Og ærleg tala er dette - mangelen på omsyn til samanheng og kontekst i GT - ein av grunnane til at evangelia ikkje har blitt så forstått så godt som dei burde ha blitt i den tradisjonen der eg kjenner meg heime. Det får vi gjere noko med :) ).





- Så ville du kanskje høyre ein song. Her.

- Eller om du foretrekk slikt: Her.

- Forresten har eg også lest gjennom Watchmen no. Og eg har litt blanda kjensler, må eg innrømme. Engasjerande og intelligent. Skumma ganske fort, men. Men veldig brutalt, mørkt og nihilistisk. Så trur nok ikkje eg kjem til å sjå filmen.

- Så har eg tapt settlers for tredje gong på rad, mot familien. Ugh! Men gøy er det likevel.

Friday, August 28, 2009

Nye teologiske bøker - for deg som er interessert i slikt

Eg ville gjerne berre fortelje at eg har kjøpt nokre nye bøker. No har eg naturlegvis ein god bunke med bøker allereie, som eg ikkje har fått lest. Og eg får ikkje lest så veldig mykje kvar dag. Ein del av dei naturvitskaplege bøkene kjem eg nok ikkje til å lese ferdig. Det er veldig inspirerande og spennande å lese bøker når målet er å finne ut kven som har rett i ein eller annan kontrovers. I spørsmålet om evolusjon/kreasjonisme fann eg ut kven som hadde rett, og då gjekk liksom lufta litt ut av ballongen.

Men prinsippet når eg no bestiller ein del bøker, er til dels at eg kjøper gode kvalitetsbøker som også kan fungere som referanseverk. Då byggjer eg opp eit slags "grunnbibliotek" med gode bøker, som eg også kan bruke når eg evt. skriv artiklar etc. Så bøkane som har blitt bestilt no, er:

"Ephesians: An Exegetical Commentary"
Harold W. Hoehner; Hardcover; $37.79

Dette er sannsynlegvis den beste kommentaren til Efesarbrevet som er å få tak i i vår verd. 920 sider (!) Forfattaren forsvarar eit paulinsk forfattarskap. Denne vil nok ikkje bli lest frå perm til perm, men :)


"Poet and Peasant and Through Peasant Eyes: A Literary-Cultural Approach to the Parables in Luke (Combined edition)"
Kenneth E. Bailey; Paperback; $19.14

DENNE skal bli spennande. Kanskje den beste boka på marknaden om Jesu likningar. Svært god innsikt, mykje bruka av leiande bibelforskarar.


"The First Epistle to the Corinthians (The New International Commentary on the New Testament)"
Gordon Fee; Hardcover; $36.54

Rein kvalitet, skrive av ein evangelikal karismatiker med stor fageksegetisk tyngde. Greitt å ha som referanseverk (og kom an: 250 kroner for denne boka...)


"Christ and Culture Revisited"
D. A. Carson; Hardcover; $16.32

Spent på denne. Carson skriv som regel med høg kvalitet. Og boka er berre på 200 s.


"Systematic Theology (Volume 1)"
Wolfhart Pannenberg; Hardcover; $37.12

Ja: Pannenberg. Det spørst om denne blir lest med det fyrste - ho er i alle litt nede på prioriteringslista, og det er systematisk teologi. Eg har ein meir eller mindre velgrunna skepsis til moderne teologi. Men Pannenbergs naturlege teologi kan det vere spennande å lære om. Vi får sjå.


"The Gospel According to John: An Introduction and Commentary (Pillar New Testament Commentary)"
Donald A. Carson; Hardcover; $30.36

Denne er det pappa som skal ha. Framifrå kommentar. Eg kjøpte denne til bror min for nokre år sidan...og det er vel eg som har brukt hans mest. Men no har eg kjøpt Keeners kommentar, og kjem til å bruke den.


"Between Jesus and Paul: Studies in the Earliest History of Christianity"
Martin Hengel; Paperback; $26.00

Dette er ei veldig viktig bok. Martin Hengel var ein leiande NT-forskar i verda. Veldig lærerik bok, så vidt eg har forstått.

Sånn er det når ein bur hjå mamma og pappa, får gratis kost og losji. Då blir det pengar til overs. Når eg blir ferdig med Schnelles Paulusbok er i alle fall planen no å lese band 1 i Wrights serie om "The New Testament and the people of God." Vi får sjå korleis overskotet blir.

Thursday, August 27, 2009

Rusk og rask

- Så har Bjørn Helge Sandvei stått fram som homofil. Hans refleksjonar er det vel verd å lytte til. Her. Bjørn Helge Sandvei kjenner eg som ein framifrå kar; imøtekomande, venleg, intelligent og lærd. Berre godt å seie om han.

- Eg var på Kvitsund og hadde foredrag, og det var ei god oppleving. Det var så bra å kome i kontakt med ungdom att, formidle kunnskap, gå i dialog om kristen livsstil etc. Og eg fekk nokre fine samtalar med ungdomar etterpå. Har lyst til å bli lærar, ja.

Eit særleg inntrykk sat eg også att med etter besøket. Ungdom på den alderen (16-18) er så vare, så formelege, så usikre på mange måtar. Det er ein vanskeleg, vakker, avgjerande og ikkje minst spennande alder.

- Eg har lyst til å kjøpe Kenneth Baileys "Through peasant eyes".

- Eg har innsett veldig tydeleg no at mitt førre PhD-prosjekt var eit blindspor. Det vil seie: Prosjektet var interessant nok, og kunne med litt utbetring nok ført til ny kunnskap på eit relativt viktig felt. Men: Eg vil ikkje bli kyrkjehistorikar. For tida går det i NT, og eg merkar at det inspirerer meg langt meir. Det er så mykje meir...viktig og aktuelt.

- Eg tykkjer det er så trist at Tori Amos ikkje er kristen. Musikken hennar er jo likevel out of this world. Diverre er mange av tekstane alt anna enn akseptable. Men denne songen er ooohhh, så kul.

- Eg las Hjemmet til frokosten i dag. Mamma kjøper slike blad av og til. Så las eg om Jeanette Roede, slankeprinsessa, og ho tipsa om god musikk. Og gjett om det var bra. Lytt her.

Den miskunnsame samaritanen - what's it all about?

Ei misforstått likning
Neste sundag er det 14. sundag etter pinse, og preiketeksten er Jesu kjente likning om den miskunnsame samaritanen. Dette er ei svært sentral likning i Jesu forkynning, for ho samlar og oppsummerer store og viktige tema i hans bodskap. Samstundes tør eg seie at dette er ei av dei mest misforståtte av Jesu likningar. Her kjem teksten, og etterpå skal eg berre knyte nokre refleksjonar til teksten:

Det står skrive i evangeliet etter Lukas i det 10. kapittelet:

25 Då steig det fram ein lovkunnig. Han ville setja Jesus på prøve og sa: «Meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?»
26 «Kva står skrive i lova?» sa Jesus. «Kva les du der?»
27 Han svara: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.»
28 Då sa Jesus: «Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.»
29 Men mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: «Kven er så nesten min?»

30 Jesus tok dette opp og sa: «Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød.
31 Så hende det at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi.
32 Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk rett forbi.
33 Ein samaritan som var ute på reise, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, fekk han inderleg medkjensle med han.
34 Han gjekk bort til mannen, helte olje og vin på såra hans og la forbinding på dei. Så lyfte han mannen opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel med han.
35 Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: 'Sørg vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem tilbake.'
36 Kven av desse tre tykkjer du viste seg som ein neste for han som fall i hendene på røvarane?»
37 «Den som synte miskunn mot han,» svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du og gjer som han.»

Slik lyder Herrens ord.

Jesus fastheld Shema som ein grunnstein i det rette forholdet til Gud
First things first: Ein lovkunnig (kanskje også ein som hadde tempelteneste) stod fram og ville utfordre Jesus. Kva spør han om? Jo, kva han skal gjere for å arve evig liv? --> Å ta del i livet i den komande tidsalderen. Og Jesus spør: Kva står skrive i Torahen, i Israels heilage lov? Jo, der står Israels truvedkjenning skrive, den som heilt til denne dag er midt i sentrum av jødisk tru, og som vert resitert i heim, i synagoge, i bøn etc.: Shema. "Høyr, Israel, Herren vår Gud, Herren er ein. Og du skal elska Herren din Gud etc. og nesten din som deg sjølv." Ja, gjer dette, seier Jesus, så skal du ha del i det komande livet. Dei som står for, og lever etter, Israels truvedkjenning har det rett med Gud, altså.

Kven er innanfor? Kven er utanfor?
Den lovkunnige ville rettferdiggjere seg sjølv, står det, og stilte difor eit spørsmål til. Og kva tyder det? Det har ingen ting med pelagianisme å gjere, heller ikkje med at den lovkunnige ville stille eit ekstraspørsmål fordi det fyrste var litt for opplagt og "dumt". Nei, han har ein tydeleg agenda når han stiller spørsmålet "Kven er så min neste?" I fylgje Lev 19 er svaret på dette greitt nok: "Nesten" er dei som er innanfor Israelsfolket, i tillegg til dei "framande" som bur i landet og som har del i pakta med Herren.

Men på Jesu tid var ikkje svaret på spørsmålet heilt opplagt; sikkert er det i alle fall at det var ein tydeleg tendens til at bodet om kjærleik til nesten ikkje omfatta romarar, samaritanar og andre utanfor Israels folk. Dette har ikkje minst å gjere med dei politiske og kulturelle forholda på Jesu tid; hellenistisk påverking og romersk okkupasjon representerte eit sterkt press på jødisk identitet og politisk integritet. (Desse forholda er elles ein svært viktig bakgrunn for å forstå Jesu forkynning.)

Den lovkunnige spør altså: Kven er min neste? Og agendaen hans er dermed relativt klar: Han spør: Kven er innanfor pakta? Kven er ein del av folket? Kven har del i livet i den komande tidsalderen? Og han forventar eit klart og greitt svar: Han er innanfor (han har jo nettopp fått høyre av Jesus at han svarte rett ang. Shema, og at han dermed er på veg mot det evige livet. Og han er ein lovkunnig. Kven kan vere "meir innanfor" enn han?) Men det må vere nok av grupper som må vere utanfor, tenkte nok den lovkunnige. Spørsmålet er berre: Kven...? Han forventar eit svar a la "Ja, dei og dei og dei er utanfor, men sjølvsagt ikkje du." Og dermed ville han "bli rettferdiggjort" (d. e. "vinne sin rett").

Kontekst er alt
Men så fylgjer likninga om den miskunnsame samaritanen. IKKJE som ei frittståande likning utan andre referansepunkt i den narrative/litterære lokalkonteksten, MEN som eit svar på den lovkunniges spørsmål OG som ei utleggjing av Shema. Det er viktig å understreke dette, for poenget blir dermed: Jesu likning om den miskunnsame samaritanen er berre i sekundær forstand ei "moralsk formaning" om å vere miskunnsam, eller evt. om å bryte rasemessige/kulturelle/religiøse barrierer.

Desse to "formaningane" er verkeleg viktige sider ved Guds rike. Dei som høyrer til Guds rike skal vere miskunnsame (liksom Gud er det) og elske sine fiendar (liksom Gud gjer det). (I Luk er det elles særleg vekt på dei fattige og utstøytte - Guds rike er fyrst og fremst for dei. Det er ikkje tilfeldig at gjenstanden for miskunn i likninga er ein mishandla person som slit i livet sitt). MEN: Primært sett dreier likninga ikkje om desse formaningane isolert sett, men derimot om nettopp det den lovkunnige spurte Jesus om: Kven har del i Guds rike?

Presten og levitten - sjølvsagte kandidatar til Guds rike(?)
Likninga byrjar med at Jesus fortel om "ein mann" - med andre ord: ein eller annan fyr, nasjonalitet er ikkje relevant - som reiser frå Jerusalem til Jeriko. Han vart mishandla på det grovaste av røvarar, og vart liggjande att halvdød utan klede. Naturlegvis er det høgst relevant at ein prest og ein levitt er dei fyrste som går forbi, og som ser og likevel ikkje gjer noko. Presten og levitten er ein del av den etablerte, religiøse tempelkultusen. Ein kan ikkje overdrive tempelets tyding og relevans for den samtidige jødedomens sjølvforståing. Tempelet var staden der Guds nærvere var, det var staden der ein kunne ofre og motta tilgjeving for syndene - det var så å seie garantien for at Gud var med Israelsfolket. Men tempelet, ofringane, reinsinga etc. var noko Jesus grundig relativiserte og overflødiggjorde i både ord og handling i sin proklamasjon av Guds rike. I staden for alt dette sette han: Seg sjølv. Guds rike, Guds nærvere, syndstilgjeving og nytt liv er å få i og gjennom Jesus, ved å tru på og fylgje han.

Domen over det religiøse leiarskapet i Israel
Vel, nettopp dette poenget - relativiseringa av tempelkultusen - blir forlenga i den aktuelle likninga når Jesus seier at levitten og presten går forbi den lidande mannen. Dei viser med sine gjerningar at dei ikkje er ein neste. Dei - som alle skulle tru var innanfor pakta i og med at dei var i sentrum av tempelkultusen; levitten var jamvel fødd til det - er faktisk utanfor. Jesu poeng er ganske sannsynleg ikkje at det så å seie er deira "gåen forbi" som effektuerer at dei er utanfor. Nei - Jesus seier at dei er utanfor (og dette er altså det oppsiktsvekkande og nesten opprørske i det Jesus seier her) og dei manifesterer dette ved deira handlingsmønster. Dette er i fullt samsvar med resten av Jesu forkynning når han så mange gonger utseier ein dom over det samtidige Israel. Dette segmentet i Jesu forkynning kan kort oppsummerast i fylgjande utsegn: "Guds rike skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei fruktene som høyrer riket til." (Matt 21,43).

(Elles: Nokre vil meine at presten og levitten går forbi fordi dei ikkje vil gjere seg seremonielt ureine i tilfelle mannen i grøfta er død - altså eit lik. Javel, kanskje det. Det kan argumenterast mot at dette er eit poeng i likninga, men dersom det faktisk er det, så passar det godt inn med kva Jesus ellers forkynner om reinleik --> Jesus overflødiggjer reinleiksdistinksjonane slik dei tradisjonelt har blitt forstått, i og med at han forstod seg sjølv som den som bragte oppfyllinga av profetiane om det fornya hjarta).

Det sanne Israel, det er samaritanaren, det!
Så kjem samaritanen, som naturlegvis etter samtidig jødisk forståing er langt utanfor gudsfolket, langt utanfor pakta, utelukka frå deltaking i tempelet (og hugs: DER er Gud å finne, etter gjengs samtidig forståing). Men samaritanen, han gjer ikkje som presten og levitten. Nei: Han ser den lidande mannen, og viser seg som ein neste for han. Altså: Slik Jesus teiknar opp likninga, er samaritanen innanfor Guds rike, HAN har del i pakta med Herren, HAN er den som verkeleg lever ut Shema slik det skal gjerast. (Innanfor ramma av Luk er det naturlegvis eit viktig poeng at samaritanen seiast å ha inderleg medkjensle - for dette har også Gud (1:78) og Jesus (Luk 7,13).) Kort sagt: Det sanne Israel er ikkje presten eller levitten. Det sanne Israel er samaritanaren. Høyrde vi nokon seie "provokasjon"?

Å vere Israel slik som Jesus seier at ein skal vere det
Og det er nettopp dette Jesus prøvar å få den lovkunnige til å innsjå når han spør - ikkje: Kven er din neste?, men: - "Kven av desse tre tykkjer du viste seg som ein neste for han som fall i hendene på røvarane?" Jo, svarar den lovkunnige: "Den som synte miskunn." Altså samaritanen. Og Jesus svarar: "Gå du bort og gjer like eins." Og her skal vi naturlegvis sjå linken attende til det innleiande spørsmålet som den lovkunnige stilte: "Kva skal eg gjere for å erve evig liv?" Jo, seier Jesus: Gjer som Torahen seier - slik eg no har utlagt kortversjonen av Torahen (Shema) for deg i ei likning. Eller som Jesus seier så mange gonger i dei synoptiske evangelia: Fylg meg, og ta mitt åk på deg. Det inneber i praksis: Innsjå at Guds velsigning og rike ikkje berre er for det kjøtlege Israel, men for alle menneske.

Om du ikkje forstod noko av dette...
Så til slutt eit sitat frå N. T. Wright, som forklarar desse tinga betre enn meg:

"What we have here, then, is not a generalized moral tale per se, which just happens to be about a Jew and a Samaritan beacuse they form a good example of a long-standing cultural feud. Nor yet is it a generally abstract and example of the demolition of traditional categories or the fracturing of 'worlds of meaning'. These obvious and, in themselves, not unimportant levels of meaning and function are taken up within the larger whole, which is that the story dramatically redefines the covenant boundary of Israel, of the Torah itself, and by strong implication of the Temple cult.

At stake throughout was the question: who would inherit the age to come? In other words, who would benefit when YHWH brought in the kingdom? The parable answered this question with sharp clarity. Outsiders were coming into the kingdom, and - at least by implication - insiders were being left out. More specifically, there was a way of being Israel which would be truly and radically faithful to the very centre of the Torah, as summed up in the Shema. But this way, when pursued to its limits, would involve the redrawing of Israel's boundaries, to include those normally reckoned beyond the pale. In that process, the whole system of Temple and sacrifice would itself be called into question.

The result was, of course, a challenge to the lawyer, not unlike Jesus' challenge to the rich young man. 'What must I do to inherit ha'olam haba', the age to come? Answer: follow Jesus in finding a new and radicalized version of Torah-observance."


Litteratur:
N. T. Wright: Jesus and the victory of God
Joel Green: The Gospel of Luke (NICNT)

Tuesday, August 25, 2009

- Såg Gran Torino. Litt blanda kjensler til filmen. Engasjerande historie, men Kowalski er ikkje ein person med udelt positiv moralsk karakter. Og det er sant at manus inneheld ein del klisjéar. Og at skodespelet ikkje heilt står til godkjent alltid. Men utanom dette var det ein interessant og underhaldande film. Det blir terningkast fem, ikkje minst fordi filmen tek opp ein del interessante problemstillingar.

- Var til legen og tok CRP-prøve. Resultatet var...at eg er på rett veg. Eg er attende i 50% stilling i prestejobben nokre veker, og trappar ned på medisinen. Forhåpentlegvis går det vegen dersom eg tek det litt med ro.

- Skal til Kvitsund i morgon og ha eit foredrag om film. Då skal eg vise klypp frå: "Weather man" (kva er meininga med livet?), "Man on fire" (om å vurdere og analysere vald på film), "The day after tomorrow" (om korleis filmar kommuniserer at krise og konfliktar kan gje ny og betre innsikt) og tidenes bad-taste film "Bad boys II" (om platt og skitten humor som underhaldningsreiskap på film). Eg kunne også ha lyst til å vise eit klypp frå Titanic (om å vurdere seksualmoral; er det bra eller dumt at Jack og Rose do their thing i bilen under dekk?). Men det spørst om det blir tid til det.

- Så har eg lest om 1. korintarbrev i Schnelles bok. God lesing, og eg lærte litt nytt. Schnelle argumenterer for at rettferdiggjeringskonsepsjonen i 1 Kor har ei anna betoning enn i Rom og Gal. Det skal bli spennande å sjå kva Wright meiner om dette. Her kjem uansett eit godt sitat:

"Whereas the Corinthians' understanding of freedom focuses on the rights of the individual as a means of self-realization, Paul regards "eleuvtheria" [fridom] as a relational concept. It is not the potential of my own "I" but the needs of the "you" that shape Paul's understanding of freedom. Humans beings are not freed from their permanent fixation on themselves and their sense of self-worth until they commit themselves to God as Lord and master. Only service to God places human life in the realm of freedom, where people find their true selves, where they discover other human beings as their fellow creaturs, and where they learn to respect the creation itself as the gift of God."

- Oh yeah, almost forgot.

Monday, August 24, 2009

fail owned pwned pictures
see more Fail Blog

XXXXXXXXXXXXX

Saturday, August 22, 2009

Nokre interessante spørsmål for dei teologisk interesserte

Eg driv og les Udo Schnelle, som nemnt. Det er kjempeinteressant lesing. Det er ei tjukk bok (6-700 sider), men eg kan mykje av stoffet frå før, så difor går lesinga ganske fort når eg fyrst set meg ned. Men Udo Schnelle er ikkje særleg konservativ, han står i ein tysk liberal tradisjon. Det var ein professor på MF som anbefalte meg denne boka, og han sa betegnande nok: "Det er nok ikke alt du er like enig i, men..."

Men det er også interessant å sjå kva Schnelle legg vekt på og korleis han konkluderer. Ein del av problemstillingane han tek opp er veldig underbelyste i min teologiske karriere (eg kunne også seie: mitt miljø, min tradisjon, min bakgrunn etc.), og dette med meir eller mindre rett. (Schnelle har altså ein tydeleg tendens i liberal retning, og bør lesast i samanheng med andre paulusekspertar som Stuhlmacher, Hengel, eller Wright. Sistnemnde skal eg altså til med å lese etter kvart, etter planen.)

Her kjem uansett nokre spørsmål å tenke på for den som er interessert i teologi og som står i ein konservativ tradisjon, som meg:

- Paulus seier at han ikkje har fått evangeliet sitt av eller ved menneske, men ved Jesu Kristi openberring (Gal 1). Står dette i motsetning til oppfatninga om at hans bodskap og teologi kan ha utvikla seg i løpet av hans karriere? I kva grad kan vi tillate ein utviklingstanke i paulinsk teologi?

- Paulus har åpenbart teke med seg veldig mykje frå hans jødiske bakgrunn inn i breva han skriv. Men: Mykje av det han skriv (ikkje berre sitat, men også "teologiske tankar") ser også ut til å ha bakgrunn frå hellenistisk kultur og filosofi (Epiktet, Seneka, Stoa). (Kor mykje? Eit omdiskutert spørsmål). Er vi klare for å erkjenne og akseptere dette med opne augo? Er det eit problem for eit "Fjellhaug"-bibelsyn?

- Schnelle står i ein tysk tradisjon, som nemnt. Han meiner fleire av Paulusbreva i kanon ikkje er skrive av Paulus, men derimot av ein seinare paulusskule. (Ef, Kol, pastoralbreva, 2 Tess). Naturlegvis kan det gjevast vektige argument mot denne oppfatninga, ikkje minst i form av eksterne vitnesbyrd frå oldkyrkja. Men altså: Bør argumentasjon av Schnelles type få nokon form for konsekvensar for vår "autoritetsvurdering" av dei påstått deuteropaulinske breva? Har vi rett til å plassere dei hjå "antilegåmenån", eller i ytste konsekvens utelukke dei frå kanon? (Denne problemstillinga er naturlegvis også relevant med tanke på Matt og Joh).

Premie til den som kan gje gode svar på desse spørsmåla. :)

Friday, August 21, 2009

Filmfilmfilmfilmfilm

Eg har sett ein del filmar dei siste dagane. Eigentleg diggar eg det, sjølv om det også kan bli litt for mykje av det gode.

Annie Hall - svært morosam og innsiktsfull film av Woody Allen om samliv (sjølv om Allen diverre ikkje kan seiast å stå for ein konservativ samlivsmoral.)



Yeah, it's THAT good.

Deep Impact - katastrofefilm som var langt, langt betre enn eg hadde forventa. Filmen handlar eigentleg lite om action og katastrofer; men meir om korleis folk taklar tanken på at verdas undergang nærmar seg. Nettopp det gjorde filmen veldig interessant! Og underhaldande. Here's a disaster for ya:



Desperate measures - politi/mordar-film som var like dårleg som forventa, og som eg enda med å spole over delar av. Ingen klypp frå den. Waste of time. Den var ikkje sånn spesielt umoralsk eller noko. Han var berre...dum og irrelevant.

25th hour - Veldig god, realistisk og innsiktsfull. Regissøren er Spike Lee, og dette er hans beste film - til og med betre enn "Do the right thing", om du spør meg. Temaet i 25th hour er: Dei vala du gjer i livet, får konsekvenser. Altså også her: Do the right thing. Her kjem ei vakker og så veldig interessant scene på slutten av filmen. (Dersom du er klar for spoilers, kan du sjå. Très bien.) Monty har blitt involvert i narko-sal, og må sone 7 år i eit hardt fengsel. Han angrar bittert på det han har gjort, og no er far hans i veg med å køyre han til fengselet.

Wednesday, August 19, 2009

"Many a man has been lucky in marrying the woman he loves. But he is luckier in loving the woman he marries."

Takk for interesse for bloggen. Set pris på slikt, må vite. :) Det var Serendipity, ja. Her fylgjer nokre tankar. Dette blir nok ikkje ei veldig positiv filmmelding, så herved er du åtvara. Vi set i gang.

Serendipity er ein interessant film på mange plan. Men det er også ein film med usunne verdiar. Det eg særleg finn tankevekkande og også ganske fascinerande, er at filmen sjølv ser ut til å ha svært få motforestillingar mot det eg finn moralsk klanderverdig. Tvert om! Filmen anbefaler dei vala som hovudpersonane gjer, og i tillegg får vi søt, romantisk musikk i bakgrunnen. Det er liksom snudd heilt på hovudet - det hjartelause og egoistiske blir framstilt som varmt og kjærleg. Sånn sett tykkjer eg denne filmen er ein fin nykjel for å forstå korleis folk kan tenke om samlivsmoral når dei har bevega seg vekk frå dei kristne ideala.

No skal eg bli litt meir konkret her. Hovudpersonen i S. er Jonathan Trager (John Cusack). Han er ein ung, kjekk og stilig mann. Han er ikkje så veldig sjølvsikker, kan ein nok seie. Men han er ganske intelligent, og kan verkeleg kunsten å sjarmere ei kvinne. I opningsscena er han på eit stort kjøpesenter for å kjøpe ei jolegåve til kjærasten sin. Han finn eit par svarte hanskar - det siste paret til sals - og skal til å ta dei, då han møter: Den svært attraktive Sara Thomas (Kate Beckinsale), som også har lagt augo på desse hanskane til: Sin kjærast.

For å gjere ei lang historie kort, Jonathan vert skikkeleg sjarmert av Sara, og bed henne ut på date. Dialog etter daten:

Jon: So you're gonna meet your boyfriend now?
Sara: No, he's probably out doing what you're doing.
Jon: Getting a crush on someone else's girlfriend?

Så reiser dei ut og går på skøyter, og Jon gjer alt han kan for å forføre henne. (Ok, eg tek ikkje ta med så mange sitat her). Eigentleg så er dette ein veldig vakker del av filmen. Forelsking er vakkert, spesielt når det blir gjengjeldt. Og Sara let seg verkeleg vinne.

Men naturlegvis er det eit ganske åpenbart problem her: Har ikkje Jon og Sara ei forplikting til å halde seg trufaste mot sine kjærastar, så lenge dei er i forholdet? Eller er kanskje deira oppførsel akseptabel berre kjærastane ikkje får vite noko? Dette blir jo desto meir utprega i det J. og S. skiljast ved å "halde døra open" for at dei kan møtast meir; Sara har skrive fullt namn og adresse i boka "Love in a time of cholera" og selt ho til ein bokhandlar i New York, og dersom "skjebnen" vil det, så vil Jon finne denne boka, meiner ho. (Ok, "skjebne"-forståinga i denne filmen er også ganske horrendous - og veldig interessant =P, spør du meg, men det er ei anna historie. Kjem litt attende til det på slutten).

I praksis så skjer ikkje dette. Boka blir ikkje funne. Kjærastforholda deira held fram på kvar sin kant. Nokre år seinare er Jon framleis i lag med Halley (Bridget Moynahan), ei sympatisk og stilig kvinne som verkeleg er glad i sin kjære. Dei er no forlova, og skal gifte seg om ei veke. Men det som Halley ikkje veit, er at Jon ikkje kan få tankane bort frå Sara, den sjarmerande dama han traff den eine kvelden i jolestria. Han er i ferd med å tråle alle bokhandlane i New York for å leite etter boka der han kan finne namnet og adressa til Sara. Og etter som bryllaupet hans nærmar seg blir han meir og meir intenst oppteken av å finne trådar som kan hjelpe han å finne ut kven og kvar Sara er.

Dialog, der Jon og Halley er åleine og intime:

Halley: "That's a great haircut."
Jon: "Oh, thanks."
Halley: "Tell me you love me..."
Jon: "I love you."
Halley: "Tell me something romantic..."
Jon: "Like what...?"
Halley: "I don't know, like...How I'm the only girl in the universe meant for you..."
Jon: [nølar...trekker pusten]

Alarm frå komfyren, middagen er ferdig. Halley spring ut på kjøkenet.

Halley: "Oh my G*d, the dinner! By the way, I emptied your closet, we've gotta pack for the honeymoon!"

Filmen viser vidare korleis Sara på si side er i lag med ein sympatisk og snill mann som diverre også er litt "dim-witted", litt sånn smådum. Hans namn er Lars, og hans "jobb" er å vere frontfigur i eit alternativ/indisk/rock-band. Men han er verkeleg glad i Sara, sjølv om han ikkje alltid forstår hennar behov. Dei skal også gifte seg ganske snart. Men Sara er i ferd med å få second thoughts, og medan bryllaupet nærmar seg, byrjar ho etter kvart å ta steg etter steg for å finne att Jon. Sjølvsagt: Utan å opplyse Lars om dette.

Ok, er det berre eg som ser det umoralske i dette? Det er lygn, utruskap, egoisme og feighet i samrøre. Sjølvsagt ville det vore legitimt både for Jon og Sara å bryte forlovingane og så starte på nytt med ein annan person - sjølv om dette ville vore ei alvorleg nok handling. Faktisk ville dette vore det rette å gjere, så fort som mogleg, både for Sara og Jon. Det ville på sett og vis vore ein ærleg sak. Men det moralsk problematiske er her at deira forlovedar blir bruka på ein kynisk måte som egoistiske "naudløysingar", medan Jon og Sara på kvar sin kant er forelska i, og søkjer etter ein annan person.

Dialog, dagen før bryllaupet, Jon og Halley er i bryllaupslokalet, Halley er lei seg og frustrert. Dei set seg ned saman.

Jon: "Halley, what is it, what's wrong?"
Halley: "It's you!"

Jon: "What do you mean 'it's you'? What did I do?"

Halley: "Nothing exactly, it's just, just this feeling I have like, like you've been somewhere else for the past few days."

Jon: "That's not true..."

Halley: "C'mon, don't lie to me, Jonathan! ...I've dreamed about this my entire life, and, and I've imagined the dress and the flowers and even the music the band was gonna play. And everything is exactly the way I want except for my fiancé, who's just decided to float away to never-neverland."

Jon: "Look, maybe I've been a little bit out of it the past few weeks, but it's normal...you know, guys' stuff, cold feet. Doesn't mean I don't love you -"

Halley: "Well call me crazy, but I'd like my fiancé's feet to be warm, especially when we're hours from going down the aisle.

Jon: "I'm sorry, Halley, really I am."
Halley: "Whatever it is you're holding on to...please, just let it go...please."
[Dei omfamnar kvarandre].

Jon: "I think it already let go of me..."

Halley: "Wait, wait..."
[Halley tek fram ei gåve]

Jon: "What's this?"

Halley: "What do you think it is? The traditional groom's gift."

Jon: "...I got yours, and I forgot to bring it..."

Halley: "I know, it's ok...open it."
[Jon opnar. Surprise, surprise, der ligg boka "Love in the time of cholera"!]

Halley: "It's a first edition. It's just that every time we go into a book store, you're always flipping through it, and I checked this weekend, and you don't even have a copy."
[Han opnar boka, der står "Sara Thomas", med tlf. nr. Han blir stille.]

Halley: "What's wrong, don't you like it?"

Jon: "It's perfect...it's an excellent choice."



Dette er jo ein veldig interessant dialog. Det som eg blir så overraska av, er at filmen no held fram med å vise korleis Jon verkeleg får fart i søket etter Sara. Det heile blir akkompagnert av romantisk musikk; no skal han endeleg finne sin kjære. Men kven tenker på Halley, som systematisk har blitt, og enno blir, bedratt? I filmen glir ho berre sakte ut av horisonten.

Vel, for å gjere det heile komplett: Jon finn verkeleg fram til huset til Sara, og ser inn eitt av vindauga på avstand. Der ser han ei intens elskovsscene mellom Sara og ein eller annan (fortunate, or perhaps not so fortunate) mann (ikkje Lars, for Sara har brote forlovinga med han, like før bryllaupet). Jon blir nedslått og vender heim til New York. Der bestemmer også han seg for å bryte forlovinga med Halley og avlyse bryllaupet med henne. Men det heile blir snudd til lukke og glede når eit "skjebnens lukketreff" fører Sara til Jon i NY. Så sluttar filmen: Happy ending!

Ok, nokre tankar til: Det er på ein måte eitt positivt trekk oppi det heile: Nemleg at filmskaparane har sett ei "grense" ved ekteskapet. Ikkje i den forstand at seksuallivet høyrer til ekteskapet i eksklusiv forstand; det gjer det heilt klart ikkje. Men det er viktig for Jon at han finn Sara før ekteskapet er inngått. Kvifor? Tja, kanskje fordi det ville bli langt vanskelegare for Jon å bli i lag med Sara dersom han fyrst hadde gifta seg med Halley. Og kvifor ville det bli vanskelegare? Tja, lovmessige grunnar? Sosialt stigma? Kven veit - eg trur i alle fall ikkje Jon ville hatt eit særskilt problem med å skilje seg frå Halley dersom han hadde treft Sara etter at ekteskapet var inngått.

Eitt poeng til: Personleg karakter er vanskeleg og tungrodd å endre. Med den karakteren Jon viser igjennom Serend. er det tvilsomt om hans forhold til Sara vil halde seg. Det blir jo ein educated guess frå mi side. Filmen vil ha oss til å tru at dei lever lukkeleg alle sine dagar. Men tenk over det: Røynsla (også Jons) viser at kjensler for andre kvinner lett kan oppstå sjølv om ein er i eit forhold. Kjensler er flyktige; dei oppstår lett - og går lett. Men Jon har få sperrer mot å fylgje desse kjenslene, til og med dersom dette inneber å lyge og bedra, og å påføre andre menneske emosjonelle skader.

Men innad i filmen er ikkje dette eit nemneverdig moralsk problem. For den raude tråden er: Skjebnen styrer, og dersom skjebnen bestemmer seg for noko, er det sannsynlegvis fastlagt. Difor talar Sara gråtkvalt til veninna si om at: "It was like...in that moment [when Jon and I met the first time] the whole universe existed just to bring us together. That's why I'm here [in New York]. That's why I'm gonna let fate take me wherever it wants to go!"

Denne overtrua har naturlegvis ein flipside. Dersom skjebnen bestemmer noko bra for deg, er det "flott". Men dersom skjebnen bestemmer seg for noko dårleg (som for Halley, eller for Lars, eller fleire av dei som blir bedratt av Sara og Jon), er det lite å gjere med det. "Sånn er'e bare!" Eg tykkjer det er veldig interessant å tenke på ei slik skjebnetenking var svært utbreidd i det før-kristne romariket, og også i det heidenske Noreg. Det at vi for det meste er van med å tenke at vi er meir eller mindre frie vesen med omsyn til handlingar knytt til "dei borgarlege ting" er faktisk ei frukt av kristen tru og kristen tenking (sjølv om dei fleste av oss aldri tenker over at vi her står i takksemdsgjeld). Skjebnetenking fører derimot lett til liv som er bunde og tvangsprega. (Takk til D. B. Harts "Atheist delusions" for å gjere meg merksam på dette viktige punktet).

Men då den kristne fridomstanken kom inn i biletet, fekk også moralsk ansvar sin rettmessige plass: Mennesket står til ansvar for sine handlingar, og har evne til å opparbeide seg skuld ved brot på Guds moralske normer. Men filmen framstiller det slik at Sara og Jon ikkje har skuld og heller ikkje ansvar - kvifor skulle dei ha det? Det var skjebnen som gav dei hint, heile vegen, om kva dei burde gjere. Skjebnen ber ansvaret, og denne fungerer dermed som ei unnskulding for moralsk klanderverdige handlingar.


Alt i alt: Serendipity er på overflata ein "sjarmerende komedie" (slik omtalast filmen av Det nye, på coveret). Det er også ein interessant film med fleire lag. Men Serendipity er fyrst av alt: Ei råtten tomat.







Og når det gjeld populærkultur, likar eg denne betre.

Tuesday, August 18, 2009

Eg har vore hjå syster mi + familie nokre dagar. Og berre slappa av, spela poker på nettet (utan pengar, naturlegvis), sett på filmar (Crimes and Misdemeanors, Hero, Battlestar Galactica) vore på gudsteneste, samtala om politikk med min kjære svoger...og ikkje minst: Passa min kjære nevø og mi kjære niese. Her fylgjer eit bilete:

- No skal eg vere heime på Dalen ei veke og slappe av meir.

- Og eg skumma gjennom Serendipity. Det er sjeldan eg blir mållaus av moralen i ein film. Men denne filmen var slik. Oh mann. Om nokon har sett filmen, så kan eg gjerne utdjupe. Det var verkeleg tankevekkande.

- Elles har eg jobba litt med å finne idéar til kva vi kan skrive om i Fast Grunn i dei komande nummera. Om du har tips, så er det berre å seie frå! Alt av interesse.

- Så har eg bestilt nokre bøker på Amazon. Det går i NT for tida. John Piper og NT Wrights debattbøker om rettferdiggjeringa. Ei debattbok med den megetsigande tittelen "Two views of hell". NT Wrights "Simply Christian", som eg verkeleg gler meg til å lese. Og så ei grafisk novelle, nemleg Watchmen. Tenk det. Men fyrst må eg prøve å lese gjennom Udo Schnelles bok om Paulus, når eg har overskotet. Går naturleg nok litt sakte for tida.

Til slutt.

Friday, August 14, 2009

Thursday, August 13, 2009

"Headphones"

I don't have to hear it, if I don't want to
I can drown this out, pull the curtains down on you
It's a heavy world, it's too much for me to care
If I close my eyes, it's not there

With my headphones on, with my headphones on
With my headphones on, with my headphones on

We watch television...but the sound is something else
Just a song played against the drama, so the hurt is never felt
I take in the war-fires, and I'm chilled by the current events
It's so hopeless, but there's a pop song in my

Headphones on, in my headphones on
With my headphones on, with my headphones on

At the Tube Stop, you sit down across from me
(I can see you looking back at me)
I think I know you
By the sad eyes that I see
I want to tell you (It's a heavy world)
Everything will be okay
You wouldn't hear it (I don't want to have to hear it)
So we go our separate ways...

With our headphones on, with our headphones on
With our headphones on, with our headphones on
I don't wanna be the one who tries to figure it out
I don't need another reason I should care about you
You don't want to know my story
You don't want to own my pain
Living in a heavy, heavy world
And there's a pop song in my head
I don't want to have to hear it

Eit dilemma

Det er miljøkrise. Eg er på Dalen, djupt inne i Telemark. Eg skal til Kristiansand og besøke syster mi. Eg kan velje mellom to reisealternativ:

a. Togalternativet:
Køyre 82 km. til Bø. (Tek ca. 1,5 time, ca. 80 kr. i bensinutgifter)
Ta tog frå Bø til Kristiansand. (Tek 2,5 time, kostar 340 kr.)
Frå rutebilstasjonen i Kr. til huset: 0,5 time reise, 25 kr. i bussutgifter.

I alt: Dalen-Kristiansand, med litt ventetid innimellom: 5 timar, ca. 450 kr. i utgifter. Med retur: 10 timar, ca. 900 kr.

b. Bilalternativet:
Køyre 210 km. direkte til huset Kristiansand. Tek ca. 3,5 timar, 200 kr. i bensinutgifter. Med retur: 7 timar, 400 kr.


Ok, kva gjer ein? Naturlegvis: Ein tek bilen, det går mykje fortare og det kostar mykje mindre. (Bilen min er '96-modell, har veldig lite verditap, er driftssikker og brukar kanskje 0,6 på mila.) Problemet er naturlegvis at bil ikkje er det mest miljøvenlege alternativet. Så...kva ville du gjort, og kvifor?


Sånn i forlenginga tenker eg at dette er eit framifrå døme på at miljøkrisa må gripast an frå politisk hald. Ikkje ved å fullstendig avgrense fridomen til folk - til dømes ved å forby bil - men ved å leggje visse føringar. Byggje meir tog, subsidiere buss, tog etc. Opplyse om CO2-utslepp ved varer og tenester. Evt. legge miljøavgifter på det som forureinar.

Det er jo interessant å tenke på: Her om dagen tok eg buss frå Oslo til Skien. Det var utan nokon rabattar, sidan eg ikkje er student lenger. Turen tok ca. to timar, og ville altså kosta meg rundt 100-150 kr. med min billige bil. Kva kosta bussen? 300 kroner! Altså langt over dobbelt så mykje. I tillegg kom naturlegvis utgifter til t-bane, samt gåavstandar og ventetid. Altså:

Oslo-Skien:
Bil: 2 timar, 100-150 kr.
T-bane+buss: 2,5-3 timar, 325 kr.


Nei, det er ikkje så lett å vere miljømedviten.

Hallvard og Alek samtalar om barneoppseding

-Hallvard, sjølvsagt sier:
ok
det er bra, då
viktig at faren tek ansvaret heime
ikkje ansvaret
hehe
men ansvar

Aleksander sier:
hehe

-Hallvard, sjølvsagt sier:
jadda
men det er mykje arbeid, altså
når båe foreldra jobbar
og ein får born
snakka med mannen til syskenbarnet mitt her om dagen
"det fyrste året [til barnet] er reint jobbeår"

Aleksander sier:
sant
hvis jeg får meg barn kommer ikke likestilling til å være et tema i forholdet
eller... de to første årene vil det være et tema
men etter dette så skal barnet trenes opp til å gjøre at arbeid i hjemmet

-Hallvard, sjølvsagt sier:
ja, det er viktig, altså
fytti, vi var sløve med det, vi ungane, då vi vaks opp
mamma gjorde alt
"alt"
ok, det vart betre då vi vart sånn 10-12

Aleksander sier:
må nesten presisere.. barnet skal trenes opp til å gjøre alt arbeidet i hjemmet

-Hallvard, sjølvsagt sier:
haha
god ide
sånn liten slave

Aleksander sier:
ja
så får vi håpe at det blir en askepott historie

-Hallvard, sjølvsagt sier:
haha

Aleksander sier:
at barnet blir kongelig
så hvis ord som urettferdig, og forkastelig kommer frem vil jeg bare henvise til diverse eventyr
Er jo ingen argumenter som overgår "norsk kultur"

Wednesday, August 12, 2009

Hallvards plan for det komande året:
X Bli frisk.
X Jobbe som prest fram til jol.
X Kome meg vekk frå Dalen...
X Kome i eit miljø med fleire folk på min alder.
X Prøve å jobbe som vgs. lærar.
X Ta ped.
X Gå meir på tur i fjellet.
X Jobbe med fag/kunnskap/teori/humaniora.
X Bli betre kjent med Guds ord.
X Bli tryggare på tilveret.
X Halde kontakt med familie.
X Halde kontakt med dei gode venene.
X Spele med band og spele konsertar.
X Synge i kor eller evt. mannskor.

Og det beste med det: Planen er gjennomførbar :)

Til slutt

Monday, August 10, 2009



- Dagbladet melder at oljen tek slutt snart. Good riddance.

Sunday, August 9, 2009

Friday, August 7, 2009

- Hjarteleg takk for kommentarar, Johan og Ingar, om tema for foredrag. Det ser ut til at pop.kultur er tingen å satse på, om eg les dykk rett. Eg er litt samd i dette, og trur jammen eg køyrer på det.

- Det er interessant, det med NLM-chicks også. Eg har min eigen særeigne vri på denne problematikken. Hugsar då eg var rundt 19, og eg gjekk på Fjellhaug. Pappa og eg køyrde heim frå ferie i lag. Så tala vi litt om damer, og han spurte om det var nokon aktuelle. Det hadde jo uansett ikkje vore aktuelt for meg med noko som helst den gongen, med alt det andre eg tenkte på. Men eg svara uansett: "Nei...damene på fjellhaug er så keisame...så lite interessante. Like heile gjengen." Og dette meinte eg verkeleg den gongen. Men det var ein overfladisk og umoden dom.

Etter ein årelang prosess - og fleire røynsler - fann eg nok ut at...hm...det eg leita etter i damer den gongen var...hm...ein refleksjon av: Den personen eg trudde at eg sjølv djupast sett var, men enno ikkje hadde vorte. Altså: Mitt dameideal var bygd på - ikkje korleis eg var - men korleis eg trudde at eg ville bli berre eg hadde fått "utvikla meg ferdig". Det var noko veldig rastlaust og "out of reach" over det heile. Det eg mislikte hjå damer var djupast sett ein refleksjon av det eg mislikte hjå meg sjølv.

Men no er eg eldre, og eg skjønar at...eg er kjem aldri til å bli den personen som eg trudde eg kom til å bli. Eg blir ikkje den "kule, sjølvsikre, spontane, utfaldande, kontaktskapande, smilande" typen som eg kanskje trudde eg "var der inne", berre eg fekk rydda bort nokre hindringar. Berre delvis og glimtvis blir eg ein slik person. Det er jo på ein måte litt bittert, men nei, det er ikkje så bittert, heller. Det er frigjerande. Og det er ein del av ein normal modningsprosess.

Og dette er ein livslærdom som også gjeld på andre område: Ein kan fundere og spekulere på korleis framtida/situasjonar/utvikling blir. Men det er som regel waste of time; ein må berre sjå korleis det blir når det blir.

Så...suffice to say...eg har langt større auge for kvalitetar hjå NLM-damer no enn før ;) Men sjølvsagt: NLM-kulturen legg nok viss føringar med tanke på kjønnsroller, og ein del av desse føringane kunne sikkert trenge revisjon - dei er ikkje gudgjevne.

- Så har eg byrja å lese litt Francis Beckwith, nemleg hans "Defending life". Det er ei spennande bok, og hans grunnleggjande resonnement går som fylgjer:

a. Det ufødde livet er eit fullverdig medlem av menneskearten og menneskesamfunnet.
b. Det er i utgangspunktet gale å ta livet av eit slikt medlem.
c. Abort er eit drap på eit slikt medlem.
d. Difor er abort gale.

Det er naturlegvis punkt a. som er det kontroversielle her. Alle vil (bør) vere samde om at eit foster er ein del av menneskearten, det er opplagt ut frå biologiske fakta. Men er dermed fosteret ein menneskeleg person med krav på rettsvern? Beckwiths poeng er: Dersom ein svarer "nei" på dette spørsmålet, så opphever ein det absolutte og "vesensmessige" menneskeverdet hjå mennesket. I staden blir menneskeverdet knytt til eigenskapar hjå mennesket. Dermed vert menneskeverdet relativisert - vi kan sjølve bestemme kvar og når det gjeld. Og: Når fosteret blir fråteke menneskeverd er det umogleg å unngå at andre grupperingar av menneske (som allereie er fødde) også blir fråteke menneskeverdet på same grunnlag. Ok, dette var fort og gæli. Beckwith er naturlegvis langt meir grundig.

- Skal helse frå Andreas, bror min, her.

- Når det gjeld Wright, er hans grunnleggjande poeng at Jesus ikkje var sendt til jorda for å forkynne tidlause dogmatiske og moralske sanningar. Jesus var derimot in a very real sense ein del av ei frelseshistorie - Guds frelseshistorie. Wrights "premiss" som han ikkje blir lei av å repetere, er at Israel enno var i eksil då Jesus kom. Jesu forkynning av Guds rike er bodskapen om at eksilet er slutt, JHVH vitjar sitt folk, frelseshistoria har nådd sitt klimaks. Dette blir "linsa" Wright les heile dei synoptiske evangelia gjennom - også einskildtekstane, og dette er ein veldig spennande vri, tykkjer eg, som gjev meining til mange tekstar som kan verke veldig løyndomsfulle for oss.

Det som også er så spennande med Wright, er at han knyttar Jesu bodskap til profettekstane i GT på ein veldig fruktbar måte. GT-tekstane talar om at Herren skal kome til Sion med dom og frelse. Jesus knyter an til desse tekstane, og forkynner frelse - men også dom. Klimakset i domsforkynninga er knytt til tempelet. Jesu tempelreinsing - som er eit symbol på tempelets fall, som Jesus også føresa.

Altså: Dette er det fyrste som er interessant ved Wrights lesing av evangelia: Jesu forkynning av Guds rike, hans tilseiing av forlating for syndene, hans likningar, bergpreika etc. Det svevar ikkje i lause lufta, som ein bodskap inngjeve av Gud til Jesus "der og då". Det er i organisk samanheng med GT-tekstane og frelseshistoria og kan ikkje bli forstått rett utan denne ramma. Wright nemner mange døme, då, på korleis tekstar bør bli tolka i ljos av dette. Har ikkje tid til å nemne døme no, for eg må stikke straks.

Men der Wright verkeleg blir frisk - og der vi verkeleg kan ha misforstått - gjeld eskjatologien. Vi har vanlegvis tolka ein heil haug med tekstar i evangelia slik at dei dreier seg om Jesu andre kome. Med andre ord slik at tekstane i fyrste rekke er tala til kristne sånn mellom AD 70 og fram til Jesu andre kome. Tenk på likninga om talentane, likninga om jomfruane med lampene, Jesu tale om teikn i himmelen/krig og rykte om krig/Menneskesonen skal vise seg på himmelen etc. Wright seier: "Jesu andre kome" er ikkje tema i det heile teke i Jesu forkynning. Det dreier seg derimot om tida 30AD (Jesus står fram) til 70AD (tempelets fall). Denne siste hendinga er det Jesu læresveinar verkeleg må vere klare for, verkeleg må sjå etter teikna i tida for etc.

Ok, så poenget er at dersom Wright har rett, så er det ikkje sikkert at det fører til nokon særskilte dogmatiske endringar, sånn av kristentrua. Men det må føre til ganske radikale endringar av korleis vi les evangelia. Kort sagt: Tekstane er fyrst og fremst tala inn i ein særskilt, frelseshistorisk situasjon og siktar mot menneska som levde der og då. Vår lesing av tekstane som om dei i fyrste rekke sikta til vår situasjon treng ikkje vere "feil", men det er likevel skjedd eit hermeneutisk sprang som ein ikkje berre kan oversjå.

Hm. Dette vart også fort og gæli, gitt. Men kanskje du forstår litt av det, Ingar. Det verkeleg spennande er altså når Wright går laus på tolkinga av konkrete tekstar, og viser korleis hans tese fører til at dei blir tolka annleis. Eitt interessant døme er korleis ein skal forstå ein god del av "Gehenna"-tekstane. Dei har i vår tradisjon kort og greitt blitt forstått eskjatologisk, til tida etter "den siste domen". Wright er bestemt på at i alle fall nokre (alle? her er han litt uklar, tykkjer eg) siktar til tempelfallet i 70AD.

Som sagt: Her er det mykje som det kunne vore artig å diskutere! Eg trur ikkje vi er tent med berre å avvise Wright. Han kjem med så mykje friskt som verkeleg representerer eit sunt og sant korrektiv til vår tradisjons lesing av evangelia. Spørsmålet er kor mange av konklusjonane hans vi bør fylgje.

Thursday, August 6, 2009

Moremoremoremoremoremoremoremoremoremoremoremoremoremoremoremoremoremoremoremoremoremoremoremoremoremoremore

- No har eg fått medisin og er heime på Dalen. Må ta det med ro nokre dagar, men det går vegen no. Lurar på når neste gong eg kan sparke fotball blir.

- Eg skal halde eit foredrag på Kvitsund om eit aktuelt tema som har link til den kristne trua. Tips mottakast med stor takk. Eg har tenkt på: Historisk kritikk av Koranen, forbruk/pengar i NT, bibelsyn, kristendom og politikk, abortdebatt, kristendom sett frå ateismens side (denne er jo uhyre interessant, men blir kanskje litt for sterk for 16-18 åringar?) ...eg veit ikkje, eg. Det må vere tema som a) er relevant med omsyn til Bibelen og b) er spennande.

- Vil du lese teikna i tida? Då skal du berre lese Brad Pitts tankar om samliv her. Men Brad Pitt verkar elles som ein veldig sympatisk kar.

- Dersom N. T. Wright har rett i sin tese i "Jesus and the victory of God" så har vår tradisjon misforstått store delar av Jesu forkynning (og då slenger eg på desse: !!). Ein kan forstå at dette er interesting stuff. Er nokon interessert i å høyre meir om kva vi moglegvis har misforstått? Dette hadde det verkeleg vore gøy å ha ein "teologikveld" om i Oslo til hausten ein gong. Eg er neimen ikkje sikker på kven som har rett, men Wright er ein av verdas leiande Jesusforskarar. Han veit kva han talar om.

- "She used to work in a diner//never saw a woman look finer//I used to order just to watch her float across the floor." (Om du vil høyre, trykk her.)

- Så i morgon skal eg til Oslo ein tur, og forhåpentlegvis få kjøpt meg nye briller. Og så attende til avdelinga på sundag.

- Så ein ny deilig song av Maxwell her. Det er så funky.

- Eg har kjøpt klede i dag - på Dressmann. (Hehe, no blir ikkje Nobu nøgd). Men det var halv pris på heile butikken. Så då vart det ein del skjorter og slips, lenge sidan eg har handla klede no.

- Tenk over: Vi snakkar om samfunnsproblem: Dei mange skilsmåla i samfunnet, alkoholproblem som fører til vald, naud og store skatteutgifter. Kriminalitet etc. Det eg tykkjer er skikkeleg interessant å tenke på, er at dei som står bak alle desse problema, er levande, unike og dyrebare menneske. Og for å finne ut dei verkelege årsakene til samfunnsproblema, må ein bli kjent med desse menneska og deira livshistorie, og sjå kva det er som har ført dei inn i det livet dei lever og dei problema dei har. Kva haldningar og tenkemåtar har prega dei frå barndomen av? Avgjerande hendingar i livet? Nykjelpersonar som har påverka? Etc. Og dette kan vere verkeleg interessant og gje innsikt - mykje meir enn å lese statistikk og utgiftsbudsjetteringar. Det er jo også eit memento til politikken. Ein sunn politikk kjem ikkje utanom å seie noko om kva som er gode haldningar og verdiar, og korleis desse bør forme politikken - that is: dersom politikarane bryr seg om å leggje til rette for eit samfunn der folk har det bra. Dette treng ikkje bety å avskaffe valfridom - men det kan innebere å leggje sunne føringar for valfridomen.

Monday, August 3, 2009

Let's see

- Så har eg starta ei ny spørjeundersøking. Eg tykkjer det er litt artig å få sjå svara.

- Så har eg sett ein god film som eg gjerne kan anbefale: Lars and the real girl. Det er ein ganske vakker - om enn noko usannsynleg - film. Mange minneverdige augneblinkar i den filmen, eg likte spesielt godt scena der Lars mottek ei rose og så møter Margo. Hehe. Du som har sett filmen, veit kva det dreier seg om. Her kjem ein memorable quote frå filmen også: "It's a scientifically proven fact that everyone's favorite word is their own name." U bet.

- Nett no sit eg på Betanien sjukehus i Skien, og her er eg innlagt nokre dagar for å ta ein haug med prøver og røntgen-bilete og sånn. Det høyrest litt dramatisk ut, kanskje. Men det er ikkje det. Det dreier seg om ein leddbetennelse eg har pådrege meg. Velvel, eg får i alle fall eit innblikk i norsk sjukehusliv, og ein gjer seg nokre refleksjonar. a) Velferdsstaten er eit heftig gode. Eg er veldig for å betale ein god del skatt for at vi skal ha eit slikt helsevesen som vi har no. b) Sjukepleiarane er skikkeleg greie, venlege, imøtekomande etc. +++ til dei. c) Vi får til og med gratis mat fire gonger om dagen. Og det er trådlaust nett her. (y)(y)

- Så fekk eg endeleg avlagt besøk til småbarnsfamilien T+L Ladst. i Skien. Vi spela Settlers, og eg tapte, men det var ok. Eg vinn neste gong... :P Veldig hyggeleg med småborn. Men også mykje arbeid. Det blir ein livsstil.

- Eg har litt i bakhovudet kva prosjekt eg kunne satsa på som PhD-tese innanfor NT. Og det kunne vore spennande å: Drøfte Jesu slutningstale i dei synoptiske evangelia med tanke på om desse siktar til tempelfallet eller til "the end of space-time universe" ved tidenes ende. Ein artig tanke er det i alle fall.

Ein fet beat vil du finne her.

Saturday, August 1, 2009

9. s. e. pinse, Matt 7,15-20

Jesus formanar sine læresveinar om å ta seg i vare for dei falske profetane. Det vil kort sagt seie: Dei som kallar seg kristne, men som lærer og lever i strid med det Jesus har sagt. Dei falske profetane er farlege, og for å vere best mogleg rusta mot dei, er det viktig å leve sunt med Gud (Bibel, Bøn, Bror- og systerfellesskap, Brødsbryting).

Det står skrive hjå evangelisten Matteus, i det 7. kapittelet:

“Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar. På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein plukka druer av klunger eller fiken av tistlar? Eit godt tre ber god frukt, eit dårleg tre ber dårleg frukt. Eit godt tre kan ikkje bera dårleg frukt, og eit dårleg tre kan ikkje bera god frukt. Kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden. Difor skal de kjenna dei på fruktene.”

Dei som er ekspertar på korleis ein bør tale i bryllaup, konfirmasjon og liknande, dei seier gjerne: “Hugs å avslutte talen din med ein lystig og lett tone, gjerne ved å fortelje noko som folk likar å høyre.” Og det er sikkert eit godt råd til sitt bruk. Men Jesus fylgte ikkje dette rådet. For den store og omfattande bergpreika, som dagens preiketekst er henta frå, vert avslutta med fleire alvorlege åtvaringar til læresveinane. Og alle saman handlar om at Jesus rettleier sine læresveinar så dei skal halde fast ved trua og ikkje falle frå.

I dagens preiketekst er det altså ei av desse Jesu åtvaringar som vert tematisert: “Ta dykk i vare for dei falske profetane.” I Det gamle testamente er kampen mellom dei sanne og dei falske profetane ofte tema. Der les vi at Gud fleire gonger sendte ut sanne profetar med ein særskilt bodskap til Israelsfolket, og då var det viktig å lytte til dei og lyde det dei sa. Guds profetar formana til truskap mot Herren og til å vere lydig mot hans vilje. Dei viste den sanne og rette vegen å gå.

Men så låg stadig faren på lur for å bli ført vill av dei falske profetar, dei som stod fram og forkynte utan å vere sendt frå Gud. I Jeremiaboka talar Gud om desse profetane, og det er ikkje rosande ord han kjem med: “Eg har ikkje sendt profetane, og likevel spring dei av stad; eg har ikkje tala til dei, og likevel stig dei fram som profetar. Men hadde dei vore med i mitt råd, då hadde dei forkynt mine ord for mitt folk og fått det til å venda om frå si vonde ferd og sine vonde gjerningar.”
Vi skjønar kvifor Det gamle testamentet så mange gonger åtvarer mot dei falske profetane: Dei falske profetane lurar folket vekk frå truskapen og lydnaden mot Gud, og det er ein farleg veg å gå.

Det er difor ikkje overraskande at også Jesus åtvarar mot dei falske profetane. Og når han skal skildre korleis dei er, tek han utgangspunkt i eit bilete som ofte vert bruka både i Det gamle og Det nye testamentet; nemleg at Guds folk blir teikna opp som ein flokk med sauer. Sauer er lette å leie og dei har ikkje særleg mykje å forsvare seg med. Kva kan då vere farlegare for ein saueflokk enn ein svolten ulv? Og Jesus seier altså: Dei falske profetane er nettopp som svoltne ulvar. Og meir enn det: Dei infiltrerer flokken under dekke av å vere ein sau. Det er eit dramatisk bilete, og Jesu bodskap kan kanskje omskrivast slik: “Det finst folk som seier at dei er kristne og at dei dei trur på meg. Men samstundes oppfordrar dei til å leve og tru på ein annan måte enn eg har lært dykk. Slike folk er farlege, pass dykk for dei.”

Jesus seier altså: “Ver på vakt.” Dermed skjønar vi: Å vere ein Jesu etterfylgjar må også innebere eit ansvar for å vurdere og prøve det som vert sagt i kristeleg forkynning og undervisning. Den som tek imot alt heilt umedvite, vil lettare kunne bli bytte for lære og formaning som går på tvers av Jesu ord og vilje. I apostelgjerningane står det om jødane som budde i Berøa. Paulus kom og forkynte evangeliet om Jesus Kristus for dei, og så står det: “Dei hadde eit edelt sinnelag, for dei tok imot Ordet og granska Skriftene i Det gamle testamente for å sjå om det var sant, det som Paulus sa.” Dette er ei førebiletleg grunnhaldning som vi også bør strebe etter – altså at når vi høyrer kristen forkynning, så samanliknar vi det med det som Bibelen seier, for å sjå om det vi høyrer er sant. Slik seier også Paulus: “Forakt ikkje profetisk tale, men prøv alt, og hald fast på det gode.”

I vår tid kan nok dette med vurdering og prøving verke som ei vanskeleg oppgåve. Mange resignerer nok litt, og tenker: “Det er så mykje strid og debatt i kyrkja vår, og det er mange kloke hovud på ulike sider i debattane. Korleis skal ein vanleg kristen kunne vurdere kven som har rett og kven som har gale? Kanskje det er best å ikkje ha nokon meining om desse sakene...nokon andre får ta seg av det.” Som sagt: Det er nok ikkje så reint få kristne som tenker slik i Noreg i dag. Men det bør seiast tydeleg at dette ikkje er nokon sunn tankegang.

For den kristne trua skal ikkje overlatast til dei profesjonelle teologane. Den kristne trua er noko vi alle har felles, det er ein skatt som vi alle må vere med på å verne om. Det er nettopp det som er poenget når Jesus formanar sine læresveinar om å vere på vakt mot falske profetar. Kvar og ein av oss må vere rusta til å vurdere kva som er falsk lære. Men kva skal ein så gjere for å stå så godt rusta som mogleg? Kanskje ein analogi kan hjelpe oss her. Kroppen har eit immunforsvar som vernar oss mot ulike sjukdomar og åtak. For at immunforsvaret skal fungere godt, er det viktig å ete sunn mat og halde kroppen i form.

Men trua vår er også på sett og vis som eit immunforsvar som stadig blir utsett for åtak og falsk lærdom. Og då er det altså viktig å halde seg i form, det vil seie: Å leve sunt med Gud med Bibel og bøn i dagleglivet, og å ha stadig kontakt med sysken i trua. For å seie det på ein litt annan måte: Immunforsvaret i kroppen er avhengig av stadig tilførsel av ulike vitaminer, A-, B-, C- og D-vitaminer osb. Men også vårt trusliv treng jamnleg tilførsel av nokre vitaminer for å vere sterkt og for å vere robust, nemleg dei fire B-vitaminene: Vi treng Bibelen, vi treng bøna, vi treng bror- og systerfellesskapen og vi treng brødsbrytinga, nattverden. For å oppsummere: Den som lever eit sunt liv med Gud, lettare kjenne att og ta avstand frå den farlege falske læra.

Men så seier Jesus også noko meir i dagens preiketekst om korleis ein kan kjenne att dei falske profetane som leier folk vill. Han seier: “På fruktene skal de kjenna dei.” Jesus talar om ulike typar frukt og ulike typar tre, og dermed brukar han biletspråk frå plantelivet. Det finst til dømes epletre, og dei produserer epler om sumaren, og vi får god og saftig frukt. Men så finst det også til dømes kastanjetre. Og dersom det er ein saftig fruktsalat du vil lage, er det nok lite vits i å plante eit slikt tre i hagen din, for norske kastanjenøttar er så vidt eg veit giftige, og i alle fall ikkje saftige.

Og Jesu poeng er: Det er kanskje ikkje alltid så lett å sjå forskjellen på trea, og vite kva som er kva. Men når fruktene etter kvart dukkar opp, då blir du ikkje eit sekund i tvil. Du ser eple eller du ser kastanjenøttar, og då veit du kva tre du har med å gjere. Slik, seier Jesus, er det også med dei falske profetane. Dei er ikkje alltid så lette å få auga på. Men før eller seinare vil dei produsere frukter som viser kva dei er laga av, som viser om dei er gode eller dårlege tre.

Kva er det så Jesus siktar til når han talar om å “kjenne fruktene”? Eller sagt med andre ord: Kva er det Jesus meiner med “frukter”? Svaret er ikkje så avansert: Det dreier seg om den faktiske livsstilen, om orda og om gjerningane. Det er nettopp dette som skal prøvast hjå dei som er profetar, forkynnarar og andre kristne leiarar: Det vil seie: Lever dei eit gudfryktig og fromt liv sjølve? Oppfordrar dei kristenflokken til å frykte Gud og halde hans bod? Er dei opne og ærlege om fall og veikskapar dei slit med? Eller tek dei i staden kanskje lett på Guds bod sjølve, og bryr seg lite om å formane til omvending? Dekker dei over sine eigne fall og veikskapar? I så fall er det fareteikn, seier Jesus. Då ringar varselbjellene.

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage Ande, som var og er og vere skal éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.