Som før nemnt er "Den felleskulturelle skolen" ei av pensumbøkene mine på PPU-studiet. Eg har tidlegare sitert frå denne boka og vist at forfattaren An-Magritt Hauge har lite syn for det å bevare eit særskilt verdigrunnlag eller ein særskilt kulturarv. Alt flyt, alt er ope for å bli skifta ut, alle bidrag er likeverdige. Det er hennar grunntone, og denne ideen tek ho med seg inn i den norske skulen for kva det er verdt. I det fylgjande kjem nokre fleire døme på denne ideen, i boka hennar. Det er djupt interessant å lese.
Vi har alle eit mål om at innvandrarar skal integrerast i det norske samfunn. Eg veit ikkje korleis du oppfatter uttrykket "integrere" (kanskje du bør ta eit par sekund og tenke gjennom det før du les vidare). Men Hauge definerer det ved å avgrense det frå alle former for "assimilering". Som ho seier her: "Dersom en i begrepet integrering legger en forståelse av at det er de minoritetsspråklige som skal integreres i det norske samfunn, er man egentlig innenfor en assimileringstankegang, fordi en ser det slik at det er en gruppe, de minoritetsspråklige, som må forandre seg for å tilpasse seg et system".
Nei, integrering inneber at "helheten endres, institusjonene endres", vi får "felleskulturell virkelighet og kulturelt mangfold". Dette er grunntanken som ligg under at Hauge meiner at alle elevar i den norske skulen frå no ikkje lenger skal lære særskilt om norske tradisjonar og norsk kulturarv, eller eit vestleg verdisyn, for den del. Nei, Hauge teiknar opp skriveoppgåver der norske elevar skal lære seg å skrive både norsk og urdu. Dette skal inn i norsk-faget, for det multikulturelle skal gjennomsyre alle fag, seier ho. (Sitat: "forestillingen av eksistensen av noe norsk-kulturelt norsk må overskrides, og(...) norskhet som fenomen må rediskuteres og revideres.") Og i gymmen skal ein ta sikte på å integrere særlege leikar frå India, for å utvide perspektiva til elevane. Når ein dramatiserer snøkvit og dei sju dvergane, kan ein gjerne ha replikkar på både urdu og norsk, og ein kan gjerne bytte ut norske skogdyr med dyr frå Asia.
Dette er berre nokre døme. Personleg tykkjer eg det er flott å lære om andre kulturar, men det er særleg to poeng eg beit meg merke i då eg las boka. For det fyrste: Kor mykje energi og krefter som må gå med på å drive med alle desse "multikulturelle" innslaga i alle fag. Til dømes: Hauge nemner at ein kan ha høgtlesing for elevar, og lese frå "Mio, min Mio". Men så kjem det eit problem: Norske elevar vil kunne høyre og forstå ganske lett, men det vil ikkje dei framandspråklege. Kva skal ein gjere? Jo, ein skal lese ei enklare bok, eller eventuelt gje ei oppsummering av kvart kapittel før ein les boka, og så bør ein bruke store illustrasjonar. Dette vil lette forståinga for dei minoritetsspråklege (og det tykkjer eg er flott!), og når det gjeld dei majoritetsspråklege, så er norske born veldig glade i illustrasjonar, så dette kjem til å gå fint.
Klarare kan det vel ikkje uttrykkast at i ein skule der fleire nasjonalitetar blir blanda saman, og der fleire språk skal undervisast i same klasserom, og der ulike kulturuttrykk skal gjennomsyre alle fag - der vil kvaliteten på undervisninga tape. Altså: Hauge skisserer også opp ei god rekke med ulike "samhandlings"-øvingar som har som føremål å byggje ned framandfrykt og "rasisme" (etter hennar ideologisk bestemte definisjon). Eg har ingenting imot desse øvingane i og for seg. Det handlar om å ete mat frå andre land, teikne ulike land frå globusar, lære om kva born i andre land gjer til vanleg etc. etc. Eg skjønar berre ikkje korleis elevane skal få tid til å lære ordentleg, systematisk kunnskap når dei skal drive med alle desse øvingane.
For øvrig er det ein slags motstridande dobbelhet som går gjennom heile boka til Hauge. På den eine sida er ho veldig var for å dele opp i "oss" og "dei". Nei, vi har mykje til felles, og ein skal absolutt ikkje førehandsdøme nokon på grunnlag av kategoriar. Vi skal vurdere kvarandre på individplan, seier Hauge. Vel, problemet er naturlegvis at vi som grupper har visse kulturelle og verdimessige særtrekk. Og dette kan heller ikkje Hauge sjølv unngå å ta omsyn til. Gjennom store delar av boka talar ho om "minoritetsspråklige" og "majoritetsspråklige"; det er altså i fyrste rekke språket som skiljer oss. Men andre stadar talar om ho ulike grupper med ulike kulturar og verdiar.
Dette problemet løyser ho ved å tale om "funksjonsnødvendige" og "kulturelle" normer. Dei fyrstnemnde normene har vi felles, det er sånne som at ein ikkje skal stjele og lyge etc. Dei sistnemnde er foranderlege og kulturbestemte. Som ho seier: Etablering av et felles ståsted er svært viktig dersom vi skal kunne nærme oss også de områdene der vi reelt har forskjellige syn. Den kulturelle normene eller de kulturspesfikke måtene å gjøre ting på, er ingen hindring for at vi også kan ha felles verdier og interesser og leve side om side i samfunnet." Vel. Det gjenstår jo å sjå.
Men eit større problem er det at distinksjonen mellom "funksjonsnødvendige" og "kulturelle" normer er ein distinksjon som Hauge (ut frå hennar kulturrelativistiske posisjon) påfører andre livssyn og religionar. Sagt med andre ord: Hauge har sine verdiar og normer som ho held fast på (anti-rasisme, solidaritet, likeverd etc.). Desse støttar ho tydeleg, men utan å grunngje dei. Dei berre er der (eigentleg spring dei for ein stor del ut frå kristen tru og tanke, men det ville vere eit ideologisk nederlag for Hauge å innrømme dette, reknar eg med). Men utover desse verdiane er det lite som er fast og uforanderleg.
Ho skriv til dømes om "dannelse" som ideal for elevane. Dette er eit omgrep som i klassisk konservativ tenking siktar til kunnskapsmessig utdanning i ulike fag, men også til det å bli eit heilt, integrert, moralsk og reflekterande menneske. Men sjå korleis Hauge definerer det (i tilknyting til filosofen Jon Hellesnes; skulle vore spennande å leite opp den referansen, altså): "et sosialiseringsresultat som medfører en tro på egne muligheter til å forandre samfunnet (og skolen) gjennom politisk handling og demokratiske prosesser." Vel, det var ein definisjon eg aldri hadde høyrt før, må eg innrømme. Men nytolkinga rimar godt med Hauges ideologiske grunnsyn, som altså går ut på at ingenting skal stå fast i samfunnstenkinga; alt er prinsipielt sett ope for revisjon.
Då passar det å avslutte med eit avsnitt der ho skriv tydeleg om nettopp korleis dette kjem til uttrykk i skulen:
"Lærere skal bidra til en integreringsprosess der alle (grupper og individer) skal kunne ivareta sine egne verdier og samtidig være fullverdige medlemmer av samfunnet. Som vi har argumentert med i kapittel 1, skal ulike synspunkter diskuteres og minoriteters bidra i drøftinger behandles likeverdig med det majoriteten står for [her talar Hauge om å "behandle likeverdig". Tidlegare talar ho om at alle bidrag "er" likeverdige.] På den måten blir mangfoldet en reell ressurs for fellesskapet. Dette innebærer at alles sosialiseringsproses får en ny kurs på skolen. Skolen er den felles møteplassen der ulike meninger brytes, og alle får ny innsikt. Med ny innsikt kan nye verdier deles.
Sammen skaper vi noe nytt - en felleskulturell forståelse vi skal bygge det flerkulturelle samfunnet på. Dette innebærer at alle resosialiseres, de verdibundne faktorene fra primærsosialiseringen videreføres, men endres som følge av samhandling i et flerkulturelt fellesskap...Selvfølgelig kan man komme opp i situasjoner der verdier står reelt mot hverandre, særlig når de kulturelle normene skal diskuteres. Men dette er ikke normalsituasjonen. Foreldre og skole har en rekke felles verdier(...)Gjensidig tilpasning vil kunne løse mange av de situasjonene man ser som verdikonflikter."
1 comment:
Det var ikke verst Erik.
Post a Comment