Ja, eg har veldig mykje mot marxismen. Eg har forståing for at folk kan ha sympati for marxismen, det er ein ide som kan verke appellerande; å utlikne økonomiske og sosiale forskjellar slik at folk blir lukkelege. Vel. Uh. Eg er absolutt open for å diskutere Marx, dersom nokon skulle ha interesse for det. Eg er ikkje ekspert på han. Men ein del har eg fått med meg. Så ta det fylgjande med ei klype salt.
Ok, kva har eg imot Marx? Vel, Marx' system for å forstå verda var i utgangspunktet "vitskapleg", ein ide om korleis samfunnet ville utvikle seg. Men det er no uansett klart at Marx tok grundig feil på mange punkt. Ein kan lese om dette her. Resultatet i alle samfunn som freista å setje hans program ut i livet, var katastrofe. Poenget er at hans prediksjonar om samfunnet ikkje gjekk i oppfylling; vi fekk ikkje "proletariatets" uunngåelege og lukkelege siger over "borgarskapet". Dette har også å gjere med at hans analyse av røyndomen er radikalt reduksjonistisk: Religion, vitskap, moral etc. vert forstått innanfor ramma av sosio-økonomiske klasseforskjellar, og dermed står hans tenking i grunnleggjande fiendskap til heile den vestlege sivilisasjon med dens kulturhistorie.
Som peika på i ein annan post her nede, så har ikkje seinare sympatisørar med Marx teke med seg hans ideal om "vitskaplegheit". Men dei har teke med seg hans grunnleggjande struktur i tenkinga, som går ut på å underordne natur, religion, vitskap, moral etc. under idear om makt, undertrykking etc. Ein kan difor alltid diskutere kor nær linken eigentleg er til Marx sjølv. Men mange ideologar i Noreg er påverka av den såkalla "frankfurter"-skulen, som var ei rekke med filosofar og sosiologar som var sterkt påverka av Marxistisk tankegang. Les her.
Vel, eg kan berre uttale meg lausleg her, om kva problem eg har med denne type tankegang. Lausleg, fordi eg er usikker på i kor stor grad ein kan tale om ei einskapleg rørsle her (sjå ein liten wiki om "New left" her, samt om "Left wing politics" her, så skjønar du kva problemet går ut på). Men også fordi dette berre er nokre refleksjonar; eg er ikkje ekspert på dette området. Så ta det for det det er, eg driv ikkje med forskingsarbeid her. Uansett: Ein er generelt oppteken av sosial/økonomisk utjamning og frigjering, dvs. frigjering frå undertrykking, maktutøving, diskriminering etc. Det er mange problem med det, og svært mange av endringane som er gjennomført på grunnlag av denne typen frigjeringsideologi er eg kritisk til. Altså - eg er for lik løn for likt arbeid, og gjerne for ein viss type sosial utlikning i skattesystem, sosiale goder for alle borgarar etc. Men i etterkrigstida har politikarar på venstresida gått mykje lengre enn dette.
Vi har sett ein stor auke i kriminalitet dei siste 50 åra, og nedbyggjinga av autoritetsutøving i rettsvesen må i alle fall til dels sjåast i samanheng med dette. Det er ganske ironisk at mykje av den relativistiske venstresideideologien er ansvarleg for at "underklassa" i samfunnet får det verre enn før, for kriminalitet utøvast som regel av ressurssvake folk, mot andre ressurssvake folk.
Den radikale feministiske frigjeringsteorien har rota til forholdet mellom kjønna på ein uheldig måte. Kort sagt meiner eg mykje feminisme rett og slett er i strid med naturen. Det kjem veldig tydeleg fram ved å samanlikne til dømes Gunn Imsens agenda for likestilling med Richard Lippas forskning om kjønnsforskjellar. ("Gender, nature and nurture".) Autoritetsforholdet mellom foreldre og born har blitt nedbygd i den grad at disiplinen i norsk skule er svært dårleg, og tradisjon, danning og moral ikkje overførast i generasjonar slik det skulle. Samlivsmoralen er blitt relativisert, skilsmål, fri sex og abortar er alminneleggjort, og born er ofte den lidande parten. Ideen bak denne sex-revolusjonen er nettopp at dersom vi "frigjer" frå "autoritære band" og let kjærleik og frivillig tilslutning råde, så vil ein lukkeleg situasjon oppstå. Eg har ikkje tru på dette prosjektet.
Det er for øvrig også venstresida som for ein stor del er ansvarlege for at vi ikkje lenger har felles dannings- og høflighetsnormer i samfunnet. Slike normer har blitt tolka som uttrykk for "borgarskapets undertrykking av arbeidarklassa" eller anna. Dermed har ein allereie i utgangspunktet avvist ideen om at det verkeleg kunne vere visse normer, visse klesstilar, visse fraser, visse omgangsformer som er betre enn andre. (Men det kan ein sjølvsagt ikkje vedgå, for då driv ein med undertrykking...)
Men meir problematisk er venstresidas til dels anti-vitskaplege haldning som går hand i hand med denne "frigjeringsideologien" som er nemnt ovanfor. Ei grei bok om dette finn du her. Poenget er at arven frå Marx ofte pregar ideologane på venstresida: Ein får fort eit slepphendt forhold til alle slags "sanningar" fordi desse vert tolka i makt- og undertrykkingsperspektiv. Dette er også ei viktig årsak til den utbreidde "kulturrelativismen" som ofte dominerer blant venstreside-ideologar. Dersom ein seier at nokre kulturar er betre enn andre, så driv ein med "kolonialisme", "imperialisme", "undertrykking" etc. etc. Men då har ein allereie i utgangspunktet avvist spørsmålet om nokre kulturar faktisk er betre og meir høgverdige enn andre. Dette kjem stadig om att i pensumbøkene mine når det gjeld karaktervurdering i skulen. Høgresida vil ha objektiv vurdering av elevprestasjonar. Men venstresida har mange gonger stemt mot og arbeidd for å avskaffe karakterar i skulen. Årsak? Ein må ikkje tale sant om forskjellar på folk, for då driv ein med undertrykking, ekskludering og nedvurdering av menneskeverd.
Ok, dette får halde for no. Ei bok som verkeleg opna auga mine for det problematiske ved nymarxistisk tenking, var denne. For øvrig dominerer den såkalla nyliberalismen ganske sterkt i norsk politikk. Ap, til dømes, kan seiast å ha overteke Høgres økonomiske politikk. Nyliberalismen er ein politisk ideologi som legg vekt på økonomisk effektivitet, mindre skatteleggjing, meir konkurranseutsetjing, meir sentralisering etc. Eg vil ikkje nødvendigvis stille meg positivt til alt dette heller, men det er så vidt eg ser ein ideologi som ikkje har så store konsekvenser for kultur, moral, tradisjon etc. som nymarxismen har.For øvrig: Om nokon vil diskutere punkt i dette innlegget, så køyr på, det er berre hyggeleg og interessant. Men gjer det på ein høfleg måte, og i tråd med Arne Næss' normer for sakleg meiningsutveksling, som du finn her.
1 comment:
Hehe.. Visste du - at Marx sa, rett før sin død: "I'm not a Marxist".
Han hentyda i den forstand til de mange "Marxistiske" partier og fragmenter i den sosialistiske sfære .. de aller fleste hadde misforstått Marx på ett eller flere punkter - derfor uttalelsen.
Marx mente også selv at tiden for den sosialistiske stat ikke var inne, hverken den gang eller nå. Kapitalisme først, og når det så var over alt, så kunne revolusjonen komme. Den observasjonen har jo vist seg å holde vann, for revolusjonene som kom har jo ikke akkurat vært fruktbare.
Det som derimot ikke holdt stikk, var jo så at sosialismen var uunngåelig/proletariseringen av samfunnet. (men på det deterministiske punkt var han vel bare "barn av sin tid"..).
Men, så vidt jeg ser det - så er ikke problemet Marx, men venstresida? ;) [dog, selv om du mener at Marx er opphavet til venstresida - men det er jo en populær misforståelse.. det fantes mange [forholdsvis populære] sosialistiske filosofer før ham. Feks den sosialistiske martyr Babeuf, eller lsd-tripperen (er mitt inntrykk :-p ) Fourier.]
Hilsen studenten.
Post a Comment