På slutten av 60-talet vart det gjort arbeid for å endre også opplæringa mellom grunnskule- og høgskulenivå. Sitat frå historikar Berge Furre: "Reformarbeidet på slutten sekstitalet sikta mot å føra einskapsskoleprinsippet inn i den vidaregåande utdanninga, bryte ned prestisjen kring "artium", og jamstella den boklege utdanninga med yrkesskole i ein linedelt vidaregåande skole. Denne organiseringa vart røyndom på syttitalet." Hustad held fram: "Eit skoleslag som fungerte, gymnaset, vart altså fjerna fordi - som Furre skriv - 'prestisjen' vart for høg. I staden for gymnaset fekk vi frå og med 1976 den vidaregåande skolen, allmenne fag - eit skoleslag med endra faglege krav, mindre matematikk, mindre språk, meir samfunnsfag og fleire elevar...Berre på eitt punkt hadde arbeidarrørsla lidd nederlag gjennom reformperioden [på 50- til 70-talet], nemleg då dei i praksis føreslo loddtrekning som grunnlag for opptak til vidaregåande opplæring. I 1974 la det såkalla Evalueringsutvalet med den markante reformpedagogen Eva Nordland i spissen for AP-fleirtalet i utvalet fram eit forslag om å avvikle karakterane på ungdomssteget, eit framlegg som i praksis ville ha gjort det heilt tilfeldig kven som kom inn på allmennfagleg og yrkesfagleg studieretning...Motstanden [frå folket] vart så massiv at AP-regjeringa ikkje la forslaget fram for Stortinget."
Alfred Oftedal Telhaug har hevda at skolepolitikken til Arbeidarpartiet frå 1945 til 1976 kan sjåast som eit einaste langt åtak på det eksisterande borgarlege samfunnet, og eg vil leggje til: også eit åtak retta mot motkulturane. I 1947 la partiet ned den einaste private lærarskolen her til lands, Indremisjonen lærarskole i Oslo. I 1959 fjerna dei prestane som fullverdige medlemer av skolestyra og gjorde det dei makta for å få timetalet i kristendom redusert og til og med avvikla(...)I tillegg insisterte dei gjennom heile perioden på at universitetsutdanna adjunktar og lektorar ikkje hadde noko betre faglege føresetnader for å undervise enn lærarutdanna lærar, og partiet nekta å gje spesielt skoleflinke elevar utfordringar tilpassa deira nivå eller å utsetje spesielt uregjerlege elevar for sanksjonar.
I botnen låg det eit menneskesyn som sa at borna var svake og sårbare, og at folkeopplysningsskolen med si vektlegging av hardt arbeid, disiplin og lærarautoritet var skadeleg. Desse tankane samsvarte heilt med kva som vart tenkt innanfor dei dominerande pedagogiske miljøa her til lands. Telhaug har oppsummert det slik:
'...den pedagogiske tenkningen fram gjennom 1960-, 1970- og også 1980-årene har hatt som uuttalt forutsetning at det er synd på barn og ungdom. De har det ikke godt. Skolen har vært slik innrettet at den har brydd seg lite om ulikhetene i deres læringsforutsetninger og ofte stilt mange urimelige krav...Ja, den progressive pedagogikken har sett det som en oppgave å fjerne urimelige krav, rydde av veien vanskeligheter, så å si jevne veien for elevene. Den har forutsatt at barn er ynkelig og engstelige, og derfor ble hovedfilosofien formulert som den oppgave å skape trygghet hos barna.'
Etter ein slik dose med realitetsorientering får eg lyst til å verte litt høgtidsam og låne ord frå dei gamle. Langsamt hadde arbeidarrørsla bygd den nye skolen og gjort han til sin eigen - i sitt velferdsstatlege bilete. Elevane var no gjorde til offer, og etter den velferdsstatlege dikotomien visste ein at der ein fann eit offer, der fanst ein overgripar og. Men overgriparen skulle ikkje straffast, han skulle hjelpast. Omskoleringa kunne byrja. Gradvis vart den sjølvstendige, autoritære og potensielt overgripande fagpersonen deklassert og omprogrammert til ein kombinasjon av omsorgsarbeidar og iverksetjar av forvaltningsvedtak.
Tiltaka var mange. Lærarane vart oppmoda til å gje avkall på tavleundervisning, yrkesutdanninga vart lagd om: Nye og antiautoritære undervisningsteknikkar, som gruppearbeid og prosjektarbeid, vart obligatoriske, og komande lærarar kunne no fritt velje vekk teorifag som matematikk og norsk frå utdanninga si.
På det ytre planet vart skoleleiingar rundt omkring i landet oppmoda av departementet om å ' sørge for at den enkelte skole blir organisert på en slik måte at elevene har utstrakt medbestemmelsesrett'. I tillegg kom det at elevane skulle 'være med å velge lærestoff og etter hvert vennes til å velge selv'.
Den endra skolepolitikken gjorde seg utslag i lønnsposen og, spesielt for dei universitetsutdanna. I 1970 tente ein lektor om lag 170 prosent av gjennomsnittleg industriarbeidarløn, 30 år seinare var han komen ned i 112 prosent. Lærarmassen fekk langt på veg lik løn, uavhengig av lengd på utdanning og type utdanning.
Ja, det er interessant å tenke på kva drivkrefter som har vore i gang her. Ein kan nok kritisere Hustad for å vere noko einsidig. Det er lett å vere etterpåklok. Det var ei kulturell bylgje som skylte over heile vesten, det som skjedde i tiåra etter krigen. Men like fullt: Mange av endringane i skulen var ikkje godt grunngjeve. Dei var ideologisk bestemte, og det burde det ha vore mogleg å i det minste seie tydeleg. Og den maktarrogansen som Ap la for dagen - og som dei enno legg for dagen(!) - er det ikkje mykje unnskulding for, spør du meg.
No vel. Elles i dag har eg lese litt og jobba med oppgåve+artikkel. Det går i studiar for alle penga no om dagen, det er siste innspurt før jol. Så dette har eg lært i dag:
- Eg har lest om forskingshistoria på Paulus dei siste 300 åra. Djupt interessant. Og eg har lært av Wright at Albert Schweitzer var ein intellektuell kjempe blant pygmear då han verka. Og dette fekk eg langt på veg stadfest no som eg las forskingshistoria. Så no har eg lånt hans grunnleggjande paulusbok, eg trur verkeleg det kan vere ein del å hente der, altså. Spesielt sidan Schweitzer kjente den mellomtestamentlege litteraturen godt.
- Ja, elles så har eg lese meir om forfattarskapet til 12 Tim. Også veldig interessant. Kva kan eg seie. Eg skal ikkje gå ut med noko tydeleg standpunkt i denne saka her på bloggen, det er for kontroversielt, og då må eg kjenne saka endå betre. Men ja, veldig interessant. I morgon skal eg lese eit par artiklar med ei problemstilling som dreier seg om kva konsekvenser det har for brevas autoritet om dei anten er paulinske eller ikkje. Og så kva Luke Timothy Johnson har å seie om saka. Om nokon verkeleg er interessert i problemstillinga, så kan eg godt skrive litt om ho her på bloggen, då :-P
Åhomnuten
Dette er altså den finaste staden i Noreg.
Dalen-Odda
Dette er frå Dalen og vestover. Ganske fint her også. Her gjekk eg på pilegrimsvandring i sumar, dvs. til Røldal, i alle fall. Skikkeleg fin dag.
Rjukan - Kalhovd - Atrå
Denne turen har eg planar om å gjennomføre. Ville eigentleg gjere det i sumar, men det vart mange andre turar i staden. Dessutan er det litt kjipt å gjere det åleine. Eg har forresten jobba som prest ei stund i Rjukan.
1 comment:
Vil bare få ymte frempå om at det fineste stedet i Norge slett ikke er Åhomnuten, men den nokså ukjente perlen ved navn Kollingane - nærmere bestemt Kollingtjønna. At det per i dag heller ikke går noen sti frem dit, gjør det bare til en enda skjønnere opplevelse, fritt for andre godtfolk på tur.
Post a Comment