Saturday, December 11, 2010

Osb

Så var konfirmanthalvåret over. I dag hadde vi joleavslutning. Så vi song jolesongar, og eg forklarte litt om innhaldet i songane. Og vi song jolesongar og litt om kva det betyr at Jesus vart fødd. Ang. jolesongar så er det jo ganske mykje i songane som eg tippar ikkje blir så godt forstått. Ta til dømes desse versa frå Grundtvigs framifrå salme:

"Hvor David gikk  i unge år
som salvet [--> til konge] drott [=herre] og voktet får
der åpenbarer Herren nå
hva David kun i Ånden så [jfr. hans messianske salmar].

Hva dunkelt fra hans harpe klang [i salmane]
forkynnes nå i englesang
Ved nattetid, i hyrdelag
forkynner engler Herrens dag [--> veldig sentralt GT-leg uttrykk for Guds inngripen til dom og/eller frelse]."

Framifrå poesi, tettpakka med bibelsk terminologi. Men det krev litt dekoding å forstå det.

Elles hadde vi quiz, og så var det jolegraut. Eit halvår med konfirmantar er over, og det har vore både inspirerande, lærerikt og utfordrande. I det neste halvåret blir det frigjort meir tid til lesing. Det tek trass alt ein del tid å reise fire timar både fram og attende til Seljord, pluss ein del tid til å førebu. Så slik sett blir det fint med eit litt rolegare semester i Oslo på våren. Om nokon konfirmantar skulle lese dette: Lukke til vidare, og ver snille med Petter! Og hugs endeleg å bruke dei 4 B'ane. Do the right thing.


Ikkje så mykje meir å melde nett no. Eg har byrja å lese "Skolen som forsvann" av Jon Hustad. Veldig interessant bok med sterk kritikk av Aps politikk på skuleområdet. Så eg tenker å gje att nokre utdrag når eg har pløyd gjennom ho. Eg har sagt det før. Det er rart å tenke på kor mykje politisk ideologi pregar liva våre. Det er litt viktig å vere klar over, tenker eg, så ein ser korleis eins liv kunne vore annleis dersom ein levde i eit anna samfunn.

Så bar det rett attende til Oslo med bil og buss, der eg fekk lest nokre artiklar frå Anchor Bible Dictionary. (Verkeleg eit framifrå leksikon med gode litteraturlister for alle slags uttrykk og omgrep.) M. a. om "Heaven". Artikkelens hovudkonklusjonar samsvarte naturlegvis med Wrights utsegner om himmelen. Interessant. Eg var på møte i min faste kyrkjelyd i dag. Det var ein tale av ein kar på min alder. Og talen var verkeleg god, så det var det ingenting å seie på. Talaren sa at "alt skal bli nyskapt". Så sa han "vi skal til himmelen". Ok? Nei, ikkje heilt ok. Jaja. Eg trur ikkje det blir så lett for dei som seier slikt å finne ut av korleis ein skal sameine desse konsepta i GT og NT. Det er veldig bra å tilhøyre NLM, tykkjer eg. Samstundes demrar det jo for meg smått om senn at NLM ikkje akkurat er ein organisasjon særprega av intellektuell tyngde. Og det gjev ein dynamikk som ikkje alltid er så positiv. Men sånn er det.

Har ikkje så mykje meir på hjarta no. Må legge meg. Er trøytt. Framleis hyggeleg du er innom og les.

2 comments:

Minimaud said...

Alltid innom.

Kjetil said...

Ich auch :D

Forresten: Du må ikkje gje slepp på idéen om ein tenketank...