
Denne boka har blitt liggjande ganske lenge. Men no har eg endeleg fått skumma gjennom resten av ho. Det er så kjekt med Wright: Dersom ein har lest hans tyngre, faglege arbeid, så går det veldig fort å lese det meir oppbyggjelege. Sistnemnte byggjer nemleg i sterk grad på fyrstnemnte. Naturlegvis kan ein lese Surprised by Hope åleine, det er berre det at det krev litt meir arbeid. Men uansett: SbH er ei vidunderleg bok på mange måtar, forfriskande, stimulerande og tankevekkande. Det er verkeleg...hm...utruleg interessant korleis eskjatologi påverkar tanken om kva som er kyrkja sine oppgåver her og no. Wrights store tese, som byggjer på Bibelen (ja, eg seier det like gjerne sånn), er at den kristne framtidsvona - det kristne evangeliet -
ikkje dreier seg om å kome til himmelen når vi døyr.
Kva er den kristne framtidsvona (som altså byggjer på evangeliet)? Jo, at Jesus er kome til jorda, han har stifta Guds rike her, han har døydd og stått opp frå dei døde og dermed bragt framtida (då heile skaparverket skal fornyast) inn i nåtida. Og poenget er: Alle som er "i Kristus" er allereie her og no "ein ny skapning", og har fått del i den komande tidsalder allereie her og no. Og: Kyrkja sin misjon er ikkje å forkynne evangeliet slik at menneske kan fly til himmelen, unna dette skaparverket som er på veg til undergang. Nei, kyrkja sin misjon er å forkynne evangeliet slik at menneske allereie her og no får Anden, blir nye skapningar og allereie her og no - ved å fylgje Jesus - er med på å gjenopprette skaparverket. Dermed kan ein på sett og vis seie: Det kristne evangeliet dreier seg om at himmelen kjem til jorda. Og dette skjer før vi døyr, og det skjer etter at vi døyr. I det heile teke er det ikkje "vi" som er hovudpersonar her. Det er Gud.
Noja. Ei god bok som på mange måtar røskar opp i dominerande (men ofte feilbalanserte eller misforståtte) tenkemåtar i norsk kristenliv. Tek Wright feil nokon stad i boka si? Vel, det er vanskeleg å "ta" Wright, han er så gjennomtenkt, lærd og grundig. Men hans refleksjonar om Gehenna kan ein i det minste diskutere, og hans sakramentframstilling kan kanskje seiast å vere litt tynn (men det Wright faktisk seier, er likevel spennande og innsiktsfullt!) Og for min eigen del treng eg nok å tenke litt meir gjennom det Wright seier om kristnes deltaking i det offentlege liv som eit ledd i kyrkja sin misjon i verda. Men: Eg mistenker at mitt behov for meir gjennomtenking av dette har mest å gjere med at dette er ei side ved misjonsoppdraget som faktisk er bibelsk, men som diverre har blitt underbetona pga. opplysningstidsskillet mellom offentleg og privat. Og då slengjer eg på dette: !
Poenget til Wright er: Oppstoda viser at fornyinga av skaparverket har teke til. Det betyr: Fornyinga av
heile skaparverket, ikkje berre det som skjer innanfor bedehuset eller kyrkja sine fire veggar! Oppstoda viser at Jesus Kristus er herre over heile skaparverket, at han har all makt i himmel og på jord. Det betyr at når Jesus sender ut sine læresveinar med bodskapen om Guds rike, så kan ikkje læresveinane setje noko mindre mål enn å "gjenerobre"
heile skaparverket for Gud.
Høyr til dømes på kva Wright seier her:
"Eg håpar eg har sagt nok til å gjere det klart at misjonsoppdraget til kyrkja verken er meir eller mindre enn utarbeidinga, i Andens kraft, av Jesus lekamlege oppstode og såleis forsmaken på den tida då Gud vil fylle heile jorda med sin herlegdom, forvandle den gamle himlen og jorda til den nye, og reise opp sine born frå dei døde slik at dei kan befolke og herske over den forløyste verda han har skapt.
[Det avsnittet er såpass viktig og tettpakka at eg gjerne anbefaler deg å lese det to gonger dersom det hjelper deg å få med meininga der. Alle orda er viktige.]
Dersom dette er tilfelle, må misjonen raskt kome seg frå sin langtids-schizofreni. Som eg har sagt før, er skiljet mellom det å frelse sjeler og det å gjere det gode i verda ikkje eit produkt av Bibelen eller evangeliet, men derimot det kulturelle fangenskapet av dei båe innanfor den vestlege verda...Vi kjem no attende til dei temaa som vi gjekk gjennom for to kapittel sidan (rettferd, skjønnhet, og evangelisering) med fornya håp nettopp på grunn av løftet om fornyinga av rom, tid og masse. Denne verda av rom, tid og masse er den verda der verkelege menneske bur, der verkelege samfunn skjer, der vanskelege avgjerder vert teke, der skular og sjukehus ber vitnemål om evangeliets "allereie no" medan politi og fengsel ber vitnemål om "enno ikkje". Verda av rom, tid og masse er der departement, byråd, grupper i nabolaget og alt innimellom blir stifta og drive til beste for den vidare fellesskapen, den fellesskapen der anarkiet betyr at bøllene (økonomiske eller sosiale eller fysiske) alltid vil vinne, der dei svake og sårbare alltid treng vern, og der dei sosiale og politiske strukturane i samfunnet difor er ein del av Skaparens design.
Og kyrkja som er fornya av bodskapen om Jesu oppstode må vere den kyrkja som går til arbeid nettopp i det rommet, i den tida, og den massen som ho på førehand proklamerer som staden for Guds rike, Jesu herredøme, Andens kraft."
Og nettopp på dette grunnlaget peikar på Wright på at kristne kan sjå det som sitt kall å gå frå tilbedinga i kyrkjelyden, og ut i verda, for å delta i ungdomsgrupper, kommunal planleggjing, hjelp for fattige, fagforeningsarbeid etc. etc. Wright held fram:
"Nokre vil finne at Gud leier dei til å arbeide med handikappa barn. Andre vil kjenne eit kall til å delta i lokalpolitikken. Andre vil finne ei stille tilfredsstilling i kunst-arbeid eller utdanningsprosjekt. Alle vil trenge kvarandre for stønad og oppmuntring. Alle vil blir næra av det sentrale, tilbedande livet i kyrkja. Og det sentrale livet vil igjen bli næra og fornya i det Jesu vener kjem tilbake frå misjonen i verda, til tilbedinga."
Det er interessant å sjå kor nær Wright med dette ligg Luthers "kallsteologi". Her om dagen las eg i ei misjonsblad om ei kvinne i Egypt som hadde bestemt seg for å bli nonne. Kvifor det? Jo, fordi ho ville "tene Gud på heiltid", stod det. Då tenkte eg tilbake på det Luther sa, og det som Wright faktisk her også seier: Alle kristne tener Gud på heiltid, med den dei er. Det å tene Gud i familie er like mykje verdt som å tene han i bøn og klosterfellesskap. Det å køyre post er også ei viktig teneste for Gud, like eins det å vere sjukepleiar eller det å vere museumsguide. Men: Den som er kristen gjer dette som ein del av det store framtidshåpet, som ein del av gjenopprettinga av skaparverket som Gud har sett i gang.
Men dette betyr vidare at Wright verkeleg formanar oss vestlege kristne til å besinne oss med tanke på vår rolle i det
offentlege. Når det skjer vondskap, urettferd, utnytting i verda, så skal kristne uttale seg mot det, også offentleg!, og seie frå om dette er mot Skaparens vilje, han som allereie no er i ferd med å rette opp att skaparverket. Høyr på dette:
"Vi kan ikkje vere naive. Det er mange stader og situasjonar der interesser, korrupte politikkar og politikarar, tyrannar, bøller og samfunn som har blitt seg sjølv nok, anten rasistisk eller kulturelt, vil finne at kyrkja sitt vitnesbyrd er trugande og fornærmande. Dette er ikkje ei overrasking for oss i dagens vestlege verd, der vi møter på det politisk korrekte forbodet mot kristne symbol og festivalar. Heller ikkje vil det vere ei overrasking for dei som har prøvd å arbeide for betre hus, for betre forhold for bønder og fabrikkarbeidarar, og så har funne uopphøyrleg sinne frå dei som stille, men nådelaust utnytta andre.
Men legg merke til kva slike folk vil seie. Dei vil fortelje kyrkja, om igjen og om igjen, om å vende tilbake til det dei eigentleg bør drive med, nemleg å frelse sjeler.
Men ei slik radikal forvrenging av det kristne håpet heng nøyaktig saman med ein "stillehet" som forlet verda slik ho er og slik tillet vondskapen å halde fram utan utfordringar. Til slutt denne. Denne passar like godt.