Tuesday, March 30, 2010

-->Human life has value

Monday, March 29, 2010

Fyrst ein liten film frå ein liten gåtur vi var på, i Lårdal.

video

Så var eg på sykkeltur i dag. Det var ein lang tur denne gongen, frå Dalen til Ravnejuv til Gøytil til Åmot og så attende til Dalen. Her er ein film frå Ravnejuv, det er eit kult stup på 350 meter, loddrett.

video

Elles vart Roger og Margareth godt gift på laurdag. Vigselen var fin, GUS-folk song Stay with me og Mitt hjerte er ditt, og underteikna heldt tale. Eg kan då alltids leggje ut talen her på bloggen om nokon skulle vere interessert, ho er jo trass alt offentleg.

Uansett, etter bryllaupet var det attende til Kvitsund. Deilig mat og hyggelege folk rundt bordet. Så var det fotografering, underhaldning og kaker. Eit vellukka og tradisjonelt bryllaup, kan eg seie, og det var også litt interessant å kome litt "på innsida" med tanke på planleggjing.

Så er kronikken min sendt til Vårt Land. Eg håpar verkeleg han kjem på trykk, og i så fall skal det bli spennande å sjå kva reaksjonar eg får. Tittelen på kronikken er "Notto Thelle, korset og Johannesevangeliet." Eg tykkjer verkeleg Thelle har mykje godt å kome med, og mange korrektiv til tradisjonelle forståingar av Jesu krossdød.

Men han er også veldig ullen i korleis han grunngjev sine teologiske standpunkt, og han er fleire gonger i åpenbar strid med det NT faktisk seier om Jesu død. Difor tenker eg det er viktig at nokon set litt søkeljoset på det han står for, sjølvsagt på ein respektfull måte. Ikkje minst fordi han er premissleverandør for meir radikale røyster i den teologiske debatten.

Sunday, March 28, 2010

Nokre poeng om domen

I min førre post fekk eg denne kommentaren:

"Jeg lurer på om det er mange som sliter med tanken på fortapelsen, om helvete virkelig finnes. Det er egentlig dette jeg vil fram til med min kommentar: hvordan kan vi glede oss i nåden, når vi ikke tror på at helvete finnes?

Det hadde vært interessant om du Hallvard kom med et innlegg om dette. Hvordan kan kristne forsone seg med at helvete er til? Slik jeg forstår bibelen, har Gud skapt helvete først og fremst som et sted for djevelen og hans engler. Gud skapte mennesket, i utgangspunktet, til å være i Guds nærhet - for himmelen.

Jeg siterer en som sliter med disse tankene: "Dersom helvete finnes, og dersom Gud lar mennesker pines i helvete i all evighet, da vil jeg ikke ha Gud". Det forkynnes lite om fortapelsen. Hva er fortapelsen? Om vi virkelig trodde Gud i det han sier om åndeverden, djevelen, om at DHÅ skal gi oss innsikt i disse tingene, da ville vi vel ha levd livene våre annerledes. Det stikke dypt dette her:) men jeg trenger litt hjelp med denne tematikken. Har dere en kommentar??"



Ja. Eg har eit par refleksjonar til dette, og så er du - eller Knudi eller andre - velkomne til å dele dykkar tankar og refleksjonar. Det fyrste eg då har å seie, er dette: Bibelen talar utvetydig om at det vil kome ein domedag, då Jesus Messias skal døme alle menneske. Dei som då ikkje har hatt ei tru på Jesus som har vore verksam i kjærleik, vil dømast - men til kva? Det er slett ikkje så opplagt som eg har trudd, og vorte opplært i. Det held ikkje å sitere tekstar frå Matteusevangeliet og så seie "her står det 'evig pine' og 'tenners gnissel' og 'eld som ikkje sløkkjast', altså veit vi ganske godt kva helvete er."

Eit slikt standpunkt er altfor enkelt av fleire grunnar. For det fyrste: Vi kan ikkje føresetje at vi instinktivt kan vite kva orda Jesus brukar, faktisk tyder, aller minst når språket er tungt prega av GT-lege forestillingar som i større eller mindre grad er metaforiske. Og berre så det er sagt: Metafor er ikkje automatisk lik "ikkje reelt". Men det betyr at ein må "dekode" metaforen før ein når fram til den realiteten metaforen ynskjer å skildre. Altså, eg er litt i tenkeboksen når det gjeld eit standpunkt om kva "Gehenna" faktisk inneber, eg må jobbe meir med problemstillinga.

Den andre grunnen til at det ovanfor refererte standpunktet er for enkelt, er ganske fundamentalt og diverre som regel lite forstått, nemleg at evangelia er tungt tids-situerte, så å seie. Dei fortel om eit visst ledd i frelseshistoria, og kan ikkje tolkast som om Jesus ynskjer å gje "tidlause" frelsessanningar til oss. Det betyr meir konkret at vi må vere sterkt på vakt for å unngå å tolke Jesu ord uavhengig av den situasjonen han var inne i, nemleg den historiske innstiftinga av Guds rike på jorda i og gjennom hans liv, død og oppstode.

Meir konkret: Det er liten tvil om at i alle fall fleire av tekstane i evangelia som tradisjonelt har vorte forstått som "tidlause, dogmatiske utleggjingar av helvete", faktisk i høgste grad er historiebunde utsegner som er knytt til domen over Jerusalem, som manifesterer domen over det Israel som ikkje tek imot Guds utsending og konge, Jesus frå Nasaret.

Men dette tyder på ingen måte at vi skal forkaste den framtidige delinga av menneskeheita i dei som har den levande trua på Jesus Kristus og dei som ikkje har det. Men eg veit at vi ville ha godt av å seriøst undersøke kva tekstar som faktisk dreier seg om denne framtidige inndelinga, samt korleis desse tekstane skal bli forstått.

Men dette gjev til ein viss grad ei anna vektleggjing i vår forståing av Gehenna enn den vi er tradisjonelt van med. I visse typar å forkynne på, blir det forkynt om Gehenna (eller ja, "helvete", men eg er usikker på om det i det heile teke er vits i å ta vare på dette uttrykket, i og med at det blir så misforstått. Men dette kan ein sjølvsagt diskutere) på måtar som ikkje tydeleg nok skjelnar mellom dei som er utanfor og innanfor. Ein kan til dømes tiltale ein kristen kyrkjelyd med å seie "Du er fortapt i dine synder! Du må vende om til Jesus Kristus!" Og sjølvsagt er det rett å forkynne til omvending. Men bør ein gjere det på den måten, på ein generell måte, i ein vanleg forkynningssituasjon, til alle kristne i ein kyrkjelyd?

Eg meiner: Sjå på korleis Paulus forkynner om domen. Han brukar ikkje ordet Gehenna, endå mindre "helvete", men han brukar adskillige andre ord, som "evig øydeleggjing", "dom", "flammande eld", "angst og trengsle" etc. Men altså: Paulus skjelnar tydeleg mellom dei som er innanfor og utanfor den truande kyrkjelyden. "Jesus Kristus frir oss frå vreiden som kjem" (1 Tess 1,10) eller "Guds bestemte oss ikkje til vreide, men til å oppnå frelse" (1 Tess 5,9). Paulus reknar som utgangspunkt at dei som høyrer til i kyrkjelyden, trur på Jesus, og lever i Anden, skal arve Guds rike og få del i det fullenda gudsriket, det fornya skaparverket.

Sjølvsagt talar Paulus også om dei som vert dømt ved Jesu nærvere og atterkome. Men dei som i utgangspunktet vil bli ramma av denne domen, er dei som har forkasta Skaparen og hans vilje. (Rom 1,18-32). Paulus reknar også med faren for at kristne kan falle frå og falle ut av nåden. Men dette seier han ikkje generelt til dei truande, han kvalifiserer det. Dei som ikkje erver Guds rike, er dei som "fullfører kjøtets gjerningar", dei som ikkje lever eit liv i Anden. Og så ramsar han opp "laster" som baktaling, stjeling, hor, grådighet etc., og konkluderer med at dei som lever i dette, dei skal ikkje arve Guds rike. Dei vil "få att for sine gjerningar, for Gud gjer ikkje forskjell på folk."

Ok. Det er viktig å få litt tak på det Paulus seier om fortapinga. Romarbrevet 1-2 er nykjelen. Han seier: Menneske veit at det finst ein Skapar. Men dei forkastar denne kunnskapen, og "dyrkar skapningen i staden for Skaparen". Dette omtalar Paulus andre stader som å "ha magen til Gud", eller å "ete og drikke, for i morgon døyr vi." Det handlar om å la sitt sinn vere innretta mot kun "jordlege" ting, det som ikkje har med Gud å gjere.

Desse som slik forkastar Skaparen, vil bli "tomme i sitt sinn." Og dette vil få utslag i gjerningane deira, som ikkje vil ære Skaparen. Og så kjem eit viktig poeng: Paulus seier at Guds vreide allereie her og no vert openberra frå himmelen over dei som lever livet sitt på denne måten. "Difor overgav Gud dei til..." Det betyr: Domen har byrja allereie no. Dette er ei side ved Paulus' tenking som ikkje har blitt så mykje vektlagt, men som likevel er der, tydeleg: Paulus meiner at Guds vreide og dom er på gang allereie her og no i verda.

Det betyr at vi uansett ikkje kan forstå den endelege dom som eit slags "brot" som kjem ut frå inkje. Betre er det å forstå den endelege domen som eit endepunkt i ein lang prosess der mennesket har forkasta Skaparen i tankar og gjerningar. Merk: Når Paulus skal skildre det kristne livet, talar han fleire gonger om det å bli "likedanna til Guds bilete, som er Kristus". Dette er også ein prosess, som dreier seg om å bli meir og meir som det mennesket Gud skapte oss til å vere, ved Andens fornying. Men dette er ein motsett prosess enn den eg skildra ovanfor, som dreier seg om å halde fram i øydeleggjinga av gudsbiletet.

Det er heilt korrekt at vi bør leve våre liv som kristne i ljos av framtida, og der inkludert den endelege dom. Slik argumenterer som nemnt Paulus når han talar om lastekatalogane. Då seier han: "Far ikkje vill, Gud let seg ikkje spotte. Det du så, vil du også hauste." Dette er argumentasjon ut frå framtida: Sår du i kjøtet, vil du så forderving, d. e. dom, av kjøtet. Og Paulus skildrar denne domen tydelegast i Rom 2: "Men de som i selvgodhet er ulydige mot sannheten og lar seg lede av uretten, har vrede og harme i vente. 9 Nød og angst skal komme over hvert menneske som gjør det onde, jøde først og så greker." Paulus argumenterer også til dei kristne ut frå den framtidige dom i Rom 14,10 og 2 Kor 5,10. "Ikkje døm bror din! For vi skal alle fram for Kristi domstol" Eller: "Vi forkynner evangeliet fordi vi kjenner frykta for Herren. For vi skal alle fram for Kristi domstol."

Men her kjem eit veldig viktig poeng: For Paulus er det uhyre viktig å argumentere både "etisk" og "dogmatisk" ut frå framtida. Men: Då er det ikkje fyrst og fremst domen han argumenterer ut frå. For for Paulus er det i utgangspunktet slik at domen vil ramme dei som er ulydige mot evangeliet, men det er ikkje slike folk han skriv til, stort sett. Kva vil skje i framtida med dei som tilhøyrer Jesus? Jo, Gud skal fullføre den fornyinga av skaparverket som han har teke til med allereie no med dei. Konkret betyr dette oppstoda av lekamen.

La meg seie det igjen: Paulus argumenterer verkeleg mykje og ofte ut frå kva som vil skje i framtida. Men når han forkynner for dei kristne, legg han langt større vekt på fullendinga av gudsriket og oppstoda frå dei døde enn han legg vekt på den domen som vil ramme dei som er ulydige mot evangeliet.

Tuesday, March 23, 2010

Om å stå ulasteleg, feilfri, heilag etc. for Gud på Kristi dag

Innleiing
For tida les eg 1 Tess, og det er spennande lesing. No i dette innlegget har eg lyst til å setje fokus på nokre vers som eg tykkjer har vorte neglisjert i mykje av den forkynninga eg har lest og høyrt. Sikkert er årsaka til dette at ein ikkje heilt veit korleis ein skal tilretteleggje dei med andre delar av Paulus' teologi som synest klarare. Og sikkert er årsaka også ein (i og for seg godt forståeleg) frykt for at ein skal gli over romersk-katolsk rettferdiggjeringsforståing. Det er jo fint om nokon av dykk kan skrive ein kommentar og markere om de er samde eller usamde i det eg seier her, sånn for dykkar eigen del. Men her kjem altså versa, samt mine refleksjonar:

Tess
1 Tess 3 vert avslutta på fylgjande måte:

"Og måtte Herren la dykkar kjærleik til kvarandre, og til alle menneske, få veksa og bli overstrøymande rik, slik som vår kjærleik til dykk! 13 Slik skal han styrkja hjarta dykkar, så de skal stå ulastelege og heilage for Gud, vår Far, når vår Herre Jesus kjem med alle sine heilage." (1 Tess 3,12-13)

Paulus talar om å stå "amemptous en hagiosyne", feilfri i heilagdom, og det "for Gud". For Paulus skjer dette ved at tessalonikarane stadig veks i kjærleik, og at dei held seg frå hor, talar sanning og ikkje lurar broren sin i noko. Det er nemleg på denne måten han held fram med å definere hagiosyne i kap. 4. Men den same tematikken som vi ser i den siterte teksten ovanfor, kjem Paulus attende til mot slutten av brevet, når han seier det fylgjande:

"Må han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom. Og gjev at dykkar ånd og sjel og kropp må haldast uskadde, så de kan vera ulastelege når vår Herre Jesus Kristus kjem! Trufast er han som kallar dykk til dette. Han skal òg fullføra det." (1 Tess 5,23-24)

Ein annan veldig interessant ting vi skal merke oss, er eit anna motiv Paulus set i lag med dette at tessalonikarane skal bli funne som feilfrie og heilage på Kristi dag. Paulus betonar nemleg at dette - det at tessalonikarane gjer "truas gjerning, kjærleikens arbeid og Andens uthaldande" (1,3) - vil bli til ros for han på Kristi dag. Tessalonikarane vil vere hans "herlegdom og æreskrans og glede og håp og ros" på Kristi dag (2,19-20).

Dette er eit motiv som vi skal sjå i samanheng til dømes med 1 Kor 9. Vers 2 her lyder: "De er seglet på mitt apostolat, i Herren". Også dei mange referansane hjå Paulus til det at hans teneste ikkje skal vere "til fånytte" ("kenæ") høyrer organisk til her, som vi skal sjå. Det er elles interessant å sjå korleis 1 Kor 9 utartar seg, etter at han har innleidd med å seie korintarane er seglet (altså "godkjent"-stempelet) på hans apostolat. (Ein annan stad kan han tale om at korintarane sjølve er det brevet som godkjenner hans apostolat, (2 Kor 3,1-3) fordi dei viser teikna på at deira hjarta er fornya ved Anden --> ergo er det sant at Paulus er ein tenar for ein ny pakt, for når pakten vert fornya, vert Anden utrent.) Det er tydeleg at Paulus ser sitt apostolat - og suksessen i apostolatet - som teiknet på at han verkeleg er apostel, og at han verkeleg utfører sitt apostelembete til hugnad for Gud. "Ve meg om eg ikkje forkynner evangeliet, det er ein tvang som ligg på meg".



Fil
Men tilbake til poenget i dette innlegget: Den vekst som Paulus forventar hjå dei truande, og dei omgrepa han nyttar for å skildre dette, og den signifikans han knyter til denne veksten på "Kristi dag." La oss høyre kva Paulus seier om dette i Fil. Vi skal sjå på to tekstar:

"Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra ["epi-telesei"] henne – heilt til Jesu Kristi dag...Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt, så de kan skjøna og avgjera kva som er viktig, og stå reine og ulastelege på Kristi dag, fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, til lov og ære for Gud." (Fil 1,6.9-11)

"For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje. 14 Gjer alt utan murring og misnøye, 15 så de kan vera lytefrie og reine, Guds ulastelege born midt i ei vrang og villfaren ætt. Mellom dei skin de som stjerner på nattehimmelen 16 når de held fast på livsens ord, og då skal eg få den ros på Kristi dag at løpet mitt og arbeidet mitt ikkje har vore bortkasta." (Fil 2,13-16)


Her har vi det! Alle elementa mosa saman i ein god miks. Legg merke til kva Paulus seier her. For det fyrste: "Gud er verksam i dykk", og det er dette som er nykjelen til dei andelege fruktene som dei truande ber. Dette er eigentleg berre ein synonym måte å seie at Anden verkar i oss, som i Rom 8,14, til dømes. Men ja, det at Gud verkar i filipparane, fører til at dei kan gjere alt "utan murring og misnøye".

Og for det andre: Dermed kan Paulus omtale dei som "lytefrie og reine, Guds ulastelege born". Gresken er slik: "amemptoi kai akeraioi, tekna theou amåma". Og dette vil for det tredje vere til ros for Paulus på Kristi dag. Merk her parallellen til den førre teksten i 1 Tess som vi såg på ovanfor. Og merk også: Paulus talar om "løp" og at "arbeidet ikkje har vore bortkasta". Det er nøyaktig den same tematikken som i 1 Kor 9, der han også tala om å løpe for vinne sigerskransen etc.

Det er tydeleg at Paulus ser suksessen i framgangen hjå dei kristne som noko som skal bli til ros for han på Kristi dag, og til og med (ser det ut til) noko som er nødvendig for at han skal vinne sigerskransen. Merk i den samanhengen denne utruleg interessante passasjen i 2 Kor 5: "Difor, anten vi er heime eller har flytta bort, set vi vår ære i å vera til glede for han. For vi må alle fram for Kristi domstol, så kvar og ein kan få si løn for det han har gjort gjennom livet i kroppen, anten godt eller vondt. Fordi vi veit kva det er å ha ærefrykt for Herren, prøver vi å vinna menneske." (2 Kor 5,9-11).


Rom og Kor
Vi har sett at Paulus kan skildre dei truandes "ulastelighet", "feilfrihet", "heilagdom" etc. på ulike måtar. Ein stad talar han om at dei truande veks i kjærleik, ein annan stad om at dei lever reint seksuelt, ein annan stad at dei held fast på evangelieordet. Meir generelt seier Paulus det på denne måten:

"Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne."

Her vert vi introdusert til eit parallelluttrykk Paulus brukar til dei mange uttrykka eg nemnte ovanfor, nemleg "det fullkomne" ("teleion"). Og dette er igjen eit synonym til det som er "til hugnad for Gud", det som er "Guds vilje". Paulus er heilt tydeleg på at at dei truande og deira gjerningar kan vere til hugnad og glede for Gud, og at dei kan "gjere Guds vilje" (dersom nokon påstår noko anna, er det ei villfaring). Dette er faktisk eit ganske viktig tema for Paulus.

Men uansett, det var "det fullkomne". Dette er eit omgrep vi finn fleire stader i 1 Kor. Der er det tale om at "det fullkomne" skal kome ved gudsrikets fullending (1 Kor 13,10). Men samstundes vert korintarane allereie no omtala som "fullkomne", nett som i Fil 3,15. Men også der seier Paulus at "eg har enno ikkje nådd fullkomenhet". Det er altså eit allereie, men enno ikkje. Merk: Dette korresponderer heilt organisk med det Paulus seier om rettferdiggjeringa: Rettferdiggjeringa skjer no i tida, slik at domen "frikjent! Abrahams barn! Mitt folk!" lyder over den som påkallar Herrens namn. Men denne rettferdiggjeringa er ei foregriping av den endelege rettferdiggjeringa ved den siste domen, då også dei truandes liv skal dømast, men då få ein god dom fordi Anden nødvendigvis har verka i dei som trur på Messias.


Kol
Men uansett, eg skal ta fram ein veldig interessant tekst frå Kol som går nett inn i denne problemstillinga:

"Heilt frå den dagen vi fekk høyra om dette, har vi ikkje halde opp med å be for dykk. Og det er vår bøn at de må bli fylte med kunnskap om Guds vilje [jfr. Rom 12,1ff!] og få all den visdom og innsikt som Anden gjev [jfr. Fil 1,9-11!], så de kan leva eit liv som er Herren verdig og vera heilt og fullt til glede for han [Ja!], bera frukt i all god gjerning og stadig veksa i kjennskap til Gud. De skal styrkjast av krafta frå hans herlegdom [Jfr. Fil 2, 13 og 1 Tess 2,13!], så de alltid er uthaldande og tolmodige. Og med glede skal de takka Far, som gjorde dykk i stand til å få del i den arven dei heilage får i lyset. [Altså: Det fullenda gudsriket. Merk at Paulus seier "i stand til"]

For han har fria oss ut frå mørkrets makt og ført oss over i riket til Sonen, som han elskar. I han er vi frikjøpte og har fått tilgjeving for syndene. [dette kan vi omtale som ein status, jfr. at Paulus definerer det å bli rettferdiggjort ved tru som mellom anna det å få sine synder tilgjevne, i Rom 4,7-8]." (Kol 1,9-14)


Då Luther diskuterte dette med dom etter gjerningar, la han vekt på at Gud tilgav det "syndige" ved gjerningane. Altså, det er lenge sidan eg las Luther, så det er ikkje så interessant å diskutere han på dette punktet. Men dette kan seiast: Sjølv om Paulus ikkje omtalar dei truandes åndsfylte gjerningar som ureine eller syndige, så ville han nok ikkje vere usamd i at den truande framleis ber kjøtet med seg. (Men akk og uff, ikkje la denne sannsynlege kjensgjerninga føre til at vi fell attende til karikerte forståingar av Paulus' antropologi! Ikkje gløym Rom 8,9.) Og eg trur det er rett å seie at Kristi død frå byrjing til ende er det grunnlaget hvorved den truande har ein status som tilgjeven, frikjent syndar, som i Rom 8,31-34. Vi må berre ikkje la dette poenget føre til at vi neglisjerer dei mange, mange tekstane i Paulus som talar om Andens gjerning, om at den truande gjer Guds vilje, om at den truandes liv skal dømast i domen etc.

Vi held fram i Kol 1:

"Men no har han forsona dykk med seg, då Kristus leid døden i sin kropp av kjøt og blod. Heilage, uklanderlege og utan feil ville han stella dykk fram for seg, 23 så sant de blir ståande i trua, grunnfeste og støe, og ikkje lèt dykk riva bort frå håpet i evangeliet, det som de har høyrt." (Kol 1,22-23)

HER vert det å stå heilag, uklanderleg og utan feil knytt til Kristi død og forsoning, nett som det i Ef 5,27 vert knytt til dåpen. Mi forståing av dette, slik eg ser det no, er at Paulus ser det å vere truande, å vere tilgjeven, og det å ha den livsverkande Anden, som fleire sider av same sak. Ein må ikkje skilje desse elementa, for då gjer ein vald mot Paulus' forståing. For Paulus finst det ingen sann truande som ikkje har i seg Anden som verkar tru, håp og kjærleik. Det er heilt tydeleg til dømes i Rom 8,9. Og Paulus held fram:

"Det er han vi forkynner. Og vi rettleier og underviser alle menneske i den fulle visdom, så vi kan føra kvart menneske fram til fullkomenhet/mognad i Kristus. For å nå dette målet arbeider og kjempar eg i hans kraft, som verkar i meg med styrke." (Kol 1,28-29)

Med andre ord: Rettleiing og visdom fører til fullkomenhet i Kristus ("teleion en Christå"). Merk at Paulus brukar ordet "parastesåmen", og dette siktar ganske sannsynleg til den siste domen, Kristi dag. Då skal Paulus "stille fram" for Gud dei han har forkynt evangeliet for. Og deira liv vil vere til hugnad for Gud, og vil vere til ros for Paulus, og vil bli løna med arven, Guds rike. Ikkje som at deira liv har "fortent" arven, Paulus brukar aldri det uttrykket. Men han talar om "løn" for eit liv som er levd i Andens kraft, og som er til hugnad for Gud. Jfr. 1 Kor 3,8 og Rom 2,7 og 10.



Det får halde for no.

Njus


Eg har kjøpt meg ny sykkel, og eg er veldig nøgd med det. Den kosta 2k, og det var 1k avslag, sidan det var førre årets modell. Til no har eg berre hatt jallasyklar som i og for seg har fungert godt. I Oslo er det ikkje så greitt å ha dyre syklar, dei blir stolne så ofte dersom ein ikkje passar godt på. Uansett, no har eg fått meg ein god terrengsykkel (i posten snart, i alle fall) som eg kan bruke på stiar og elles i skogen. Til og med fjæring, det har eg aldri hatt før. Så dette skal bli bra. Eg har ein draum om å reise til Rjukan i sumar og sykle på vidda, oppved Kalhovd, sjå på gule sider om du er interessert. Eg var jo prestevikar der i fjor, og då tok eg taubane der, opp på vidda. Vi får sjå, eg er ikkje den mest sportslege og modige typen, og eg jo ikkje heilt frisk enno heller. Men det er gøy å prøve litt nye ting og utforske litt nye stader. Håpar det går.


Noja, elles har eg byrja å sjå ein ny serie. Det er HBO som har laga, og det er det som regel alltid kvalitet, sjølv om moralen kan variere litt. Men dette er bra, altså "John Adams". Han var ein av the founding fathers ved uavhengighetserklæringa. Så det er verkeleg ein lærerik og engasjerande serie. Det er jo topp når ein kan få i pose og sekk slik.

Eg har ein del gode sider, til dømes er eg god på teoretisk tenking, og eg kjem godt over eins med folk. Eg har også ein del dårlege sider, eg har ein tendens til å bli nevrotisk, og difor kan eg bli inneslutta, sjølv om eg ikkje vil vere det. Kunsten - og det einaste seriøse alternativet - er å gjere det beste ut av den handa ein har fått dela ut.

Elles har eg fått att ein haug med pengar på skatten, og det er vel fint. Eg har funne ut eit par ting. For det fyrste at kristen karakter er noko ein må byggje over tid, ved hjelp av disiplin og langtidsarbeid. Eg har kome eit stykke på nokre område, men er skikkeleg dårleg på andre. For det andre: For nokre år sidan så fann eg ut at det er eit godt prinsipp å ikkje kjøpe ting som du ikkje treng umiddelbart, og ikkje kjøpe ting som du kan låne gratis andre stader. Til dømes: Biblioteket her på Dalen har mange gode filmar, så eg har spart ein heil haug på å låne filmar der. Og poenget...hm...er at dersom ein kun kjøper ting ein treng umiddelbart, så sparar ein masse pengar, og ein sparar masse tid også. Ting tek tid, altså. Så dette med pengebruk er også ein utviklingsprosess, på ein måte. Eg er altså veldig lite fan av "kjekt å ha"-prinsippet. Då eg flytta ut av hybelen i Oslo, kvitta eg meg med ein heil haug med ting, og eg har ikkje angra. Eg meiner...har ein ting som ein ikkje brukar meir enn ein gong per 2-3 år, er det tvilsomt om det er vits i å ta vare på det, tenker no eg. KISS!

Men: Eg treng ein sykkel :) Og til slutt eit bilete frå ein sykkeltur eg tok her om dagen, men då med ein sykkel eg lånte:

Veret var ikkje så fint, men turen var fin likevel. Om nokon har interesse av det: Det var frå Dalen, til Froland (på Dalen). Framme i horisonten ser de nokre av dei store fjella i Tokke. Faktisk er det høgaste fjellet i Tokke 1537 meter, og det er ganske høgt til å vere Telemark.

Monday, March 22, 2010

Eg må nesten berre dele denne Aha-opplevinga. Eg driv og les Kol 2 på gresk no. I Kol 2,14 står det om at Gud på krossen tok bort skuldbrevet mot oss etc. Eg har alltid forstått dette i tydinga "han bar våre synder". Men no skjønar eg at Paulus seier noko mykje meir enn dette. Det han seier i dette verset, er i sak det same som han seier i Ef 2,14-15 og Gal 3,13!

Det er verkeleg interessant. Parallellen mellom Gal 4,1-6 og Kol 2 har eg sett før, jfr. til dømes båes bruk av uttrykket "stoicheia tou kosmos". Men at parallellen var så stor, det hadde eg ikkje tenkt meg. Det Paulus talar om Kol 2,14 er, så vidt eg kan sjå, rett og slett Moselova. Og dermed markerer krossen (og oppstoda) overgangen mellom den noverande og den komande tidsalderen, overgangen mellom slaveriet og fridomen (=barnekåret, det å ha Anden, det å vere "i Kristus", det å ikkje vere makter og herredøme lengre etc.)

Og denne songen er kul.

Sunday, March 21, 2010

Stå fast! Ikkje la dykk rikke! Ver mandige! Hald fast på håpet!

Noko eg har fått augo litt opp for når eg har jobba med Paulus i det siste, er kor ofte han formanar sine born/sysken i trua til å "stå fast". Ideen er at Kristus har gjort den avgjerande frelseshandlinga og gjort slik at den nye tidsalderen har brote inn. Og sidan pakta er fornya, har dei truande fått Anden utrent i hjarto sine, og Gud vil fullføre den gjerninga han har byrja inne i dei. Difor: Stå fast! For: "Dersom vi held ut, skal vi hauste, berre vi ikkje blir trøytte." Og ja, berre for å ha sagt det: Når Paulus talar om å "hauste", så ligg det store djubder i dette; han talar om arven, om det fullendte Guds rike, og om løna som dei heilage skal få for sine gode gjerningar. Så her fylgjer nokre vers, som framviser eit meir eller mindre tydeleg mønster hjå Paulus:

- Difor, mine kjære sysken, ver støe og urikkelege. Ta stadig rik del i Herrens gjerning! For de veit at i Herren er ikkje arbeidet dykkar nyttelaust. (1 Kor 15,58)

--> Dette verset kjem på slutten av ei utleggjing av den kristne framtidsvona. Paulus tenker at det korintarane gjer av gode gjerningar her i denne tidsalderen, vil bli ståande når gudsriket vert fullenda. Difor talar han også om at "verket skal bli ståande" tidlegare i brevet. Korleis kunne korintarane bli freista til ikkje å stå støtt? Jo, ved å falle attende til oppførsel som høyrer "kjøtet" og den noverande tidsalderen til, den som skal forgå og ta slutt. Døme på slik oppførsel: Partivesen, splittelse, hor, egoisme, hyperåndelighet, hovmod etc. Ikkje rart at Paulus avsluttar brevet ved å repetere formaninga:

- "Ver vakne! Stå faste i trua! Ver modige! Ver sterke! Lat alt de gjer, bli gjort i kjærleik!" (1 Kor 16,13-14)

Og kva har Paulus sagt om kjærleiken tidlegare i brevet? Jo, kjærleiken, det er oppførsel som høyrer den komande tidsalderen til. Kjærleiken skal bestå for alltid. Jesus har bragt Guds rike inn i den noverande tidsalderen, og Guds rike består av kjærleik, glede og fred. Stå fast i dette, seier Paulus.

- "Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under slaveåket." (Gal 5,1)

--> Kva fridom er det tale om her? Jo, det er fridomen som Kristi død og oppstode har skapt, det er fridomen frå dei herskarane og maktene som tilhøyrer "den noverande tidsalderen", anten det er synda, forbanninga under Moselova, gudar, "denne verdens barnelærdom" etc. Galatarane stod i fare for å "ikkje å stå støtt". Korleis? Ved å la seg omskjere, og dermed gå inn under forbanninga under Moselova, den som høyrer til i den gamle tidsalderen.

- "Så gjeld det berre at de lever eit liv som er Kristi evangelium verdig. Om eg sjølv kjem og ser dykk, eller om eg er borte, så lat meg få høyra at de står fast saman i éi ånd, kjempar med eitt sinn for trua på evangeliet(...)" (Fil 1,27).

Eller kva med denne:

- "Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!" (Fil 3,16).

Eller denne:

- "Difor, mine sysken, som eg elskar og lengtar etter, mi glede og min æreskrans, stå faste i Herren, mine kjære!" (Fil 4,1)

--> I Filipparbrevet er eit stort hovudtema korleis Guds rike er realiteten der det heidenske romarriket er parodien. Det er mange nyansar i Fil som ein diverre ikkje får tak på før ein les gresken. Paulus talar her om å "leve eit liv". Vanlegvis brukar han eit verb med tydeleg jødisk bakgrunn, nemleg "peripateå", "vandre". Jfr. til dømes Salme 1, for eit tydeleg døme. Men: Her i Fil brukar han eit anna verb, og eg kan ikkje tru det er tilfeldig, for Fil har mange døme på mot-keisarleg tematikk. Her i Fil brukar Paulus verbet "politevomai", "å opptre som ein borgar". Det er eit sjeldant ord i NT.

Uansett. Paulus' spesifikke formaning går på at filipparane skal halde saman i ei ånd og kjempe med eitt sinn for trua på evangeliet. La det vere sagt: For Paulus var det uhyre viktig at dei kristne heldt saman og ikkje gjekk ut i fraksjonar. Kvifor? Vel, det kunne det vore sagt mykje om. Noko av det aller viktigaste er at kristnes samanhalden reint sosiologisk var eit uttrykk for sanninga i evangeliet om Jesus. Og motsett: Fraksjonar var ei praktisk fornekting av evangeliet.

(Om dette høyrest merkeleg ut for deg, så skriv gjerne ein kommentar. Eg trur aldri eg har høyrt ein andakt i min oppvekst som har utlagt Paulus på denne måten. Likevel er eg overtydd om at dette er ei rett forståing av han.) Men i Fil peikar Paulus særleg på ein grunn til at det er viktig at filipparane står saman i trua, står "støtt": "Dette er eit teikn frå Gud, eit teikn som varslar fortaping for dei, men frelse for dykk." Altså: Det at kristne held saman, er ein demonstrasjon av frelsa dei innehar. Det er i denne samanhengen vi også må forstå det gåtefulle verset Ef 3,10: "Slik [d. e. ved samlinga av jøde og grekar i den eine lekamen] skulle hans mangfaldige visdom kunngjerast gjennom kyrkja for maktene og herredøma i himmelrommet..."

- "Men no har han forsona dykk med seg, då Kristus leid døden i sin kropp av kjøt og blod. Heilage, uklanderlege og utan feil ville han stella dykk fram for seg, så sant de blir ståande i trua, grunnfeste og støe, og ikkje lèt dykk riva bort frå håpet i evangeliet, det som de har høyrt..." (Fil 1,22-23)

--> Her har vi den same tematikken som går att stort sett overalt hjå Paulus, nemleg at dei truande skal vere "uklanderlege og utan feil". Hm. Dette er verkeleg eit tema eg må jobbe meir med. Så vidt eg ser, så meiner Paulus både at den truande er tilgjeven og reinsa på grunn av trua på evangeliet, men at denne "reinsinga" like fullt vil vise seg i det relle livet til den truande. Dette kan eg belegge frå andre tekstar, altså, ikkje minst Rom. Eg berre undrast på om denne "dobbeltheten" er det som gjer at desse tekstane kan tolkast i båe retningar. Eg trur det. I Fil 3 vert det tala både om å vere fullkomen og om å hige etter det fullkomne. Like eins i Kol 1,28 der det vert tala om å "stille fram kvart menneske fullkome i Kristus". Og merk: Dette er ein prosess, ikkje ein status.

Uansett: Paulus formanar dei truande til å stå fast, grunnfeste og støe. Verbet han brukar i den samanhengen, er m. a. "tethemeliåmenoi". Det som gjer bruken av dette verbet interessant, er at Paulus andre stader, til dømes i 1 Kor 3,11 og Ef 2,20 talar om at "themelios", grunnsteinen er Jesus Kristus, resp. apostlar og profetar med Jesus som hjørnestein. Poenget er at Feil 1,22-23 samsvarer godt med det Jesus seier i Joh 15,4: "Bli i meg". Kvifor er det så viktig å "bli i Jesus", å "stå fast i det håpet som evangeliet gjev"? Jo, for kva er eigentleg det håpet som evangeliet gjev? Jo, det handlar om at Gud her og no har brote inn i den noverande tidsalderen med sitt rike og dets krefter. Og no er prosessen i gang: Fiendane er i ferd med å bli lagt under Jesu føter, og når dette skjer, då skal den fullstendige fornyinga skje, den som allereie no har teke til hjå dei som trur på Jesus. Det gjeld berre å halde ut, så skal ein hauste.

- "Slik har vi no, sysken, vorte trøysta ved dykkar tru i all vår motgang og naud. Og no lever vi, når de står faste i Herren." (1 Tess 3,8)

--> Det tek ikkje slutt med Paulus' formaningar til å stå fast i trua. No er vi i hans fyrste brev, i alle fall det fyrste vi har med i vårt NT. Også her er poenget at dei truande står i strid og motgang. Ja, men dei har ei framtidsvon som Paulus utlegg i det neste kapittelet, nemleg oppstoda frå dei døde. Heidningane lever i hor, dei lever i mørket. Men Guds ljos, Guds nye dag, Guds nye skaparverk har brote inn ved Jesu liv, død og oppstode. Og dei truande lever i denne nye dagen og må difor fly hor. Det gjeld å leve i tråd med den komande tidsalderen.

Og difor avsluttar Paulus brevet (ikkje overraskande...) på denne måten: "Må han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom. Og gjev at dykkar ånd og sjel og kropp må haldast uskadde, så de kan vera ulastelege når vår Herre Jesus Kristus kjem! Trufast er han som kallar dykk til dette. Han skal òg fullføra det." (1 Tess 4,23-24) Merk at Paulus her talar om "helging heilt igjennom", og om at dei truande skal vere "ulastelege". Dette er i sak det same som han seier m. a. i Fil 1,9-11 og Rom 8. Det er ikkje "ulasteleg i Guds augo fordi Gud ser oss gjennom Kristus" eller noko i den duren. Paulus kan nok ha uttrykk som tilsvarer ein slik tankegang. Men det er ikkje her.

- "Stå då støtt, sysken, og hald fast på dei overleveringane de har vorte underviste i av oss, anten munnleg eller i brev. Vår Herre Jesus Kristus sjølv og Gud, vår Far, som har elska oss og i sin nåde gjeve oss ei evig trøyst og eit rikt håp, måtte han gje dykkar hjarte mot og styrkje dykk til alt godt, i ord og gjerning!" (2 Tess 2,15-17)

--> Igjen: "Stå støtt!" Men kva skal dei truande stå støtt i? Jo, dei apostoliske overleveringane. Formaninga her har fleire likskapstrekk med det Paulus seier i Ef om å ikkje la seg kaste rundt av lærdoms ver og vind, men i staden halde seg til apostlane og profetane og Jesus Kristus. Det minner om det Paulus seier i 1 Kor 15, når han opnar det store oppstodekapittelet med å minne korintarane om evangeliet om Jesu død og oppstode, det som er fundamentet ikkje berre for trusoppfatningar, men også for framtidshåp og livsførsel i det noverande. Då seier Paulus: "Ved dette evangeliet vert de frelst, så sant de held fast på ordet slik det vart forkynt for dykk." Altså: Stå fast! Frelsa avhenger av det.

Også her ser vi korleis formaninga om å stå støtt er heilt vevd i lag med formaninga om å gjere gode gjerningar. Det er ein link her som er viktig å få tak på, men som går tapt dersom ein puttar Paulus inn i karikaturmessig, prokrustisk seng som kun talar om kross-->syndstilgjeving-->himmel. Paulus' tankegang er langt rikare enn dette. Kristi oppstode har bragt den nye tidsalderen inn i den noverande. Anden har blitt utrent. Og Anden vil gjere sitt verk i dei truande, så sant Anden verkeleg er i dei. Og: Anden er "fyrstegrøda", "pantet på arven". Det betyr: Anden - og det livet som dei kristne her og no lever i Anden - er foregripelsen av den fullkomne fornyinga av skaparverket. Ikkje berre vitnesbyrdet, men ein reell foregripelse, ei "påbyrjing" av fornyinga av skaparverket.

Yeah.

deUsynlige




Eg såg deUsynlege i dag, og eg gjev han terningkast 4. Kva skal ein seie...eit interessant plot, og eg tykkjer det var realistisk nok. Spesielt interessant tykkjer eg samspelet mellom Anna og ektemannen var; det viser kor viktig det er å vere ærleg mot kvarandre, og kor destruktivt det er å vere uærleg.

Det som verkeleg skjemmer denne filmen, og som for meg trekker ganske mykje ned, er den noko amatørmessige og feilaktige teologien som kjem til uttrykk. Ein skulle tru at ein film som har kyrkja som kontekst, og som behandlar store og viktige tema som synd, skuld, soning og tilgjeving, skulle gjere ein litt meir grundig research på dette med teologien. Nattverdsteologien til kyrkjetenaren/kateketen ender opp med å vere romersk-katolsk (ex opere operato; nattverden gagnar mottakaren uansett trusstandpunkt). Eg forstår anliggendet, og det er eit godt "luthersk" anliggende: Å betone realpresensen på ein slik måte at sakramentet er der før oss, og uavhengig av oss. Den som er interessert i å lese skikkeleg om dette, kan sjå Hermann Sasses "This is my body". Men ein kan likevel ikkje seie at trua er irrelevant, at det "fungerer uansett."

Like eins teologien til den kvinnelege presten i filmen. Ein dialog fekk meg til å føle meg slik:

Prest: Eg ber ofte om at det skal kome noko godt ut av at Jens [hennar gut i barnehagealder] ikkje har nokon far.
Thomas: Det er litt naivt å tru at det skal kome noko godt ut av alt som er dårleg?
Prest: Eg er naiv. Det er derfor eg er prest. Eg trur på ein Gud vi ikkje kan bevise at finst. Men eg veit at det verkar.

Det er på mange måtar interessant også, sjølv om eg ville sagt noko heilt anna enn denne prest. Hennar tale om at "det verkar" er typisk postmoderne og sanningsskeptisk. Men samstundes har ho ei tru på at det skal kome noko godt ut av vonde ting. Det er litt underleg, for mi røynsle med det teologiske miljøet i Noreg er heller slik at der sanningsskepsisen er størst, der er også skepsisen størst til å tale om at Gud kan ha meining med vonde ting.

Men velvel, det er interessant at filmen reiser problemstillinga, i alle fall. Mange gonger i løpet av mitt teologiske studium opplevde eg at denne problemstillinga vart fortia eller overgått i stillhet, ofte ved at nokon i klasseromsituasjonen sa: "Nei, det vi opplever som vondt, er meininglaust, det er respektlaust å tale om å finne meining i det vonde som skjer. Ferdig med den saka." Men naturlegvis har Bibelen ganske mykje å seie om dette. Men det kan sparast til ein annan post. Eg anbefaler Wrights "Evil and the justice of God" eller D. A. Carsons "How long, o Lord".

Utviklinga av forholdet mellom Jan Thomas og Agnes stiller eg meg ganske ambivalent til. Det er vakkert, men på same tid er det på fleire måtar djupt problematisk at dei hoppar til sengs ganske tidleg i forholdet. Prest Agnes treng berre å høyre at Jan Thomas seier "Du er fantastisk", og så lyser det grønt. Filmen akkompagnerer det heile med vakker pianomusikk og intime scener, og viser med all klårleik at manusforfattar/regissør ikkje ser noko problematisk i det som skjer.

Men altså: Utanom dette, er det mykje godt å seie om filmen. Så vidt eg kan sjå, er det ei truverdig skildring av skuld og oppgjer, og mange av dei kjensler og handlingar som kan akkompagnere dette. Og musikken er verkeleg god; som fan kjente eg ganske raskt att Iver Kleives fingeravtrykk i musikken som Jan Thomas "spela". Høyr til dømes på denne. Så...eg gjev filmen terningkast 4. Verd å sjå, dersom ein er medviten om veikskapane. Og filmen er nok eit godt utgangspunkt for vidare samtale. Det er mange problemstillingar her, og mykje som ikkje er opplagt.







Elles...ja, det blir ein del film innimellom slaga. Det er liksom ikkje så veldig mykje å finne på her på Dalen. Men snart smeltar snoen litt til, og då blir det mogleg å gå på fjelltur utan ski. Uansett. Eg såg også "Pride and glory", og kva kan eg seie? Kanskje autentisk skildring av NY-politimiljø. Men akk så brutal. Kva skjer med filmar for tida? Som eg før har nemnt: Det har vore ei markert utvikling i brutal retning. Så, vel: Eg anbefaler mykje heller "Serpico".

Så til slutt: Eg las nyleg gjennom Ef 6. Her er eit vers eg hadde gløymt:

"Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage."

Friday, March 19, 2010

Thursday, March 18, 2010



Dette er realiteten der S.W.A.T. (ja, eg snakkar om filmen no, altså) er parodien. Tropa... er verkeleg ein god film. Han er brutal, men det er ein intelligens, ein realisme og eit sosialt samvit bak det heile. Det eg tykkjer er veldig kult med denne filmen, er at han ikkje er overtydeleg "moralsk". Slik sett liknar han på The Wire. Moralske dilemma blir verkeleg presentert som moralske dilemma, og sjåaren vert invitert til å tenke gjennom dei sjølv. Hm. Du må nesten sjå filmen for å forstå kva eg meiner. Verkeleg ein interessant film, altså. Han kan verke som ein vanleg mindless action-film når du ser på coveret, men ikkje ta feil; dette er seriøst. Og kva gjev IMDB han? 8,0.

Eit veldig interessant intervju med regissøren kan ein lese her eller her.


Ein mildt kritisk kommentar til filmen kan imidlertid lesast her. Eg veit ikkje heilt om eg er samd, men...greitt å få litt fleire sider til ein så viktig film. Men her er det SPOILERS, så du bør ikkje lese vidare om du ikkje har sett filmen.

67 out of 105 people found the following review useful:
A hell of a story...but not the whole story, 21 October 2007

Author: debblyst from Rio de Janeiro, Brazil

"Tropa de Elite" isn't merely one more Brazilian film on urban violence; it's a cathartic socio-cultural phenomenon of almost unprecedented proportions in Brazil, the omnipresent theme on TV talk shows, newspapers articles, bars and dinner tables. Prior to its theatrical release this October, "Tropa" was seen by an estimated record 11 million people who bought pirate DVD copies or illegally downloaded it on the net (the biggest Brazilian box-office success in the last 25 years was "2 Filhos de Francisco" with 5,5 million tickets sold).

The reaction is passionately polarized: some call it the best Brazilian movie since "City of God" -- a definite influence here, in the cinematography, editing and screenplay structure, with an omniscient narrator and use of mixed chronology -- exposing the endemic corruption of Rio de Janeiro's police force and the "unorthodox" methods used by BOPE (the self-called "incorruptible" elite squad of Rio's military police force, created in 1978 and inspired by the U.S. SWAT) that include torture and shoot-first-ask-later modus operandi in the ultra-violent, ever-growing drug war in Rio's favelas. Others have publicly attacked it as fascist in its glorification of BOPE, its sadistic depiction of torture and the reductionist, simple-minded vision of the complex issues involving violence/ drugs/police corruption in Rio.

Director José Padilha and co-writer Rodrigo Pimentel (a former BOPE captain who left the squad for disagreeing with its praxis) had collaborated in the extraordinary "Bus 174", a multi-faceted documentary on Rio's violence. In "Tropa", they controversially chose to give us a deliberately biased vision of the problem: from the start we're stuck with one man, the overstressed, rebellious, self-righteous Capt Nascimento (Wagner Moura) in his journey into becoming a psychopathic sadist and hot-blooded killer, who believes drug traffic is caused by the druggie middle-class bourgeoisie (as if the poor didn't do drugs!) and claims the solution is to kill all traffickers. To Nascimento, corruption is abominable; torture isn't.

Nascimento is the film's absolute protagonist, narrator, commentator and "truth-puker". In his mind, all non-elite policemen are corrupt and incompetent, all charity NGOs in the favelas are cover-up fraudulent enterprises, all college students are useless double-faced potheads, and legal procedures are an inefficient waste of time. He's nearer to the traffickers' violent, revenge-based, lawless ethics than he's ever able to realize.

"There's nothing wrong with shooting people if you shoot the right people", used to say Clint Eastwood's Dirty Harry back in the 1970s, and it could well be Capt. Nascimento's motto. He's a vigilante in uniform, in the tradition of the executioners played by Eastwood, Bronson, Stallone and 24 Hours' Jack Bauer; he's the heir to the 1970s' Brazilian military regime know-how on torture. Yet, the film tries hard at "humanizing" Nascimento: his wife's pregnant, his marriage falters, he's moved to tears by the suffering of a mother who lost her son in the traffic war, he's in medication for his panic attacks. AND he's trying to save the POPE's life, no less!

All the other characters are just rough sketches or caricatures. The one character who might be the classical "narrator/observer" (like Buscapé/Rocket in "City of God") is the idealist, Foucault-reading aspiring police officer Mathias (though it's hard to believe an aspiring officer could afford to attend Rio's most expensive law school). But Mathias, too, is finally co-opted by the brainwashing "Full-Metal-Jacket"-like BOPE training that changes him into an amoral beast fueled with rage.

Padilha says he wanted to portray Nascimento as a monster, and that audiences who are hailing Nascimento as a "hero" and BOPE as a "model" institution have caught him by surprise -- oh, really? Padilha is probably being sarcastic, naive or silly: everybody knows movie vigilante cops have been consistently idolized the world over (and co- writer Pimentel has publicly disagreed, stating the "Tropa" is clearly pro-BOPE). The graphic, sadistic scenes of torture -- supposedly meant to inspire disgust -- make the delight of a large vigilante-minded part of the audience. And Wagner Moura's extraordinary, scary performance as Nascimento is unsettling: we can't dismiss him as a stupid fascist the way we dismissed inarticulate stiffs like Bronson, Seagal or Stallone. The fact is that there's now a BOPE cult-following, with BOPE's logo (a skull pierced by pistols and knives) reproduced on t-shirts and underwear, BOPE officers being cheered in the streets in their armored "glory", and young kids (from all social classes) mimicking the film's "bag-in-the-head torture" as a new bullying style.

Militarists and pacifists will hardly change sides after the watching the film; militarists will have multiple orgasms and pacifists will cringe in horror. The filmmakers aren't interested in seriously discussing the drug issue (legalization is not even mentioned as an option). Nor in exposing Rio's drug traffic's multi-fingered interconnections, the zillion-dollar, highly organized international business involving farmers, money-washing executives, chemistry labs, gun-runners, bankers, politicians, accountants, lawyers, transport systems, etc. Nor in showing the real victims: the majority of the favela inhabitants, who aren't involved in the drug business but have to live under its rules, mere "extras" whose fate (in movies and in real life) is to be used, humiliated, segregated or, worse, wounded/killed by random bullets from BOTH policemen and traffickers.

"Tropa" is a must-see film, but it's misleading and entrapping: by opting for an "open", "what would YOU do?" ending (probably influenced by the breathtaking finale of "Paradise Now"), the filmmakers demands us to take sides about a very, VERY complex issue they've shown us only ONE angle of. "Tropa" is cinematically dazzling, but so physically and ideologically nauseating you'll need an antidote -- be sure to also watch the faceted, influential documentary "Notícias de uma Guerra Particular" and be aware of many other angles to a terrible reality that plagues not only Rio, but most of Third World's chaotic, no-man's-land, way out-of- control big cities.

Wednesday, March 17, 2010

Skal vi sjå

Jaaaa, no er eg i Oslo hjå Andreas. Bandøving tidlegare i dag, det gjekk fint. Konsert på konf.treff til laurdag. Vi skal spele Muse, Lenny Kravitz, John Mayer, Delirious mm.

I dag, på toget til Oslo, las eg kap. 1-3 av Efesarbrevet. Det var ei veldig interessant oppleving, må eg seie. Eg har ikkje lest desse kapitla på gresk før. Og i haust har eg jobba mykje med NT, men i mykje NT-forsking vert liksom Ef, Kol og Past halde utanfor drøftinga. Difor har eg ikkje jobba så veldig mykje med Ef, men då vart det desto meir interessant å vende attende til Ef att, for å sjå korleis teologien her kjem overeins med resten av Paulus-breva. Og vel, til no må eg seie: Kvart bidige vers har meir eller mindre tydelege parallellar i andre Paulus-brev. Her er nokre av "aha"-tankane eg fekk då eg las frå Ef i dag:

- "Arv"-tematikken kjem att fleire gonger i Ef, liksom i dei andre breva til Paulus, ikkje minst Rom og Gal. Dette er eit viktig GT-leg omgrep. I Rom vert det tala om at "Abraham fekk løfte om å arve verda". Her har Paulus utvida landløftet til å gjelde heile verda. Og altså, for Paulus er arven=Guds rike=det fornya skaparverket.

Og liksom alt dette er framtidig, er det også notidig. Anden er "pantet på arven". "Guds rike består i rettferd, glede og fred". Fornyinga av skaparverket har teke til allereie no, for "dersom nokon er i Kristus, er han ein ny skapning."

Naturlegvis har dette svææært stor affinitet med Exodus-Kaanan-tematikk frå GT. Når Paulus i Ef talar om "forløysinga" i Kristus, er dette fortidig, som Ex. Men det er også framtidig (1,14 og 4,30), som ved inntakinga av Kaanan.

- I dei siste vekene har eg sett tydelegare kor enormt viktig skjelninga mellom "den noverande tidsalderen" og "den komande tidsalderen" er for Paulus. La meg seie det på denne måten: Nær sagt ingen av tekstane hjå Paulus blir rett forstått om ein ikkje tek omsyn til tidsperspektivet. Stort sett alt han seier om soteriologi, etikk, nådegåver, rettleiing, formaningar, er til dels bestemt av "allereie, enno ikkje" - at den kristne står med føtene planta i den komande tidsalderen, men likevel må arbeide for å bryte alle band til den noverande tidsalderen. Slik også i Ef.

Og dersom ein ikkje har dette i bakhovuvdet, vil ein ikkje få med seg viktige hint om at Paulus faktisk snakkar om det. Eg har tidlegare nemnt den dårlege og misvisande omsetjinga til Norsk Bibel, av Gal 1,4. Like eins i Ef 2,2, litt ordrett: "I dei ein gong de vandra etter denne verdens tid, etter..." Her har vi ein god parallell i 1 Kor 7,31: "Den nåværende verdens skikkelse forgår".

- Jøde/heidning-problematikken som er så viktig i ehh...stort sett heile NT...er også viktig i Ef. Det ser vi særleg i Ef 2,1 og utover, men det har vore hint om det i kap. 1 også. Uansett. Paulus seier: "De var ein gong døydde i dykkar overtredelsar og dykkar synder...i dei vandra også vi ein gong, i vårt kjøts begjær...vi var av naturen vreidens barn, liksom dei andre."

Altså "vi" og "dei andre". Dette har naturlegvis ein veldig tydeleg parallell i måten Paulus argumenterer på i Rom 1-3. Der også byrjar han med å seie at heidningane "fortener døden" for sine synder (men interessant nok trur eg ikkje han brukar "paraptåma" om det heidningane gjer gale...hm...) Og så held han fram med å vise at dette også gjeld jødane.

- I v. 12 er det eit interessant punkt. Paulus seier, ordrett: "At de var i denne tida [ja, der har vi det att] utan Kristus, framande for Israels borgarskap og framande for løftets pakter..." [kai xenoi tån diathækån tæs epangelias]. Skal bli interessant å sjå kva kommentarlitteraturen seier om dette. Men uansett: BS omset "utan del i paktene og løftet". Men det er ingen "kai" her, poenget er jo at Paulus knyter "løftet" til paktene. --> Abrahamspakten, Moselovspakten (Deut 27-30) og "ny-pakt"-tekstane i Jer 31 og Esek 36. Ja: Paktstankegangen er ganske fundamental for Paulus.

- I v. 11 les vi "Hugs difor at de ein gong var heidningar i kjøtet, kalla uomskorne av den som kallast omskjering, gjort i kjøtet med hender." Paulus skjelnar mellom omskjeringa som er gjort med hender og den som ikkje er gjort med hender. Denne skjelninga finn vi allereie i GT, fleire stader. Hjå Paulus les vi til dømes i Fil 3: "Det er VI som er omskjeringa". Og Kol 2,11 talar om at dei Messias-truande er omskorne med ei omskjering som ikkje er gjort med hender (-->dåpen).

- Og no skal de sjå noko kult eg la merke til. Ef 3,1 er omsett slik i BS: "Derfor bøyer jeg mine knær - jeg, Paulus..." Problemet er at det ikkje står noko i grunnteksten om å bøye sine kne. Eg sjekka masse engelske omsetjingar, ingen har med noko om å bøye kne. Så eg stussa på dette, heilt til eg såg fotnota i BS, der stod det: "bøyer jeg mine knær: Ordene er hentet fra --> v. 14" Ehh?? Det var ikkje liten fridom dei hadde teke seg, må eg seie. BS si omsetjing får dermed ein noko anna bodskap enn det Paulus hadde på hjarta.

- Eg tykkjer 1,4 er veldig interessant. Heng "kjærleik" her saman med det som kjem foran, eller det som kjem etter i 1,5? Eg lurar på om det er det som kjem foran, men BS tippar det som kjem etter. Når Paulus andre stadar talar om å vere "utan feil", "lytelaus", etc., så meiner han (i alle fall hovudsakleg) ikkje "fordi vi blir sett gjennom Kristus" eller noko slikt. Han seier det for å formane dei truande i deira reelle liv. Men ja, eg må sjå kommentarlitteraturen før eg kan konkludere i spørsmålet om Ef 1,4-5. Mogleg at båe variantar kan gå. Og for så vidt bør ein nok ta Ef 5 med i betraktning her, der det er tale om at dåpen er eit reinsingsbad som stiller oss lytelause og utan flekkar framfor Gud. Har ikkje kome så langt i brevet enno.

- Men ein ting som eg tykkjer er veldig interessant, er når det står i Ef 2 om at frelsa "ikkje er av gjerningar, for at ingen skal rose seg". Dette verset har stor likhet med slutten av Rom 3. Slutten av Rom 3 er som kjent veldig omdiskutert i samband med det nye paulusperspektivet. Kva meiner Paulus der med "lovgjerningar" og kva meiner han med "ros"? Personleg er eg overtydd om at "lovgjerningar" der er Torahen, Moselova. (Ganske overtydd om det, ja). Men når det gjeld "ros", tenker eg at dette går på etnisk status, jfr. Rom 2,17 og utover, men også ein ros av å ha halde Torahen. Båe desse tinga avviser jo Paulus. Den som rosar seg, han rose seg i Herren. Men i Ef 2 synest det noko vanskelegare å sjå at Paulus skulle polemisere mot ros på grunnlag av etnisk status...hm...så dette er noko å studere nærare. Tolkinga av Rom 3 må skje på grunnlag av nær-kontekst. Men Ef 2 kan nok også ha viktige innspel.


Vel, det var det for no. Du kan sjekke ut denne, eller berre sjå på denne:



Denne er også fin.

Tuesday, March 16, 2010




Als ob man sich manchmal bücken müßte zum Weiterleben. Leben. Ein Blick genügt doch. Er wird mir fehlen, der Zirkus. Komisch, ich fühle nichts. Es ist Schluß, und ich fühle nichts.
Mann zu Marion: Oh, ein Engel geht vorbei.
Marion: Ich muß mir abgewöhnen, ein schlechtes Gewissen zu haben.
Mann: Marion. ...
Marion: Als hätte der Schmerz keine Vergangenheit.
Es hört immer auf, wenn es gerade anfängt. Zu schön, um wahr zu sein.
Endlich draußen in der Stadt. Wer bin ich? Wer bin ich geworden?
Die meiste Zeit bin ich zu bewußt, um traurig zu sein. Eine Ewigkeit habe ich drauf gewartet, daß jemand ein liebes Wort zu mir sagt.
Dann bin ich ins Ausland gefahren.
Jemand, der sagen würde: Heute liebe ich dich so sehr.
Ach, was wäre das schön.
Ich brauch nur den Kopf zu heben und die Welt geht auf vor meinen Augen, steigt mir ins Herz.
Als ich ein Kind war, wollte ich auf einer Insel leben.
Eine Frau, allein, machtvoll allein.
Ja, das ist es.
Alles so leer, unvereinbar. Die Leere, die Angst, la pour, la pour, la pour, la pour, la pour. Die Angst.
Wie ein kleines Tier, das sich im Wald verirrt hat.
Wer bist du? Ich weiß nicht mehr. Ich weiß nur, keine Artistin mehr.
Schluß mit dem Trapez.
Bloß nicht weinen. So ist es halt. Das kommt vor. Es läuft nicht immer, wie man will. So leer, alles so leer.
Marion: ... was soll ich tun. Die Musik. Nichts mehr denken, einfach nur da sein. Berlin. Hier bin ich fremd und trotzdem ist alles so vertraut. Auf jeden Fall kann man sich nicht verlaufen. Man kommt immer wieder an der Mauer an.
Vor einem Fotoautomaten waren, und dann kommt ein Foto mit einem anderen Gesicht heraus. So könnte eine Geschichte anfangen.
Die Gesichter. Ich habe Lust, Gesichter zu sehen. Vielleicht finde ich eine Stelle als Serviererin.
No one so, the hours go, the weeks flow by.
Till they moved on, they show, things beneath the ...
Ich habe Angst vor heute Abend. Zu blöd. Die Angst macht mich krank, - weil immer nur ein Teil von mir Angst hat.
Und der andere nicht daran glaubt.
Wie soll ich leben?
Vielleicht ist das gar nicht die Frage. - Wie soll ich denken?
Ich weiß so wenig, - vielleicht weil ich mir nur neugierig bin.
Manchmal denke ich so falsch, weil ich so denke, als ob ich dabei zu jemand anderem spreche. ...
Im Innern stecke ich bloß in den Augen. Noch einmal die Augen schließen. Dann leben sogar die Steine. ...
Bei den Farben sein. - Le colour. - Die Farben.
Die Neolichter im Abendhimmel, die rote und gelbe Eastwand. ...
Sehnsucht. - Sehnsucht. Ich muß nur bereit sein.
Sehnsucht nach einer Welle von Liebe, die in mir emporstiege.
Das ist es, was mich immer so ungeschickt macht, die Lustlosigkeit ...
Lust, zu LIEBEN ...
Lust auf Liebe.

Til Margit om den hermeneutiske spiralen

Eg kan like gjerne sitere det aktuelle avsnittet for deg, Margit, så ser du i alle fall kva Thiselton skriv om det i opningskapittelet i boka. Eg omset til litt knotete norsk, for dei lesarar som har meir glede av det enn engelsk.


Forforståing
'For-forståing' ['pre-understanding'] er ikkje eit uttrykk som synest naturleg å bruke for engelsk-talande. Ikkje overraskande er det ei engelsk omsetjing av ei uttrykk som vert mykje bruka i tysk tenking frå og med Schleiermacher og framover, nemleg "Vorverständnis". Som det vil vise seg, legg dette uttrykket prefikset "vor-" til det tyske substantivet for "forståing", nemleg "Verständnis", som i sin tur er relatert til det tyske verbet "verstehen", eller til substantivet "Verstehen", forståing.

Denne tankegangen er ikkje i motsetning til å gje tvilen ei rolle som dialogpartner. For det verkelege føremålet med å tale om den foreløpige [preliminary] forståinga, er å understreke at denne ikkje tilbyd noko meir enn ein mellombels [provisional] måte å lage ei bru, eller eit utgangspunkt, for meir sikker forståing. Heilt frå byrjinga av er den i stand til å bli korrigert eller justert. Den uttrykker den utgangspunktsmessige applikasjonen av ein tentativ arbeidsantagelse som skal setje i gang forståinga og dennes reise mot ei meir fyldig oppfatning av det heile.

I lærenemnda til Den engelske kyrkja, kjem eg i hug kva ein biskop bruka å seie å då han opna ei utforsking av ein ny ide eller tanke: "La oss prøve å tenke det på denne måten" [Let's try this for size]. I det forståinga byrjar å røre på seg og vekse, så kan det hende vi finn ut at visse delar av vår forløpige forståing må bli korrigert medan andre delar ser ut til å framvise sin verdi. Nokre delar ser ut til å ha "den rette storleiken" innanfor ramma av det større biletet; andre ser ut til å vere på feil veg. Det er nettopp difor forståing som oftast er ein prosess og sjeldan er ei plutseleg hending (sjølv om ein innsikt eller ein ny ide av og til kan få karakteren "Ah, no forstår eg!" - inntil seinare testing vil avgjere om innsikta var velgrunna eller berre illusorisk.)

Puslespel som analogi og likning
Eg brukar ofte å foreslå ein analogi for studentane mine: Samansetjinga av eit puslespel. Vi held ein puslespelbit i våre hender og antek at blåfargen kan representere himmelen eller kanskje havet. Vi prøvar biten her og der. Ein annan bit har ei mørk line som er forma på ein slik måte at ho kan representere beinet til eit dyr; men det kan også vere noko anna. Bit for bit byrjar vi å byggje eit bilete, i det nokre gjetningar og vurderingar viser seg å vere feil medan andre viser seg å vere lovande og sannsynlegvis korrekte. For å i det heile teke ha noko framgang, må vi ta i bruk ein eller annan form for arbeidsantagelse om kva biten representerer og korleis den passar inn i det større biletet. Men når alt kjem til alt, er det berre når det større biletet tek form at vi kan vere sikre på kvar biten høyrer heime og kva han eigentleg tyder.

Den hermeneutiske spiralen
Denne analogien fortel oss ikkje berre noko om forforståing. Han er også ei likning som introduserer oss til den hermeneutiske sirkelen. Omgrepet "sirkel" er misvisande her, sjølv om det vert nytta fordi det har blitt ein del av den tekniske terminologien i hermeneutikken frå det 19. århundret av, hjå Friedrich Ast og Schleiermacher. Filosofane Heidegger og Gadamer brukar omgrepet. Grant Osborne brukar det meir presise uttrykket "den hermeneutiske spiralen" som tittel på boka si, og det av to grunnar. For det fyrste, uttrykket seier noko ei om konstruktiv rørsle oppover, der ein går frå tidlegare forforståing til meir grundig forståing, og deretter kjem attende for å undersøke og vurdere behovet for revidering og endring av forforståinga. For det andre, denne dialogen mellom forforståing og forståing smeltar saman til ein vidare prosess der ein undersøker delane og bitane av puslespelet som vi byrja med, og forsøker å setje dei i samanheng med det større biletet. Vi kan ikkje nå fram til eit heilskapleg bilete utan å undersøke delane og bitane, men vi kan heller ikkje seie kva dei einskilde delane tyder før vi har ein ide om korleis heile biletet ser ut.

...

Hermeneutikk på eit seriøst filosofisk nivå nærer respekt for "den andre", tolmod og gjensidig forståing, utan å underminere integriteten ved ei trusoppfatning som vert halde med oppriktighet og ansvar. Vi viste til Bettis kommentarar om behovet for hermeneutikk i alle universitet og i akademia. Den hermeneutiske sirkelen er, som Heidegger seier tydeleg, ikkje ein vond sirkel. Han inviterer ikkje til skeptisisme, men til hardt arbeid og fornya lytting, men utan å oppgje sine kritiske fakultet. Det er difor Grant Osbornes uttrykk "den hermeneutiske spiralen" meir presist foreslår kva alt dette impliserer.

Monday, March 15, 2010



Eg veit eg har posta denne på bloggen før...men eg blir ikkje lei av den. Berre sjå frå 4:20 og utover, tenk å ha vore der... Ein kan undrast på om dette showet nokon gong kjem til å bli toppa. Eg tvilar.

Sunday, March 14, 2010

Vil de lese ein interessant artikkel, skal de lese denne. Her var mykje tankevekkande, må eg seie. Det stadfester ei oppfatning som eg har tenkt ein del på; at noko av vårt djupaste behov, noko av det gjer mest godt i livet, er å bli akseptert. Men dette kan berre skje over tid. Det er verkeleg noko å tenke på.

Elles går det heilt på det jamne her på Dalen. Eg har sett nr. 1 og 2 i Stieg Larsson-trilogien. I motsetning til dei fleste likte eg nr. 2 betre enn nr. 1. Nr. 1 tykkjer eg var for brutal. I kveld, om eg har tid, skal eg sjå nr. 3. Eg les litt gresk dagleg, for å prøve å kome meg gjennom NT i løpet av våren. Det er spennande å lese, må eg seie, og eg får stadig aha-opplevingar. Til dømes, her om dagen snakka eg og ein kamerat om Gal 6,1. Om nokon blir gripe i eit "feilsteg", står det i BS si omsetjing. Men i grunnteksten står det "paraptåmati", lov-overtredelse, som så vidt eg veit er langt meir alvorleg. Den hermeneutiske spiralen durar og går.

Så dagane går stort sett på det jamne, men til fredag blir det ein tur til Oslo, og snart er det påske, og då kjem AK med familie på besøk, det gler eg meg til.

Tuesday, March 9, 2010

Nok ein gong: Gratulerer, Harald Eia

Du kan sjå episode 2 her. Verkeleg interessant. Og sjølv om ein ikkje kan forme konklusjonar på grunnlag av denne episoden åleine, så er det likevel føringar her, og ansatsar til vidare tenking. Verkeleg interessant, ja.

Og her er eit innlegg av studieveiledar og forskar Emmali Schürch, under tittelen "betre seint enn aldri":

"I over 20 år har jeg arbeidet med studie- og karriereveiledning for ungdom og voksne. Ved kartlegging av menns og kvinners tilbøyelighet, personlighetstrekk, interesser og evner har jeg hele tiden sett en helt klar tendens, nemlig den at kvinner i det store og hele ønsker å arbeide i en eller annen form med mennesker eller kommunikasjon, mens flertall av den mannlige delen av befolkningen foretrekker, ting, tall, formler, bygging o.l. Jeg benekter ikke at familie, samfunnsforhold, kultur og venner har en påvirkning, men tendensen er så klar at bare en som er blind, kan tro noe annet. Og at noen kvinner lykkes og er fornøyde med yrker som vanligvis foretrekkes av menn, er veldig fint, men forandrer ikke det store bildet."


Resten kan du lese her.


Dag O. Hessens vurderingar er også vel verdt å lytte til:

"Det er allikevel på det individuelle nivå at den konkrete kunnskap er størst. Innen ti år er det sannsynlig at vi alle får tilbud om en fullstendig genetisk profilering med en tolkning av våre genetiske disposisjoner. Merk ordet disposisjoner. Dette genetiske horoskop vil sjelden representere noen fasttømret genetisk skjebne. Vi er fleksible i våre responser, og miljøet vil påvirke oss med utgangspunkt i de genetiske føringer. De nye innsikter innen såkalt epigenetikk viser oss også en fleksibilitet på grunnleggende, genetisk nivå. Genuttrykk påvirkes av miljøet, fosterets utvikling påvirkes av mors helsetilstand og nervebaner og hjerneceller utvikles ut fra impulser under oppvekst osv."

Og:

"Dette er enn så lenge et område med få fasiter. Heller ikke er dette en kamp mellom biologer og samfunnsvitere. Det er store sprik i begge leire, farget av personlig syn og den litteratur man forholder seg til. Det maner til åpent sinn og lite dogmatikk."


Les resten her.


Veldig bra.

"Professors as writers" på 5 minutt

Innleiing
I går las eg ei lita bok med tittelen "Professors as writers". Eg var diverre ikkje smart nok til å lese pensumboka om å skrive (ei bok med tittelen "skriv!") då eg skreiv masteren min, så den må eg nok plukke opp att etter kvart. Det er så dumt med bøker på norsk, dei kostar tre gonger så mykje som amerikanske...men uansett. Så eg bestilte den fyrstnemnte boka for å sjå om eg kunne plukke opp smarte tips der. Eg skriv jo stadig, så det er greitt å få litt rettleiing allereie no. Og boka var ganske fin, den, så no tenker eg å dele ein del av dette. Det blir kanskje litt rotete...men les om du vil.

Kvifor skrive?
For dei som jobbar profesjonelt med fag, er skriving essensielt. Publiserte skriftlege arbeid veg tungt ved tilsetjing og ved status i akademia. Ein blir synleg for andre fagfeller, og ikkje minst lærer ein mykje om det feltet ein arbeider med.

Boices store mantra er det fylgjande, som han kjem attende til gong på gong, og som i og for seg heile boka er bygd opp om:

Dersom ein vil produsere mykje skriftleg, dersom ein vil vere kreativ, dersom ein vil at skriving skal vere ein lystbetona aktivitet, så er det fyrst og fremst ein ting å gjere: Skrive jamnleg, kvar arbeidsdag, frå 30 min. til 2 timar dagleg. Dette i motsetning til "skippertaksmetoden", som fungerer ganske dårleg.

Kva hindrar oss?
For mange synest dette som eit uoverkomeleg mål. Ein føler kanskje at ein ikkje har krefter til å skrive kvar bidige dag. Eller at ein ikkje har noko meiningsfullt å skrive. Eller at det ein skriv, ikkje er bra nok, at andre kan gjere det mykje betre. Eller at det er så mykje som tek vekk merksemda frå skrivinga. Boices råd for dei som føler det slik, er ganske enkelt: Set i gang og skriv uansett.

Spontan skriving
B. referer fleire øvingar for å lære å "setje i gang" å skrive, til dømes "spontan skriving", der ein berre skriv ned, utan å tenke over kva ein skriv, ein skriv berre det fyrste og beste ein kjem på inne i hovudet sitt, i 10 minutt. Dei fleste, seier Boice, vil bli overraska over kor lesbart stoffet er når ein les gjennom det etterpå. Og ein kan få mange gode idear til faglege arbeid også. Boices neste prosjekt er då å kanalisere denne spontane skrivinga inn i eit meir spesifikt fagområde ein jobbar med.

Altså: Bruk 10 minutt på å skrive heilt fritt, det du vil, om det fagområdet du jobbar med. Etterpå kan ein gå gjennom det ein har skrive, leite etter idear og trådar etc. Og prøve å setje opp eit rammeverk for eit avsnitt, dvs. disponere ideane og tankane slik at ein får ein god "flow" i avsnittet. På denne måten (fri skriving+rydde opp trådar i det ein har skrive) kan ein jobbe på avsnitt etter avsnitt. Boice er oppteken av at når ein arbeider med avsnitt etter avsnitt på denne måten, må ein stadig stanse opp i arbeidet, få oversikt, og sjå om ein har god samanheng mellom avsnitta. Det held ikkje å lage ein "outline" heilt i byrjinga, og så skrive alle avsnitta etterpå. Ein må stadig revidere "outlinen" etter som avsnitta tek form.



Gode tips for å klare å jobbe jamnleg med skriftlege arbeid.
Finn ein god og roleg stad å jobbe.

Rydd unna alle distraherande element.

Pass på at du har komfortabelt og hyggeleg der du jobbar.


Skriv dagleg uansett korleis du føler deg eller kva du elles gjer om dagen.

Skriv helst om morgonen, då har du mest krefter.

Unngå skippertak.

Når du byrjar på dagens økt, ta til med å sjå over og eventuelt omarbeide det du skreiv aller sist dagen før. Du kjem du raskt inn i tankegangen i det du jobbar med.

Forsøk å setje opp ein spesifikk plan for kva du skal gjennomføre i kvar økt. Til dømes: I løpet av dagens økt, skriv 1-2 sider. Eventuelt: Gjer ferdig det eller det avsnittet. På denne måten vil ein ikkje gå rundt med konstant kjensle av at ein "burde gjort meir".

Set opp langtidsplanar. Til dømes: I løpet av månaden skal eg vere ferdig med kapittelet. I løpet av veka skal eg ha gjennomført så og så mange avsnitt.


Del det du har skrive - før det er ferdigpolert - med fagfeller. Helst slike som du veit er usamde med deg. Still spesifikke spørsmål om det du har skrive, og kva som bør endrast. Ikkje ver redd for kritikk. Alle får det, og kritikk er eigentleg berre ei meining, det er slett ikkje sikkert at kritikaren har objektivt rett.

Prøv å arbeide med to eller tre prosjekt samstundes. Idear frå dei ulike prosjekta vil befrukte kvarandre.



Slik, seier Boice, kan eigentleg all akademisk skriving gjennomførast i små, daglege arbeidsbolkar. Ein har tid nok, det gjeld berre å prioritere. Ofte, seier Boice, brukar ein unødig mykje tid på å førebu undervisning. Faktisk kan det vise seg at undervisningskvaliteten går opp dersom ein ikkje førebur seg like mykje som ein trur at ein bør.


Så har Boice eit langt kapittel om "self-talk". Dette kapittelet er eigentleg veldig nyttig, men eg har tenkt gjennom mykje av det frå før. Poenget er i alle fall at vi har ein heil haug med haldningar og tankar til og om oss sjølve. Men det er lurt å stanse desse tankane, analysere, bytte dei ut med eventuelt betre tankar, og så rose seg sjølv når ein klarer det. Til dømes: Ein tenker "ååh, dette kjem aldri til å gå..." --> I staden bør ein tenke "Dette verkar vanskeleg no, men eg skal stå på og jobbe, og då vil det sannsynlegvis sjå ljosare ut snart." --> Klarer ein dette, kan ein seie til seg sjølv "Ikkje verst, no tenker eg sunnare!"

Nokre fleire småtips:
Peer-reviewing kan framstå som eit stort hinder for mange skribentar. Ein er redd for å blir avvist og kritisert nord og ned. Men dette skjer med alle, seier Boice. Trikset er å lære å takle negativ kritikk, og snu kritikken til noko positivt. Kva kan eg lære? Kan denne kritikken gjere meg til ein betre skribent? Og, seier Boice, det er slett ikkje gale å kontakte peer-reviewarane direkte og snakke med dei for å få tips og rettleiing til korleis ein skal skrive betre.

Eit anna tips kan vere å be om å få bli bokmeldar i eit aktuelt tidsskrift. Bokmelding er som regel "by invitation only", men det finst ingen faste reglar for dette. Det kan vere lærerikt å skrive bokmeldingar, eit steg på vegen til å skrive større arbeid. Og ein lærer mykje om temaet i boka ein melder (her talar eg av eiga røynsle.)

Boice peikar på at det kan vere nyttig å sjå for seg eit imaginært publikum når ein skriv. "Korleis vil folk forstå dette avsnittet? Er det noko her som er vanskeleg å forstå? Er det noko folk vil bli provosert over? Resonnement som ikkje heng saman?" etc. Skriving er hardt arbeid, seier Boice, og ein blir ofte skuffa. Det må ein vere førebudd på. Og skriving tiltrekker seg ofte fiendskap og usemje, fordi folk vil vere usamde med deg.

Til slutt nokre stil-tips:
Kutt ut unødvendige ord i artikkelen. Ordlegg deg presist, og med så få setningar som mogleg, så lenge poenget ditt kjem godt fram. Ein kan gjerne øve seg ved å lese andres faglege arbeid for å sjå om dei kjem godt ut på dette punktet.

Unngå verbet å bruke "å vere" for ofte. Bruk heller fleire aktive verb.

Pass på at avsnitta dine er logisk oppbygde, og at du held deg til temaet utover i avsnittet i staden for å "skli ut" og kome med for mange digresjonar.

Lat språket ditt vere elegant og presist. Til dømes: Ikkje skriv "fakta" (=plur.) om faktum (=sing.)

Revider manus, leit etter overgangar som verkar ulogiske og usamanhengande.

Prøv å ha god rytme og flyt i teksten din, varier ordbruken, slik at teksten blir lett å lese.

Men viktigast av alt:
Skriv om ting som engasjerer deg. Og ikkje ta stil-reglar altfor seriøst...




Men ikkje gløym Boices mantra:

Dersom ein vil produsere mykje skriftleg, dersom ein vil vere kreativ, dersom ein vil at skriving skal vere ein lystbetona aktivitet, så er det fyrst og fremst ein ting å gjere: Skrive jamnleg, kvar arbeidsdag, frå 30 min. til 2 timar dagleg. Dette i motsetning til "skippertaksmetoden", som fungerer ganske dårleg.


Til slutt............

Monday, March 8, 2010



Dette er ein sick, twisted film. Få filmar har gjort så djupt inntrykk på meg som denne. Men det er på same tid ein seriøs film. Det er ikkje som Saw, liksom. Vel, det er sånn film det kunne vore interessant å sjå i lag med ein veldig dyktig psykiater. Eg er usikker på om filmen er realistisk. Men om han er det, så blir det med ein gong ein veldig, veldig interessant film. Vel. Om du har "mage" til det, så er denne filmen kanskje anbefalt. Det er ein sånn film som får det til å gå rundt i hovudet, litt på same måten som Finchers "The game".

Velvel, over til ljosare trakter. Denne filmen såg eg i kveld, for rein underhaldning. Reitman kjente eg frå Juno, ein film som var mykje betre enn eg hadde forventa. Denne filmen når ikkje like høgt opp som Juno, men det er likevel ein underhaldande og tankevekkande film på fleire plan. Satirisk samfunnskritikk med plenty av food for thought.



Denne til slutt.

To ting

For det fyrste: Det er kvinnedagen i dag. Utan at eg er ekspert på den dagen, så har denne dagen så vidt eg kan sjå hatt fleire gode kampsaker. Det bør vere lik lønn for likt arbeid, og kvinner bør få sleppe til i dei yrka dei ynskjer. Men dette har ikkje alltid vore sjølvsagt. På den andre sida trur eg at denne kommentaren til denne kronikken har eit vesentleg, om enn spissformulert, poeng. Og for meg synest det ganske klart at denne debatten har heilt klar samanheng med det ein kunne sjå av norsk kjønnsforsking i Eias program.

Ein ting er å kjempe for at kvinner og menn skal motta lik lønn for likt arbeid (men ikkje lik lønn uansett), og at kvinner bør få ha moglegheit til å bli bedriftsleiarar, ingeniørar, sveisarar etc. om dei skulle ynskje det. Ein annan sak er å setje ein strek over dei kjønnsforskjellane som vitterleg er der, og som også har genetisk grunnlag. Desse forskjellane bør ikkje ukritisk få diktere livsvegen til verken kvinner eller menn, men heller ikkje bør dei neglisjerast eller forsøkast overkøyrast som om dei var irrelevante eller destruktive.

Dersom det skjer, så vil konsekvensen uvegerleg bli livsfiendtleg. Eg tenker nok heller - og her lærte eg ein god del av ei bok av Janne Haaland Matlary - at ein må lage ein ny feminisme som oppvurderer det kvinnelege, som får tilbake respekten for, og æra ved, det å bere fram, og vise omsorg for, nytt liv. Naturlegvis er ikkje alt "det kvinnelege" fanga opp berre ved å tale om graviditet og småborn. Men det er ein kjensgjerning at det er ein veldig viktig del av det.

Ok, det var nokre refleksjonar. Når vi får ein "mannedag", kan eg skrive om menn og deira roller. Neste punkt: I VL i dag er det ei sak om meg, som omhandlar kvinnelege prestar. For snart ei veke sidan, ringe ein journalist frå VL til meg, fordi ho hadde blitt tipsa om at eg var for tenestedeling (eg brukar heller det uttrykket enn "mot kvinnelege prestar"). Eg svara at eg i og for seg var det, men at eg ikkje hadde eit spesielt tydeleg standpunkt, i og med at det var så mange argument å ta omsyn til på båe sider av saka.

Eg sa difor at eg tenkte det ville vere betre om ho fann ein annan å intervjue. Men ho stod på sitt, og ville gjerne snakke med meg. Så, greitt nok, eg kan jo ikkje ha som livspolitikk at eg ikkje tør å seie kva eg står for. Men eg insisterte på å svare på spørsmåla hennar skriftleg, ikkje munnleg. Dette av di eg trengte litt tid til å tenke gjennom kva eg skulle svare, sidan spørsmålet kom så bardus på. Her er det eg skreiv:

"De kvinnelige prestene jeg kjenner personlig, blant annet fra utdannelsen ved Menighetsfakultetet, har jeg stor respekt for, og et godt forhold til. Når det gjelder teologi, så innehar jeg et forsiktig standpunkt for tjenestedeling. Det betyr at jeg ikke er overbevist om at det er Guds vilje at tilsynstjenesten og den formelle lærerrollen i en menighetssammenheng skal åpnes for kvinner. Dette standpunktet har jeg i første omgang ”lært” av den tradisjonen som jeg har identifisert meg med i min ungdomstid og min teologiske utvikling under prestestudiet. Ikke minst har det teologiske miljøet på Fjellhaug misjonshøgskole bidratt mye til hvordan jeg tenker om dette spørsmålet. Men standpunktet mitt har helt klart endret karakter i løpet av mine studier. Etter hvert som jeg har lest ulike faglige bibeltolkinger av de aktuelle tekstene (i første rekke 1 Kor 14 og 1 Tim 2), har standpunktet mitt blitt mindre bastant og mer informert.

Jeg tør si at spørsmålet om kvinnelige prester ikke er opplagt ut fra bibeltekstene. I alle tilfeller er det klart at Det nye testamente helhetlig sett har et bredt og svært positivt syn på kvinners tjeneste, både i og utenfor menighetssamlingene. Jeg har derfor på det nåværende tidspunkt vanskelig for å se at uenighet om tjenestedeling og kvinnelig prestetjeneste har kirkesplittende karakter. Dette spørsmålet bør klassifiseres på en annen måte enn for eksempel spørsmålet om homofilt samliv, som Det nye testamente langt tydeligere avviser. Jeg vil også understreke at det aller viktigste for meg, er tolkningen av bibeltekstene. Det er Paulus-tekster som står i sentrum i dette spørsmålet. Paulus var apostel, sendt av den treenige Gud selv med et budskap som avkrevde lydighet. Kommer vi, ved historisk og hermeneutisk ansvarlig bibeltolkning, fram til at Paulus mente at tilsynstjenesten var forbeholdt menn, så må vi bøye oss for dette.

Det har ikke vært et problem for meg å være ”konservativ” prest i Den norske kirke. Jeg har nær sagt utelukkende positive erfaringer med de ansatte i Den norske kirke som jeg har møtt i min tjeneste i Agder og Telemark bispedømme. Fra uke til uke prøver jeg så godt jeg kan å jobbe seriøst med bibeltekster, og jeg forkynner fra prekestolen det jeg er overbevist om, uten her å ta nevneverdig hensyn til teologer jeg er uenig med, eller de debatter som foregår i kirken mer sentralt. Det er legitimt å debattere kvinnelige prester, men vi må la hovedsak være hovedsak og bisak være bisak."


Etterpå ringa ho til meg att, og stilte litt fleire spørsmål. Då skjøna at eg ho nok var ute etter at eg skulle seie at det var ganske vanskeleg å vere for tenestedeling i Dnk i dag, og at folk var redde for å stå fram etc. Men vel, eg kunne ikkje akkurat gje ho medhald i dette. Eg svara at ein naturlegvis ville møte motstand dersom ein stod fram med eit tenestedelingsstandpunkt, men at dette på sett og vis også ville vere naturleg med den dynamikken som gjer seg gjeldande i Dnk i dag, med så store ulikskapar i standpunkta. Studentane ved MF tek ikkje noko særleg standpunkt i denne saka, i alle fall ikkje på konservativ side, og dette har aller mest å gjere med at det ikkje er særleg mange framtredande premissleverandørar på konservativ side på dette feltet. (Eg kan nok tenke meg at det ville vere vanskeleg, eller kanskje over tid umogleg, å stå tydeleg fram som lærar på MF med eit slikt standpunkt. Uansett er det ingen som gjer det.) Dermed blir heller ikkje studentane utfordra til å inneha eit konservativt standpunkt.

Eg understreka tydeleg at MF på ingen måte var ugreie i denne saka - det er godt mogleg å gå gjennom praktikum med eit standpunkt for tenestedeling, det er eg sjølv eit døme på. "Men", sa eg, "det vil nok ikkje vere lett å gå gjennom praktikum dersom ein står tydeleg fram og frontar standpunktet i klasseromssamanhengar, til dømes." Det var dette sitatet som kom med i avisa. Vel, greitt nok. Men det er ein lærepenge til seinare: Ofte har journalistar ein agenda på førehand. Dei har ein konklusjon dei vil ha fram, og dei intervjuar folk for å støtte denne konklusjonen. Slik er ofte dynamikken. No tykkjer eg at eg kom nokonlunde greitt ut i denne artikkelen. Men eg kjem til å tenke på det rådet B. T. Oftestad gav på MF: "Når nokon vil intervjue deg til radio, TV, aviser etc., så finn ut på førehand kva du vil seie, og så seier du dette. Uansett kva spørsmål du får."

Sunday, March 7, 2010

video

Anne Kr. og M var på kurs i regi av kristeleg legeforening, i Oslo, og då fekk eg anledning til å treffe dei og resten familien. Her er dei søte små. Etterpå reiste Edm. og eg på tur, for han ville veldig gjerne køyre tog. Vi tok t-banen frå Besserud til Majorstua, deretter tok vi trikk til Nationalth., før vi tok t-banen attende til Besserud, og buss til Soria Moria. Edm. fekk seg jus på vegen, og han var litt skuffa då han rista på den og fann ut at den var tom:



Og people! Sjå dette. Det er veldig, veldig interessant, på mange plan. Dette er eit tema som har store ringverknader for samfunnet, og som viser korleis mykje av samfunnsdebatten sannsynlegvis er basert på feilaktige oppfatningar. Takk til Harald Eia.