Thursday, December 30, 2010

Evolusjon, syndefall, oppdatering etc.

Vil du lese om evolusjon og syndefall, hopp til botnen.

Vatnet har visst frose i Vrådal, så då blir det nyttårsfeiring på Dalen i staden. Men det blir sikkert hyggeleg nok. No har også min ven Michael frå Nigeria kome på besøk+Kjetil og Hans Olav. Så det er god stemning.

Andreas har foreslått ny tur til sumaren. Eg kunne jo godt tenkt meg å reise attende til USA og sett meir av landet, men ein må jo også tenke på miljøet. Uansett så er ideen å reise på interrail rundt om i Europa. Så det skal bli konge om vi får det til. Er visst mange fine jernbanestrekningar i Sveits/Austerrike, og eg kunne jo tenke meg å ta høghastighetsbane til Paris og London også. Vi får no sjå.

Eg har tenkt på ein liten ting dei siste dagane. Jo, altså. Dette er eit veldig interessant intervju av ein mann som har skrive ei bok om korleis kristne kan (eller evt. ikkje kan) endre verda. Noko av poenget hans er, om eg forstår han rett, at kristne for det fyrste må vere meir audmjuke med tanke på kva dei ynskjer å oppnå. Det er akkurat det eg peika på i Trekant-debatten. Litt flåsete sagt: Blås i korleis folk lever, men pass fyrst og fremst på å forkynne evangeliet og leve i tråd med det.

Men Hunter peikar på ein annan ting som er veldig viktig, nemleg at eliten må vinnast dersom kristne skal ha påverknad. Altså, evangeliet må forkynnast for alle. Men OGSÅ eliten. Eg hugsar eit vitnesbyrd eg hadde ein gong. Eg peika på korleis vi som kristne fort kan "gje opp" folk utan at dei har fått ein sjanse til å respondere på bodskapen. Eg tok som eit døme ein sekulær filosofiprofessor. "Han blir sikkert aldri i verda kristen", er det lett å tenke. Men kven veit? Augustin vart ein kristen. Pannenberg. Hans Fredrik Dahl.

Ja, altså. Kvifor må eliten - dei mektige - vinnast? Jo, fordi deira ideologi gjennomsyrar samfunnet. Eg nemnte i førre post korleis det norske folk i systemforstand bevegast bort frå trua. Dette er så veldig sant, og det er meir gjennomgripande enn dei fleste i Noreg ein gong er klar over. Eg las i Monsens bok "Inn i virkeligheten", den som Espen Ottosen etter mi meining gav ei ikkje heilt fair melding i Utsyn. Der skriv ho at alle nordmenn er noko hjernevaska av sosialismen. Det er litt flåsete sagt, men heilt sant. Det gjeld ikkje berre RLE-fag og skulegudstenester. Det gjeld tildeling av statleg stønad (MF og Dnk er båe tydelege døme, dei har endra teologi som fylgje av politisk maktpåverknad), det gjeld leiarartiklar i aviser, det gjeld haldningskampanjar i skule og samfunn, det gjeld aviser, radio og tv. Den som vil reflektere over dette, bed eg lese Peter Hitchens "The abolition of Britain" eller Sigurd Skirbekks "Ideologi, myte og tro" eller (fyrst og fremst) David Bentley Harts "Atheist Delusions".

Ideologipåverkinga sit verkeleg langt djupare enn dei fleste av oss tenker på, og det som gjer ting så problematiske, er at når ein viss ideologi har fått overtaket i eit samfunn (og dette treng sjølvsagt ikkje berre vere negativt), så er borgarane i samfunnet meir eller mindre overtydd om at denne ideologien i ulike forgreiningar, er sann. Mot-bodskap blir sett som suspekte, sjølv om rådande standpunkt ikkje er godt grunngjeve.

Hm. Så dette er verkeleg interessant. Ein kunne nemnt så mange døme. Tenk på Bjørn-Are Davidsen. Han driv eit utrøytteleg arbeid med å avlive mytar om krigen mellom kyrkje og vitskap i middelalderen. Men myten er som ein hydra som stadig dukkar opp i nye former. Kvifor det, eigentleg? Kva er det som "driv" mytane fram, slik at den eine etter andre heilt uproblematisk kan seie "Ja, kyrkja har forfylgt Galilei og alle vitskapsmenn, brunne millionar av hekser, vore mot framsteg, undertrykt kvinner etc. etc." Svar: Dette har å gjere med ideologisk og politisk makt. Jfr. Hunter Bakers referansar i "End of secularism", der han peikar på at myten om krigen mellom tru og vitskap vart drive fram av eit ynskje om politisk sekularisme.

Ja. Poenget blir ikkje at kyrkja må søkje politisk makt for å fremje seg sjølv. Nei. Poenget blir at kyrkja må fremje evangeliet, slik at menneske lærer å leve rett med Gud, og slik kan påverke kvar dei enn er i samfunnet, i og gjennom å leve som ansvarlege og truande kristne. Men for det andre - og dette er viktig: Dersom kristne skal kunne endre tilstanden i Noreg - ein tilstand som ser ut til å gje dårlege prognosar for kristendomen i Noreg i komande tider - så krevst det hardt intellektuelt arbeid. Sjølvsagt ikkje berre dette, men det er likevel eit sine qua non. Kristne står i veldig sterk motstraum; det norske folk er for ein stor del overtydd om at kristendomen er eit "leike-livssyn" som ikkje er relevant for vårt liv i dag. Og for å endre denne oppfatninga, krevst det altså hardt arbeid. Men det kan gå.

No er det storbynatt!








Så fekk eg ein forespørsel av ein oppegåande kamerat om eg ikkje kunne skrive nokre ord om forholdet mellom evolusjonsutvikling og syndefall. Det kunne eg jo, og her tenker eg berre å gje att det eg skreiv i mailen min til han. På mange måtar er dette eit litt problematisk punkt å kome til rette med. Problematisk, men slett ikkje umogleg. I alle høve er det viktig å understreke at trua kvilar på sterke fundament andre stader enn på nett dette punktet.





Du har rett i at dette med syndefallet er det punktet som byr på størst utfordringar i møte med evolusjonsteorien. Eg kan berre kort gje nokre punkt om mine tankar om dette.

Eg ser evolusjonsutviklinga som vitskapleg prova. Dette gjeld også det at mennesket er ein del av denne evolusjonære utviklinga. Her byggjer eg særleg på Kenneth Millers "Finding Darwins god", Jerry Coynes "Why evolution is true", Douglas Futuyama "Evolutionary biology" og ikkje minst Daniel Fairbanks "Relics of Eden". Eg er likevel relativt open for å diskutere kva som har drive fram utviklinga. Det at evolusjonsutviklinga har skjedd, er understøtta av mykje data. Men dei nøyaktige mekanismane for det er mykje debattert. Eg har likevel ein porsjon skepsis til ulike versjonar av "Intelligent Design"-argumentasjon, og går heller for "teistisk evolusjon", som eg meiner både samsvarer betre med vitskapen og med bibelskriftene.

1 Mosebok 1-3 er ikkje heilt enkle kapittel å tolke. Eg held meg m. a. til von Rad m. fl. si oppfatning av at skapingsforteljinga (i alle fall kap 1) fyrst og fremst er å forstå som ei polemisk, litterær forteljing mot heidensk religion. Når det gjeld kap 3, tykkjer eg det er vanskeleg å seie for mykje spesifikt om kva som er reelle historiske detaljar og kva som er metaforar som kommuniserer "religiøs sanning". Eg har som utgangspunkt at desse skriftene er inspirert av Gud, men at vi uansett må ta i bruk historiske verkemiddel for å forstå kva tekstane ynskjer å fortelje (d. e. fyrst og fremst ved å setje seg inn i den kulturelle, sosiale, religiøse etc. konteksten for desse skriftene, for å forstå korleis denne teksten ville blitt forstått av dei som høyrte han på den tida). Det vil altså seie at eg er ganske forsiktig med å ha "a priori" idear om kva konkrete utslag det vil få at ein tekst er inspirert, eg vil heller gå til teksten sjølv og la han tale på eigne premiss så langt mogleg.

Personleg kjenner eg meg bunden til å fasthalde syndefallet som historisk hending, på grunn av Rom 5. Også for å avverge faren for "gnostisk" skaparsyn, dvs. fasthalde Guds skaparrolle. Dette er naturlegvis eit djupt omdiskutert spørsmål i moderne teologi. Ei veldig god drøfting frå eit teologihistorisk perspektiv er Pannenbergs Anthropology in theological perspective. Veldig instruktiv. Pannenberg sjølv seier at ideen om eit historisk syndefall for tida ikkje blir understøtta av naturvitskapen. Den kanskje beste systematisk-teologiske framstillinga av syndefallet frå eit ikkje-historisk standpunkt, er "The evolution of evil", ed. Bennett/Peters.

Men ja, litt meir konkret. At vi har "felles" DNA med ulike apar, meiner eg det er svært vanskeleg å kome utanom. Så her er det klart kontinuitet. For så vidt er det relativt åpenbart at 1 Mos 2 si tale om at mennesket vart "forma av jorda" er biletleg. Eg tenker at noko av det mest avgjerande er å tenke over kva det vil seie at mennesket er "skapt i Guds bilete". Dette har å gjere med oppdraget som mennesket fekk, evnen til å vere i relasjon med Gud, samt kjønnspolaritet. Eg tenker meg at dei fyrste menneska som så å seie "oppfylte desse krava" kan seiast å vere skapte "i Guds bilete".

Når det gjeld "den falne menneskenaturen" som oppstod som fylgje av syndefallet, så kjem ein ikkje utanom at mange "destruktive impulsar" har vore latente i artar tidlegare. Korleis ein tenker vidare har jo til dels å gjere med korleis ein tenker om "hagen", var dette ein fysisk, avgrensa hage i eit "verna område", så å seie? Eg tenker nok at dette kan vere eit plausibelt alternativ. I så fall har Gud på ein særskilt måte stifta eit forhold til dei fyrste menneska - eit forhold som då på ein eller annan måte gjekk tapt.

Generelt sett er ikkje vanskane så store som ein ofte kan få inntrykk av med tanke på dette med "synd/død" i skaparverket som fylgje av syndefallet. Sagt med andre ord så tenker eg at "skaparverket som godt" godt kan samsvare med dyredød, naturkatastrofar etc. Her kan ein m. a. byggje på salmar som betonar skaparverkets prosessar som gudgjevne og gode. Til dette, sjå til dømes Mark Whorton "Peril in paradise." NT Wright har også nokre refleksjonar i sin romarbrevskommentar, til Rom 5.




Vel, dette var nokre refleksjonar. Generelt sett tenker eg det fylgjande: Når eg skal preike over bibeltekstane i Gen 1-3, så seier eg det desse seier og prøvar å ta den historiske bodskapen på alvor: Gud er Herre over skaparverket, han står bak, avgudane er tome, vi har eit oppdrag etc. etc. Når eg skal uttale meg om naturvitskap, så går eg til dei beste forskarane. Såleis kan ein tale om "NOMA-Non-overlapping magisteria". Men McGrath talar også om POMA- partially overlapping magisteria, dvs. når teologi og naturvitskap går i dialog. Når ein går i dialog på denne måten, tenker eg at ein kan vere litt utprøvande, sjå kva løysingar ein har, vere litt fleksibel. Trass alt er som nemnt ikkje Gen-tekstane heilt klare, dei er gjeve i eit poetisk språk med særskilte tendensar.

Generelt sett må ein jo også seie at sjølv om syndefallet overalt vert føresett i GT - det er eit problem i verda, og Abrahamspakten er Guds løysing på dette problemet - så blir det eigentleg sjeldant reflektert så mykje over kvar synda kjem frå, heller ikkje hjå Paulus. Langt, langt blir det reflektert over korleis Guds herredøme i framtida vil representere oppgjeret med dei fiendar som ikkje høyrer heime i Guds gode skaparverk.


Så ein song til slutt. Teksten betyr ikkje så mykje denne gongen, men det er ein god groove.

Nyttårstale

Det står skrive hjå profeten Jeremia i det 29. kapittelet:

”For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.

Fordelar og ulemper ved mannakornsteologi
Få vers har vel blitt sitert såpass mykje på vitnemøte som det verset som er preiketeksten i dag. Det er eit kort og trøystefullt vers som seier noko viktig om at Gud er god, og at han vil det som er godt for oss menneske. Slik sett passar det godt på vitnemøte, eller som eit såkalla mannakornsvers. Ein bør likevel vere klar over at når bibelvers blir brukt på denne måten, så byrjar dei fort å leve sitt eige liv, så å seie. Ein gløymer fort den samanhengen som verset opphavleg vart tala inn i. Verset frå dagens preiketekst er nemleg tala til Israelsfolket i den gamle pakta, i ein ganske spesiell historisk samanheng.

Herren hadde eit særskilt oppdrag for Israel
Før vi går direkte til denne samanhengen, kan vi byrje med litt bakgrunnskunnskap. 1. Mosebok i Det gamle testamentet fortel at Gud kalla Abraham til å bli stamfar til eit stort folk. ”Tel stjernene på himmelen, eller sandkorna på bakken, sa Herren til Abraham. For så stor skal ætta di bli.” Gud skapte seg eit folk som skulle vere hans eige, og seinare frelste han dei ut frå slaveriet i Egypt med sterk hand, nettopp for at dei skulle vere hans eigedomsfolk. Herren hadde eit spesielt oppdrag med dette folket. Han gav dei den heilage lova på Sinaifjellet. Denne skulle Israel leve etter, ved å fylgje boda og tene Gud oppriktig og trufast. Dersom dei gjorde dette, ville dei oppfylle Guds oppdrag, nemleg å vere eit ljos i verda og bringe velsigning til alle folk. Målet ved å vere Israel var nettopp dette: Å reflektere Guds godleik og heilagdom inn i verda, og slik vere med på å lækje eit skaparverk som på så mange måtar var fullt av liding, sår og smerte.  

Israel var sjølve ein del av problemet dei var sette til å løyse
Men det skulle vise seg at Israelsfolket ikkje var så godt skikka til dette oppdraget. Eller sagt med andre ord: Israelsfolket var sjølve ein del av det problemet dei var sette til å løyse. Som Jesus seinare så treffande skulle seie det: Når ein blind leier ein blind, fell dei båe i grøfta. Israelsfolket var aldri nokon skikkeleg suksesshistorie. Det fanst riktignok ein god del trusheltar, som Moses, Josva, Samuel og David – dei var på ingen måte feilfrie, men dei søkte Gud og gjorde hans vilje meir eller mindre heilhjarta. Men med Israelsfolket som heilskap stod det ofte verre til. Og det er her Jeremia kjem inn i biletet, han som står bak det som er dagens preiketekst. Han var nemleg ein domsprofet som peika på syndene til Israel. Og han sa tydeleg i fra om kva konsekvensene av syndene deira ville bli:

Jeremiaden med stor J
”I tjuetre år har Herrens ord kome til meg, og eg har tala til dykk både seint og tidleg. Men de ville ikkje høyra.  4 Og gong på gong sende Herren alle tenarane sine, profetane, til dykk. Men de ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til så de kunne høyra.  5 Dei sa: Vend om, kvar og ein frå si vonde ferd og sine vonde gjerningar! Så skal de evig og alltid få bu på den jord som Herren gav dykk og fedrane dykkar.  6 Hald dykk ikkje til andre gudar, så de dyrkar og kastar dykk ned for dei. Gjer meg ikkje harm med å laga dykk gudebilete, så skal eg ikkje skada dykk.  7 Men de ville ikkje høyra på meg, lyder ordet frå Herren. De harma meg med bileta de laga, til skade for dykk sjølve.
   
  8 Difor, seier Herren, Allhærs Gud: Fordi de ikkje høyrde på mine ord,  9 sender eg bod og hentar alle folkeættene i nord og babylonarkongen Nebukadnesar, tenaren min, seier Herren. Eg lèt dei koma over dette landet og alle som bur her, og over alle folkeslaga rundt ikring. Eg bannstøyter dei og gjer dei til skræmsel og spott og til ei evig vanære. 10 Eg gjer ende på fagnadrop og glederop mellom dei, på røyst av brudgom og røyst av brur, på handkverndur og lampeljos. 11 Heile dette landet skal verta ei audn og ei øydemark, og folkeslaga her skal træla under babylonarkongen i sytti år.

Eksil 
Israel hadde svikta sitt kall til å vere ljos og salt i verda. Dei skulle ha levd slik at Israels Gud vart lovprist. Men i staden dyrka dei framande gudar, levde i hor og brydde seg ikkje om enkjer og farlause. Dermed gjorde dei Israels Gud til spott og skam blant heidningefolka. Og no, forkynte Jeremia, ville domen kome. Babylonarane ville kome frå nord og overvinne Israel og sende dei i fangenskap. Tempelet, landet, rikdomen, kongen, maten, tryggleiken og gleda. Alt skulle gå tapt.

Salme 137 uttrykker denne tragedien på ein treffande måte: ”Ved Babels elvar, der sat vi og gret når vi kom Sion i hug. På piletrea der i landet lét vi våre harper hanga. Der bad dei oss syngja, dei som heldt oss fanga; dei som plaga oss, kravde glede: «Syng for oss av Sions songar!» Korleis kan vi syngja Herrens song på framand jord? Nei, gløymer eg deg, Jerusalem, så lat mi høgre hand verta gløymd.”

Von i hangande snøre 
Men siste ord var ikkje sagt. For Jeremia bar bod om at Herren nok ein gong skulle miskunna seg over folket sitt. Han ville ikkje vere vreid for alltid. Jeremia forkynte: ”Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia, skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att til denne staden. 11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von. 12 Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk. 13 Når de søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta, 14 lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle dei folk og stader som eg har drive dykk bort til, lyder ordet frå Herren. Og eg vil la dykk koma heim att til den staden eg førte dykk bort ifrå.

Jeremia forkynte ei ny og betre tid for Israel, når eksilet var slutt. Då ville Israel endeleg få bu trygt og godt. Og ikkje nok med det, for i den komande frelsestida ville Gud skrive si lova på hjarta til jødane. Dei ville ikkje lenger synde mot Herren, men ville tene han trufast i fred og glede. Dei ville endeleg oppfylle oppdraget Gud hadde gjeve dei: Å bli til velsigning for heidningefolka og forkynne Israels Guds namn for dei.

"What does this all mean to us?"
Kanskje spør du no: Kva betyr så alt dette for oss, her i kveld i Kviteseid? Jo, faktisk veldig, veldig mykje. For her kjem poenget: Det nye testamentet forkynner på mangfaldige måtar at denne frelsestida for Israel braut inn i og gjennom Jesu liv, død og oppstode. Då Jesus ropte ut til Israel: ”No er tida fullkomen, Guds rike er nær, vend om!” så meinte han nettopp å seie at han var den Guds utsending som gjorde endeleg slutt på eksilet, som bragte inn Guds store frelsestid. Jesus var kort sagt den som bragte den framtida og vona som Jeremia tala om.

Når ein fyrst får denne samanhengen klart for seg, så opnar det seg opp ein del interessante perspektiv. For dersom Jesus Messias er den som gjer slutt på eksilet og bringar inn frelsestida, så betyr det også at alle som trur på han og fylgjer han også er ein del av det sanne Israelsfolket. Difor seier Paulus at vi er Abrahams sanne etterkomarar. Ja, han seier til og med at vi er jødar. Dermed er vi også berarar av det kallet som Abraham ein gong fekk, men som Israel i den gamle pakta ikkje makta å leve opp til: Vi skal – med kraft frå Den heilage Ande – bli til velsigning for alle folkeslag. Vi skal vitne om Jesu namn og leve trufast etter hans ord, og slik skal vi vere med på å oppfylle Guds store plan om å la framtid og von nå ut til heile skaparverket. No, ved terskelen til eit nytt år med nye moglegheiter, så er det godt å minne kvarandre om at dette bør få vere den styrande og overgripande planen for liva våre. 

Tuesday, December 28, 2010

Dette er mitt liv

Dette skjer:

I går var det joleselskap hjå Nødlands i Kviteseid. Ein heil haug med folk, og mange hyggelege samtalar og oppdateringar om det eine og det andre. Vi tala også ein del om den foreslåtte endringa i nattverdsliturgien i Dnk: Frå 'bar' til 'bærer', som "Du Guds lam, som bærer verdens synder". Dnk er på viddene i meir enn ein forstand, diverre. Men det går an å både gå i kyrkja og arbeide som prest i lokale forhold, utan at verken liberale biskopar eller folkemeininga får blande seg for mykje. Det er det litt viktig å understreke.

Eg har sagt det før, og eg seier det gjerne om att: Noreg er kome til å bli ei skikkeleg misjonsmark, og denne utviklinga kjem nesten garantert til å halde fram både fordi vi manglar kristne leiarar og intellektuelle som offentleg forsvarar den kristne trua (sjølv om mange går til åtak på trua) og fordi det norske folket i systemforstand blir fjerna frå trua; RLE-faget gjeld i grunnskulen, og offentlege fellesarenaar ser ut til å vere på veg til å bli tømt for trusinnhald (skulegudstenester; høgtidsfeiringar etc.)

Så det er ein god del som er gale med norske kristnes forståing av deira kall og rolle her i verda som kristne. Og før denne sjølvforståinga blir endra, vil neppe kristendomens situasjon i Noreg bli endra heller. Kort sagt bør kristne i Noreg gå attende til NT, og lære der korleis ein skal oppføre seg som kristen i ein heidensk kultur.


Oh yeah. I kveld var det joletrefest i Høydalsmo, og det var veldig fint. Mange born, song, forkynning, kake og basar.

Elles går det i skriving av preike for gudstenesta på nyttårsaften. Det er ein veldig spennande tekst, det er Jeremia som talar om at Herren vil gje framtid og håp. Men det avgjerande er å sjå kva samanheng dette verset er sett inn i; det er sagt til jødane som vart sendt i eksil til Babylon i 70 år på grunn av sine store synder.

Det avgjerande er dette: NT kan sjåast på som oppfyllinga av tilbakekomsten frå eksilet. NT er djupast sett den framtida og vona som Herren talar om Jeremia. Naturlegvis er det mange andre motiv i NT, men dette med attendekomst frå eksilet (--> nyskaping, tilgjeving, reinsing av tempelet, Messias' kome etc.) er veldig sentralt i synoptikarane og hjå Paulus.


Elles går det i planleggjing til nyttårshelga, for då blir det tradisjonell feiring på Heia. Så det skal bli hyggeleg. Mamma skal lage kalkun, sidan eg ikkje har så mykje til overs for å lage mat. Og så blir det poker, leikar og god stemning.

Det er det.

Saturday, December 25, 2010

Jolenytt frå Hallvard

Det er jol på Dalen. Så det er veldig tradisjonelt. Mamma steller og lagar veldig god mat. Og til gåver fekk eg varmt undertøy, ullsokkar, eit elektrisk helikopter og litt småting her og der. Dette med gåver har ikkje så veldig stor appell lenger, jolemiddagen er eigentleg eit større høgdepunkt.

Så kan eg godt fortelje at Andreas har med xboxen sin. Og kva skal eg seie...eg er ganske var på dette med tv-spel. Eg blir lett hekta, og klarer ikkje heilt å styre meg. Men no er det trass alt ferie. Andreas har ein del spel, og så prøvde eg Halo ODST. Det var litt vanskeleg i byrjinga, med kontrollane. Men så prøvde eg det litt til...og vart hekta. Det er kongekult. Så i går sat eg oppe til kl 0330 og spela meg gjennom spelet. Det er verkeleg kongekult. Så eg kan spele det i ferien, men må halde meg langt unna det i skuleåret.



Elles har vi spela Settlers i familien, og eg tapa :-( Men eg skal nok vinne att i morgon.




Og eg må berre seie det, frå 2:00 og utover. Det er verkeleg så veldig, veldig bra. Her er teksten, med omsetjing. Sørg for at du har god lyd, og så lytt.


Ruht wohl, ruht wohl, ihr heiligen Gebeine, die ich nun weiter nicht beweine; ruht wohl
und bringt auch mich zur Ruh. Das Grab so euch bestimmet ist und ferner keine Not
umschliesst, macht mir den Himmel auf und schliesst die Hölle zu.

Rest well, rest well, holy body, which I no longer bewail; rest well and bring me also rest.
The grave intended for you no longer holds any sorrow, but opens Heaven to me and
closes the gates of Hell.  

Friday, December 24, 2010




Thursday, December 23, 2010

Joleandakt

Ver ved godt mot! I dag, på jolaftan, passar det å byrje preika med å seie dette. Jolebodskapen er nemleg ein einaste stor protest mot mismot og bekymring. Jola er ei tid for glede, takk og lovprising. Det var det vi høyrde i joleevangeliet som nett vart lese. Guds englar vart openberra for hyrdane på marka, og dei sa: "Vi ber bod om ei stor glede, ei glede som er for alt folket." Og så fortel teksten at englane tona i nettopp ein lovsong. "Ære vere Gud i det høgste! Fred på jorda med menneske som Gud har hugnad i!"

Jolehøgtida er ei tid for glede og lovprisning. Men det er viktig at vi får tak i sjølve grunnen som englane gav for denne store gleda. Og grunnen var dette: "I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren." Messias, det er eit spennande omgrep som har vore mykje framme i bibelforskninga. Blant jødane var det på Jesu tid ganske mange forskjellige oppfatningar ute og gjekk, om kven og korleis denne Messiasen skulle vere. Men at han skulle kome, det visste dei. For det var profetert om han i Det gamle testamente.

Profeten Samuel hadde til dømes gjeve eit løfte frå Herren til den mektige kong David. Samuel hadde sagt at ein av Davids etterkomarar seinare skulle bli ein mektig konge over Israel. Kong David var sjølv vore ein stor og mektig konge, og då tenkte jødane at Messias, Davidssonen, også måtte bli det. Noko liknande vart sagt i den leseteksten vi høyrde tidlegare i gudstenesta, frå profeten Mika. Der tala Mika om at ein herskar over Israel ein gong skulle bli fødd i Betlehem: Messias.

På Jesu tid var Israel okkupert av mektige og brutale romarar. Keisar Augustus, som vi høyrer om i joleevangeliet, han var sjefen i Romarriket. Og når det står at Maria og Josef skulle innskrivast i manntal, så var det romarane som stod bak dette også, for å kunne krevje inn meir skatt. Historiske kjelder fortel oss at det stadig var jødiske opprør mot romarane. Til dømes hadde ein romersk medarbeidar, nokre år før Jesus vart fødd, sett opp ein stor og staseleg ørn i metall ved inngangen til det jødiske tempelet i Israel. Ørnen var eit symbol på romerrikets makt og overlegenhet.

Nokre jødar brant av iver for Guds lov, blir det sagt, og dei reiv ned ørna. Det var ei sterk og symbolsk handling. Så vart det væpna konflikt, og dei romerske maktene slo kontant ned på slikt. Slike opprør var det verkeleg mange av på Jesu tid. Og her kjem det spennande: Dei som leidde desse væpna, jødiske opprøra vart gjerne kalla nettopp Messias. For då tenkte jødane: No skjer det kanskje! No kjem kongen frå Gud som skal gje oss siger og makt att. Men som regel vart opprøret slått ned av romarane, og messiasen vart fengsla eller drepen.

Eg forkynner dykk ei stor glede, sa engelen til hyrdane på marka. Messias er fødd i Davids by! Som ein kan skjøne, svara ikkje denne messiasen til folkets forventningar. Eit lite, vanmektig og fattig barn i ei krubbe? Skal dette mennesket vere vona for Israel? Heller ikkje då Jesus vaks opp skulle han svare til folkets forventningar. Ved inntoget til Jerusalem, då Jesus reid på eit esel, ropa folket ut: Hosianna! No kjem kongen vår. Og dei la palmegreiner på vegen framfor han. Men etter kort tid vart dei igjen skuffa. Jesus ville ikkje vere den krigarkongen dei venta på.

Men Messias, Israels konge og herskar, det var Jesus like fullt heilt tydeleg på at han var. Og når ein les evangelia, kan ein kjenne spenninga som oppstår når Jesus gjennomfører sitt kongelege oppdrag i Israel, på trass av det andre ville at han skulle gjere. Jesus oppfordra ikkje til krig og hat. I staden sa han: Elsk fiendane dykkar. Jesus brukte ikkje sverd til å øydeleggje menneskekroppar. I staden brukte han si makt på gjere brotne menneske heile att. Han lækte dei, han tilgav syndene deira, han innlemma menneske i fellesskap og glede. Jesus skapte ikkje ufred og fiendskap mellom jødar og romarar. I staden sa han: Fylg etter meg og bli med i min læresveinflokk, kven du så er, så skal Guds rike bli ditt. Jesus brukte ikkje livet sitt på å trakte etter å bli tent av andre i sus og dus. I staden levde han i sjølvoppofring og teneste for oss menneske, heilt inntil døden på krossen.

"Eg forkynner dykk ei glede, ei glede som er for alt folket", sa engelen til hyrdane på marka. For no var det Guds eigen konge som kom til jorda. Han kom for å herske over oss menneske; ikkje med makt og undertrykking, men med kjærleik og omtanke.




Jauchzet, frohlocket! auf, preiset die Tage,
Rühmet, was heute der Höchste getan!
Lasset das Zagen, verbannet die Klage,
Stimmet voll Jauchzen und Fröhlichkeit an!
Dienet dem Höchsten mit herrlichen Chören,
Laßt uns den Namen des Herrschers verehren!


Exult! Rejoice!
Awake! Glorify the days!
Praise what the All Highest today has done!
Set aside fear, banish lamentation,
Swell with full joy and merriment!
Serve the All Highest with glorious song,
Let us worship the name of the Lord!

Wednesday, December 22, 2010



Dette er perfekt.

Tuesday, December 21, 2010

Noos

Så no er eg heime for ferien, og i morgon skal eg tur til ein Kristiansand med mamma og pappa. Det skal bli herleg å sjå att Edmund og Signe. Og AK og Markus, sjølvsagt.

Eg har bestilt meg mini-pc. Den kosta berre 2000, er Packard Bell Dot 533, kjøpt på CDON. Vel, då pcen min klikka (Han er enno på rep), så fekk eg låne Andreas sin mini-pc. Og då fekk ei god røynsle. For ja. Mini-pcen har tre-fire gonger lengre batteritid enn min vanlege. Og han er tre-fire gonger lettare i vekt. Så det er veldig å deilig å kunne ta med ein slik mini-pc overalt. Dersom eg leitar rundt på bibliotek, kan eg skrive raskt og enkelt inn ting eg les. Og dersom eg sit på buss el. l. kan eg også jobbe med stoff utan å bekymre meg om batteri. Så dette skal bli veldig bra. Og så kan eg bruke den vanlege pcen min til heime-pc. I tillegg er det jo eit problem at dersom ein pc klikkar, så har eg ein backup. Det er faktisk litt viktig. Den låne-pcen eg fekk av datakjeden, og som eg har bruka i det siste, er ikkje særleg god. Han har battertid på 15 minutt, og klikkar stadig, heilt plutseleg.



Elles las eg i ei bok på bussen på veg hit, nemleg Wendell Willis' "Kingdom of God in 20th Century Intepretation". Der var det mykje spennande om Weiss, Schweitzer, Dodd, Bultmann og Ladd. Ein god del eg ikkje kunne så mykje om frå før. Så boka anbefalast for den som er teologisk interessert. Eg tenker å ta til på Neill og Wrights The interpretation of the New Testament etter kvart, den er nok endå betre. Det er utruleg spennande, eigentleg, å sjå korleis tidlegare NT-eksegetar har tenkt, samt kva som har styrt deira lesingar av NT. Hm, berre sånn kort så kan jo Schweitzer nemnast her. Han såg korleis den tyske kulturen - den som i stor grad informerte eksegesen av evangelia - var tom og dårleg. (Det var denne kulturen som på ein del måtar bana vegen for framveksten av nazismen). Forskarane framstilte Jesus som eit etisk forbilde, ein som forkynte at moral og skikk var reiskapene for at samfunnet skulle bli eit Guds rike. Schweitzer viste at forskarane las Jesus inn i sitt bilete, og at Jesus eigentleg var ein jødisk, apokalyptisk profet og Messias.

Men ein gjer seg fleire refleksjonar når ein les ei slik bok. Som til dømes at...hm...vel, dette er jo vanskeleg materie, ikkje sant. Kva meinte Jesus om tempelet, om Guds rike, om eksilet, om Daniels bok, om menneskesonen etc. Det er vanskeleg, det er klart. Men: Den lågkyrkjelege bedehusrørsla har for ein stor del meldt seg ut av debatten og lest evangelia (svært eklektisk) i ljos av eit visst Paulus-bilete. Problemet er naturlegvis at når ein ikkje forstår Jesus rett, så forstår ein heller ikkje Paulus rett. Heile kristendomsforståinga lid under dette. Så dette er nok eit punkt der det trengst gjennomtenking i NLM, for å seie det rett ut. Eg veit at ein del folk der har greie på problemstillingane, og det er kjempeflott. Men det trengst nok litt opplysningsarbeid her. Noko av problemet her er at verken Rosenius, Wisløff, Valen-Sendstad eller Hope hadde tenkt særleg nøye gjennom problemstillingane. Så ein må leite andre stader. Eg er frimodig nok til å seie at Jesus and the victory of god er ein god stad å starte, eller Ladds "Jesus and the kingdom". Der finn ein i alle fall ikkje liberalteologi, så slik sett er det ingenting å frykte.


Så...det er spennande med bøker. Men det er ikkje alt i livet. Eg trur eg må vere litt medviten om det, altså. Eg sat på bussen på veg heim i dag og tenkte over kor fort det siste året hadde gått. Verkeleg svært raskt. Det er jo berre eit år sidan Nobu og eg var ute og øvekøyrde og Nobu var uheldig og køyrde i grøfta. Så eg håpar eg får meg familie med ei kone som set pris på meg og som eg kan kommunisere med på same nivå, så å seie. Og så ein spennande jobb etter kvart. Det skal nok ordne seg på ein eller annan måte.

Då eg var framme på Notodden, gjekk vegen direkte til Flatdal kyrkje, der det var jolegudsteneste med deltaking frå mange elevar og lærarar frå skulen. Så det var ei veldig fin gudsteneste, med songar, tekstlesingar med fine bilete, blåsarar som spela til pre- og postludium. Og generelt hyggelege folk. Så det er flott at Flatdalsfolk har nært forhold til kyrkja, det kjem dei ikkje til å angre på. Preika dreide seg om at Jesus er konge. Det er det som ligg i "Messias"-tittelen, fyrst og fremst.




Så vil de ha fleire bilete på bloggen her? Altså teke med kameraet mitt?

Monday, December 20, 2010

Oppdatering

Så har eg endeleg fått praksisplass, og det er eg godt nøgd med. Eg skal vere på Rælingen vgs., og der skal eg undervise om livssynshumanisme, filosofi og etikk. Det skal jammen bli spennande, og har allereie ein god ide om kva bøker eg skal fordjupe meg i då. Ikkje verst å få moglegheita til å lese seg opp på dette temaet som ein del av praksis.

Så...

Lite nytt.

Eg har kome over eit par bøker som ser veldig interessante ut. Nemleg Charles Murrays bøker "Real education" og "Human accomplishment". Særleg interessant på den siste boka er Murrays tankar om kristendomens rolle i framveksten av framifrå utøving av vitskap, kunst, litteratur etc. Han meinte visstnok at kristendomen ikkje var avgjerande, men etter å ha studert saka under skrivinga av boka, endra han meining. Så dette skal bli interessant å lese etter kvart.

Men ta ein titt på denne:








Ja, elles så ser eg på Twin Peaks att. I lag med Torstein denne gongen, som hadde lyst til å sjå det. Det er like bra som før, må eg innrømme.

Så har eg jobba meir med forfattarspørsmålet til pastoralbreva. Her ser det verkeleg ut til at eg må revurdere ganske mykje av mi nytestamentlege forståing, altså. Det er verkeleg interessant, og ei ganske grunnleggjande endring.

Elles har eg byrja å kjøpe jolegåver. Eg gjer det så enkelt som mogleg.

Det er stort sett det, trur eg.

Saturday, December 18, 2010

Eg hadde litt fritid. Tenkte å setje på "Up in the air". Jason Reitman-film som eg gledde meg til. Så eg opna coveret, og der låg...eh "Svik"?? Eg slo raskt opp på IMDB. Og filmen (Ja, den med Kåre Conradi og Lene Nystrøm) hadde fått 3,3. 3,3, altså. Huhu. Pengar ut av vindauga.


Men kanskje du også kunne sett på det eg såg på i staden for Up in the air, nemleg desse.


Eller denne, då:


Exit Hustad

Ok, her kjem dei siste utdraga frå Hustads bok, dette blir berre litt spreidd. I dag har eg forresten lese ein del om Gudmund Hernes og framveksten av Reform 94 og 97. Hustad har skrive ein del negativt om desse reformane, og det er for så vidt mykje sakleg kritikk. Men eigentleg har eg veldig mykje sansen for det Hernes prøvde å gjennomføre, altså å auke kunnskapsnivået, få inn meir arbeidsdisiplin, bevare ein felles kulturarv. Prosjektpedagogikken har eg imidlertid fint lite til overs for. Det er rart å tenke attende på gruppeoppgåvene vi hadde på ungdomsskulen. Det var ein del tynt. Om Cranberries og Oasis. Ein gong hadde vi gruppearbeid om Kviteseid Pinsemenighet. Då intervjua vi A. Bentsen. Hm. Jaja. Vi lærte vel litt av det. Ok. Hustad:




"I høve til intensjonen om fritt skoleval har Reform 94 vore ein absolutt suksess. Over 90 prosent av elevmassen får no godkjent fyrstevalet til retning på vidaregåande. Dei langsiktige konsekvensene fortalde Dagsrevyen om den 29. januar 2002. Vel sju år etter Reform 94 mangla Noreg over 14000 handverkarar, og rektoren ved den største yrkesskolen i landet, Sogn vidaregåande skole, kunne fortelje at dei måtte leggje ned stadig fleire opplæringstilbod fordi stort sett alle i nærområdet ville gå på allmenne fag eller meir estetiske fag. Til hausten 2002 har 6,5% prosent av Oslo-elevane søkt på musikk, dans og drama og 6,8 prosent på formgjevingsfag, medan berre 3,3 % vil gå byggfag. Alt dette samstundes med at 40-50 prosent av dei som kjem frå allmennfag og vil ta eit universitetsstudium, stryk allereie til førebuande.

Paradoksa står i kø: Dei nevenyttige vert sosiale taparar fordi dei føler seg tvinga inn i teoretiske eller estetiske studium på grunn av press frå kameratar og ulike motar, samfunnet får stort underskot av handverkarar, og kunnskapsindustrien får dårleg skolert arbeidskraft. Alt dette på tvers av Hernes' eigne uttalte ambisjonar, alt dette på tvers av sunn fornuft. At vi narrar menneske til å tru at dei har ei framtid innanfor sektorar dei på ingen måte har evner eller føresetnader til å arbeide i, er likevel det verste. 13 prosent av Oslo-ungdomen kan ikkje rekne med å verte dansarar, skodespelarar eller grafiske designarar."

[Dette er interessant. Og det har å gjere med at det frie skulevalet - og mangelen på prøving ved hjelp av karakterar nedover i systemet før eller seinare forplantar seg oppover i systemet. Igjen er det frykta for å kategorisere  menneske på grunnlag av evner som gjer seg gjeldande. Men det får altså dårlege konsekvenser å leggje opp ein politikk som skjuler sanning. Velvel. Hustad held seinare fram med å drøfte Jean Piagets påverknad på norsk skule, som faktisk er ganske stor. Piaget tala om at born går gjennom stadier som set grenser for kva eit barn kan lære. Hustad:]

Mykje av tenkinga til Piaget ligg bak ideen om samanhaldne klasser. Sidan borna går gjennom ulike felles stadium, er det og naturleg at dei går i felles klasser fram til dei er ferdige med skolen. Resultatet har ofte vorte at sidan ikkje alle i ei klasse er modne for innlæringa av ny kunnskap, skal ingen trenast i den nye kunnskapen - for med Piaget kan ein altså seie at det ikkje er noka stor hast med å innhente ny lærdom, den kjem naturleg på neste steg i utviklinga.

Det som før vart lært på barneskolen, vert utsett til ungdomsskulen; det som før var pensum på ungdomsskulen, kjem fyrst i vidaregåande, osv. Som Per Thomas Andersen skriv i ein artikkel om norskfaget: "Et av de mange sjokk man får når man leser Thomas Manns Dr. Faustus, er møtet med den tyske gymnasiasten tidlig i det tyvende århundre. Sjokket består i å oppdage at den faglige diskusjonen mellom elevene lå på et nivå man i vår tid bare vil kunne gjenkjenne på doktordisputaser."



Systemskiftet som desse historiene er døme på [om endra lærarrolle] har sjølvsagt fått konsekvenser for lærarrekrutteringa. Klarast er femininiseringa. I takt med at læraren har vorte endra frå å vere fagperson og vaksenautoritet til omsorgsgjevar, kamerat og barnevakt, har lærarstabane rundt omkring i landet gått frå å vere hovudsakleg mannlege til å vere hovudsakleg kvinnelege. I ein nyleg framlagd forskingsrapport har Statistisk Sentralbyrå teke i bruk ein for dei uvanleg språkbruk. Dei har sett på kor mange kvinner vi har og vil få i den norske grunnskolen. Og SSB har skildra funna sine som 'overveldande. Tala viser at vi er i ferd med å få ei absolutt femininisering av borna sitt offentlege rom. For fem år sidan var 68% av lærarane i grunnskolen kvinner, i 2002 er 72 av lærarane kvinner. I Akershus er 78 % kvinner...Ein gut med berre ein forelder - som vi veit, er det nesten alltid mora - vil slik utviklinga er no, ha ein svært liten sjanse for å få ein mannleg stabil rollemodell gjennom oppveksten sin. Han vil møte kvinner heime, i barnehagen, i barneskolen og i ungdomsskolen...

Dei som skal ta over for desse våre trøytte og slitne [lærarane som sjukemelder seg på grunn av dei dårlege arbeidsforholda i norsk skule], lærarstudentane, kjem heller ikkje med mykje håp. For sjå, dei er ignorante. Deklasseringa av lærarane har ført med seg eit slikt tap av status for yrket at 11 av 17 lærarskolar hausten 2000 og 2001 tilbaud plass til elevar med 2 i snitt frå vidaregåande skole. Over halvparten av lærarskolestudentane strauk i 2000 og 2001 til matematikkeksamen, og det med eit pensum som i utgangspunktet ikkje kunne kallast tungt. Karakterane til dei som stod, varierte frå 3,7 til 4,0.



I ei tidlegare OECD-gransking frå 1999 mellom 18 land kom den vaksne norske befolkninga  under eitt på andreplass i lesekunne i aldersgruppa frå 16 til 60. Som gruppa bak PISA-granskinga seier det: '...norske voksne ligger helt i verdenstoppen når det gjelder lesekompetanse.' Og det er bra. Diverre vert ikkje biletet like rosenraudt når vi bryt ned 1999-granskinga i ulike aldersgrupper og ser nærare på den yngste gruppa, dei mellom 16 og 24. Der hamnar Noreg på sjuandeplass av dei 18 landa. Og den gjennomsnittlege plasseringa vert altså stadfest ved 13.-plassen av 31 i PISA. Vi har med andre ord gått frå å vere nær best til å verte middelmådige. Når vi så veit at lesekunna i barneskolen ikkje akkurat har vorte betre med L97 og 6-årsreforma, er det lett å tenkje kvar vegen går vidare for norskfaget.


I samband med PISA-granskinga undersøkte også ILS, på oppdrag frå Aftenposten, korleis det stod til med disiplinen mellom dei norske skoleelevane. I denne granskinga var det med 36 land, ikkje 32. Berre eitt land, Hellas, kom dårlegare ut enn Noreg. 40,2 prosent av norske ungdomsskoleelevar vert plaga av bråk og uro i dei fleste timane. Ein av fire elevar svarte at klassa rett og slett ikkje høyrde etter kva læraren sa. 56,9 prosent sa at bråk og uro førte til at det gjekk meir enn fem minutt utan at det vart gjort noko. Det er elles talande korleis dette resultatet vart omtalt frå organisasjonshald. I staden for å krevje å få attende retten til å utøve sanksjonar, valde Helga Hjetland å kalle det som gjekk før seg 'kreativ uro.'












Ok, så det var Hustad, no er boka slutt, så no blir det ikkje meir av han. Men eg las noko interessant av A. O. Telhaug her om dagen. For ja, Hustad skildrar verkeleg ei stor krise i norsk skule, det kan det ikkje vere tvil om. Det er så mange sider ved skulen som har blitt dårlege sett i forhold til korleis det var før. Og mykje av det som har skapt denne situasjonen, er altså dårleg ideologi. Men til poenget. Kunnskapsløftet er jo eit tverrpolitisk forsøk på å få endra situasjonen (tvert imot viljen til lærarorganisasjonane). Men det Telhaug peika på, er at det ikkje er så enkelt å få endra situasjonen berre ved å lage ein ny reform ovanfrå. Problemet er nemleg dei ideologiske haldningane som gjennomsyrar norsk skule, og som dreg i same retninga som dei siste 20-30 åra. Desse haldningane er det altså vi for ein stor del lærer på PPU-studiet, ofte utan motforestillingar. Men ja. Vi får håpe norsk skule er på rett veg att. Eg trur det vil presse seg på ganske radikale endringar i dei komande åra i og med at oljen vår tek slutt og økonomien blir dårlegare. Så får vi håpe at norsk skule likevel klarer å bevare den omsorgsfulle læraren sjølv om autoriteten blir stramma opp og kunnskapen blir sett høgare enn før. Det er jo for så vidt eit interessant poeng, det også. Dersom ein ynskjer ein meir autoritetsbasert skule, så blir ikkje dette så lett å få til i ei handvending, i og med at det no for ein stor del er kvinnelege lærarar i grunnskulen. Kvinner og menn er forskjellige, det er ikkje tvil om det. Kvinner er meir empatiske enn menn, og dette pregar naturlegvis også deira autoritetsutøving, på godt og vondt.















Nok Hustad no. Erik og eg var på joleavslutningskino i kveld, og vi såg "The next three days". Ein litt moralsk problematisk, men likevel svært god film. Både spennande og stimulerande. Har forresten også sett Notting Hill sidan sist. Dvs. såg fyrste halvdel, så såg eg raskt over nokre scener her og der av resten av filmen. Likte han IKKJE. Det var alt for i dag. No tenker eg å sove, før eg står opp i morgon og gjer ferdig den interessante elendige PPU-oppgåva slik at eg endeleg kan få drive med noko litt meir fornuftig (-->NT). God natt!


Thursday, December 16, 2010

καὶ τὰ ἕτερα

Fyrst litt meir om Hustad, så eg får gjort meg ferdig med boka slik at min medstudent Arnfinn får lese ho. Skal vi sjå. No var vi kome til slutten av 60-talet. Eg tek ting litt kjapt før vi endeleg kjem litt innom den progressive pedagogikken.

På slutten av 60-talet vart det gjort arbeid for å endre også opplæringa mellom grunnskule- og høgskulenivå. Sitat frå historikar Berge Furre: "Reformarbeidet på slutten sekstitalet sikta mot å føra einskapsskoleprinsippet inn i den vidaregåande utdanninga, bryte ned prestisjen kring "artium", og jamstella den boklege utdanninga med yrkesskole i ein linedelt vidaregåande skole. Denne organiseringa vart røyndom på syttitalet." Hustad held fram: "Eit skoleslag som fungerte, gymnaset, vart altså fjerna fordi - som Furre skriv - 'prestisjen' vart for høg. I staden for gymnaset fekk vi frå og med 1976 den vidaregåande skolen, allmenne fag - eit skoleslag med endra faglege krav, mindre matematikk, mindre språk, meir samfunnsfag og fleire elevar...Berre på eitt punkt hadde arbeidarrørsla lidd nederlag gjennom reformperioden [på 50- til 70-talet], nemleg då dei i praksis føreslo loddtrekning som grunnlag for opptak til vidaregåande opplæring. I 1974 la det såkalla Evalueringsutvalet med den markante reformpedagogen Eva Nordland i spissen for AP-fleirtalet i utvalet fram eit forslag om å avvikle karakterane på ungdomssteget, eit framlegg som i praksis ville ha gjort det heilt tilfeldig kven som kom inn på allmennfagleg og yrkesfagleg studieretning...Motstanden [frå folket] vart så massiv at AP-regjeringa ikkje la forslaget fram for Stortinget."

Alfred Oftedal Telhaug har hevda at skolepolitikken til Arbeidarpartiet frå 1945 til 1976 kan sjåast som eit einaste langt åtak på det eksisterande borgarlege samfunnet, og eg vil leggje til: også eit åtak retta mot motkulturane. I 1947 la partiet ned den einaste private lærarskolen her til lands, Indremisjonen lærarskole i Oslo. I 1959 fjerna dei prestane som fullverdige medlemer av skolestyra og gjorde det dei makta for å få timetalet i kristendom redusert og til og med avvikla(...)I tillegg insisterte dei gjennom heile perioden på at universitetsutdanna adjunktar og lektorar ikkje hadde noko betre faglege føresetnader for å undervise enn lærarutdanna lærar, og partiet nekta å gje spesielt skoleflinke elevar utfordringar tilpassa deira nivå eller å utsetje spesielt uregjerlege elevar for sanksjonar.

I botnen låg det eit menneskesyn som sa at borna var svake og sårbare, og at folkeopplysningsskolen med si vektlegging av hardt arbeid, disiplin og lærarautoritet var skadeleg. Desse tankane samsvarte heilt med kva som vart tenkt innanfor dei dominerande pedagogiske miljøa her til lands. Telhaug har oppsummert det slik:

'...den pedagogiske tenkningen fram gjennom 1960-, 1970- og også 1980-årene har hatt som uuttalt forutsetning at det er synd på barn og ungdom. De har det ikke godt. Skolen har vært slik innrettet at den har brydd seg lite om ulikhetene i deres læringsforutsetninger og ofte stilt mange urimelige krav...Ja, den progressive pedagogikken har sett det som en oppgave å fjerne urimelige krav, rydde av veien vanskeligheter, så å si jevne veien for elevene. Den har forutsatt at barn er ynkelig og engstelige, og derfor ble hovedfilosofien formulert som den oppgave å skape trygghet hos barna.'

Etter ein slik dose med realitetsorientering får eg lyst til å verte litt høgtidsam og låne ord frå dei gamle. Langsamt hadde arbeidarrørsla bygd den nye skolen og gjort han til sin eigen - i sitt velferdsstatlege bilete. Elevane var no gjorde til offer, og etter den velferdsstatlege dikotomien visste ein at der ein fann eit offer, der fanst ein overgripar og. Men overgriparen skulle ikkje straffast, han skulle hjelpast. Omskoleringa kunne byrja. Gradvis vart den sjølvstendige, autoritære og potensielt overgripande fagpersonen deklassert og omprogrammert til ein kombinasjon av omsorgsarbeidar og iverksetjar av forvaltningsvedtak.

Tiltaka var mange. Lærarane vart oppmoda til å gje avkall på tavleundervisning, yrkesutdanninga vart lagd om: Nye og antiautoritære undervisningsteknikkar, som gruppearbeid og prosjektarbeid, vart obligatoriske, og komande lærarar kunne no fritt velje vekk teorifag som matematikk og norsk frå utdanninga si.

På det ytre planet vart skoleleiingar rundt omkring i landet oppmoda av departementet om å ' sørge for at den enkelte skole blir organisert på en slik måte at elevene har utstrakt medbestemmelsesrett'. I tillegg kom det at elevane skulle 'være med å velge lærestoff og etter hvert vennes til å velge selv'.

Den endra skolepolitikken gjorde seg utslag i lønnsposen og, spesielt for dei universitetsutdanna. I 1970 tente ein lektor om lag 170 prosent av gjennomsnittleg industriarbeidarløn, 30 år seinare var han komen ned i 112 prosent. Lærarmassen fekk langt på veg lik løn, uavhengig av lengd på utdanning og type utdanning.






Ja, det er interessant å tenke på kva drivkrefter som har vore i gang her. Ein kan nok kritisere Hustad for å vere noko einsidig. Det er lett å vere etterpåklok. Det var ei kulturell bylgje som skylte over heile vesten, det som skjedde i tiåra etter krigen. Men like fullt: Mange av endringane i skulen var ikkje godt grunngjeve. Dei var ideologisk bestemte, og det burde det ha vore mogleg å i det minste seie tydeleg. Og den maktarrogansen som Ap la for dagen - og som dei enno legg for dagen(!) - er det ikkje mykje unnskulding for, spør du meg.




No vel. Elles i dag har eg lese litt og jobba med oppgåve+artikkel. Det går i studiar for alle penga no om dagen, det er siste innspurt før jol. Så dette har eg lært i dag:

- Eg har lest om forskingshistoria på Paulus dei siste 300 åra. Djupt interessant. Og eg har lært av Wright at Albert Schweitzer var ein intellektuell kjempe blant pygmear då han verka. Og dette fekk eg langt på veg stadfest no som eg las forskingshistoria. Så no har eg lånt hans grunnleggjande paulusbok, eg trur verkeleg det kan vere ein del å hente der, altså. Spesielt sidan Schweitzer kjente den mellomtestamentlege litteraturen godt.

- Ja, elles så har eg lese meir om forfattarskapet til 12 Tim. Også veldig interessant. Kva kan eg seie. Eg skal ikkje gå ut med noko tydeleg standpunkt i denne saka her på bloggen, det er for kontroversielt, og då må eg kjenne saka endå betre. Men ja, veldig interessant. I morgon skal eg lese eit par artiklar med ei problemstilling som dreier seg om kva konsekvenser det har for brevas autoritet om dei anten er paulinske eller ikkje. Og så kva Luke Timothy Johnson har å seie om saka. Om nokon verkeleg er interessert i problemstillinga, så kan eg godt skrive litt om ho her på bloggen, då :-P



Åhomnuten


Dette er altså den finaste staden i Noreg. 



Dalen-Odda


Dette er frå Dalen og vestover. Ganske fint her også. Her gjekk eg på pilegrimsvandring i sumar, dvs. til Røldal, i alle fall. Skikkeleg fin dag. 



Rjukan - Kalhovd - Atrå


Denne turen har eg planar om å gjennomføre. Ville eigentleg gjere det i sumar, men det vart mange andre turar i staden. Dessutan er det litt kjipt å gjere det åleine. Eg har forresten jobba som prest ei stund i Rjukan.

Wednesday, December 15, 2010

Post 3 om Hustad og skulen

Eit viktig ledd i nedvurderinga av lærarstanden
No er vi kome til den progressive pedagogikken. Men fyrst skriv Hustad nokre ord om korleis det gjekk til at læraryrket mista så mykje respekt, ære og verdighet. Det er jo litt rart å tenke på. Før var det å vere lærar noko stort, noko å trakte etter. No er det ikkje lenger på same måten. Eitt viktig ledd i denne prosessen skjedde i 1959. Då vart "lov om folkeskolen" vedteke av Stortinget med Ap i spissen. Denne lova gav kommunar høve til å innføre niårig einskapsskole. Merk: Dette skjedde utan grunnleggjande empirisk forskingsgrunnlag. Som så ofte før i Aps historie: Skulen vart endra for å skape eit meir utjamna og sosialdemokratisk samfunn. Omsynet til kunnskap og fag kom heilt klart i andre rekke, som vi skal sjå i det fylgjande.

Hustad skriv at dei universitetsutdanna lektorane var kritiske til den nye lova. Dei hadde ikkje vorte teke med på høyring (dette er jo litt parallelt med måten Ap tura fram i arbeidet med den nye ekteskapslova. Også då overkøyrde dei fagleg motargumentasjon). Men allmennlærarane var godt nøgde med den nye lovendringa: "Til grunn for allmennlærarane sin entusiasme over den nye skoleordninga låg vona om å verte tekne opp i den øvre akademiske middelklassen. Hageman skriv: 'I kraft av sin bakgrunn og utdanning hadde de kvaliteter som stemte overens med sentrale trekk i Arbeiderpartiets skolepolitikk i etterkrigstida. For å skape en virkelig enhetsskole trengte man en enhetlig lærerstand som kunne føre videre klasselærertradisjonen og bryte ned skillene mellom teoretisk og praktisk kunnskap [...] Derfor var det viktig å sikre seg at ungdomsskolen ikke ble dominert av den høyere skolen og preget av det som av mange ble oppfattet som akademisk snobberi.'

I så måte kom Ap til å lukkast. Få vil vel i dag seie at ungdomsskolen er prega av 'akademisk snobberi'. Allmennlærarane kom derimot ikkje til å lukkast i sin ambisjon om sosial klatring. Som Slagstad har konstantert: 'Noen årtier senere oppdaget lærerstanden at dens oppgradering hadde vært forbigående; standen var blitt nedregulert'.

Kva dreide skulekampen seg eigentleg om?
I 1967 vart det sett ned ein komite som skulle utarbeide ein permanent læreplan for einskapsskulen. Merk at Ap i 1960 freista å lage ein eigen plan og få denne godteke i Stortinget; dei avviste at ein offentleg komite skulle gjere det. Men dette skjedde altså i 1967 - under ei borgarleg regjering. Det er ikkje ulikt måten Ap har behandla stat-kyrkje-forholdet; nettopp ved å overkøyre demokratiet i kyrkja og drive med ideologisk overstyring av trussamfunnet. Men ja. Leiaren i det såkalla normalplanutvalet av 1967, den lærde og konservative historikar Hans Jørgen Dokka, uttala seg om kva "skulekampen" mellom venstre- og høgresida i politikken faktisk dreide seg om. Merk nøye kva han seier:

'I de mange innlegg som i de senere år er kommet i våre skoleblad og tidsskrifter om skolens mål, har det gjerne vært sagt minst om hva elevene bør vite og kunne når de går ut av skolen. Ja, det har vært ivret så sterkt for å komme bort fra hva en har kalt 'kunnskapsskole', at det i dag faktisk er nødvendig å understreke den selvfølgelighet at det er atskillig våre barn eller ungdom bør kunne og vite når skolegangen er forbi. [...] virkeligheten er jo slik at det som gjør en skole til en skole, er i første rekke nettopp hva den har å gi elevene av kunnskap og hva den har lært dem av ferdigheter. Det er først og fremst her skolen har de virkemidler som er særegne for den. Det er dette som er de spesielle midler til fremme av elevens vekst. Den umiddelbare påvirkning gjennom samvær og samarbeid med andre er ikke i samme grad særegen for skolen. Den er like fremtredende i barnehager, i feriekolonier, barneforeninger og ungdomsklubber.'

[Så vart altså 9-årig obligatorisk einskapsskule innført i 1975. Hustad held fram:] Dokka meinte at det no i praksis var nedlagt forbod mot organisatorisk differensiering, at elevar gjennom heile grunnskulen heretter berre skulle skiljast etter alder og ikkje etter evner og interesser. Kvifor det måtte vere slik, forklarte nestleiaren i Ap, Reiulf Steen- organisert differensiering var det same som apartheid, sa han."

[Dette er det så interessant å tenke på, altså. Korleis venstresida så ofte brukar demagogisk språkbruk for å køyre gjennom saker. Dvs. at dei unngår rasjonell og gjennomtenkt drøfting av deira samfunnsendringar, men i staden brukar sterkt kjensleladde og nedsetjande uttrykk. Vi såg det i abortdebatten, der argumentasjonen var prega av utsegner som at "fosteret er en del av kvinnens kropp", "kvinner må få bestemme over eigen kropp", "kvinner må ikkje undertrykkast" etc. Sjå Per Lønnings "Derfor" for meir om dette. Men ein såg det jo også veldig tydeleg i ekteskapsdebatten. Og det mange ikkje tenker over, er at når t. d. Reiulf Steen omtalar evnemessig differensiering som "apartheid", eller når repr. frå venstresida kan omtale den tradisjonelle ekteskapsforståinga som "diskriminerande", så tek dei med det same eit oppgjer med fleire hundre års kultur, teologi, filosofi, skulepolitikk etc. Heilt fram til no har samfunnet vore diskriminerande og undertrykkande, men no skjer endeleg frigjeringa, no blir samfunnet endeleg godt. Det viser verkeleg det djupt revolusjonerande i deira ideologi. Eg er freista til å rette merksemda mot denne drøftinga av "The columbus argument".]

 Ok, dei progressive pedagogane må få vente litt til. Blir litt mykje kvar gong her.






Ok, så for den som ynskjer å oppdaterast på livet mitt, så har eg i dag vore på Manglerud og hatt eit møte med medstudentar og diskutert vår oppgåve i PPU. Skal bli godt å bli ferdig med ho. Forhåpentlegvis i morgon.

Så var eg på TF og lånte eit par bøker før eg tok turen ned til MF og jobba litt med artikkelen min. I dag var det særleg forfattarspørsmålet til pastoralbreva eg såg på. Hm. Det er ikkje så opplagt som eg hadde trudd. Vanskeleg spørsmål, men. Vi får sjå i løpet av den komande veka, kva eg kjem fram til.

Mm. Den eine boka eg lånte på TF var ei som omhandla pakt og land i andre-tempel-jødedom. Det skal verkeleg bli ei avgjerande viktig bok å lese. Så det blir spennande. Elles har eg så vidt byrja på Ridderbos' Outline of pauline theology. Det var Wright som anbefalte denne boka, i hans "What st. Paul really said". Boka verkar supergod, sjølv om ho moglegvis nedtonar paktsmotivet i for sterk grad. Pre-Sanders forsking har jo ein tendens til det. Men eg trur det skal bli eit spennande komplement til Wrights paulusbøker. Det er jo interessant med sånne "bylgjer". Når eg les slikt som Hustad si bok om den norske skulen, må eg stoppe litt opp og tenke: "Les eg denne boka no fordi eg har funne fram til ho sjølv gjennom grundige studiar? Eller les eg denne boka fordi ho var lett tilgjengeleg på grunn av ein breiare kulturell straum?" Dersom sistnemnde er tilfelle, er det grunn til å vere litt på vakt. Kulturelle straumar kan ha ein tendens til å vere overveldande og ikkje bli utsett for så mykje kritikk.

Jaja, så var det vidare til jolefest i P100. Det vart ikkje noko jolesong, men. Kanskje eg gjekk litt for tidleg? Uansett fekk eg to nye vener, så det var litt hyggeleg.


Dette er konge:




På tide å soooooooooooooooooooooooooove.