Thursday, February 10, 2011

Ein sub-seriøs post om slips

Eg tenker å skrive ein liten post om 1 Kor snart. Men før det, så tenkte eg å gjere noko eg har hatt lyst til ei god stund, nemleg å skrive ein post om slips. Sidan hausten for 2-3 år sidan så har eg gått dagleg med slips. Eg fann raskt ut at det er omtrent ingen - sånn utanom BI-studentar - på min alder som går med slips. Og eg får stundom kommentarar på det. Difor kjem her ein liten post med ein del gode grunnar til at eg går med slips. Kanskje nokon av grunnane appellerer til deg? I så fall er det jo berre fint. Men dette er mine personlege oppfatningar, kvar får meine som han vil. Med det i bakhovudet, kan du lese:

1920's fashion for men

1. Eg tykkjer slips er fint.

Det er noko veldig rart med moderne kleskultur. "Alle" er samde om at når ein verkeleg skal dresse seg opp, då tek ein på seg dress og slips. Det er altså ein slags konsensus om at slips er fint. Likevel vil ikkje folk gå med det til dagleg. Kvifor ikkje? Har ein ikkje lyst til å kle seg fint? Eg fekk verkeleg ei aha-oppleving på dette punktet då eg såg "Ondskan" av Jan Guillou. Der var det ein karakter ved namn Silverhielm (for øvrig ein usympatisk type). Men han var godt kledd, til liks med hovudpersonen. Ok, han brukar faktisk ikkje slips her, men det er litt beside the point akkurat no. Poenget er at han hadde stilige klede.



Eg tenkte ikkje så mykje over det. Inntil eg såg eit intervju med skodespelaren, om rolla han spela. han sat lettare henslengt, med ein sliten hettegenser, ei posete lue etc. Og eg tenkte: Whoa, for ein forskjell! Og kor mykje mindre seriøs, stilig og vaksen han ser ut. Velvel, Skarsgård, som han heiter, er sonen til Stellan, og har nyleg spela i ein film som eg har veldig lyst til å sjå, nemleg "The way back", regissert av (sjølvaste) Peter Weir. Så han ser ut til å greie seg veldig bra. Men så har også klesstilen hans teke seg opp :)


2. Slips kan varierast på mange måtar, både med omsyn til farge, form, mønster, stoff etc.

Det gjer at dersom ein går med genser/bukse i litt kjipe fargar, så kan ein bruke slipset til å få inn litt farge. Eller slipset kan skape artige fargekombinasjonar i møte med andre klesplagg. Eg las i ei bok med tittelen "Details", med tips om korleis menn burde kle seg. Der var Tommy Hilfiger intervjua. han sa at ein ikkje burde redd for å kle seg litt fargerikt, litt utradisjonelt. Det er eigentleg eit godt råd.


3. Det gjev sjølvtillit å vere godt kledd.

Dette er kanskje ein litt problematisk grunn, og eg trur nok det er litt viktig å ikkje vektlegge dette for sterkt. Men det gjev faktisk ein type sjølvtillit å sjå nokonlunde ordentleg ut. Ein får også i nokon mon umiddelbar respekt (sjølv om det også kan skape avstand). "Gå alltid med slips, og bli tatt seriøst", som det så alvorleg blir sagt her:




4. Å gå med slips inneber i nokon grad å kommunisere eit politisk/filosofisk standpunkt

Det å gå med slips er faktisk ein slags ideologisk statement; ein viser at ein likar at ting er ordna og har sans for tradisjonell estetikk. Og ein viser ein slags affinitet med dei øvre samfunnsklasser. Altfor mange tenker ikkje over at 68'-opprøret ikkje berre var eit oppgjer med rasjonell moral-tenking, men også estetisk objektivitet (og for så vidt generell rasjonalitet). Når dette var relativisert, kunne ein lett gå med på å gå i dongeri og slitne klede, for å identifisere seg med "underklassen". Vel, mange gode intensjonar, mykje dårleg filosofi, spør du meg. Det går uansett fint an å bevare klassisk, estetisk sans, oppfatningar om objektiv moral etc. og likevel ha stor omsorg for fattige og lidande; ja, eg vil hevde at ein er langt betre rusta til å ha ein slik omsorg med dei fyrstnemnde kategoriane i orden. Les Life at the bottom av Th. Dalrymple for å forstå kva eg meiner her.


5. Det er (faktisk) behageleg å gå med slips.

Før brukte eg berre slips på jolekvelden, 17. mai etc. Eg tykte det var stress å gå med, ubehageleg. No er det omvendt, eg tykkjer det er behageleg, varmt og godt for halsen å gå med slips.


Men: Kvar får kle seg som ein vil. Vi har ulik smak og ulike preferansar, og det er heilt fint for meg. Ok, det var det :) Eg kjem sterkare attende med litt meir seriøse postar om ikkje lenge.

11 comments:

Smygfisken said...

foretrekker skjerf, altså.

hilsen kjoledamen.

Hallvard said...

Mm, men så er jo du dame også, då. Kjole tykkjer eg er kjempefint, forresten.

Smygfisken said...

så synes du jeg er kjempefin.

Hallvard said...

Gjer nok det :)

Per said...

Jeg har et par kommentarer:

1. Det er ikke bare du og BI-studenter, men også en hel del mormonere (som også har et navneskilt på, men det er vel ikke så stilig).

2. Ondskan er en kjempebra film, og den er visstnok basert på ungdomsårene til Jan Guillou. Nå er det lenge siden jeg har sett den, og fikk lyst til å finne den fram igjen...aner ikke hvor den ligger eller hvem som har den.

3. Liiiiiiitt tvilsom måte du snakker om "stilige unge menn" her nå.

Hallvard said...

Her er alle meiningar velkomne :)

Hallvard said...

Ja, til dette med "stilig", så...vel...dette var mitt umiddelbare inntrykk. Men her er det naturlegvis ganske ulike oppfatningar av kva "stilig" vil innebere. Heilt ok med usemje på dette punktet for min del.

Roger said...

Jeg utfordrer deg:

Hettegenser, caps og dongeri (L) i en uke :-)

Hallvard said...

Hehe, går du med dress ei veke då?

Ingrid said...

Nei, ikke caps Roger... :P

Per said...

bare tulla altså.