Eg fekk eit spørsmål av ein god kamerat i etterkant av den førre posten min om 1 Kor. Korleis skal vi eigentleg forholde oss til kristne som vel å gå inn i sambuarskap? 1. Korintarbrev gjev faktisk adskillig med ressursar for korleis vi bør tenke om dette spørsmålet. Så her fylgjer ein del refleksjonar om det, og litt andre ting. Som alltid må ein lese på eige ansvar.
Paulus' autoritet på spel i Korint
For det fyrste dreier som nemnt 1 Kor seg i sterk grad om Paulus' autoritet. Det er strid og skisma i Korint, kjem det fram i kap. 1. Paulus må skarpt irettesetje dei, for Kristus er ikkje delt; altså må heller ikkje dei kristne vere det, for det er han som er den som sameinar dei. Korintarane må passe på å ha "same sinn og same tanke". Faktisk handlar kap. 12-14 i sterk grad om dette, for der er poenget at korintarane - jamvel om dei er forskjellige og har forskjellige nådegåver - må elske kvarandre slik 1 Kor 13 fortel om. Det betyr: Dei må elske kvarandre og halde ut med kvarandre, for dei er Kristi lemmer, og Kristus er éin.
Korintarane driv ikkje berre med strid innad med kvarandre. Ein del av dei er også i open opposisjon mot Paulus. Difor må Paulus mange gonger i løpet av brevet irettesetje dei: "Til skam for dykk seier eg dette", "Veit de ikkje at...??", "Slikt som dette høyrer ein ikkje ein gong om mellom heidningane!", "Ingen må lure seg sjølv", "Den som øydelegg Guds tempel (kyrkjelyden i Korint), han vil Gud øydeleggje" "Den som praktiserer slikt, vil ikkje arve Guds rike..." etc. Det var ikkje berre usikkerhet blant korintarane. Det var tydeleg og open opposisjon mot Paulus og hans forkynning.
Korintarane har sannsynlegvis "dømt han" og tykt at han ikkje er ein særleg dugande apostel i og med at han ikkje er særleg sterk, flink til å snakke, forkynner filosofi etc. Men då viser Paulus mange gonger til allmennkyrkjeleg praksis ("Slik eg påbyr, er det i alle kyrkjelydane"), og han viser til sin apostoliske autoritet, sidan han er kalla av Kristus og sendt av han ("Kva meiner de? Skal eg kome med ris eller med ei mild ånd?" "Er ikkje eg apostel?...De er seglet på aposteltenesta mi i Herren", "Det er eg som er dykkar andelege far og har forkynt evangeliet slik at de har fått liv".)
Hor/porneia
Og her kjem altså spørsmålet om "hor" inn. Det greske ordet porneia brukast om alle slags illegitime seksuelle relasjonar. Paulus argumenterer då på ulike måtar mot hor. Mot slutten av kap. 6 seier han rett og slett "fly hor!" Argumentasjonen hans er interessant her. Korintarane trekte sannsynlegvis ein analogi mellom mat og sex. Mat kan etast utan å gjere skade, ja, maten er til for magen, og magen for maten. Slik er det også med sex/damer, tenkte dei. Kroppen er konstruert for å ha sex, så kva er gale med det?
Det er verkeleg interessant å tenke på haldningane til seksualitet i Korint på denne tida. Dei liknar meir og meir på haldningane til det i vår tid. Ja, interessant nok, eg såg på "Lydverket" i går (det var ein heil kulturstudie verdt i seg sjølv, spør du meg. Slettemark er veldig sympatisk. Men han anbefalte fleire band; eitt med ein frontfigur utan utdanning, han viste fram tatoveringar på armane sine, som han sjølv hadde laga med heimelaga utstyr. Så kom eit intervju med eit band som vedkjente at dei ikkje kunne spele instrument, men "det gjer berre musikken vår betre..." Så kom eit band med ein frontfigur utan jobb, med alkoholproblem, eit meiningslaust liv. "Men slikt blir det god musikk av!", sa Slettemark. Musikkvideoen handla då om ein fyr som stod i ein bustad og knuste alle tinga der. Eg tenker...hm...det interessante var jo at alt dette vart framstilt som "kult", "hipt" etc. Uansett: Lars Vaular vart også intervjua. Han har ein hit som heiter "Rett opp og ned". Eg hadde ikkje høyrt noko musikk av denne karen før. Men musikken var veldig fengande, om enn ganske primitiv. Teksten? Handlar om at Vaular "vil ha no rødt kjøtt" og derfor oppfordrar damer til å hoppe i seng med han og "gå på trynet med han". Så hm.)
Poenget var uansett Korint: Der var det ganske akseptert å drive med prostitusjon. Ei prostituert gjekk du til for å få tilfredsstilt lyster, men kona hadde du for å bere fram born, og då helst gutar (jentene kunne du la fødast, men så leggje dei ut skogen til villdyra. Eg overdriv ikkje. I vår tid gjer vi forresten nesten det same ved abort.) Ein skulle ikkje snakke for høgt om at ein gjekk til prostituerte, men jamt over var det sett som ganske normalt og akseptabelt, jamvel av filosofar og i høgare klasser. Det er verkeleg interessant å tenke på, tykkjer eg, korleis radikalfeministar (eg talar ikkje om "klassiske" feministar, men fylgjer skjelninga til Hoff Sommers, sjå til dømes her) ikkje anar kor mykje dei har å takke kristendomen for, historisk sett. Og så vidt eg kan sjå, vil undertrykking av kvinner tilta i den grad kristendomens etikk og familiesyn får mindre påverknad i samfunnet, jfr. Skirbekks "Ideologi, myte og tro" om "kvinnefrigjeringa", eller sjå på korleis kvinner som Rihanna og Lady Gaga framstillast i populærkultur, eller ta ein titt på denne. For ordens skuld har eg ikkje no sagt noko kritisk om klassisk feministisk kamp for røysterett, like moglegheiter innanfor utdanning og arbeid etc. Det kan eg ha adskillig med sympati for.)
Attende til Korint: Paulus formanar korintarane i kap. 7 ved å seie rett ut: For at de ikkje skal drive hor, skal kvar av dykk ha sin ektefelle. Og mannen skal ikkje nekte å ha sex med kona, og omvendt. Vidare: "Dersom de brenn av lyst, så får de gifte dykk." Kvifor denne insisteringa på å gifte seg, og vere trufast seksuelt? Dette var faktisk noko av det som skilte dei fyrste kristne aller mest frå omverda. Som kyrkjefaderen Tertullian sa i dei bevingede ord: "Alt er felles hjå oss unnateke konene" Men det var tvert omvendt hjå "heidningane". Tvert gjennom NT er det også slik, frå Jesus sjølv, og til apostlane. Overalt vert ekteskapet sett fram som ramma for utøving av seksuallivet, og overalt vert "hor" sterkt avvist.
Kvifor så sterkt fokus på ekteskap?
Gjennom 1 Kor vert det gjeve ulike typar av grunngjevingar for dette. Ganske sikkert kjente Paulus godt til Jesu rettleiing på dette punktet (Jesus siterte Gen 2,24, jfr. Matt 19). Også Paulus siterer nemleg dette verset, både i 1 Kor 6 og Ef 5, og han kjenner "bod frå Herren", når han argumenterer i kap. 7. I 1 Kor 6 argumenterer han derimot ved å seie at den truande er "kjøpt" som ein slave. Her er analogien til m. a. Rom 6 tydeleg, ein tekst som faktisk har ein del bakgrunn i Guds frelse av Israel ut frå slaveriet i Egypt. Poenget blir at dei kristne ein gong var slavar under synd, under død, under verda, under avgudar, under djevelen. Men no - i trua på Jesus - har ein blitt slave av rettferd, fått liv, har lagt verda bak seg, tener den sanne Gud, får kraft til å stå imot djevelen. Paulus oppsummerer slik: "De er dyrt kjøpt. Bruk då kroppen dykkar til ære for Gud."
Tidlegare i kapittelet peikar han på at kroppen er "for Herren". Romarbrevet talar like eins om at ein skal ta sine eigne lemmer (altså: kroppen, heilt konkret), og leggje dei fram for Gud, til teneste for han. Rom 12 talar like eins om at heile kroppen skal stillast fram for Gud som eit levande og heilagt offer for han - og deretter fylgjer dei praktiske konsekvensene av dette: Eit fornya og heilagt tankeliv, velsigning av fiendar, kjærleik til kristne brør, gavmildhet, sjølvkontroll etc. Poenget blir, som Paulus seier i 1 Kor 6: "Vi tilhøyrer ikkje lengre oss sjølve."
Kva så med dei som vedkjenner seg som kristne, men som inngår i sambuarskap?
Ok, så til sjølve saka: Korleis vi som kristne skal forholde oss til dei som vedkjenner seg som kristne, men som inngår i sambuarskap. Ut frå NT vil eg seie det er relativt tydeleg at den typen sambuarskap som er gjeldande i Noreg ikkje kan eller bør sidestillast med ekteskap slik det vert "kravd" i Bibelen. Problemet med sambuarskap er (slik også sosiologisk forsking avdekker; mange, særleg menn, ynskjer å vere sambuarar fordi det gjev mindre grad av forplikting. Nok eit døme på at seksuell frigjering har gjeve dårlegare kår for kvinner. Det er mange såre kvinner rundt om i Noregs land som ynskjer å gifte seg, men der sambuaren nektar) at dei får ein uklar status med omsyn til partanes relasjon til kvarandre. Samlivet deira har ikkje blitt sanksjonert som ekteskap av styremaktene, og ved å nekte å få denne sanksjonen, kommuniserer paret medvite til omverda at dei heller ikkje ynskjer denne sanksjoneringa, og ikkje ynskjer å inngå i offentleg, forpliktande samliv. Difor er det så langt eg kan sjå grunnlag for å seie at sambuarskap bør omtalast som "porneia/hor".
Det er i så måte relevant å sjå kva som "styrer" Paulus' argumentasjon i 1 Kor 5. Det som ligg under her, er nemleg (Som R. Hays m. a. har peika på i sin "Conversion of the imagination") at Paulus betonar kontinuiteten mellom Israel som gamaltestamentleg gudsfolk og kyrkjelyden i Korint som det identiske, men no nytestamentlege, gudsfolket. Når han talar om å "støyte ut" den som driv hor med stemor si, så siterer han frå 5 Mos 17, altså lovgjeving til Israel frå Sinai: "Støyt den vonde ut frå dykk!" Poenget er ikkje fyrst og fremst at vi skal fylgje Moselova i eitt og alt. Men derimot at vi - liksom Israel i GT - må vere eit "heilagt folk", eit folk som er "utskilt frå heidningane" og som reflekterer Guds heilagdom inn i verda og slik blir til velsigning og utfører det oppdraget Gud har gjeve oss om å spreie hans rike på jorda.
Difor er Paulus faktisk langt meir oppteken med å peike på ansvaret til kyrkjelyden som heilskap enn han er av å formane den einskilde syndaren. "De skulle heller sørgje enn å rose dykk", seier han. Heile vegen har likevel Paulus som mål at syndaren skal vende om og få eit rett og heilagt liv att. Poenget med å vere eit "heilagt folk" handlar heile vegen hjå Paulus om framtida. Gud skal døme alt som står imot hans vilje - dette er nødvendig for at planen hans om å fornye skaparverket skal gjennomførast (=Guds rike). Difor må også dei kristne leve i tråd med den framtida som ventar dei i Guds rike. Dei må så å seie "øve seg" på å leve slik som framtida blir.
No er 1 Kor 5 ein særskilt tekst som ikkje kan anvendast på alle tilfelle av livsførsel som ikkje samstemmer med kristen moral. (Sjølv om det er fleire gode grunnar til å tenke at Paulus her faktisk har Matt 18 - kyrkjetuktsteksten hjå Jesus, i bakhovudet). Dette var eit særskilt alvorleg døme, og mannen har sannsynlegvis vore godt etablert i eit forhold som Paulus tidlegare sterkt har åtvara mot. Generelt er Paulus veldig oppteken av at dei kristne må rettleie kvarandre i kjærleik. Som til dømes i Gal 6: "Dersom nokon skulle bli overlista av ei eller anna synd, så må de som er andelege rettleie han, men pass på så heller ikkje de blir fanga av synda". I 2 Tess 3 skriv Paulus om dei som ikkje vil rette seg etter hans påbod. Han seier: "Hald dykk unna han, men sjå han ikkje som ein fiende, men som ein bror." Denne teksten er faktisk veldig parallell med 1 Kor 5, og kan også moglegvis sjåast som parallell med Jesu ord om å "sjå han som ein tollar eller heidning", dersom han ikkje vil motta rettleiing frå heile kyrkjelyden.
Men desse rettleiingane er i fyrste rekke gjeve til kyrkjelyden, eller i det minste innanfor ein kyrkjelydskontekst. Det betyr at det nok ikkje er grunnlag for å seie at ein bør bryte all kontakt med dei som medvite, og etter tydeleg rettleiing, bryt med kristen moral, men likevel kallar seg kristne. Kanskje er heller hovudpoenget at når den kristne familien samlast, så skal ein markere at desse står utanfor kyrkjelyden, slik dei i fylgje Paulus faktisk gjer dersom dei innordnar livet sitt i tydeleg strid med gudsrikeetikken.
Naturlegvis dukkar raskt innvendinga opp her, om at denne praksisen knapt er mogleg å gjennomføre i dagens praktiske kyrkjerøyndom. Dersom nokon får ein reaksjon mot seg, kan han berre finne ei ny kyrkje lengre nede i gata. Personleg tenker eg det er avgjerande viktig at forkynninga i ein kyrkjelyd uansett er tydeleg på bodskapen (vel å merke: Tydeleg på dei tinga som Bibelen sjølv er tydeleg på, som seksualetikken. Det finst ein heil haug med ting Bibelen er uklar på).
Om ein ikkje kan ha den nære omsorgen for dei einskilde kyrkjelydslemene som vert føresett i NT, så kan ein i det minste ha denne omsorgen frå talarstolen. For: Det er kjærleik som heile vegen må vere den drivande motivasjonen - ikkje dømesjuke. Og uansett bør ein tenke seg om ein, to, tre, fire, fem gonger før ein går til det steg å "irettesetje" ein kristen bror. Ja - det kan stundom vere nødvendig, men ein bør vite kva ein gjer, for det er stort potensiale for å gjere skade i ein slik situasjon. Eg tenker også at dersom ein lever eit sunt kristenliv, nær Bibelen, og nær den kristne familien, vil mykje av dette kome av seg sjølv, på ein måte. Då vil andre raskt få eit inntrykk av kva ein meiner og står for.
Hm, dette var nokre tankar. Men dette er ikkje heilt ferdigtygde tankar. Kom gjerne med kommentarar og innvendingar, den som ynskjer det.
5 comments:
hva mener du med å lese på eget ansvar?
Det er ein slags disclaimer før innlegget, i tilfelle nokon skulle oppleve at det eg skriv, er litt provoserande. I så fall kan eg då svare: "Vel, dersom du ikkje likte det, trengte du ikkje å lese det."
kanskje det er de som synes det er støtende, er de som faktisk BØR lese det :)...
så sant de er kristne.
ikke-kristne samboere bør kanskje ikke få sin første møte med kristendommen med "loven" så sant ikke "evangelium" kommer rett etter:)
Mm, eg er samd i båe punkta.
uff det var en fæl artikkel å lese den du linket til om den seksuelle revolusjon..
vi må gjøre som hans nilsen hauge, forandre folkets etikk tilbake til hardtarbeidende troende mennesker.
Spørsmålet er om folk vil gi opp fri sex og et slapt liv mot hardt arbeid og ekteskap? - hvis man tenker nærmere på det så er det sistnevnte mye mer attraktivt.
Post a Comment