Friday, March 11, 2011

Hallvard-nyhende for dei personleg interesserte.

- Eg driv og førebur undervisning for Rælingen-elevane mine. Så det er litt spennande. Fyrste timen har temaet "Kva er filosofi?", og det går mest ut på å introdusere elevane for ein del sentrale problemstillingar i filosofien, til dømes "Kva er den ytste røyndomen?", "Finst det objektive normer for godt og vondt?" "Kva er estetikk?" etc. Så eg tenker å vise litt musikk og film for å illustrere problemstillingane.

- Elles har eg fått sumarjobb i VT prosti, som prestevikar. Så det er greitt, fin jobb, eg kan slappe av heime, gå på tur etc., og ikkje minst tene pengar.

- Det blir bibeltime neste helg som planlagt. MEN sidan det er winter wake up festival, så blir ikkje bibeltimen på laurdag kl 11, men i staden sundag kl 17. Ok? Bibeltimen blir SUNDAG 20. MARS KL 17. Det blir også ein ganske spennande bibeltime, reknar eg med. Rom 2 står for tur. Nokre av temaa som blir teke opp, er: Kva betyr det når Jesus og Paulus seier "døm ikkje!"? Skal også kristne dømast for sine gjerningar? Er Israel, Guds folk, i Midtausten eller i Misjonssalen?

- Og så er det offisielt at min bror har fått seg kjærast :) :) Så det er veldig hyggeleg.

4 comments:

Anonymous said...

Elevene mine du liksom det er faktisk ikke dine.

Anonymous said...

Bare tulla hehe.. Jeg er ikke god.

Hallvard said...

Hm, kven er dette?

Kjetil said...

Sikkert ein av "elevane dine" som har googla deg... :D