Monday, March 14, 2011

Osb.

I dag hadde eg mi fyrste undervisningsøkt. Det gjekk ganske så fint, og vi fekk også ein god del interessante samtalar og diskusjonar i klassen. Ein lærer mykje av å ha lærar-praksis; om lærarkvardagen, og særleg om lærestoff, men også om det norske samfunnet - i og med at ein lærer å kjenne norske unge vaksne og får sjå korleis dei tenker og vurderer livet. Så det er spennande.

Elles lite nytt, diverre. Gårsdagen gjekk med til veldig hyggeleg middag med lovsongsteamet i Misjonssalen. Elles har eg sett to filmar sidan sist. Eg gav Cliffhanger ein sjanse, sjølv om eg visste at R. Harlin stod bak. Vel - det var vintage Harlin; spennande, underhaldande, brutal, blodig. Ikkje nett som eg likar det. Og elles "Remember the titans", som eg hadde ganske blanda kjensler til. Til ein viss grad underhaldande. Men også veldig forutsigbar og klisjeprega.

Elles har R. Bell kome med si nye bok sidan sist. Eg har lese nokre lengre meldingar av ho. Eg tenker, sånn kort: Eg trur absolutt Bell har gode innsiktar, ja, genuine bibelske innsiktar som hans argaste kritikarar diverre ser ut til å oversjå i deira iver etter å avvise hans teologi. På den andre sida ser det ut til at fleire av dei kritiske punkta mot han verkeleg er velfunderte. Så det skal bli spennande å lese etter kvart. Men dette er neppe boka eg ville anbefalt til kristne som ikkje kjenner Bibelen sin så godt.

2 comments:

Smygfisken said...

lovsongslaget allitterer mye bedre, og passer mye bedre på norsk.

Hallvard said...

Ikkje dumt.