- Uansett, oppgåva er levert, no er det eksamen som er neste post på programmet. Men denne veka tenker eg å lese teologi, og så tek eg til med fagdidaktikken ganske snart. Eg må vidare gjennom GT, og eg må pløye gjennom birth of the NT før eg tek til med ei bok av GE Ladd om Guds rike (tenker eg).
Vel, av andre ting som har skjedd denne helga:
- Eg fekk sett Skeleton Key, ein film eg har vurdert å sjå fleire gonger. Vel, filmen var på nokre måtar fiffig og tankevekkande, må eg seie. Eg lærte også om "Hoodoo", dvs. afro-amerikansk folkemagi. Filmen likna elles på nokre måtar på "What lies beneath".
- Eg var på møte i MUF. Min ven Ø Remmen heldt ein flott tale om saligprisningane. Etter møtet vart det også teologiprat med nokre nye bekjentskapar, og det var veldig hyggeleg. Det er jo artig å snakke teologi med folk som er veldig interesserte :-)
- Når vi er i gang med NLM etc, så las eg nyleg om Fjellhaugs planar om å ekspandere og bli ein skule med 400 elevar. Eg kan vel ikkje heilt sjå for meg korleis dette skal kunne gå til, men eg tykkjer det er flott med ein slik visjon å arbeide fram mot. Flott med positive innspel og pågangsmot, tykkjer eg, og det verkar som at det skjer mykje bra der oppe for tida.
- Så har eg vore på spelekveld på Nordstrand, hyggeleg som alltid. Og på Curry&Ketchup med Torstein, Matti ++, det var også hyggeleg, og maten var veldig god også.
- Eg tenker litt på...hm...kva eg hadde gjort utan bøker. Livet hadde på ein del måtar vore mykje meir meiningslaust då. Eg hadde liksom mangla noko å strekke meg etter, på ein måte, noko å jobbe framover mot. Av og til kjennest det imidlertid som om lesinga mest er ein stor kompensasjon for manglande sosiale relasjonar. Men det er også veldig tilfredsstillande å eige stadig meir kunnskap. Det gjev meir kontroll over tilveret, må eg seie. Og det er spennande.
4 comments:
Hallais!
Er du fortsatt litt involvert på itro.no?
http://www.nlm.no/no/iTro/Kristen/Misjon/Hvorfor-misjona-lissom/
Fant denne begrunnelsen for å drive misjon, og jeg må innrømme at jeg ikke liker stilen noe særlig. Det får da være grenser for forsøk på ungdommelig kulhet...
Blir nesten litt flåsete... Eller hva?
<< Som om ikkje "objektiv" og "pluralistisk" står i sterk spenning til kvarandre >>
Godt poeng. Luruer på om utdanningsdirektoratet (eller hvem det var som skrev dette) ser dette selv.
Hallais på ræ' :)
Eg skriv på iTro, ja. Eg les der også av og til. Eg er ganske usikker på kor lurt det vil vere av meg å eventuelt gå inn og uttale meg om det som blir skrive der. Trass alt er det flotte folk som skriv der, og mange av dei er unge, i ein utviklingsfase, ikkje teologar etc.
Så ein bør vere ganske raus, tenker eg, når ein skal vurdere artiklar der. (Men ja - av og til er det ting som blir skrive der som eg meiner er teologisk problematiske, og som blir skrive av teologar el. l. Då er eg liksom litt usikker på kva ein evt. bør/kan gjere. Kanskje best å sende ein mail til forfattaren...? Eller ta opp tematikken på ein generell måte på bloggen, ved ei seinare anledning? Veit ikkje heilt, eg.)
Novel, til Marias artikkel. Eg kan godt gje nokre tankar om han. Eg tykkjer språket er litt for ungdomeleg for min smak, i alle fall. (Men så er eg veldig konservativ i språkvegen, må vite). Men det er godt mogleg at andre får utbytte av det, dvs. ungdom. Hugs at Paulus (1 Kor 9) var veldig positiv til å tilpasse seg kulturen då han forkynte, jfr. Apg 17. Så tja. Eg veit ikkje.
Generelt sett tykkjer eg det er ein god ide (men ikkje strengt teke påkrevd) å halde seg nær til bibelspråket når ein held andaktar. Det gjev ein langt større gjennomsiktighet i talen, dvs. at dei som lyttar eller les, lettare kan knyte innhaldet i talen til bibeltekstar. Det blir langt vanskelegare dersom ein lausriv seg frå bibelspråket.
Eg tykkjer det også er ein god ide å bruke eit språk som ligg nært eins eige hjarta, liksom. Dvs. at når ein talar, så talar ein ut frå korleis ein sjølv opplever, tenker, kjenner etc. Dette er naturlegvis eit råd som har visse begrensningar. Poenget er i alle fall at ein andakt lett blir langt meir interessant når ein er ærleg om kva Bibelens bodskap etc. har gjort med ein sjølv og korleis ein opplever det.
Innhaldsmessig tykkjer eg andakten til Maria er veldig fin og ivaretek sentrale nytestamentlege perspektiv. Naturlegvis kunne ho sagt litt andre ting, utdjupa ting etc. Men slik det står no, tykkjer eg det er ein flott andakt reint innhaldsmessig.
Mm, Roger, dette er eit veldig viktig poeng. Og det "avslører" liksom den sekulære ideologien. Kristne seier: Det finst éi sanning, og dette er Guds sanning, han som har sendt Jesus. (Dette hindrar naturlegvis ikkje at ein kan gje sakleg og god kunnskapsundervisning om andre religionar etc. Også dette er ein del av "Guds sanning" breitt forstått, fordi det er sanningar om delar av det skaparverket som ISraels Gud held oppe med si makt.)
Men læreplanen seier langt på veg at det finst fleire sanningar - i alle fall går det langt i denne retningen når formuleringa "pluralistisk" blir bruka. Men allmenn logikk tilseier at fleire, gjensidig utelukkande sanningar ikkje kan vere like sanne. Dermed blir det nærliggjande å slutte at det eigentleg ikkje er mogleg å nå fram til sanninga.
I oppgåva mi antyder eg at etikkundervisninga i norsk skule heller ikkje kan gje rettleiing om rett og gale, nettopp fordi faget er underlagt eit pluralistisk perspektiv. Men då må ein spørje: Dersom skulen ikkje rettleier elevane om rett og gale (utover formålsparagrafen og menneskerettane, som står som fragmentariske, lausrivne og dels inkoherente merkesteinar), kvar skal då elevane få etisk rettleiing? Situasjonen blir jo ikkje betre når dei kjem på eit høgare studienivå (d. e. ex phil og ex fac). Så hm, dette er på ein måte krisa i vestens etiske tenking for tida.
Altså, det skal vere: Å nå fram til sanninga med stor s, så å seie, dvs. å finne rett og grunngjevne svar på dei store spørsmåla: Kven er vi? Kvifor er vi her? Kvar kjem verda frå? Kva er den ytste røyndomen? Kva er moralen bygd på? etc.
Post a Comment