Sunday, May 1, 2011

What's happening, brother

Fredag, stod ganske tidleg opp for å ta bussen til Oslo. Fekk lest ferdig Lippas bok, så no kjem det vel snart ein post eller to om tematikken. Så var det å fikse sykkelen min, som diverre har fått ein bøyd felg sidan sist. Så gjekk turen rett til Blindern, der eg skulle klatre med Roger. Det gjer eg ikkje så ofte, så eg er ikkje nett veltrena. Men det var gøy, og eg fekk til eit par ruter, lærte litt teknikkar av Roger etc. Hadde det vore litt billegare, hadde eg kanskje gjort dette litt oftare.

Så var det ned til Vika, der eg såg the King's speech med Erik. Filmen var god, men ikkje sååå god. Kanskje eg tek feil, men eg mistenker at denne filmen fekk såpass gode kritikkar fordi han er tek kultur såpass på alvor. Dvs. brukar klassisk musikk av høg kvalitet, viser fine klede, (stort sett) godt språk, siterer Shakespeare etc. Jaja. Ein grei film, men mine forventningar var nok litt for høge. Snart tenker eg å sjå Black Swan, og der skal det jammen bli spennande å sjå om forventningane mine blir innfridd.

Etterpå tok vi ein lengre sykkeltur. Dagen etter var det målingdugnad hjå Martin. God stemning, og bustaden vart måla på 1-2-3. Eller for å seie det med Martin: Vi tok "ein Smiths vener". Litt teologisk samtale vart det også rom for. Og pizza og brus. Så var det rett ned på møteti MUF, og det var eit fint møte med Luk 24-teksten. Etterpå var det opp for å få meg ein 'bab og diskutere kjønn med mine gode kollektivvener.

Sundag, møte i Misjonssalen. Joh 20, fint møte også. Det viktige, viktige å få tak i, er: Kva tyder det å seie at Jesus er "Messias"? Roger og eg laga middag, og det vart godt. Så såg vi Armadillo, og det var litt av ein film, må eg seie. Gjev verkeleg eit autentisk innblikk i krigen. Så filmen er slik sett veldig anbefalt. Men det er ikkje ein film som gjev deg særleg fornya og positiv tru på Afghanistan-krigen eller soldatane som kjempar der nede.

Møte i Storsalen. Framleis ei etter mitt syn ubehjelpeleg syndsvedkjenning. Skjønar verkeleg ikkje at dei veljer å bruke ho. Men resten av liturgien er grei, og talen var veldig grei også. Frå Fil 3. Det vart peika på at Paulus la vekt på å presse på fram mot målet, og at dette også ville medføre liding. Eg kunne nok sakne at det vart sett tydelegare fokus på at Guds rike er det kontrollerande perspektivet for det Paulus seier her, men pyttpytt. Norsk kristendom har såpass store manglar på dette punktet, så ein kan ikkje krevje for mykje. Men flott tale, altså.

Vel, det var det. Slik går dagane. På tide å sove, i morgon må det bli lesing.

OG: Til Ingvild, takk for kommentar :) Den salmen står i norsk salmebok. Har ikkje tilgang til boka i kveld, men får det forhåpentlegvis i morgon, så kan leggje ut salmen då. Dvs. skal prøve å hugse det.