Saturday, June 11, 2011

Bittelitt

Vi ser på youtubefilmar i lag, det er stor stas. Vi ser på fallskjermhopping, gepard, propellfly, flodhestar, hestar, kvithai og spekkhoggar. Og elles har vi gått tur til leikeplassen, leika gøymsel og huska ein del.

Elles tok eg tog i dag. Der traff eg ei veninne eg ikkje har tala med på ca 5 år. Det var hyggeleg. Ho er oppteken av å bli leia av Gud, og leve nær han. Like etterpå las eg i kommentaren over 2 Kor. Det var eit oppsummerande avsnitt om "Gud" i 2 Kor. Det er slik med "opplagte" ord og fraser at vi fort gløymer dei. Det eg særleg kom til å tenke på då eg las oppramsinga av vers med "Gud" i, i 2 Kor, var kor nærverande Paulus tenkte at Gud var til einkvar tid. Naturlegvis har ein Gud som aktør i mange tekstar om forsoninga, om krossen, om sending av Anden, om oppstoda etc. Dette "kan vi", på ein måte. I det minste blir det teke fram på møte, og det er flott. (Vel, stryk det siste; oppstoda burde blitt teke fram langt oftare).

Men Paulus har faktisk ein god del andre interessante utsegner om kva Gud gjer, utsegner som kanskje ikkje blir teke så på alvor. Til dømes at Gud trøystar - til dømes ved å sende Titus. Altså er Gud nærverande i handlingar som skjer med Paulus. Eller at Gud gjev kraft til Paulus, til å fullføre tenesta. Eller at Gud gav ein brennande omsorg i hjarta til Titus. Eller at Gud velsignar korintarane, så dei alltid skal ha nok til å gjere godt mot andre. Eller at Gud vil vere med korintarane dersom dei held saman, har eitt hjertelag innbyrdes og held fred med kvarandre.

Alt dette dreier seg om at Paulus såg Gud som ein levande, aktiv, personleg røyndom i sitt og dei truandes liv. Tygg litt på det. Gud er aktivt oppteken med den einskilde truande sitt liv. Han er det i og gjennom andre truande. Han er det i og gjennom handlingar som skjer med dei truande. Han er det i og gjennom den kraft og den trøyst dei truande får. Han er det i og gjennom dei gode gåver som korintarane får. Det er sikkert at dette er ei røyndomsforståing som omverda nok ikkje vil inspirere i oss. Tenk på alle filmane vi ser, all musikken vi høyrer på, alt vi ser på TV; kor ofte kan du sjå eller høyre folk som aktivt tilskyndar til å tolke røyndomen på den måten Paulus gjer (d. e. å leve sitt liv i ljos av Guds røyndom, så å seie)? Omtrent aldri, sjølv om det finst unnatak (sjå til dømes min favoritt Sophie Scholl. Plz). Så dette er verkeleg noko å tenke på, altså. Moderne kultur påverkar oss meir enn vi trur, etter mitt syn. Det betyr ikkje at vi treng å ha ei fullstendig kulturavvisande haldning, så klart. Men vi bør nok vere adskillig meir gjennomtenkte enn vi nok ofte er.



Så var det ei bok til Joakim? Hm. Ja, kva skal vi velje då, tru? Eg slenger på Theodore Dalrymples "Life at the bottom". Dette er ei kjempeinteressant bok med fyrstehandserfaringar frå ein kar som har arbeidd som lege i den engelske underklassa i mange år. Han skriv om kva han har opplevd og korleis han tolkar det som skjer. Hans tese, som byggjer på empiri, er at filosofisk, postmoderne moral samt kulturmarxistisk uansvarleggjering av dei sosioøkonomisk upriviligerte fører til elendig livsførsel og enorm liding for dei aller svakaste i samfunnet (d. e. kvinner og born, men også menn). Sagt med andre ord: Ein må rettleie og ansvarleggjere menneske før dei kan ta dei konstruktive vala som får dei ut av destruktive liv.

Dalrymple støttar seg altså til ein slags "trickle down theory"; hovudansvaret for elendet i underklassa ligg hjå overklassa som har råd til den luksus å produsere filosofiske teoriar som dekonstruerer tradisjonell moral (men ofte utan sjølv å ta konsekvensene av sine eigne teoriar). Eg kan ikkje seie at Dalrymple har rett i alt han skriv; ein bør også lytte til andre røyster. Dalrymple har ikkje heile sanninga.

Men boka er såpass seriøs og fundert i det verkelege liv at ho verkeleg har mykje sant og rett å lære av. Interessant nok kan det som verkar som "frigjering" og "støtte til dei svake" føre til nettopp forferdelege konsekvenser for dei svakaste i samfunnet. Vel - eg er ikkje ekspert, eg berre ynskjer å seie at dette er ei lærerik og tankevekkande bok med seriøse tankar som ikkje er så politisk korrekte for tida. Heldigvis ligg alle kapitla i boka ute på nettet, du må berre søke på dei, samt namnet. Du kan til dømes byrje med denne.

For øvrig: Vil du ha Dalrymples type argumentasjon frå ein annan synsvinkel, anbefaler serien The Wire. Rå, usminka, og ikkje noko for sarte sjeler. Ein må vite kva ein tenker før ein ser denne serien. Men det er verkeleg ein tankevekkande og ofte djupt moralsk serie av svært høg kvalitet.

No comments: