Saturday, August 27, 2011

11. sundag etter pinse, Luk 19,41-48

Det er interessant å lese kristne skrifter frå den tidlege kyrkjehistoria, dei fyrste hundreåra etter Kristus. Dei kristne på denne tida heldt sterkt fast den same kristne trua som vi har. Ja, den apostoliske truvedkjenninga, som vi seier fram i kyrkja kvar sundag, er frå omtrent denne tidsperioden. Og denne truvedkjenninga legg fram sentral kristendom: Gud er skapar, Jesus er frelsar, Den heilage Ande er vår livgjevar. Men på nokre punkt i trua til dei fyrste kristne er ganske annleis enn vår tru i dag. Eit par av dei tinga blir tematisert i dagens preiketekst, nemleg krigen om Jerusalem og konflikten om tempelet som var der.

Ein kristen forfattar ved namn Eusebius skreiv til dømes ei bok på 300-talet. Her oppsummerte han kyrkjehistoria frå Jesu kome og fram til hans tid. Og det er interessant å sjå at dette med byen Jerusalem fall for romerske krigshærar, det var verkeleg viktig for Eusebius si kristne tru. Eusebius understrekar nemleg at Jerusalems fall så å seie var eit prov på at Jesus verkeleg var Messias, den salva kongen Gud skulle sende. Jerusalems fall var eit slags prov for at det var dei kristne som trudde på Jesus som hadde rett, ikkje dei vantruande jødane som hadde avvist Jesus. Dette høyrest nok ganske framandt ut for oss. Men dagens preiketekst er nettopp ein av dei mest sentrale tekstane som låg til grunn for denne typen tenking.

Det står skrive i evangeliet etter Lukas, i det 19. kapittelet:

”Då Jesus kom nærare og såg Jerusalem, gret han over byen 42 og sa: «Hadde du berre på denne dagen skjøna, du òg, kva som tener til fred! Men no er det gøymt for auga dine. 43 Det skal koma dagar over deg då fiendane dine kastar ein voll opp rundt deg, kringset deg og trengjer deg frå alle kantar. 44 Dei skal slå deg til jorda, og folket ditt med deg, og det skal ikkje liggja att stein på stein i deg, fordi du ikkje skjøna at tida var komen då Herren gjesta deg.»

45 Så gjekk Jesus inn på tempelplassen, og der tok han til å jaga ut dei som dreiv handel. 46 Og han sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal vera eit bønehus. Men de har gjort det til ei røvarhole.»
47 Sidan var han kvar dag på tempelplassen og underviste. Overprestane og dei skriftlærde og dei fremste mennene i folket leita etter ein utveg til å ta livet av han. 48 Men dei fann ikkje ut korleis dei skulle få det til, for alt folket heldt seg nær han og høyrde på han.”

Eg har lyst til å byrje preika med å gå til opninga av Matteusevangeliet. Når dei skreiv bøker i antikken, då hadde dei ikkje innhaldsforteikning. Dei måtte skrive eit slåande innleiingsord som verkeleg heldt på interessa til lesaren. Og nettopp dette gjer evangelisten. Han skriv omtrent på denne måten: ”Dette er forteljinga om Jesus, Messias, Davids son, Abrahams son.” Vel – for ein jøde på Jesu tid ville dette vore ei slåande innleiing. For oss i dag er ho kanskje litt gåtefull. Vi må pakke ut orda litt her, steg for steg. Sjølve namnet ”Jesus”, det tyder – som vi les litt seinare i kapittelet – ”Herren frelsar”. Det er eit passande namn for Jesus, skjønar vi. Jesus er frelsaren. Så vart Jesus kalla ”Messias, Davids son”. I det gamle testamentet stod det fleire tekstar om at Gud ein gong skulle sende ein stor konge. Han skulle vere herre og hyrding for Israel, og Gud hadde lova at han skulle vere av Davids ætt. Vi veit at mange jødar på Jesu tid venta på ein slik konge, Messias, Davids Son. Han skulle endeleg kunne leie dei i krig mot dei romerske undertrykkarane, dei som hadde okkupert Israel. Messiaskongen, han skulle skape rettferd og fred i Israel att. Og evangelisten skriv altså: Jesus er Messias, Davids son.

Og til slutt: Han er Abrahams son. Det betyr: Jesus er etterkomar av Abraham. Han er rett og slett ein del av det store Israelsfolket som alle saman har Abraham som stamfar, litt som mange av oss i Noreg har Harald Hårfagre som stamfar. Altså: ”Jesus, Messias, Davids son, Abrahams son”. Der har ein det. Og utover i evangeliet ser vi korleis kong Jesus går ut til sitt folk, lækjer menneske, forkynner Guds rike og kallar til etterfylgjing. Det var ikkje ei enkel oppgåve for Jesus. Evangelistane fortel at han vart freista av djevelen, og han måtte ofte slite tungt. ”Menneskesonen har ikkje noko han kan lene hovudet sitt på”, sa Jesus. Men han var heile vegen lydig mot kallet sitt, altså kallet til å vere frelsar og konge for Israel.

Korleis reagerte så Israelsfolket då Jesus kom? Jo, det var svært blanda. Evangelia fortel ofte, og med ettertrykk, om dei sterke konfliktane som oppstod rundt Jesus. Mange tok imot han med glede som sin herre og konge. Det var særleg sjuke, lamme, blinde etc. og generelt sett alle som på ulike måtar var fattige. Det kunne vere pengegriske tollarar som var hata av folket. Prostituerte som var utstøytte. Men også ganske vanlege folk, som fiskarar, rikfolk, lækjarar. Men store delar av folket brydde seg imidlertid ganske lite om Jesus og det han dreiv med. Ved nokre tilfelle ropte Jesus jamvel ut ve-rop over landsbyane der han kom: ”Ve deg, Korasin. Ve deg, Betsaida. Dersom dei mektige gjerningane som har vorte gjort blant dykk hadde blitt gjort i Tyrus og Sidon, så hadde dei for lenge sidan vendt om i sekk og oske. Men eg seier dykk, det vil bli lettare for Tyrus og Sidon på domens dag enn det vil bli for dykk.”

Jesu bodskap dreide seg altså ikkje berre om tilgjeving, frelse, fellesskap og glede. Det var også ein bodskap om dom over dei som avviste hans bodskap om å vende om til Guds rike. Denne domssida ved bodskapet kom aldri sterkare til uttrykk enn i møte med det politiske og religiøse leiarskapet i Israel, altså farisearane og dei skriftlærde. Evangelisten Lukas fortel at nokre av farisearane eigentleg var interessert i å høyre på kva Jesus hadde å seie, og at dei inviterte han heimom for å dele måltid. Evangelisten Johannes fortel også at farisearen Nikodemus kom på besøk til Jesus midt på natta, og at han seinare vart ein kristen.

Men dette var mest unntaka. I det heile hadde det religiøse leiarskapet ei sterkt kritisk haldning til Jesus. Vi les at dei sendte ut delegasjonar frå Jerusalem for å få sett Jesus fast, og for å stanse han. Dei meinte at Jesus leidde folket vilt og at han ikkje hadde nokon rett autoritet til å lære bort Guds vilje. Ja, etter kvart som konflikten vart hardare, anklaga dei Jesus for å vere ein falsk profet som stod i ledtog med djevelen sjølv. Denne konflikten mellom Jesus og det religiøse leiarskapet i Israel kjem godt til uttrykk i ei likning som Jesus fortalte. Denne likninga kjem like forut for preiketeksten vår. Jesus fortel at det var ein mann av høg ætt som for ut av landet sitt. I utlandet skulle han bli innsett som konge. Men folka i heimlandet hans, dei hata denne mannen. Då han for utanlands, sendte dei tenarar etter han for å seie: ”Vi vil ikkje at denne mannen skal vera konge over oss.” Denne likninga var Jesu eigen måte å tolke det som skjedde. For han stod fram som konge i Israel, sitt heimland, utsendt av Gud sjølv. Men leiarane i Israel hata han. Dei nekta å godta han og hans Gudsrikeforkynning.

Og like etterpå les vi om det som skjedde på palmesundag. Jesus reid inn i Jerusalem nettopp som ein fredsæl konge på eit esel på palmesundagen. Folket hadde ropa ”hosianna! Davids son! Israels konge!” Dei trudde at dette var krigarkongen, Davids mektige son, som skulle leie dei i kampen mot romarane, som gjorde så mykje vondt mot dei. Vi kan forstå gleda. Men det var ikkje ein slik konge Jesus ville vere. Han ville ikkje vere ein krigarkonge, han ville vere ein audmjuk frelsarkonge som skulle sigre over det vonde med det gode. Han skulle skape fred for Israel, ikkje ved å ta opp sverd og skjold, men ved å gje sitt liv på krossen.

Det var nettopp ein slik fred og ein slik konge det religiøse leiarskapet ikkje ynskte seg. Ein trengte ikkje vere spesielt synsk for å innsjå at det religiøse leiarskapet i Israel var i ferd med å styre Israel like ut i avgrunnen. For dei leidde Israel ut i væpna konflikt med det mektige romarriket. Igjen: Farisearane og dei skriftlærde venta på ein mektig Messiaskonge, ein som skulle hjelpe dei i denne krigen. Dei var overtydde om at det var slik Guds rike ville bryte inn i Israel, altså ved ein durabeleg krig der Gud kjempa på Israels side, mot romarane. Jesus svarar ved å seie: Det er ikkje Guds plan. Og med den krigsagendaen de har no, arbeider de tvert imot Guds plan. De anklagar meg for å vere i ledtog med djevelen. Tvert om – det er de som har blitt forført av djevelen.

Og så fylgjer vår preiketekst, der Jesus med gråt seier: ”Jerusalem, Jerusalem, hadde du berre på denne dagen skjøna, du òg, kva som tener til fred! Men no er det gøymt for auga dine. 43 Det skal koma dagar over deg då fiendane dine kastar ein voll opp rundt deg, kringset deg og trengjer deg frå alle kantar. 44 Dei skal slå deg til jorda, og folket ditt med deg, og det skal ikkje liggja att stein på stein i deg, fordi du ikkje skjøna at tida var komen då Herren gjesta deg.»

Jesus føresa at Jerusalem ville bli knust av framande fiendehærar. Bibelforskarar [d. e. CH Dodd, More New Testament Studies] kan fortelje at dei orda som Jesus brukar her, for å skildre krigen, dei er henta frå Det gamle testamentet. For dette var ikkje fyrste gong Jerusalem og tempelet hadde blitt øydelagt av framande krigshærar. Det hadde skjedd ein gong før, i 587 før Kristus. Den gongen var det babylonarane som kom og erobra Israel, knuste tempelet og førte Israel bort som fangar til eit framandt land. Profetar som Jesaja og Jeremia vart ikkje leie av å understreke årsaka til at dette skjedde: Det var Guds dom fordi Israel hadde synda. Israel hadde ikkje vore trufaste mot pakten med Herren, dei hadde brote boda. Og difor straffa Gud dei.

Jesus resonnerte nettopp på denne måten når han tala om Jerusalems fall. Farisearane trudde at Gud ville kjempe for dei, mot romarane, og at Guds rike skulle bli bragt inn på den måten. Men Jesus provoserte ved å seie det tvert motsette: Gud kjem til å delta i kampen, ja. Men han kjem til å vere på romersk side. Jerusalem vil bli øydelagt, tempelet vil bli øydelagt. Og dette er Guds dom over dei i Israel som avviste meg som sin konge, sa Jesus. Hadde jødane i Jerusalem berre fylgt Jesus, så ville dei skjøna at Gud ikkje ynskjer krig med romarane. ”Elsk fiendane dykkar”, hadde Jesus sagt. ”Tilgje kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk”.

Vi som kjenner ettertida veit at Jerusalem verkeleg vart knust av romarane i år 70. Jødane som trudde på Jesus, vart ikkje ramma av dette. Dei hadde nemleg på dette tidspunktet flykta ut av byen, slik Jesus hadde gjeve dei klar beskjed om. Dei andre jødane i området blei verande att og kjempa ein tapper kamp mot romarane. Men det var ein kamp dei var dømt til å tape. Dette nederlaget var ingen grunn til skadefryd for dei kristne. Som vi høyrde i preiketeksten, så gret verkeleg Jesus over byen, han var ikkje overlegen og hard. Men like fullt: For dei kristne var Jerusalems fall verkeleg ei oppreisning og ei stadfesting av at dei hadde valt rett. For Jesu ord gjekk i oppfylling. Det vart klart at folket i Israel verkeleg burde ha høyrt på han, verkeleg burde teke imot han som sin konge. Jerusalems fall vart ei stadfesting av det var Jesus som forkynte sant og rett om Guds vilje og plan, ikkje farisearane og dei skriftlærde.




No comments: