Eg har berre lyst til å dele nokre litt overraskande og konsekvensrike tankar om den fattige enka i tempelet. Eg driv og les Joel Greens framifrå NICNT-kommentar til denne teksten, og her kom det fram ei tolking som eg ikkje har tenkt over før, men som verkar relativt plausibel. Og denne tolkinga har faktisk ein del interessante konsekvenser for andre delar av Luk.
Uansett: Teksten om den fattige enka i tempelet har eg alltid forstått slik at Jesus peikar på henne som eit ideal. Medan dei rike gav mykje, men relativt sett lite av alt dei eigde, så gav enka bittelitt ("2 lepta", d. e. 1/132 av ei dagsløn), men dette var likevel "alt ho hadde å leve av". Altså har eg tenkt at moralen er: Vi bør også gje "alt vi har å leve av", i tråd med Jesu formaning i andre delar av evangeliet om å selje alt ein eig, vere raus med å gje gåver til dei fattige etc. Her fylgjer teksten (Luk 20,45-47 og 21,1-4), og deretter Greens veldig interessante kommentar. Eg tek bort versetala, som det altså ikkje er Lukas sjølv som står bak:
"Medan heile folkemengda høyrde på, sa han til disiplane: «Ta dykk i vare for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå omkring i lange kapper og likar å ta mot helsingar på torget, sitja fremst i synagogane og ha heidersplassane i gjestebod. Dei et enkjer ut av huset og held lange bøner for syns skuld. Dei skal få så mykje hardare dom.» Jesus såg opp og fekk sjå at dei rike la gåvene sine i tempelkista. Han la òg merke til ei fattig enkje som gav to små koparmyntar. Og han sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre. For alle dei andre la gåver i kista av si overflod, men ho gav av sin fattigdom alt det ho hadde å leva av.»
"...the points of contact between 20:45-47 and 21:1-4 (see above), and especially the characterization of the scribes as though they were wealthy benefactors, suggests a quite different reading. In this case, just as Jesus indicts the religious leadership for consuming the homes of widows, so now he laments the travesty of a religious system that has as its effect the devouring of this widow's livelihood. Note that in no way does Luke suggest that Jesus finds the widow's action exemplary or praiseworthy. How could he, when the religious system was supposed to care for such as these (cf. Acts 6,1-6), not render the utterly destitute? Jesus' mission is to bring good news to the poor, including this widow, not to impoverish them further (see above on 4,16-30).
Accordingly, Luke's readers are invited to draw an analogy between the scribes of 20:45-47 and the wealthy of 21:1.4, and between the widows of 20,47 and the widow of 21:2.4. The former make a show of their piety, but give out of such abundance that, their gifts notwithstanding, they are able to continue lives of opulence that do not intersect in meaningful ways with the impoverished. Both the wealthy and the poor widow give to the temple treasury, located in the Court of Women in the Jerusalem temple(...)
And thus does Luke draw attention to a system, the temple treasury itself, set up in such a way that it feeds off those who cannot fend for themselves. What is worse, because it is the temple treasury, it has an inherent claim to divine legitimation. How could it be involved in injustice? It is God's own house! This widespread assumption about the temple only highlights the necessity of Jesus' criticism of the temple, a criticism already begun in 19:41-48 [sjå nedanfor]. Because it has fallen into the hands of those who use it for injustice, Jesus must comport himself and his message over against the temple and its leadership in prophetic judgment."
Her fylgjer altså Luk 19,41-48:
"Då Jesus kom nærare og såg Jerusalem, gret han over byen 42 og sa: «Hadde du berre på denne dagen skjøna, du òg, kva som tener til fred! Men no er det gøymt for auga dine. 43 Det skal koma dagar over deg då fiendane dine kastar ein voll opp rundt deg, kringset deg og trengjer deg frå alle kantar. 44 Dei skal slå deg til jorda, og folket ditt med deg, og det skal ikkje liggja att stein på stein i deg, fordi du ikkje skjøna at tida var komen då Herren gjesta deg.»
45 Så gjekk Jesus inn på tempelplassen, og der tok han til å jaga ut dei som dreiv handel. 46 Og han sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal vera eit bønehus. Men de har gjort det til ei røvarhole.» 47 Sidan var han kvar dag på tempelplassen og underviste."
Vel, ja. Poenget med teksten om den fattige enka er sannsynlegvis ikkje å setje fram eit føredøme for vår gjevarteneste, altså. Poenget er heller at denne gjevinga hennar understrekar korleis tempeltenesta har blitt gjort til eit system for å utbytte enkjer slik at dei ikkje lenger har noko å leve av. Tempelet er naturlegvis staden der Gud bur, så i praksis betyr dette at det er Gud sjølv som utbyttar enkja og tek frå ho alt det ho har å leve for. Ein forferdeleg tanke som vi skjønar at Jesus reagerte sterkt mot. Ikkje minst fordi det religiøse leiarskapet i Israel for ein stor del bestod av eit rikt aristokrati der posisjonane hadde gått i arv.
Mhm. Ja. Denne lesinga av Luk 21 om den fattige enka nyanserer også biletet av kvifor Jesus reinsa tempelet. Wright tolkar tempelreinsinga fyrst og fremst som eit oppgjer med fariseistisk våpenkamp for å hive ut romarane og bringe inn Guds rike. "Lestai"/"Røvar" er historikaren Josefus' vanlege ord for å skildre revolusjonære opprørarar. Jeremiateksten som Jesus siterer frå, kap 7, talar i alle høve også mellom anna om undertrykking av enkjer. Så kanskje det ikkje er vits i å setje opp eit "anten/eller" her. Jesus kritiserte både utbytting av fattige og revolusjonær motstand mot romarriket. Båe delar var ein del av satans verksemd for å føre Israel inn på feil veg, mot domen.
2 comments:
Denne var ny for meg (Nils Einar Berget)!
Et innspill litt på siden: uansett om Jesus stiller kvinnen sin handling (eller hjerte) opp som et eksempel til etterfølgelse eller ikke, så kjenner jeg selv at jeg har hatt godt av å sammenligne meg selv med hennes eksempel (og det bør vi gjøre dersom hun var ment som et ideal). Om jeg hadde kvittet meg med alle verdiene som ligger i hobbyene mine (antageligvis 200 000+) og gitt de til "tempelet", så hadde jeg ikke nådd henne til anklene en gang.
I det hele tatt lurer jeg på hvor "det skulle bare mangle" - grensa går. Er vi egentlig helt på kjøret når det gjelder pengene våres, bare at standarden har blitt så lav?
Som du pleier å si i bloggen din: hmm!
Fin blogg forresten!
Takk for det, Nils Einar. Ja, eg tenker nok at dette med pengar verkeleg er eit område der det trengst at kristne nøye vurderer sine prioriteringar. Men ja, det er lett for meg å seie, eg er trass alt ein fattig student.
Men ja - brevlitteraturen gjev jo trass alt ein god del retningsliner; dei rike skal vere rause, kjærleik til pengar er rot til alt vondt, den som sår sparsamt skal hauste sparsamt etc.
Post a Comment