Ok, så eg er i Hof hjå min kamerat Tor Øyvind. Vi fiska litt, som de ser. TØ fekk også ei lita gjedde. Så var det litt egg og bacon før vi kom attende til garden hans og såg filmen "Winter's bone". Den var ganske god og tankevekkande. Elles er det nokre andre filmar eg har sett sidan sist, ja. Legends of the fall. Kva skal eg seie? Kvalitet, men også...hm. Litt inkjeseiande, kanskje? Eg veit ikkje. Så har eg sett Law Abiding Citizen, som diverre var interessant på feil måtar; meir pga vitnesbyrdet om samtidig (brutal) kultur enn pga eit stimulerande og kvalitetsprega plot. The great escape var god, men 8,3? Hm.
Tuesday, June 28, 2011
- "Jordiske fedre" er eit avbilete i Guds skaparverk av den himmelske Far. Difor er også denne videoen, rett tolka, ei slags evangelieforkynning. Det er eit vitnesbyrd om kven Gud er. "Derfor bøyer jeg mine knær for Far, han som har gitt navn til alt som kalles far i himmel og på jord."
- Born som ler og smiler er veldig fint å sjå på. Det er også eit avbilete av Gud. Difor er også borna i videoen, rett tolka, evangelieformidling. Dette viste Jesus til fulle då han forklarte læresveinane om Guds rike ved å setje eit barn i deira midte, peike på det, og seie: "Guds rike høyrer slike til".
- Slik kunne ein også halde fram og vist på fleire måtar korleis skaparverket reflekterer Guds gode vesen og vilje. Det er også difor DB Hart, til dømes, kan tale om at moderne menneske står overfor valet "Kristus eller ingenting". Nettopp fordi kristendomen slik har det i seg ikkje å vere livsfjern, men tvert imot å gå direkte inn i skaparverket: Kulturen, vitskapen, filosofien. Det livsfiendtlege i kulturen hjå dei fyrste kristne vart det utsagt ein dom over. Det beste i kulturen vart nytolka i ljos av Faderens, Israels Guds, skapargjerning. Det vart underordna Jesu Herredøme. Det vart forvandla ved Andens kraft. Og slik måtte det vere såframt skaparverket verkeleg tilhøyrer Gud Fader og dei truande, såframt Jesus verkeleg er Herre med makt over himmel og jord, såframt Anden er i ferd med å rette opp att heile skaparverket.
Og det er jo noko å tenke på: Reflekterer vi som er kristne i dag, i Noreg, denne treeinige gudsforståinga? I vår forkynning? I våre liv? I våre praktiske val? I våre haldningar? Det er jo trass alt dette "Guds rike" dreier seg om, nemleg at den treeinige Gud møter sitt skaparverk, dømer det, frelser det, gjenoppretter det. Det er dette riket vi som kristne er kalla både til å forkynne, til å leve ut, til å vere levande vitnesbyrd om. Som ein kan skjøne, blir det sørgjeleg reduksjonistisk dersom ein tenker at "evangeliet" kun dreier seg om "forkynning av Jesu død til forlating for syndene slik at menneske kan kome bort frå jorda og til himmelen". Det er ikkje bibelsk, rett og slett. (Sjølv om det på sett og vis peikar i ein ganske rett retning).
Monday, June 27, 2011
Sunday, June 26, 2011
Meir Jehovas vitne (#3-#4)
I dag var eg på JV-stevne. Masse folk, som du kan sjå. Eg skal ikkje skrive ein lengre post her, men berre kome med ein del raske refleksjonar om det eg opplevde:
- Mange folk frå 78 ulike nasjonalitetar.
- Dei eg møter, er veldig hyggelege og imøtekomande. Dei fylgjer oppmerksomt med på det som blir sagt.
- Eg merkar forresten tydeleg at eg er eit evangeliseringsobjekt. Eg blir møtt med veldig interesse, og dei eg kjenner er meir enn villige til å "gå ei ekstra mil" med meg for å samtale med meg eller vere med meg på møte etc. Men det er faktisk ganske hyggeleg, eg har ikkje opplevd det som påtrengande eller som tvang på nokon måte. Og dei lyttar også til meg, til det eg har å seie.
- Undervisninga i dag varte lenge, 3 timar i strekk.
- Dei brukar litt dramastykke innimellom.
- Opplegget er gjeve av Vakttårnet sentralt.
- Undervisninga hadde tre bolkar. For det fyrste ein lang bolk med 8 ulike dygder som Jesus, den messianske kongen, viste oss til etterfylgjing. Det vil til dømes seie mot, sjølvkontroll, omtanke etc. Formaningane er veldig gode, tykkjer eg. Det er litt som ei lengre parafrasering av Rom 12, på ein måte. Dei er ganske konkrete også; ver forsiktig med sjå ting på TV som ikkje er gode; tal venleg til borna dine og vis interesse; ikkje kritiser folk unødig, men sjå det positive etc.
- Heile undervisninga var basert på "proof-texting". Dvs. at ein plukka ut vers herfrå og derfrå for å underbyggje temaet. Det som vart sagt, var stort sett korrekt. Men dette er eit mønster eg har eg sett på kvart møte; ein er lite interessert i å utleggje bibeltekstar i samanheng. Dette er naturlegvis eit veldig stort problem for JV-teologien, og det gjer også at det er vanskeleg å analysere teologien for den som ikkje har skikkeleg oversikt over kva bibeltekstane seier i sin heilskap.
- Bolk 2 hadde temaet: "Vil menneska øydeleggje jorda". Det vart vist til mange store katastrofar i verda, til dømes krigar, ozonlag som blir borte, miljøkatastrofar, atomulukker, hor, lauslivnad etc. Men det vart vist til Jes 45 og Sal 37, der det står om jorda, at menneska, dei rettferdige, skal bu der. Så vart det understreka på ein veldig konkret måte korleis jorda vil bli etter Harmageddon, dvs. det avgjerande slaget. Då vil ein få ein ung kropp, ein vil kunne stryke rovdyra på ryggen, ein vil få eit friskare sinn, ein vil kjenne att sine sysken i Jehovas Vitne, ein vil arbeide med huset sitt. Alt vil vere vakkert og godt. Mm, bortsett frå Harmageddon-greiene, så tykkjer eg dette var mykje fint. Interessant måte å framstille den kristne framtidsvona på, tykkjer eg.
- Bolk 3 handla om å "la seg leie av Anden". I praksis var det mykje av det same stoffet som i bolk 1. Det vart vist til formaningstekstar i NT, og det vart gjeve mange praktiske og konkrete formaningar om korleis ein kan leve eit godt liv som eldste, foreldre, barn etc.
Så ja. Eg kunne skrive meir her om undervisninga, men skal la det bli med dette. Kva kan eg seie...hm. Folka her i JV er verkeleg flotte og hyggelege. Dei tek trua si på alvor og ynskjer å gjere det rette, så langt eg kan sjå. Det er ingen løyndom at eg ser ganske store problem med teologien deira sjølv om det meste som blir sagt er korrekt og godt (om enn stundom med feil vektleggjing og med utelating av sentrale sider av bodskapen. Men dette er ikkje ein feil JV er åleine om, for å seie det slik). Eg vil ikkje kalle trua deira eit kristent livssyn i og med at dei forkastar treeiningslæra. Det er det grunn til å understreke. Men eg vil ikkje døme om trua til den einskilde som er med der.
Eg sat og tenkte på dette under møtet. For eit ansvar som ligg på Vakttårnet sentralt, som sender ut forkynningsmateriale, songar, bøker, til millionar av menneske verda over. For eit ansvar. Og så spreier dei så mykje teologi som påviseleg er feil og misvisande. Hm. Det er noko å tenke på. Eg synest på ein måte synd på dei som er med i JV i og med at dei pdes. er så gode, snille og velmeinande folk og pdas. har så sterk tillit til det Vakttårnet fortel dei.
For øvrig ein tanke til: Eg hadde mi ungdomstid i NLM. Dei tok seg godt av meg, og eg har lært mykje der. Så eg las Wisløff. Og Olav Valen Sendstad. Og Rosenius. Og Aksel Valen-Sendstad. Og Fast Grunn. Og elles mange av dei teologiske bøkene som gjaldt for god fisk innanfor NLM. Så byrja eg på Luther og las mykje av han. Så hadde eg på sett og vis pløyd meg gjennom mesteparten av det som tradisjonen hadde å tilby meg, og då måtte eg bryte litt ut derfrå for å nå djupare, men eg tok med meg veldig masse av det eg hadde lært, vidare. (Og slik sett står eg i djup takksemdsgjeld til NLM).
Så har eg bevega meg vidare til Wright, Carson, Bauckham, Hays, Fee, Cranfield, Sanders etc. Og eg er på veg, og er i ferd med å lese meg meir opp. Det stemmer sikkert at eg ikkje lenger har ei så høg stjerne i NLM som eg kanskje ein gong hadde, men det plagar meg ikkje noko særleg. Eg får vere med på møte og seie kva eg vil (inkludert moderat kritikk av mange sider ved NLM-tradisjonen), så då er eg meir eller mindre nøgd.
Men korleis ville dette vore i JV? Det ville vore langt meir problematisk, anar det meg. Eg ville ganske lett ha pløyd gjennom den relevante litteraturen som Vakttårnet tilbyr. Og kva gjer ein då? Hadde eg gått utanfor JV-litteraturen, ville eg lett fått mange kritiske og korrigerande perspektiv. Men eg ville nok ikkje fått lov til å uttale dei så høgt og tydeleg. Så hm. Eg tenkte litt på dette, at det må vere veldig vanskeleg å vere teologisk interessert intellektuell i JV.
- Vel, eg tenker i alle fall at dersom vi skal kome JV i møte, må vi ha ei open haldning, for vi har også ting å lære av dei. Mange ting har dei sett klarare enn oss. Til dømes legg dei sterk vekt på "Riket", på Jesus som "Konge" etc. Og dei brukar Daniels bok og Johannes' openberring, av og til ganske feilaktig, men av og til også på gode måtar. Kort sagt meiner eg det er eit grunnleggjande problem i norsk luthersk tradisjon at ein har lagt såpass lite vekt på "Guds rike" og på Jesus som "konge". Det er svært viktige sider av evangeliebodskapen. Men altså, kvar var eg. Jo, ein må vere open for å lytte, og lære.
Men ja, eg tenker at gode argument mot deira oppfatningar har si tid, og dei må fram. Samstundes er det viktig at ein sjølv tek trua på alvor, slik dei også gjer. Dersom vi skal ha noko å fare med i møte med dei, må vi vise at vi tek kyrkjelydstanken på alvor, at vi tek formaningane på alvor, at vi verkeleg lever det kristne livet som vi er kalla til. Og vi må verkeleg kunne Bibelen godt. Eg tenker nok også at vi kunne ha eitt og anna å lære av måten JV har kyrkjelydsfellesskap og forkynner på. Jada, det ligg ting i teologien deira her som ikkje er rett, men likevel; det er sider av den NT-lege kyrkjelydstanken som dei tek meir, og betre, på alvor enn oss, på sett og vis. Så hm. Eg tenker at dersom nokon skulle ville slutte i JV, så må dei ha eit støttande, kristent fellesskap å gå inn i. Og då gjeld det å vere eit slikt fellesskap.
Yup, det var nokre tankar.

Saturday, June 25, 2011
Wednesday, June 22, 2011
På fjelltur i Lofthus
I dag var eg på fjelltur i Lofthus. Her er kartet som viser kvar vi gjekk, dvs. den raude streken. Det var ein ganske lang tur som tok rundt 6-7 timar. Vi fekk sjå både skog, fjord, vidde, foss og bekkar.
Dette er frå ein kul avsats der det går veldig bratt ned, rett til ein skikkeleg stor foss.
Her litt utsikt ned mot Lofthus.
Her er dagens helt.
Artikkeltips til Joakim denne gongen her. Bør vel eigentleg lesast av alle med interesse for Islam og Koranen.
Monday, June 20, 2011
Men sånn elles: Eg vart anbefalt ei nettside som heiter grooveshark. Det er ei ganske spesiell side. Ein kan berre gå inn og søke på det ein vil, og streame med ein gong. Huh, liksom. Så dei har Age of Adz der, dvs. den siste plata til Sufjan. Men den plata har ikkje Spotify.
I morgon ber det til Telemark, og så forhåpentlegvis - dersom veret tillet det - fjelltur på Vestlandet til Onsdag :) :)

Sunday, June 19, 2011
Dåpstale i Filadelfia
I kveld var eg i Filadelfia, på møtepunkt. Eg har vore på møtepunkt fleire gonger i vår, og eg har hatt stort utbyte av både tale og song. Det har vore flotte møte, og eg har blitt overraska over kor økumeniske møtene er. Men slik var det ikkje i kveld, og vi vart på ein måte mint om at skiljelinene ikkje er borte sjølv om dei har vorte litt mindre tydeleg.
Egil Svartdahl tala om dåp. Talen hans var respektfull og sympatisk. Han karikerte ikkje andre dåpssyn heller. Det tener han til ros. Samstundes gav han uttrykk for eit klassisk pinseven-dåpssyn. Han tok fram fleire sentrale bibeltekstar på ein veldig fin måte. Matt 28, Rom 6, 1 Pet 3, Rom 4 osb. Det tykkjer eg er bra; det var lett å fylgje han, og kyrkjelyden las bibeltekstar høgt.
Ok, mine største problem med det Egil sa var: For det fyrste i spørsmålet om "gjendåp". Her viste han til Apg 19; dei som hadde vorte døypte med Johannesdåpen, måtte bli døypte på nytt til Jesu namn. Så hoppa han vidare til eit nytt tema. Men ja; implikasjonen var at den dåpen som born får i lutherske kyrkjer ikkje er ein sann kristen dåp. Det er ei ganske radikal oppfatning, uavhengig av kva ein meiner om medviten vedkjenning i samband med gjennomføring av dåpen.
Problem nr 2: Egil tok opp 1 Pet 3. Der står det svart på kvitt at vatnet frelser oss i dåpen. ὃ καὶ ὑμᾶς ἀντίτυπον νῦν σῴζει βάπτισμα ( De hadde vært ulydige i Noahs dager, den gang Gud ventet tålmodig mens arken ble bygd. I den ble noen få mennesker, åtte i alt, frelst gjennom vann, 21 det som nå frelser dere i sitt motbilde, dåpen. ) Dette vart imidlertid raskt tolka til å bety at det ikkje er vatnet som frelser, men derimot arken. Vatnet var berre mediet for dom, sa Egil. Vel, hm. Problemet er berre at det rett og slett ikkje er dette teksten seier.
Så Rom 6. Der seier Paulus at vi i dåpen vart gravlagd med Kristus og at vi i dåpen vart reist opp med han. Dette vart lese og sagt. Problemet var berre at Egil brukte resten av preika på å seie noko anna. Han sa at dåpen er eit symbol, eit bilete, ei vedkjenning. Han sa at liksom ein fyrst døyr og så blir gravlagt, så trur ein fyrst (og altså døyr), men så vert gravlagt i dåpen, som ei innviing til det kristne livet.
Vel, altså. Problemet er igjen at Rom 6 seier noko anna, og det bør jo få det til å ringe nokre varselbjeller. Paulus seier rett og slett altså vi i dåpen vart gravlagd og reist opp med Kristus. Og ein kunne jo også trekt fram fleire tekstar frå Paulus som trekker i same retning, til dømes Gal 3,27 eller Tit 3,5. Det er sant at dåpen er ei vedkjenning, eit symbol etc. Men det er altså også meir; det er eit medium Gud brukar for å formidle samfunn med seg.
Vel, mykje meir kunne blitt sagt. Det er heilt klart at dåpsspørsmålet er kinkig. Mange av dåpstekstane i NT er er meir eller mindre uklare. Men det er klart nok at dåpen - ved trua - har frelsande kraft. Det er også relativt klart at menneskenaturen etter kristen forståing ikkje er "nøytral", "uskuldig" el. l., men at alle står i behov for tilgjeving.
Det er interessant å tenke på, tykkjer eg, korleis dette er for dei mange ikkje-pinsevener som går i Filadelfia. Berre på møtet eg var på, tala eg med fleire meir eller mindre lutherske kristne som sa at dei hadde F. som sin faste kyrkjelyd. Eg undrast på kva dei tenker. Vel, det er kanskje ikkje ein heilt ukurant spekulasjon å tenke at fleire kjem til å gå over til baptistisk dåpssyn.

Ok, litt oppdatering
Fyrst eit lite bilete av dei søte små.
Så bittelitt oppdatering, ok. Eg var i Bergen på fredagen, på eit seminar på NLA. Det var veldig lærerikt. Eg var veldig heldig og fekk lov å vere med, NLA finansierte også turen. Så eit hovudføremål for meg med å vere med der var å lære så mykje som mogleg om reint sånn forskningsmessige tips og framgangsmåtar. Og det gjorde eg. Eg la også fram eit slags prosjekt, det møtte ikkje så mykje entusiasme, og det er heilt ok. Eg kjenner at eg blir dregen mellom pdes. å lese generell litteratur, breitt, i NT. Til dømes lese GT-teologi, LXX, generelle kommentarar, grundige innføringsbøker i tema etc. og pdas. å gå inn for eit forskingsprosjekt. Førebels er det eigentleg ikkje så attraktivt å leggje alt arbeidet i eit prosjekt (slik ein må dersom ein verkeleg skal kome nokon veg), eg tykkjer det blir litt for snevert førebels. Men jada, det viktigaste for meg er å stadig lære meir.
Her er det lukkelege paret eg var i bryllaup til i går. Eit flott par, dei er verkeleg både heilstøypte, hjartevarme folk og gode saman. Bryllaupet var tradisjonelt - og framifrå på alle måtar. Hyggelege folk, stemningsfull vigsel, kjempegod mat, morosame innslag etc. Så dette var flott. I natt sov eg litt for lite, før eg fekk ein hyggeleg busstur attende til Oslo.
Det var det for no!

Wednesday, June 15, 2011
Dagens lærdomar
Vel, i dag har eg vore ein tur i Nordmarka. Eg sykla til Ullevålsetra frå Sognsvann og deretter attende ned til Maridalen. Det var ein fin tur, ganske humpete og med ein del duskregn. Men fint å kome ut og bruke kroppen i vakker natur. Nordmarka er ganske fin å sykle i. Diverre manglar det fjell.
Kva har eg lært frå 2 Kor i dag? Det var kapittel 2 som vart gjennomgått. Vel, her kjem nokre av mine nye innsiktar:
- Når Paulus talar om at Guds løfte har fått sitt "ja" i Jesus og at kyrkjelyden difor seier sitt "amen", så kjem dette i ei større argumentasjonsrekke som handler om Paulus' autoritet og truverd som Herrens apostel. Korintarane seier "amen" til Paulus' bodskap. Dermed stadfester dei deira tilslutning til hans forkynningsgjerning, og dermed må dei også forstå at Paulus er truverdig i dei planane han la om å besøke dei.
- 1,21: Bebaiån (styrke) er eit ord henta frå den juridiske sfæren; det dreier seg om å stadfeste og garantere noko, til dømes kvaliteten på ei vare. Altså: Gud held korintarane fast. Han vil fullføre si gjerning.
Sfragisein (å forsegle) er eit uttrykk henta frå handelssfæren som dreier om å markere eigarskap, markere at varen er ekte og held rett kvalitet, eller å markere at vara er sikker og trygg slik at ho ikkje vil bli stole el. l. Altså: Gud eig dei truande, han sørgjer for at dei er rette og sanne truande, og han held dei fast i tryggleik. Og dette skjer ved "Anden", som nettopp er seglet som er gjeve inntil utløysingsdagen (Ef 1,14).
Arrabån (pant) er også eit uttrykk frå handelssfæren. Det dreier som å betale noko på forskot, slik at kreditoren (den truande) får ein forsmak på heile varen og/eller for å gje ein garanti for at heile prisen blir betalt.
- Paulus talar om at også dei truande er salva liksom Jesus vart det. Salving har å gjere med kongar og prestar. Mest sannsynleg dreier den andelege salvinga ved Anden seg om at dei truande får ein kongeleg status i gudsriket, når dei skal herske over skaparverket.
- Desse versa har også tydeleg trinitarisk struktur; d. e. Gud styrker, sender Jesus, gjev Anden.
- Paulus hadde stor angst då han ikkje fekk møte Titus i Troas. Han hadde besøkt korintarane, og der var det krise og opprør mot hans autoritet (sannsynlegvis). Han reiste frå dei, sendte eit skarpt brev og sendte så Titus til dei for å høyre om dei aksepterte brevets innhald og innretta seg etter Paulus' autoritet. Men då han ikkje fann Titus, fekk han altså angst. For: Her stod hans autoritet på spel som apostel, her stod sjølve evangeliebodskapen på spel, og her stod ein avgjerande strategisk kyrkjelyd på spel. Og: Kanskje stod også hans store innsamling til dei fattige i Jerusalem på spel.
- Det er litt usannsynleg at den overtredaren som Paulus talar om i 2 Kor, den som korintarane no skal tilgje og vise kjærleik, er den same overtredaren som i 1 Kor 5. Det er vanleg å sjå ein samanheng her, men det er tvilsomt om det er tilfelle, då skildringane av personane og hendingane skiljer seg frå kvarandre.
- 2,14 er eit veldig interessant vers. Paulus talar om at Gud fører oss i sigersprosesjon (thriambevonti) i Kristus. Dette er eit godt døme på Paulus' aktive kontekstualisering av evangeliebodskapen. For ein "thriambos" var ein salme som vart synge til Dionysios/Bacchus samt ei omskriving av det latinske "triumphare". Det store poenget er at verbet siktar til ein romersk sigersprosesjon som vart gjennomført etter ein stor siger. I prosesjonen gjekk senatet, generalen, fløytespelarar, oksar som skulle ofrast samt fangar som skulle avrettast og/eller seljast som slavar. Generalen hadde Jupiters kappe på seg, ein slave heldt ei krone over hovudet hans, og folket ropa "Heil den triumferande!"
Om vi skal døme frå generell språkbruk, så brukast verbet thriambevå om det å føre fangar i denne prosesjonen. Det betyr at Paulus sannsynlegvis seier at han er Jesu "doulos", hans slave, i Guds sigerstog. Merk at den andre bruken av verbet er i Kol, der verbet vert bruka om at Jesus sigra over maktene på krossen og stilte dei synleg fram til spott og skamme. Altså: Paulus utfordrar medvite "makta" ved å ta eit omgrep som siktar til eit av dei mest tydelege uttrykka for deira makt - og så snu det om og ta det i bruk i teneste for evangeliet om Jesus.

Tuesday, June 14, 2011
Eg driv og les ein kommentar om 2 Kor, det er Murray J. Harris' i NICGT-serien. Så det er ekstra fokus grammatikk og gresk tekst. Det er ganske lærerikt. Samstundes er nok ikkje dette den aller beste kommentaren med tanke på teologi i teksten, kanskje. Men uansett veldig fint å få gått nøye gjennom teksten og bli introdusert til dei viktigaste problemstillingane i teksten "ein gong for alle", liksom. Så her er nokre punkt om det eg særleg lærte i dag:
- Jødar som tok greske namn fann som regel namn som likna. Altså vart "Saulus" til "Paulus" og "Silas" til "Silvanus". Eg visste ikkje at Silas (Apg) og Silvanus (Brevlitteraturen) sannsynlegvis er den same personen.
- "Apostel"-omgrepet er særleg knytt til dei 12 (13), det veit vi. Dei har ein særskilt autoritet som Jesu eigne utsendingar og vitne om oppstoda hans. Eg visste at apostelomgrepet også vert bruka i ei vidare tyding, som generelle utsendingar. Men det blir bruka meir ofte enn eg visste, i NT. 2 Kor 8,23; Fil 2,25; Rom 16,7; 1 Kor 9,5-6; Apg 14,14; Gal 1,19. Dette er faktisk ganske relevant.
- Kristne kalla seg "ekklesia", som var namnet på politiske ansamlingar i den hellenistiske verda. Jødane hadde tidlegare valt "synagåge" for å unngå å bli blanda med ei politisk samling. Men kanskje var det viktigare for kristne å avgrense seg frå jødiske samlingar enn frå politiske samlingar (som uansett ville vore vanskeleg å forveksle med dei kristne samlingane).
- I brevlitteraturen var det vanleg å helse med "kjairein!", d. e. "ver helsa!" Paulus utnyttar denne vanlege helsinga, men lagar ein "twist". Han seier: "kjaris [og fred frå Gud, vår Far og Herren Jesus Kristus]". Dermed kristianiserer Paulus ei sekulær brevskrivingsnorm. Kjaris handlar om den frelsesgåva som vi får ved trua. "Fred" dreier seg elles om den harmoni og heilskap som Gud gjev, ein heilskap som består i fred med Gud, fred med medmenneske og gjenoppretting av skaparverket.
- 2 Kor 1 handlar om ei forferdeleg oppleving som Paulus opplevde i Asia, som gjorde at han såg seg sjølv som dødsdømt. Men nøyaktig kva skjedde med Paulus? Eg har tenkt at dette dreide seg om sterke forfylgjingar, steiningar og uro. Men kanskje er det heller ein sjukdom som Paulus hadde, d. e. den veikskapen i kjøtet han talar om i Gal 4,13.
- 2 Kor 5 og 1 Kor 15 har mange tydelege parallellar i korleis dei omtalar oppstodelekamen. Han er "frå Gud", "andeleg" (men ikkje i platonsk tyding, d. e. ikkje-fysisk. Paulus talar om ein fysisk kropp som har fått liv av Anden), uforgjengeleg og himmelsk (d. e. ikkje at kroppen skal brukast i himmelen, men han kjem til oss frå himmelen).
- Harris peikar på ei dobbeltheit i Paulus' tale om døden. Døden er noko negativt: ein fiende, ei avkleding, ei oppløysing, ei øydeleggjing, ein avskjed. Men døden fører til noko positivt! Nemleg påkledning, oppstode, openberring framfor Gud, samfunn med Gud andlet til andlet - ja, "ei vinning".
- Eg har alltid tenkt at Fil 3,11 handla om at Paulus hadde manglande frelsesvisse. Men kanskje heller det handlar om manglande visse om han kjem til å døy før Jesus kjem att.
- Paulus forsikrar korintarane om at han ikkje seier ein ting, men meiner noko anna. Nokre hjå korintarane klagar Paulus for nettopp dette sidan han endra planane sine om å besøke dei. Det interessante er at motstandarane her kanskje sannsynlegvis bruka Jesu eigne ord mot Paulus, d. e. "Lat dykkar ord vere "ja, ja," og "nei, nei".

"In Marx's footsteps" by Neven Sesardic
Marx was born in Germany,
in a little town of Trier,
where people are best known
for drinking a lot of beer.
His childhood was uneventful,
as he didn't go much out.
He spent most time in reading
and eating Sauerkraut.
Later he moved to London,
where he wrote Das Kapital,
a book that you can enjoy
about as much as a root canal.
Despite publishing like crazy
he remained forever poor,
but luckily his friend was
a rich entrepreneur.
Although Marx believed
that capitalists were truly bad,
he gladly took the money
from Engels or his dad.
While we’re all obsessed with
love, job or even air pollution,
Marx had only one concern:
the world revolution!
Nervously he would jump and say:
"Damn, we could start tonight,
if only people listened
and if workers would unite."
But workers were not class-conscious,
they still thought bourgeois,
so there was a slight delay
with the planned coup d'etat.
Soon after Marx's death
a Messiah at last appeared;
it was a ruthless Russian leader,
a bald man with a beard.
He said that if the workers
didn't accept him as their guide
he'd make them change their minds
with force from outside.
And indeed in October
of 1917
Lenin and "people's commissars"
arrived upon the scene.
They spoke about freedom,
justice and world peace,
but instead they introduced
the reign of secret police.
Anyone expressing doubts
about the coming five-year plan
was sent to GULAG camps
where the shit really hit the fan.
The accused in show trials
were tortured and all confessed.
Their death penalties were praised
by "useful idiots" in the West.
A heaven on earth was promised
under the flag, shining red.
What was the result of all this?
Well, twenty million dead.
Did everyone then abandon
the communist idea?
No, it was tried again in China,
Cuba and North Korea.
Were these new attempts successful?
What was the final score?
A lot of people perished,
probably seventy million more.
Yet all these horrors haven't stopped
the radical left's campaign
from selling us Marxist snake oil
again and again and again.
Monday, June 13, 2011
Helge Christophersens innlegg om islam i VG 13. juni
Eg kom litt tilfeldig over eit veldig interessant innlegg i VG i dag. Det var faktisk sjølve hovudinnlegget på debattsida til VG. Det er eit innlegg som viser at det verkeleg er skarpe standpunkt med omsyn til islam i Noreg no for tida. Det er på fleire måtar eit ganske oppsiktsvekkande, nesten skremmande, innlegg. Eg refererer det nedanfor og uthevar nokre av dei utsegnene eg tykkjer er mest interessante. Deretter fylgjer nokre av mine eigne refleksjonar nedanfor.
"Islam provoserer Norge
av statsviter Helge Cristophersen, Arendal
Hvorfor skal nordmenn bli skremt av tildekkede spøkelser fra islam? På gaten. I butikken. På bussen. Overalt. Iført niqab eller de andre variantene. Er dette høflig overfor Norge som nasjon?
Vi ordinære nordmenn, hvis vi går med kristne plakater på klærne og Muhammed-tegninger, blir drept på blunket i Iran, Pakistan, Irak, Saudi-Arabia, pluss mange andre land. Ja, kritikere av islam kan bli drept hvor som helst i verden, inklusive Norge.
Nedsettende ord om islam og tegninger av Muhammed straffes med døden. Alle som forlater islam som religion, utsettes for vedtak om dødsstraff, fordi islamsk lov krever at de som forlater troen, blir drept av andre muslimer og endog av sin egen familie. Homofile og utro kvinner utsettes for dødsstraff. I Norge lever hver dag konvertitter fra islam i frykt for å bli drept.
Dette understreker at islam i sin natur er så ekstrem og politisk at praktisering av denne religion ikke bør tillates i Norge. Praktiseringen av denne religion må skje i muslimske land. Vi kan ikke ha folk som sier de flykter fra islamske land, og det eneste de er opptatt av er å innføre islam i Norge, og utsette konvertitter fra islam for forfølgelse og fare for sitt liv. Disse har ingenting i Norge å gjøre. Likevel strømmer de inn i landet.
Ungdommer som etter å ha vokst opp i Norge, er så islamisert at de ikke engang har ungdommelig protestholdning mot spøkelsesdrakt eller niqab, påfører Norge sikkerhetsproblemer og vanære og de bør være så høflig å forlate landet.
Hver dag truer islamske Pakistan og India (verdens største demokrati) med krig og atomkrig. I Russland er det hver dag krig med og av islamske opprørsgrupper. Samme på Filippinene. I Kina. I Afrika. Overalt. Tvangsekteskap fra barneårene og Muhammed giftet seg og fikk barn med en 9-åring. Dødshevn for skilsmisse.
Pakistan som huset Osama bin Laden i et flott herskapshus ved Militærakademiet og beskyttet ham. Islam som deltok på Hitlers side i krigen og samarbeidet med Hitler i å utslette verdens jøder.
Like lite som nazismen, kan islam tillates praktisert i Norge. Norge er en fri nasjon, og bør ha seg frabedt spøkelsesdrakter og islam."
Mine refleksjonar
Innlegget inneheld ein god del legitim kritikk mot mange muslimar og deira forståing av islam. Det er verkeleg utbreidd med dødsstraff for fråfall frå islam, sjølvsagt i fyrste rekke i muslimske land. Det er også sant at ein ikkje kan drive med blasfemisk kritikk av islam utan å stå i fare for å miste livet. Sjølv om eg personleg fryktar at desse haldningane også vil vekse fram i norsk røyndom når/dersom muslimar vert fleire, så må ein også til ei kvar tid ta utgangspunkt i det som vert uttrykt og lært av muslimar i Noreg. I nokon grad kan religionar utvikle seg; ingen religion kan unnlate å bli påverka av den omkringliggjande kulturen, på godt og vondt.
Andre delar av kritikken er langt meir tendensiøs og uetterretteleg. Det er misvisande å seie at islamske opprørsgrupper er i krig "kvar dag", "overalt". Det er tendensiøs propaganda. Like eins er det grovt tendensiøst og misvisande å setje likskapstrekk mellom islam og nazisme. Det er også propaganda.
Verst er det at Christophersen gjer seg til talsmann for å kvitte seg med muslimar. Han meiner at muslimar bør ta hatten sin å gå; det er ikkje rom for dei i Noreg. Muslimsk trusutøving kan ikkje tillatast, og ungdom som forsvarar hijab og/eller niqab, bør vere høflege og reise frå landet. Dette er verkeleg noko å tenke på. Med haldningar som dette - som hovudinnlegg i VG - så er verkeleg noko på gang i folks tenking, synest det som.
Ironisk nok grunngjev Christophersen dette med at Noreg er ein "fri nasjon". Vi er såpass frie at vi ikkje tillet framand religionsdyrking. Ingen bør la seg lure; med haldningar som dette vil kristendomen like raskt kome i fare som islam. Det er altså ei totalitær haldning som er i strid med menneskerettene. Hm. Det er verkeleg noko å tenke på.
Så vil eg gjerne at de kjem med innspel her.

Update
I dag var eg på gudsteneste i ei kyrkje i Kristiansand. Det var vel rundt 250 stk. der. Omtrent alle var over 50-60 år. Gudstenesta var veldig fin, med flotte salmar. Nokre innvendingar har eg alltids; nattverd ved intinksjon, til dømes. Dette har blitt ein (u)vane i norsk kyrkjeliv, og praksisen har glidd inn utan nemneverdig teologisk gjennomtenking. Det er litt synd. Personleg unngår eg så langt det er mogleg å ha nattverd ved intinksjon når eg planleggjer gudsteneste, i og med at ein då ikkje "drikk" vin slik Jesus sa at ein skulle gjere.
Uansett. Presten hadde ei interessant utsegn i talen sin. Han tala om Anden, korleis Anden vart gjeve på pinsedag, korleis Anden gjev oss kjærleik til kvarandre, gjer oss audmjuke etc. Så sa han: "Og Anden verkar alt godt i alle menneske, og i alle religionar". Då tenkte eg "Hm..." Eg tala faktisk litt med han om dette etter gudstenesta. Kva tenker de? Tenk dykk litt om før de svarar. Eg tykkjer det er interessant å reflektere over om han hadde rett i dette.
Uansett, etterpå var det heim for å slappe av litt, få seg middag, hoppe litt på trampoline med kidsa. Så sykla eg til Salem, der eg skulle treffe min kjære fetter og reise på møte. Det var Misjonsforbundet, dette her, så eg var litt spent på korleis dette skulle vere. Kort sagt tykte eg talen var kjempeflott. Han varte i nærare ein time(!), men det var faktisk ikkje eit problem, altså. Det var litt til ettertanke for meg som vanlegvis talar i rundt 15-20 minutt på gudsteneste. Burde eg kanskje tale lengre...?
Talaren var erfaringsnær og snakka om korleis Anden verkar frukter i oss, nådegåver og kraft. Han tala om at åndelegheit ikkje dreier seg om å vere ekstatisk og "oppe i lufta", men heller nær menneske, i teneste og kjærleik. Så sant som det er sagt. Han tala også om at ein kanskje burde faste frå internett og medier for å gje meir rom for Anden så ein kunne bli åndsfylt og bli ein tenleg reiskap for Gud. Talaren kunne nok lagt meir vekt på at Anden er pantet på arven, forsmaken på det komande Guds rike. Dette er ein uhyre viktig ide i NT, men det er også ein lite forstått ide, diverre. Men ja, eg vart verkeleg positivt overraska over innhaldet i talen. Det var seriøst, bibelnært, sunt.
Det var ein haug med lovsongar, altfor mange etter min smak, men pyttpytt. Smak og behag. Interessant å leggje merke til at ein syng dei same songane her som ein syng i Misjonssalen, i Filadelfia, i Storsalen, på KRIK-messe etc. Det synest som om det ikkje finst særlege konfesjonsgrener lengre, i den protestantiske kristenheita. Dette tykkjer eg er positivt, men ikkje udelt. Uansett, tekstane i songane er stort sett fine, dei dreier seg om at Gud er vår skapar, at Jesus har døydd for oss, at vi må tene Gud. Eg har også innvendingar; det er mange tema som aldri vert teke opp i desse songane, viktige bibelske tema. I kyrkja i dag, til dømes, song vi Grundtvigs "I all sin glans nu stråler solen", som har ypperleg poesi og varierte tema knytt til Anden. Eller vi song "Vidunderligst av alt på jord er Jesu Kristi rike", som du kan lese her, med kommentarar.
Så eg har sagt det før, og eg seier det gjerne igjen: Songen i kristen kyrkjelyd bør utleggje den varierte kristne bodskapen, og dette bør vege tyngre enn å synge det som er mest fengande og in til einkvar tid. Vi har ein stor salmeskatt med høgkvalitetstekstar som har gått i arv frå generasjon til generasjon. Det ville vere synd om denne songtradisjonen endte i vår generasjon. Så ja: Køyr på med nyare lovsong, Impuls, Ungfila, Hillsong. Men vi bør ikkje gløyme salmeskatten, ikkje minst fordi denne markerer vår fellesskap med tidlegare generasjonar av kristne. Og då siktar eg ikkje berre til songar som "Jesus, det helligste", "Navnet Jesus", "Hellig, hellig, hellig" og "Å, for djup i Jesu kjærleik". Det finst mange, mange fleire som både kunne og burde bli sunge av ungdomar, etter mitt syn. Utfordringa er (allereie) gjeve.
Ok, nok om det. Det var altså ei ganske god oppleving å gå på møte i Salem, men det skulle bli endå betre. For etter møtet var det cafe, og eg vart lett kjent med mange nye folk, det var ganske spesielt. I løpet av kvelden hadde eg vel helsa på, skal vi sjå...1-2-3-4-5-6-7-8-9-10-11-12-13-14 stk., trur eg. Det gjekk leikande lett, heilt ulikt mine røynsler i større kyrkjelydar i Oslo. Det er litt å tenke på, altså. Hovudgrunnen er nok at dette er eit mykje mindre fellesskap der "alle kjenner alle". Verkeleg godt å vere der, altså, eg tenkte nesten det var dumt at eg ikkje budde i Kristiansand så eg kunne gått der meir. Men eg har jo Misjonssalen :-)
Uansett, etter cafeen stakk vi til Hans Olav og runda av kvelden med samtalar, te, naturfilmar og dansematte. Veldig hyggeleg. Ein av samtalane i løpet av kvelden dreide seg om avkristninga av Noreg. Det er jo eit viktig tema. Ein smart kar sa det fylgjande, som eg meiner han har heilt rett i: "Det er så mange kristne som klagar på stortinget og regjeringa for avkristninga. Men det er vi kristne som har svikta. Vi må snu blikket innover mot oss sjølve." Så tala vi litt om ei utsegn som talaren hadde sagt: "Den Heilage Ande er overnaturleg og gjev overnaturlege gåver". Eg reagerte på denne formuleringa; ho føreset ei særskilt røyndomsforståing som ikkje reflekterast i Bibelen. Tenk til dømes på korleis Paulus talar om at "Gud verkar med si kraft i oss til å gjere det gode". Poenget er at Gud - som i resten av Bibelen - verkar i og gjennom det som for oss synest som heilt "naturlege" ting. Altså: Guds vegar er uransakelege, han verkar på både "naturlege" og "overnaturlege" måtar, og denne skjelninga er i alle høve ikkje så gagnleg, trur eg.
Uansett, så eg nemnte at eg hadde skrive ein kronikk. Så kom vi inn på dette med korleis kristne var så borte frå det offentlege rom. Karen eg tala med hadde ein god del peiling på mediemekanismar. Og han sa: "Kristne skulle berre visst kor mykje makt og påverknadskraft ein einskild person kan ha dersom han berre set seg noko føre". Igjen: Han visste kva han tala om. Og det er noko å tenke på, altså.
Elles hadde eg ein samtale seinare på kvelden. Vi tala litt om det som også talaren hadde vore inne på tidlegare, om at ein må "lytte til Guds stemme" og høyre kva Gud vil at vi skal gjere. I utgangspunktet er nok litt tilbakehaldande til denne typen tale. Hm. Fyrst og fremst må vi lytte til evangeliet, til formaningane, og la vårt sinn fornye slik at vi kan døme om kva som er rett og godt og til Guds behag, seier Paulus. Men ja, kan Gud leie oss ved å gje oss innskytingar, ved å gje oss tankar, rettleiingar etc.? Karen eg tala med, var veldig open for dette, og han hadde sjølv opplevd ein del "oppsiktsvekkande" ting ved å handle i tråd med slike innskot (sjølvsagt medan han prøvde dei på evangeliet, så å seie). Hm. Eg sa eg skulle ta det med meg vidare og grunne på det.
No er det sengetid. Til slutt: Takk til Ragnar for innspel på RLE-tråden :-)
Ok, heiiilt til slutt ein film frå ein av turane som Salem i Kr. Sand har arrangert, ein padletur på Vestlandet. Min fetter Hans Olav har stått for filminga. Det er litt interessant, for det viser jo at det går an å få til kjempefine, litt større turar i kyrkjelydsregi, i naturen. Skulle på ein måte ynskje eg kunne vore med på meir slikt.

Sunday, June 12, 2011
Saturday, June 11, 2011
Bittelitt
Vi ser på youtubefilmar i lag, det er stor stas. Vi ser på fallskjermhopping, gepard, propellfly, flodhestar, hestar, kvithai og spekkhoggar. Og elles har vi gått tur til leikeplassen, leika gøymsel og huska ein del.
Elles tok eg tog i dag. Der traff eg ei veninne eg ikkje har tala med på ca 5 år. Det var hyggeleg. Ho er oppteken av å bli leia av Gud, og leve nær han. Like etterpå las eg i kommentaren over 2 Kor. Det var eit oppsummerande avsnitt om "Gud" i 2 Kor. Det er slik med "opplagte" ord og fraser at vi fort gløymer dei. Det eg særleg kom til å tenke på då eg las oppramsinga av vers med "Gud" i, i 2 Kor, var kor nærverande Paulus tenkte at Gud var til einkvar tid. Naturlegvis har ein Gud som aktør i mange tekstar om forsoninga, om krossen, om sending av Anden, om oppstoda etc. Dette "kan vi", på ein måte. I det minste blir det teke fram på møte, og det er flott. (Vel, stryk det siste; oppstoda burde blitt teke fram langt oftare).
Men Paulus har faktisk ein god del andre interessante utsegner om kva Gud gjer, utsegner som kanskje ikkje blir teke så på alvor. Til dømes at Gud trøystar - til dømes ved å sende Titus. Altså er Gud nærverande i handlingar som skjer med Paulus. Eller at Gud gjev kraft til Paulus, til å fullføre tenesta. Eller at Gud gav ein brennande omsorg i hjarta til Titus. Eller at Gud velsignar korintarane, så dei alltid skal ha nok til å gjere godt mot andre. Eller at Gud vil vere med korintarane dersom dei held saman, har eitt hjertelag innbyrdes og held fred med kvarandre.
Alt dette dreier seg om at Paulus såg Gud som ein levande, aktiv, personleg røyndom i sitt og dei truandes liv. Tygg litt på det. Gud er aktivt oppteken med den einskilde truande sitt liv. Han er det i og gjennom andre truande. Han er det i og gjennom handlingar som skjer med dei truande. Han er det i og gjennom den kraft og den trøyst dei truande får. Han er det i og gjennom dei gode gåver som korintarane får. Det er sikkert at dette er ei røyndomsforståing som omverda nok ikkje vil inspirere i oss. Tenk på alle filmane vi ser, all musikken vi høyrer på, alt vi ser på TV; kor ofte kan du sjå eller høyre folk som aktivt tilskyndar til å tolke røyndomen på den måten Paulus gjer (d. e. å leve sitt liv i ljos av Guds røyndom, så å seie)? Omtrent aldri, sjølv om det finst unnatak (sjå til dømes min favoritt Sophie Scholl. Plz). Så dette er verkeleg noko å tenke på, altså. Moderne kultur påverkar oss meir enn vi trur, etter mitt syn. Det betyr ikkje at vi treng å ha ei fullstendig kulturavvisande haldning, så klart. Men vi bør nok vere adskillig meir gjennomtenkte enn vi nok ofte er.
Så var det ei bok til Joakim? Hm. Ja, kva skal vi velje då, tru? Eg slenger på Theodore Dalrymples "Life at the bottom". Dette er ei kjempeinteressant bok med fyrstehandserfaringar frå ein kar som har arbeidd som lege i den engelske underklassa i mange år. Han skriv om kva han har opplevd og korleis han tolkar det som skjer. Hans tese, som byggjer på empiri, er at filosofisk, postmoderne moral samt kulturmarxistisk uansvarleggjering av dei sosioøkonomisk upriviligerte fører til elendig livsførsel og enorm liding for dei aller svakaste i samfunnet (d. e. kvinner og born, men også menn). Sagt med andre ord: Ein må rettleie og ansvarleggjere menneske før dei kan ta dei konstruktive vala som får dei ut av destruktive liv.
Dalrymple støttar seg altså til ein slags "trickle down theory"; hovudansvaret for elendet i underklassa ligg hjå overklassa som har råd til den luksus å produsere filosofiske teoriar som dekonstruerer tradisjonell moral (men ofte utan sjølv å ta konsekvensene av sine eigne teoriar). Eg kan ikkje seie at Dalrymple har rett i alt han skriv; ein bør også lytte til andre røyster. Dalrymple har ikkje heile sanninga.
Men boka er såpass seriøs og fundert i det verkelege liv at ho verkeleg har mykje sant og rett å lære av. Interessant nok kan det som verkar som "frigjering" og "støtte til dei svake" føre til nettopp forferdelege konsekvenser for dei svakaste i samfunnet. Vel - eg er ikkje ekspert, eg berre ynskjer å seie at dette er ei lærerik og tankevekkande bok med seriøse tankar som ikkje er så politisk korrekte for tida. Heldigvis ligg alle kapitla i boka ute på nettet, du må berre søke på dei, samt namnet. Du kan til dømes byrje med denne.
For øvrig: Vil du ha Dalrymples type argumentasjon frå ein annan synsvinkel, anbefaler serien The Wire. Rå, usminka, og ikkje noko for sarte sjeler. Ein må vite kva ein tenker før ein ser denne serien. Men det er verkeleg ein tankevekkande og ofte djupt moralsk serie av svært høg kvalitet.

Friday, June 10, 2011
Ferdig med eksamen :-) Det er deilig. Eg fekk i oppgåve drøfte forholdet mellom pluralisme, relativisme og sanning i RLE-faget. Dette var midt i blinken for meg, naturlegvis, så det gjekk ganske bra. Deilig å vere ferdig, no er det ferie med (i fyrste omgang) teologistudiar for alle penga. For øvrig har eg nok revidert mitt inntrykk av RLE-faget dei siste dagane når eg har lese pensum. Kanskje er eg ikkje like kritisk som før, eg er litt usikker her. Lærerikt har det i alle fall vore. Ein veldig interessant artikkel som fekk meg til å tenke litt nytt er Brian V Hills refleksjonar relativisme i religionsundervisninga i eit pluralistisk samfunn. Artikkelen kan lesast her.
Basically argumenterer Hill for at eit fag som RLE kan fungere i den grad at religionar får sleppe til med sine påstandar om sanning, og at desse påstandane vert gjort til gjenstand for vurdering og gjennomtenking. Elevane må også då vere frie til å velje slik dei ynskjer og tru det dei ynskjer. Eg har på mange måtar sympati for ein slik framgangsmåte, men eg er framleis usikker på korleis dette går overeins med ideane om at faget skal vere "objektivt, kritisk og pluralistisk". Faget skal ikkje vere forkynnande, og heller ikkje framstille eitt livssyn som sannare enn andre. Eg er imidlertid litt usikker på kva som ligg i desse formuleringane og i kor stor grad dei har "forkøyrsrett" i undervisninga.
Til forsvar for Hills perspektiv talar faget om at ein skal veksle mellom innanfrå- og utanfråperspektiv. I tillegg oppfordrar føremålsparagrafen til kritisk tenking og vitskapleg tenkemåte. Og i høgare klassetrinn skal ein vurdere og drøfte og analysere og samanlikne. Såleis er det på sett og vis opning for at kristendomen (og andre religionar) kan kome til orde på eigne premiss og fremje sine sanningspåstandar uhindra. Det er klart at dette vil innebere at ein framstiller motstridande og rivaliserande påstandar om sanning, og det vil i praksis raskt innebere at nokre livssyn i praksis vert framstilt som sannare enn andre. Så her er eg rett og slett usikker på korleis "objektiv, kritisk, pluralistisk"-formuleringa bør tolkast. Innspel mottakast med takk.

Thursday, June 9, 2011
Hallvard-news
Dette har skjedd i dag:
Eg stod opp seint, for eg treng ein haug med søvn.
Eg las ein artikkel om katekumenatet i oldkyrkja. Tankevekkande. Det var langt "strengare" å bli ein kristen i oldkyrkja. På ca. 200-talet var det slik at dersom du ville bli ein kristen, var det ei slags opplæringstid på 2-3 år før du verkeleg vart døypt. Du måtte verkeleg vise at du meinte alvor med trua, og dersom du gjorde det, og viste at livet ditt var forandra, så kunne du bli døypt fortare. Opplæringa gjekk særleg på kristen livsførsel, den apostoliske truvedkjenninga, Fader Vår.
Altså: Veldig seriøst, det vart til og med gjennomført ein eksorsisme på deg før du vart døypt. Ikkje fordi ein trudde at baptisanden var besatt, men fordi ein meinte (som for så vidt Paulus, Ef 2) at ein som ikkje var kristen er dominert av demoniske krefter. Hm. Overgangen frå ikkje-kristen til kristen var langt meir radikal den gongen enn det er for oss i vår (post-)kristne kultur. Trass alt har mange grunnleggjande kunnskap om kristendomen, og vår kultur er prega av mange kristne ideal. Men dette er i rask endring.
Eg kom til å tenke på noko Robert P George, eit aldri så lite geni, har sagt, sånn apropos. Han sa: Som regel er det ikkje fyrst og fremst slik at folk endrar meining om abort fordi dei blir kristne. Det skjer sjølvsagt også. Men like ofte er det slik at ein som fyrst endrar syn på abort deretter blir kristen som fylgje av endringa i syn på abort. Tygg litt på den.
Eg kom meg til MF. Eg har byrja å lese på Bauckhams framifrå, men noko nitidige og detaljerte bok, om Openberringa, climax of prophecy. Veldig, veldig lærerikt. Som eg ofte har sagt før: Dersom du skal lære om eit emne, så gjer du lurt i å finne den aller beste boka om emnet, fyrst som sist. Det vil koste meir å kome gjennom, men når du har gjort det, har du ei langt betre plattform enn dersom du hadde lese ei halvgod bok av ein kvasiekspert.
Så tok eg ei lita pause for å sjekke fb++ Plutseleg var det ein kar ved sida av meg som sa "Hei, kan jeg hilse på deg?" Det kunne han sjølvsagt :) Jo, det viste seg at han hadde lese bloggen min, så no ville han gjerne bli litt kjent og snakke litt teologi etc. Så det var veldig artig og hyggeleg, og vi fekk ein interessant samtale om pinseveners teologiske sjølvforståing samt kva som skjer i kristen-Noreg for tida.
Eg har også byrja å lese Murray J. Harris' framifrå kommentar til 2 Kor. Så no går det i isagogikk. Det er litt å pløye seg gjennom, om ulike teoriar om når og kvar Paulus reiste på misjonsreiser, når og kvar han skreiv brev, kva poenget var med innsamlinga til dei fattige i Jerusalem, kva den grunnleggjande strukturen er i 2 Kor etc. etc. Men no er eg snart gjennom; då har eg oversikt over problemstillingane, og så byrjar the meaty part, altså utleggjinga av innhaldet i brevet. Det skal bli spennande.
Elles ja. Eg sjekka Dagbladet. Det stod om ein fyr som meinte at vi hadde guddomeleg rett til å tukte born, som foreldre. Jaja. Han er i randsona. "Alle" er fullstendig usamd med han, og ok, sånn er det. Ingen fare for at hans standpunkt skal få vind i segla med det fyrste, så på ein måte er ikkje dette så mykje å bli engasjert for. Meir interessant er det å sjå på reaksjonane han skaper. Hm, kommentaren med 1000 "likes" er "Det er ingen som har gudegitt rett til noe som helst, aller mest å utøve vold blant de mest forsvarsløse av oss".
Hm, ja. I utgangspunktet er eg samd i at ein bør vere kritisk innstilt mot utøving av vald mot barn. Samstundes kan vi som kristne på ingen måte avvise at foreldreautoriteten er derivert frå Guds autoritet over oss. Men det er også veldig interessant å tenke på: Guddomeleg rett vert avvist ettertrykkeleg. Men når får vi høyre dei kritiske røystene mot foreldre som skadar og utfører vald mot sine born på så mange, mange andre måtar? Som let dei vekse opp utan mor eller far? Som neglisjerer dei på bakgrunn av karrierejag? Som let dei vekse opp med alkoholmisbruk? Som unngår å setje moralske grenser for dei slik at dei rotar seg inn i problem for resten av livet? Etc etc.
Eg har verkeleg sympati for ein del av kritikken mot denne kristne mannen, sjølv om heile saka for ein stor del synest mediekonstruert. Samstundes er det etter mitt syn nær fullstendig sett på hovudet når han, som ei einsleg svale, får unison kritikk, medan filosofar og opinionsdannarar som bryt ned god moral med det til fylgje at tusenvis av born får skader for livet, får sleppe unna utan kritikk. Slik er ideologien vår for tida. Kom gjerne med meininga di her, då.
Velvel, eg reiste heim, skulle lage middag til mine gode vener Hans Olav, Ingrid, Kathrine og Sv. Jarle. Det vart Taco, og vi hadde det veldig hyggeleg i lag. Snart bryllaup :-) . På vegen var eg innom Platekompaniet for å kjøpe meg sesong 2 av In Treatment. Det skal bli spennande å sjå. Eg fryktar at denne sesongen ikkje er like god som den fyrste.
Og det var vel omtrent det? I morgon er det eksamen. Det skal nok forhåpentlegvis gå fint. Så ber det forhåpentlegvis til Kristiansand ein tur i pinsa, dersom alt går som eg og Gud vil.

Wednesday, June 8, 2011
Nytt besøk hjå Jehovas Vitne
I dag var eg hjå JV på nytt. På onsdagar er det ein litt annan type møte enn på sundagar, så eg tenkte det kunne vere spennande å få med seg dette møtet også. Eg vart også ynskt godt velkomen av mine vener der, så det var hyggeleg. Eg...hm...har fått ganske mange refleksjonar av å reise på møte der, det er veldig spennande, utviklande og lærerikt, må eg seie. Her fylgjer eit slags respektfullt referat av mine opplevingar på møtet. Mine tankar og kommentarar står i klammeform.
[La meg så byrje med nokre tankar i klammeform. Noko av det mest utviklande med å gå på møte hjå JV er at eg sjølv får oppleve i mitt eige liv korleis det er å vere ny i ei forsamling, utan nære vener, utan å kjenne meg spesielt trygg der. Slik må det vere for mange som kjem i Misjonssalen også. Eg har verkeleg fått understreka kor avgjerande viktig det er at ein blir kjent med folk, for om ein skal halde fram i kyrkjelyden. Og kor viktig det er at folk er veldig venlege og imøtekomande og ikkje er kritisk innstilt eller avvisande.
Så dette er noko å tenke på, både når eg arbeider som prest og når vi prøvar å få med oss folk i Misjonssalen. Vi må verkeleg bestrebe oss på å knyte venskapsband; det er ein viktig nykjel til å få folk til å få lyst til å kome attende.
Og ja, ein annan ting eg verkeleg beit meg merke i då eg var der, var kor viktig det var at dei som stod på scena - som altså var ukjente for meg som personar - våga å gjere seg sjølv sårbare. Det fungerer så avvæpnande med ein gong, altså. Eg kjenner meg tryggare som gjest der då. Ein er sjølv veldig sårbar når ein kjem som heilt ny gjest i ein kyrkjelyd der ein knapt kjenner nokon. Det er litt som Bono har sagt: I start to "twitch" among Christians, I kinda look behind my back].
Ok, vi byrja med ein salme. Tittelen var "Bønn fra en som er nedtrykt". Det var ein tekst frå ein klagesalme, ein ganske fin tekst, eigentleg. Bøn om tru og styrke. Så var det ei kort bøn. Så gjekk det over til ein undervisningsbolk om Apostelgjerningane. Vi lærte fyrst noko om Øvstepresten, litt enkle historiske opplysningar. Det vart henvist til Emil Schürer som ekspert(!!) [Han er ein aldri så liten helt for meg]. Også her vart stoffet repetert ved spørsmål til kyrkjelyden. Men denne gongen var det langt friare svar enn på sundagen.
[Og det gjorde også at eg denne dagen fekk eit ganske annan inntrykk av denne typen undervisning enn på sundagen. Då tykte eg det verka "stramt" og nesten litt paternalistisk. Denne gongen var det friare svar, meir dialog. Eg sat og tenkte: "Hm, her fungerer samtalen som oppbyggjing, slik Paulus tenkte i 1 Kor 14".]
Ok, det heldt fram med lesing av Apg 4,23-31. V. 26 og 29 vart omskrive til "Jehova" i staden for "Herren". Undervisninga heldt fram, no dreide det seg om korleis dei fyrste kristne forkynte, korleis dei var sterke under motstand. Vi las Ef 6,18 og Jak 5,16 i lag, om bøn. Vi høyrde om korleis Apostlane hadde eit opphold i forkynninga etter Jesu oppstode og fram til pinsedag. Altså må vi ikkje miste motet dersom vi har eit opphold i vår forkynning. Vi må i staden byrje på ein ny frisk. Vi vil oppleve motstand, for det åtvara Jesus oss mot. Men som det står i Jes 55,11, vil ikkje Guds ord vende tomt attende. Heile vegen vart stoffet repetert med spørsmål og svar.
[Her er eit døme på noko eg har sett fleire gonger hjå JV. Det er mykje kunnskap, og mykje god kunnskap også. Her har vi verkeleg noko å lære av dei. Dei tek verkeleg omsyn til at kyrkjelyden skal vere opplært, kanskje til og med litt i meste laget. Men bruken av Bibelen her er instruktiv. I Apg 4 er det sentralt og viktig at apostlane forkynte Jesu oppstode og Jesus som Messias. Men dette viktige aspektet av teksten vart ikkje tematisert, i staden vart teksten bruka til teneste for eit anna tema, nemleg forkynning frå dør til dør.
Like eins med Jes 55, som handlar om det som skjer når eksilet tek slutt og Herren vender attende til Sion etc. Dette aspektet av teksten vart ikkje tematisert. No seier eg ikkje at dette er feil bruk av Bibelen, og det kan godt hende at Jesus som Messias og Jes 40-66 som tilbakekomst frå eksilet vert tematisert i andre undervisningsbolkar. Men det er problematisk om det blir for mykje misvisande "proof-texting" frå Bibelen.]
Så heldt vi fram med å lese Apg 4,32-5,11, om Ananias og Saffira. Vi snakka litt om teksten. Det vart understreka at Gud elskar ein glad gjevar, og at ingen må tene Jehova med tid eller pengar av tvang. Heller ikkje som farisearane, av ærelyst.
[Dette var ein grei bruk av teksten, tykkjer eg. Og eg såg på folk rundt meg. Dei las oppmerksomt. Dei hadde førebudd seg. Dei fylgte med. Eg gjorde meg refleksjonar; her er det verkeleg god og oppriktig idealisme. Dei er overtydde, og dei ynskjer å gjere det rette, og dei legg mykje arbeid i det. Uansett, no var vi ferdig med studiet av Apg, og no gjekk vi over i ein ny bolk. Eigentleg var det ikkje så dumt å variere bolkane på denne måten. Det vart litt meir spennande å fylgje med.]
Den neste bolken var Tenesteskulen. Vi tok utgangspunkt i salmetekstar, salme 34-37. Her var det veldig fritt. Leiaren gav ordet fritt og sa at kven som helst kunne seie noko om kva ein hadde lært av si eiga lesing i desse salmane. Nokre peika på 35,3: "Eg er di frelse". Nokre på 37,28, om at Jehova er vern for dei lojale, spesielt Jehovas organisasjon. 34,7 om englar som vernar. Når ein del hadde kome med sine vitnesbyrd, sa talaren at det var viktig å lese i Bibelen og god litteratur.
Så heldt vi fram med Salme 35,1-18. Denne teksten vart lesen høgt av ein hyggeleg kar som kom opp. Etterpå sa leiaren, ein av dei "eldste": "Dette var fint lese, du las roleg, la vekt på ord etc". Eg tenkte fyrst dette var vanleg ros (litt underleg, men). Men så skjøna eg raskt at lesinga var ein del av øvinga for den karen som las, og no fekk han tilbakemelding. Det heile skjedde på ein positiv og støttande måte.
Så var det ei til som skulle øve. Dette skjedde ved at ho og ei anna gjennomførte eit dramastykke framme på scenen der dei øvde seg på ein samtalesituasjon i feltarbeidet. Ho spela misjonær som skulle undervise heime hjå ei anna dame om profetiane om Israel, i Esek 37,21-22 og Jes 2,2-4. Samtalen gjekk ut på at desse profetiane ikkje dreide seg om Israelsfolket i Midtausten, men heller om dei "andelege" jødane, dvs. kristne. Dette vart underbygd av Rom 2,29 og Gal 6,16. Men det som skjer i Israel, dvs. krig og strid, er eit generelt teikn på at dei siste tider er på veg. Etter at dramastykket var ferdig, vart det gjeve ros og gode ord. Kyrkjelyden gav tilbakemelding om kva som var fint og gagnleg i samtalen også.
[Det er klart at det er litt underleg å sjå denne typen dramaøvingar i møtesamanheng. Men i og for seg er det ikkje så dumt, altså. Det var ei ganske praktisk og jordnær øving, og det kunne jo einkvar av oss ha godt av. Eg har fått ein del slik praktisk trening på praktikum på MF, men dette er jo noko som godt kunne blitt teke opp meir praktisk for lekfolk. Teologisk sett er eg også ganske samd med det som vart sagt, som de veit. Igjen er dette eit døme på at eg tykkjer JV har ei meir korrekt bibelforståing på ein del punkt enn ein del andre kristne i Noreg.]
Så var det ein kar som hadde øving i form av å ha andakt over Luk 12,13-15. 21, om å vere rik i Gud, ikkje i Mammon. Andakten dreide seg om at det gjaldt å vere vaken og lytte til kva Jesus seier, og altså vere vaken og fylgje med på kva som vert sagt på møte. Ein fin andakt, tykkjer eg. Og denne andakten var ganske fritt lagt opp av karen som heldt han. Han fekk også konstruktive og rosande tilbakemeldingar om kva som var bra.
Det er verdt å nemne at JV har ei slags pensumbok for tenesta, dvs. ei bok med praktiske råd om korleis ein skal gå fram i vitnetenesta. I den neste og siste bolken av den teokratiske tenesteskulen tok vi direkte utgangspunkt i eit kapittel frå denne boka. Temaet var korleis ein kunne stille gode og stimulerande spørsmål for å vekke interesse, få folk til å tenke og få overtydd dei. Dette vart underbygd med Joh 11,26, der Jesus spør Marta: "Trur du dette?" [Vel, nok eit døme på litt tvilsom bruk av bibeltekst, må eg diverre seie...]
Så var det eit nytt dramastykke, med to flotte unge vaksne. Temaet var Guds allmakt og det vonde. Den eine dama stilte då spørsmål som "Dersom du hadde all makt, kva ville du brukt ho til? Kva meiner du Gud bør bruke allmakta til? etc. Så vart det stadig vist til bibelvers, særleg Salme 37,10-11. [Eit SVÆRT passande vers i den samanhengen, om eg må seie det sjølv :) ] I "analysen" av dramastykket etterpå vart det understreka at det var godt å resonnere i lag med den ein skulle misjonere for, i staden for å gje fasit med ein gong.
Vi gjekk over til den nest siste bolken i møtet, nemleg intervju med pionerar. Pionerar er JV som går inn i ei særskilt stor teneste med å forkynne dør til dør. Dei arbeider deltid elles for å finansiere livet sitt, då. I intervjua vart dei spurt om kva dei likte best ved tenesta, kvifor dei byrja etc. Det var veldig interessant. Det vart understreka at tenesta var meiningsfull, at ein heldt seg nær til Jehova, at folk trong å høyre Sanninga.
[Eg tykkjer på mange måtar det er førebiletleg korleis JV legg vekt på å forkynne utad. Det er definitivt eit nytestamentleg anliggande her som vi kan ha godt av å tenke gjennom på nytt. No er det klart at JV ser på dør til dør misjon som ei plikt, og det er ikkje nytestamentleg. Men likevel. Misjon er ei plikt for alle kristne.]
Den siste bolken handla om "kva vi har utretta i felttenesta". Her kom det opp ein kar. Han nemnte at fleire hadde blitt hjelpepionerar, dersom eg forstod han rett. Elles peika han på ein del vers om englar. Hebr 1,14, m. a. Her vart det understreka at englane er sendt som tenarar for dei som er i "offentleg teneste" (slik er omsetjinga). Kyrkjelyden dela så, på ein ganske fin måte, røynsler av korleis dei hadde møtte ikkje-truande og invitert dei med på møte etc.
Møtet vart avslutta med ein salme med tittelen "Vi må ha selvkontroll".
[Dette byrjar for så vidt også å bli eit mønster; salmane fortel ikkje om Jesus, ikkje om hans død og oppstode og frelsande gjerning. Til no har dei omtrent utelukkande vore formanande. Tekstane har stort sett vore fine, men altså med vekt på å leve rett og gjere det rette, vere lydig og lojal etc.]
Etter møtet hadde eg ein lengre og fin samtale med nokre av dei som gjekk der. Eg stilte mange spørsmål, ein del litt utfordrande. Nokre av hovudkonklusjonane er: Dersom du er med i JV må du tenke deg nøye om og finne ut om du vil stå for deira syn, d. e. at sjela ikkje er udøyeleg, at treeiningslæra er ubibelsk, at Vakttårnet er Guds teokratiske organisasjon på jorda etc. Når du så er ein del av JV, så er du fri til å slutte der. Men dersom du då tek oppgjer med JV, eller evt. byrjar i ein ny kyrkjelyd, så må alle i JV bryte kontakten heilt med deg. Dette grunngjev ein m. a. i 1 Kor 5. Implikasjonen er at JV er dei einaste sanne kristne.
Den teokratiske organisasjonen vert likevel ikkje sett som ufeilbar. Ein har lov til å ha litt andre standpunkt enn dei i detaljar, men det bør ein ikkje snakke høgt om. Og elles vil dei seie at Bibelen har autoriteten, ikkje Vakttårnet. Dei stolar på Vakttårnet fordi dei les i Bibelen at dei har rett. Eg utfordra dei litt på dette. Er det ikkje slik at all litteraturen de les er frå Vakttårnet? Er det ikkje slik at de er varsame med å lese motargument? Jo, på sett og vis, sa dei. Og det å bli JV er på sett og vis å akseptere ei full "pakke." Men dei var villige til å lese seriøse og saklege bøker som motargumenterer. Dette tykkjer eg var veldig interessant. Så eg tenker å finne ei bok.
Vel, konklusjonen på det heile vart - hald deg fast - at eg skal ha ein samtale med mine vener i JV. Vi skal snakke om "Guds rike", dei ville gjerne høyre det eg har å seie om temaet. Og eg skal høyre på dei. Men det blir fyrst om nokre veker.
Ok, så kan eg slenge på ei bok til mot hjernevask, til Joakim og andre interesserte. Denne gongen om menneskeleg evolusjon. Her kunne eg teke inn mange, til dømes Kenneth Millers Finding Darwin's God eller Strahlers Science and earth history. Men eg vil ta fram denne:

Dette er ei veldig interessant og lesbar bok av ein kar som har skikkeleg peiling på det han driv om. Boka viser bortanfor rimeleg tvil at mennesket er i evolusjonært slektskap med neandertalarar, sjimpansar etc. I så måte er det veldig spennande å lese; det gjer noko med eins eiga sjølvforståing, og det gjer noko med eins kristendomsforståing. Ein må tenke gjennom ting på nytt, på ein frisk måte. Varmt anbefalt.
Og for dei som blir litt bekymra av evolusjonsteorien, kan denne anbefalast:

Ei av dei verkeleg betre bøkene om forholdet mellom kristendom og evolusjon. No har eg ikkje lest heile denne boka, og eg har heller ikkje lese McGraths Darwinism and the divine. Eg kan tenke meg at sistnemnte er stimulerande og innhaldsrik slik stort sett alle hans bøker er.

Er naturvitenskapen kristendommens fiende?
[Denne kronikken stod på trykk i Klassekampen i går, 7. juni. Nedanfor fylgjer også nokre av mine eigne refleksjonar]
"Kristendom og naturvitenskap er motsetninger. Derfor vil kristendommen før eller senere overflødiggjøres og avkreftes som livssyn.” Dette var det grunnleggende budskapet statskanalen NRK gav det norske folk i den sjuende episoden av programserien ”Historia om kristendommen”.
Bibelen eneste kunnskapskilde?
Professor i nevrobiologi og uttalt sekulærhumanist Colin Blakemore opptrådte som programleder. Allerede fra starten av ble det hevdet med styrke at Bibelen alltid har vært den sentrale kilden for kristne i utformingen av virkelighetsforståelsen. Derfor har ”rasjonelle tenkere helt fra begynnelsen tvunget kristne til å vurdere om den bibelske forklaringen av verden var gal”. Vitenskapsfolkene i renessansen ”stolte ikke lenger på Guds ord”. Galileo var ”den første astronomen som baserte sine teorier på bevismateriale, og dette likte ikke kirken i det hele tatt” osv.
All sannhet er Guds sannhet
Disse påstandene er i imidlertid i beste fall dypt misvisende. Tenkende kristne i oldkirken, middelalderen og renessansen forsøkte nemlig aldri å bruke Bibelen som eneste kilde for virkelighetsforståelsen. De tilgjengelige kunnskapene i antikken var en blanding av naturkunnskap, medisin, astronomi, matematikk, naturfilosofi, etikk, metafysikk, teologi, magi etc. Men kirkefedrene var overbevist om at all sannhet er Guds sannhet, hvor den så er å finne. Oldkirkelige teologer som Justin Martyr (103-165), Origenes (185-254) og Basil av Caesarea (ca. 330-379) ønskte å sile ut det beste og mest rasjonelle fra de tilgjengelige verdslige kunnskaper. Dette ble så satt til tjeneste for utdyping av, og forsvar for, den kristne troen.
Et sitat fra kirkefaderen Augustins (354-430) kommentar over 1. Mosebok er her representativt: ”Vanligvis vet til og med de som ikke er kristne noe om jorden, himlene og de andre elementene i denne verden, om stjernenes bevegelser og baner, og til og med om deres størrelse og posisjoner i forhold til hverandre. De kjenner til at formørkelsene av sol og måne kan beregnes, de kan årets og årstidenes syklus, de vet hva slags dyr som finnes, hvilke busker, steiner og så videre, og denne kunnskapen holder man for å være sann ut fra fornuft og erfaring. Da er det en skammelig og farlig sak om en ikke-troende hører en kristen som taler tull om disse emnene ut fra Skriften.” (Bok 1, kapittel 19)
Kirkefedrene var ikke spesielt opptatt av å sette i gang vitenskapelige forskningsprogrammer. I så måte var de barn av sin tid. Men de bidro likevel med en verdifull arv. De videreførte gresk naturfilosofi og ulike typer tilgjengelig kunnskap. Og de innførte oppfatningen om at verden er Guds gode, ordnede, forutsigbare og ikke-guddommelige skaperverk. Dette ble senere sannsynligvis et avgjørende premiss for utviklingen av naturvitenskapen i Europa. Også i middelalderen ble tilgjengelig naturfilosofi, vitenskapelig teori og kunnskap kontinuerlig sammenstilt med Bibelens helhetlige beskrivelse av virkeligheten. Dette var normaltilstanden, slik vi for eksempel ser hos den grunnlærde dogmatikeren Thomas Aquinas (1225-1274). I sin Summa Theologica (I,68) understreker han at Skriften er sann. Men man må likevel ta i bruk all tilgjengelig kunnskap. Derfor må man også være fleksibel og villig til å endre sin skrifttolking dersom klare demonstrasjoner, for eksempel om universets opphav og utvikling, viser at den er feil.
Galilei-saken
Det er mye rett i at 1600-tallet var en mørk periode for store deler av naturvitenskapen i Italia. En god del av forklaringen ligger i den katolske ”motreformasjonen”. Kirken hegnet sterkere om sin religiøse konfesjon, blant annet med ønske om å motvirke den politiske ustabiliteten i Europa. I en tragisk rettsprosess gjennomført i Roma i 1633 tvang pave Urban VIII Galileo Galilei til å avsverge den heliosentriske hypotesen. Galilei, som selv var en from og bibeltroende kristen, ble deretter sendt i komfortabel husarrest. Det er relevant å nevne at det store flertallet på denne tiden vurderte astronomen Ptolemaios’ (90-168) geosentriske verdensbilde som velbegrunnet og fornuftig siden det forklarte observasjoner godt. Men de fleste mente at dette synet også ble bekreftet av Bibelen. Samtidig håndhevet paven skrifttolkingen med en større rigiditet enn kirken hadde gjort før. Når da i tillegg Galilei opptrådte arrogant og latterliggjorde paven i en av bøkene sine, virket avgjørelsen enkel: Han måtte stanses.
Verken konflikt eller harmoni
Imidlertid ville det være dypt misvisende å gjøre denne perioden i Italia til en slags universell oppsummering av forholdet mellom kristendom og naturvitenskap. Dette forholdet kan ikke reduseres til de enkle kategoriene ”konflikt” eller ”harmoni”. Ved mange tilfeller har troen motivert til, og virket positivt på, vitenskapelig arbeid. Andre ganger har det vært motsatt. De viktigste vitenskapsfolkene som bar frem den såkalte vitenskapelige revolusjon, klarte fint å forene sin kristne tro med sitt vitenskapelige arbeid. Og det er verdt å nevne den pavetro jesuitterordenen som i tidlig moderne tid leverte enorme og varierte naturvitenskapelige bidrag. (Se artikkelsamlingen ”God and nature”, redigert av D. Lindberg og R. Numbers, Univ. of California Press, 1986).
God of the gaps
Programepisoden avrundes med en personlig bekjennelse fra Blakemore: Han er overbevist om at vitenskapen vil gi oss svar på alt vi trenger å vite, både om verden, om oss selv, og om vårt behov for religion. Og hva vil da bli igjen for kristendommen? Her opererer Blakemore med en klassisk ”God of the gaps”-tenkning; Gud fremstilles som (en dårlig) forklaring for de aspekter av virkeligheten som vitenskapen ennå ikke har forklart. Men dette er dårlig teologi; jødisk-kristen gudsforståelse legger derimot til grunn at Gud til enhver tid er helt nær hele skaperverket og holder det oppe. Og dette gjør han først og fremst via såkalte naturlige, eller sekundære, prosesser. ”Hele jorden er full av hans herlighet” (Jesaja 6,3, jfr. Salme 139). Således er naturvitenskapen etter kristen forståelse med på å avdekke mer og mer av Guds skaperverk og skaperkraft.
Elles var eg ikkje klar over at 1600-talet faktisk var ein såpass problematisk periode for vitskapen. Ikkje som at tortur vart flittig bruka mot vitskapsfolk. Men ein måtte vere meir påpasseleg med kva ein fremja av hypotesar, i og med at ein ikkje måtte utfordre den rådande naturfilosofien i Italia. Imidlertid hadde dette sterke politiske komponentar; Italia var i ein svak posisjon, 30-årskrigen rasa, Europa var splitta, og politiske makter utnytta flittig religion som ein reiskap for å lage einskap og konsolidere si makt. (Slik for øvrig Ap freistar å gjere med kyrkja i våre dagar).
Det siste avsnittet byggjer for øvrig på særleg Wrights NTPG, der han skriv om eit jødisk syn på "providence", d. e. korleis jødane tenkte seg at Gud forholder seg til skaparverket. Dette vart ei skikkeleg "aha"-oppleving for meg, særleg med tanke på forholdet mellom evolusjon og kristendom. D. e. eg forstod med eitt betre at mykje av den påståtte inkompatibiliteten mellom evolusjon og kristendom (mtp. Guds skapargjerning) rett og slett kjem av eit paradigme som er arva frå 1800-talets sekularistiske naturfilosofi, der verda vert sett som (vitskapleg etterprøvbar) "natur" og Guds gjerning vert sett som (prinsipielt sett utilgjengeleg og sannsynlegvis ikkje-eksisterande) "overnatur". Slik skjelna verken jødane eller dei fyrste kristne.
Men eg har sjølv, umedvite, vore påverka av dette paradigmet og tenkt på det som kristendom. I det heile teke er det veldig interessant å sjå korleis vårt typisk protestantisk-moderne avkall på å skape ein teologi som er i dialog med vitskapane, før eller seinare slår tilbake på oss sjølve og påverkar trua vår. Dette er også ein grunntanke i Pannenbergs "Basic questions in theology", nemleg at protestantismens lausriving av teologien frå den "sekulære sfære" førte til at vitskapane byrja å leve sitt eige liv og innta ein autonom plass dei verken prinsipielt eller materielt hadde lov til å innta. Men når denne plassen fyrst vart sikra i vestleg intellektuelt liv, slo han inn i Bibelvitskapane og slo deretter attende mot den ortodokse kristendomen. Bultmann er krondømet på dette, han som demytologiserer NT med bakgrunn i at det ikkje er mogleg for oss i det 20. århundre å tru på ånder, oppstode etc. i ein vitskapleg alder der vi har elektrisk ljos.
Det har vore veldig interessant å tenke på; Wright har faktisk presentert eit veritabelt stykke naturfilosofi, særleg i NTPG og Surprised by hope; i hans utleggjing av kva Bibelen faktisk meiner med "himmelen" (d. e. den skapte sfæren der Gud er, der han styrer jorda frå, den sfæren som til ein kvar tid ligg heilt nær vår jordiske sfære, og den sfæren som vi kan kome i kontakt ved gjennom bøn, forkynning, sakrament, miskunnsame gjerningar etc.) Eg talar av eiga røynsle; Dette med himmel og jord var verkeleg eit stort rot for meg før eg las Wright. Og slik har det nok vore for fleire enn meg. Eg hugsar eg las Jensons dogmatikk; han var så vidt inne på ei løysing av det, i samband med drøftinga av kva Jesu himmelfart faktisk tyder, og kvar det eigentleg vart av Jesus.
Uansett: Poenget mitt her er at eg reknar med at ein av hovudgrunnane til at denne bibelske "naturfilosofien" har vorte liggjande i ein skuff, er at ein ikkje har gjort ein god nok jobb både med å setje seg inn i GT-leg røyndomsforståing samt tenke gjennom korleis denne skal/kan relaterast til vår moderne, vitskaplege forståing. (Dette blir ein spekulasjon, eg talar mest av eigne røynsler og ut frå den forkynninga og undervisninga eg har motteke i mitt liv, frå min tradisjon). Dermed blir svært mykje i NT i nokon grad uforståeleg, d. e. kva Guds rike er, kva det vil seie at Jesus sit ved Faderens høgre hand, kva som er den djupaste motivasjonen for våre gode gjerningar, kva poenget med oppstoda er etc. etc.
Velvel, ei framifrå bok å byrje for den som vil utforske det (by its very nature tentative) forholdet mellom moderne naturvitskap og kristen forståing av Guds handling i verda, sjå LeRon Shults (ed.) Philosophy, science and divine action, særleg artikkelen til Nancey Murphy, tenker eg. For øvrig er det mitt inntrykk at den ortodokse kyrkja - til dømes ved Ireneus og Maximus vedkjennaren - har bevart noko meir av eit sakssvarande forhold mellom Gud og verda enn vi kanskje er van med i vår tradisjon. (Utan at eg på nokon måte er ekspert på dette).
Det held ikkje å avgrense seg frå panteismen og seie at Gud er noko anna enn skaparverket. Ein må også understreke Guds nærvere og samverke med heile skaparverket til ei kvar tid; han held det oppe, han gjev ravnen mat, han kler liljene på marka. Trekte han seg unna, ville ikkje verda halde fram. Denne tanken fører, tykkjer eg, til ei viss audmjuke. Også naturlege, regulære prosessar vert halde oppe - ikkje på grunn av autonome "naturlover" som går av seg sjølv - men på grunn av Guds rasjonelle vesen i det han til ein kvar tid held prosessane oppe. Når du slepp ein ball til marka, så er det Gud sjølv som gjer at dette skjer. Han er heilt nær ballen og fører ballen mot marka. Han er heilt nær handa di og gjev deg kraft og viljefridom til å sleppe ballen. Det er ein ganske spennande tanke, ikkje sant? Her byggjer eg særleg på Augustin, forresten, i hans understreking av Guds autonomi og styre av dei såkalla "naturlege" prosessane.
(Kanskje overflødig å seie er likevel også det ovanfor utprøvande refleksjonar, under stadig, forsiktig revisjon etter som vitskapen lærer oss meir om verda).

Subscribe to:
Posts (Atom)