No er det fredag kveld. Så arbeidsveka er ferdig. Eg var ganske usikker på korleis denne veka ville bli, då eg reiste frå Oslo. Men det har gått over all forventning. Strålande. Eg er eigentleg veldig nøgd med å arbeide som prest når eg har mykje å gjere, slik at eg ikkje berre blir sitjande på eit kontor og kope.
Så dei siste dagane har gått med til veiledningsgruppe med nokre andre prestar på min alder. Det er interessant, lærerikt og utviklande å vere med på, i alle fall førebels. Så har eg hatt mitt fyrste møte med det nye soknerådet i Vrådal. Det er flotte folk som er med, og bra at folk stiller opp der. Soknerådet si oppgåve er å vekke og bevare det kristelege livet i soknet. Så det skal bli fint å sjå kva vi kan finne på. I desember er det faktisk konsert med Sigmund Groven og Iver Kleive i Vrådal kyrkje, så det er stas. Sjekk ut Kleives "Kyrie", "Requiem" eller også hans samarbeidsplater med Knut Reiersrud, særleg "Himmelskip".
Og i dag har vi hatt konfirmantforeldremøte. Då er det litt undervisning om kva konfirmasjonstida går ut på, både teologisk og reint praktisk. Så er det mykje administrative opplysningar og retningsliner etc. Og mat, naturlegvis. Men viktigast er det å bli godt kjent med konfirmantforeldra, skape gode relasjonar til dei (som ikkje var så vanskeleg). Eg har tidlegare arbeidd som postmann, så eg kjenner dei fleste namna i kommunen, det er også ein stor fordel for meg.
Så i morgon føremiddag ber det attende til Oslo for å lese. Då blir det vel Josefus, Ridderbos' Paulus-teologi, Cunninghams bok om evolusjon, Lowes om metafysikk (kanskje). Vi får sjå kor langt eg kjem.
Elles har eg lese Hebr 4 i dag. Verkeleg eit interessant kapittel, tykkjer eg. Ein generasjon i Israel kom ikkje inn til "kvila", blir det sagt. Dette siktar naturlegvis til landet, og Salme 95 vert sitert. Men ordet "kvile" vert også bruka om Guds kvile på den sjuande dagen, d. e. sabbaten. Og forfattaren av Hebr argumenterer med at Josva ikkje førte Israel inn til kvila, altså står det enno att ei kvile, ein sabbat, for Guds folk. Så det er ei veldig interessant samanlesing av Gen 2, Exodus og Salme 95. Poenget er då at vi som kristne lever i det "nye exodus". "Snart er endt vår ørkenvandring, vi går inn i Kanaans land". Forfattaren kjem jo elles attende til dette seinare, når han talar om at Abraham såg landet, men ikkje tok det ordentleg i eige. Altså er ikkje landløftet oppfylt enno, det vil fyrst bli oppfylt når det fullkomne Guds rike kjem.
For øvrig interessant å sjå dei mange parallellane til Paulus' teologi her. Det er veldig mange, og veldig nære også.
For øvrig også interessant å sjå korleis Norsk Bibel konsekvent omset "apeitheia" - ulydnad - med "vantru". Men det er altså ulydnad som er ordet. Og dette rimar godt med 1 Kor 10.
Elles:
Friday, September 30, 2011
Thursday, September 29, 2011
Alasdair Macintyre om kvifor opplysningstidsprosjektet måtte strande
Nedanfor har referert Alasdair Macintyre sin grunnleggjande kritikk av Kant - og av opplysningstidas prosjekt om å byggje moral på fornufta åleine. I kap 5 av After Virtue gjev så AM sine svært interessante grunnar for kvifor dette prosjektet ikkje fungerte. Så her fylgjer ei oppsummering.
Akademia reknar med at betre argument ein dag vil bli gjeve, slik at moralproblemet blir løyst. Ein dag kjem det til å dukke opp eit større geni enn Kant, og han (eller ho) vil løyse problemet. Men set no, seier AM, at årsaka til at det ikkje funka var at Kierkegaard, Kant, Diderot, Hume, Smith etc. hadde nokre felles karakteristikkar; karakteristikkar som høyrde til dei spesifikke historiske posisjonane dei var inne i? Sagt med andre ord: Dei har arva eit spesifikt, historisk betinga moralskjema som effektivt medførte at dei ikkje ville klare å gjennomføre prosjektet deira.
Så held AM fram med å peike på noko eigendomeleg. Alle opplysningsmoralfilosofane - sjølv om dei hadde ganske radikale teoriar - var ganske konservative i moralen. Familie er bra, like eins det å halde løfte. Og det godt å vere rettferdig. Men kvar kjem desse ideane frå? Jo, Kants og Kierkegaards lutherske bakgrunn; Humes presbyterianske bakgrunn; Diderots Jansenist-bakgrunn. Med andre ord: Frå ein kristen bakgrunn.
Men filosofane delte også noko meir, nemleg ein tanke om at moral må byggjast på noko i menneskenaturen, anten "the passions" (Diderot, Hume) eller fornufta (Kant). Premissa i moralske resonnement er henta frå idear om menneskenaturen. Konklusjonane fylgjer av dette.
Men denne ideen har ein idemessig "forfader", nemleg den moraltenkinga som dominerte i Europa frå 1200-talet og framover. Dette var ei moraltenking som kombinerte klassisk filosofi og kristen teisme. Vi talar naturlegvis om Aristoteles (jfr. den nicomacheanske etikken) og Aquinas.
Men så kjem det viktige poenget. Aristoteles' erkjenner "final causes" i naturen. Det betyr at naturen er grunnleggjande føremålsretta, mennesket inkludert. Difor kan Arist tale om "mennesket-slik-det-er" og "mennesket-slik-det-kunne-vore-dersom-det-realiserte-sin-essensielle-natur". Eller sagt med andre ord: Mennesket har eit potensiale, nemleg å oppfylle sin natur, som er å vere "eit fornuftig dyr". Dette er menneskets "telos", dets mål. Som AM skriv (Og dette er veldig instruktivt):
"The precepts which enjoin the various virtues and prohibit the vices which are their counterparts instruct us how to move from potentiality to act, how to realize our true nature and to reach our true end. To defy them will be to be frustrated and incomplete, to fail to achieve that good of rational happiness which it is peculiarly ours as a species to pursue. The desires and emotions which we possess are to be put in order and educated by the use of such precepts and by the cultivation of those habits of action which the study of ethics prescribe; reason instruct us both as to what our true end is and as to how to reach it."
Ok. a) Mennesket slik det er b) må gjennomgå ei forvandling og foredling ved rasjonell etikk for at c) mennesket skal nå sitt mål, sin natur. Dette er det grunnleggjande mønsteret som ein finn i kristen utgåve hjå Aquinas, i jødisk hjå Maimonides, i muslimsk hjå Ibn Roschd. Her vert etikken forstått som guddomeleg naturlov. Og i religiøs utgåve vert det understreka at Guds nåde er naudsynt for å nå målet. Men mønsteret forblir det same.
Når ein innanfor dette rammeverket seier eitt eller anna moralsk om kva ein bør gjere, så inneber ei slik utsegn tre ting på ein gong. Ein seier kva handling som bør utførast. Ein seier kva mål denne handlinga skal hjelpe aktøren å oppnå. Og ein uttalar seg om kva den gudgjeve fornufta byd oss å gjere.
Men denne fornuftsforståinga gjekk tapt i reformasjonstida, blant protestantar og katolske jansenistar, seier AM. Han viser her til Kalvin, som uttalar at menneskets fornuftsevne vart øydelagt i syndefallet. Han viser også til Pascal, som meiner at fornufta ikkje har kraft verken til å erkjenne tings "essensar" eller overgangar frå "potentiality to act". Alt fornufta kan erkjenne, er at reine fakta og matematiske relasjonar. Men altså ikkje ein tings "natural end", d. e. dens grunnleggjande føremål.
Og så kjem det avgjerande: Opplysningsfilosofane erkjenner heller ikkje nokon tings "essensielle naturar", og fylgjeleg heller ikkje nokon tings "natural ends/final causes". Dette gjeld også menneskenaturen: "All reject any teleological view of human nature, any view of man as having an essence which defines his true end." Dette slo også inn i naturvitskap og annan filosofi; essensielle naturar og grunnleggjande teleologi i naturen vart avvist, til fordel for eit mekanistisk univers. Og som AM seier: "But to understand this is to understand why their project of finding a basis for morality had to fail."
Kvifor? Jo, fordi når menneskets grunnleggjande natur vert teke bort, så vert også menneskets grunnleggjande mål teke bort. Ein sit då att med mennesket "slik som det er" samt ein god del moralbod. Men ut frå den klassiske moraltenkinga så vert moralske reglar teke i bruk for å foredle og rettleie ein "untutored" menneskenatur. Og det betyr altså at desse boda vil vere slike som den "ville" menneskenaturen har sterk tendens til ikkje å adlyde. Ja, "untutored" menneskenatur og moralbod var - i klassisk moraltenking - eksplisitt konstruert for å vere i motsetning til kvarandre. Men når menneskets "telos" vart teke bort, så vart det umogleg å halde oppe legitimiteten til moralboda.
Interessant nok skriv Kant i si drøfting av moral (og dette stussa eg sjølv ganske mykje på då eg las i hans "Groundwork of the metaphysics of moral") at utan eit teleologisk rammeverk, så blir heile moralprosjektet uforståeleg(!) Men dette teleologiske rammeverket blir presentert som ein "presupposition of pure practical reason". Kants kritikarar meinte at dette var ein "presupposition" som ikkje høyrde heime i Kants tenking, sidan han for lenge sidan hadde avvist teleologi i naturen.
Utover på 1700-talet blir det klarare og klarare blant filosofane, skriv AM, at eit gyldig argument ikkje kan bevege seg frå faktuelle premiss til ein evaluerande konklusjon. Som Hume kom fram til; det går ingen veg frå "er til bør". Men dette resonnementet bygde altså på at det ikkje finst teleologi i naturen. Ein kan ta eit enkelt døme frå menneskelege gjenstandar. Dersom nokon seier: "Denne klokka er altfor tung til å ha rundt armen", så er konklusjonen: "Dette er ei dårleg klokke". Eller dersom nokon seier: "Dette er ein bonde", så ligg det i dette premisset at han bør vere bonde på ein god måte. AM omtalar her "klokke" og "bonde" som funksjonelle konsept, og desse konsepta har innebygd ein ide om kva som er ei god klokke og kva som er ein god bonde.
Alt dette byggjer naturlegvis på Aristoteles, som også bygde på tidlegare samfunnstenking. I desse tidlegare tradisjonane var det tale om ulike roller mennesket kunne spele; d. e. familiemedlem, borgar, soldat, filosof, Guds tenar etc. Så gjaldt det å - innanfor samfunnsnexusen - å oppfylle sitt mål. Men når mennesket blir forstått heilt individuelt, uavhengig av slike roller, så blir det vanskelegare å tale om "menneske" som eit funksjonelt konsept, seier AM.
Når ein innanfor aristotelisk metafysikk talar om at ein ting x (t. d. ein person, eit dyr, ei politisk løysing etc.) er "godt", så meiner ein det fylgjande: Dette er ein slik x som ein person ynskjer dersom han leitar etter ein type x som gjer slik som x vanlegvis gjer. Ein leitar altså etter den grunnleggjande naturen til ein ting, for såleis å finne kva som er den grunnleggjande funksjonen til tingen. Å tale om "godt" og "vondt" er i ein slik samanheng å rekne for faktautsegner om ein tings grunnleggjande natur.
Difor: Når ein sluttar å tale om "essential human purposes or functions", så gjev det ikkje lenger meining å tale om "godt" og "vondt" som fakta. Ein talar nok i praksis om "godt" og "vondt" som fakta også i post-opplysningstid. Men ein kan ikkje lenger grunngje dette, seier AM. Ikkje berre manglar ein logikken i å nå sitt grunnleggjande "mål" som menneske (for noko slikt mål eksisterer ikkje). Ein manglar også Gud som garantist for morallova.
Ok, ein liten kommentar frå meg. Interessant er det. Eg tør seie at ein finn mykje av dette same mønsteret i NT. Også der er det tale om å forvandle, fornye menneskenaturen slik at han finn sitt gudgjeve "telos", d. e. Guds bilde. Men her er det ikkje bod og retningsliner i seg sjølv som gjev kraft til å nå dette målet, men det å få Anden, og såleis bli ein ny skapning. Hm. Og elles er det mangt og mykje eg er usikker på i konkret utforming av slik aristotelisk-thomistisk tenking. Men dersom AM har rett, så viser han at ein må attende til slik klassisk tenking i ei eller anna form for å kunne lage ein koherent og berekraftig moral.
Yepyep. Interessant nok er forresten NT Wright også påverka av AM. I hans "After you believe" (merk tittelen!) dreg han sterke vekslar på aristotelisk dygdsetikk når han skal utleggje Paulus' formaningar i Galatarbrevet. Eg vart veldig overraska då eg høyrde dette fyrste gong, det var veldig uvant av Wright å gjere det på den måten, d. e. trekke inn filosofi i forkynninga. Men ja, i praksis heldt han seg veldig nær Paulus, som altså i mangt og mykje tenker i liknande mønster som Aristoteles.
Snart er det forresten dåp for denne vesle jenta, og det gler meg til! !! !!!

Wednesday, September 28, 2011
Litt kvardagspresting
I dag var den mest innhaldsrike prestedagen eg har hatt på ei ganske god stund:
Vore på føremiddagstreff. Det var eit flott arrangement. Det kom mange, maten var god, og praten livleg. Eg song litt og hadde andakt om å ikkje bli trøytt av å gjere det gode.
Så var eg på Midtsundt. bustadkollektiv. Der fekk eg nok ein gong gode kaker og ein god drøs. Song og andakt her også.
Så var det nattverdsgudsteneste på omsorgssenteret. Alltid hyggeleg. Litt song og andakt om at Jesus kjøpte oss fri frå våre synder.
Så var det andakt på Lundenj. Der er det også alltid hyggeleg, livleg song og kaker og kaffi. Ein liten andakt om at dei som blir gravlagt i trua på Jesus ein gong skal stå opp til evig liv.
Dagen vart så toppa med konfirmantsamlinga, som også var veldig triveleg og effektiv. Kjekk ungdom, eit flott team, gode medarbeidarar. Tema denne gongen var Bibelen. Vi las m. a. frå "en helt overkommelig Bibel", og ein av oss fortalte frå sine røynsler som bibelsmuglar. Mot slutten hadde vi tomatsuppe og rundstykke.
Så slik er det å vere prest på bygda. I morgon er det veiledningsgruppe for unge prestar, det skal bli spennande.
Eg har ingen fancy tankar til dykk i dag. Men ein ultra-fancy song. Denne.

Tuesday, September 27, 2011
Elles har vi hatt trusopplæringsmøte i dag. Det var veldig fint, overraskande nyttig. Vi gjekk gjennom kva tilbod som finst i trusopplæringa i dei forskjellige bygdene. Og så tenkte vi gjennom korleis ein kunne leggje opp arbeidet, ulike forslag til aktiviteter etc. Veldig nyttig. Ideen er no at sidan skulen har gjeve slepp på kristendomsundervisninga, så skal det vere kontinuerleg opplegg for dei som blir døypte, ved 1 år, 2 år, 3-6 år, 7-10 etc. etc. Så ja, det kan fungere bra.
I morgon er det elles fyrste konfirmanttime. Vi skal ha om "Bibelen"; vi skal ha litt leikar, og vi skal ete pizza. Så det trur eg skal bli bra.
Så eit lite spørsmål til ettertanke for teologane. NT tenker åpenbart i "to-alder"-skjemaet. Vi er i den noverande tidsalderen, men Jesus har bragt inn den komande tidsalderen, som er i ferd med å bli fullenda.
Ok. Det eg ikkje heilt forstår, er dette. I dei leksika som eg har slått opp, så tyder "aiånos" berre "periode", "æveleg" el. l. Hm. Ok. Dette ordet brukast i Gal 1,4, i Matt 28,20, i Hebr 1,2. Problemet er at ein del omsetjingar skriv "verd" her. Og det forstår eg ikkje heilt. Og det har faktisk litt å seie for korleis ein forstår verset, altså.
Gav Jesus Messias seg sjølv for å fri oss ut frå den noverande vonde...verda? ...tidsalderen?
Skal Jesus vere med oss alle dagar så lenge...verda står? ...tidsalderen består?
Ved Jesus skapte Gud...verda? ...tidsaldrane?
G, I'm confused. Eg kan vanskeleg sjå at "verda" er ei rett omsetjing her. For Matt talar elles om "oppfyllinga av tidsalderen". Hebr talar elles om "den komande tidsalderen". Og heile poenget i Gal er jo at Jesus har bragt inn ny-paktstida, d. e. den komande tidsalderen. Det er jo difor Peter ikkje skal skilje seg frå heidningane ved måltidet, for den skriftlege moselovspakta er tilbakelagt. Men ja. Det gjev visse konsekvenser å lese "tidsalderen" i staden for "verda". Det trass alt ganske teologisk ladde uttrykk å seie at Jesus kom for å "frelse oss frå verda" og at Jesus skal vere med oss "så lenge verda står". Rettare sagt: Det gjev svært misvisande teologi, sjølv om det definitivt vil bli eit brot når Guds rike blir gjort fullkoment. Yep, om nokon har innspel her, så køyr på.
Forresten kan du også høyre talen min frå Misjonssalen no. Dvs. her :) Eg er nøgd med talen. Dersom eg skulle sagt ein ting til, ville eg imidlertid også nemnt noko om Davidspakten, d. e. at Gud for å oppfylle Abrahamspakten gav løfte om å setje ein etterkomar av David som konge på hans trone, ein god og rettferdig konge (altså Messias). Men pyttpytt.
Monday, September 26, 2011
Etc
For dei personleg interesserte kan eg fortelje at dagen har gått med til å lese Cunninghams Darwin's pious idea. Boka er litt sånn overraskande til no. Ho handlar verkeleg mykje om drøfting av evolusjon frå eit reint vitskapleg standpunkt, så det meir filosofiske kjem vel etter kvart. I alle fall har Cunningham til no vist at Dawkins - som er ganske middelmådig både i sine kunnskapar om kristendom og sine kunnskapar om filosofi - faktisk er ganske ute å køyre også i det han skriv om evolusjon. Det var overraskande for meg, men ja, Cunningham argumenterer for at Dawkins faktisk presenterer eit dels feilaktig, anti-evolusjonært bilete av darwinismen. Og det som driv han til dette, er hans eigen mekanistisk-positivistiske ateisme.
Kort sagt går det då ut på at Dawkins baserer sine resonnement om "the selfish gene" både på meir eller mindre totalt utdatert vitskap om genetikk(!), samt at han opererer med ein del cartesianske dualismar som ikkje vert grunngjeve. I tillegg argumenterer Cunningham for at Dawkins' "pan-selectionism", dvs. hans ide om at "natural selection" gjev det ultimate svaret på all evolusjonsutvikling, både er i strid med Darwins eigne utsegner samt notidig biologisk vitskap.
Boka er interessant og opplysande, men også verkeleg tung å lese. Det er ein god del det er vanskeleg å forstå der i og med at CC lett brukar ein heil del faguttrykk utan å definere dei. Og han går litt for fort fram i ein del av resonnementa, slik at det er vanskeleg å fylgje han frå ledd til ledd i argumentasjonen. Det er litt frustrerande; det kunne vore betre skrive, men då hadde nok boka også blitt mykje lengre (ho er allereie 540 s). Men ja, ei original og intelligent bok er det i alle fall. Han har også skikkelege issues med kreasjonismen, som han omtalar som ein anti-teologisk heresi, nothing less.
No vel, uansett. Eg la meg ned til å sove litt midt på dagen. Eg drøymte at eg hadde fått meg store tatoveringar på høgre armen, og det kjentest så levande, eg trudde det var sant. Så eg låg og tenkte på korleis i all verda dette hadde gått til, men eg klarte ikkje komme på når det hadde skjedd. Og så tenkte eg: "Å, så dum eg har vore, korleis skal eg kunne forklare dette for familien min?" Så vakna eg :-) Og stakk ein tur opp mot Roholdtsfjell i det fine haustveret.
På kvelden var det samling med konfirmantleiarar, prestar etc. Så eg hadde litt innspel om røynsler med kva som har fungert og kva som ikkje har fungert i konfirmasjonsundervisninga. Det var hyggeleg, det. Eg har også fått meg eit flott team med kvitsundelevar som skal vere med i undervisninga dette skuleåret. Så det er positivt.
Dat's it.

Etiketter:
Ting som skjer
Sunday, September 25, 2011
Kva som har skjedd i helga
For dei personleg interesserte kan eg dele litt av det som har skjedd i helga...som har vore ganske travel.
Eg kom til Kviteseid på torsdag kveld. Det skulle eigentleg vore eit foredrag med K. Isachsen i Kviteseid kyrkje denne kvelden, men det vart avlyst pga. sjukdom. Så då skjedde det ingenting spes. denne kvelden.
Fredagen var det fyrst stabsmøte, alltid hyggeleg. Så var det vanlege presteting resten av dagen; dåpssamtale, planleggjing av aktiviteter, skriving av preike etc.
Laurdagen var det fyrste møte med konfirmantane. Spennande, som ein kan tenke seg. Det er ein flott gjeng, og eg vart dermed noko letta. No ser eg ljos på resten av konf. året :-) Eit team frå Kvitsund er også med som hjelpeleiarar, og det er eit veldig pluss. Flotte folk, det også.
Den fyrste konf. samlinga gjekk ut på at vi samla oss ved vegstasjonen i Vrådal. Der var det opprop og litt bli-kjent, samt litt informasjon om kva det vil seie å vere pilegrim. Så gjekk vi gjennom skogen i flokk og fylgje, opp mot Heia. Der stansa vi opp og hadde ein del leikar; boksen går o. l. Det var sånn måteleg suksess, men alle hadde det hyggeleg, trur eg. Og det å gå på tur i lag er ein veldig god måte å bli kjent på. Ein går - men har ingen TV, aviser el. l. å bli forstyrra av. Så ein er litt utlevert til kvarandre, og det er veldig gunstig for å bli kjent med folk.
Etter litt leik, gjekk ferda vidare, nedover gjennom skogen mot Kviteseid. På vegen hadde gode HK Aabø laga til ein grill med pylser, og saft. Det vart sett veldig pris på. Etter matpausa bar pilegrimsferda vidare mot bygdetunet i Kviteseid. Her vart det dela ut eit salmeark, og vi song "Syng lovsang hele jorden" medan vi gjekk til gamlekyrkja i Kviteseid. Som er...gamal.
Ved kyrkja stod min prestekollega G. Valle klar iført kjole og alba. Han lærte konfirmantane litt om kyrkja, litt om gjere krossteiknet. Og så slapp vi inn ein etter ein i kyrkja for å gå fram til døypefonten, dyppe fingrane der og gjere krossteiknet. Organisten spela då musikk medan dei slik tok plass i kyrkja.
Inne i kyrkja øvde vi på Kyrie og Gloria, og vi gjekk litt igjennom kva kvar av dei tyder. Og så var det eit slags "evalueringsark" der konfirmantane skulle svare på kva dei var mest interessert i å lære om i løpet av konfirmantåret. No er eg ikkje så veldig fan av å leggje opp undervisninga etter kva konfirmantar er interesserte i; trass alt bør vi som lærarar vite betre enn dei kva det er lurt å lære om. Men til ein viss grad kan vi nok leggje opp undervisninga ut frå kva dei skreiv her.
Yep - det var altså fyrste konfirmantsamling, som gjekk betre enn eg kunne forventa, og det var eg veldig glad og letta over.
I dag var det stor gudsteneste i Brunkeberg kyrkje. Det var dåp - det var konfirmantpresentasjon - det var gullkonfirmantpresentasjon - det var avskjed med klokkar KO Lofstad, som går over til å studere kristendom på Ansgar - det var song av kyrkjekoret - det var nattverd, der det kom langt fleire enn vanleg også. Så det var ei veldig flott gudsteneste, må eg seie. (Eg kan godt slenge ut preika dersom det skulle vere interesse. Kanskje eg gjer det i morgon).
Etter gudstenesta var det gullkonfirmantfest. KA Norum var med og leidde, noko som var til hjelp for meg. Så det var ein triveleg fest med kjempegod mat, ordna til av soknerådet. Eg fekk også høyre mange historiar om korleis det var å vere konfirmant for 50 år sidan. Litt meir pugg, litt meir disiplin, men også stor trivsel.
Så bar det vidare til song- og musikkmøte på Misjonshuset. Kvitsundkoret, kyrkjekoret og Fredheimkoret deltok, og eg heldt ein tale. Eg var litt trøytt og svolten på dette tidspunktet, så eg håpar folk fekk med seg dei grunnleggjande poenga i talen min. Velvel, det er til å lære av; for når ting ikkje går heilt topp, så er som regel problemet at ein ikkje har teke god nok tid på førehand til å lese gjennom, flikke på formuleringar, skape samanheng etc. Stilen til kora var forresten veldig "typisk". Kvitsundkoret song negro spirit.+bedehussong. Kyrkjekoret song typisk litt kyrkjeleg musikk med norske tekstar. Fredheimkoret hadde band og song skikkeleg gospel. Så det var ein god miks, og det er bra at ein kan vere saman på denne måten. Det var ganske fullt på Misjonshuset også.
Så dat's dat. I morgon har eg fridag (fram til kvelden, når eg skal halde eit lite mini-foredrag om korleis ein bør vere ein god ungdomsleiar). Så kanskje eg tek meg ein fjelltur (om eg orkar). Eller eg blir heime og les litt. Vi får sjå.
Og så ein ting eg lurar på, heilt til slutt. Eg les kommentarfeltet til Dagbladet, om leiarstriden i SV, her. Det er null sympati med SV og deira politikk. Hm. Eg undrast verkeleg på kva som er på gang her. Kvifor har SV så lite oppslutning for tida? På kva måte, og på kva punkt, har det norske folk endra syn?

Friday, September 23, 2011
Nokre refleksjonar om kjønn, leiarskap, ekteskap etc. i NT
Innleiing
Ei veninne utfordra meg litt her om dagen, til å gjere greie for kvar eg står med omsyn til synet på kjønn, kvinneleg leiarskap etc. i NT. Ho visste at eg hadde ei relativt konservativ grunnhaldning, så ho ville gjerne høyre mine tankar om dette. Og fair enough, det kunne eg godt skrive noko om. Så i det fylgjande vil eg berre referere hovudinnhaldet i det svaret eg gav. Eg vil setje opp dei relevante hovudtekstane og gje nokre spreidde kommentarar om korleis eg forstår dei. Dette er mao. ikkje noko særleg fagleg arbeid, heller litt meir strøtankar.
Eg kan seie eit par ting før eg går i gang; dette fylgjande er så langt eg er kome i desse spørsmåla førebels. Eg utelukkar ikkje at eg kjem til å måtte revidere eitt og anna standpunkt i framtida. Men eg vil i det minste gjere greie for kva grunnar eg har for å halde dei standpunkta eg har, så det er "gjennomsiktig". Og eg høyrer gjerne på saklege innspel og innvendingar. Dette er eit stort emne med veldig mykje litteratur på "båe sider". For det andre er det fylgjande eg skriv svært "politisk ukorrekt", for å seie det slik. Og nokre av lesarane vil ganske sikkert finne det nokonlunde provoserande. Kva kan eg seie? Les med eit ope sinn, og ta alt i beste meining. Ting er kanskje ikkje så ille som du trur, all things considered.
Litt generelt om kvinner i NT
Lat oss byrje her: I NT vert det lagt fram eit svært positivt syn på det å vere menneske. Gud har skapt oss, som eit uttrykk for hans skaparmakt og kjærleik - han har gripe inn til beste for oss - han har ein god vilje for oss - han har eit oppdrag for oss - han har ei god framtid for oss. Alt dette gjeld for mann, som for kvinne. Her kan ein bli meir konkret om kvinner, då.
- Maria møy får eit guddomeleg gjeve oppdrag om å bere fram Jesus, og å stø han gjennom hans liv.
- Jesus kom kvinner i møte, reiste dei opp utan å fordøme dei, sendte dei ut for å forkynne og tene. Jfr. til dømes dotter til Jairus, eller den samaritanske kvinna ved brønnen.
- Jesus hadde kvinner som nære vener, jfr. Marta og Maria. Han dela liv, tankar, kvardag med dei. Han brydde seg om dei og kom når dei bad om hjelp.
- Maria sat jamvel ved Jesu føter, det betyr at Jesus underviste henne slik ein rabbi underviser ein læresvein.
- Det var ei kvinne som utførte den prestelege gjerninga å salve Jesus før hans død - og Jesus hadde hugnad i dette.
- Det var mange kvinner som fylgte Jesus som læresveinar og tente han og læresveinflokken "med alt dei eigde".
- Jesus nekta å avvise kvinner som kom til han med sine småborn.
- Jesus tillot ikkje menn å forlate sine koner etter eige ynskje, til dømes dersom mennene ikkje lenger "likte dei".
- Jesus tillot kvinnene å forlate sine menn i tilfelle av seksuell utruskap, sjølv om det ville vere betre å tilgje.
- Jesus nedvurderte aldri kvinner. Han bad ikkje slik seinare rabbiar kunne be: "Kjære Gud, takk for at eg ikkje vart skapt som kvinne!"
- Kvinnene vart ikkje sett som ei umiddelbar fare av romerske soldatar. Dei var fylgjeleg lojale heilt til slutten, då Jesus døydde på krossen.
- Det var kvinner som var dei fyrste til grava for å salve Jesu lekam.
- Det var kvinner som fekk møte Jesus fyrst etter oppstoda. Dei vart fyrst sendt ut av Jesus som guddomeleg autoriserte vitne til å forkynne om Jesu oppstode.
- Kvinnene var fullverdige medlemer av læresveinflokken etter Jesu oppstode.
- Dei var med på å tene i den fyrste kristne kyrkjelyden, på mange ulike måtar. Dei vert ofte nemnt slik i Apg.
- Dei var med på å "utleggje Guds veg" for dei som ville vite meir.
- Paulus uttalar mange stader at han set djup pris på den tenesta som kvinner i læresveinflokken gjer.
- I det romerske samfunnet kunne menn fritt vere utru med andre kvinner. Dersom ei kvinne var utru, kunne ho straffast med døden. Paulus og Jesus byd absolutt truskap, både for mann og kvinne. Han seier jamvel (i samband med seksualliv) at "kvinna har ikkje eigen autoritet over kroppen sin, men mannen. På same måte har ikkje mannen autoritet over kroppen sin, men kvinna."
- Paulus byd ektemenn å elske sine hustruer liksom Kristus elska kyrkjelyden. Som Rob Bell seier det: Ei kvinne bør ikkje gje seg sjølv til ein mann for ho er overtydd om at han er viljug til å døy for henne. Det er det bodet Paulus gjev mennene.
- Kvinner var fullverdige medlemer av kyrkjelyden, av Guds folk, av den nyskapte menneskeætta. Difor er kvinner, som menn, "heilage", "Guds born", "prestar for Gud", "salva" etc.
Som eg også skal kome attende til litt nedanfor, revolusjonerte - revolusjonerte - kristendommen det alminnelege synet på kvinner; deira menneskeverd, korleis ein kunne behandle dei, deira status og rolle i samfunnet. (Sjå Alvin J Schmidt, "How Christianity changed the world", kap. 4). Den som ynskjer å avvise kristendomen som premissleverandør for røyndomsforståinga, bør vite kva ein gjer, og kva ein står i fare for å vende attende til. I alle høve: Dei ovanfor nemnte faktorane står fast, og dei må gjevast tyngde i einkvar vurdering av korleis NT talar om kvinner, og korleis den kristne kyrkja fylgjeleg skal tenke om kjønn i dag.
1 Kor 11: Mannen som hovud for kvinna
Så over til dei omstridte tekstane. Eg har lyst til å byrje med ein tekst som ikkje alltid får den merksemda som ho fortener, nemleg 1 Kor 11. Denne teksten står ofte litt i skuggen av 1 Kor 14 og 1 Tim 2. Men det er verkeleg ein fundamentalt viktig tekst for å forstå kva Paulus meiner om forholdet mellom kjønna.
"2 Dere skal ha ros for at dere husker på meg i alt og holder fast på de overleveringene jeg har gitt videre til dere. 3 Jeg vil dere skal vite at Kristus er enhver manns hode, mannen er kvinnens hode, og Kristi hode er Gud. 4 En mann som ber eller taler profetisk med noe på hodet, fører skam over sitt hode. 5 Men en kvinne som ber eller taler profetisk med utildekket hode, fører skam over sitt hode. Det er jo akkurat det samme som å være snauklipt. 6 Hvis en kvinne ikke vil ha noe på hodet, kan hun like godt klippe av seg håret! Men når det nå er en skam for en kvinne å klippe eller barbere av seg håret, da må hun ha noe på hodet. 7 Mannen skal ikke dekke hodet, for han er Guds bilde og ære. Men kvinnen er mannens ære. 8 For mannen ble ikke til av kvinnen, men kvinnen av mannen. 9 Mannen ble heller ikke skapt for kvinnens skyld, men kvinnen for mannens. 10 Derfor skal kvinnen for englenes skyld ha noe på hodet, som et myndighetstegn. 11 Men i Herren er ikke kvinnen uavhengig av mannen, og mannen er ikke uavhengig av kvinnen. 12 For som kvinnen ble til av mannen, blir mannen født av kvinnen, men alt er fra Gud."
Ein kan vel seie at ein del evangelikal litteratur tilslører det Paulus faktisk seier her, i arbeidet for å fremje ulike typar likestilling mellom mann og kvinne. La meg gje nokre korte kommentarar her. For det fyrste: Paulus talar om at mannen er "hovud" for kvinna. Mykje blekk er bruka på å argumentere for at "hovud" kan ha tydinga "kjelde". Eg var veldig open for denne lesinga etter å ha lese både Fee og Wright (kort) argumentere for ho. Men Wayne Grudem endra oppfatninga mi konklusivt. Han viser meir eller mindre fullstendig og avgjerande at "kefale"/"hovud" siktar til "autoritet" og "leiing" i denne artikkelen. Seinare kom det fram påstandar om at kyrkjefedrane skarpt avviste at "Kefale" kunne tyde "autoritet". Grudem viser i denne artikkelen at sanninga er tvert motsett, noko som bør få einkvar til å stanse opp litt og reflektere over måten direkte feilaktige argument kan brukast til stønad for egalitarisme (det same kunne naturlegvis skjedd for den motsatte sida også. Men dette er faktisk eit ganske grelt eksempel. Kroegers misvisande artikkel siterast mange stader ubetenksomt av egalitaristar).
Stundom vert det innvendt at Paulus ikkje kan ha meint at Gud er "hovud" for Kristus i den tyding at Gud er "autoritet" for Kristus og at Kristus er "lydig" mot Gud. Men det er faktisk nettopp dette Paulus seier. Fil 2 er eit soleklart døme på at Kristi gjerning bestod i å vere lydig mot Gud. 1 Kor 15 brukar verbet "hypotagein" - underordning - om det Kristus skal gjere i relasjon til Gud ved tidenes ende. Ein merkar seg altså her at Paulus ser den indretrinitariske relasjonen mellom Kristus og Gud Fader som eit grunnleggjande mønster for relasjonen mellom mann og kvinne. Som Caird peikar på, er det tale om ein "taxis" her: Gud er hovud (=autoritet, leiar) for mannen, Kristus er hovud (=autoritet, leiar) for mannen, mannen er hovud (=autoritet, leiar) for kvinna.
Paulus har skapingssoga i bakhovudet her, nærare bestemt teksten om at mannen vart skapt fyrst, deretter skapte Gud kvinna "av mannen", som ei medhjelp for henne, og han gav henne namn. Dette er i samsvar med at "mannen er Guds bilete og ære" medan kvinna er "mannens ære". Og det er nettopp difor Paulus argumenterer så veldig sterkt med at kjønnsforskjellar ikkje må utliknast i kyrkjelyden. Det er vanskeleg å vite kva kulturell signifikans som låg i dette med "tildekking". Vi veit rett og slett ikkje mykje detaljert om det. Paulus sitt poeng er uansett klart nok; kjønnsforskjellane må kome til uttrykk i kyrkjelyden. Dersom dei blir utviska eller reversert, er dette "ein skam", "ein vanære", seier han. Dette er terminologi som faktisk etter alt å døme reflekterer Rom 1, der Paulus også talar om handlingar som er mot naturen, d. e. homofilt samliv. Desse handlingane vert også omtala med ord frå den same ordgruppa, nemleg "skam" og "vanære".
Og merk også eit anna litt "peculiar" faktum. I slutten av kapittelet talar Paulus om nattverden. Han seier: "Eg har fått frå Herren det eg også overgav til dykk, at Jesus Kristus den natta han vart sviken..." Denne formuleringa finn ein også i kap. 15, når han talar om "det evangelium som eg overgav til dykk, at Kristus døydde for våre synder, at han vart gravlagt" etc. Men så kjem det som er til å tenke på: Paulus brukar også orda "paradidåmi" - overgje - og "paradosis" - overlevering - direkte om det han seier om forholdet mellom mann og kvinne. Ja, det er verdt å reflektere over det. Det leier oss til å tru at denne undervisninga om kjønn faktisk ikkje har sitt opphav frå Paulus sjølv, men er noko han (i alle fall i sentrale delar) har teke imot frå nokon andre - og gjeve vidare. Poenget er at det han her seier om mann og kvinne var felles for dei fyrste kristne, og det god grunn til å spørje om ikkje dette kan førast attende til Jesus sjølv, som vi for øvrig veit at bruka 1 Mos 2,24 i undervisning om ekteskapsetikken.
Eit anna poeng som sjeldan vert nemnt: I 1 Kor 11 argumenterer Paulus ved å seie at mannen vart skapt fyrst, og deretter vart kvinna skapt "av mannen". Og kvinna vart ikkje skapt "for mannens skuld", men "kvinna for mannen". Ok. Dette brukar altså Paulus som grunn for å seie at kvinna i kyrkjelydssamanheng skal uttrykke at ho er underordna mannen, for mannen er "hovud" for kvinna. Ok, det som altså sjeldan eller aldri vert nemnt, er kor djupt parallell denne tankeføringa er med 1 Tim 2, ein djupt omdiskutert tekst som eg skal referere nedanfor. Der talar Paulus om at han ikkje tillet at kvinna skal "lære eller vere herre over mannen". Korleis grunngjev han det der? "Mannen vart skapt fyrst, deretter kvinna". Merk at Paulus her også brukar verbet "hypotagein" - underordning - som han altså påviseleg brukar andre stader i mann/kvinne-relasjonen. Meir om dette nedanfor.
Og så eit poeng til. Kva er grunnen til at Paulus så veldig fastheld skapingsstrukturen? Jo, fordi dette inneber å stadfeste at Gud verkeleg er skapar. Som til dømes Oskar Skarsaune har understreka nøye, var "blasfemia kreatoris" - avvisning av at Israels Gud er skaparen - den definitive vranglæra i oldkyrkja. Dette var gnostikaranes veg. No er det tvilsomt om korintiske kristne var påverka av gnostisisme. Men dei var definitivt på mange måtar freista til å ta eit oppgjer med trua på at Gud har skapt universet, og at han er i ferd med å nyskape det. Utvisking av kjønnsforskjellar er ikkje det einaste punktet der dette skjer. Merk korleis Paulus argumenterer i 1 Kor 6, mot "hor". Poenget der er: Gud har skapt kroppen vår, og Jesus har kjøpt han fri. Difor er kroppen "for Herren". Gud skal nyskape kroppen til Guds rike. Difor må ein halde kroppen "rein", så han ikkje vert smitta av ureinskap, d. e. hor. Eller tenk på 1 Kor 15, der Paulus igjen må stadfeste den treeinige Guds gjerning for å nyskape lekamane våre i oppstoda. Ein del av korintarane sa nemleg at "det ikkje er noka oppstode".
Altså: Det å vere ein kristen kan skildrast på mange måtar. Men ein ting det heilt klart er, er å gjenopprette sin natur, slik han var meint å vere frå skapinga av. Oppstoda er endemålet for dette, men Paulus kan også tale om å vinne attende sitt gudsbilete ved å likne meir og meir på Jesus. "Guds rike" er nettopp eit skaparverk som har blitt berørt av den himmelske herlegdomen, og såleis blitt gjenoppretta og nyskapt. Sidan kjønn er ein del av skapinga, understrekar då Paulus at kjønnspolaritet - og eit liv i samsvar med denne - også er ein del av gjenopprettinga. Og her er noko å tyggje på: På kva måtar utmeislar manglande tru på at Gud har skapt oss, i konkrete handlingar hjå menneske i vesten i dag? Kva handlingar inneber ei praktisk fornekting av Gud som skapar? Det er verdt å reflektere over dette.
Ef 5: Mannen skal elske kona, kona skal underordne seg mannen
Ok - så Paulus fastheld altså ein grunnleggjande struktur mellom kjønna. Mannen er "hovud" i tydinga "autoritet" og "leiar", han er "ære" for kvinna". Difor skal kvinna underordne seg under mannen, det er ein del av "ordenen" i Guds indre natur, ein orden som så skal reflekterast i skaparverket sidan skaparverket - og særleg mennesket i det - er meint å reflektere Guds eige vesen. Denne "ordenen" blir gjort eksplisitt også i Ef 5, for øvrig også ein tekst som har ein tendens til å bli mistolka. Teksten fylgjer her:
"Vær hverandre underordnet i ærefrykt for Kristus! 22 Dere kvinner, underordne dere ektemennene deres som under Herren selv. 23 For mannen er kvinnens hode, slik Kristus er kirkens hode; han er frelser for sin kropp. 24 Som kirken underordner seg Kristus, skal kvinnene underordne seg sine menn i alt.
25 Dere menn, elsk konene deres, slik Kristus elsket kirken og ga seg selv for den, 26 for å gjøre den hellig og rense den med badet i vann, i kraft av et ord. 27 Slik ville han selv føre kirken fram for seg i herlighet, uten den minste flekk eller rynke. Hellig og uten feil skulle den være. 28 På samme måte skal altså mennene elske sine koner som sin egen kropp. Den som elsker sin kone, elsker seg selv. 29 Ingen har noen gang hatet sin egen kropp. Nei, man gir kroppen næring og pleier den på samme måte som Kristus gjør med kirken. 30 For vi er lemmer på hans kropp. 31 Derfor skal mannen forlate far og mor og holde seg til sin hustru, og de to skal være ett. 32 Dette er et stort mysterium; jeg tenker på Kristus og kirken. 33 Men det gjelder også hver enkelt av dere: Hver mann skal elske sin kone som seg selv, og hun skal ha respekt for sin mann."
Ok, denne teksten er det mykje å seie om, og eg skal berre peike på nokre faktorar her. For det fyrste dette. 5,33 vert omsett med at kvinna skal ha "respekt" for sin mann. Men dette er ei litt misvisande omsetjing som heller ikkje er konsistent med omsetjinga av vers 21. Båe stader vert nemleg ordstammen "fobos" bruka. Dette ordet vert godt omsett med "ærefrykt", mindre godt med "respekt". Paulus seier altså: Kona skal ha ærefrykt for mannen. Dette er eit standarduttrykk hjå Paulus for underordning under autoritet. Han brukar det like seinare i den "ærefrykt" slavar skal ha for sine herrar og den "ærefrykt" ein borgar skal ha for styremaktene i Rom 13, og den "ærefrykt" dei truande skal ha for Gud i sitt kristenliv i Fil 2.
Som bringar oss over på det neste punktet: Når Paulus seier: "Underordne dykk under kvarandre i ærefrykt for Kristus", så meiner han ganske sannsynleg ikkje at alle skal underordne seg under kvarandre, slik det ofte vert sagt frå dei som argumenterer for likestilling. Paulus seier derimot: "Underordne dykk under kvarandre i ærefrykt for Kristus [på fylgjande måte]: Kvinner, underordne dykk under dykkar menn, og ha ærefrykt for dei". "Born, underordne dykk under dykkar foreldre". "Slavar, underordne dykk under dykkar herrar og ha ærefrykt for dei". Med andre ord: Paulus utlegg ein "taxis", ein autoritetsorden. Merk at Paulus i Rom 13 talar om at ein skal underordne seg "autoritetar" i pluralis, liksom også Peter gjer i 1 Pet 2,13: "Underordne dykk under einkvar menneskeleg autoritet." Det Paulus seier i Ef 5 er altså ein sentral del av Paulus' syn på autoritet i skaparverket. Gud er ikkje uordens Gud, men ordens Gud, jfr. 1 Kor 14.
Ok. Merk elles kva Paulus seier i Ef 5. Kvinnene skal underordne seg sine eigne menn "som under Herren sjølv". Kvifor? Jo, fordi mannen er "hovud" (gr. "kefale") for kvinna, men Kristus er hovud for kyrkjelyden. Liksom kyrkjelyden er lydig mot Kristus, skal kvinna vere lydig mot mannen i alle ting. Dette er altså ein bestemt autoritetsstruktur på bakgrunn av skaparverkets mønster, som altså reflekterer Guds eige herredøme. Men forholdet mellom mannen og kvinna er også soteriologisk/frelsesmessig bestemt. For mannen skal vere hovud for kvinna liksom Kristus er hovud for kyrkjelyden, ok. Men det betyr også at mannen må vere hovud/autoritet på den måten som Jesus var det. Jesus var herre ved å tene, ved å elske, ved å ofre seg sjølv. Og dette er også mannens førebilete når han sjølv skal leve i ærefrykt for Gud med sitt liv. Mannen er forplikta til å tene kona si heilhjarta, til å elske henne heilhjarta, til å ofre seg sjølv for henne heilhjarta.
Som nemnt ovanfor innebar m. a. dette mannsidealet ei nesten fullstendig forvandling av kjønnsroller i romarriket. Og einkvar som vil avskaffe nytestamentlege kjønnsroller, bør også tenke på kva som går tapt her. Det er verd å reflektere over at særskilte kjønnsroller neppe vil bestå over tid dersom dei er i strid med dei metafysiske og etiske oppfatningar som folk held for å vere sanne. Einkvar kan reflektere over kva metafysikk som rår i vesten no for tida, og korleis denne over tid vil slå ut for kvinner. Det vil neppe bli pent, spør du meg (rettare sagt: Det er ikkje særleg pent allereie no).
Ok. Eg skal hoppe vidare til nok ein tekst som ofte blir oversett, men som er med på å understreke kor einskapleg kjønnstenkinga i NT er på desse punkta. Eg siktar til 1 Pet 3, med kontekst:
1 Pet 3: Koner skal underordne seg, menn skal vise omtanke
"På samme måte skal dere kvinner underordne dere mennene deres. Slik kan de mennene som ikke vil tro på Ordet, bli vunnet – ikke ved ord, men ved sin kones livsførsel, 2 når de ser hvordan dere lever i renhet og gudsfrykt. 3 La ikke ytre stas, som frisyrer, gullkjeder og fine klær være det som pryder dere, 4 men hjertet, det skjulte mennesket med sin milde og rolige ånd, som er uforgjengelig og dyrebar for Gud. 5 For slik smykket de hellige kvinnene seg i tidligere tider, de som satte sin lit til Gud. De underordnet seg sine menn, 6 slik Sara var lydig mot Abraham og kalte ham herre. Hennes døtre er dere nå blitt, når dere gjør det gode og ikke lar dere skremme av noen trussel. 7 På samme måte dere menn: Vis omtanke i samlivet med kvinnen, som er den svakere part. Vis henne ære, for sammen skal dere arve nåden og livet. Gjør dette, så ikke deres bønner blir hindret."
Ok, berre nokre refleksjonar her. Peter innleier kap 3 ved å seie "På same måte..." Dette er fordi han som tidlegare nemnt er i ferd med å utleggje ei rekke formaningar, og desse utlegg også autoritetsstrukturar. Han innleidde med å seie: "Underordne dykk under einkvar menneskeleg autoritet for Herrens skuld." Så heldt han fram med å seie at alle må underordne seg under keisar, landshovdingar o. l. Så sa han at slavar må underordne seg under sine herrar. Seinare seier han at dei yngre må underordne seg under sine "eldste" - d. e. kyrkjelydsleiarane. Men Peter understrekar nøye at alle må vere audmjuke mot kvarandre, ingen må vere harde mot kvarandre, alle må leve i kjærleik og teneste for kvarandre. Men dette opphever altså ikkje den grunnleggjande autoritetsstrukturen.
Merk elles at Peter her tek utgangspunkt i eit gamaltestamentleg førebilete, nemleg Sara og Abraham, som understreking av "herre"/"underordning"-modellen i ekteskapet. Merk elles også at Peter åtvarer i denne samanhengen mot at kvinner skal ha masse ytre kosmetikk som sin "pryd". Nei, kvinnene skal ha ei "mild og roleg ånd". Dette er etter mitt syn høgst relevant stoff når vi seinare skal sjå på 1 Tim 2. Her er det svært tydelege parallellar, og jamvel bruk av same ord, i same argumentative kontekst. Før vi ser på denne teksten, vil eg ta ein sveip innom Gal 3,28. Dette er ein tekst som ofte vert bruka på mange ulike måtar for å argumentere for "frigjering" av kvinner, homofile etc.
Gal 3,28: Ingen forskjell i korleis ein blir ein del av Guds familie
"Før troen kom, var vi i varetekt under loven, innestengt helt til den tro som skulle komme, ble åpenbart. 24 Slik var loven vår vokter til Kristus kom, for at vi skulle bli erklært rettferdige ved tro. 25 Men nå når troen er kommet, er vi ikke lenger under vokteren. 26 For dere er alle Guds barn ved troen på Kristus Jesus. 27 Alle dere som er døpt til Kristus, har kledd dere i Kristus. 28 Her er ikke jøde eller greker, her er ikke slave eller fri, her er ikke mann og kvinne. Dere er alle én i Kristus Jesus. 29 Og hører dere Kristus til, er dere Abrahams ætt og arvinger etter løftet."
Ok, litt kort. Gal 3,28 kan så langt eg ser ikkje brukast for å uttale seg om Paulus' syn på kvinners teneste eller korleis menn og kvinner skal opptre i gudstenesteliv og ekteskap. Poenget i denne teksten er nemleg tydeleg ikkje at kjønnspolariteten opphevast. Poenget er heller at når det gjeld å bli eit Abrahams barn, d. e. å bli ein del av Guds familie, den slekta som Gud velsignar, så har det ikkje noko å seie å vere mann (til dømes ved å vere omskoren, og såleis vere kjønnseksklusiv berar av paktsteiknet på sin kropp). Her stiller mann og kvinne likt, for det er trua på Messias som gjeld, ikkje omskjering.
Dersom vi vil vite kva konkrete konsekvenser dette så for i sosial og praktisk forstand, så må vi leite andre stader hjå Paulus, for det er ikkje dette Paulus drøftar i Gal 3. Han drøftar det for øvrig i nokon grad elles i Galatarbrevet (og Rom 14!), noko som er instruktivt nok. Den sosiale konsekvensen av rettferdiggjeringslæra er at alle i kyrkjelyden må respektere kvarandre som medlemer av Guds folk når ein trur på Messias, noko som inneber at ein ikkje kan la matforskrifter, mangel av omskjering, ytre reinleiksomsyn etc. hindre fellesskapet i trua på Jesus. Ein har derimot plikt til å elske, tene, vere eitt med alle som trur på Messias.
Men denne trua på Messias står altså ikkje i strid med trua på den Faderen/Skaparen som sendte Messias som sin son for å lauskjøpe oss (Gal 4,4). Difor ser heller ikkje Paulus noko problem i å fasthalde rettferdiggjering, sosialt fellesskap i trua på Messias, skapingsstruktur etc. innanfor ramma av eitt evangelium. I det fylgjande skal eg ta eit kort sveip innom 1 Kor 14 før eg går til den siste teksten, 1 Tim 2.
1 Kor 14: Kvinnene skal tie i kyrkjelydane
"Som i alle de helliges menigheter 34 skal kvinnene tie når menigheten samles. Det er ikke tillatt for dem å tale; de skal underordne seg, slik også loven sier. 35 Hvis det er noe de vil lære, så la dem spørre sine menn hjemme. For det er en skam for en kvinne å tale i menigheten. 36 Var det kanskje fra dere Guds ord gikk ut? Er det bare til dere ordet er kommet? 37 Hvis noen mener seg å være profet eller ha åndsgaver, så skal han vite at det jeg skriver, er et Herrens bud. 38 Den som ikke godtar dette, blir selv ikke godtatt. 39 Derfor, mine søsken: Vær ivrige etter å tale profetisk, og hindre ikke tungetale. 40 Men la alt gå sømmelig og ordentlig for seg!"
Nokre, som G. Fee, meiner at versa er ein interpolasjon, dvs. at dei er lagt til Paulus' brev seinare. Nokre handskrifter har nemleg desse versa på ein annan stad i kapittelet, litt flytta. Men ingen handskrifter manglar desse versa, og dette talar ganske sterkt imot at dei er ein interpolasjon. Vi må rekne med at Paulus faktisk skreiv dei. Ok. Denne teksten er ei eksegetisk nøtt. I 1 Kor 11 har Paulus sagt at kvinnene er med og talar profetisk. Dette er tale til oppmuntring, formaning og trøyst. Det er tale som retta til den enkelte i dens situasjon, med utgangspunkt i evangeliet. Slik tale kan kvinner ta del i, slik ein for øvrig også ser i Apg. Og dette skjer åpenbart innanfor ramma av ordinære kyrkjelydssamlingar, så langt eg kan sjå.
Problemet er at Paulus seier at kvinner skal "tie" i kyrkjelydane [merk: pluralis, ikkje singularis, som i Bibelselskapet si omsetjing!], at dei ikkje har lov til å "tale". Dette er enkle og likeframme ord utan særskilte, spesielle tydingar. Men kva meiner Paulus? Eit vanleg løysingsforsøk er å seie at Paulus vil unngå at kvinner "bråkar" ved å rope og stille spørsmål i kyrkjelydssamlingane. Dei må heller "lære" og stille spørsmål heime i staden for. Dette er vel ei mogleg lesing. Men det er også ei høgst problematisk lesing, fyrst og fremst på grunn av måten Paulus argumenterer på. Han lessar på formaning etter formaning:
- Han henviser til økumenisk praksis, d. e. korleis praksisen er i "alle kyrkjelydane". (Eg reknar her med at v. 33b høyrer til 34a, men her er det ein debatt).
- Han henviser til at kvinnene skal "underordne seg", slik det også vert sagt i kap. 11, i Ef, i 1 Pet, i 1 Tim.
- Han peikar på at også "lova" seier dette, sjølv om det her er stor uvisse om kva tekst(ar) han faktisk siktar til. "Lova" hjå Paulus betyr fyrst og fremst Torahen, men kan også bety andre skrifter i GT.
- Han peikar på at det er "ein skam" for kvinner å tale i kyrkjelyden, jfr. det eg ovanfor skreiv om at Paulus anvender "skam/vanære"-terminologi i samanheng med natur-argumentasjon.
- Vidare peikar Paulus på at Guds Ord er kome til korintarane, det er ikkje gått ut frå dei. Altså bør dei vere lojale mot det ordet dei har fått, d. e. evangeliet.
- Paulus peikar vidare på sin autoritet som forkynnar av "Herrens bod" (for øvrig står bod i pluralis, "entolai". Bibelselskapet si omsetjing "et Herrens bud" er feil).
- Han seier at den som ikkje godtek dette, vil ikkje sjølv bli godteke. Dette siste reflekterer elles det Paulus seier i 1 Tess 4,8: "Den som avviser [desse retningslinene], avviser ikkje menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande."
Altså: Skal vi tru at alle Paulus lesser på alle desse formaningane berre for å ta oppgjer med uro og bråk i kyrkjelyden i Korint? Det verkar etter mitt syn svært lite plausibelt. Merk at Paulus allereie i 1 Kor 11 har teke opp problematikken rundt utvisking/reversering av skapingsmessige kjønnsforskjellar i kyrkjelyden. Her kjem han inn på tematikken att, og det er så langt eg kan sjå naturleg å lese desse to passasjane i ljos av kvarandre. Men nøyaktig kva er det Paulus kritiserer? Og kva er det han føreskriv? Her har eg ikkje eit godt svar - det er også usemje blant eksegetar, også konservative. Kanskje kan ein halde ein forsiktig knapp på DA Carsons lesing av denne passasjen. Han les desse versa i ljos av dei føregåande, som har å gjere med prøving av profetisk tale. Kanskje er det dette Paulus argumenterer så sterkt imot, fordi slik tolking og prøving vil innebere å ta ein lærefunksjon i kyrkjelyden. Det er heilt sant at "læring"/"didaskein"-ordet ikkje vert bruka her, så denne lesinga må innrømmast å vere "a long shot". Men kanskje er det ei plausibel lesing. Til slutt skal eg ta fram 1 Tim 2:
1 Tim 2: Kvinnene skal underordne seg og ikkje lære i kyrkjelyden
"På hvert sted vil jeg at mennene skal be med løftede og rene hender, uten sinne og strid. 9 På samme måte skal kvinnene oppføre seg sømmelig. De skal pynte seg med måte og forstand, ikke med alle slags fletninger, gullsmykker, perler eller dyre klær, 10 men med gode gjerninger, slik det passer seg for kvinner som vil leve gudfryktig.
11 En kvinne skal ta imot opplæring i stillhet og underordne seg i alt. 12 Jeg tillater ikke en kvinne å undervise eller bestemme over mannen, hun skal være stille. 13 For Adam ble skapt først og så Eva. 14 Og det var ikke Adam som lot seg lokke, men kvinnen lot seg lokke og brøt budet. 15 Men hun skal bli frelst gjennom barnefødselen – bare de viser forstand og lever i tro, kjærlighet og hellighet."
Ok, fyrst nokre merknader om forholdet mellom 1 Pet 3 og 1 Tim 2. Her er det nemleg mange slåande likskapar. Likskapane blir desto fleire når vi trekker inn 1 Kor og Ef. Paulus seier 1 Tim 2 at kvinnene ikkje skal la sin pryd vere i hårflettingar, perler, dyre klede. Eg trur neppe dette er tenkt som eit absolutt forbod mot slikt, men heller som ei retning i kva ein skal verdsetje i sin kvinnelegheit. Uansett. Merk kor slåande likt Peter sa det i sitt brev: "La ikke ytre stas, som frisyrer, gullkjeder og fine klær være det som pryder dere, men hjertet, det skjulte mennesket med sin milde og rolige ånd, som er uforgjengelig og dyrebar for Gud." Peter talar også altså om "ei roleg ånd", og han brukar ordet "hesykjia". Det er nett det same ordet som Paulus brukar her når han talar om at kvinnene skal vere "i ro". Peter bruka ordet "hypotagein", "underordning". Det gjer også Paulus her, liksom i 1 Kor 14, Kol 3, Ef 5 (og implisitt i "hovud"-terminologien i 1 Kor 11.
Men det er fleire likskapar. I 1 Kor 11 argumenterte Paulus med at kvinna skulle underordne seg mannen og vise dette i kyrkjelyden, i og med at mannen er hovud for kvinna. For: Mannen vart skapt fyrst, kvinna vart skapt for mannens skuld. Merk: Det er nett den same argumentasjonen her i 1 Tim 2: Mannen vart skapt fyrst, deretter kvinna. Dette er ei grunngjeving for eit særskilt bod som Paulus gjev, nemleg at kvinna ikkje vert tillete å "lære eller dominere over mannen". Dette er for øvrig sannsynlegvis den beste omsetjinga, slik Andreas J. Köstenberger gjer kort greie for i denne artikkelen, med referansar. (Omsetjinga "Å lære med henblikk på å vere herre over mannen" er altså ganske usannsynleg, og vert avvist av dei aller fleste, uavhengig av syn på kvinneleg teneste).
For øvrig er det så langt eg kan sjå veldig vanskeleg å argumentere for at Paulus her brukar "undervise"/"didaskein" i negativ forstand, som å "lære vrangt". Han brukar nemleg elles ordet "heterodidaskein" for dette ordet i pastoralbreva. "Didaskein" kan nok heller sjåast som eit uttrykk for overlevering av den apostoliske "skatten", evangeliet om Jesus. Det betyr at den mest nærliggjande lesinga (slik eg ser ting no, med utgangspunkt i den argumentasjonen eg presenterer her) av 1 Tim 2 er at Paulus her avviser at kvinner skal ta del i autoritativ overlevering av denne læretradisjonen. Det betyr, innanfor ramma av pastoralbreva, at tenesta med å vere "tilsynsmann"/"eldste" er forbeholdt menn.
Eg trur dermed ikkje det er tilfeldig at Paulus held fram direkte etter dei siterte versa ovanfor med å tale om tenesta som "tilsynsmann"/"episkopos" (som for øvrig etter mitt syn i nytestamentleg tid er identisk med tenesta som "eldste"/"presbyteros", sidan desse to titlane etter alt å døme vert bruka synonymt i Tit 1 og Apg 20). For øvrig har Paulus elles mykje å seie om kvinners teneste elles i pastoralbreva (for ja, eg meiner Paulus er forfattar av desse breva, sjå referansar i min artikkel om kvalifikasjonskrav for tilsynsmenn, i Ung Teologi for nokre månader sidan).
Kva så med den kulturelle bakgrunnen her? Artemis-kult og "new Roman women"-rørsla - båe fenomen med sterke "feministiske" islett? Eg meiner det er ein uhyre viktig tommelfingerregel å lese nytestamentlege tekstar i ljos av den kulturelle, sosiale, religiøse konteksten. Dette handlar om at NT handlar om reell historie, og reell historie har vi berre tilgang til i den grad vi rekonstruerer eit heilskapleg bilete av den situasjonen vi undersøker. Det betyr at all relevant sanning må takast med i biletet - og vi må altså freiste å lage eit koherent, men minst mogleg ad-hoc, bilete som tek omsyn til alle data og samstundes kan bidra til å kaste ljos over andre delar av røyndomen, både i fortid og ettertid. (Ok, her er eg sterkt påverka av Wrights NTPG. Ei vidunderleg bok.)
Så ja, polemiserer Paulus mot slike kulturelle tendensar? Godt mogleg. Eg kjenner rett og slett ikkje denne bakgrunnen godt nok. Det er for øvrig også teikn på at vranglæra han kjempa mot hadde ein særleg inngang hjå kvinner. Men ja, eg ser ikkje gode eksegetiske grunnar for å tru at 1 Tim 2,9ff. likevel er a-prinsipielle utsegner. Tvert om ser eg veldig mange gode grunnar til å tenke at dei faktisk er det, særleg når dei lesast i ljos av resten av Paulus' og Peters teologi (slik det for øvrig også er mange gode grunnar til å gjere!)
[Eit lite tillegg her, nemleg ein relevant tekst som eg gløymte å ta med]
Kol 3,18-4,1: Kvinner underordne seg mennene; menn elske konene
Dere kvinner, underordne dere ektemennene deres, som det sømmer seg i Herren. 19 Dere menn, elsk konene deres og vær ikke harde mot dem. 20 Dere barn, vær lydige mot foreldrene deres i alt, det er Herrens gode vilje. 21 Dere fedre, vær ikke så strenge mot barna deres at de mister motet. 22 Dere slaver, adlyd deres jordiske herrer i alt. Vær ikke øyentjenere som bare vil gjøre mennesker til lags, men adlyd dem av et oppriktig hjerte og i ærefrykt for Herren. 23 Alt arbeid skal dere gjøre helhjertet, for det er Herren og ikke mennesker dere tjener. 24 Og dere vet at Herren skal gi dere sin arv som lønn. Tjen Herren Kristus! 25 Men den som gjør urett, skal få lønn som fortjent. Her er det ikke forskjell på folk. 1 Dere som er herrer, behandle slavene deres rett og rettferdig, for dere vet at også dere har en herre i himmelen.
Denne teksten heng godt saman med Ef 5, slik mykje av Kol elles også gjer. Og teksten er elles godt i tråd med det som vi har sett at fleire gonger blir understreka i NT. Koner skal underordne seg under sine menn, "slik det sømer seg i Herren". Menn skal elske konene og ikkje vere harde mot dei. Så fylgjer også andre autoritetsrelasjonar; born skal vere lydige mot foreldra sine; slavar skal lyde sine jordiske herrar. Det blir understreka at teneste etter desse mønstera er "for Herren", liksom også i Ef 5.
Etterord
Eit lite etterord til slutt. Eg vil gjerne understreke at eg ikkje har nokon spesielle "aksjar" i denne saka. Dette seier eg vel vitande om at slike utsegner godt kan vere prega av at ein er "self-deceived". Men ja, eg kunne godt hatt eit anna standpunkt, eg, dersom eg vart overtydd av argumentasjonen. I praksis har eg faktisk i nokon grad vore i stadig utvikling i denne saka. Og eg har lese i alle fall ein god del motargumentasjon, til dømes av Wright, Keener og MF-lærarar. Eg anbefaler Keeners "Paul, women and wives" dersom du ynskjer ein skarp evangelikal som har ei relativt anna forståing av desse tekstane enn eg. Wrights artikkel her er også lesverdig. Eg har lært ein god del av denne, men eg er ikkje samd med hans forståing av "kefale" eller hans forståing av 1 Tim 2. (Og det er sjeldan eg er så usamd med Wright, altså.) På den konservative sida anbefaler eg Piper og Grudems "Recovering biblical manhood and womanhood", eller også denne sida.
Hm. Om eg kan seie eit "prinsipp" som eg har halde godt fast på, og som er styrande, så er det Paulus' autoritet som apostel. Denne inneber at det er viktig å kome til botnen i det han faktisk meinte. Og det er i større eller mindre grad det eg har prøvd på ovanfor, i full fart. Men her er enormt mange fleire problemstillingar å diskutere, sjølv om det ovanfor nok er ein del av dei aller mest sentrale, relativt overflatisk og fragmentarisk behandla. Poenget er uansett at eg her har utelatt heilt spørsmålet om notidig applikasjon av desse tekstane og prinsippa i dei. Her er det også nok å ta tak i, for å seie det slik. Og det er ein veldig spennande debatt, der du gjerne må kome med dine innspel.
Vel, dersom du har lese så langt som dette, så tippar eg du er såpass interessert at du kanskje også har andre kommentarar eller innvendingar. Det er eg berre glad for å få. Berre pass på å vere sakleg og høfleg, så.

Thursday, September 22, 2011
Ein kommentar frå Harald Hauge, om Jesu død etc.
[Harald hadde litt problem med å poste dette som kommentar, så eg tek meg den fridom å berre poste det som ein vanleg post her, eg. Håpar det går greitt, Harald.]
Gode poeng!
Jeg skulle gjerne hørt Påls tale om temaet.
Til det du skriver om Jesu død for mine synder:
Det er noe med det: En forsoningslære av det mer "matematiske" slaget som ikke tar hensyn til en større narrativ, er i bunn og grunn uinteressant.
Synd er så langt jeg kan forstå noe mer enn det jeg tenker og føler, det er noe jeg _gjør_ mot andre og noe _vi_ gjør mot _hverandre_, det er med andre ord en del av det dramatiske samspillet vi kaller historien. Dessuten er det jo slik at døden ikke bare er en slags kjedelig "bieffekt" av synden, men i bunn og grunn er _selve problemet_. For døden gjør enkeltsynders konsekvenser endelige idet den setter grense for forsoningens mulighet, i og med at man ikke kan drive forsoningsarbeid når man er død eller med noen som er død. Forsoning og helbredelse tar tid, og vi har ikke ubegrenset med slikt; døden setter dermed grenser for hva vi selv kan gjøre med synden.
Hva korset angår, har jeg for min del hatt stor glede av å lese det Robert Jenson skriver om temaet i sin ST. Han er helt kompromissløs i sin tilknytning til Jesusfortellingen (nettopp som narrativ). Grunnstrukturen i fortellingen er at en mann som dør blir levende igjen. Det er dette med "blir levende igjen" som er det sentrale, i og med at det utgjør konklusjonen i fortellingen, og da må både livsfortellingen og dødsfortellingen leses i lys av oppstandelsesfortellingen. Oppstandelsen bekrefter hele Jesu livsprosjekt – at han er Messias – alt dette som korset stilte spørsmål ved. Oppstandelsen viser oss at kjærligheten faktisk er sterkere enn døden og at full forsoning derfor _er_ mulig: Synden får ikke siste ordet. Det er jo en hel forsoningslære i seg selv.
Jensons andre poeng er heller ikke dumt: All rituell offerpraksis er i bunn og grunn en form for bønn hvor bønnen (om tilgivelse eller hva man nå ber om) bæres fram i form av offeret. Jesu "offer" på korset må derfor først og fremst forstås som en bønn. Og hvilken bønn er det Jesus ber? Han ber "Far, tilgi dem, for de vet ikke hva de gjør!" Som Jenson sier (gang på gang, mange steder, både i ST og ellers): Dersom Gud Fader vil ta imot denne mannen som sin Sønn, da må han ta imot hans bønn for sine bødler, og da må han nødvendigvis ta imot alle oss andre også. Han kan ikke ha Jesus som sin Sønn uten å gjøre oss til sine barn. Derfor viser oppstandelsen at Gud vil ta imot oss som sine barn. Han reiste jo opp Jesus som Messias og bekreftet hans status som Sønnen.
Jeg synes slik tale gir mye mer mening enn all slags annen "forsoningsmatematikk", i tillegg til at det henger godt sammen med det du poengterer, nemlig at Jesusfortellingen først og fremst må leses som en del av et større narrativ, nemlig fortellingen om Guds frelseshandlinger i og gjennom Messias.
========
Litt mer bare til deg: Jeg vil gjerne gi deg skryt for bloggen. Den er artig å følge med på. Jeg kommenterer ikke mye, men jeg leser det meste du skriver! Men jeg synes det er litt vanskelig å følge med på samtalen av og til. Jeg savner noen tagger eller kategorier på postene, sånn at det er litt lettere å orientere seg i arkivet, og så savner jeg _veldig_ en sånn "de 5 siste kommentarene"-funksjon som viser hvor de varme debattfeltene p.t. er. Men det er kanskje vanskelig å få til i blogspot?
Alt godt!
Harald
[Takk for kommentaren! Eg skal lese meir nøye i morgon, no er eg altfor trøytt. Men det verkar veldig fornuftig. Har elles lagt til eit kommentarfelt. Dette med tag'ar...hm...får eg tenke litt på kva eg gjer med.]

Wednesday, September 21, 2011
Macintyres kritikk av Kant
Kant er den største og viktigste filosofen i "opplysningstida". Dersom Macintyres tese om at den sk. opplysningstidas forsøk på å grunngje moral har gått i stykker, så må han også vise at Kants forsøk ikkje lukkast, d. e. forsøket på å byggje moral utelukkande på "fornuft". Ok, AM sin kritikk er ikkje spesielt omfattande, men han er veldig interessant. Så eg refererer han i det fylgjande, frå After Virtue, s. 43 og utover.
Kants moral byggjer særleg på to teser:
1. Dersom reglar for moral skal vere rasjonelle, så må dei vere dei same for alle skapningar, liksom også matematiske reglar er det.
2. Dersom reglar for moral skal vere bindande, så må dei vere uavhengige av vår kontingente (d. e. "tilfeldige", ikkje-nødvendige) evne til å utføre dei. Det som gjeld, er viljen til å utføre dei.
Derav fylgjer det at måten å finne rettferdiggjering av moral, er å finne ein rasjonell test som kan avgjere kva som er rette maksimer (d. e. ein etablert påstand, eit prinsipp, moralreglar), altså maksimer som leier viljen, og som er ekte uttrykk for morallova.
AM peikar her på at Kant aldri var i tvil om kva maksimar som faktisk var i samsvar med denne lova; det var slike konservative maksimar som han hadde lært av sine lutherske foreldre.
Men korleis skal ein utforme den rasjonelle testen for kva maksimar som er moralske? Kant avviser testen kan dreie seg om kva handlingar som fører til "lukke". Dette konseptet er for vagt, for skiftande. Dessutan ville då vår plikt til å handle moralsk ikkje vere absolutt, men heller avhengig av om handlinga førte til lukke. Kant meinte derimot at morallova gjev oss ubetinga, kategoriske moralplikter.
Men Kant ville heller ikkje byggje moral på Guds openberra bod. For korleis kan vi vite at desse boda er moralske? Då måtte vi ha ein rasjonell standard uavhengig av Guds openberra bod, slik at vi kunne vurdere Guds ord og gjerningar og såleis finne ut om dei var moralsk verdige. Men: Dersom vi eigde ein slik "rasjonell standard", så ville vi uansett ikkje trenge Guds openberra bod for å vite kva som var moralsk.
(EKSKURS: Ein treng vel knapt understreke at Kant her er eit langt stykke unna røyndomsforståinga i Bibelen, og særleg NT. Der blir det understreka at Gud har skapt oss, han held oss oppe i liv kvar dag. Altså skuldar vi han alt. Men det er også ein djupare "rasjonalitet" på gang her: Gud har openberra seg endegyldig i Jesus, og "kjøpt oss frie" via hans død og oppstode. Siktemålet med dette er å nyskape himmel og jord, slik at Guds herlegdom overfløymer skaparverket (D. e. at Guds namn helgast, at Guds rike kjem fullkoment, at Guds vilje skjer fullkoment på jorda så som i himmelen). Og målet med menneskelivet er å leve i dette narrativet, å leve "på veg" fram mot dette Guds rike. Og dette betyr at ein allereie no - "på forskot" - må ta del i nyskapinga av skaparverket i sin eigen natur, d. e. sin eigen kropp, med måten ein lever på. Eller sagt med andre ord: Ein må vinne attende sitt gudsbilete, sin gudsrefleksjon - for skaparverkets eigentlege intensjon var alltid å reflektere Guds vesen. Og ved Jesu atterkome, på domedag, kjem skaparverket igjen til å gjere det. Igjen: Kant opererer med heilt andre kategoriar, og ein ganske annan metafysikk.)
Kant avviser altså at den praktiske (moralske) fornufta vår treng nokon slags ekstern, rasjonell standard. Verken røynsle eller Guds bod kan hjelpe oss. Og dei er heller ikkje nødvendige. Som AM skriv: "It is the essence of reason that is lays down principles which are universal, categorical and internally consistent. Hence a rational morality will lay down principles which both can and ought to be held by all men, independent of circumstances and conditions, and which could consistently be obeyed by every rational agent on every occasion."
Dermed er det også mogleg å lage ein test: Ein må alltid spørje om den foreslåtte maksimen (d. e. handlingsregelen) kan gjerast til ei allmenn lov. Dette er det sk. kategoriske imperativ.
Men så fylgjer då AM sin veldig interessant kritikk av Kant. Kant legg fram maksimar som "Alltid fortel sanninga", eller "Alltid hald løfte" eller "Ver miskunnsam mot dei som er i naud"; desse består testen, meiner han. Men Kant må også bruke ein del veldig dårlege argument. Til dømes meiner Kant at maksimen "Aldri ta sjølvmord" er moralsk rasjonell. Men kvifor det? Kan ein ikkje heller seie: "Ta alltid livet ditt dersom utsiktene for smerte veg meir enn utsiktene for lukke"? Nei, seier Kant, fordi ein slik maksime vil "motseie ein livsimpuls som vi alle har implantert i oss". AM kommenterer: Dette ville vere som å avvise at ein kan klyppe håret sitt fordi ei slik handling vil motseie hårveksten vi har implantert i oss.
Men det er ikkje berre slike store feil i Kants argumentasjon. Det er også eit problem at "trivielle, ikkje-moralske maksimer" lett består testen som Kant set fram. Ja, stundom er dei umoralske maksimene lettare å forsvare enn dei moralske, meiner AM. Kva med desse, til dømes? "Hald alle løfter gjennom livet ditt, unnateke eitt". Eller: "Forfylg alle som har falske, religiøse trusstandpunkt". Eller: "Et alltid muslingar på måndagar i mars". Alle desse kan ein utan logisk inkoherens gjere universelle.
Kant ville verne seg mot denne typen forsvar av trivielle og umoralske maksimar ved å sidestille det kategoriske imperativet med eit anna prinsipp, nemleg "Handle alltid slik at du behandlar menneske - anten deg sjølv eller andre - som eit mål, ikkje eit middel". Det betyr noko i retning av at ein ikkje skal "bruke" menneske på ein irrasjonell, manipulerande måte, som middel for eins eigen vilje, rett og slett. Nei, ein skal gje rasjonelle grunnar for måten ein behandlar andre menneske; grunnar som også den andre personen vil kunne akseptere. Ein må såleis ta omsyn til rasjonaliteten også hjå den andre personen, når ein vil påverke han.
"But Kant gives us no good reason for holding this position", seier AM. Ein kan vere heilt konsistent og samstundes ignorere dette prinsippet. Ein kan til dømes inneha posisjonen: "La alle bli behandla som middel, men berre ikkje eg". Dersom alle tenkte slik, ville ikkje utfallet bli så positivt. Men det er ikkje noko irrasjonelt ved ein slik posisjon, seier AM. Dersom ein freistar å påkalle grunnar som har å gjere med at dette ville føre til dårlege røynsler, lite lukke etc., så har ein allereie forlatt Kants moral-tenking, som altså eksplisitt avviste at røynsle og lukke kunne vere standardar som viste oss kva som er god moral.
AM konkluderer difor med at Kants moralsystem mislukkast. Men Kants moralsystem var ein skarp reaksjon på - og eit forsøk på å gje ein betre posisjon enn - eit tidlegare moralsystem som også hadde mislukkast, nemleg Diderot og Humes appell til "desires and passions". AMs kritikk av desses moral kan ein finne i det same kapittelet. AMs konklusjon lyder i alle fall som fylgjer:
"The project of providing av rational vindication of morality had decisively failed; and from henceforward the morality of our predecessor culture - and subsequently or own - lacked any public, shared rationale or justification. In a world of secular rationality religion could no longer provide such a shared background and foundation for moral discourse and action; and the failure of philosophy to provide what religion could no longer furnish was an important cause of philosophy losing its central cultural role and becoming a marginal, narrowly academic subject."
Etter dette fylgjer altså kap. 5: "Why the Enlightenment Project of Justifying Morality Had to Fail". Som ein altså kan forstå at er eit veldig interessant kapittel. Suffice to say at sentrale aktørar i kapittelet er reformatorane og Aristoteles.
Uansett, ein liten kommentar. Eg ser at JH Matlary har skrive ein kommentar i Aftenposten, her. Ho fekk eit spørsmål av ein journalist: "Korleis kan du som moderne, topputdanna kvinne vere katolikk?" Ho svara: "Ditt spørsmål avslører dine fordomar." Og resten av artikkelen dreier seg om korleis Noreg er for ein stor del avsondra frå resten av verda, livssynsmessig. Og korleis visse tema - særleg abortsak og familiesyn - er tabu i den offentlege debatten.
Matlary er alltid interessant å lese. Men her har eg berre eit par kommentarar. For det fyrste: Det er naturlegvis eit uttrykk for uvitenhet å spørje korleis ei "topputdanna kvinne" kan vere katolikk. Ein kunne like gjerne spørje korleis ei "topputdanna kvinne" kan vere ontologisk materialist, som altså er eit metafysisk standpunkt som knapt er mogleg å halde oppe.
Likevel: Kven ber ansvaret her, for uvitenheten hjå denne journalisten? Naturlegvis store delar av akademia, som på mange punkt underviser som om svart er kvitt og kvitt er svart. Men hovudansvaret ligg på kristne sjølve. Kristne er forunderleg lågmælte i offentleg debatt, med nokre heiderlege unntak. Den tida då kristendomen som truverdig livssyn "automatisk" vart forsvart i og gjennom statlege institusjonar og høgtider, er borte. Men norsk kristenhet har ikkje heilt vakna opp og smelt the coffee, for å seie det slik.
Det er vidare sant at abortsyn og familiesyn er noko av det mest sentrale ein kan debattere. For desse standpunkta heng nøye saman med kva mennesket er, og kva føremålet med menneskelivet er. Likevel: Det er meir sentrale tema som er om mogleg endå meir fråverande frå norsk offentleg debatt. Spørsmål som: Kva er no eigentleg meininga med livet? Har kristendomen utspela si rolle som truverdig livssyn? Kva er den ytste røyndomen? Etc.
Djupt sentrale spørsmål, og eg trur eg uansett kan seie at ein ikkje er særleg smart dersom ein avviser dei og "lever livets glade dager". Dette ville kanskje vore smart dersom ein kunne ha eit velgrunngjeve standpunkt om at "det er umogleg å finne svar på desse spørsmåla". Eit slikt velgrunngjeve standpunkt finst naturlegvis ikkje, men store delar av det norske offentlege rom oppfører seg om det er tilfelle. Og dette har naturlegvis med den viktige rolla ideologisk liberalisme og sekulært demokrati spelar i dagens samfunn. (Sjå til dømes Charles Taylors "A secular age" eller Pierre Manents "An intellectual history of liberalism".)
Sagt med andre ord: "The game is rigged". Pluralistiske standpunkt, relativistiske standpunkt, agnostiske standpunkt etc. blir aktivt framheia, ikkje berre av massemedia, men særleg av styremaktene. Så ja. Det er ein tung jobb å snu denne skuta. Men pyttpytt; ein har ytringsfridom, enn så lenge. Kristne kan få sleppe til i kronikkar, avisinnlegg etc. Ein kan dele ut bøker. Ein kan snakke med folk. Etc. etc.
Neste del HER.

Monday, September 19, 2011
Alasdair Macintyres "After Virtue"
Ja, som sagt. Eg anbefaler "After Virtue" veldig varmt, og sidan eg fekk 4 "likes" på den førre posten, så reknar eg med at i det minste nokre av dykk kunne vere interesserte i å lese litt meir om kvifor eg er så begeistra for denne boka. Det er jo ein klassikar, ho er gjeve ut i fleire opplag og fleire nye utgåver; eg har den tredje. Ok. Eg skal gje berre litt korte skisser av Macintyres resonnement.
Kapittel 1: Ein hypotese
Macintyre bed deg om å sjå for deg at naturvitskapleg kunnskap og forsking vert utsett for ei meir eller mindre fullstendig katastrofe. Vitskapsfolk vert lynsja, bøker går tapt, lab'ar vert øydelagde. Vitskap vert bannlyst frå undervisning i skulen.
Så, etter ei stund, kjem det ei mot-rørsle. Ein vil starte opp att med naturvitskapen. Men det viser seg vanskeleg, for alt som er att, er fragment. Ingen anar lengre kva vitskap er, korleis ein driv med det, kva viten som er funne. Ein freistar å setje saman fragment av kapittel, fragment av teoriar, og freistar å forstå kva relativitetsteorien no eigentleg var, og om det kanskje kunne vere noko i denne "flogiston"-teorien. Skuleborn lærer det periodiske systemet og nokre av Euklids teorem.
Men ein driv ikkje lenger med naturvitskap. Og ein skjønar heller ikkje at ein ikkje gjer det. For ingen veit lengre kva naturvitskap faktisk er. Folk brukar nok omgrep som "tyngdekraft", "nøytrinoar" etc., men ikkje på ein samanhengande måte. Ein manglar bakgrunnskunnskapen for desse omgrepa, og dei vert bruka på ein ganske vilkårleg måte. Mange rivaliserande vitskapsideal og vitskapsteoriar eksisterer side om side, og det synest umogleg å gje nokon god grunn for kva ideal eller teori som er best. Ein må berre velje eit ideal sjølv.
Men analytisk filosofi kan ikkje avsløre "feilen", d. e. at dette faktisk ikkje er naturvitskap. Denne typen filosofi kan jo berre arbeide med dei premissa som er gjeve, og så evt. vurdere om konklusjonar som fylgjer av desse premissa faktisk held vatn.
Ok. Den grunnleggjande oppfatninga til Macintyre er at moralfilosofi har gått gjennom nettopp ei slik utvikling som ovanfor skildra. Moralfilosofien fungerte ein gong blomstrande; det fanst genuine og objektive standardar som kunne gje rasjonell grunngjeving for etiske val, for politikk etc. Så, i eit andre steg, gjennomgjekk denne tenkinga ein katastrofe; det vart ikkje lenger mogleg å halde opp dei objektive standardane. Rasjonell moralsk refleksjon braut saman. Så i det tredje stadiet har fragment av tidlegare teoriar blitt teke opp att, men i skadd, uordna og tilnærma ubrukeleg form. Denne tolkninga av historieutviklinga er naturlegvis ikkje "nøytral", så Macintyres poeng i boka er dermed å argumentere for henne.
Men allereie i det fyrste kapittelet understrekar AM at moderne akademisk historie (inkl. moderne moralfilosofi) kom etter at katastrofen i steg to allereie hadde skjedd. Og det betyr at frå moderne akademisk "verdinøytralt" standpunkt, så framtrer moralfilosofisk uorden nettopp ikkje som uorden. Alt den moderne akademiske historia skildrar, er ulike typar av moral i filosofihistoria, ulike typar epokar som fylgjer etter kvarandre. AM kommenterer: "This would explain why what I take to be the real world and its fate has remained unrecognized by the academic curriculum. For the forms of the academic curriculum would turn out to be among the symptoms of the disaster whose occurrence the curriculum does not acknowledge."
Altså: Akademia har allereie valt eit særskilt moralfilosofisk standpunkt og framstilt dette som "nøytralt". Men dermed hindrar ein seg sjølv effektivt i å innsjå at det faktisk kan finnast ein utveg frå det moralske uføret moderne kultur påviseleg er inne i. I staden opptrer ein som om alt er som det bør vere; som om opplysningstida faktisk klarte å gjennomføre sitt prosjekt, når det store paradokset jo er at det faktisk braut saman ganske totalt.
Kapittel 2: Korleis moralsk usemje framtrer i dag. Emotivismens påstandar
AM opnar her kort og greit med å peike på at moraldebatt i dag svært ofte er prega av usemje. Og: Denne usemja ser ut til å vere umoglege å løyse; det ser ut til å vere umogleg å finne nokon rasjonell måte å finne moralsk semje på. AM held så fram med tre døme på usemje i moralske spørsmål. Eg set i parentes dei idehistoriske røtene til argumenta.
Om krigføring:
1: (Til ein viss grad røter hjå Aristoteles ide om dygder)
Rettferdig krig kan berre gjennomførast dersom ein kan kalkulere at krigen vil føre til meir vondt enn godt samt at ikkje-stridande partar vert verna. Men desse krava er umoglege å innfri i moderne krigar, altså bør vi bli konsekvente pasifistar.
2: (Bismarck, Clausewitz, Machiavelli)
Den som vil ha fred, må ruste seg til krig. Ein må hindre aggresjon ved sjølv å vere sterk. Ein må politisk sett alltid vere open for krig. Avgrensa krigar er nødvendige, like eins bruk av atomvåpen. Alternativet er at ein sjølv blir utsletta.
3: (Visse røter hjå Marx)
Stormaktskrig er berre destruktivt. Men det er rett å gå til krig for å frigjere undertrykte grupper, særleg i den tredje verda.
Eller eit nytt døme: Abortsaka.
1: (Røter i rettstenkinga hjå Locke)
Alle har rett til å bestemme over sin eigen kropp. Difor må også kvinna kunne bestemme over embryoet i kroppen hennar. Abort er difor tillateleg.
2: (Røter hjå Kant)
Mor mi utførte ikkje abort på meg. Men då kan eg heller ikkje tillate at mødre gjer dette mot andre born. Dette fylgjer nemleg av at ein må kunne ville at rette handlingar blir gjort til ei allmenn lov. Abort er dermed i utgangspunktet gale.
3: (Thomistisk naturlov)
Mord er gale. Mord er å ta uskuldig liv. Eit embryo er eit identifiserbart individ. Dersom spedbarnsdrap er gale, så er også det å ta livet av det same individet på eit tidlegare standpunkt gale.
Eller kva med denne debatten, som er djupt relevant for politikken? (Her kan du sjølv merke kva politiske parti som har valt ulike typar av argumentasjonslinjer).
1: Rettferd krev at kvar borgar skal ha moglegheit til å utvikle seg og sine talentar. Men dette inneber at det må vere like moglegheiter for alle. Altså er det rett at staten tek seg av - og fordeler likt - helsetilbod, utdanningstilbod. Ingen borgar skal kunne kjøpe særskilte tenester. Privatskular og privatklinikkar er difor utelukka.
2: Alle har rett til å ta på seg forpliktingar, gjere kontraktar, velje som ein sjølv vil. Lækjarar må difor ha rett til å utøve yrket sitt slik dei vil; lærarar må kunne undervise slik dei vil. Og borgarar må ha fridom til å bruke desse tilboda slik ein vil. Altså må ein opne opp for private skular og private behandlingsklinikkar.
Igjen: Det er i regelen ikkje noko gale med logikken i nokon av desse resonnementa. Konklusjonar fylgjer på premiss på ein vasstett måte. Men det er dei grunnleggjande premissa som skiljer seg så markant frå kvarandre. Men det er desse det ikkje synest å finne nokon måte å bli samde om på nokon rasjonell måte. Altså: Påstand mot påstand, ofte i ein ganske høgtropande tone. Og ofte - kanskje til og med i regelen - har aktørane allereie på førehand bestemt seg for kva dei vil meine. Premissa forblir liggjande i det skjulte, i debatten.
Men det er eit paradoks på gang her. For aldri i politisk debatt blir det sagt rett ut: "Du må meine dette og hint fordi eg har valt desse styrande premissa!" Altså, det blir sjeldan/aldri sagt: "Abort er rett, for kvinna må få bestemme over kroppen sin. Eg kan ikkje grunngje resonnementet mitt! Men du må stå for det same som meg likevel." AM meiner altså at det i praksis er slik debatten fungerer, i og med at dei grunnleggjande premissa ikkje vert teke fram i ljoset, drøfta, grunngjeve. Men det er ikkje slik debatten framtrer; paradoksalt nok vil alle vere samde om at rasjonell argumentasjon er eit ideal. Ingen seier: "Innta mitt standpunkt, for eg står for det". Alle vil freiste å gje grunnar, sjølv om dei svært sjeldan kan føre grunnane attende til nokon fyrste prinsipp (og dermed er ein altså over i at grunnane er rette fordi "eg har valt dei").
AM peikar vidare på korleis uttrykk, idear, tankar i dei ovanfor nemnte debattane er henta frå ein heil haug med ulike idehistoriske kjelder, frå antikken av, til middelalderen, fram til moderne tid. (jfr. dei kjeldene eg sette opp ovanfor). Men dei vert lausrivne frå den historiske konteksten samt det større "systemet" som gav dei meining i utgangspunktet. (Eit døme: Hjå Locke spring "rettar" ut av tanken om at Gud er vår Far og skapar; Gud er såleis garantist for grunnleggjande menneskerettar. I seinare FN-rettar er "Gud"-biten sjalta ut, men utan å skape noko nytt, koherent system som skulle kunne grunngje menneskerettar.) Og etter som denne lausrivinga har skjedd, har ideane og omgrepa byrja leve sitt eige liv og blitt utsette for stadige forvandlingar. Det er forskjell på "dygd" på Aristoteles tid og i vår tid. Det er forskjell på "plikt" på Kants tid og i vår tid. Etc.
Dette leier oss så til ein stor nykjel for AM; han understrekar sterkt at dersom vi ynskjer å forstå vår tids moralfilosofi, så må vi leite bakover i historia. Men denne "leitinga" kan ikkje foregå på ein ahistorisk måte, som om Aristoteles, Kant, Hume etc. alle bidreg til ein ganske lik debatt, nemleg om korleis ein kan finne fram til "tidlause, nakne" moralfilosofiske retningsliner. Å lese tidlegare moralfilosofar på denne måten ville innebere å lausrive tankane deira både frå den grunnleggjande metafysikken deira og frå deira historiske situering. Såleis ville ein uvegerleg forvrenge deira standpunkt og effektiv hindre seg sjølv i å få historisk innsikt, og dermed hindre seg sjølv i å forstå kvifor moralsituasjonen er slik som han er i vesten i dag. (Det er verd å spørje om ikkje visse utgåver av dagens ExPhil til dømes henfaller til denne typen anakronistiske og misvisande etikkframstillingar).
På dette tidspunktet må imidlertid AM behandle ei sentral innvending. For AM sin hypotese er at moderne moral er inne i ein enorm krise. Ja, han seier jamvel at: "[Out time] is a time for resisting as prudently and courageously and justly and temperately as possible the dominant social, economic, and political order of advanced modernity"(!) Og AM ynskjer altså å gå attende i moralfilosofien for å finne ut kvar katastrofen skjedde - og kvifor - for deretter å finne ut kvar vegen går vidare ut av uføret.
Men så kjem altså innvendinga: Kva om denne undersøkinga er nyttelaus? Kva om det ikkje finst nokon veg ut av det såkalla "uføret". Kva om moralsk meiningsutveksling av rein natur er "interminable", d. e. at det er umogleg å kome til semje på nokon rasjonell måte. Kva om alle kulturar i verda alltid har vore prega av denne typen "irrasjonalitet" i sine etiske grunnsyn?
Denne typen tenking ligg nær opp til den såkalla "emotivismen". Her er ideen at moralske domar ikkje er noko anna enn uttrykk for kva ein "likar", kva ein "føler", kva "haldning" ein har. Fakta-utsegner er ei gruppe utsegner; "huset er blått", "kattar har fire bein". Men etiske utsegner er ikkje fakta. Dei kan ikkje grunngjevast rasjonelt. Dei er berre utsegner om indre kjensler og haldningar. Men vi kan likevel "sikre" moralsk meiningsutsveksling ved å bruke moral-utsegner til å vekke kjensler og haldningar hjå andre, blir det sagt.
"Dette er godt" er altså eit uttrykk for den indre haldninga: "Dette likar eg" eller den indre kjensla "Hurra for dette!" Men "dette er vondt" må forståast som eit uttrykk for den indre haldninga "dette likar eg ikkje..." eller "Buuuu for dette!" Og desse utsegnene om godt og vondt siktar då på å vekke same kjensler i den som høyrer på. Altså, når eg kjenner "Hurra!" inne i meg, så seier "Dette er godt!". Då ynskjer eg at også du skal få den same kjensla inne i deg: "Ja, hurra for dette, dette likar eg også godt!"
AM gjev fleire grunnar for emotivismen som etisk teori mislukkast. Her er dei grunnleggjande:
Når emotivisten seier "dette er godt!", så uttrykker han indre kjensler og haldningar ("Like!/Hurra!"). Dette er påstått å vere ein slags tilslutning. Men emotivisten vil vere rimeleg tilbakehaldande både med å definere nøye dei ulike kjenslene som er relevante for at noko er "godt", men også med å definere på kva måte desse kjenslene er tenkt å uttrykke ein slags "godtaking". (Det finst trass alt ganske mange ulike kjensler, og ganske mange ulike typar av godtakingar. Men her er altså emotivistisk teori ofte svært ullen. Og dersom ein definerer godtakinga rett og slett som "moralsk godtaking", så argumenterer ein raskt i sirkel).
For det andre er det i utgangspunktet ein prinsipiell forskjell på å seie "dette likar eg!" til å seie "dette er godt". Den som seier "dette er godt", impliserer at noko er godt, ikkje berre for meg, men også for deg [og for alle andre?]". Her byggjer emotivisten enkelt og greitt bru frå mi kjensle til ein større faktor, men utan å grunngje det. AM foreslår difor at når emotivisten seier "dette er godt" så er det ikkje nødvendigvis nokon direkte samanheng mellom denne utsegna og dei kjenslene emotivisten har (i så fall er det ikkje grunngjeve).
Men meir "nøytralt" kan vi seie at utsegna i alle fall fungerer på denne måten; uavhengig av om ho er korrekt eller ikkje (d. e. om den aktuelle tingen verkeleg er god eller ikkje). Det betyr i så fall at emotivistisk språk er tilslørande; ein meiner at ein referer til "upersonlege standardar", d. e. godleik. Men i praksis uttrykker ein berre nokre ganske kontingente kjensler som ikkje nødvendigvis har nokon samanheng med nokon objektiv "godleik". Kva som er "godt" vil henge saman med korleis folk kjenner ulike ting til ulike tider; kva som er "godt" varierer dermed frå person til person, frå tidspunkt til tidspunkt. Men dermed blir sjølve "godleiken" eit rimeleg tomt omgrep, reint rasjonelt, i alle fall.
AM går vidare til å drøfte den historiske konteksten emotivismen oppstod i (dette med historisk undersøking er som sagt ein viktig nykjel for AM, for å finne fram i jungelen av ulike etiske teoriar). Emotivismen har bakgrunn i den såkalla "intuisjonismen" som oppstod mellom 1903 og 1939, i England. GE Moore "Principia Ethica" skildrast fylgjande måte av John Maynard Keynes: "I went up to Cambridge at Michaelmas at 1902, and Moore's Principia Ethica came out at the end of my first year...it was exciting, exhilarating, the beginning of a renaissance, the opening of a new heaven on a new earth." Også andre i Cambridge og London (inkludert Lytton Strachey og Virginia Woolf) var frå seg av beundring for dette verket. Etikkens problem var endeleg løyst. Men korleis? Kva er innhaldet i Moores argumentasjon?
Jo, for det fyrste: "Det gode" er ein "indefinable property". Ein kan ikkje prove kva som er godt, ein kan ikkje argumentere for at noko er godt. Men det gode erkjennast gjennom sjølvsagte intuisjonar. Liksom vi ser at eit hus er gult, så ser vi at noko er godt eller vondt.
For det andre: Å gjere det rette inneber å gjere det som skaper det største gode. Moore er altså utilitarist. Handlingar dømast utelukkande etter deira konsekvenser. Ingen handlingar er per se gode eller vonde.
For det tredje: Alle gode kan oppsummerast i "personal affections and aesthetic enjoyments". Dette er også dei aller største godene. Hovudpoenget i etikk er då altså venskap og nytelse av det vakre i kunst, natur etc.
Kva seier så AM om alt dette? Jo, det fylgjande: "The first part of what Moore says is plainly false and the second and third parts are at the very least highly contentious. Moore's arguments at times are, it must seem now, obviously defective - he tries to show that 'good' is indefinable, for example, by relying on a bad dictionary definition of 'definition' - and a great deal is asserted rather than argued. And yet it is this to us plainly false, badly argued position which Keynes treated as ' the beginning of a renaissance', which Lytton Strachey declared to have 'shattered all writers on ethichs from Aristotle and Christ to Herbert Spencer and Mr. Bradley' and which Leonard Woolf described as 'substituting for the religious and philosophical nightmares, delusions, hallucinations in which Jehovah, Christ and St. Paul, Plato, Kant and Hegel had entangled us, the fresh air and pure light of commonsense'. This is great silliness of course; but it is the great silliness of highly intelligent and perceptive people..."
Så korleis kunne desse smarte folka seie så åpenbart feilaktige og nesten latterlege ting? Jo, foreslår AM; fordi Moore bidrog med ei slags intellektuell grunngjeving av dei moralske vala Strachey, Woolf etc. allereie hadde teke; val som var i markant opposisjon ikkje til Aristoteles, Jesus, Paulus, Kant etc. per se. Men i motsetning til sentrale delar av kulturen som dei sjølve levde i. Dei stod på ein utprega måte for avvisning av ein del ideal i kulturen. Og dette oppnådde dei ved å definere "det gode" som nettopp udefinerbart. Men dei heldt fast på ideal om venskap og om det vakre.
Men moralsk objektivitet var dermed avskaffa, for når kva som er faktisk godt kviler på "intuisjonar", dreier det seg mest om å høyrast mest mogleg overtydande ut når ein argumenterer for det gode. (I det heile teke seier Macintyre interessant nok at "the introduction of the word 'intuition' by a moral philosopher is always a signal that something has gone badly wrong with an argument'".) Rasjonell argumentasjon for etiske standpunkt er knapt mogleg. Og dette er altså ein hjørnestein i emotivismen. Det er ein slags dom over all annan type moralsk refleksjon; slikt er meiningslaust. Dette har imidlertid vore vanskeleg å akseptere for filosofar. For kan ein så enkelt avvise bruk av til dømes logikk, premiss og konklusjonar i etisk refleksjon?
Men AM peiker på at ein ikkje kjem ut av "uføret" ved å innføre universelle reglar eller prinsipp, som ein så kan derivere handlingsalternativ frå, reint logisk. Spørsmålet er nemleg korleis ein grunngjev slike universelle reglar og prinsipp. Dersom desse ikkje kan grunngjevast på nokon særskilt måte, men må veljast uavhengig av rasjonelle kriterier, så er ein raskt attende i emotivismen likevel.
AM peikar også på at dette emotivistiske mønster har vorte nedfelt i mange ulike moral-posisjonar, og han vil også påstå at moderne forsøk på å unngå det, ikkje lukkast. (Vel, dette er hans påstand, som han kjem attende til seinare i boka. Du får lese dersom du er interessert i grunngjevingane hans). Men ja, han nemner Nietzsche og Sartre som døme. Båe desse aksepterer implisitt emotivismens "frie val" av moral. Nietzsche fordi han vil avsløre alle objektive moral-utsegner som skjulte "maktovergrep"; Sartre i det han dømer borgarskapsmoralen i Det tredje riket som ei utøving av "bad faith" fordi dei ikkje kunne tolerere erkjenninga av sine eigne val som kjelde for moralvurderinga. Men ja; kva med den positive moralen Nietzsche og Sartre bidreg med? Klarer dei å byggje noko godt og konstruktivt i staden for "det frie valet"? AM kommenterer:
"Both indeed saw themselves as by their analysis condemning conventional morality(...) Both saw their own task in part that of founding a new morality, but in the writings of both it is at this point that their rhetoric - very different as each is from the other - becomes cloudy and opaque, and metaphorical assertion replaces argument. The Übermensch and the Sartrian Existentialist-cum-Marxist belong in the pages of a philosophical bestiary rather than in serious discussion. Both by contrast are at their philosophically most powerful and cogent in the negative part of their critiques."
Ok, dette var litt oppsummering av dei fyrste kapitla, så de ser kva det går i. Håpar det var nokonlunde forståeleg. Dei fylgjande kapitla er også veldig interessante, for her dreier det seg for det fyrste om korleis moral vart forstått i den sk. opplysningstida, og for det andre om kvifor denne typen moraltenking var dømt til å mislukkast allereie i utgangspunktet (og dermed måtte munne ut emotivismens "free choice"). Her kjem også AM med ein veldig interessant og grunnleggjande kritikk av Kants moralforståing. (Ikkje slikt vi lærte på ExPhil, diverre). Og han kjem også inn på ei veldig interessant drøfting av i kva grad menneskerettar kan grunngjevast rasjonelt, gjeve moderne metafysikk og røyndomsforståing.

Eg driv og les Alasdair Macintyres After Virtue - det var på tide å endeleg få lest henne ordentleg. Det er ei vidunderleg bok som kastar eit flaumljos over dagens syn på moral (men også då på samfunn, politikk, metafysikk etc.) Veldig interessant, veldig opplysande, veldig stimulerande. Så ja. Boka er varmt anbefalt, og dersom nokon vil at eg skal referere nokre utdrag, så gje eit pip. Dersom nokon ikkje ynskjer det, så kjem eg sikkert til å gjere det etter kvart likevel :-)
Subscribe to:
Posts (Atom)