Friday, December 30, 2011

John Goldingay

Yeah, så eg er på leir her i Hurdal, og det er god stemning, det. Eg skal berre halde ein bibeltime, og så spelar eg gitar med bandet, og innimellom får eg snakka med litt folk og lese litt.

Elles har eg fått meg nokre bøker sidan sist, som eg gler meg til å ta ein nærare titt på. Den fyrste er Brian Davies' Philosophy of religion. A guide and anthology. Dette er eit superbok. Masse relevante tema, med innleiing frå kvart tema, og deretter "readings" frå klassiske tekstar, med argument i ulike retningar. 700s, så det vil ta tid å pløye gjennom. Men denne boka er det verdt å bruke tid på. Så Nahum Sarnas Understanding Genesis, som vil vere med på å fylle ut min manglande GT-kunnskap. Sarna har eg stor sans for, Exploring Exodus var eit lita bok med ein haug med gjennomtenkt informasjon. Så Robert P. Georges Clash of orthodoxies, som eg har referert nokre gonger her på bloggen. Har ikkje lese boka, faktisk, sjølv om eg har lese ein del av innhaldet. Vi får sjå om eg prioriterer denne boka med det fyrste. Kanskje som litt ferielektyre av og til.

Eg har gjort meg litt betre kjent med John Goldingay, som altså er ein gigant innanfor GT-faget. Han har skrive enormt med bøker, og er evangelikal. Og eg gler meg veldig til å lese hans bok om skriftsyn på GT. Det er liksom eit veldig underutvikla felt i norsk, konservativ kristendom. Så det skal verkeleg bli spennande å sjå kva han seier, og eg tippar eg kan føreseie at dette er eit punkt der teologien min kjem til å utvikle seg ganske mykje. Det er for øvrig eit spenningsfelt i teologien min, som eg på det noverande tidspunkt ikkje veit heilt kva eg skal tenke om, i og med at min tradisjon ikkje har gjeve meg ressursane til å innpasse dette koherent i teologien. For øvrig er det Goldingay som skriv "OT for everyone"-bøkene, liksom Wright gjorde det for NT.

Yeah, uansett. Goldingay er ein interessant type. Han er snart 70 år no. Han gifta seg som ung, med ei kristen dame som var veldig ressurssterk. Hm. Så har han lagt ut ein ganske utradisjonell "vita" på heimesida si på Fuller-sida. Her. Det er veldig interessant, sidan det liksom peikar ut kva han tenker er dei mest viktige tinga i livet. Kona hans fekk MS. Og dei siste 2/3-delane av livet hennar gjekk det dårleg med henne. Les hans eulogi her. Det er gripande lesing, "nær livet", som Bergman ville sagt.

Wednesday, December 28, 2011

Blabla

Så har eg eit lite innlegg i ein debatt på VD att, her. Les om du vil, det dreier seg om raddisane på 70-talet som tok avstand frå kristendomen. Opningsinnlegget er vel verdt å få med seg.

Og dersom du really wanna bake your noodle, skal du ta ein titt på denne vesle artikkelen om John Rawls, og gjerne også David Lewis Schaefers bok Illiberal justice. Her fylgjer eit lite utdrag. Schaefer skriv at ein fyrstegongslesar av Rawls vil bli overraska over å...

...political philosophy should dispense with the very concept of truth. Finally, Rawls even wonders in print whether it is worthwhile for human beings to live at all unless they actualize his vision of justice."


Hm, det er så tankevekkande, dette. Og det er noko eg verkeleg har fundert litt på i det siste...kor ofte liksom ulike alternativ i filosofiske, politiske, religiøse spørsmål kan bli bestemt av ganske andre ting enn omsynet til logikk og sanning. Eller i det minste av spørsmålet om sanning er underordna eller blir tilslørt.

Folketalet søkk

David Goldman, som m. a. er skribent for First Things, har skrive ei interessant bok med tittelen "How civilizations die (and why Islam is dying too)". Les forordet til boka her. Det er veldig interessant og tankevekkande lesing. Forfattaren freistar ikkje å innta eit "nøytralt" standpunkt, men han er informert og sakleg, så langt eg kan sjå. Her fylgjer dei fyrste avsnitta frå forordet:

Population decline is the elephant in the world's living room. As a matter of arithmetic, we know that the social life of most developed countries will break down within two generations. Two out of three Italians and three of four Japanese will be elderly dependents by 2050. [Jfr. her.] If present fertility rates hold, the number of Germans will fall by 98% over the next two centuries. No pension and health care system can support such an inverted population pyramid. Nor is the problem limited to the industrial nations. Fertility is falling at even faster rates - indeed, at rates never before registered anywhere - in the Muslim world. The world's population will fall by as much as a fifth between the middle and the end of the 21st century, by far the worst decline in human history.
The world faces a danger more terrible than the worst Green imaginings. The European environmentalist who wants to shrink the world's population to reduce carbon emissions will spend her declining years in misery, for there will not be enough Europeans alive a generation from now to pay for her pension and medical care. [2] For the first time in world history, the birth rate of the whole developed world is well below replacement, and a significant part of it has passed the demographic point of no return.

But Islamic society is even more fragile. As Muslim fertility shrinks at a rate demographers have never seen before, it is converging on Europe's catastrophically low fertility as if in time-lapse photography. The average 30-year-old Iranian woman comes from a family of six children, but she will bear only one or two children during her lifetime. Turkey and Algeria are just behind Iran on the way down, and most of the other Muslim countries are catching up quickly. By the middle of this century, the belt of Muslim countries from Morocco to Iran will become as gray as depopulating Europe. The Islamic world will have the same proportion of dependent elderly as the industrial countries - but one-tenth the productivity. A time bomb that cannot be defused is ticking in the Muslim world.

Dette er jo veldig interessant, må eg innrømme. Og det er basert på data. Goldmans analyse av kvifor ting skjer som dei gjer, er naturlegvis ikkje simplistisk, men kort oppsummert seier han det fylgjande: "Classical Greece and Rome died for the same reason that Western Europe, Japan, and other parts of the modern world are dying today: they lost their motivation to bring children into the world. The infertile Greeks were conquered by Rome’s army and the inexhaustible manpower of the farms of the Italian peninsula; as the Romans later grew childless, they were overrun by a small force of barbarian invaders." Og denne manglande motivasjonen kan då tilskrivast manglande livssynsmessig vigør og fylgjeleg manglande von/syn for framtida, meiner Goldman. Altså: Når ein har eit positivt syn på framtida, informert av jødisk eller kristen tru, så vil ein også bringe born til verda, meiner Goldman.

Ein veldig interessant tanke, tykkjer eg. I alle fall går folketalet i Noreg oppover - men det er berre på grunn av innvandring. Utan den hadde også vårt folketal søkke. Talet på etniske nordmenn er altså allereie no på veg nedover. Det er klart at vi kan seie "pyttpytt" og tenke at ting vil ordne seg. Men det er vel også klart at dersom ting held fram som no, så vil det knapt vere nordmenn att om eit par hundre år. Det er jo litt å tenke på...? Eg kjenner meg freista til å sitere Ronald Fangen: "Mens verdens riker stiger og de synker, går kirken mot fullkommenhetens vår."

Interessant nok er det også å tenke på det som Sigurd Skirbekk peikar på, at ein vesentleg årsak til fallet i folketallet også har å gjere med forbrukartanken. Hm. Det er jo vanskeleg å analysere slikt. Men det er klart at det å bere fram born fort kan stå i spenning til økonomisk velstand og karrieremessig framgang. Og den som har forbruk og økonomi som hovudmål i livet, vil fylgjeleg fort sjå familie som eit hinder. Interessant nok peikar Skirbekk på at kvinner gjerne vil ha fleire born enn dei faktisk får. Uansett, ja. Også moderne feminisme har hatt ei kritisk innstilling til det å bere fram, og oppsede born, like it or not. Men det spørst om vi bør sjå dette mest som årsak - eller heller symptom på ei breiare utvikling. Her kjem det an på grunnleggjande visjonar for livet og røyndomen.

Uansett, kom gjerne med innspel her. Dette er IKKJE eit område der eg er spesiell ekspert. Og utover at eg står for klassisk kristen moral, har eg ikkje nokon særskilt agenda i dette spørsmålet heller.


Og elles, vil du ha ei interessant oppleving? Lytt til denne.

Tuesday, December 27, 2011

Etc

Bilen min har ei aldri så lita 15-årskrise no. Rusten er skikkeleg fæl og djup, så det spørst verkeleg kva som skjer når han sendast på EU-kontroll. Ting byrjar å falle frå kvarandre. Kanskje det blir ny bil(??)

Eg har no sett 2001: Space Odyssey. Fyrst tenkte eg: "Hm, dette var ikkje mykje å skryte av". Så las eg meir om filmen etterpå, og snudde heilt meining. Saka er at dette er ein djupt ukonvensjonell film, ein må vere mentalt førebudd på å sjå filmen på ein heilt annan måte enn ein ser andre filmar. Eg hadde gløymt at Kubrick er ein fullstendig perfeksjonist på alle slags detaljar, replikkar, bilete, rørsler etc. Det vil seie at "overflatenarrativet" ikkje er det viktigaste, men at ein heller må "piece together subtle hints" i filmen. Men dette er vel ein film som krevjast å bli sett fleire gonger for i det heile teke å få eit utbyte av han, og ein må tygge mykje for å forstå kva det faktisk er som skjer. Eller evt. lese ein mega-lang analyse på nettet :) (Men NB! Kubrick var veldig oppteken av at ein skulle sjå filmar "uførebudd". Så ein bør vite veldig lite om kva ein går til, men sjå merksamt.) Yup, eg likte nok Shining betre, må eg seie, den er litt meir forståeleg. 2001 er liksom slik at ein i prinsippet må leite opp namn, referansar, musikkstykke etc. som brukast i filmen, og lære om dei for å forstå kva det er Kubrick ynskjer å seie.

Så var det innlegget om økonomi og kristendom. Det som kom på trykk, kan lesast her. Men her får du sjølvsagt det lengre, opphavlege innlegget. Eg slenger det her, og kjem med nokre kommentarar etterpå:




Kristendom+rikdom=sant?
av Hallvard N. Jørgensen


Vi lever i et forbruks- og overflodssamfunn: Gjennomsnittslønnen for heltidsansatte nærmer seg 500 000 kroner. Nordmenn bruker flere titalls milliarder på julegaver hvert år. Og vi har nok av olje og gass for mange år ennå. Så hva har så kristen tenkning å bidra med inn i en slik økonomisk situasjon? Jo, svært mye. Det nye testamente (NT) sier faktisk en god del mer om penger og rikdom enn det gjør om kjønn og seksualitet. Samtidig behandles økonomiske spørsmål på en noe paradoksal måte, noe som til dels forklarer hvordan den samme kristendommen kan fostre både fattige munker og søkkrike pastorer som preker et evangelium om ”health and wealth”.

Hvilke økonomiske idealer gir så kristendommen? Det første man kan si, er at jødisk-kristen tenkning har en veldig positiv, nesten ”hellig” forståelse av vanlig arbeid. Adam ble gitt i oppdrag å dyrke Edens hage, å forvalte skaperverket (1 Mos 2,15). Arbeid er en god ting, for det holder oppe skaperverket og samfunnsprosessene, slik Gud ønsker. Og det er en måte å oppfylle de to store budene på (Matt 22,34-40). For når man arbeider, gjør man en tjeneste til ære for Gud og til beste for sin neste. Derfor var også Jesus snekker, og Paulus teltmaker. Og derfor er også det å tjene penger i utgangspunktet en positiv ting. Som Jesus sa: ”Arbeideren er sin lønn verd” (Luk 10,7). Det kan ellers nevnes at dette synet på arbeid hos de første kristne var mer eller mindre revolusjonerende i et Romerrike der praktisk arbeid ble sett på som nedverdigende for frie mennesker.

Hva så med pengene? NT har ikke noe direkte forbud mot å være rik. Men den som er rik, bys å være gavmild, raus, og å stole på Gud i stedet for rikdommen (1 Tim 6,17-19). Når det er sagt, så har både Jesus og apostlene en lang rekke svært krasse advarsler mot grådighet, egoisme, havesyke, sløseri og økonomisk undertrykkelse. For å oppsummere litt kort: Grådighet er avgudsdyrkelse, og uforenlig med å være en kristen og få del i det evige livet (Ef 5,1-5). Man skal ikke samle skatter på jorden, og man kan ikke tjene både Gud og Mammon (Matt 6,19-24). De rike som frarøver arbeiderne sin lønn, vil dømmes av Gud, som forsvarer enken og den farløse (Jak 5,1-6). Har vi mat og klær, skal vi nøye oss med det. Kjærlighet til penger er en rot til alt ondt (1 Tim 6,6-10). Det er saligere å gi enn å få (Apg 20,33-35). Etc.

Ærlig vunnet rikdom er i seg selv god og gudgitt. Men også rikdommen må brukes rett, til ære for Gud, til tjeneste for nesten. ”Vandre i kjærlighet, slik Kristus elsket oss og gav seg selv for oss.” (Ef 5,2). Alternativt vil rikdommen bli til ”Mammon”, en avgud. Således har kristendommen uvegerlig et noe ”asketisk” ideal som står i spenning til vår forbrukerkultur. Imidlertid er ikke dette det siste ordet. Kristne ser fram mot et håp, nemlig Guds rike, fornyelsen av himmel og jord, når Jesus kommer tilbake. Dette evige livet beskrives som en tid der Gud er helt nær sitt folk. Det blir en tid med kjærlighet, glede, fred – men også en tid med overflod av skaperverkets mange gode gaver.

Anvendt litteratur
- Blomberg, Craig 2000 Neither poverty nor riches: A biblical theology of possessions. IVP Academic.
- Claar, Victor J. og Robin J. Klay 2007 Economics in Christian Perspective: Theory, Policy and Life Choices. IVP Academic.
- Keller, Timothy 2009 Counterfeit gods: The empty promises of money, sex, and power, and the only hope that matters. Dutton Adult.
- Rosner, Brian S. 2007 Greed as Idolatry.The origin and meaning of a Pauline metaphor. Grand Rapids: Eerdmans.
- Schmidt, Alvin J. 2004 How Christianity Changed the World. Grand Rapids: Zondervan, særlig kapittel 8.
- Stark, Rodney 2006 The Victory of Reason: How Christianity Led to Freedom, Capitalism, and Western Success. New York: Random House Trade Paperbacks.
- Wisløff, Carl Fr. 1983 Martin Luthers teologi Oslo: Lunde forlag.



Det avsnittet som ikkje vart med i avisa, dreide seg altså om Guds rike, og om at rikdomstanken - særleg frå GT - blir forflytta fram til den endelege oppfyllinga i framtida. Dette er naturlegvis eit veldig viktig poeng, men ein kan vel ikkje få med alt i eit innlegg. For så vidt tykkjer eg det prinsipielt sett er ganske viktig at også dette blir sagt klart og tydeleg i det offentlege rom. Elles var det ein del tekstar frå evangelia, særleg Luk, som eg ikkje tok med så mykje. Lasarus og den rike mannen, til dømes. Eller særleg den rike mannen som bygde nye og større løer.

Sunday, December 25, 2011



Sjå denne. Det er meir innhaldsrikt enn du kanskje trur, og eit veldig interessant teikn i tida, tykkjer eg også.

Saturday, December 24, 2011

God jol!

No er klokka snart 24 på jolaftan, og eg skal leggje meg snart. Så berre litt kort. Eg har hatt ein fin dag med familien, hatt ein god jolemiddag og fått meg nokre fine gåver også. Tidlegare på dagen har eg hatt to gudstenester. Dei var ganske enkle, men eg trur folk var nøgde. Det var mange (hyggelege) folk i Brunkeberg, og i Kviteseid var det ganske fullt, fleire hundre folk (ja, veldig hyggelege, dei også). Så det var god stemning, og god song. Preika fylgjer nedanfor.

Fyrst vil eg imidlertid peike på noko interessant. Eg hadde ein mini-kronikk på trykk i Klassekampen i dag, om "forbruk i nøysomhetens tid". Den var co-skrive med Hermund H., i Skaperkraft. Vi sendte han inn i november, i samband med finanskrisa og sånn, men KK ville heller ha han på trykk på jolaftan. Og det var ikkje så dumt, dei hadde nok ein tydeleg tanke med det. Det er jo ganske sprekt, tykkjer eg, av KK å la han kome på trykk. Rett nok i ei litt avslipa form, den opphavlege kronikken var nok hakket meir "frimodig". Men likevel. Eg skal leggje ut den opphavlege, lengre versjonen her på bloggen, tenker eg. Men eg ventar litt, sidan preika også kjem her no.

Uansett, ein ting til. KK hadde ein oppsiktsvekkande leiar denne dagen også. Verkeleg oppsiktsvekkande, KK er verkeleg ikkje til å kjenne att. Eg får meir og meir respekt for KK, mindre og mindre for DB. Leiaren er her. Eit sterkt dikt av Hans Børli. Kristendomskritikken tykkjer eg berre er på sin plass. Trass alt er ganske mykje av GT og NT (legitim) religionskritikk. "Take life seriously, not yourself". Det er eit godt råd. Vi som kristne bør ikkje bli for sjølvrettferdige. Og som NT Wright har peika på: Jesus er himmelen, ikkje på jorda. Jo, hans nærvere er blant oss. Men vi kristne er ikkje guddomelege. Vi har grunn til å vere mistenksomme overfor oss sjølve.

Så ok. Her fylgjer preika. Preiketeksten er joleevangeliet, Luk 2,1-20. Preika er som fylgjer:

”Vi forkynner dykk ei stor glede, ei glede som er for alt folket”, hadde englane sagt til hyrdane på marka. Ei stor glede. Men kvifor? Kva var årsaka til denne store gleda? Jo, englane gav eit svar på dette, og det var eit svar som dei jødiske hyrdane på marka nok umiddelbart ville forstå, men som kanskje ikkje er så umiddelbart forståeleg for oss som lever i ein ganske annan kultur i Noreg 2000 år seinare. Englane sa: Vi forkynner dykk ei stor glede, for: ”I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.” ”I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.”

Messias – det er sjølve nykjelordet her. Jesus er Messias, eller Christos, som ein seier på gresk. Messias og Christos, det er det same ordet på hhv. hebraisk og gresk. Og det betyr: ”Salva”. Då dei fyrste kristne sa ”Jesus Kristus”, så meinte dei altså: ”Jesus, han som er salva”. I Det gamle testamente var det fyrst og fremst kongar som vart salva. Når dei vart innsett til å vere konge, tok ein ei krukke med salve og helte over hovudet deira. Så det å seie at Jesus er Messias, eller Kristus, den salva, det betyr rett og slett å seie at Jesus er konge. Ja, ein kjent professor Det nye testamente har foreslått at alle stadene der det står ”Jesus Kristus” i Bibelen, kunne vi like gjerne omsett ”Kong Jesus”.

Uansett, dette at Jesus er Messias, kongen, det var ein uhyre viktig ting for dei fyrste kristne. Ja, det var den trua som gjorde deg til ein kristen. Apostelen Johannes seier til dømes at ”Den som trur at Jesus verkeleg er Christos, altså kongen som er salva, og fylgjer han som sin konge, han er Guds barn”. Og vi kan tenke over sjølve namnet ”kristendom”, eller det å vere ein ”kristen”. Desse namna oppstod i det fyrste århundret nettopp fordi det som kjenneteikna dei kristne, det var at dei høgt og tydeleg sa at ”Jesus er christos”, Jesus er den salva, Jesus er kongen.

”Han er Messias, kongen, Herren”, hadde engelen sagt. Og hyrdane skjøna umiddelbart kva engelen meinte. Dette var altså ikkje ein heilt tilfeldig konge, men ein spesifikk konge, ein som jødefolket venta på med forventning. Profetane i Det gamle testamentet hadde mange gonger tala om at Gud ein gong skulle sende ein konge, ein som skulle vere av Davids slekt. Hjå Jeremia står det til dømes slik: ”Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg skal reisa opp ei rettferdig spire for David. Kongen skal styra med visdom og gjera det som er rett og rettferdig i landet. 6 I hans dagar skal Juda bli frelst og Israel bu trygt. Og dette er namnet han skal få: Herren, vår rettferd.” Profetane sa at Messiaskongen skulle vere mektig, rettferdig og vis. Og når denne kongen vart sendt, då ville det bli fred og rettferd i landet. Dei hovmodige og hardhjarta ville bli dømt og støytt ned. Men dei audmjuke og fattige i hjarta ville bli tilgjevne for sine synder og reist opp.

Og så kan ein understreke eit poeng til om Messiasforventningane. For jødane visste at denne Messiaskongen, han ville ikkje berre vere konge over Israel. Han ville ikkje bli som nasjonalkongen Olav Haraldson eller Carl Gustaf. Nei, for det Gud, Skaparen av alle ting, som skulle sende han. Og Gud hadde også bestemt at denne kongen skulle bringe rettferd og fred til heile verda, ikkje berre til Israel. Dette var også føresagt i mange tekstar frå Det gamle testamente. I Salme 2 seier Gud det på denne måten, til kongen: ”Du er son min, eg har født deg i dag. Bed meg, så gjev eg deg folka som arv og heile jorda i eige.” Denne tanken om at Messias skulle vere ein frelsarkonge for heile verda, la også Jesus vekt på. Det var nettopp difor han baud sine læresveinar og sa: ”Meg er gjeve all makt i himmelen og på jorda. Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage Ande, og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk.”

Då skjønar vi også korleis bodskapen om Jesu fødsel kan vere ein gledesbodskap også for oss i Noreg i 2011. For då Jesus då Jesus stod opp frå dei døde på den tredje dagen, så prova han at han verkeleg var Guds konge, at Gud var med han og hadde sendt han. Men det betyr at Jesus lever også i dag. Og liksom læresveinane levde nær Jesus som sin Herre for 2000 år sidan, kan også vi leve nær han i dag. Som Jesus sa: Der to eller tre er samla, er eg midt mellom dei. Og: Eg er med dykk alle dagar, så lenge verda står. Vi får leve med Jesus som vår Herre og konge også i dag. Vi kan høyre hans ord i Bibelen og i kyrkja, vi kan be til han med alt det vi har på hjarta, vi kan synge til han og kome i lag med våre kristne sysken og kjenne hans nærvær.

Og slik blir vi sett i stand til å leve som hans lydige og lojale læresveinar og tenarar ute i verda. Vi lever nok i ei verd der Jesu universelle kongedøme ikkje blir erkjent eller akseptert. Men alle vi som har teke imot Jesus, vi fylgjer han som vår konge og Herre. Og når vi lever ut frå denne trua i dagleglivet vårt – ved å forkynne Jesus frimodig, ved å gjere gode gjerningar, ved å kome dei fattige og svake til hjelp, ved å leve reint og rett – då blir vi som levande vitnesbyrd for verda om at Jesus faktisk er konge og Herre. Og vi ber også eit vitnesbyrd om at det finst håp for framtida. For kong Jesus kjem attende til oss, når himmel og jord blir fornya, når alle skal bøye kne for han. Då skal hans kongerike skal vere utan ende.
























Og dette er himmelsk, det er perfekt:


Thursday, December 22, 2011

Ein subseriøs post











Jaja, berre for dei personleg interesserte, då, om det var nokon.

- Eg driv og les Fesers bok om mind/body-problemet. Det er ganske basic stuff, men ei grei og ikkje minst gjennomtenkt, innføring.

- Eg har sendt ein mail til programleiaren i Unbelievable, altså Justin Br. Programmet er varmt anbefalt, forresten, så no får vi sjå om han tek opp nokre tipsa mine til programmet. Han sa i alle fall at det var "Great suggestions", så det var jo hyggeleg.

- Eg har no fått lånt 2001 Space Od., av Stanley Kubrick. Eg venta ikkje for mykje av The shining, men vart veldig positivt overraska. No veit eg ikkje heilt kva eg skal vente meg av 2001, men får håpe eg likar han.




















































Ok, litt meir samfunnskritikk her... Ok, eg anbefaler deg å ta ein titt på filmen nedanfor frå 03:45 og utover. Det eg har skrive nedanfor, kan du lese dersom du vil.



Sjå frå 03:45 og utover. Hitchens seier tydeleg ifrå, ja. Men han har rett. Eg skreiv ein kronikk om at helsedep. no innstrammar fastlege-praksisen. Det er ikkje lengre lov å reservere seg mot å dele ut prevensjon, inkludert aborterande prevensjon, eller også å reservere seg mot å vise vidare til lesbisk, assistert befruktning. [Endring: Saka vart initiert av LLH, og også drive fram av unge Ap-politikarar] Det er jo litt å tenke på. Den katolske lækjaren har bak seg hundrevis av år med tung, filosofisk tenkning, topplærde teologar og filosofar, sameining av kristen og klassisk tradisjon i ein koherent syntese, eit kyrkjesamfunn med hundrevis av millionar av tilhengjarar etc.

Og kven er det som vil skvise han ut? For ein stor del norske, postmoderne, ulærde (i alle fall på dette området, slik det framstår), unge politikarar. Men rett skal vere rett: Dette kunne dei ikkje gjort utan ein god del stønad frå befolkning [og for øvrig heller ikkje utan stønad frå ein lengre filosofisk/ideologisk tradisjon.]

Grunnen til at dette opprører meg litt no, er vi i går på radioen fekk høyre at det kom meir press mot den katolske lækjaren i Edland som har innvendingar mot å dele ut prevensjon, noko som uansett har gått heilt fint til no, sidan folk kunne få prevensjon på same stad uansett, berre ikkje av han. Altså, vi har ulike oppfatningar i dette samfunnet, og då må vi prøve å leve saman med denne usemja. Men her ser vi at Ap freistar å "kuppe" det norske helsevesenet til fordel for sin ideologi, som altså attpåtil er inkoherent og irrasjonell. Og den katolske legen kan ikkje som katolikk gje etter på dette punktet, i og med at kyrkja krev av medlemene at dei står fast på dette punktet. Alternativet er altså at han sluttar, i staden for å stå i eit helsevesen og slik bli "medløpar" for umoralen.

Hm. George/Beckwith fører eit ganske solid, filosofisk-vitskapleg forsvar for livsrett for barnet frå unnfanging til naturleg død. Og det same standpunktet vert gjeve av den kristne tanken om at menneskelivet er heilagt, ukrenkeleg, gudbiletleg, og at mennesket ikkje har lov til å slå ihel. Og det betyr at aborterande prevensjon, og også abort, er ein veldig alvorleg ting. No er det klart at ein ikkje må forhandsdøme menneske sjølv om ein er tydeleg på at abort er gale. Det kan vere så mange forhold som ligg bak ein abort, og ein bør ikkje fordele ansvaret for raskt. Og ein må ha ei tilgjevande haldning til den som angrar, og også vere imøtekomande til dei som ynskjer å debattere spørsmålet i staden for å vere harde for fri abort. Det er det viktig å understreke også. Eg har ikkje noko særleg imot unge politikarar som har sine standpunkt, men som er opne for å lytte til motargument.

Men: Det var nettopp dette Per Lønning bad om då abortlova vart innført: Fri og open debatt før lova vart iverksett. Men lova vart køyrd igjennom, nett som ved den nye ekteskapslova. Her var det Benestad som bad om ein fri og open debatt i forkant (slik dei hadde i Frankrike, med det til fylgje at lova vart forkasta). Men dette vart avvist, ganske kontant. Og kunne det vore annleis? Ideologien er ikkje godt grunngjeve, og heng ikkje saman, og ein fri og open debatt ville i alle fall fort ha vist dette.

Noja, så uansett. Det er viktig at kristne er opne og talar tydeleg imot utviklinga, med gjennomtenkte resonnement og ei raus haldning. Det er jo også slik at mange unge forkjemparar for ideologien rett og slett ikkje veit betre, sidan lærebøker/skulevesen indoktrinerer dei (det er faktisk ikkje eit for sterkt ord, eg har sjølv vore i norsk skulevesen i nyare tid og erfart at dette er tilfelle), og tradisjonelle kristne ikkje talar tydeleg i det offentlege rom og tek til motmæle.

























































- Og så er familien på besøk her, så då er eg meir enn nøgd :)

Wednesday, December 21, 2011

Reflexions

Ja, no er det seint, så det er straks på tide å sove. Eg tenkte berre å dele nokre tankar før eg legg meg, ja. No er  det berre ein dag til, med litt eldresenterbesøk og konfirmanttimar i morgon, så tek eg nokre dagar ferie, før gudstenesterushet tek til jolaftan og framover. I dag var det forresten skulegudsteneste her i Kviteseid, og det var god stemning, med elevar som song jolesongar, hadde flott jolespel frå joleevangeliet, og mine kjære konfirmantar dramatiserte nokre scener frå evangelia også. Ja, så har eg kjøpt litt jolegåver til min kjære nevø Edmund, som eg er så glad i. Han ville gjerne ha ein Cars-matboks. Det fann eg diverre ikkje, men han får diverse Cars-stash, likevel. Og ei prompepute :) :)














Uansett, ja, det var desse tankane, då. Hm, i kveld har eg lese litt om Miroslav Volf, som er teologiprofessor på Yale, kroat, veldig respektert. Han veit kva vald og hat går i. Og han har skrive fleire bøker om rettferd, hemn, tilgjeving etc. frå eit kristent perspektiv. Han understrekar at den kristne tanken om stedfortredande soning gjev god meining inn i ein slik "alvorleg" kontekst. Men han seier også meir. Her kjem eit utdrag, og dette er ganske tankevekkande:

"If God were not angry at injustice and deception and did not make a final end to violence - that God would not be worthy of worship...The only means of prohibiting all recourse to violence by ourselves is to insist that violence is legitimate only when it comes from God...My thesis that the practice of non-violence requires a belief in divine vengeance will be unpopular with many in the West. But it takes the quiet of a suburban home for the birth of the thesis that human non-violence results from the belief in God's refusal to judge. In a sun-scorched land, soaked in the blood of the innocent, it will invariably die with other pleasant captivities of the liberal mind."

Hm.

Hm.

Hm.

Eg kjem til å tenke på noko eg las i ei bok for ikkje lenge sidan. Når det står "frykt for Herren" i GT, så meinast det med dette at nokon held seg frå å gjere det vonde sjølv når dei veit at dei ikkje blir tekne for det. Dei veit at dei ikkje vil bli krevd til rekneskap for det av menneske, men dei held seg frå det vonde likevel, for dei fryktar Guds dom. Eit paradigmatisk døme er jordmødrene i Egypt, som fekk påbod av Farao om ta livet av israelske guteborn, men som unnlot å gjere det fordi dei frykta Gud meir enn gud (d. e. Farao).

Hm. Domen er eit tema ein bør behandle med respekt - og med audmjuke. Eg tenker, fytti, ein må passe seg sjølv, så ein ikkje blir "dømande". Med det same målet ein gjev til andre, skal det målast opp til ein sjølv. "Du, kvifor dømer du bror din? Vi skal alle fram for Kristi domstol og få att for det kvar av oss har gjort, anten godt eller vondt." Når det er sagt; GT og NT har ein dirrande streng av domsalvor som ligg under heile vegen. "Den som meiner seg å stå, han sjå til at han ikkje fell!" Og dette domsalvoret (i lag også med andre motiv etc.) er med på å spore til rett liv, til misjon etc.

Kva gjer det eigentleg med eit samfunn når heile metafysikken blir forvandla, og ein ikkje lengre trur på Gud? Human-etikarar og nyateistar vil naturlegvis gjerne hevde at vi då blir friare og betre menneske. Det skal ikkje utelukkast at det i nokre tilfelle vil skje. Her er my take on this: Eg trur at det går kanskje ein generasjon eller to, og så har human-etikaranes og nyateistanes kristne bagasje gått fløyten. Og då kan ærleg tala det meste skje, gjeve den moderne metafysikken og livsinnstillinga. Det er vanskeleg å spå om framtida, naturlegvis. Men altså, dei to mest sekulære ideologiane vi har sett i nyare tid har også vore djupt prega av brutalitet, som har vore direkte inspirert ateismens "underpinnings".

Så Volf peikar på at trua på ei endeleg rettferd faktisk kan føre til mindre vald, fordi ein har tillit til at Gud ein gong vil rette opp uretten. Ein kan halde ut urett, unnlate å ta hevn. "Mine kjære, ta ikkje hemn, men overlat hemnen til Gud, han skal døme rettferdig." Og: Tanken på Guds dom medfører altså at det lagt ein "check" på menneskeleg vondskap. Eg skal sitere nobelprisvinnande, polsk diktar C. Milosz:

"First, a fringe of the aristocracy cultivating literature and art, elegant, freed from the coarser superstitions. And churches filled with the pious, the scent of their incense and their prayers. They would come to a common frame of mind. It would take a hundred and fifty years.
Religion, opium for the people. To those suffering pain, humiliation, illness, and serfdom, it promised a reward in an afterlife. And now we are witnessing a transformation. A true opium for the people is a belief in nothingness after death—the huge solace of thinking that for our betrayals, greed, cowardice, murders we are not going to be judged."
Ja. Hm. Eg tenker litt på at Guds dom...hm... Eller...bedehusrørsla, som har prega landet vårt så godt og sterkt, la mykje vekt på Guds dom, og behovet for å vende om. Det er kred for dei, på ein måte. Men dei tala ikkje alltid så rasjonelt om dette, dvs. dei la ikkje alltid så rett vekt på djupstrukturane i kristendommens tankar om dette. Domen er fyrst og fremst dom over "den som gjer det vonde". Guds rike høver i lag med "den som gjer det gode".

Så...eg gav ein gong eit råd til ein gjeng med konfirmantar som eg ikkje hadde fått undervist så mykje som eg skulle ynskje, og som eg visste at eg ikkje ville sjå att. Vel, eg gav dei eit råd: "Do the right thing". Ha det som leiestjerne i livet, liksom. Eg hadde naturlegvis også sagt at dei burde tru på Jesus, og i NT-leg tenking er jo dette sjølve den naudsynte føresetnaden for å bli fornya så ein klarare ser kva det gode er, og også blir sett i stand til å gjere det gode.

No ja. Jaques Ellul har skrive ei god bok med tittelen "The subversion of Christianity", der han viser korleis kristendomen i den fyrste kyrkja skiljer seg til dels markant frå seinare former for kristendom. Kristendomen har blitt forma i ideologiars bilete, og det har i regelen ikkje vore pent. Sjølve grunnen til at dette er så problematisk er ikkje berre at det skaper så dårlege konsekvenser, forvrenger kristendomen, gjev urett fritt spelerom etc., men at det i sitt djupaste vesen er antikristent. For kristendomen handlar jo i bunn og grunn om nettopp om "christianisme", d. e. å fylgje etter "Christos", d. e. kongen over Israel, verda, tilveret, fortida, framtida.

Så. Personleg snakkar eg veldig lite om dom i forkynninga mi. For lite, trur eg. Det er noko å vere medviten om, for preiketekstane som er lagt opp, talar ikkje så mykje om det, dei heller. Men ja. Guds dom er ein nødvendig og naturleg del av den kristne bodskapen. Og det er ikkje nødvendigvis ein skremselsbodskap. Dvs. det er det for den som gjer det vonde og står imot Guds herredøme. Men ikkje for den fattige, undertrykte, lidande, audmjuke. Det gjeld å vere på rett side, altså. Lasarus, ikkje den rike mannen. Den fattige og svoltne, ikkje den rike og mette.






Ja, det var uansett nokre tankar. Eg vil til slutt gje dykk eit lite klypp. Litt galgenhumoristisk, kanskje. Men det er også litt tankevekkande og passande, på visse måtar, i våre dagar.

Monday, December 19, 2011

Etcetc

I morgon skal eg ha skulegudsteneste. Så skal eg skrive jolepreiker. Tips til kva eg bør tale om? Utanom jolebodskapen, sjølvsagt. Men det er jo også eit spørsmål om korleis ein bør aktualisere bodskapen. Men ja, fyrst må eg sove. Byrjar å sjå fram mot litt joleferie no. Nokre dagar til med arbeid, så er vi der.

Elles ja. Eg er gjennom Robert P. Georges "Embryo" no. Dersom nokon skulle ynskje at eg refererte hovudargumentasjonslinjene hans, så gje eit pip. Han gjev oss så langt eg kan sjå ressursane vi treng for å ta eit oppgjer med abort-utviklinga i Noreg. Dei er der. Det gjeld berre å strø dei ut i det offentlege rom.

Elles har Bjørn Are D. teke eit betimeleg oppgjer med den fælt misvisande kronikken til FrP-politikaren Amundsen nyleg. Her. Eg oppfordrar deg til å gjere fylgjande: Legg det ut på FB, med ei oppfordring til å spreie det vidare.



Sunday, December 18, 2011

Nokre tankar her

Hm. Hm. Hm. Eg har lese denne artikkelen. Det er faktisk sjokkerande lesing, tykkjer eg. Det viser at dei aller svakaste av oss, denne gongen eit lite barn med trisomi 18, eit veldig alvorleg genetisk syndrom, innanfor helsesystemet i praksis blir søkt å bli drepe, og at desse haldningane mot barnet også er sterke etter fødselen.

Eg har sagt det så mange gonger før. Den ideologien som rår i samfunnet no, kjenner ingen grenser, reint rasjonelt sett. Ankeret er kutta av, vi er på ope hav. Og det vi er vitne til no, er at dei aller svakaste av oss blir ramma knallhardt. Visste du forresten at for born med trisomi 18 er det tillatt med avliving heilt inntil fødselen? Det handlar rett og slett om at ein - så langt eg kan sjå i strid med vitskap og logikk - har definert bort menneskeverdet til dei svakare gruppene.

Det er ille, altså. Og utviklinga går så fort. Og dei som kjempar dette fram, har ideologien i ryggen: "Kvinna må sjølv få bestemme. Ingen skal undertrykke dei. Kven er du til å seie at nokon skal ta på seg denne byrden? Har du verkeleg ikkje medkjensle med dei som er i ein vanskeleg situasjon?" Men slike argumentasjonsrekker har så langt eg kan sjå store logiske problem, dei er irrasjonelle og heng ikkje saman når dei blir gått nærare i saumane. Men ein må gå djupt for å påvise dette. Sånn eg ser det no, tenker eg det fylgjande: Logikken og filosofien kan hjelpe oss å "debunke" argumentasjonsrekkene. Men eg mistenker at berre kristendomens plausibilitet som livssyn vil gje den nødvendig krafta til å endre folks tenking og vanar.

Uansett: Er det in order å bli "alarmistisk" no? Vi har gått frå eit århundre med groteske syn på menneskeverdet (nazismen, kommunismen). Utviklinga går med stormsteg mot ny devaluering av menneskeverdet, og vi kan påvise at det ikkje finst ideologiske, metafysiske, religiøse, filosofiske hindringar for utviklinga. Tvert om! Dei premissa som folk tenker ut frå, driv faktisk utviklinga fram (d. e. relativisme --> prinsipielt sett grenselaus autonomi.)

Ap, SV og store delar av det norske samfunnet elles (utanom kristne, muslimar og nokre filosofiske weirdos) held seg med ein metafysikk som effektivt underminerer føremål, rasjonalitet og moral. Så så langt eg kan sjå, kan utviklinga gå så langt som han berre vil: Så lenge ein har den metafysikken som no rår, vil ein ikkje vere i stand til på rasjonelt grunnlag å seie: "No har vi gått for langt".

Og så vil eg gjerne takke Katrine for denne linken.



Og så vil gjerne referere ein samtale mellom min morosame fetter (dvs. han er gift med kusina mi) og hans vesle, ikkje mindre morosame dotter:


Nora: Hva gjorde du?
Meg: Jeg bare satte bilen i revers.
Nora: Nå sa du bæsj.
Meg: Nei, jeg sa revers, ikke bæsj.
Nora: Nå sa du hvertfall bæsj!
Meg: Sukk. Ja Nora. Nå sa jeg bæsj.
Nora: Nå gjorde du det igjen.
[Morten Horn her.]

Det er helt entydig slik at den aller mest framtredende og sikreste effekten av å innføre tidlig ultralyd til alle gravide vil være at langt flere, de aller fleste, av fostrene med mistenkt Downs syndrom vil bli abortert. Allerede idag velger 90% av kvinnene som får påvist dette hos fosteret abort.

Det er som nevnt endel andre argumenter for å innføre tidlig ultralyd til alle gravide, men som det har blitt grundig belyst i tallrike innlegg i kjølvannet av uttalelsen fra Nasjonalt råd så er det små og omstridte effekter, sammenlignet med den udiskutable effekten på selektiv abortering av fostre med Downs syndrom.

Det er godt mulig at Ap, da de vedtok dette forslaget, faktisk ikke var klar over at det hadde minimal helsegevinst, at de ikke var klar over hvordan det ville slå ut i forhold til Downs syndrom. Men nå vet de det. Nå kan de ikke lenger skylde på uvitenhet. Når de nå ikke slakker av, men snarere gasser på (jfr. helseministerens utspill i VG i går) mot innføring av tidlig ultralyd, da må det bety at de i det minste synes det er greit nok at dette vil medføre en statlig finansiert og initiert bortsortering av fostre med Downs syndrom.

Jeg synes Jens Stoltenberg skulle sette seg ned, f.eks. med Marte Goksøyr, f.eks. i Vandrehallen, og forklare rolig og grundig hva det er med Downs syndrom som gjør at dette er en tilstand det er nødvendig at samfunnet starter et eget screeningprogram for å redusere forekomsten av det.

Saturday, December 17, 2011

?



Så. Kva ville Jesus gjort dersom han var der den kvelden? (Noko han for øvrig kanskje...var?)

Pludrepludrepludre

Ok, alle postar er ikkje like seriøse. Ja, altså. Eg kan no fyrst seie at eg driv og les Robert P. Georges "Embryo", ei framifrå bok som gjev eit filosofisk forsvar for livsvern for - ja - embryo. Det er skikkeleg spennande lesing, tykkjer eg. Spesielt interessant at han argumenterer ut frå eit arist.-thomistisk metafysisk standpunkt. Hm, og eg blir jo gjort veldig merksam på at det ikkje finst noko nøytralt alternativ i menneskesynet her. Altså, dersom ein ikkje går for A-T synet, så må ein gå for noko anna, fyrst og fremst ein type dualisme. Men dette gjev også raskt store, filosofiske problem. Så ja, spennande lesing, må eg seie. Etter kvart tenker eg vel å ta litt til på Beckwiths og Pojmans "Abortion: A reader", som samlar opp dei framste argumenta for og imot abort, frå dei mest kompetente meiningsproponentane. Så får vi sjå kva eg (moglegvis) ender opp med her.

Men ja. Dersom du vil ha litt food for thought, skal du lese bokmeldinga i NY Times, og deretter George/Tollefsens tilsvar. Denne utvekslinga er for øvrig lagt til som etterord i den nye utgåva av boka.

Ja, uansett. Eg var på Kvitsund i går, og hadde ein hyggeleg samtale etter møtet, om film og sånn. Dei spurte meg kva filmar og seriar eg anbefaler. Hm, ja. Eg er jo litt delt her, då. Eg er eigentleg relativt kulturopen på dette området, men eg meiner det er veldig, veldig viktig å sjå med eit kritisk blikk, d. e. kritisk i rett forstand. Av gresk "krinein"; å skjelne. Ein må prøve å forstå kva moral, livssyn og røyndomsforståing som kjem til uttrykk i filmen. Og så prøve alt, forkaste det dårlege, halde fast ved det gode. Jaja, uansett, vi fekk ein lang og fin samtale om film, då.

Mm, så...eg er har eit delt forhold til film, må eg seie. Og personleg tenker eg at livet er kort, og det skal brukast til ære for Gud, så eg bør ikkje sjå kvalitetsmessige dårlege filmar, og heller ikkje filmar med nedbrytande bodskap, som rein underhaldning. Låkt lag øyder gode seder, som det står. Men eg tykkjer samstundes det er viktig at kristne her brukar si eiga fornuft og tenker over korleis dei gjere dette i sine eigne liv. Uansett, for å gjere ei kort historie endå lengre, så har eg teke ein titt på komande filmar. Så kanskje nokon vil tykkje det er artig å sjå litt kva filmar eg verkeleg gler meg til å sjå (...?) For øvrig er det også veldig spennande å sjå filmpostarar. Dei er som små kunstverk i seg sjølv.




Tree of life -
Denne har jo gått på kino, då. Gler meg veldig, sidan Malick er ein favorittregissør. The New World er så vakker. Thin Red Line er så tankevekkande. Days of Heaven er så...poetisk. ToL vart forresten også sterkt anbefalt til meg av ei Jehovas Vitne. Ein annan kar, ein del yngre enn meg, sa: "Den må du forklare for meg. Jeg forstod ingenting".



Contagion -
Steven Soderbergh er jo ein habil filmskapar. Eg likar denne typen filmar også.




Prometheus -
Ridley Scott er også ein habil filmskapar, det er sikkert. Litt varierande kvalitet, kanskje. Men jaja, Alien, Black Hawk Down, Gladiator. Dette er ein prequel til Alien. Så dette blir forhåpentlegvis ein (intelligent) fest. Eg likar for øvrig Aliens ein del betre enn Alien, må eg innrømme, men det har mest med sjangrar å gjere. Og Cameron er jo ein all-time favoritt for meg, då, i trass av at våre livssyn divergerer ein god del. Uansett håpar eg dette blir ein langt, langt betre film enn AVP I og II.


Hobbit -
Eg las aldri gjennom LOTR, men eg likte naturlegvis veldig godt filmane. Med Peter Jackson i regissørstolen kan dette neppe gå dårleg. Dette skal bli ei stor oppleving.



The cabin in the woods
Skrive av Joss Whedon. Hm, ok, eg var aldri meir sånn måteleg begeistra for firefly/serenity. Eg tykte det var litt for "easygoing", på ein måte. Men ja, kanskje denne filmen er noko å gle seg til? Eg får sjå kva kritikkar han får når han kjem, trur eg.


Dark Knight Rises
No har eg eit litt blanda forhold til Chris Nolan. Han er ein veldig smart fyr som lagar godt handverk i filmane. Men eg tykkjer nok han blir i overkant - og litt unødvendig - brutal stundom. Uansett, ja. Denne gler eg meg til å sjå, og ikkje minst til å reflektere over.


Tinker Tailor Soldier Spy
Eg lika veldig, veldig godt Fernando Meirelles "Constant Gardener", som var skrive av le Carre. Intelligent, moralsk, aktuell thriller. (Har forresten også lyst til å sjå Meirelles "Blindness", men han er knapt å få tak i). Uansett, denne gler eg meg veldig til, eigentleg. Oldman er ein flink skodespelar. Eg blir litt put off, må eg innrømme, av at regissøren her også stod bak "La den rette komme inn", som etter mitt syn var eit moralsk makkverk. Men ja, vi får håpe denne er betre, spes. sidan altså le Carre står bak.


Adventures of Tintin
Denne går vel framleis på kino. Gler meg til å sjå han, ja.



MI3: Ghost protocol
Kva kan eg seie? Dette er rein underhaldning, naturlegvis. Men filmen har fått veldig gode kritikkar.


Rise of the planet of the apes
Denne er vel på DVD no? Gode kritikkar, i alle fall. Gler meg til å sjå han.


The Dictator
Hm. Eg må nesten avvente litt kritikkar på denne. Eg såg ikkje hans førre, som nok var grensesprengande på ikkje så gode måtar. Men når han er på sitt beste, er han verkeleg både intelligent og morosam. Så dette kan bli interessant.

Ok, men alt dette er veldig kommers-filmar. Så det er god underhaldning. Men det er ikkje dei beste filmane som blir gjeve ut, akkurat. Heldigvis finst det gode bibliotek som kjøper inn dei mindre kjente, men meir seriøse filmane.

Friday, December 16, 2011

Ignoransen lenge leve

Eg har fleire gonger tenkt over at...hm...når ein støyter på direkte feilaktige påstandar, bør ein vere på vakt. Det kan ofte vere eit symptom på at noko er grunnleggjande gale, altså at det er noko fundamentalt gale med anten personen som ytrar påstandane, eller det systemet personen frontar (ideologisk, teologisk, filosofisk).

Og dette blir altså veldig aktuelt i Per Willy Amundsens kronikk her. Gosh, altså, kva ein må tåle å sjå på trykk i aviser i dag, altså. Det aller mest interessante spørsmålet her er korleis Amundsen på ein så sjølvsagt måte kan seie så mykje som er bevisleg feil - og så få det på trykk i Aftenposten. Svaret her er at dette går mykje djupare enn du sannsynlegvis trur. DB Harts "Atheist Delusions" er ein framifrå stad å starte for å forstå kva som skjer.

[Oppdatering: Sjekk dekodet.blogspot.com for rebuttals av Amundsens kronikk.]

Wednesday, December 14, 2011

OsbOsbOsbOsbOsb

I dag har eg, uh, lese. Snakka med litt folk. Så var eg på Christian Union og vart kjent med litt nye folk og fekk god mat. Skal tale der i februar også, så det blir stas. Artig å tale på engelsk også. Yeah. Så i morgon skal eg attende til Kviteseid, og tale på Kvitsund. God stemning, det.

Og har du lyst til å reise ein liten tur til ein framand del av verda? Eg trykte på ein heilt tilfeldig stad på kartet, zooma inn, og fann ein video frå denne staden. Enjoy:

Tuesday, December 13, 2011

Ein svært lesverdig artikkel

Eg er no ferdig med feminismeboka mi, så no blir det nok ikkje så mykje meir feminismekritikk på ei stund. Men som ein siste salutt vil eg gje deg ein link til ein artikkel. Forfattaren, Rebecca Walker, er dotter av ein sterk feministleiar frå 70-talet, Alice Walker. Kanskje du har sett filmen "Color purple" med Whoopi Goldberg og Oprah Winfrey i hovudrollene? Det er altså Alice Walker som har skrive boka bak.

Og dottera? Har teke eit sårt oppgjer med moras standpunkt. Ho skriv ærleg og personleg om dette i denne artikkelen. Dette er desto meir interessant fordi Rebecca Walker slett ikkje er sin clear-cut konservativ, ho er tvert imot ganske "liberal" i mange standpunkt, og jamvel biseksuell. Ja, men så er ho også halvt jødisk, som betyr at ho er veldig smart. Det er jo naturlegvis pdas. kult.

Uansett: Eg tykkjer denne artikkelen oppsummerer på ein framifrå måte kva ein del av hovudproblema med moderne feminisme er. Igjen: Kvar får meine som ein vil, eg tvingar ingen. Eg berre inviterer deg til å lese sjølv, og så vurdere kva du vil stå for. Men kvar var vi? Jo:

Eg anbefaler deg å lese denne artikkelen.

Etc



Såg denne filmen i kveld, d. e. Fair Game. Overraskande god. Eg er jo vanlegvis litt skeptisk når Hollywood tek opp politiske tema, sidan dei i det store og det heile er demokratar (likevel ofte med eit innslag av tradisjonell, civil religion, for alt det er verdt). Mykje bra med demokratane. Og mykje dårleg. Uansett. Denne filmen gjev då flengande kritikk av Bush-administrasjonen. Men denne filmen var righteous, og viktig. Han held seg også ganske nært til historiske hendingar. Varmt anbefalt, eigentleg.

Sunday, December 11, 2011

Del 3, "Flipside of feminism"

Okey, liten update her. I dag har eg vore på møte i Misjonssalen. Hyggeleg som alltid, og eg fekk lese eit par kapittel i Openberringa. ...medan eg også høyrde på nydeleg song av vokalgruppa Audio og også ein utfordrande og noko tankevekkande tale av Rolf Kjøde om Johannes døyparen.

Så har eg vore på joleparty hjå ei veninne frå Misjonssalen, i lag med ein gjeng andre folk. Så der var det god stemning. Vi fekk god mat, song jolesongar, hadde mange morosame og interessante samtalar, og så spela eg ein konsert for dei, då. Settlista var som fylgjer:

- Bjørn Eidsvåg - Sånn som oss
Ein fin song, typisk BE, litt sånn sjelesorg-tone.
- Neil Young - Heart of gold
Ein skikkeleg klassiker, fin melodi, grei tekst.
- Eric Clapton - San Fransisco Bay blues
Ein livat song, men diverre mangla eg ein kazoo :-S
- Beach Boys - Disney Girls
Som eg sa: BB sin finaste song. Pure bliss.
- Neil Young - From Hank to Hendrix
Frå Harvest moon, ei framifrå plate, i alle fall dei fire fyrste songane. Denne handlar om eit sjanglande ekteskap.
- Neil Young - Harvest moon
Ein veldig vakker song.
- Sufjan Stevens - To be alone with you
Ein tekst om Jesus.
- Sufjan Stevens - Abraham
Ein vakker og tankevekkande song om...Abraham.
- Jars of Clay - There might be a light
Ein song om forelsking, kan ein seie.
- Jars of Clay - Oh my God
Ein djup song om nauda i verda - og Gud som løysinga på henne.
- Jars of Clay - All my tears
Ein flott, flott tekst om den kristne vona.
- U2 - Stay (Faraway, so close!)
I fylgje Bono U2s beste song.

Yeah. Så det var det, gøy å spele. Forhåpentlegvis kan eg spele reportoaret ein annan gong også.






Yeah, så var det feminisme-kritikk igjen. Dersom du er følsom for dette, er det kanskje ikkje så mykje å lese. (Herved er du åtvara, det blir nok litt sterk kost denne gongen). Men ja, her fylgjer altså nokre interessante, lærerike utdrag frå flipside.


Fyrst ut er ei drøfting av barnehagar. Hovudpoenget her er rett og slett at barnehagar er for foreldre, ikkje for born. Jaja, eg har sagt noko om dette før. Men ja. Forfattarane hevdar at "pre-kindergarten", "early childhood education", "day care" etc. er eufemismer for "baby-sitting". Dette vert grunngjeve med at barnehagar ikkje gagnar born. Her framviser forfattarane ei relativt sterk liste med argument til stønad for påstanden.

Burton White, som har vore direktør ved Harvard Preschool Project, og er ein stor autoritet på borns utvikling, vert sitert på fylgjande måte:
"After more than 30 years of research on how children develop well, I would not think of putting an infant or toddler of my own into any substitute-care program on a full-time basis, especially a center-based program." Han har også skrive boka "First three years of life", her.

Brian Robertson har skrive boka "Day Care Deception", der han går gjennom forsking på korleis barnehagar fungerer for små born. Altså: Det gjev skadeleg risiko for born. Her.

"The most comprehensive daycare research to date, compiled by the National Institute of Child Health and Development, supports [the] analysis: that long hours in daycare can produce stress and behavior problems in children."

Men kva så med argumenta for at småborn treng ulike typar "education", slik vi gjerne høyrer, og slik som blir bruka til forsvar for barnehagane? David Elkind er professor i borns utvikling, og har skrive mange bøker om problematikken. Særleg denne er relevant. Og kva seier han?

"There is no evidence that such early instruction has lasting benefits, and considerable evidence that it can do lasting harm (...) If we do not wake up to the potential danger of these harmful practices, we may do serious damage to a large segment of the next generation".

Forfattarane peikar på at forsking viser at det avgjerande er kvantitet; kor mykje borna er i barnehage. Med andre ord: Småborn treng kontakt med foreldra sine, og særleg mora. Stanley Greenspan, ein verkeleg tungvektar innanfor felt, uteksaminert frå Harvard og Yale, professor ved George Washington Univ., blir også teke fram som ein kritikar av barnehagebylgja:

"Dr. Stanley Greenspan, another recognized child development expert, agrees. He points out that America has struggled for years to improve day care - to no avail. The only way it can be improved, he says, is for parents to provide most of the care for their own children (...) A child's greatest fear, says Greenspan, is the loss of a primary relationship." Og her er det nettopp eit problem at det er stor utskifting blant barnehagearbeidarar.

John Bowlby, ein annan tungvektar på feltet, seier at "a home must be very bad before it is bettered by a good institution".


Ja. Med tanke på desse refleksjonane, kan ein jo tenke over moderne feminismes sterke og utrøyttelege kamp for å få borna inn i barnehagar så tidleg som mogleg, og å få mødrene raskt ut i arbeid. Og den politiske venstresida som kjempar hardt for å gjere dette til praktisk politikk. Som eg fleire gonger har sagt: Denne politikken går i strid med menneskenaturen, og det er dei mest forsvarslause som blir taparane.


Vi går vidare til neste punkt, nemleg ideen om at kvinnelege arbeidstakarar er diskriminerte fordi dei tener mindre enn menn. Vel, sidan 1963 har det vore lovfesta at det skal gjevast lik løn for likt arbeid. Og forfattarane peikar på at skiljet i løn ikkje går mellom menn og kvinner, men mellom gifte kvinner pdes. og ugifte kvinner+menn på den andre sida. Kvinner som giftar seg, går frivillig inn i arbeidsoppgåver i heimen og tek større ansvar for barneoppseding. Altså tener dei mindre, sjølv om dei - alt i alt, husarbeid inkludert - arbeider nesten like mykje som mannen.

Warren Farrell har skrive ei bok om kvifor menn faktisk tener meir enn kvinner, les her. Farrell har for øvrig vore feminist, men i mangt og mykje endra standpunkt etter kvart som han har utvikla seg som fagmann. Det finst også ei veldig interessant debattbok mellom han og James Sterba, der temaet er om feminismen diskriminerer menn. Uansett. Her er konklusjonen til Farrell om kvifor menn tener betre enn kvinner:

"Dr. Farrell provides massive documentation to explain why men earn more than women. It's because men work more hours per week, take more harzardous jobs, work at less desirable locations, under less pleasant working conditions, and take more technical training than women. Men suffer 92 percent of all occupational deaths because they are willing to work at the most hazardous occupations, such as firefighting, construction and mining.

Women are more likely to to balance income with a desire for safety, fulfillment, potential for personal growth, flexibility, and proximity to home. When you select the type of job you apply for and train yourself to take, there are trade-offs. Most women happily trade career advancement for more family time."

Men denne frivillige "arbeidsdelinga" vil altså ikkje moderne feministar godta. Ein talar høgt om "ujamn maktfordeling" - og då gjerne med "makt" rekna i pengar og organisatorisk autoritet - men nektar å godta at kampen mot dette vil vere ein evig kamp mot ulik natur hjå menn og kvinner. I staden talar ein då om "patriarkalsk undertrykking" etc., som ein slags forklaringsfaktor i staden for naturen. Altså: Gjev ein frie og like moglegheiter for menn og kvinner, vil dei velje ulikt, jamt over. Statlege maktinngrep for å endre dette, vil fungere undertrykkande både for menn og kvinner. Men ja, dersom kvinner ynskjer å køyre på karriere, og få høge lønningar og så må dei jo verkeleg gjere det.



Det neste kapittelet i boka dreier seg då om korleis mykje tenkning innanfor moderne feminisme ynskjer å gjere mannen meir eller mindre overflødig, både som forsørgjar og som familiefar. Det vert sitert ein god del utsegner til stønad for denne påstanden, og så vert det bemerka at dersom menn hadde fremja liknande påstandar mot kvinner, så ville det blitt heftig rabalder. Dei nemner også fleire døme på slikt rabalder, menn som har mista jobben etc. Altså: Moderne feministar kan kome med ganske sterke og urettferdige påstandar om menn. Men det er tabu å kome med utsegn andre vegen, dvs. utsegner om kvinner som er i strid med feministagendaen.

Uansett, det er tale om korleis born har det som veks opp med åleinemødre. Her heimefrå kan det jo bemerkast at det at born veks opp med ein forelder var eit avgjerande argument for innføringa av den nye ekteskapslova. "Når nokre born veks opp på denne måten, så kan vel også andre born vekse opp med berre 'mødre'?" Naturlegvis unnlot dei å nemne at forsking viser at born som veks opp utan fedre statistisk får mykje større problem seinare i livet. Som forfattarane nemner: "many children conceived by donor sperm grow up angry and confused. More important, adult offspring of single mothers by choice were 177 percent more likely to report having trouble with drugs and alcohol than children born to two biological parents. They were also 146 percent more likely to report having been 'in trouble with the law' before age twenty-five. If that's not a case for Dad, we don't know what is." Dei nemner også seinare at born som veks opp utan fedre har større risiko for ikkje å fullføre utdanning, for uynskte graviditeter, for sjølvmord, for kriminalitet.



Eit svært interessant tema som vert teke opp litt seinare, går på korleis det er vanskeleg for menn å finne ei passande kone i ein feministisk tidsalder. Menn vert opplært til at det er ok å drive med fri sex og one night stands, sjølv om naturlegvis ikkje alle kastar seg ut i dette livet. Men kvinnene er ikkje opplærte til å ofre seg for mannen sin (og menn er heller ikkje opplært til vice versa, for den saks skuld) og til å bli trufast inntil døden skiljer ein åt. Difor er det eit risikoprosjekt å gifte seg. Forfattarane refererer ei forteljing om ein som heiter Matt, som ikkje vart gift før han vart 37 år, og då med ei skilt dame med fleire born. Han var veldig nøgd med dette, spesielt fordi dersom han skulle funne seg ei yngre, ville det vere vanskeleg å finne ei som var verkeleg interessert i å gifte seg:

"Life from my mid-twenties to late thirties can be summarized by this statement: Go out, get drunk, hit on countless unsuspecting, yet sometimes willing participants. I had a handful of serious relationships, but I knew none would ever work 'til death do us part.

People often asked me, 'why didn't you marry her? Or her? Or...?' I always responded the same way: 'Because I'm smart. I knew it wouldn't work, and I don't want to be another statistic of divorce." It got to the point, when I was thirty-seven years old or so, I truly believed I'd never get married."


Forfattarane held så fram med å tale om korleis dynamikken har endra seg i ekteskapsforståinga. Før var det forventa at kona gjorde det beste ho kunne for å tene mannen sin, og vice versa, men på noko ulike måtar. No er menn og kvinner forvirra om kva dei bør gjere i ekteskapet, og kva dei bør forvente. For øvrig: "Contrary to feminist dogma, women have always held the power inside the home: they raised the children; they made most household decisions; they decided what to buy; and they spent their husband's paychecks."



Mot slutten av kapittelet drøftar forfattarane kva ein som foreldre bør seie til sine søner, som altså veks opp i eit miljø sterkt prega av feministisk tankegang. Dei skriv at gutar må få lov å vere gutar, at fedre bør vere til stades i barneoppsedinga, og at gutane må få tal i den sporten dei ynskjer å drive med. Og Most important:

"...educate your sons about feminism. Tell them how it has harmed society. Tell them to look for a woman who's conservative in nature and hasn't fallen into the feminist trap. Let them know that no matter what the culture says, a husband's contribution to his family is every bit as important as the wife's. Tell them not to follow a girlfriend's career path, but to find a woman who is willing to follow his career path if they plan to have children. Because if he marries her, chances are she's going to land right back in the spot where women have always wanted to be: at home with their babies. As Carolyn Graglia has written:

'For the anti-feminist woman, marriage is not a relationship of independent individuals who share living quarters while working toward separate, equally important lifetime career goals. Rather, it is a complementary relationship binding man and woman into a single marital unit: he provides the financial support while she assumes responsibility for the care and well-being of children which make the unit thrive. His career must be more important than her own. Only his employment can free her from the workplace to rear their children at home.'

These things require planning and maturity on the part of young men. Unfortunately, most young men today have been raised by baby boomers who have been seduced by feminist dogma and lack maturity themselves (...) [Teaching of children should focus on] timetested values, such as duty, honor, sacrifice and responsibility, instead of tolerance, victimhood and self-gratification."







Hm, det er sterke råd, og dette er naturlegvis 'up for grabs' for ein kvar som ynskjer det. Take it or leave it, liksom. Det er ikkje noko bod, skrive i stein. Her er det fridom til å gjere sine eigne val, leggje opp livet slik ein vil etc. Men: Råda synest - dersom ein ivaretek fleksibilitet - ganske fornuftige for meg. Eg tek dei til meg. Og det er også litt deilig å seie ting rett ut, om kva ein er overtydd om i desse sakene, i trass av (det som etter mitt syn er) tvilsom ideologi i samfunnet.

Saturday, December 10, 2011

Osb

Kvar var vi? Jo, ei lita oppdatering på bloggen då, når eg no har ei ledig stund. I går var eg på seminar på Fjellhaug, i lag med nokre flinke bibelforskarar. Vi var innom mange ulike tema, mellom anna gjekk ein god del tid med på å prøve å tyde hebraiske skriftteikn på ei steintavle som nyleg er funnen i Israel. Denne steintavla stammar frå området rundt Qumran, og er frå 1. århundre før Kristus. Det interessante med denne tavla, er at det finst referansar til "på tredje dagen", som då er sentralt i NT-lege messiasbodskap, i og med at Jesus stod opp på den tredje dagen. Men det vert då også sagt at det var føresagt at Jesus skulle stå opp på den tredje dagen, jfr. Luk 24, men det har vore litt vanskeleg å vite nøyaktig kva tekst eller tankar i GT det vert sikta til her.


Her er steinen. Vi hadde høgoppløysingsfotografi, då.



Ja, elles gjekk det i litt ulike ting, og nokre av tinga er kanskje ikkje heilt offentleg enno. Men eg kan seie nokre ord om noko vi diskuterte litt, nemleg frykt/kjærleik-motivet hjå Luther og Paulus. Luther understrekar at vi skal "elske og frykte Gud, så vi..." Etc. Dette har nok bakgrunn i Deut, i boda som vert gjeve der, der pakten, med dens innhald, er forma etter mønster frå andre paktsslutningar mellom kongar og folk i omverda, dvs. til dømes assyriske paktar. Då blir poenget at frykt/kjærleik/lydnad heng godt saman, sjølv om Guds personlegdom i Deut nok er "varmare" og meir tilgjevande enn i assyriske pakter.

Vel, dette var i alle fall eit område der eg kunne kome med nokre innspel. For Paulus vektlegg altså både frykten for Herren og kjærleiken til han. Frykt, fordi vi alle skal fram for Kristi domstol. Men "ærefrykt" er nok eit betre uttrykk. Poenget er i alle fall at Paulus argumenterer slik, og dette er ein hovudmotivasjon for at han driv med misjon. På sett og vis såg han evangelieforkynninga som eit "hushald" som var betrudd han, og på domens dag ville det bli åpenbart at han hadde fullført gjerninga si, og bevart dei som kom til trua. Fil 2,16 og 2 K 1,14. Poenget er altså då at Paulus såg ein nær samanheng mellom korleis han gjennomførte si teneste, og korleis domen ville bli. Det er ein interessant link som ikkje er så godt forstått i vår tradisjon. Paulus kan i Rom 8 tale tydeleg om at vi ikkje lenger fryktar, at vi kan sjå framover med frimod og tryggleik. Likevel er det ei dirrande spenning; vi skal alle fram for Kristi domstol. Difor gjeld det å "undertvinge lekamen" og øve seg, liksom ein boksar må trene godt og disiplinere seg.

Uansett, ja. Det er fint med slike forskingsseminar. Ein lærer kanskje ikkje så mykje som ein ville gjort ved effektiv lesing. Men ein lærer på andre måtar, liksom. Ein plukkar opp masse praktiske tips for forskinga, får sett i gang tankar ein ikkje elles ville hatt, knyter venskap og fellesskap, og får generelt ein sterk motivasjon til vidare arbeid. Så det er fint at eg får lov å vere med på dette. I dag var eg på MF, på bibelomsetjingsseminar. Det også var interessant, men mest var det fint å bli kjent med nye forskarar, samtale om ting og tang, få viktige innblikk i den konkrete omsetjingsprosessen og lære mykje om norske omsetjingar dei siste 50 åra.

Eit par problemstillingar eg sjølv tok opp med nokre av omsetjarane: Kva var logikken bak "Lat oss ikkje koma i freisting?" Dette er ei upresis omsetjing, ein fjernar seg frå grunnteksten. Dei eg tala med, som verkeleg er høgkompetente folk, var samde i at dette nok ikkje var ei heldig omsetjing. Eg spurte også ein annan høgkompetent bibelomsetjar om kvifor Bibelselskapet hadde omsett "Og dei var nakne, mannen og kvinna, og dei skamma seg ikkje", i staden for "Og dei var nakne, Adam/mannen/mennesket og kona/kvinna hans, og dei skamma seg ikkje." Hebraisken har altså "Adam og kona hans", ikkje "Adam og kona" eller "Mannen og kvinna". Så eg meiner at det her ligg eit tydeleg signal om korleis 1 Mos 1-2 tenker om forholdet mellom mann og kone. Og (som er viktigare), denne forståinga er i høgste grad teke opp i nytestamentlege formaningar. Så kvifor omsetje ulikt grunnteksten, og "egalitært", når ein kunne omsett nær grunnteksten, og omsetjinga kunne vore heilt tydeleg og forståeleg (Norsk Bibel har til dømes "Adam og hans hustru")? Svaret var at "Mmmmjo...tjaaaa...det er nok av hensyn til betraktninger om kjønn i vår samtid". Det var jo eit tankevekkande svar. Kunne vere spennande å forfylgje Bibelselskapets omsetjing litt nærare på dette punktet.

Yeah, whatever. Eg såg "Hodejegerne" her om dagen. Teknisk sett ein veldig godt laga film, han var også spennande og underhaldande. Men mange sider ved plottet var verkeleg lite truverdige. Og så har ein naturlegvis store dosar av moderne, vestleg umoral (sjølvsagt i lag med ein del gode "verdiar" også, så å seie.) Så ja, hadde det vore ein betre film, hadde eg gjerne bruka litt meir tid på å skrive om han :-) Yupyup, i kveld er det jolebord med Kvitsundgjengen, så det skal bli hyggeleg.

Thursday, December 8, 2011

Jaja, litt meir personleg snacks før eg legg meg, då.

I går var eg på Christian Union oppe på Blindern. Det var akkurat så hyggeleg som eg hadde håpa, og eg fekk meg mange nye vener også. Vi song lovsongar, hadde ein fin bibelsamtale om Luk 15 om dei bortkomne sønene, og så var det godt pinnekjøtt m/tilbehør til slutt. Verkeleg hyggeleg. Og så var det bra at folk stort sett var på min alder (og eldre) der, det var ikkje berre folk i sånn 19-20-årsalderen.

Så i dag var eg ein tur på torsdagsmiddag på lagshuset, og det var også veldig hyggeleg. Ja, eg fekk fleire nye bekjentskapar no også, og god mat og interessante samtalar om det eine og det andre, ikkje minst livet i Sør-Amerika. Så ja, hyggeleg. Så bar turen ned til gode, gamle Fellesskapet, og der er det alltid godt å vere, og gode vener.

Elles, ja. I morgon skal eg på eit forskningsseminar på Fjellhaug. Vi skal drøfte litt "papers". Ein del av det dreier seg om Qumran og hebraisk-stuff, altså ting som eg førebels ikkje har så godt grep om. Men eg er jo ein liten jypling i desse samanhengane, så det blir mest å vere med, lytte, plukke opp råd frå nokre som er kome eit godt stykke lengre enn meg, på fleire måtar. Eg har i alle fall fått lese gjennom artiklane, så ser vi korleis ting går.

Ja, men det skal også bli godt med helg no. Eit genuint sitat til slutt:

"En narkoman jeg kjente i Oslo sa: “Hvis du virkelig vil hjelpe meg, skal du ta meg med på en enkel kafé, og kjøpe samme suppe til deg og meg. Så kan du snakke helt vanlige ord til meg i en halv time. En tier forsvinner bare til dop.”

Wednesday, December 7, 2011





The angel Gabriel from heaven came,
His wings as drifted snow, his eyes as flame;
'All hail', said he, "thou lowly maiden Mary,
Most highly favored lady,
Gloria..!

'For known a blessed Mother thou shalt be,
All generations laud and honour thee,
Thy son shall be Emmanuel, by seers foretold,
Most highly favored lady,
Gloria..!

Then gentle Mary meekly bowed her heard,
'To me be as it pleaseth God', she said,
'My soul shall laud and magnify His holy name,
Most highly favored lady,
Gloria..!

Of her, Emmanuel the Christ, was born,
In Bethlehem, all on a Christmas morn,
And Christian folk throughout the world
will ever say:
Most highly favored lady
Gloria...!

In other news (ja, kun for dei høgst personleg interesserte) har eg vore på MF og lese i dag. Og elles har eg fiksa gitaren min med nye mikrofonar, så no skal det verkeleg bli spennande å sjå korleis lyden blir.

Yup, så i morgon blir det meir lesing, og så skal eg ein tur på Christian Union, tenkte eg. Det skal jammen bli hyggeleg :-)
























Elles, Aftenp. har ein kronikk på trykk her. Veldig svak argumentasjon, prega av lite innsikt i konservative, kristne miljø. (For øvrig har konservative, kristne miljø masse fokus på denne tematikken, i motsetning til det Meisingset antyder mot slutten.) Yup. Eg tykkjer det er trøyttande med denne ideologiske sex-kampen som skjer utan god og rasjonell argumentasjon. Problemet er - igjen - at det ideologiske klimaet gjer at debatten blir "frama" på måtar som gjer at den eine sida framstår som moralsk og god medan den andre framstår som trangsynt og umoralsk.

 Eg vil elles nemne kronikken nedanfor, altså denne. Her er det ei ung dame som skriv ærleg om sine erfaringar med "one-night-stands". Det er sår lesing. Høyr på dette: "Det er umulig med one night stands med perfekte mennesker uten at noen blir følelsesmessig engasjert. Enten er det jeg. Det vil si oftest er det jeg. Det kan vare alt fra to dager til ti år, men sjelden bare ei natt. Eller så er det han. Og da varer det oftest ti år." Også interessant å sjå kommentarfeltet nedanfor, der fleire menn seier: "Ja, men kva er problemet? One night stands er digg, då kan eg gjere akkurat som eg vil for ei natt!" Medan fleire av kvinnene seier: "Ja, vi kjenner oss så igjen i kronikken, vi likar ikkje one-night-stands." Men heldigvis fleire av både kvinner og menn som heller ynskjer eit meir trufast samliv.

Monday, December 5, 2011

So it begins


Som Peter Hitchens har understreka, er det noko paradoksalt med den ideologien som den politiske venstresida held seg med. Ein talar høgt om rettferd for dei svake og fattige, men nettoresultatet er ofte nettopp at dei svake blir endå meir undertrykt av dei sterke. No er det ingen tvil om at Ap er eit parti som har gjort veldig mykje godt for Noreg. Det er det viktig å understreke. Men i ein del utvalte etiske spørsmål tykkjer eg verkeleg dei er ille. Uansett, no blir det altså tilbod om tidleg ultralyd for alle i 12. veke, eit tilbod som ikkje gjev medisinsk utbytte, men som vil gje stor gevinst i form av å avdekke Downs-born. Jfr. her og her.

Hm. Litt sånn kort. Som de veit, er eg fan av Macintyres analyse av moderne moralfilosofisk diskurs. Dette inneber at den typen nyliberalistiske etikk (som også i Noreg er mykje inspirert av...tja...kulturmarxisme, om ein kan seie det slik) er ganske inkoherent, som eg understreka tidlegare. Ein klarer ikkje grunngje sine eigne standpunkt på ein rasjonell og koherent måte, fordi ein allereie i utgangspunktet held seg med ein materialistisk/mekanistisk metafysikk som stengjer døra for rasjonalitet/moral, noko som medfører at moraldiskursen nødvendigvis må bli usamanhengande og emotivistisk.

Det betyr, dersom vi no framleis held fast ved Macintyres analyse, at den politiske diskursen er "interminable", og at det såleis ikkje er mogleg å kome til semje. Den som ropar høgst, vinn. Den som får flest stemmer, vinn. Evt.: Den som brukar dei mest manipulative argumenta, vinn. Dette er nok ein litt dyster analyse, men spørsmålet er jo om det er ein korrekt analyse. Og eg trur det er vanskeleg å kome unna dette.

Så...løysinga må bli ein debatt om metafysikk og røyndomsforståing, tenker eg. Det er nemleg noko merksnodig med moderne moraldebatt, ikkje sant? For...hm...vi har ulike premiss, ikkje sant, for korleis røyndomen er. Er verda skapt av Gud? Ja/nei. Er verda eigentleg mekanistisk? Ja/nei. Finst det føremål i skaparverket? Ja/Nei. Finst det ein ikkje-materiell røyndom? Ja/Nei. Finst det ein sfære av absoluttar, typar, tal, idear? Ja/Nei. Kan ein tale om menneskenaturen som ein "essens"? Ja/Nei.

Ok, HER kjem det viktige poenget: Dei premissa som er valt i dei ovanfor nemnte spørsmåla, vil i neste omgang determinere kva ein oppfattar som moralsk/umoralsk. Det betyr at vi som kristne, til dømes, kan mase om å ta vare barnet i mors liv, om å ta vare på ekteskapet etc. Men alt motstandarane høyrer at vi seier, er: "Vi er så sjølvrettferdige, vi ynskjer å bestemme over liva dykkar, vi ynskjer å undertrykke kvinner, vi er mot sex og nyting" etc. Og frå deira premiss kan dette faktisk vise seg å vere heilt korrekte observasjonar, heilt god og sunn logikk! Her er forresten ein case in point.

Difor nyttar det ikkje å argumentere i desse sakene berre "på overflaten". Motstandarane ser oss som umoralske, og med dei premissa dei har, er dette ofte ein korrekt og god konklusjon. Det betyr at dei ikkje kan gå imot sine eigne standpunkt, for dei vil oppleve det som eit svik mot samvitet sitt, eit svik mot det dei verkeleg meiner er sant. U c? Altså: Ein kjem ikkje unna spørsmålet om kva som verkeleg er sant, kva som verkeleg er den ytste røyndomen, kva som verkeleg "the nature of things".

Og utan denne debatten, utan at kristne (for etter at trua på Jesus i vestleg historie har "swept the board", er det berre kristendomen, og kanskje i nokon grad islam, som er eit rasjonelt tilsvar til den røyndomsforståinga som moderne sekulære held seg med. Ingen held seg lengre med antikkens heidenske røyndomsforståing. Men kan jo hende at andre vil gå for andre typar av klassisk metafysikk. Men det er nok ikkje så realistisk nett no) utfordrar sekularismens metafysikk, så reknar eg med at utviklinga berre vil halde fram, med individualistisk egoisme som leiestjerne.

Sunday, December 4, 2011

Ok, nok ein pludrete post, så her er du advart. Fyrst nokre bilete her. Dette er av Vråvatn. Fyrst i stor storleik, deretter liten. 




Så kan ein trykke her for å sjå eit fint bilete av Roholdtsfjell. Her har eg gått på tur utallige gonger.


For dei personleg interesserte kan eg vel seie at eg har hatt ei fin helg. I går reiste eg frå Kviteseid til Oslo, då.  Så var det jolekonsert i Storsalen på kvelden, det var fint. Så leigde vi "Unknown" på DVD. Vel, hm, 7,0 på IMDB, og han fortente ikkje meir, heller. Absolutt ein underhaldande film, men stundom litt for valdeleg. Men langt verre var det at handlinga ikkje var særleg truverdig, og det var mange plot holes. Så vel, styr unna, og sjå ein betre film, det er mitt råd. For øvrig kostar det berre 19,- å leige film på den nye godtebutikken på Bislett.

I dag har eg spela gitar i Misjonssalen. Der heldt Hjalmar B. ein tale over Luk 21, Jesu...tja...apokalyptiske tale? Eg anar verkeleg ikkje korleis denne talen bør tolkast, det er ei skikkeleg nøtt, tykkjer eg. Preteristisk eller ikkje? Det er (kanskje) spørsmålet. Men ja, hovudpoenget til B. var well taken, nemleg at både NT og kristne i andre land er opptekne av Jesu atterkome og ser fram mot det med lengsle. Med andre ord er det noko gale med oss dersom vi ikkje tenker på dette. Dette var forresten eit poeng Krister Stendahl også understreka i sin smått kontroversielle Paul between Jews and Gentiles. Litt blanda drops, den boka der, men verkeleg stimulerande.

Så har eg vore til ein veldig hyggeleg middag hjå Annlaug og Atle, der vart eg kjent med ein hyggeleg tysker som var frå aust-T, så vi tala litt om korleis det var å bu i eit kommunistisk land. Det er forresten veldig godt å ha vener. Bøker kan gje meg mykje, inkludert intellektuell stimulans, men vener gjev meg mykje meir glede. Der Mensch wird am du zum ich. Det er så sant, og eg kjenner meg litt understimulert på dette området. Er jo ikkje slik det bør vere. Litt frustrerande å tenke på, men hei, eg har då mykje anna å gle meg over.

Så var det møte i Storsalen, der temaet var noko sånt som "Kva ventar du på?", eller noko slikt. Så det var ei fin preike over ein tekst frå Salomos Høgsong, og eg fylgte halvt med medan eg las nokre kapittel frå Openberringa, som eg altså no pløyer gjennom i ledige stunder. Og så fekk eg forbøn, for det er det tryggaste. Det er fint i Storsalen, tykkjer eg. (Sjølv om eg altså ikkje kan sympatisere så veldig mykje med deira - manglande - syn på tenestedeling. Ok, men det er ein annan debatt).

Uansett, apropos, på veg heim var eg innom spelekveld hjå mi hyggelege veninne Kari, og der var det naturlegvis god stemning. Eg kom i tale med ein kamerat som fortalte meg om D6, altså ta ein titt her. D6 er ein amerikansk konferanse-ide, men sjølve tittelen D6 er altså ei forkorting for Deut 6, dvs. 5 Mos 6, der det står så tydeleg om at far/foreldre skal oppsede borna sine; dei skal lære dei Herrens bod, dei skal fortelje om kva Herren har gjort, og dei skal vere uthaldande i dette.

Så, hm, ja, han kameraten min tala om korleis fedrar særleg bør sjå sitt ansvar for å vere "hovud" i familien og sørgje for at familiens gudsliv vert halde ved like. Til dømes ved kveldsbøn, bordvers, husandakt, reise på gudsteneste/møte etc. Hm. Hm. Det er verkeleg noko å tenke på, liksom. Korleis...hm...det folk opplever som "normalt" og "behageleg" når det kjem til trusrelaterte saker, for ein stor del avhenger av kva val foreldra har gjort. Altså, når eg har dåpssamtalar med folk, så kjem vi jo alltid inn på dette med ansvaret for oppseding i den kristne trua. Og eg seier kanskje noko om kveldsbøn, sundagsskule, barnebibel etc. Men for dei som ikkje har vakse opp med dette, er det utruleg vanskeleg å ta til med det, altså. Det er eit stort steg som fort kjennest veldig unaturleg for dei, i alle fall mange av dei. Det er ikkje umogleg, men det krev ein del "arbeid" (eller skal vi seie: bearbeiding) både for dei og for meg som prest og for resten av kyrkjelyden om dei skal ta til med slikt.

Så ja, poenget er at foreldra har ei ganske stor makt til å påverke borna sine - og borna vil ofte føre vidare dette til neste generasjon att. Så dei vala som småbornsforeldra gjer i dagleglivet når dei oppsedar borna, vil fort få "ripple effects", på godt og vondt, då. (Nett difor er det lurt av deg og meg også å tenke gjennom kva haldningar vi har til det eine og andre, og så spørje oss sjølve om desse er bygd på sedvane frå foreldra våre eller rasjonell gjennomtenking.)Så ja, D6 er ikkje så dumt, tenker eg. Vi kan nok trenge å bli mint på slikt som dette.

Ok, blahblahblah.

Saturday, December 3, 2011

Eit tilsvar til al-Kubaisi++

Ok, folx. Eg skreiv ein kronikk som eit tilsvar til Walid al-Kubaisis kronikk her. Dag og Tid tykte kronikken var god, men dei kunne ikkje ta han inn, kanskje fordi eg var litt for seint ute med å skrive, slik at dette tilsvaret ville kome to veker etter den opphavlege kronikken.

Kronikken handlar litt flåsete sagt om - som er blitt meir og meir vanleg i det siste - å freiste å vise at Jesus er "like ille" som Muhammed når det gjeld krig, sverd etc. Dermed kan al-Kubaisi i neste omgang seie at båe dei historiske kjeldene er umoglege å bruke inn i vår tid. Altså må vi liksom nytolke religionane, og når vi gjer det, vil vi finne at dei kan gå godt overeins likevel. Eg køyrer kronikk, og så kjem nokre fleire kommentarar etterpå, ok?



Jesus frå Nasaret: Fredsfyrste eller krigshissar?
[Ingress]
I sin kronikk ”Muhammed og Kristus, saman på vegen” (11. nov.) ivrar Walid al-Kubaisi for at vi må finne felles verdiar i islam og kristendom, som kan kome vårt pluralistiske og fleirkulturelle samfunn til gode. Dette er i utgangspunktet eit edelt mål som ein kan ha sympati med. Men det er diverre nødvendig å peike på at al-Kubaisis kronikk i sterk grad skjemmast av misvisande refleksjonar om Jesus og kristendomen.

Jesus – også ein sverdets mann?
Al-Kubaisi hevdar at både kristne og muslimar stadig må nytolke sine religionsstiftarar og tilpasse dei til den rådande kulturen. Vi kan til dømes ikkje ta i bruk tradisjonar og praksis frå Muhammeds tid i dagens samfunn, seier han, for dette vil by på store problem. Men det er også problematisk å ta den historiske Jesus på alvor i vår tid, for Jesus frå Nasaret var også ein mann med ”tildriv til krig og sverd”, liksom Muhammed. Al-Kubaisi siterer dei fylgjande versa frå Det nye testamentet for å grunngje denne påstanden: ”Tru ikkje at eg er komen for å skapa fred på jorda. Eg er ikkje komen med fred, men med sverd” (Matt 10,34). ”Og den som ikkje har sverd, får selja kappa si og kjøpa seg eit” (Luk 22,36).

Har al-Kubaisi rett i at Jesus frå Nasaret verkeleg var ein ”sverdets mann”? Nei, sanninga er nær sagt tvert motsett, noko ein kvar historikar med ekspertise på feltet vil kunne fortelje. For det fyrste viser konteksten i Matt 10 tydeleg nok at Jesus ikkje talar om eit fysisk sverd. Han brukar i staden sverd som ein metafor for det skarpe skiljet som vil oppstå mellom dei som fylgjer Jesus og dei som avviser han (jfr. Luk 2,34-35.) Vi siterer versa før og etter ”sverd-verset”: ”32 Kvar den som kjennest ved meg for menneska, skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, skal eg òg fornekta for Far min i himmelen. 34 Tru ikkje at eg er komen for å skapa fred på jorda. Eg er ikkje komen med fred, men med sverd. 35 Eg er komen for å setja skilje: Son mot far, dotter mot mor, svigerdotter mot svigermor, 36 og ein manns husfolk skal bli fiendane hans. 37 Den som elskar far eller mor meir enn meg, er ikkje verd meg.”

Kva så med Luk 22,36, der Jesus talar om å ”kjøpe eit sverd”? Utsegna fell i ein passasje der Jesus åtvarar læresveinane om dei harde freistingane som dei vil måtte gå gjennom etter at han er borte. Det å ”kjøpe eit sverd” er sannsynlegvis her eit språkleg bilete for å vere førebudd. Denne lesinga blir relativt tydeleg stadfest i resten av kapittelet. For når læresveinane responderer ved å gje eit par ekte sverd til Jesus, iretteset han dei. Og når ein av læresveinane like etter sneiar av øyra til øvsteprestens tenar for å forsvare Jesus, svarar han: ”Set sverdet i slira! For den som grip til sverd, skal falla for sverd” (Matt 26,51-52, jfr. Luk 22,49-51).

I det heile teke samsvarer også dette godt med resten av Jesu forkynning. Jesus formana nemleg til å gje avkall på bruk av vald og heller lide, elske og tilgje. Vi kan til dømes sitere frå Jesu såkalla slettepreike i Luk 6,27-31: ”Men til dykk som høyrer, seier eg: Elska fiendane dykkar, gjer vel imot dei som hatar dykk, velsigna dei som bannar dykk, bed for dei som talar ille om dykk. Om nokon slår deg på det eine kinnet, så vend det andre òg til! Når ein tek frå deg kappa di, så nekt han heller ikkje kjortelen! Gjev til kvar ein som bed deg, og krev ikkje att frå den som tek ifrå deg det som ditt er. Og som de vil at menneska skal gjera mot dykk, slik skal de gjera mot dei.”

Er den historiske Jesus uviktig for kristne?
Ironisk nok kjente faktisk apostelen Paulus til desse formaningane av Jesus, og han tok dei i bruk i Romarbrevet (12,17-21). Dette er ironisk fordi Walid al-Kubaisi (med bakgrunn i filmen ”Jesu siste freisting”) hevdar at Paulus ”ikkje brydde seg om Jesus eller røyndomen hans”. Paulus forkynte i staden ”det folk treng å høyra, det som gjev dei von.” Denne ”frie” haldninga til den historiske Jesus er også i dag vanleg hjå dei kristne, vert det hevda. Men igjen er al-Kubaisi fjernt frå sanninga. Ein kvar kan til dømes lese David Wenhams fagbok ”Paul: Follower of Jesus or founder of Christianity?” for å få ein sakleg gjennomgang av Paulus’ relasjon til den historiske Jesus. Konklusjonen er kort sagt at for Paulus er den historiske frå Nasaret og den opphøgde Jesus i himmelen ein og den same. Og Paulus gjer rik bruk av den historiske Jesu identitet, ord og gjerningar i sine brev, jamvel om bruken ofte er kreativ og kontekstuell.

Al-Kubaisi har på sett og vis rett i at alle kristne må lage sin eigen ”konstruksjon” av Jesus. Vår tilgang til fortida blir mediert via dokument, arkeologiske levningar o. l. Difor er all forståing av historia – også den som omhandlar Jesus – av natur rekonstruert. Og det er klart at ikkje alle slike rekonstruksjonar ligg like nært opp til den historiske røyndomen. Men jamvel om kristne trur at Jesus er tilgjengeleg her og no for einkvar som i tru søkjer han, så er likevel dei historiske dokumenta ”normerande norm” for forståinga av kven Jesus var og er, såframt ein verkeleg vedkjenner Jesus som Herre.

Som nemnt i innleiinga, er det eit edelt mål al-Kubaisi har sett seg føre når han ynskjer å setje fokus på dei likskapane det er mellom Jesus og Muhammed. I trass av all usemje spring både kristne og muslimar ut frå det same ”abrahamittiske” jordsmonnet. Om vi ikkje er sysken i trua, så kan vi likevel kallast syskenborn. Her er verkeleg mykje felles verdistoff og eit rikt utgangspunkt for dialog og semje. Så gjeld det at vi vågar å tale sant, både om våre respektive historiske bakgrunnar, og også om dei skilnadene som finst.

Hallvard N. Jørgensen, teolog.

Yup. Så jada. Til forsvar for al-Kubaisi kan ein seie at han stadig henviser til kristne i skrivinga av kronikken. Det vil seie at dei haldningane som han legg fram, faktisk er å finne hjå norske, og vestlege, kristne. Det er til dømes haldningar om å avvise den historiske Jesus som normerande for trua, eller haldningar om at Paulus eigentleg var ein ny religionsstiftar. Velvel. Det kan vere eit memento for oss kristne, kanskje. Det må likevel innrømmast at dette er problemfelt som går på veldig djupt vatn.








- Elles...uh...er eg attende i Oslo, då. Så no håpar eg å få lese ein del dei neste dagane, tenker eg. Det er liksom den einaste måten eg føler det er skikkeleg progresjon i livet mitt, på ein måte. Hm.

Friday, December 2, 2011

To all of you apologetic-junkies out there

Craigs hovudforelesning i Oxford, då Dawkins altså ikkje møtte opp til debatt:



Og så eit lengre intervju med Ed Feser der han gjev ei innføring i hans argumentasjon i boka "The last superstition", dvs. den veldig stimulerande boka eg har anbefalt tidlegare. Altså, trykk her.

Thursday, December 1, 2011

Til ettertanke?

Ok, dersom du vil bli utfordra på "bias" i akademia, så ta ein titt på dei fylgjande artiklane. Her, her og her. Særleg artikkelen i midten. Eg ynskjer at du skal lese den. Personleg seier eg ikkje at eg nødvendigvis er samd i alle poenga. Det må ein eventuelt diskutere. Men det er tankevekkande lesing. Og det får ein til å bli medviten om at ikkje alt ein lærer i akademia verkeleg er genuin "scientia".