Saturday, March 31, 2012

Apropos

Dette var ein utruleg interessant kronikk som vekte mange tankar hjå meg. Ein "trygdesnyltar" på min alder skriv om at han ikkje arbeider, men går på NAV, mykje fordi det er så store forventningar til han om kva han skal "bli", og så opplever han vanleg arbeid som lite motiverande og lite meiningsfullt. Også spennande å lese kommentarane nedanfor, verkeleg. Ein fyr med master i sosiologi som ikkje anar kva han skal bruke utdanninga til. Ein annan  fyr som kjenner seg lukkeleg fordi han har jobb, får seg pc og mac, reiser på påskeferie og har sambuar.

Denne kronikken, og kommentarane, tek verkeleg tidsånda på kornet, altså. Det handlar mykje om at våre ideologiske tankar om livet, karrieren, samfunnet etc. (mykje henta frå 68-generasjonen) viser seg å stå i rimeleg sterk spenning til røyndomen på ein del punkt. Men igjen; eg prøvar ikkje å svartmåle ting. Eg tykte berre det var veldig interessant å lese dette. Og berre tenk på kor forskjellige tankar våre besteforeldre hadde om desse tinga. Det var verkeleg veldig ulikt. Vi er den individualistiske dessertgenerasjonen som skal redde verda, eller bli berømte, eller skrive ein phd, eller reise rundt i verda og oppleve mest mogleg, eller bli steinrike, eller finne den perfekte partner som vi skal bli lukkelege med. Alt anna er bourgeois, liksom (særleg tradisjonelt familieliv og eit vanleg yrke). (Ok, no karikerer eg, men det er verkeleg ein slik straum i rådande tidsånd, med røter bakover i idehistoria).

Som ein digresjon; tenk på det sjølvbiletet ABB skriv om i sitt manifest; korleis han skryt av seg sjølv og sine bedrifter, medan han i røyndomen var ein fiasko som sat inne og spela WoW heile dagen. Og etter terroranslaget kom det ein kronikk frå ein skulekamerat, der han skreiv om korleis han og andre i klassa fekk høgstatusyrke, medan ABB vart seriemordar. Hm. Det er i alle fall tydeleg at forventningar frå omverda her har spela ei stor rolle, noko som også dels gav seg utslag i måten han framstilte seg sjølv som "ridder", frelsar av Europa etc. Men ein må sjølvsagt vere svært varsam og tentativ i refleksjonar rundt desse tinga.

Men ja, dette har vekt tankar hjå meg. For korleis tenker eigentleg eg om karriere, om familieliv, om "aspirations" og "peer pressure", om andre menneske i det heile teke? Hm. Eg er naturlegvis djupt inspirert av kristen tenking på desse områda (heldigvis). Men eg er også eit barn av mi tid her. Hm. Det er vanskeleg å leve upåverka av måten andre rundt deg gjer. Av og til opplever eg at...hm...perioden frå 18 og utover har vore ei systematisk nedbyggjing og/eller forvandling av forventningar, på mange område. Til vener; ein innsåg at venene ein hadde på Kvitsund ikkje var så perfekte og populære og vellukka som ein trudde (langt ifrå, faktisk). Og relasjonane blir mykje betre av å innsjå dette. Til karriere; ein innsåg at ein har svært avgrensa moglegheiter, eigentleg, til å utrette ting eller setje seg inn i ting. Tida går fort, evnene er avgrensa. Til familieliv; ein innsåg at dette er langt meir "mundane", vanleg, arbeidskrevjande - men også gjevande - enn ein trudde. Og ikkje minst: At familieliv difor er ein livsstil som krev store oppofringar. Etc. Prosessen er framleis i gang, for å seie det slik.

Mykje meir kunne jo vore nemnt, på ein måte. Eg tenker også ein del på populærkulturen, som på mange måtar reflekterer tidsånda. Korleis...hm...populærkulturen på mange måtar er ein einaste stor og usann illusjon. Men livet er ikkje slik, verken for skodespelarane eller for nokon andre. Likevel påverkast vi av ideala og "røyndomsskildringa" i denne kulturen. For filmar, til dømes, søkjer systematisk å påverke oss, gjennom narrativet! Men dei fleste er ikkje klar over det. Jamvel Se og Hørs referansar av kjendisar er systematisk tilslørande, noko som verkeleg slo meg den gongen for nokre månader sidan då eg plukka opp eit blad som låg på hybelen. Eg vart slått av det; kor lite i kontakt med røyndomen dette bladet eigentleg var, kor "illusjons-opphaldande" det var. Hm. Ein mann har opplevd eit skilsmål. Overskrift: "Etter skilsmissen: Lever livets glade dager i New York!" Med champagneglas i handa. Eit kjendispar er på ferie i Spania: "Nå nyter de livet i rivieraen!" Det er veldig på overflaten, liksom. Men ein del av artiklane som "handlar om livet", så å seie, kan vere meir spennande å lese, og meir realistiske.

Det er noko eg også har vorte slått av gong på gong, i nyhetsdekning; korleis aviser og TV kan referere ting som skjer; OK. Ein mann slo ihel ei dame, ein bil krasja, ran på Tøyen etc. Dekninga kan vere veldig god. Men veldig sjeldan er det nokon eigentleg refleksjon over dei verkelege mekanismane som låg under her, kva det var som førte til at desse tinga skjedde; kva i livshistoria, barndom, haldningar hjå vener, ulike typar val og prioriteringar. Ein kan innvende at det ikkje er tid nok til å fremje slike analysar når ulukka nettopp har skjedd. Men når fremjast eigentleg slike analysar? Og kvar?

Eg tenker nok at det her dels er ein verkeleg "imaginative impoverishment" i den norske befolkninga. Ein har på ein måte ikkje moralske og røyndomsforståingsmessige ressursar til å forstå samanhengar og forholdet mellom idear og handlingar. Kanskje tenker ein ut frå store "strukturelle" årsaker, gjerne i økonomisk form, og det kan vere bra, så langt det rekk. Men kva med personleg moral, eller livssyn, eller haldningar, verdiar etc.? Dette er liksom eit tricky område på grunn av rådande metafysikk og ideologi. Ein har ikkje ressursar til å analysere dette, på ein måte. Og eg trur nok også at rådande ideologi på sett og vis går imot denne typen analysar, fordi det kan føre til at ein set spørsmålsteikn ved ulike menneskers livssyn, val, handlingar etc., men dette kan igjen opplevast som eit steg mot innskrenking av fridomen for folk, på ein måte.

3 comments:

Eivind said...

Knall bra refleksjoner, Hallvard.

Har ikke lest kronikken du nevner, men du setter ord på noe veldig viktig! Takk for at du deler.

Eivind.

Hallvard said...

Det var hyggeleg, Eivind! Takk for gode ord.

Anonymous said...

Denne bloggen blir bare bedre og bedre! Jeg er her fem dager i uken , minst! MEN en ting: Kan du ikke bli litt flinkere til å bruke norske ord istedenfor engelske? Jeg vet utmerket godt markedskreftene drar den veien, men tror du ikke veien til både menneskenes hjerter og intellekt går gjennom morsmålet?

Ps: håper du ikke tar dette ille opp