Monday, March 19, 2012
Etc
Eg er jo tilsett i Skaperkraft no, i ei bittelita stilling. Vi er framleis i oppstartsfasen, og det skjer mange spennande ting her. I dag snakka vi ein del om vidare retning, og identitet, for tankesmia. Vi har tala ein del om ei britisk tankesmie, Theos. Denne driv med masse spennande arbeid, og er veldig profesjonell, så å seie. Mange bra folk med der, og dei skriv nokre ting på litt lågt nivå, og nokre på veldig høgt nivå. Så dette er noko å strekke seg etter, både reint metodisk og innhaldsmessig. Her arrangerer dei foredrag og debattar, skriv rapportar, bokmeldingar, kronikkar etc. Veldig spennande, tykkjer eg. Det er mogleg sjefen og eg skal ta ein tur til Storbr. i mai og snakke med folka der og få utveksla ein del idear og sånn.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment