Ok, så de skal halde oppe interessa for bloggen min, så...uh...har eg ikkje så mykje melde. Eg har besøk av vener i helga, så det går i litt veneaktiviteter. Eg, uh, er straks gjennom band 1 av Pelikan, så då blir det spennande med band 2, om ortodoks kristendom. Eg har byrja å lese om Radical Orthodoxy, som er veldig spennande. Eg er framleis ein del avventande, kan ein seie. Men ingen tvil om at det er mykje å hente der, sjølv om ein kan diskutere heilskapsforståinga av teologien. Eg har også lest ein del av Steven Shakespeare, som har skrive ei kritisk innføringsbok om Radical Orthodoxy. Eg tykkjer ikkje akkurat at kritikken hans var så mykje å bry seg om; ein skal stå tidleg opp for å svare på Milbank, Ward, Cunningham etc. sine refleksjonar.
Eit lite sitat, då. Dette er litt tungt stoff, men ja, det er ein grunn-nykjel til å forstå RO. RO peikar på Duns Scotus som "the villain" som sette teologien på feil spor, fordi han tala om "the univocity of being". Dette handlar om at Gud og alle andre vesen eksisterer "på same måte", så å seie. Dette i motsetning til den klassiske forståinga av Gud, som til dømes hjå Aquinas, der Gud vert sett på som "pur eksistens", slik at alt anna deriverer sin eksistens frå hans, og slik at Gud er kjelde for all røyndom, så å seie. Men ut frå "univocity" vert Gud sett på som ein "ting," som ein person, på lik linje med deg og meg, på sett og vis, berre at Gud er mykje større enn oss, naturlegvis. Dersom dette er tilfelle, kan filosofien frigjere seg frå Gud, og analysere eksistens utan å henvise til Gud. Her kjem eit sitat frå Milbank. Dette er viktig stoff, eg berre seier det.
"The implication of this is, then, that Kant did not really understand what he was doing, for all his brilliance. He was not overturning all of Western thought up to that point: only completing a very recent mode of reflection by reversing it. This means that to call Kant into question is not conservatively to go back to the pre-critical, but to question the whole idea of pre- and post-critical pigeonholing, and I'd suggest that the real break came earlier with univocity. If that is the case, then the truth or otherwise of this break can be assessed only by theology as well as philosophy. Modern philosophy thus has no autonomous ability to assess the conditions of its own genesis. This is the most radical and fundamental of all the claims made by Radical Orthodoxy."
Veldig interessant, dette. Men også litt interessant å tenke på korleis Feser analyserer moderne filosofis genese. Han ser William av Occam som den store rakkaren, som forkasta realismen og meinte at vi ikkje kunne erkjenne det "fornuftige" i Guds gjerning; vi har ikkje tilgang til hans tankar ved hjelp av filosofien. Vel - det er sikkert samanhengar her som eg ikkje veit om.
6 comments:
Dette er spennende stoff, men jeg er ikke helt sikker på at jeg henger med i svingene.
Ut i fra det du skriver virker det som om du er med Aquinas heller enn Duns Scotus. Greit nok så langt. Men i forhold til konsekvensene univocitys riktighet eller uriktighet får eller kan få for vår tids filosofi/teologi/virkelighetsforståelse henger jeg ikke helt med.
Lyst til å utdype?
A
Ja, eg skriv litt om dette i morgon. Ikkje akkurat mitt ekspertisefelt, men eg kan då utdjupe det Rad. Orth. meiner...som eg for øvrig trur dei har mykje rett i.
Den setningen du har understrekt i tykke typer sammenfaller vel egentlig ganske bra med Feser ( som jeg nå har lest) kritikk av moderne filosofis sviktende premisser (= metafysikk) ikke sant?
Jo, absolutt. Feser vil meine at ein må gå til drøftinga av universalier (jfr. hans kritikk av William av Occams nominalisme) samt også ei drøfting av mekanistisk metafysikk.
Moderne filosofi har på mange måtar låst seg sjølv inne, og kasta bort nykjelen, i og med at ein ser seg sjølv som "nøytral", som at ein har ein sann metafysikk, når ein ikkje har det, på ein måte.
Dette understrekar både Burtt og Macintyre; det finst ikkje meir "self-deceived" sjølvforståing enn opplysningtidas. Moderne filosofi innser imidlertid at det er enorme anomaliar, store problem som ikkje "går opp." Mind/body-problemet og qualia-tematikken er eitt framståande slikt problem.
Men ein kjem ikkje ut av det så lenge ein held seg med materialistisk/mekanistisk metafysikk, for då blir alternativet å seie at sinnet vårt er i ein "annan sfære", så å seie, altså å gå attende til Descartes' dualisme. Så...ja. Problemet er naturlegvis at sjølve den mekanistisk-materialistiske metafysikken er utdatert og uansett umogleg å grunnje. Cunningham skriv verkeleg veldig godt om dette i "Darwin's pious idea".
For øvrig er RO påverka både av Charles Taylor og Alasdair Macintyre, og dei er alle saman samde om at moderne sekularisme - dvs. ideen om ein nøytral fornuft og eit "disengaged" filosofisk standpunkt - er ein myte. Den som trur at han innehar eit slikt standpunkt, lurar seg sjølv, altså.
Men dei vil ha litt ulike (dog overlappande) nyansar på kva som "gjekk gale", så å seie. Feser vil særleg betone Occam, reformasjonens nominalisme og deretter mekanistisk metafysikk i tidleg-moderne vitskap (Galilei, Newton etc.)
Taylor ser langt meir på rørsler i historia, og ikkje så mykje på reint idehistoriske rørsler. Han peikar til dømes på ein gjennomgåande reformiver i middelalderen, der ein ynskte å spreie kristendomen utover til heile folket, så alle vart kristne; dette medførte etter kvart at det kristne ethoset og ei kristen røyndomsforståing byrja å "leve sitt eige liv," lausrive frå trua på Gud. Men alt dette vart godt hjulpe av reformasjonen, meiner Taylor, der mange grupper tok eit veldig godt steg i å "avmystifisere" verda, avskaffe folkelege ritualer og bilete, samstundes som ein var kritisk innstilt til filosofien.
Men også Taylor peikar naturlegvis mykje på overgangen til materialistisk metafysikk. Her er både Taylor - og RO - påverka av Michael Buckleys bøker om utviklinga av moderne ateisme.
Macintyre understrekar for øvrig nett det same, frå ein annan synsvinkel; altså forkastinga av teleologi i naturen (som altså er den mekanistiske naturforståingas framste kjenneteikn). Dette medførte ei forkasting av teleologi i menneskenaturen, og konsekvensen blir i fylgje M at det er umogleg å byggje - og tenke - moral (og for øvrig også rasjonalitet, vil mange seie).
Takk for utfyllende kommentar og innlegg. Veldig spennende temaer! Gleder meg til å lese filosofioppgavene dine til høsten, dersom du legger de ut.
Har du vurdert å ta filosofien på kortere tid enn normert? Du kan jo skrive masteroppgave om de greiene her :-)
A
Hehe, ja, vi får sjå korleis det går. Hyggeleg at du tykkjer det er interessant :)
Post a Comment