Sunday, April 1, 2012

I dag var det friluftsgudsteneste på Vesterdal gard, eit godt stykke oppi åsane i Kviteseid. Det var litt kaldt, men heldigvis var folk godt kledd. Det kom rundt 50 personar i dei fleste aldrar, så det var god stemning. Fyrst vart gudstenesta opna med "Jusureivisa", ei lokal vise frå 1800-talet. Vi song påskesongar, og eg hadde liturgi og preike, og konfirmantane var med som hjelparar. Så var det kyrkjekaffi, drøs og lamainspeksjon etterpå (det er lamaar på garden der). Deretter var vi ein god gjeng som gjekk på ein liten fjelltur i nærområdet, opp til eit utsiktspunkt. Så dette var god suksess, sjølv om vi neste år nok kjem til å leggje denne gudstenesta litt seinare på året, når det er litt varmare. Men vi var også litt heldige, for då vi var ferdige med turen, vart det heftig vind. Preika fylgjer nedanfor, for den som er interessert. Ganske basic denne gongen.











"Vi er i ferd med å gå inn i påskehøgtida. Når vi tenker påske i den kristne kyrkja, tenker vi på Jesu død og oppstode. Men påska var opphavleg ei jødisk feiring som tidleg i Israelsfolkets historie. Det var ei høgtid der ein mintest Israels utferd frå Egypt. Vi les at sjefen i Egypt, Farao, hadde gjort Israel til slavar. Han sette dei til å arbeide med å lage murstein av gjørme og halm, og til å byggje store byar for seg sjølv. Men folket ropa til Gud og trygla om hjelp. Og Gud høyrde bøna. Han møtte Moses i ein brennande tornebusk, og sendte han til Farao for å om å la Israel få sleppe fri. Men Farao gjorde seg hard og nekta. Det endte opp med at Gud sendte mange landeplager over Egypt; froskar og lus og solformørking og byllepest. Men då Farao framleis nekta å la Israel fare, bestemte Gud for å sende ei siste plage over landet; han sendte ein dødsengel for å ta livet av den fyrstefødde sonen i alle familiar.

Og det er då vi kjem til høgdepunktet i den gamaltestamentlege påskehøgtida. For berre Israel skulle ha ein utveg for å unngå dødsengelen. Gud bad kvar familie om å ta eit lam, slakte det og stryke blodet på dørstolpane. Når engelen såg blodet, ville han gå forbi, slik at ingen i familien døydde. Denne fryktfulle natta skulle kvar israelsk familie ete påskelammet, steikt med bitre urter, og dei skulle ha belte om livet og klede på seg så dei var klare til å røme i hui og hast. Og då Farao fekk sjå at dei fyrstefødde var døde, til og med hans eigen son, lot han Israel fare. Heile denne forteljinga om utferda frå Egypt var det altså Israelsfolket fekk bod om å feire og minnast som ei årleg høgtid. Dei skulle samle seg i heimar, liksom på påskenatta, og ete eit steikt lam, og gå gjennom hovudtrekka i påskeforteljinga. Den dag i dag feirar faktisk jødar påska på denne måten, både i Israel og rundt omkring i verda, til dømes blant jødar i USA.

Påskehøgtida er altså opphavleg ei veldig dramatisk høgtid. Det er ei høgtid som handlar om at Gud grip mektig inn og frir folket sitt frå slaveri, vald og undertrykking. Dette er ein veldig viktig bakgrunn for å forstå det som skjedde på palmesundag. For dette var midt i påskehøgtida, og då var Jerusalem stappfullt av folk som var komne for å feire påske der. På denne tida var ikkje jødane undertrykt av egyptarar. Men dei var undertrykt av romarar, som hadde okkupert landet. Det var romarane som styrte landet, dei krevde inn mykje skattar, og dei slo brutalt ned opprør. Pontius Pilatus, som var romersk guvernør i Israel i denne perioden, var til dømes ein svært brutal mann som fleire gonger hadde drept jødar i hopetal. Jesus nemner dette så vidt i Lukasevangeliet. Han seier at Pilatus drepte ein del opprørske jødar slik at blodet deira blanda seg med blodet frå offerdyra. Det var typisk Pilatus.

Det var påske, folket mintest Guds mektige frelsesgjerningar, og stemninga var nok nesten elektrisk i byen. Skal Gud snart gripe inn og hjelpe oss, slik han gjorde det i Egypt den gongen? Romarane var også redde for opprør frå jødane. Nett då var det Jesus reid inn i Jerusalem på eit esel, ope og synleg for alle. Dette var ei symbolhandling, for i Det gamle testamente stod det at Gud ein gong skulle sende ein frelsarkonge som reid på eit esel. Og folkemengda forstod umiddelbart symbolikken. Dei møtte Jesus med veivande palmegreiner i hendene, som eit symbol på siger og nasjonal stolthet. Og dei ropte: ”Jesus er kongen vår! Her kjem kongen! Velsigna vere vår Far Davids kongedøme, som no kjem til oss!” Frå bibelhistoria veit vi at Davids kongedøme, det var stort og mektig. Det var ein konge av Davids kaliber jødane i Jerusalem venta på, og eit kongerike liksom Davids. Jesus var krigskongen som endeleg skulle få sett dei brutale romarane på plass! Berre vent, no grip Gud inn, slik han ein gong gjorde då Israel var under Farao.

Kva kan Jesus ha tenkt då han reid inn i Jerusalem? Var han samd i det folkemengdene ropa? Vi veit at Jesus verkeleg sa at han var konge for Israel. Til læresveinane hadde han sagt tydeleg at han var Messias – den frelsarkongen som Gud hadde lova å sende til sitt folk. Kven seier folk at eg er? hadde han spurt læresveinane sine om. Og Peter hadde svara: Du er Messias – den salva Guds konge for Israel – du er den levande Guds Son, altså Guds store utsending til oss. Og Jesus svara: Peter, du tala sant, no har du forstått det aller viktigaste. Folket i Jerusalem hadde altså også gripe ein del av dette. Dei rekna med at Jesus spela ei hovudrolle i Guds plan, ein plan som no var i ferd med å gå i oppfylling. Det står at folket, og til og med borna, sprang etter Jesus og ropa: ”Hosianna, Davids son, velsigna er kongen som kjem, hosianna i det høgaste!” Farisearane og dei skriftlærde bad Jesus om å få dei til å teie. Men Jesus sa: Om desse teier, så skal steinane rope. Altså: Dei har forstått det. Eg er kongen som Gud har sendt. Berre la dei rope det ut.

Men andre ting hadde folket djupt misforstått. Som sagt venta folket på ein krigarkonge, ein mektig konge som kunne leie dei an i kampen mot romarane. Men ein slik opprørskonge ville ikkje Jesus vere. Og han ville heller ikkje styre over eit slikt kongerike bygd på vald og undertrykking. Jesus var ein annan konge, og han forkynte eit anna rike, ein annan veg for Israel. Som sagt var det å ri på eit esel ei symbolsk handling. Det var profeten Sakarja som hadde profetert om at Israels konge skulle ri på eit esel. Men Sakarja hadde også sagt meir om denne kongen, slik vi las:

Bryt ut i jubel, dotter Sion!
Rop av glede, dotter Jerusalem!
Sjå, kongen din kjem til deg,
rettferdig og rik på siger,
fattig er han og rid på eit esel,
på ein eselfole.

10 Eg vil rydda ut vognene i Efraim
og hestane i Jerusalem,
stridsbogen skal brytast sund.
Han skal tala fred for folkeslaga,
hans velde skal nå frå hav til hav,
frå Storelva til endane av jorda.

11 Og du, i kraft av blodpakta med deg
set eg fangane dine fri
frå brønnen utan vatn.

Ja, Jesus meinte å vere konge. Men ikkje ein nasjonalistisk og brutal opprørarkonge som folket lengta etter. For kva sa Sakarja-teksten? Kongen på eit esel skulle rydde ut vognene, bryte sund stridsbogen. Og denne fredskongen skulle ikkje berre vere på Israels lag, denne kongen skulle også tale fred for folkeslaga. Og hans kongevelde skulle nå fra hav til hav og til endane av jorda, altså over heile verda. Med andre ord: Jesus var ein fredens konge. Han var ikkje på veg til Jerusalem for å starte eit valdeleg opprør, men tvert imot for å gje sitt liv for Israel og for alle menneske. Nettopp difor vert det ofte sagt i Det nye testamente at Jesus er det verkelege påskelammet. Påskelammet vart ofra for å verne dei israelske familiane frå dødsengelen som gjekk frå familie til familie. På same måte skulle Jesus no ofrast som eit lam, for alle menneskers synder. ”Sjå der, Guds lam, som ber verdsens synd,” hadde døyparen Johannes sagt om Jesus.

Å vere Jesu læresvein, å tru på han, det handlar om å etterlikne han, lære av han, bli forma av han, velje prioriteringar og mål slik han ynskjer. Og denne dagen i påska viser oss altså kva førebilete vi har; Jesus er den kongen Gud har innsett for å herske over heile verda. Men han er ikkje ein brutal og undertrykkande konge. Han er ein konge som ynskjer å skape fred og forsoning, og som ofrar seg sjølv til beste for oss. Det er dette idealet vi har å strekke oss etter. Difor sa også Jesus: Sæle er dei som skaper fred, for dei skal kallast Guds born. Og apostelen Johannes seier: Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet sitt for oss. Så skuldar også vi å gje livet vårt for våre sysken.

Om vi skal prøve å gjere palmesundagsbodskapen konkret for oss, kan vi spørje: Korleis kan vi leve ut desse formaningane i våre liv, her i Kviteseid, i vår kvardag? Finst det samanhengar her i bygda – eller i Noreg, eller verda – der vi kan vere med på å skape fred og forsoning, i handlingar eller ord? Finst det situasjonar der vi kan gje av vårt eige, av tid, krefter og ressursar, til beste for andre menneske? Det er spørsmål som er like mykje retta mot meg sjølv som til dykk. Det kan vere ein fin måte å avslutte preika på, med litt ettertanke."





Og dersom du har lese så langt, så må du gjerne skrive ein kommentar her. På kva måte kan vi vere fredsstiftarar i dag, heilt konkret?

3 comments:

Anonymous said...

Et spørsmål til fra min side, Hallvard: Hvis synd også er systemisk, hvordan kunne Jesus unngå å synde? Da hadde Jesus ikke kunne kjøpt Iphone... Eller er dette spørsmålet for spekulativt?

Hallvard said...

Hm. Dette tykkjer eg er ei veldig interessant og viktig problemstilling. På kva måte tykkjer du Jesus kunne vorte anklaga for å ha utført "systemisk" synd?

Anonymous said...

Jesus sier: "Gi til keiseren det som tilhører keiseren, og Gud det som tilhører Gud". Som alle andre mennesker, inngikk Jesus i en sosioøkonomisk situasjon. Var ikke også denne av det onde? Slik som kjøpet av Iphone i dag forutsetter en rekke mildt sagt tvilsomme forhold, både i Kina og i Kongo. Bak ordet "forhold" er mennesker. Dette kan på ingen måte rettferdiggjøres. Noen teologer tar til orde for at et slikt forhold er uttrykk for "systemisk" synd.

Fantes det ikke lignende strukturer den gang som da?

Jesus skal ikke "anklages", det er ikke spørsmålet. Men spørsmålet mitt gjelder hvordan det overhodet er mulig ikke å bli dratt inn i denne onde sirkelen. Neste spørsmål blir hvorvidt vår blotte eksistens, med hva det innebærer av behov for mat, drikke og klær, fordrer "utnyttelse" av andre mennesker.

Andreas