Thursday, April 5, 2012

Nokre tankar om Einar Gelius' kronikk, "Hvorfor døde Jesus?"

[Eg skreiv ein litt revidert og utvida versjon av innlegget nedanfor, på Verdidebatt, her. Det er like greitt å berre gå rett dit og lese det, i staden for å lese det som står nedanfor, tenker eg.]




Einar Gelius har ein kronikk på trykk i VG no i påska, her. Gelius hevdar at Jesus ikkje døde for våre synder, men fordi han vart rydda av vegen  av den politiske leiarskapen, sidan Jesus lagde uro i folket. Han dreiv med "politisk farlig virksomhet." Her er Gelius inne på noko heilt viktig, og også ei side av evangelia som er uunnverleg dersom vi faktisk ynskjer ei genuin historisk forståing av det som skjedde. Med andre ord: Vi kan ikkje berre seie "Jesus døde for mine synder," og så kortslutte vår historiske forståing av desse tinga, som om Jesu død utelukkande var ei slags kosmisk, metafysisk handling. Dette er eit viktig poeng som Gelius på sett og vis får understreka, og som mange av oss i lågkyrkjelege krinsar treng å høyre.

Men kva var det politisk provoserande ved Jesu handling? Gelius viser her til at Jesus identifiserte seg med dei låge og undertrykte, og at han angreip maktelitene, altså farisearar, Herodes og dei skriftlærde. Dette er det også mykje sant i. Men her utelet Gelius heilt sentrale kategoriar i evangelia, sikkert fordi han er prega av ei "marxistisk" inspirert frigjeringsteologisk forståing av Jesus. "Ved å korsfeste Jesus forsøkte lederne å få brakt folket i orden igjen." Nei, her er Gelius sannsynlegvis på ville vegar.

Er det noko Josefus fortel oss, så er det at farisearane var aktive i nettopp å ikkje la landet vere i "orden". Det var saddukearane som var "overløparar" som ville ha fred for einkvar pris, eller qumran-samfunnet, som trekte seg unna heile greia, og venta på at Gud skulle gripe inn og døme heile Jerusalem. Farisearane var ofte aktive i opprør mot romarane. Dei ynskte å gå til aktiv kamp mot romarane for med dette å bringe inn Guds rike. Messias var hovudaktøren i ein slik plan.

Jesus hadde ein annan agenda for Israel, nemleg at Israel skulle fylgje han, danne fellesskap rundt han, gå imot den fariseistiske agendaen for folket, og ellers ta eit oppgjer med tempelet og dets kultus. Her ligg nok kjernen i at Jesus vart krossfest; han hevda å vere Messias som bragte inn Guds rike, men dette var eit rike som var på kollisjonskurs med leiarskapens agenda for Israel. For øvrig forteljast det også at Jesus bruke det guddomelege namnet om seg sjølv, og at dette var "dråpen som fekk begeret til å flyte over," for øvstepresten. Det gjev også god historisk meining.

Vel. Gelius misbruker evangelietekstane også, av og til i litt New Age-retning, som når han overtek Hognestads lesing av Luk 17,21, "Guds rike er inni dykk." Ganske...underleg...å sjå denne miksen av frigjeringsteologi og New Age-mystikk i ein og same kronikk. Og nedanfor slenger han inn litt Luther også. Vel, poenget hans om at vi ikkje bør fokusere altfor mykje på "livet etter døden", er for så vidt godt. Dei fyrste kristne fokuserte ikkje så mykje på "mellomtilstanden," mellom døden og Guds rikes kome. Men dei fokuserte svært mykje på Guds rike og oppstoda frå dei døde, og det gjer naturlegvis ikkje Gelius.

Velvel. Eg tenker dette: Denne kronikken er ikkje spesielt god, tykkjer eg. Her er litt av kvart slengt saman, utan dei heilt store forsøka på at det skal vere koherent. Eg meiner...Gelius opnar med å tale om at Jesu død ikkje var stedfortredande. Vel, skal vi tenke historisk, er det veldig nærliggjande at Jesus tenkte slik om seg sjølv. Makkabearmartyrane, som må ha viktige for Jesus (som dei var for alle andre jødar på denne tida) såg på sine dødsfall under fiendehender som "avvendingar av vreiden for Israel," og dei historiske kjeldene er stappfulle av referansar til dette, med ulike bilete. Jesus bruka også høgst sannsynleg Jes 40-55, inkludert Jes 53, som eit "program" for sitt gudsrikeprosjekt.

Kort sagt: Det er "bad science" å tenke at Jesus ikkje såg på sin død som i nokon form sonande, avvendande, frikjøpande etc. No er det naturlegvis andre sider ved Jesu død som har liggje i ein skuff og støva ned i vår tradisjon, men det er ein annan sak. I alle fall: Gelius' argumentasjon her er rett og slett ikkje spesielt god. Så kva tenker eg? Jo, kvifor skriv ikkje andre kristne slike kronikkar inn til avisene? Vi kunne skrive langt betre kronikkar, langt meir informerte, langt meir plausible, langt meir evangeliske, langt meir historiske etc. Heldigvis er mange med og debatterer i kommentarfeltet, då, men likevel. Kvifor?

Vel, min hypotese er at "vanlege" kristne unnlet å gjere dette fordi ein då blir konfrontert med ein heil "host" av  motperspektiv og motforestillingar. Eg meiner...ein får motinnlegg som går på den historiske Jesus, historiefaget, vitskap, metafysikk, religionsfilosofi etc. etc. Velvel, kanskje ein ikkje kan svare på alt dette, men so what. Eg meiner...hm...evangeliet om Jesus er per definisjon (merk det) ein offenleg bodskap. Det er Gelius som gjer noko rett her når han går "public" med påskebodskapen, sjølv om denne i hans utforming ikkje akkurat er ortodoks, og heller ikkje spesielt...hm...koherent. Men Gelius har (enn så lenge!) opinionen i ryggen, så han kan gjere slikt. Opinionen vil heller vere for Gelius enn å vere på lag med konservative kristne, liksom.

Hm, eg meiner. Her kunne tradisjonelle kristne vore langt meir offensive, tenker eg. Og det på ein positiv måte. Tenk på kor mange interessante trådar ein kan trekke frå påskebodskapen og over til filosofi, film, musikk, litteratur, samfunn, politikk etc. etc. etc. E. Ottosen gjorde det i fjor, med ein kronikk i Aftenposten om oppstoda. Så...mitt poeng er at i staden for å klage så mykje (jaja, det er ok å klage også, då), så burde vi heller gå positivt ut med vår "visjon".

4 comments:

Strandhuset said...

Fin artikkel Hallvard! Hva med å skrive en kronikk selv?

Hallvard said...

Takk for det, "Strandhuset" :) (Kjenner eg deg??)

Jo, eg kunne nok skrive noko her. Eg har vore oppteken det meste av påska, men kunne godt tenke meg å vere litt meir aktiv, ja. Vi får sjå.

Ingar T. Hauge said...

Hvorfor skriver ikke folk, spør du. Tja, på stående fot kan jeg komme med fire forslag:

1) Folk har ikke tid. Egentlig ikke en legitim unnskyldning. Tid er noe man tar seg til ting, ikke noe man får til ting.
2) Folk har ikke kapasitet. En delvis bedre unnskyldning. Det er lett å engasjere seg for en ressurssterk person med solide evner og kunnskaper, men ikke alle er slike gaver forunt. Da er selvfølgelig terskelen stor.
3) Folk vil ikke legge seg lagelig til for hogg. Det skjønner man jo. Å bli samfunnsdebattant involverer alltid en risiko. Har man først levert papiret fra seg, er det ingen vei tilbake.
4) Folk tenker at det ikke nytter. I og for seg et legitimt argument. Man tenker at man må ha et etablert navn for å kunne komme med noe (noe som er grunnen til at Gelius får gjennomslagskraft; navnet er kjent). Uten at man er noe har man ikke noe å komme med, tenker man. Samtidig: Man bryter ikke gjennom ved å ikke gjøre noe.

Bare noen forslag...

Hallvard said...

Ja, mykje fornuftig her. Men...nokre av grunnane er betre enn andre, ja. Eg meiner ikkje at alle kristne bør ut i debatten heller, men det hadde vore fint om nokre fleire var med, då. Men det blir litt opp til ein kvar.