Wednesday, May 9, 2012

Etc

Til Liv Jorunn: Takk for tipset. Høyrest spennande ut med HL-senteret.

- I dag har eg:

- vore på frokostmøte med Civita. Det var...veldig spennande. Oslo Freedom Forum, som arrangerte konferanse, hadde ansvaret for møtet i dag. Der var sonen til Mikhail Khodorkovsky, Russlands rikaste mann (sjef for Yukos), som vart sendt i fengsel av Putin for å påtale korrupsjon. Der var dotter til nobelprisvinnar Sherin Ebadi. Der var ein talsmann for Liu Xiabo, og han hadde to doktorgradar. Eg hadde Dagbladets John O Egeland på venstre side av meg, ein generalsekretær for ein demokratiorg. i Stockholm på høgre side, Kjell Magne Bondevik to plassar bortanfor. Der var diplomatar, fritt ord-vinnarar etc. Veldig kult å vere der. Eg merkar eg saknar eit litt sånn...hm...intellektuelt miljø som drøftar litt opnare tema. Men ja, kanskje det blir meir spennande når eg kjem på Blindern til hausten.

Vel, det var veldig, veldig spennande å høyre på folka, altså. Jurij fortalte om far sin. Spennande. Han sit i fengsel. Her frå talen hans i rettsmøtet i 2010, der saka hans vart teke opp att. Det er verdt å lese:



I am ashamed for my country.
Your honour, I think we all perfectly understand the significance of our trial extends far beyond the fates of Platon [Lebedev] and myself. And even beyond the fates of all those who have innocently suffered in the course of the reprisals against YUKOS that have taken place on such a huge scale, those I found myself unable to protect, but about whom I have not forgotten. I remember every day.
Let's ask ourselves, what does the entrepreneur, the top class organizer of production, or simply an educated, creative individual, think today looking at our trial and knowing that the result is absolutely predictable?
The obvious conclusion a thinking person would come to is chilling in its simplicity: the bureaucratic and law enforcement machine can do whatever it wants. There is no right of private property. No person who conflicts with the "system" has any rights whatsoever.
Even when enshrined in law, rights are not protected by the courts. Because the courts are either also afraid, or are part of the "system". Does it come as a surprise that thinking people do not strive to realize themselves here in Russia?
He continued:
I am far from being an ideal person, but I am a person with ideals. For me, as for anybody, it is hard to live in prison, and I do not want to die here.
But if I have to, I will have no hesitation. What I believe in is worth dying for. I think I have shown this.

Juri fortalte at fleire hundre tusen menneske hadde blitt fråteke eigedom og levebrød i Russland av di staten hadde konfiskert det til seg sjølv(!) Masse korrupsjon der, og farleg å seie imot. Så fortalte han kineseren med to doktorgrader (ein frå Harvard) om forholda i Kina; ei overklasse som styrer det meste, ein milliard menneske utan særleg mykje rettar. Difor er overklassa veldig redd for motstand. Dotter til Ebadi (som også driv med ein PhD i London) fortalte om iranske kvinner som vart fengsla fordi dei hadde arbeidd mot regimet. Ein annan fortalte også om forholda i Kviterussland. Alt i alt strålande spennande og moralsk. Så dette må eg bli med på oftare. Det var ganske tidleg, men. Byrja 0745.


- Vel ja, in other news har eg halde fram med å skrive om eugenikk i Noreg og Tyskland, samt skrive ein tale til 17. mai. Men talen skal eg ikkje halde sjølv, det er ein del av Skaperkraftarbeidet å vere taleskrivar også XD Yupyup.

- Jajaja, elles har eg debattert litt KrF og ekteskap i dag. Les, den som vil. Her. Kom gjerne med høflege innspel. Eg er open for å lytte. Er på veg, har mange bøker å lese etc.

No comments: