Thursday, May 17, 2012

Etc

- Nokre tankar.

- I dag var det 17. mai. Fyrst var det flaggheising, frokost, song på Kvitsund. Eg heldt ein andakt, og så var det, uh, mannskorsong, som var stor suksess. Så var det gudsteneste i Vrådal. Mannskor der også, stor suksess. Gudsteneste i Brunkeberg. Det var ei hyggeleg gudsteneste. Ei av dei som var der, gav meg litt kritikk for at eg preika for lenge, då. :-S Men, det er ikkje ofte gudst.-deltakarar gjev slik tilbakemelding, det er eigentleg eit veldig godt teikn, sjølv om det ikkje alltid er så kult for meg som prest å få det. Men ok. Sånn er det. Preika fylgjer nedanfor, dvs. i alle fall manuset.

- Sandels bok om Rawls er altså veldig god. Det slår meg at Rawls' liberalisme, som står veldig sterkt i Noreg, til dømes, eigentleg er djupt radikal, i og med at han impliserer at "det gode" er noko vi sjølv veljer, som frie aktørar, heller enn at "det gode" er noko vi oppdagar eller noko som er gjeve i vår natur (ikkje det, denne tenkinga finn vi allereie hjå Hobbes, til dømes). Difor underminerer også denne typen liberalisme "communities" som har andre oppfatningar om det gode, til dømes kristne. Det er dette som er den ideologiske drivkraften i at sterke politiske krefter i Noreg til dømes brukar mange anledningar på å "demontere" klassisk teologi. The game is rigged. (Difor var det - hm - problematisk då ein kristen filosof eg tala med, sa enkelt og greitt at "demokratiet vil medføre at mange brukar sin fridom til å velje bort den kristne trua". Mekanismen er langt meir "sinister" enn det). Greitt å vere klar over det, i det minste. Ikkje minst fordi denne typen ideologiske tenkning vert forsøkt "inculcated" i så mange lag og institusjonar i samfunnet. Eit anna interessant spørsmål blir naturlegvis kva langtidskonsekvensene av ein slik ideologi vil bli. Her kan ein naturlegvis spekulere. Liksom ein også kan spekulere i kva politisk ideologi som hadde fungert betre enn vår tids liberalisme. Vel.

- Yup, i morgon blir det førebuing av konfirmantgudsteneste. Og så er det helg. Det skal bli fint. Slappe av litt, henge litt med Roger, kanskje. Slackline litt, sjå CL-finale. Ete godteri. Lese Macintyre. Litt sånt.

Nedanfor fylgjer preika. Ein kan lese om ein vil.


 Paragraf 2 i den norske grunnlova av 1814 lyder som fylgjer: ”Alle indvaanere af Riget have fri Religionsutøvelse. Den evangelisk-lutherske religion forbliver Statens offentlige religion.” Det er på grunn av denne paragrafen vi har ei statskyrkje i Noreg. Men i desse dagar endrast grunnlova. Om fire dagar skal statskyrkja oppløysast. Då skal paragraf 2 lyde slik: ”Verdigrundlaget forbliver vor kristne og humanistiske Arv. Denne Grundlov skal sikre Demokratiet, Retsstaten og Menneskerettighederne.” Altså: Stat og kyrkje er i desse dagar i ferd med å gjennomføre eit skilsmål.

Det er underleg at dette skjer såpass nært på 17. mai, Noregs grunnlovsdag. For nettopp på denne statlege dagen kjem det veldig klart fram at stat og kyrkje i Noreg historisk sett har hatt ganske tette band. Tenk berre på at vi nett no sit og feirar nasjonaldagen i kyrkja. Vi syng kristne salmar om fedrelandet. Og i nasjonalsongen syng vi: ”Norske mann i hus og hytte, takk din store Gud. Landet ville han beskytte, skjønt det mørkt så ut.” Vi tek i bruk offisielle norske flagg med ein stor kross på – eit vitnesbyrd om landets historiske kristenidentitet. Og fleire døme kunne vore nemnt. Noreg har i hundrevis av år vore ein uttala kristen nasjon, men no er dette i endring, mykje på grunn av endringar i folkedjupet, så å seie. Mange kristne ser med uro på utviklinga og framtida. Kva vil skje med kristendomen og oss kristne no som Noreg ikkje lenger er ein uttala kristen nasjon? Kva vil skje med landet?

 Dette er naturlegvis veldig omfattande og interessante spørsmål som ein kunne sagt mykje om. I dagens preiketekst får vi imidlertid nokon impulsar til å tenke rett om desse tinga. Teksten dreier seg nettopp om forholdet mellom kyrkje og stat, så å seie. Eller meir presist: Forholdet mellom Jesu gudsrikerørsle i Israel på den eine sida, og det mektige og militære romarriket på den andre sida. På Jesu tid var Israel nemleg erobra og okkupert av Romarriket. Og Romarriket var ein hard herre. Jo, dei gav deg vegar, eit rettssystem, fred og handel, og dei tillot mange forskjellige livssyn og religionar. Men Romarriket hadde også sine mørke og demoniske sider. Dersom dei angreip landet ditt, så hadde du å overgje deg, eller bli knust. Du måtte pent betale skatt for å finansiere det romerske militæret og luksus i Roma. Og framfor alt: Du måtte anerkjenne keisaren som din øvste Herre, som Guds eigen son.

 Jødane kunne ikkje akseptere å leve med ei slik statsmakt over seg. Hadde ikkje dei løfte frå Gud om at han ein dag skulle gripe inn og frigjere Israel, så dei kunne vere herre i eige hus? Hadde dei ikkje løfte om at Gud skulle sende ein stor konge liksom David, ein Messias, som skulle døme nasjonane, inkludert romarane? Hadde ikkje Gud gong på gong understreka at han var Israels Gud, Skaparen av universet, og at dyrking av andre gudar – til dømes romerske keisarar – var ei forferdeleg synd? Jødane fekk allereie frå starten av eit sterkt spenningsfylt forhold til den romerske okkupasjonsmakta. På same måte som MilOrg kjempa mot nazistane i Noreg under krigen, slik var det gong på gong jødar som gjekk til angrep på romerske troppar. Mange av dei vart dømt av guvernør Pilatus, og avretta ved krossfesting.

 Eitt av dei mest sentrale punkta i den djupe konflikten mellom jødar og romarar var betalinga av skatt. Ikkje berre var skattebetalinga eit handgripeleg prov på det romerske herredømet over Israel. Men myntane som ein betala med, var også blasfemiske, frå jødisk standpunkt. På mynten kunne ein sjå eit bilete av keisaren, med påskrifta: ”Keisar Tiberius, Guds son”. Altså: Blasfemi. Samstundes kjente alle jødar til den livsfarlege risikoen som var knytt til det å ikkje betale skatt til regimet. Romarmakta var brutal mot alle som ymta frampå om opprør.

Då har vi litt av bakgrunnen for å forstå dagens preiketekst. For her er det nokon av farisearane som vil setje Jesus på prøve. Og dei stiller eit veldig lurt spørsmål: ”Er det rett å betale skatt til keisaren, eller er det ikkje?” Dette var verkeleg ei vanskeleg prøve, for kva skulle Jesus seie? Dersom han svara ”ja”, ville dei svare: ”Jaså, din overløpar. Samarbeider du med dei heidenske og ugudelege romarane? Aksepterer du okkupasjonen av Israel?” Men dersom Jesus svara nei, kunne dei svare: ”Javel, du vil ikkje betale skatt? Du vil altså gjere opprør mot romarane? Dette får vi tipse Pilatus om…” Jesus var i ei knipe, altså. Uansett kva han ville svare, så kunne det brukast mot han.

Jesu svar var imidlertid både gåtefullt og genialt på same tid. Han sa: ”Gje meg ein mynt!” Så spurde han: ”Kven har biletet sitt og påskrifta si på mynten?” ”Keisaren”, fekk han til svar. Og så sa Jesus dei bevingede ord: ”Så gjev attende keisarens ting til keisaren. Men gjev Guds ting attende til Gud.” Jesus ville ganske sikkert ha vore samd med at dei romerske myntane var blasfemiske. Og no seier han: ”Ja, kvitt deg med den blasfemiske mynten. Vil romarane ha han, så lat dei få han.” Altså underforstått: Keisaren får drive med sine ting, og ha dei. Han får drive på med å kalle seg guds son, han får erobre verda med militærmakt, han får drive på med krevje inn urettferdige skattar. Han skal nok ein gong bli krevd til rekneskap. Men ikkje prøv å stanse han ved hjelp av sverd og våpen. Det er ikkje slik Guds rike kjem, det er ikkje dette som er Guds plan.

[Ok, denne lesinga av preiketeksten er informert av den passasjen i Makkabearbøkene der Mathatias, før han skal døy, instruerer sine søner om å "betale fullt og heilt attende til heidningane!" Det er ein rimeleg hypotese at Jesus alluderer til denne utsegna, men at han gjev ho ein "twist". Mathatias tala om væpna krig mot heidningane, Jesus brukar teksten for å understreke oppgjeret med heidenskapen, men dette skal ein gjere nettopp ved å betale skatt. Ok, dette er ei rimeleg lesing, men teksten er omdiskutert]

Nei. Guds plan er dette: Når du no har kvitta deg med keisarens blasfemiske mynt, så gjev Guds ting attende til Gud. Kva meinte så Jesus med dette? Nøyaktig kva ting er det som tilhøyrer Gud, som vi skal gje attende til han? Dette har vi eit hint om allereie i vår liturgi når vi gjev takkoffer. Då bed vi i lag: ”Av ditt eige gjev vi deg attende.” Paulus siterer Salme 24: ”Jorda og alt det som fyller henne, høyrer Herren til.” Altså: Alt høyrer Herren til, jamvel – eller kanskje vi heller bør seie: spesielt – deg. Den romerske mynten hadde keisarens avtrykk på seg, altså skulle keisaren få mynten. Men du og eg, vi har Guds avtrykk på oss, for vi er skapt i Guds bilete. Altså tilhøyrer vi Gud, og han skal få heile oss. Det er Jesu poeng. Jesus seier altså: Gje deg sjølv attende til Gud. Slik vil Guds rike kome – når menneske fylgjer Jesus, etterliknar han ved å tene sine medmenneske, og tek vare på hans ord i lag med andre læresveinar.

 Eg byrja preika med å peike på grunnlovsendringane i Noreg. Noreg har i hundrevis av år vore ein tydeleg kristen nasjon, men no er dette i rask endring, ser det ut til, ikkje berre i lovverk, men også i folkedjupet. Dagens preiketekst gjev oss nokre innspel for korleis vi skal tenke om dette. Først og fremst understrekar teksten at vi må vere klare over kvar vår lojalitet skal liggje. Gje Guds ting – fyrst og fremst deg sjølv – attende til Gud. Dette må vere det fyrste og viktigaste punktet når vi drøftar forholdet mellom stat og kyrkje. For å seie det på ein måte som ligg ganske tett opp til den måten Paulus sa det: Vår øvste herre og sjef er ikkje keisaren i Roma, ikkje statsminister Jens Stoltenberg, ikkje noko politisk parti, ikkje eit samla Storting i Oslo, men Jesus. Vi er fyrst og fremst borgarar av Guds rike. For å sitere Paulus: Vi har vårt fedreland i himmelen, derifrå ventar vi Herren Jesus som frelsar. Difor kan vi som kristne faktisk leve godt med at statskyrkja går dukken. Tapet av statskyrkja rokkar ikkje ved vårt viktigaste borgarskap – borgarskapet i Guds rike.

 Men om trua på Jesus og borgarskapet i Guds rike er det viktigaste for oss, så betyr ikkje dette at vi verken kan eller bør gløyme den nasjonen og det landet vi lever i. For nettopp Jesus, vår Herre, har gjeve oss eit tydeleg samfunnsansvar. Ein av lesetekstane for 17. mai understrekar til dømes at vi må hugse å be for alle i landet, og kanskje særleg for statsminister Jens og andre med høge stillingar. Slik den miskunnsame samaritanen hjalp mannen som hadde falle mellom røvarane, slik skal også vi tene og elske menneske i Noregs land, utan å spørje om rase, partipolitisk bakgrunn, kultur, livssyn eller anna. Difor feirar vi 17. mai med glede, både i kyrkja og på grendehuset. Vi er fyrst og fremst borgarar av Guds rike, ja. Men så lenge vi lever, er vi også borgarar her i Noreg, og difor syng vi med glede og takksemd: ”Fagert er landet du oss gav, Herre vår Gud og vår Fader. Signa då Gud, vårt folk og vårt land”

2 comments:

haraldhauge said...

Spennende å lese prekenen din, broder! Du var ikke den eneste som valgte å fokusere på stat/kirke og 21. mai i år. Jeg lurer på hvor mange andre som gjorde det samme? Jeg håper vi var mange!

Prekenen min var som vanlig mindre tekstnær enn din. Kanskje ikke like grundig heller (jeg gikk for eksempel ikke inn på noen egentlig tolkning av Jesusordet, slik du gjør; jeg tror din lesning er mer enn rimelig, for å si det sånn!). Men kan hende kan du har glede av å lese mitt "løsningsforslag" likevel, slik jeg hadde glede av din versjon:

http://haraldhauge.wordpress.com/2012/05/17/om-lottogevinster-og-grunnlovsendringer/

Ellers håper jeg du har det bra! Er det konfirmasjonssesong der du er, eller? Selv sitter jeg med konfirmasjonsprekenen nå...

Hallvard said...

Takk for gode ord, Harald. Vil gjerne ta ein titt på preika di. Fyrst er det å reise til bygda Fjågesund og øve på konfirmasjon :) Det går i slikt no, ja.