Friday, May 25, 2012

Etc

Ja, travle dagar for tida. I går var det gravferd og konfirmasjonsøving og trusopplæringsmøte. Trusopplæringsreforma i Dnk har eg fått stor sans for, eigentleg.


Ok, mykje av kyrkjekulturen i Noreg er litt "corny", kanskje. Men poenget med reformen, er at alle som blir døypte, skal få systematiske, årlege tilbod frå kyrkja. Så kulturen kan ein tilpasse til det folk er vant med, lokalt. Opningsdagen for konfirmantane i juni skal til dømes vere ei "pilegrimsvandring" frå Vrådal til Kviteseid, med leikar og pylse i brød på vegen, og så litt liturgi og kyrkjeundervisning i gamlekyrkja i Kviteseid (som er 7-800 år gamal). Men ja, dette med trusopplæringsreform er arbeidskrevjande, naturlegvis, så vi får sjå korleis det går. 









Vel, ja, så er eg snart ferdig med Sandels "Liberalism and the limits of justice", som er ein svært seriøs og grundig gjennomgang og kritikk av Rawls "Theory of justice" og "Political liberalism." Kva kan eg seie? Ei super-bok, verkeleg. Intelligent og opplysande. Varmt anbefalt, for den som vil forstå nåtidig politisk ideologi. Eg har vorte mange hakk meir skeptisk til Rawls enn eg var før.


Ja. Så har eg bestilt ei bok til, etter tips frå Sandel, nemleg Leo Strauss' Natural right and history. Ei gamal, men god, bok. 









Yep, så elles går det i å fikse rust på bil, slackline litt, lese og skrive litt preike etc. Og førebu ein liten tur til Oxford og London neste veke. Skal bli spennande. Eg er ikkje nokon globetrottar, akkurat, men eg tykkjer jo det er veldig spennande å bli kjent med nye stader, spes. når eg kan reise i lag med ein god ven.

No comments: