Tuesday, May 29, 2012

I dag har vore ein herleg dag.

 Vi stod opp litt tidleg, og fekk oss ein veldig god frokost på hotellet, og tok det med ro. Så gjekk vi til Christ Church Cathedral/College i Oxford. Det var ei kjempeflott oppleving. Vi vart kjent med dei gamle folka i souvenirbutikken, og vi såg den store hallen – den som til dømes har vorte filma i Harry Potter. Masse fint å sjå.

 Så var vi innom ein klesbutikk, og eg fekk kjøpt meg ein fin dress, med slips og vest og alt. Vidare til st Antony’s College, der vi hadde eit timelangt intervju med A Schlaim, ein kjempehyggeleg professor i Midtausten-historie. Han er verkeleg ein verdskjent autoritet på området, så det var spennande å tale med han. Attende for å kjøpe Thai-middag, veldig godt, det også.

Så var vi attende i Christ Church Cathedral for Evensong. Britane kan dette med liturgi, fleirstemt kor etc. Ein flott andakt med musikk av W. Byrd(!) No har vi teke toget til London, og er på hotellet her, som er OK så langt. Det er midt i Notting Hill-området, eit litt ”posh” strøk. Men vi fekk eit godt tilbod, så det kostar berre 250 kr. natta for kvar av oss.

No comments: