Litt reiseskildring for dei spesielt interesserte att.
I dag har det også vore ein veldig innhaldsrik dag.
London låg for våre føter, og det var ein nesten heilt ny by for meg. Rart å
tenke på. Då vi reiste til Oxford i forgårs var vi ganske blanke, kjente ikkje
til så mykje. Då vi reiste derfrå under 24 timar seinare, kjente vi oss ganske
kjente i byen. London er naturlegvis ein mykje større by. Men det går veldig
raskt å orientere seg der. Storbr. er heller ikkje så veldig ulikt Noreg, på
mange måtar.
Vel, uansett, vi stod opp, fekk oss frokost, som ikkje
var så bra som i Oxford – ein får kva ein betalar for – og så var det å ut å
gå. Vi gjekk fyrst til Kensington Gardens og så over i Hyde Park – flotte parkar,
veldig deilig å gå der. Og då fekk vi ganske god kjensle av korleis det er der.
Speaker’s corner stansa vi også ved, men det er vel helst sundagar det er
aktivitet der. Skulle vore artig å vere der ein sundag og høyre på Jay Smith,
kristen-apologet.
Velvel, vidare til British Museum, der vi såg litt
islamsk-historie artifacts, men mest på mesopotamisk historie og romersk
historie. Spennande, men ikkje sååå spennande – eg kjenner ikkje så godt til
historie, på ein måte, bortsett frå (joda) ein del romersk historie og ganske
mykje om Israel på nytestamentleg tid. Men joda, spennande. Og eg fann ut at eg
verkeleg må lese Gilgamesh-eposet.
Vidare og stanse litt på ein cafe for å få oss noko
lunsj. Ein blir litt sliten og trøytt av å labbe på steingolv og sjå på
museumsgjenstandar over tid, liksom. Etterpå reiste tok vi t-banen til St.
Pauls Cathedral. Det var verkeleg ei flott oppleving. Ein enorm katedral, og vi
hadde ipods med guiding på øyra. Flotte ikon, flott ornamentikk, ein
overveldande arkitektur. Og verkeleg spennande var det å gå dei 500
trappetrinna opp til topp-kuppelen, der vi fekk oversikt over heile London. Ei
langt betre oppleving enn London Eye, folk skulle berre visst.
Ein annan ting vi beit oss merke i, var dei utallige
krigsminnesmerka. Dei er verkeleg overalt, jamvel skrive inn på høgaltaret i St
Pauls. Dette med å ære krigsheltane ligg verkeleg djupt i den britiske
identiteten. Dette hadde eg allereie lese ein del om i P Hitchens ”Rage against
God,” og no fekk eg oppleve det med eigne auga. Dei er verkeleg overalt,
statuar, inskripsjonar, bøker med namn, etc. Og dei er på dei mest heilage
stader. Vel, eg skal ikkje gje meg til å analysere dette vidare.
Uansett, frå St Pauls vidare til Waterloo Station. Derfrå
gjekk vi langs Thames og såg på gatekunstnarar etc., før vi gjekk over
Westminster Bridge til Big Ben. Så inn til Evening Prayer i Westminster Chapel.
Ikkje så fin musikk der, men fine og gode liturgiske bøner. Hadde vi visst at
det ikkje var Evensong denne onsdagen, hadde vi vel gått i St Pauls, men sånn
er det.
Etterpå vandra vi opp langs St James’ Park, til
Piccadilly Circus og West End-området. Der var det tjukt av turistar, men
sjølve området er jo ikkje nett så veeeldig interessant. Masse teater, kinoar,
casinos og nattklubbar. Vel, vi fekk oss veldig god sushi/nudlar på ei sjappe
der. Så labba vi vidare oppover mot Tottenham Court Road, der vi reiste på kino
og såg Avengers.
Kva skal vi seie om den filmen…? Underhaldningsmessig
svært god. Men eg har vakse bort frå å kunne la meg gripe så mykje av slike
filmar. Så eg sat jo og smilte litt ved fleire scener, og eg fylgte med på
plottet. Men eg tenkte stadig over…hm…at det er noko ikkje heilt bra med
kulturen vår når denne typen verksemd – underhaldningskultur, filmstjerner,
bruk av ressursar på produksjonar som dette etc. – har så svært stor plass i
samfunnet vårt. Eit anna poeng er at filmen har eit nesten infantilt forhold
til bruk av makt: ”Smash!” (for å sitere), eller: ”I’m always angry” (for å
sitere litt meir).
Eg meiner, det er fint og greitt at superheltane går
saman for å kjempe mot åpenbart stygge og vonde krefter. Men den verkelege
verda er ikkje slik, med åpenbare svart/kvit-grenser – her må makt tøylast av
rettferd, og det er Hollywoodkulturen ikkje spesielt god til. Eller skal vi
seie det sterkare: Denne kulturen manglar ressursar til å reflektere over dette
i det heile teke. Det er ”disturbing,” tykkjer eg. Den einaste karakteren i
filmen som nærmar seg eit nokonlunde reflektert og veltilpassa forhold til
desse tinga er (forutan Fury), Captain America. Men han er allment anerkjent
som ein utdatert figur som høyrer til det førre århundret.
Vel, sånn er det. I morgon ber det heimover, etter ein
utviklande, interessant og spennande tur.
No comments:
Post a Comment