Mange kristne har "ideal" om korleis staten skal fungere, kva som er statens "oppgåve" så å seie. Det kan vere til dømes å seie at staten er naturleg, at samfunnet byggjer staten nedanfrå og ikkje vice versa, at staten er ein avgrensa del av samfunnet, at staten har som mål å fremje eit "felles gode" for borgarane etc. C. meiner vi bør utsetje slike ideal for empirisk testing. Fungerer staten verkeleg på denne måten?
Fyrst:
Er staten noko naturleg, noko som "alltid har vore der"? Svar: Nei. Staten vaks fram i sein-renessansen og reformasjonen. Staten dreier seg då om at makt vart sentralisert, innanfor territoriale grenser. Dette var noko anna enn det som hadde vore før, då folk politiske lojalitet ikke var knytt til slike grenser, men til føydale band, til familie, til religiøse eller stammemessige band. Politiske styremakter kan seiast å alltid ha vore der; staten er noko nytt.
Nasjonalstaten er då eit endå nyare påfunn; dvs. at staten med sitt sentraliserte, politiske apparat, vert sameina med "folkets" kulturelle attributtar - etnisitet, språk, historie, mytar. Mange tenker at det typisk norske er bunadar, folkeeventyr, nasjonalsongar, flagg etc. Men dette er ein konstruert, nasjonalromantisk identitet - konstruert, that is, på 1800-talet. Det var ganske overraskande for meg då eg fyrst innsåg dette. Det betyr ikkje at elementa er "unorske", men det betyr at identiteten til dels var kunstig då han vart fremja, med politiske siktemål.
C. held fram med å seie noko om korleis staten vaks fram. Prosessen har røter på 1100-talet, då kongelege rettsinstansar fekk meir makt, krig gjorde skattleggjing nødvendig, land vart konfiskert og lagt under sentrale styremakter etc. C. understrekar veldig sterkt at det var KRIG som dreiv fram denne utviklinga. Der den politiske eliten effektivt klarte å utnytte ressursar frå befolkninga og byggje eit effektivt apparat, vart krigsmakta betre. "War made the state, and the state made war." C. peikar på at krig også var den fundamentale drivkrafta i å byggje nasjonalidentitetar på 1700-talet og utover.
Men det betyr at framveksten av staten ikkje betyr framvekst av "felles gode", av fleire rettar etc. "In the crucial period of state formation, the state either absorbed rights previously resident in other bodies (guilds, manors, provinces, estates) or eliminated them altogether, as in the enclosure of common lands... Popular resistance to statebuilding was deep, broadly based, frequent, and violent." C. nemner mange døme frå England, mellom 14- og 1500-talet. Staten var eigentleg eit biprodukt av at dei politiske elitane pressa mannskap, avlingar, arbeidskraft, pengar og land frå befolkninga.
Sitat frå forskar Charles Tilly:
"a portrait of war makers and state makers as coercive and self-seeking entrepeneurs bears a far greater resemblance to the facts than do its chief alternatives: the idea of a social contract, the idea of an open market in which operators of armies and states offer services to willing customers, the idea of a society whose shared norms and expectations call forth a certain kind of government."
C. held fram med å vise at denne forståinga av statsframveksten har brei stønad i forskinga. "The entire apparatus of the state primarily came into being to enable princes to wage war." (Michael Howard). Det fanst også andre viktige faktorar, men krig var den viktigaste.
For det andre:
Staten er ikkje eit produkt av samfunnet, men skaper samfunnet. Som nemnt, før statsframveksten, var det komplekse samfunnslag og komplekse lojalitetar. Etterpå vart makta samla sentralt - og staten fekk makt over "valdsmidla", og makt til å lage lover som alle innanfor territoriet må rette seg etter. "The state creates society be replacing the complex overlapping loyalties of medieval societas with one society, bounded by borders and ruled by one sovereign to whom allegiance is owed in a way that trumps all other allegiances." Det er rein makt som gjeld, dvs. den øvstes vilje.
Hjå Hobbes er dette veldig uttala, i det borgarane må overgje sjølvråderetten til den styrande, for å unngå at kampen av alle mot alle, der ein raskt døyr. Men "the sovereign" har her full makt, han styrer med jernhand, så å seie, og held på den måten ro i befolkninga. Locke valte ein annan, og meir komplisert, framgangsmåte. Poenget er i alle fall at han så å seie privatiserer kyrkja og teologien. Staten garanterer rettar og ting som har å gjere med eigedom og fridom. Kyrkja kan drive med andre ting.
Dei samfunnssidene som er basert på "biology, locality, common blood, common tasks, or common calling" blir i praksis privatisert og gjort til frivillige "social contracts." Dei kan ikkje få ein grunnleggjande normativ, "før-statleg" status. Difor, seier C., var den amerikanske øydeleggjinga av indianarstammar "inscribed in the very nature of state sovereignty. Simple space (d. e. Lockean rettstenking) cannot accommodate the tribal structure. The formal equality of individuals before the law pits individual rights against the traditional tribal sense that the tribe, not the individual, is the bearer of rights."
Lockean liberalisme har difor ein sterkt individualiserande tendens. Ein talar ikkje om mennesket som grunnleggjande og "a priori" ein del av eit familieband, eller som ein del av ei kyrkje eller liknande. Mennesket er grunnleggjande ein fri skapning med visse rettar, som kan søke "happiness". Og staten vil forsvare denne menneskekonsepsjonen med nebb og klør. Det er også denne dynamikken som ligg under når vår norske, liberalistiske stat, nektar å anerkjenne fastlegars tradisjonsbunde eller livssynsbunde rasjonalitet, som ikkje tillet dei å vere med på å ta liv; pasientars individuelle autonomi, fridom og "rettar" veg tyngst uansett. Eller: Staten vil (moglegvis) ikkje akseptere omskjering av born; bornets individuelle "rettar" veg tyngre enn familieband eller livssynsband. Etc.
Men resultatet av dette, blir at staten påfører individualiserande og homogeniserande einskap på befolkninga, og at staten nesten endelaust må gå meir og meir detaljert til verks for å regulere fridomen hjå individa, så dei ikkje "grip over i kvarandre", så å seie, og hindrar kvarandre. Meir og meir av tilveret blir "økonomisert" og "legalisert"; du får så og så mykje, du kan gjere det og det. I staden for at livssyn, familie, tradisjonar etc. representerer "naturlege band", blir befolkninga individualisert og ribba for slike djupare identitetstruktarar.
Dette er for øvrig eit tema som går att om igjen og om igjen i Hollywoodkulturen; du må finne din eigen veg, bryte med normer, bryte med familie, bryte med samfunn, finne din egen veg, vere original, finne di eiga meining, eat, pray, love, forkast din stand og gå i staden under dekk med Jack Dawson, fyll ut di eiga "bucket list" etc. etc. Men kva blir igjen? Eigenviljen, valet som øvste norm. Sikra av staten, sjølvsagt.
- Ja. Eg debatterte elles nyleg med ein prestekollega om spørsmålet om sk. felles ekteskapslov skal innførast i kyrkja. Det var ein relativt konstruktiv debatt, tør eg seie. Her er eitt av innlegga mine på tråden der, som ein respons til ei utfordring til å signere oppropet for kyrkjelege vigselsrituale for sk. samkjønna ekteskap:
Det er verdt å nemne at forslaget det talast for her, går imot nær sagt universell ekteskapspraksis i heile menneskeheita si oppskrivne historie, imot klassisk metafysikk, imot skapingssoga, imot Jesu forkynning, imot den felleskyrkjelege og apostoliske forkynninga, imot 2000 års kyrkjeleg tradisjon, imot den verdsvide økumeniske fellesskapen.
Og kva har ein på "for"-sida? Moderne (eg meiner: utdatert) mekanistisk/materialistisk metafysikk, ideologisk politisk liberalisme som ikkje anerkjenner objektiv moral, kjenslebasert utilitaristisk intuisjonisme. Men alle desse faktorane kan det førast djup kritikk mot.
Så eg kjem ikkje til å signere oppropet. Eg tykkjer også det er vanskeleg å sjå korleis dei som faktisk signerer det, kan ha eit koherent livssyn. Dvs. eg meiner at aksept av sk. likekjønna ekteskap inneber å akseptere (høgst tvilsomme) premiss som står i djup motsetning til vesentlege premiss i ei kristen og klassisk røyndomsforståing.
No vart det naturlegvis ein debatt om det eg skildrar på "for"-sida her. Eg freistar berre å peike på det eg meiner er den mest vesentlege idemessige bakgrunnen for utviklinga - ein bakgrunn som også dei "teologisk liberale" overtek, noko som eg meiner er djupt problematisk, fyrst og fremst fordi det er usanningar om røyndomen - slik han er, og slik han er meint å vere i Guds rike. Og då er det eit vesentleg poeng i kristen teologi at røyndomen, d. e. kjønnsdifferensieringa og ekteskapet, reflekterer sjølve Guds vesen.
Vel, ok. Noko eg har tenkt ganske mykje på, er det fylgjande: For å forsvare eit klassisk ekteskapssyn på ein koherent måte, kan ein bruke ei lang rekke argument, naturlegvis. Men eitt av dei mest sentrale dreier seg om at menneskenaturen er grunnleggjande innretta som mann og kvinne; dette er normalt i det det fullfører kroppsleg-påviselege intensjonar, dette resulterer i born. I tillegg har dette vore universelt anerkjent som ekteskapsforståing; det vernar om borna etc.
Ok. Det eg har tenkt på, er dette: Også konservative kristne i Noreg har overteke ei lang rekke premiss bort frå ei klassisk forståing av kjønn. Sagt med andre ord: Det sk. kjønnsnøytrale ekteskapet er (ei ganske ekstrem) fylgjeslutning, ei "utarbeiding" av gjevne premiss, som altså er djupt problematiske. Men også konservative kristne har teke ein del viktige steg i den same retninga, berre ikkje like ekstremt.
Og det får ein jo til å tenke litt. Det blir eit spørsmål om også konservative kristne kan vere koherente med dei standpunkta dei har akseptert, medan dei samstundes er tydelege mot sk. felles ekteskapslov. Kva standpunkt er det så eg talar om? Vel; aksept av kvinnelege prestar, til dømes. Avvisning av "hustavlene" i NT. Aksept av prevensjon. Aksept av onani. Aksept av assistert befruktning etc.
Spørsmålet er om konservative kristne ved å akseptere desse tinga har innført "inkoherente" premiss i livssynet sitt, som etter kvart vil tvinge dei i meir "liberale" retningar. Det er i stor grad dette som har skjedd med kyrkje-Noreg som heilskap, kan ein nok seie. Men vel, eg stiller spørsmålet, og eg meiner det er viktig å tenke gjennom. Eg har ikkje tydelege svar her enno. Eg tenker berre at det er viktig å spore endringane i folks tenking attende til "fyrste prinsipp"; kva er det eigentleg desse tinga dreier seg om, sånn djupast sett?
No comments:
Post a Comment