Friday, June 1, 2012

Macintyres "God, philosophy, and the universities"

Nett ferdig med Macintyres God, philosophy, universities. Denne boka går bittelitt imot mitt grunnleggjande prinsipp om ikkje å lese bøker på litt "lågare nivå", så å seie, men i staden å lese dei beste og mest grundige innføringane med ein gong. Men ok, som ei innføringsbok i den katolske, filosofiske tradisjonen er det vel ikkje heilt waste of time. I alle fall lærte eg ein god del eg ikkje visste frå før.

Vel, kva skal ein seie. Sjølve hovuddelen av boka er ikkje så grundig, altså, men likevel veldig klartenkt og "to the point". Macintyre veit verkeleg kva han talar om, altså. Men ja. Dei verkeleg juicy refleksjonane kjem i avslutningskapittelet, der Macintyre sjølv legg til side den distanserte og skildrande haldninga, og så tek till orde med eigne oppfatningar. Her gjev AM reine ord for pengane, så å seie. Her fylgjer superrask oppsummering:

Universitet er suksessfulle på tre måtar. Dei oppnår stadig meir detaljert kunnskap - kunnskap som ofte ikkje er valt av forskarar sjølve, men av dei som står bak med pengemidlar.

Dei skaper profesjonaliserte og spesialiserte menneskelege ressursar i eit avansert kapitalistisk samfunn; advokatar, økonomar, lækjarar, ingeniørar etc. Men dette medfører at studiene som universiteta tilbyr, gjerne er ein "ragbag of disciplines and subdisciplines, each pursued and taught in relative independence of all the others."

For det tredje (dette gjeld nok USA meir enn Noreg), blir universiteta rikare og rikare, men også dyrare og dyrare å gå på. Universiteta får skattelette, og dei finansierast av stat og private selskap, og dei tener samfunnsnytte, så å seie. Men samstundes fylgjer studieprisane markedsprisane. "Research universities in the early twenty-first century are wonderfully successful business corporations subsidized by tax exemptions and exhibting all the aquisitive ambitions of such corporations."

AM peikar på at dagens universitet skiljer seg frå dei tidlegare fordi det ikkje er eitt grunnmål for heile universitetsverksemda - altså det å fremje forståing og innsikt - men heller mange ulike delmål prega av pragmatisk samfunnsbyggjing og kapitalisme. "There is no such thing as the universe, no whole of which the subject matters studied by the various discipline are all parts or aspects, but instead just a multifarious set of assorted subject matters."

Og så høyr på korleis han fylgjer opp:

"The contemporary research university is, therefore, by and large a place in which certain questions go unasked or rather, if they are asked, it is only by individuals and in settings such that as a few as possible hear them being asked."

AM peikar på at slike spørsmål likevel er ganske åpenbare, for den som berre tenker seg litt om. Han tek eit døme: Kva er eit menneske? Fysikken seier ein ting, kjemien seier noko anna, biologien seier noko, sosiologien seier noko, historikarar seier noko. Kven skal sameine kunnskapen? Kva er eigentleg eit menneske? Dette er det filosofen som må svare på, og i teistisk tradisjon har dette svaret vore prega av overtydinga om at ulike disiplinar må bli forstått i ljoset av Gud som skapar - og at mennesket berre kan bli forstått under teistisk synsvinkel, dvs. at mennesket er skapt av Gud og har ein natur som er retta mot Gud som sitt endemål.

Dette skulle filosofien arbeide med, altså. Med å stille grunnleggjande eksistensielle spørsmål, og ved å freiste å finne svar. Og den katolske, filosofiske tradisjonen har då visse grunnspørsmål og -svar som den syslar med, ofte i dialog med andre tradisjonar. Men det moderne universitetet tenker ikkje slik: "...the notion that human beings need philosophy, that philosophy articulates and moves toward answering questions the asking of which is crucial for human flourishing, this notion is wholly alien to the ethos of the research university."

AM held fram med å skildre korleis moderne analytisk filosofi gjer bruk av såpass teknisk vokabular og såpass innfløkte problemstillingar at ein ikkje klarer å relatere det filosofiske prosjektet til dei spørsmåla som vanlege menneske syslar med. Og usemja her synest djup og uutgrunneleg. Det synest, seier AM, som om dei filosofiske posisjonane eigentleg er basert på pre-filosofiske posisjonar. Han fylgjer opp: "In suggesting this I am, of course, finding application to the present state of philosophy of observations that Nietzsche made about the dominant philosophers of the eigteenth and nineteenth century. It is worth remarking that academic philosophers in general continue to find it all too easy to ignore Nietzsche's observations."

Så gjev AM ein outline av korleis ein fornya katolsk, filosofisk tradisjon bør sjå ut:

"It would be a Thomistic account in its overall understanding of truth and our relationship to God as both first and final cause, but it would need to integrate into its detailed treatments of such topics as the limits of scientific explanation, the body-soul-mind relationship, the acquisition of self-knowledge and the overcoming of self-deception, and the social dimensions of human activity and enquiry, insights, analyses, and arguments drawn from Catholic thinkers as various as Anselm and Scotus, Suarez and Pascal, Stein and Marcel and Anscombe, and indeed from such seminal non-Catholic thinkers as Kierkegaard, Husserl and Wittgenstein. The theology that it would presuppose would be Augustinian...

AM peikar på at denne tradisjonen må kunne gå i kritisk dialog med naturalisme, Heidegger og co, pragmatisme og postmodernisme, ny-Kantianisme osb. Ei overveldande oppgåve? Ja. Men: "To reckon with all of these now is part of the price that Catholic thought has to pay for its absence from the philosophical scene during those periods in which these secularizing modes of thought were first developed."

Nett so. Og dersom dei gjer slik med det grøne treet, kva vil dei så gjere med det turre? Eg meiner altså vår norske kristendomsform. Her er det mykje godt, men også mykje store problem. Så det er vel berre å brette opp ermene og setje i gang.




2 comments:

Anonymous said...

Har du lest OJA sin anmeldelse av Sokrates og Sjøpungen på VD?

Hallvard said...

Berre skumma bittelitt gjennom. Noko spes du tenkte på?