Saturday, July 7, 2012

Etc etc etc



Dette biletet er frå Facebook, frå min ven Jo. Nordbø. Fint bilete, tykkjer eg. Det er veldig fint i Vrådal (og Nissedal).

[DSC_0533k%255B4%255D.jpg]

I dag har eg tilbrakt dagen med denne vesle karen + familie. Det er ganske hyggeleg, eit godt avbrekk frå å berre arbeide og lese for meg sjølv i Kviteseid.

I går var eg "festivalprest" på Selj. festivalen, tidlegare "dansebandfest." Det var veldig greitt, som vanleg, og ein får mange fine og viktige samtalar der, og får dela ut kaffi og bollar.

I morgon er det friluftsgudsteneste i Kilen (eller inne i kapellet ved regn), og etterpå blir det kyrkjekaffi. Så skal eg og veninna mi, Maria, ha ein liten akustisk konsert med forskjellige viser av Taube, Skjæraasen, H. Sivertsen m. fl. Så det kan bli triveleg, trur eg.

Og så...er det å reise på leir i ei veke. Som eg trur blir hyggeleg og morosamt, men kanskje også litt slitsomt. Eg har blitt litt gamal, så eg treng mykje søvn, etc. Men det viktigaste er at konfirmantane har det fint, og at dei lærer mykje. Og det skal nok gå i boks.

Elles går det litt i Lowes Metaphysics, som blir meir og meir forståeleg jo lenger eg kjem (phew!) Og naturlegvis hebraisken, då, som også blir meir og meir forståeleg :-) Eg har drive og tenkt på ein ting, berre ein artig tanke. Eg kjenner ei dame som reiste til NYC for å gå på moderne hebraiskkurs, sånn intensivkurs om sumaren. Så eg las meir om det, m. a. her. Dei har sånn tovekers intensivkurs som går 3-4 timar på føremiddagen kvar dag. Ein morosam tanke, kunne vore ei skikkeleg oppleving. Og så er det visstnok veldig lurt å lære moderne hebraisk for å forstå GT-hebraisk betre. Jaja, berre ein tanke, blir ikkje noko av dette året, i alle fall :)

2 comments:

Knut Kåre said...

Apropos lære seg bibelspråk: http://poliskoine.com/site/ Må jo være moro. Det finnes noe tilsvarende i Israel, på hebraisk...

Hallvard N. Jørgensen said...

Absolutt! Verkar artig og nyttig.